Bok: Skygge over London av C. J. Sansom

«Sansoms mesterlige karakterskildringer gjør mer enn bare å drive historien framover, de gir substans og liv til den tiden som manes frem.»

Dette skreiv The Sunday Times 20. oktober i fjor om boka. No har eg òg fått lese henne, og eg er heilt einig i at karakterakildringane er noko av det betre i boka. Sjølv om det ikkje står mykje om kven boka handlar om, men meir kva boka handlar om, på baksida, er det nokre veldig spennande karakterar med. Det einaste eg visste om boka før eg byrja på henne, var at dette skulle vere ei kontrafaktisk bok frå 1952, som tok for seg scenarioet at England var sterkt påverka av Tyskland, fordi dei hadde inngått ein fredsavtale i 1940. Rett og slett eit veldig lite bra scenario. Forlaget har greidd å få det betre fram enn meg.

«The Great Smog» ligger over London, en ugjennomtrengelig kvelende tåke som omslutter byen, og under det hele omskrives historien totalt…
1952: Tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløyen og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regim: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et vervarende press.
Ryktene går om de forferdeligste ting som finner sted i kjelleren til den tyske ambassaden ved senantsbygningen. Men motstanden øker. Winston Churchills motstandsorganisasjon representerer en økende bekymring for myndighetene. Og på et mentalsykehus i Birmingham sitter en innesperret vitenskapsmann, Frank Muncaster bærende på en hemmelighet som trolig vil forrykke verdensbalansen for alltid. 

Forlaget Press 

Det er ein av karakterane som er nemnt i baksideteksten, og det er Frank Muncaster. Likevel er det ikkje berre han som er viktig i boka, sjølv om handlinga dreier seg om å få han så langt bort frå tyskarane som mogleg. David Fitzgerald, gift med Sarah og far til ein død to år gammal son, Charlie, blir i 1950, rett etter Charlies død, verva til motstandsrørsla i England. Dette skjer i kapitlet etter lesaren har lese om korleis England bestemte seg for å inngå fred med Tyskland. Sir Winston Churchill og Lord Halifax er to steile frontar, og det er allment kjemt at Neville Charmberlain, statsminister i 1939, då krigen braut ut, gjerne ville ha fred med Tyskland. Heldigvis vart det Churchill, og Skygge over London teiknar eit bilete av korleis verda hadde sett ut i tiåret etter 1940 om det ikkje var Churchill som vart statsminister. Det er difor det er nødvendig med ei mostandsrørsle i boka, og i 1950 blir dei tipsa om David Fitzgerald av venen hans, Geoff Drax. David er eigentleg statstenestemann tilsett i Dominionsdepartementet, og no får han ei nøkkelrolle i spioneringa på tyskarane.

Han får bedskjed av leiaren for deira celle i motstandsrørsla, Jackson, om å gjere seg til vens med Carol Bennet, kontordama der David jobbar, for å få nøkkelen til arkivet med hemmelege dokument. Samstundes byrjar Sarah si kone og lure på om David har eit forhold på si. Etter at sonen døydde har dei byrja å gli meir og meir frå kvarandre. Er Carol Bennet ein verkeleg trussel? Når historia byrjar skikkeleg, hausten 1952, er det òg noko anna som skjer. Mora til vitenskapsmannen Frank Muncaster og han får besøk av broren sin. Under eit besøk til Muncaster bustad i Birmingham ein kveld, når broren Edgar er full, skjer det som ikkje skal skje.

Edgar ble rød i ansiktet. Han spisset munnen, så lente han seg frem. «Vet du hva jeg driver med, hva jobben min går ut på?»
«Nei, Edgar – jeg tror kanskje det er best dy går. Det finnes ikke noe å drikke her…»
Edgar reiste seg lett svaiende, med et truende uttrykk nå. Frank reiste seg også. Han var plutselig redd. Edgar krysset det støvete teppet og kom tett opptil ham og sa med alkoholdunstende pust, rett i ansiktet på Frank: «Jeg skal for f*** fortelle deg hva jeg driver med.»
Og så fortalte Edgar, han fortalte hva jobben hans gikk ut på, vitenskapsmenn imellom, og hvordan de hadde klart å få det til. Det ga mening, en helt uhyrlig mening. «Vi knekte koden, det skal jeg love deg,» knurret han, med beruset tilfredshet i stemmen.

Skygge over London av C. J. Sansom, side 84

 Kva var løyndommen til Edgar. Eg vil langt i frå avsløre det i omtalen, og de lurer på kva som kanskje skjedde som ikkje skulle skje. Det kjem no.

«Du må dra hjem. Du må ikke si dette til noen andre. Hvis noen får vite hva du har fortalt meg…»
«Ja vel, da!» Edgar så engstelig ut nå. «Ja vel – glem at jeg sa det.»
«Glemme!» Frank nesten bjeffet. «Hvordan – kan – jeg – glemme – noe  – slikt?»
«Slutt å skrike sånn, for svarte helvete!» Edgar var blitt hummerrød i ansiktet og svettet.» Han stirret på broren i noen lange sekunder. Så sa han lavt, like mye til seg selv som til Frank: «Selv om du skulle si det til noen, ville du ikke bli trodd. De ville tro du var spenna gæren. Det tror de vel antagelig fra før. Se på deg selv, din glisend, lille krøpling…»
Og så, for andre gangen i sitt liv, mistet Frank kontrollen. Han fløy på broren, med armer og bein. Edgar var mye større enn Frank, men han var full, og han rygget unna med løftede armer i et ubehjelpelig forsøk på å verge seg. Frank gikk på, han slo og lo, og Edgar snublet og falt bakover, mot vinduet, som ga etter, og han falt gjennom det i en sprut av glass mens armene gikk som vindmøller, og med et vilt rop forsvant han ut av syne. 
(…)
Han løp fortsatt blødene rundt i leiligheten og knuste møbler, da politiet kom»


Eg veit ikkje om dette hjelper som søskenterapi akkurat. Frank blir etter denne situasjonen sendt til eit mentalsjukehus i Birmingham, og medan han er der planlegg både tyskarane og motstandsrørsla å få tak i han, for å kunne få ut av han løyndommen, og for at den andre parten ikkje skal få tak i han. Dette er plottet. På eine sida har ein David Fitzgerald, Geoff Drax, Jackson og Natalia, som jobber for å få ut Frank. På andre sida har ein Günther, Gessler og Symer, som gjerne vil ha tak i han, for å få vite løyndommen. I midten av alt er Sarah Fitzgerald, som òg får oppleve nok av regimet. Ho er pasifist, og liker korkje regimet eller motstandsrørsla eller politiet. Ho liker ingen som tyr til vald, og synes ingenting om krigføring i det heile.

Styrken til Sansom er karakterane. Han set liva deira i perspektiv, og lager karakterar som er truverdige og gjenkjennelege. Til dømes kjenner eg meg igjen i Sarah. Eg skal komme tilbake til det seinare i omtalen, men eg syntes det var godt å ha ein karakter som eg kunne identifisere meg med. Dei er òg veldig ulike frå kvarandre, og han får fram både kontrastar og likskap mellom dei. Det er mange namn å halde styr på, men likevel er det berre ein liten del av dei sin får nært kjennskap til. Mykje av kjenneskapen til karakterane kjem gjennom dialogar, noko eg alltid synes er positivt, fordi det gjer at forfattaren ikkje trenger å skrive alt rett fram, noko som heller ikkje er særleg bra i ei bok. Han har òg gitt karakterane sorger, gleder og gode relasjonar, og han får oss til å føle med dei. Til dømes dette med Sarah og David som mista ein to år gammal gut. Günter, som er hovudmostandar i boka, har òg fmailie som ha bryr seg om, og ein får kjenne litt på det at dette er ikkje stereotypiar. Det er vanlege menneske, men likevel er nokre av dei så umenneskelege. Som til dømes Günther.

Eg har ofte tenkt på kva eg hadde gjort om eg hadde budd i Tyskland eller Noreg under andre verdskrig. Det var vanskelege tider, og slik som i Noreg hadde ein jo NS og mostandsrørsla. Det var menneske som var klare for å ofre livet for saka dei trudde på. Eg har ei aning om at hadde eg vore same person som i dag hadde eg gjort det som var tryggast. Eg trur eg hadde prøvd så godt som mogleg å skjule dei politiske standspunkta mine, prøvd å leve eit så trygt liv som mogleg og korkje vore medlem i NS eller motstandsrørsla. Det er her det med Sarah kjem inn. Sarah er pasifist, liker ikkje vald og har eit ønske om å leve eit trygt og godt liv saman med David. Eg ville ha gjort alt for å halde meg inne med alle. Likevel er eg imponert over motstandsrørsla. Dette var menneske som gjorde alt for det dei trudde på. Dei ofra livet sitt. Slik som i boka, når dei går rundt med dødelege piller i lomma, rett og slett fordi det var tryggare å dø enn å røpe løyndommar for politiet. Eg trur ikkje eg hadde hatt mot nok til å vere ein av dei, og eg hadde blitt sånn passe irritert, om eg fann ut at nokon haldt meg for narr og var med i noko farleg. Lukke auga hadde nok vore mitt val, dessverre.

Det er ikkje berre sterke sider ved boka. Sjølv om ein forstår tematikken raskt, og forstår «ka det går i», er det akkurat som om det sniglar seg avgarde dei første sidene, og forfattaren har ein haltande start. Det er akkurat som om han har tenkt at «innleiinga er ikkje så nøye, berre midtdelen blir bra», men det er no slik at det er byrjinga av ei bok som er avgjerande for om lesaren vil halde fram. Hadde ikkje eg vore veldig spent på denne boka hadde eg lagt henne frå meg først som sist og heller byrja på Tana Frenchs bok, som eg har liggjande. Likevel bestemte eg meg for å halde fram. Det er fleire moment som gjer at boka ikkje har ein god start. Blant anna er det ikkje veldig gode skildringar av hendingane, stadane og utruleg nok karakterane. Eg synes at byrjinga blir ganske dårleg, når det forfattaren seinare er flinkast på, nesten feiler i starten av boka. Han kunne med fordel ha kutta ned litt på dei 664 sidene med forteljing. I tillegg har han gløymt heile «Show – don’t tell»- prinsippet, og går heller for «Tell – don’t show», som ikkje er bra.

Noko anna eg irriterer meg over er slike skrivefeil frå forlaget si side, der det kjem ord inn i teksten som ikkje skal vere der, eller som står tidlegare i setninga, eller at orda er skrive feil. Til gjengjeld var det alltid korrekte namn, nokos om av og til elles er forvirrande, når forlaga blandar saman namna til karakterane. Den norske omsetjinga var bra, men kanskje litt for fyldig. Med det meiner eg at det  kunne ha vore kutta ord utan at setningane hadde skifta meining. Det som irriterer meg mest er ordet «så». Norsklæraren min i niande og tiande, sa til oss at «så» er ikkje eit nødvendig ord i setningar som til dømes: «Då eg kom heim, så laga eg middag.» Ein kan med fordel skrive: «Då eg kom heim, laga eg middag.» Det er noko eg alltid prøver å sjå over, når eg har skrive ein tekst, fordi orda er ikkje nødvendig, og språket blir i tillegg betre. Den som har omsett boka til norsk, kunne hatt godt av å lære seg dette, i tillegg til mange andre ord som er med, utan at det gir noko vidare meining for setninga.

Plottet er godt konstruert, når først boka kjem i gang. Dei må få Frank Muncaster bort frå Storbritannia og nazistane. I likskap med Vinter i Madrid av C. J. Sansom er Skygge over London ein spionthriller, kor spionen kanskje ikkje alltid lukkes heilt. Eg trur st Sansom har litt meir fantasi enn som så, og kunne eigentleg ha tenkt meg bøker av han utan spionar, krig og kjærleik. Det er alt for mykje likt, og eg følte eg kjente igjen plottet frå Vinter i Madrid. Det var heldigvis ikkje like likt som det Øya, Hjemkomsten og Tråden av Hislop er, for hennar bøker er korkje god litteratur eller spesielt ulike og fantasifulle. Den første var god og original, den andre var ein bleik blåkopi og den tredje var tragisk. Det er det eg har kome fram til i ettertid, sjølv om omtalane mine då var meir positive. Heldigvis har han unngått dette og fått inn såpass mykje nytt at det blir spennande. Borgerkrigen var noko som faktisk skjedde, medan hendingane i denne boka aldri har skjedd, sjølv om det var ein viss fare. Dette er ei fantasiverd bassert på noko som kunne ha skjedd, altså er denne boka ein kontrafaktisk historisk roman, medan den andre berre er ein historisk roman. Likevel, fleire forfattarar burde lære av Gilllian Flynn, som alltid har fullstendig nye og originale plott i bøkene.

Noko av det interessante med Sansoms bøker er motsetnignane mellom dei ulike ideologiane. Til dømes kommunisme og fascisme. Det er berre ein kommunist i denne boka, men fleire nazistar og fascistar enn godt er, og i tillegg er det mange som har ein veldig nasjonalistisk ideologi. Sansom fortel i eit etterord i litt om seg sjølv og sin politiske ståstad.

«Da jeg ble mer politisk bevisst på begynnelsen av 1970-tallet, og til mine foreldres morskap og forundring vende meg bort fra deres konservative ståsted og i stedet omfavnet de venstreorienterte synspunktene jeg har beholdt siden, oppdaget hegat det i mine nye sirkler eksisterte et helt annet bilde av Churchill. Mange mente han var en krigshisser, en fanatisk imperialist, som motsatte seg enhver tilnærming til uavhengighet for India, en glødende antisosialist, mannen som brukte storslegga mot arbeiderne under generalstreiken i 1926, og mannen som sendte militære tropper mot gruvearbeiderne i Tonypandy i 1919.
(…)
Jeg har alltid vært fascinert av alternativ historieskriving, hvordan en verden ville ha sett ut om én avgjørende hendelse hadde tatt en annen vending. Og noen ganger, som i mai 1940, kunne virkelig verdenshistorien brått gått i en annen retning. Historien som her fortelles, om det som fulgte etter at Churchill ikke ble statsminister, er selvfølgelig bare én alternativ fortelling, den er ikke den definitive fortellingen, for noe slikt finnes ikke.»

 Venstreorientert politikk er ein jo vane med i Noreg, om ikkje akkurat kommunistik (veldig langt i frå), så heller moderat sosialdemokratisk. Eg likte mykje av det han skreiv i slutten, men etterkvart vart det så detaljert at eg måtte avslutte. Han er ein veldig smart mann, noko som kjem i fram i den siste delen av boka, kor han fortel om kva som kunne ha skjedd, og kva som skjedde. Noreg er ein del nemnt i boka, og David Fitzgerald tenestegjorde i Noreg, så eg syntes det var litt gøy at forfattaren hadde teke med Noreg så mykje. Det må òg nemnast at den norske utgåva er tilegna minnet om alle ofra frå 22. juli 2011. Syntes det var veldig fint. Omslaget synes eg er veldig skildrande. Ja, det er veldig grått, men det var ei grå verd som vart skildra. På innsida av permane er det eit kart over Europa under tyskarane framme, og eit kart over verda under tyskarane bak. På grunn avdette var det lett å følgje med i geografien. Likevel, starten svekka boka veldig, og ho kunne med fordel ha vore kortare. I tillegg syntes eg at heile spenninga rundt løyndommen til Frank Muncaster ikkje var bygga opp nok, og den vart avslørt på litt feil tidspunkt i boka. Synsvinkelen i boka er autoral, noko eg syntes passa veldig godt til plottet, tematikken og resten av oppbygginga av boka.

«The Great Smog» som er nemnt i baksideteksten kan de lese om her, og den er ein avgjerande faktor i forteljinga. Her kan de lese om kontrafaktisk historie, noko eg forresten synes er veldig interessant. For å vite meir om forfattaren kan de gå inn på Forlaget Press sine nettsider, og her er Sansoms nettsider. Her er min omtale av Vinter i Madrid, som vart utgjeven i Noreg i 2008. Sansom har òg gitt ut fem bøker om Matthew Shardlake, som er ein krimserie frå 1500-talets England under Henrik VIII. Mi utgåve av Skygge over London er kjøpt. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s