Kva skal til for at eg skal like ei bok?

Jon Fosse, ein av dei nominerte forfattarane.
(Foto: Tom A. Kolstad)

No er hausten her. Mørketida, tida når blada skiftar farge frå grønt til oransje og til slutt fell av, tida når det regnar og er grått, tida når alle TV-seriar startar opp igjen og ein snart må byrje å fyre i peisen, men berre snart, tida når ein kan unne seg kakao om kveldane og ein sakte, men sikkert, byttar ut somarklede med vinterklede og jakkane i gangen går frå å vere tynne allvêrsjakkar til tjukke allvêrsjakkar som er vasstette og vindtette. Det er òg tida når verda sit og ventar i spenning på kven som vinn Nobelprisane. Nokre vinnarar er allereie offentleggjorte, medan andre må ein vente på. Nobeprisen i litteratur er rett om hjørnet, og det er mange spennande namn på lista. Blant anna har vår eigen Jon Fosse blitt med, og den verdsberømte forfattaren Huraki Murakami, som har skrive ei bok i Lines lesesirkel dette året (Kafka på stranden) er nominerte til å vinne prisen. Det seier seg kanskje sjølve at du skal vere ein mektig god forfattar, for å vinne Nobels litteraturpris.

Personen som vinn skriv seg inn i litteraturhistoria på ein heilt ny måte. I tillegg får han eller ho verkeleg verifisert at dei skriv god litteratur. Dei som nominerer og vurderer litteraturen som er nominert er ikkje amatørar teke inn frå gata. Dei er ekspertar som har erfaring med kva som er god litteratur og kva som ikkje er god litteratur. Dei må verkeleg legge til side sine eigne lyster, fordommar og interesser, når dei skal vurdere kva forfattar som skal vinne litteraturprisen. Dette skal ikkje gå på deira leseopplevingar og oppfatningar av forfattaren, men kvaliteten på litteraturen. Det er det store med Nobels fredspris. Det er den største litteraturprisen ein forfattar kan vinne.

Dette med litteraturprisar har fått meg til å tenkje på kva som gjer at eg liker ei bok. Eg er ikkje ein av desse ekspertane som kan vurdere ei bok uavhengig av mine eigne interesser, rett og slett fordi eg ikkje har den rette utdanninga eller kompentansen. Eg prøver så langt eg kan å vurdere kvaliteten ut frå mi eiga lesaroppleving. Likevel har eg, som alle andre, nokre krav for kva bøker eg synes gode, kva bøker som bør få ei ekstra stjerne i boka.

Eit av dei første kriteria mine er karakterane. Karakterane må vere truverdige. Dette gjelder ikkje berre hovudpersonen/hovudpersonane, men òg andre karakterar. Ein skal kunne tru på hobbyane og interessene deira, familieforholda, tankane, egenskapane, kva dei kan og ikkje kan, kva kjensler dei har og kva dei driv med. Hovudpersonen skal vere ein person ein kan identifisere seg med som skal ha eit liv ein sjølv kan sjå på som truverdig. Det same skal birollane. Ikkje minst er relasjonane mellom karakterane viktig og kontrastane. Ingen trur på at hovudpersonen, som helt, har berre gode sider, og ein må la anti-helten eller motstandarden til hovudpersonen om du vil,  ha gode sider òg, og denne personen må på eit vis tileigne seg forståing for det han eller ho gjer. Det må vere grunnar for vala til hovudpersonane. Dette har litt med relasjonar å gjere. Kva forhold har hovudpersonen og mostandarden. Kjenner dei  kvarandre frå før av, eller er dei heilt nye for kvarandre? Er det noko likt mellom dei? Ein har òg relasjonane mellom dei andre karakterane og hovudpersonen og mellom dei andre karakterane og mostandarden. Hovudpersonen har kanskje ein kjærast eller får kanskje ein kjærast. Er det då truverdig at desse uansett kva er glad i kvarandre, at forholdet deira alltid går på skinner og at ingen gjer noko gale mot den andre? Dette er Twilight-plottet, og eg vil seie at slike relasjonar ikkje er truverdige, fordi alle forhold har sine konfliktar, nokre små og nokre store. Dette er berre nokre døme på truverd. Identifikasjon er det viktigaste for meg trur eg, noko som nødvendigvis ikkje betyr at hovudpersonen skal vere ein kopi av lesaren, men heller ha gjennkjennelege trekk.

Å ikkje forklare heile meininga i hel er òg ein viktig faktor for at eg skal kunne like ei bok. Er det rom Hemmeligheter, og ho hadde ein stor tendens til å overforklare alt.

Ikkje forklar kvar minste ting!

for å tenkje sjølve? Er det rom for eiga tolking? Det er ufatteleg viktig at forfattaren ikkje overforklarer alt. Eg las dei eit par hundre sider i Mortons nye bok,

Dei la armane om kvarandre og gråt. Ho la hovudet inn mot skuldra til ? og prøvde å skyve vekk tankane om at dei kanskje aldri kom til å møtast igjen. Dei kom til å sakne kvarandre, og ingen ville nokon gong gløyme den andre personen. 

Dette er ikkje eit utdrag frå ei bok, men ein eksempeltekst eg laga sjølv no. Nokon som synes at heile denne teksten er nødvendig? Den er ikkje det. Berre første del trenger å vere med for at ein skal forstå at desse to personane kjem til å sakne kvarandre. I tillegg trenger ikkje alt å komme i denne scenen, men utover boka kan ein vise at desse personane kjem til å sakne kvarandre og at dei aldri vil gløyme kvarandre, utan å overforklare alt. Det gjer det berre keisamt, og lesaren får ikkje brukt hjernen sin til å tenkje og reflektere.

Det tredje punktet er spenning. Alle tenkjer nok at spenning er viktig, og det er det òg. Heilt klart må ei bok ha litt meir i seg enn berre gjenforteljing og dialogar. No trenger det ikkje vere spenning i form av biljakt, kidnapping, drap og Harry Potter mot Voldemort. Det kan vere ein konflikt mellom personar til dømes. Uansett kva spennig det er, er det viktig, og lesaren må oppleve det spennande. I ei bok for vaksne vil ingen lesar finne det spennande om boka handla om Kari som prøvde å finne igjen sauen Fritjof, med mindre det var noko meir med sauen Fritjof og det var knytt opp mot noko større. Barn på tre år ville kanskje ha oppfatta dette som spenning. Det er òg viktig at det er spennande frå første kapittel. Ein skal ikkje sitje etter utallege kapittel og lure på kva som eigentleg er meininga med boka, kva som plottet og kva som skal vere spennande. Då har forfattaren feila ein plass, og lesaren kan ikkje lastast for å legge frå seg boka.

Dette er kanskje nokre av dei viktigaste punkta for meg, og det finst andre òg. Det viktigaste av alt er kanskje at alt dette stemmer saman, og ei bok kan ha så mykje spenning ho berre vil, men det hjelper ikkje om det alt er overforklart og karakterane ikkje er truverdige. Det er trass i alt heile boka som er viktig. I tillegg ser ein alltid etter det litle ekstra. Er dette ei heilt ordinær bok som alle kunne ha skrive, eller har forfattaren lagt til «det lille ekstra», som gjer at lesaren verkeleg vil synes at dette er ei god bok?

Det er framleis haust, når eg avlsuttar dette innlegget, det er framleis ei tid kor mørkret smett fram og ein må byrje å tenkje på å halde varmen, men det er òg ei tid kor ein kan krølle seg saman i hjørnet av sofane med ei god bok og berre kose seg, kanskje saman med ein kopp varm drikke og eit tjukt pledd, og sjølvsagt er det tida kor ein snart får vite kven som har fått tommel opp frå ekspertane. Kven vinn Nobels litteraturpris i år?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s