
Mai Lene
Heisann,
eg er ei gla’jenta frå Nærbø med mange jern i elden. Eg liker bøker, politikk, dans, nynorsk og bakt potet med bacon og smør.
Sidan eg var seks år har eg lese bøker, og ikkje berre lærte eg å lese, men eg likte deg òg. Det har ført til at eg no, i dag, sit og skriv bokmeldingar på denne bloggen. Ærlege bokmeldingar om bøker eg les. Når det gjelder sjanger, liker eg å seie at eg er nokså altetande. Likevel synes eg at boka skal ha visse kvalitetar, og difor synes eg det er vanskeleg å seie ein eksakt sjanger som eg liker. Likevel må eg seie at psykologiske thrillarar sjeldan slår feil, og Gillian Flynn er favorittforfattaren min. Ikkje langt bak kjem Val McDermid og J. K. Rowling.
Sjølv om eg er 17 år, les eg ikkje mange ungdomsromanar. Eg les heller ikkje mykje fantasy, men Harry Potter-serien er heilt uslåeleg. Det er få bøker eg har lese som har vore i nærleiken av den. Dei meir ekte og realistiske sidene ved Rowlings hovudkarakter gjer at, sjølv om eg til vanleg ikkje les fantasy-bøker, står Harry Potter hjartet mitt nært.
Utanom dette går eg på VG2 studiespesialisering, og innlegga mine kan til tider vere farga av at eg har programfaga sosiologi og sosialtropologi, rettslære og internasjonal engelsk.
Eg er ikkje utdanna innanfor litteratur, noko du sikkert forstår ut i frå setningane oppforbi, men liker å adoptere vanskelege litterære uttrykk. Viss nokon skulle lure på kva autoral/personal synsvinkel eller stereotypiar er, kan de berre kontakte meg, for eg forklarar gjerne. Sjølvsagt, skulle de lure på andre rare ord, uttrykk, setningar og meiningar eller kvifor eg liker bakt potet med bacon og smør, kan de berre sende ein epost eller skrive spørsmålet i kontaktskjemaet under Kontakt meg