"I cannot live without books" (Thomas Jefferson) Ikkje eg heller, mr. past-President

Berre eg seier ordet ferie er det vel nokre tusen menneske i Noreg som tenkjer tusen forskjellige tankar berre ved å høyre ordet. Fjellturar, Syden, fri, male huset, grusomt, varmt, uendeleg, positivt, negativt, hyttetur, fritid, og eg tenkjer ofte: Ferie, då kan eg lese alle bøkene eg ikkje får tid til å lese andre delar av året. Er det nokre som er einige med meg. Eg var på ferie i Sør-Frankrike i somar, ein ferie eg ikkje kjem til å gløyme med det første, og eg hadde med meg eit par bøker, då eg reiste. 

  • Riley, Lucinda: The Light Behind the Window
  • McDermid, Val: The Vanishing Point
  • Lippestad, Geir: Det vi kan stå for
  • Dickens, Charles: Great Expectations
Av ein eller annan (merkeleg?) grunn vart sistnemnte aldri lesen. Og av ein eller annan (veldig god?) grunn er det alltid bokhandlar på store flyplassar, og då passa det godt at me skulle mellomlande sju timar i Amsterdam, som er ein av dei største flyplassane i Europa, og i tillegg ein veldig stilleg flyplass. Tida på flyplassen i Amsterdam er udokumentert, eg har ikkje bilete, men eg har ein ting frå flyplassen i det minste:
Omtale
Eg måtte kjøpe ei bok på flyplassen, sidan bokhandelen først var der, og eg valte ein nokså kjend forfattar. Eg lurte eit lite sekund på om eg skulle kjøpe med meg Nesbøs Politi på nederlandsk berre for å lære meg språket. Den norske versjonen har eg jo trass i alt sjølv. Tulla, så nerd er eg ikkje. 
Slik vart det til at eg kjøpte denne boka i staden for boka av Charles Dickens, som nok skal lese ein gong uansett. 
For alle dei som lurer på kva innlegget skulle handle om var det eigentleg tips til feriebøker. Ikkje nødvendigvis: «Les denne på ferie», men kanskje heller: «Tenk slik, når du veljer ut bøker». Mine anbefalingar er veldig subjektive, då. Dette er det eg tenkjer om bøker på ferie, og ikkje nødvendigvis kva andre ville seie. 
  1. Første råd: Vel ei bok du trur du kan ha lyst til å lese. Det var der feilen med Dickens var. Eg hadde eigentleg ikkje veldig lyst til å ligge på solsenga i Frankrike og lese Great Expectations av Dickens, medan dei andre bada i bassenget eller las mindre nerdete litteratur. Eg har prøvd å komme meg gjennom før, og eg trur eg kan seie at det hadde freista meir å bade heile dagen enn å lese Dickens akkurat då. Det er ofte slik at keisame bøker blir nedprioritert, når det er anna å halde på med. Til dømes, bading, iseting, coladrikking og kortspel. 
  2. Andre råd: Ikkje sats på at du les like mange bøker i veka som vanleg.  Mange les fleire på ferie. Ta meg til dømes. Gjennsomsnitleg les eg ei bok i veka (dette året). Då eg var i Frankrike las eg ut tre på ei veke og byrja på den fjerde før veka var omme. To av dei var engelske, ei norsk, og den eg byrja på var engelsk, og den las eg ut på flyplassen på veg heim. Ikkje ta med for lite, viss du liker å lese. Det er eit stort feilgrep. 
  3. Tredje råd: Ikkje kjøp bøker på sal til fire euro i ein litt slitt, gammal og liten bokhandel. Desse bøkene plar ofte å vere av litt laber litterær kvalitet. Det er å underdrive. Altså sjølvsagt, det kjem an på forfattaren. Er det ein forfattar du veit er bra, så er det jo greitt. Er det ein forfattar du aldri har høyrt om, og sannsynlegvis aldrihadde høyrt var det ikkje for at boka var til fire euro, då du stakk hovudet inn bokhandelen, då er det ikkje vits i. Men gjer som du vil. Plutseleg er det ein forfattar som blir like berømt som J. K. Rowling, og så sit du der og fekk ikkje kjøpt debutboka frå 1979 til fire euro… Men det hender nok ikkje. 
  4. Fjerde råd: Viss du skal reise mykje kollektivt, sats på lydbøker. Dette er eit råd eg skal prøve å følgje opp på onsdag. Kvifor? Det får du vite seinare i innlegget, men det er absolutt smart. Dei fleste råda eg har lista opp ovanfor gjelder for sydenferiar. For storbyferiar, må ein følgje litt andre reglar. Dei plar ofte å vare litt kortare, vere meir intenseive, og i staden for å bu på eit tiltalande «all inclusive»-hotell, er det å vere mest borte frå hotellet som gjerlder. Lydbøker er ein genial ting. Særleg på lange bilturar, togturarar og bussturar. Ein slepper å ha med seg mursteinar og kan heller berre ha med ein (discman, skulle eg til å seie, men det vart litt feil) digiplayer. Evt finne på andre kreative måtar. Ein discman er ikkje å anbefale i 2013. For det første måe ein ha med seg alle CD-ane på tur, og for det andre ser det veldig rart ut å sitje på Underground i London i 2013-klede med ein discman i fanget og veska full av CD-ar. Jo då, gjerne for meg. Dei er greie når dei funkar, men i tillegg til alt CD-styret er dei fleste discmans ikkje ladbare, så du må ha med deg batteri i veska heile tida. Då hadde eg heller valt ei bok. 
  5. Femte råd: Viss du ikkje liker lydbøker, kan du alltids ta med deg ein kindle, ipad eller eit anna lesebrett for å lese, når du sit på Underground (T-bane, Subway, Untergrund), tog, buss, busway, trikk eller anna framkomstmiddel. Ikkje i bil. Det enklaste er ofte det beste. 
Så grunnen til at Mai Lene plutseleg er i feriemodus. Nøyaktig 01:00  på onsdag sit eg på bussen til Oslo, før me skal reise med Kiel-ferga mellom Oslo og Kiel for å reise på skultur til Tyskland, Tsjekkia og Polen. Eg veit ikkje heilt kva bøker eg planlegg å ta med meg, for det er ikkje gjort rede for endå publisering, men i og med at det blir mykje bussing skal eg nok låne med litt lydbøker frå biblioteket. Turen går forresten vidare til Berlin/Frankfurt etter at me har ete frukost på Kiel-ferga. På turen bort skal me innom Sachsenhausen og Ravensbruck. Så reiser me vidare til Krakow. Der blir det besøk til diverse berømte konsentrasjonsleirar (Auschwitz og Birkenau), saltgruvene og litt utforsking av Krakow reknar eg med, før me skal vidare til Praha, og så tilbake til min favorittby: Berlin. Men de får alle detaljar, når eg har kome tilbake. 
Mest sannsynleg lånar eg med meg Harry Potter på engelsk eller noko slikt.

Politikk & slikt

De som er vener med meg på facebook blir nok ikkje veldig overraska, når eg seier kva parti eg held med. No har det vore politisk val i Noreg, som ALLE må ha fått med seg med mindre dei har vore heilt i koma eller trur Paradise Hotel-nyheiter er det einaste ein skal følge med på her i livet. Eg er endå ung (og dum?) og er så stolt over partiet mitt at eg kan gjerne skrive eit lite innlegg om det, rett og slett fordi det er eit arbeid eg er veldig stolt over å vere med på, i alle fall fram til FrP kjem i regjering. Då er eg berre glad for at eg ikkje sit på ei trone på toppen i ei tåkesky.

Kristeleg folkeparti er mitt parti! Der var det sagt, og viss eg ikkje tek heilt feil er rundt 95% av dei 77% som stemde under dette valet usamde med meg, men det er jo difor at Høgre og Framstegspartiet finst: valfridom (tørr spøk, for alle som ikkje forsod den) Heldigvis slepp alle i Noreg å stemma på Høgre, og hadde alle gjort det hadde eg i dag låge i senga sjukemeldt av meg sjølv!

KrF (kvar gong eg skriv det forkorta høyrer eg berre Hareides stemme inni meg: KåArrEfff) er som dei fleste veit eit gult sentrumsparti, og planen til mange var nok at den blå himmelen trengte ei stor gul sol, men slik vart det ikkje. Ein kan jo så vidt skimte sola gjennom dei grøne blada, det skuggar.

Grunnen til at eg er med i KrF er fordi dei har dei beste verdiane spør du meg. Mottoet til KrFU er jo «Større drøm enn billig bensin», og der er eg òg. Eg har litt større draumar enn det. For det første liker eg at menneskeverdet står i fokus, og det er grunnlaget for all politikken til KrF. Alle menneske har lik verdi, om det er mor, foster eller den personen som tok valet om abort. Om det er rusmisbrukaren, Kjell Inge Røkke eller tiåringen som ikkje har råd til å gå i bursdag. Alle har lik verdi, fordi me er alle unike.

For det andre er det det partiet eg er mest einig med. Det er ting eg er einige med dei andre òg i, men ikkje så mykje som KrF. Eigentleg trur eg ikkje at eg skal snakke så mykje om kvifor eg er med i KrF og engasjerer meg der, men det har med trua på verdien av menneskelivet frå byrjing til slutt å gjere, og i tillegg at KrF har ein politikk der «the basic» ikkje går an å forandre.

KrFU har gitt meg så utruleg mykje. Eg vart medlem i april for eit og eit halvt år sidan, og noko av det første eg gjorde var å kontakte lokallaget, fordi eg var villig til å engasjere meg. Første møte var i september same året, då eg høyrte på eit foredrag mot vindmøller og me vart skjønt einige (nesten) om at vindmøller er ein positiv ting, særleg på Jæren. April året etter ringte leiaren meg og spurte om eg tilfeldigvis kunne tenkt meg å stille som kanditat til lokallagsstyre. Eg reiste til årsmøte med små forhåpningar om å kanskje kome inn, og eg såg på det som det STORE målet akkurat då å komme inn i lokallaget. Eg vart første vara, og eg reiste heim glad og lukkeleg for å ha fått ei rolle der eg hadde møteplikt til styremøtene. Då var det STOR stas. Året som kom var veldig variert, men bestod av mange styremøte og mykje gøy, og eg må berre seie at det er ikkje keisamt å vere med å engasjere seg, men givande, interessant, gøy og utruleg morosamt.

Mars dette året, den STORE dagen då eg kom på fast plas i lokallagsstyret og var skikkeleg gira, og jammen meg har me fått gjort litt òg. Eg digger det styret altså, og eg sit utruleg stor pris på å få vere med. I tillegg var eg på eitt par konferansar og møtte mine likemenn- og kvinner. Eg trudde at eg hadde nådd toppen av fjellet då eg hadde kome så langt og var fast bestemt på å bere slå meg til ro der, men så kom det ein telefon frå Rogaland KrFU. Kunne eg kanskje tenkje meg å stille som kanditat til fylkesstyret? Nja, skal tenkje litt på det. Kanskje det. Hadde sikkert vore veldig interessant. Ja, kanskje eg skal seie ja til å stille. Det er jo berre å stille som kanditat. Kjem sikkert ikkje inn. Ja, eg gjer det. Nokre dagar seinare har eg fast plass i Rogaland KrFU.

Eg seier ikkje dette for å skryte, for eg føler ikkje at eg har gjort så utruleg mykje meir for å få desse plassane enn å engasjert meg. Politikk er noko eg legg energi i, og i tilegg gir det meg energi. Det er eit stort pluss. Det må eg berre seie!

Mine hjartesaker forresten

  • miljø og bistand
  • asylpolitikk
  • nei til sorteringssamfunn
  • bertre vilkår for studentar
  • ruspolitikk

Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir «action» hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!