Once Upon A Time er ein bokblogg. Det betyr at (nesten) alt som blir lagt ut her vil vere bokrelatert. Det kan vere alt frå bokmeldingar til refleksjon rundt karakterar og plott. Eg starta først bloggen i februar 2011, då på blogspot med nettadressa http://bokverdami.blogspot.no/ I slutten av 2013 fann eg ut at eg ville heller bruke WordPress, og etter litt om og men vart denne sida publisert 18. november 2013 19:00!
Dei fleste bøkene eg bloggar om her er bøker eg har kjøpt, lånt eller fått. Eg tek svært sjeldan i mot bøker frå forlag, fordi eg vil vere mest mogleg uavhengig. Viss boka har blitt motteke frå eit forlag, vil det stå under bokmeldinga.