Kjære nye student!

Då eg byrja å studere i fjor kjøpte eg inn boka Superstudent. Etterkvart fann eg ut at det er ikkje mogleg å alltid vere super. Det held lenge med å vere student. 

Det blir sagt mykje om studietida, både positivt og negativt. På den eine sida kjem det håplaust låge studielånet som så vidt strekk til når leiga skal betalast og maten kjøpast inn. På den andre sida har me alle høyrt dei som snakkar varmt om studietida: «Det var i studietida eg møtte alle venene eg har no.» «Studietida var den kjekkaste tida i livet mitt.» Me høyrer om studentforeningane, morosame professorar og sosiale kveldar ute.

Så er det mykje me ikkje høyrer fullt så mykje om. Bak alt det idylliske – bortsett frå økonomien – finst det mykje einsemd, stress, psykiske problem, tidspress, sosialt press og uro over karakterar. Studenttida er ikkje berre ei sosial tid kor alt går på skinner. Å studere kan vere knallhardt, og eg vil at du som ny student bør vite at du ikkje er den einaste som ikkje har det hundre prosent gøy heile tida.

Du vil kanskje oppleve at «alle andre» les mykje meir enn deg, er meir sosial enn deg, har meir tid enn deg og trener meir enn deg. Nokre vil kanskje skryte av kor lite dei gjer for å få gode karakterar. Andre vil skryte av at dei var hadde alarmen på 05:00 for å reise fortast mogleg til lesesalen. Nokre legg ut bilete frå sosiale events kvar kveld på Instagram. Andre igjen har behov for å vise kor mykje dei trener. Du vil kanskje føle deg omgitt av perfekte studentar som lever perfekte liv, men det er ikkje sanninga.

Superstudent av Olav Schewe kom eg over då eg jobba på bokhandel sommaren 2015. Boka lover deg gode resultatet og ein enkel studiekvardag om du berre følgjer visse teknikkar undervegs. Den er delt inn i tre delar: «Lær effektivt», «prester optimalt» og «tenk rett». Det høyres kjempebra ut, og sjølvsagt er det bra. Gode studievanar er viktig, men eg las heile boka utan å følgje opp alt som stod der. Tvert i mot sette eg den ret i bohylla etterpå kor den stod og gav meg dårleg samvit for at eg ikkje var ein superstudent, ikkje lærte effektivt, presterte optimalt og tenkte rett.

Sjølvsagt kan du lese denne boka, og du vil kanskje få noko ut av den. Mange synest den er nyttig, men eg ber deg, som ny student, om å senke skuldrene og tenkje at me alle er menneske. Ingen av oss lever perfekte liv. Det er lov å møte opp på lesesalen 12.00, sjølv i eksamenstida, om det er det som kan få deg gjennom. Det er lov å ta rolege kveldar inne og berre slappe av. Det er til og med lov å innrømme at studielivet kanskje ikkje var heilt som venta. Mitt råd er: Ikkje stress. Prøve å venne deg til nye vanar, nytt læringsmiljø og nye folk. Ikkje tenk på alt du burde ha gjort, og samanlikne deg ikkje «perfekte» studentar. Ingen er hundre prosent superstudentar.

Eg skal i alle fall prøve å tenkje slik dette året.

1 thoughts on “Kjære nye student!

  1. Det viktigaste ein kan læra seg som student er å læra kva som er godt nok. Oppgåvene kan virka grenselause, og det kan alltid verta betre. Eg senka skuldrene med å sova så lenge eg ville (eg var sånn som kom på lesesalen klokka 12) og å etter kvart læra meg å kjenne etter på at det faktisk ikkje er mogleg å gjera meir enn sitt beste. Så får resultata bli som dei blir… Ein skal leva og. Eg hadde ei fantastisk studietid, med nokre kampar av den typen du skildrar, men det gjekk fint til slutt. Det er greit å ikkje vera perfekt. Det kjem alltid til å vera nokon maskinar som får til alt, men det er fint å anerkjenna at ein ikkje er ein av dei 🙂

Kommenter innlegget