Kjære nye student!

Då eg byrja å studere i fjor kjøpte eg inn boka Superstudent. Etterkvart fann eg ut at det er ikkje mogleg å alltid vere super. Det held lenge med å vere student. 

Det blir sagt mykje om studietida, både positivt og negativt. På den eine sida kjem det håplaust låge studielånet som så vidt strekk til når leiga skal betalast og maten kjøpast inn. På den andre sida har me alle høyrt dei som snakkar varmt om studietida: «Det var i studietida eg møtte alle venene eg har no.» «Studietida var den kjekkaste tida i livet mitt.» Me høyrer om studentforeningane, morosame professorar og sosiale kveldar ute.

Så er det mykje me ikkje høyrer fullt så mykje om. Bak alt det idylliske – bortsett frå økonomien – finst det mykje einsemd, stress, psykiske problem, tidspress, sosialt press og uro over karakterar. Studenttida er ikkje berre ei sosial tid kor alt går på skinner. Å studere kan vere knallhardt, og eg vil at du som ny student bør vite at du ikkje er den einaste som ikkje har det hundre prosent gøy heile tida.

Du vil kanskje oppleve at «alle andre» les mykje meir enn deg, er meir sosial enn deg, har meir tid enn deg og trener meir enn deg. Nokre vil kanskje skryte av kor lite dei gjer for å få gode karakterar. Andre vil skryte av at dei var hadde alarmen på 05:00 for å reise fortast mogleg til lesesalen. Nokre legg ut bilete frå sosiale events kvar kveld på Instagram. Andre igjen har behov for å vise kor mykje dei trener. Du vil kanskje føle deg omgitt av perfekte studentar som lever perfekte liv, men det er ikkje sanninga.

Superstudent av Olav Schewe kom eg over då eg jobba på bokhandel sommaren 2015. Boka lover deg gode resultatet og ein enkel studiekvardag om du berre følgjer visse teknikkar undervegs. Den er delt inn i tre delar: «Lær effektivt», «prester optimalt» og «tenk rett». Det høyres kjempebra ut, og sjølvsagt er det bra. Gode studievanar er viktig, men eg las heile boka utan å følgje opp alt som stod der. Tvert i mot sette eg den ret i bohylla etterpå kor den stod og gav meg dårleg samvit for at eg ikkje var ein superstudent, ikkje lærte effektivt, presterte optimalt og tenkte rett.

Sjølvsagt kan du lese denne boka, og du vil kanskje få noko ut av den. Mange synest den er nyttig, men eg ber deg, som ny student, om å senke skuldrene og tenkje at me alle er menneske. Ingen av oss lever perfekte liv. Det er lov å møte opp på lesesalen 12.00, sjølv i eksamenstida, om det er det som kan få deg gjennom. Det er lov å ta rolege kveldar inne og berre slappe av. Det er til og med lov å innrømme at studielivet kanskje ikkje var heilt som venta. Mitt råd er: Ikkje stress. Prøve å venne deg til nye vanar, nytt læringsmiljø og nye folk. Ikkje tenk på alt du burde ha gjort, og samanlikne deg ikkje «perfekte» studentar. Ingen er hundre prosent superstudentar.

Eg skal i alle fall prøve å tenkje slik dette året.

Advertisements

Første (bok)halvår 2016

  • Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
  • Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
  • Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
  • Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullførtsom til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
  • Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
  • Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjenAlle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
  • (Eg har sett ei ny bok inn i bokhyllaCareer of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)

Hausten

IMG_0491

© Mai Lene

Bilete teke med iPhone

Oslo oktober 2015

Les no: Our Kids – The American Dream in Crisis av Robert D. Putnam

Vil lese snart: Berlin Noir av Philip Kerr og Historia om det nye namnet av Elena Ferrante

Gler meg til: Jul, at det blir like fint haustvêr som det var førre veke, helga

Ja, eg lever framleis.

Her er eg

Kanskje eg burde ha starta dette innlegget med å takke for alle epostar og fan-brev som har kome inn medan eg har vore borte, kor spørsmålet: «Lever du?» har blitt gjenteke fleire gonger. Det einaste er at eg har ikkje fått epostar og fan-brev som har spurt om nettopp dette, og bra er det. Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg prøver å unnskylde at eg har vore borte så lenge, for eg har ikkje veldig dårleg samvit. Eg har hatt det travelt, og eigentleg synes eg at ein bloggpause skal kunnast tas utan annonsering, men no har ingen mast heller. Jo, alt er vel og bra, utanom at eg ikkje kom opp i skriftleg eskamen og må vente neste ein månad til for å finne ut kva eg kjem opp i. Elles har eg litt vondt i den venstre foten etter 17. mai, men det går no alltids over, og det skal ikkje vere nokon grunn til at eg ikkje kan kikke innom på bloggen.

Bunka med ulesne bøker har minska, litt fordi eg endeleg har levert bøkene til biblioteket (ulesne), og litt fordi eg har lese. Lista over bokmeldingar eg bør skrive, før eg gløymer handlinga og karakterane har stige drastisk.

 

Her er bøkene eg har lese i det siste, men som det ikkje har kome bokmelding frå:

  • Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
  • Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
  • Theorin, Johan: Gravrøys
  • Hanssen, Eystein: Triangel

Jojo, no skal eg sjå kor mykje blogging det blir. Ha ei fin veke, les mykje og ha det gøy!

Kjære bokbloggnisse!

Tusen takk for flotte gåver!! Dei falt i smak. Eg fekk utruleg masse godt!

  1. Boka som ho sjølv likte, Ekstremt høyt & utrolig nært av Jonathan Safran Foer
  2. Boka som ho trudde eg kom til å like, Paganinikontrakten av Lars Kepler

Lars Keplers bøker er nokre eg lenge kunne ha tenkt meg å lese, fordi eg har høyrt det skal vere veldig bra krim! Eg fekk òg masse god mat. Ein heilt fantastisk honning til dømes. Den smakte. Eg elskar honning på brødskiva, så der trefte bokbloggarnissen. I tillegg fekk eg lakris, sjokolade og kakao med minimarshmellows.

Og så fekk eg litt pynt og eit veldig fint kort!

Hintet frå bokbloggarnissen var at det passa godt det var ein hund på framsida av kortet. Av dei som er meldte på, reknar eg med det er Berit på bloggen Bøker & Bokhyller som har sendt meg pakken. Tusen takk!

Utanom dette fekk eg berre ei bok til jul, men til gjengjeld fekk eg òg digispelar, og den gler eg meg veldig til å prøve. Boka eg fekk var Kane og Abel av Jeffrey Archer, og det var ikkje ei veldig stor overrasking. Eg hadde hinta veldig tydeleg på førehand om at den boka ønska eg meg.

2013 > 2014

Hadde eg no vore ein klassisk rosabloggar med speilreflekskamera og daglege oppdateringar , hadde dette innlegg hatt tittelen: «Beklager lite blogging». Det er eigentleg eit slikt innlegg, på mange måtar, men ikkje på alle. Det blir veldig lite blogging av og til, rett og slett fordi det går litt treigt med lesinga, eg har sosiologi- og sosialantropologitentamen, eg har vore litt småsjuk og det er danseførestilling neste veke. Alt på ein gong. Og så er det jul, og jul betyr mykje juleshopping, og juleshopping betyr meir jobbing på Kvadrat for min del. Likevel tenkte eg å lage det litt meir seriøst enn berre: «Sorry for lite blogging, snakkes når eg har tid.» Eg har eit mål om at når eg først legg ut eit innlegg på bloggen, skal det vere for å seie litt meir enn berre: «Eg er her.»

Før 2013 var målet mitt å lese 52 bøker. Ei bok i veka er eit veldig ok tal for meg. Eg trenger ikkje å stresse med å klare det. No har eg lese 53 bøker i 2013 og er på mi 54 og 55. Det er ikkje altfor gale. Somaren hjelper, særleg ein Syden-tur kor ein berre kan ligge rett ut og lese, eventuelt sitje i skuggen slik som meg. Eg reiser ned til varmare strøk for å ha det varmt i skuggen. Skal ikkje vere lett. I følgje goodreads har eg lese 20861 sider, ei sanning med modifikasjonar. Sjølv om eg har lese bøkene på norsk, har eg lagt dei til på engelsk der, og då er det gjerne litt ulikt sidetal, men det veit de sikkert.

This slideshow requires JavaScript.

Bøkene i lysbileteframvisninga er alle så langt i 2013. Framleis har eg eit ønske om å kunne lese nokre til. Til dømes lese ut dei to eg les no (The Kite Runner av Khaled Hosseini og Adams Arv av Astrid Rosenfeld). Framleis er det ei lesesirkelbok igjen (Kjærlighetens historie av Nicole Krauss), og oppe ventar A Darker Domain av Val McDermid. I tillegg veit eg om ei bok eg får til jul, fordi eg tipsa personen som gir meg den om ei bok, og eg fekk beskjed om at den vart kjøpt. Gjer ingenting å vite om ei julegåve, fordi den er jo spennande i seg sjølv.

Noko av det eg har tenkt å gjere neste år er:

  • Lese 52 bøker eller meir
  • Lese minst ei bok av Charles Dickens på engelsk
  • Lese dei bøkene eg planla å lese i år, men som eg ikkje har fått tid til å lese
  • Lese norske bøker gitt ut i 2013, slik eg kan vere med å stemme fram ein kandidat til bokbloggarprisen
  • Lese endå meir engelsk
  • Lese endå meir av Val McDermid
  • Lese Hunger Games-serien og Divergent-serien
  • Lese meir norsk krim, blant anna dei Nesbø-bøkene eg har i hylla

Nokre av bøkene eg har tenkt å lese i 2014:

Eg veit ikkje om eg kan greie det, men måla er ikkje heilt håplause. Innlegget mitt er håplaust. Det var mest for å gi lyd frå meg igjen. Vise at eg ikkje er innsnødd (æg bur på Jæren, så dæ æ ikkje muligt uansitt), ikkje har øydelagt heile meg av å bere for mange bøker (nære på av og til), ikkje har bura meg inne (ikkje foreløpig) og ikkje har slutta av heile greia (ei god stund til)!

Håpar alle har ein fin desembermånad!

«Du stjerne over Betlehem,
send dine stråler ned.
Og minn oss om at julens bud
er kjærlighet og fred.»

Nå tennes tusen julelys

Barnebøker til folket

Målgrupper er eit spennande tema innanfor litteraturen. Kven er boka retta mot? Kva skal bodskapen vere, og til kven skal bodskapen vere? Kan bøker plasserast innanfor ulike aldersgrupper? Treffer bøkene? Som ein ungdom som les bøker for vaskne synes eg at temaet er aktuelt, og det er av og til eg lurer på om forfattarane forstår barn og ungdom, og i alle fall om dei som anbefaler bøker gjer det.
I dag blir alle bøker kategorisert etter kven dei passar for, og bøker for vaksne blir kategorisert endå meir grundig. Ingen kan unngå å høyre om målgrupper, når dei les bøker eller les om bøker og skriv bøker eller skriv om bøker. Det er komplett umogleg å ikkje ha vore utfor ordet, og nettopp det at me er så medvitne på målgrupper er veldig interessant.

Gjennom Kurt har tusenvis av normenn fått seg ein god lattar gjennom både film og bøker. Fisken, Kurt blir grusom og Kurt Que Vadis er alle gode bøker, og dei er rekna som barnebøker. På biblioteka står dei saman med andre bøker retta mot barn. Dei har òg eit litt «barnsleg» plott, som til dømes Knutby. Kurt og familien havnar i den svenske byen Kurtby som blir styrt av den heilage ande gjennom ei talskvinne. Kurt blir med på kjøret, blir pastor og går heilt bananas Det er ikkje eit plott vaksne hadde tolerert med mindre det hadde vore ein parodi. Barn tolererer det fordi dei har fantasien til det.

Bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti er ei bok ikkje fortener å bli gløymt. Tonio mister begge besteforeldra på landet – foreldra til mora – som han er veldig glad i, og boka handlar i bunn og grunn om korleis barn taklar å miste nokon dei står nær. Eg skreiv ei bokmelding i fjor desember av boka, kor eg òg tok opp temaet målgruppa boka er retta mot. Det er no eg peiler meg inn på det verkelege temaet i innlegget. Målgruppe – kvifor då?

Det kan høyrast ut som om eg er heilt grunnleggjande i mot målgrupper. Eg er ikkje det. Ein måte må ein ha å dele bøkene inn på. Likevel er det veldig stor konsentrasjon om dette. Passar boka for meg. What’s in it for me? er nærast eit mantra når ein les bøker. Dei som meldar bøker plar i alle fall å vere flinke å peike ut nøyaktig kven boka passar for, i tillegg til reklamen. Gaven til alle krimelskere! Gi barna noe morsomt til jul! For alle de som elsker Kate Morton! Me poengterer kven bok er for. Eg merkar sjølv at med ein gong det står, til dømes, For alle de som liker Jørn Lier Horst tenkejr eg «Nei, den boka kjøper eg ikkje.» På same måte er eg veldig ivrig etter å lese ei bok som liknar på forfattarskapet til Gillian Flynn eller Val McDermid. Det er i alle fall ein god måte å selje bøker på.

Målgrupper dreier seg ikkje berre om boka treffer aldersgruppa. Mange gonger ser eg aviser som skriv at barn kanskje ikkje forstår den underliggjande meininga i boka. Knutby, som eg nemnde over her er ei bok rekna på barn. For alle barn er det berre nok ei historie om Kurt og familien som har ein del sprø opplevingar. For vaksne betyr det litt meir, sidan dei hugsar Knutby-saka i Sverige. Det at barn ikkje veit om denne saka gjer ikkje noko for deira oppleving av boka, men likevel forstår vaksne meir.

Bestefar var eit kirsebærtre er for barn ei historie om Tonio som mister besteforeldra og har ei gås som kjæledyr. For litt eldre er det ei bok om ein liten gut med store spørsmål om liv og død. Dei forstår det underliggjande temaet i boka. Korleis forklarer du barn om døden og kva som skjer? Korleis taklar eit barn at to av dei næraste slektningane døyr? Det verker supertrist, men som barn elska eg boka, og eg elskar den endå meir no, på grunn av den fine bodskapen. Doktor Proktor og det store gullrøveriet er eit døme på ei bok kor avismeldarane meinte at barna ikkje kunne forstå kva som låg bak. Dei kan jo ikkje noko om finanskrisa! Eg synes at dei bommar grovt. Dei har hengt seg så opp i at boka er for barn at dei ikkje ser vidare.

Eg kan sitje og kose meg skikkeleg med barnebøker, sjølv om dei ikkje er retta mot meg. Ein av grunnane er rett og slett den at mange barnebøker har eit tema ein må vere litt eldre for å forstå. Erlend Loe har sagt at han ikkje skriv mot noko spesiell målgruppe, når han skriv bøker om Kurt, men skriv slik at alle kan forstå det på sin måte. I frå forlaget og avisene si side er desse bøkene barnebøker, og dei kategoriserer dei såpass at vaksne tenkjer: Dei er ikkje for meg. Eg trur de veit kor eg vil. Me fokuserer for mykje på målgrupper. Me tenkjer at kategorien boka er plassert innanfor er der den høyrer heime, og mange av oss ser ikkje at det underliggjande temaet kanskje er meint for litt eldre. Og for den del, barn har ikkje vondt av å forstå litt av finanskrisa.

Kvifor ikkje ta fokuset bort frå målgrupper av og til? Det er ikkje nokon vits å le av at dama på førti ovanfor deg på toget sit og les ei barnebok!

«I got the power!»

Dette er eit innlegg som er mest retta mot bokbloggarane, og dei andre bloggarane der ute, rett og slett fordi det er aktuelt med tanke på debattane som har gått dei siste vekene. Likevel, alle, føl dykk fri til å lese innlegget og kome med innspel!

Som bloggarar har me makt. Ingen kan sjå bort frå det. For det første er det vel ei kjent sak at ord har makt. For å sitere Humlesnurr, noko eg liker veldig godt:

“Words are, in my not-so-humble opinion, our most inexhaustible source of magic. Capable of both inflicting injury, and remedying it.”

Veldig kloke ord. Dei orda me bruker har makt, og bloggar består ofte mest av ord. Det er forskjell på å like noko og elske noko. Det er forskjell på å mislike noko og hate noko. Det må alle saman hugse på som bloggar. Velje orda med omhu er vel rette uttrykket. Gjennom dei orda me vel har me makt. Ingen må tenkje at dei linjene dei skriv i eit innlegg er utan tydning og at dei ikkje har noko påverknadskraft på nokon. Det er klart at viss ein bokbloggar skriv: «Eg elska denne boka» er det truleg at eg før eller seinare vil plukke boka opp, om det var i rett sjanger.

Det eg vil med innlegget er å setje fokus på makta me har som bloggarar. Eg veit at viss eg roser ei bok opp i skyene i dag, er det større sjans for at dei som les bloggen vil plukke boka opp seinare, enn viss eg ikkje gjorde det. Det er å lett å tenkje at me er små menneske som sit bak og ein skjerm og skriv for oss sjølve. Me har ikkje noko makt. I tillegg tenkjer ein at bloggen berre er vår personlege dagbok og at intensjonane våre ikkje er at folk nødvendigvis trenger å bli påverka. Meininga er ikkje å skrive om boka for å seie om det er god eller dårleg litteratur, men for å skrive om lesegleda og skrive for seg sjølv. Sånn koseleg sitje-foran-peisen-skriving. Det skal ikkje gjere noko kva me skriv, for ingen trenger å bruke det. Kanskje me bruker bloggen vår som nokon som skriv treningsdagbok på nettet. Det er for oss sjølve, men likevel offentleg.

Eg høyres veldig kritisk ut no, og eg er på mange måtar kritisk til at me ikkje innser kva makt me har. Det er forlag som følgjer med på bokbloggar og les innlegga våre om deira bøker, og sjølv om det kanskje ikkje var meininga, bruker dei ei vilkårleg setning frå innlegget me skreiv om boka dei hadde gitt ut. Slik skjer med dei som skriv bokmeldingar i aviser òg. Det dei skriv blir (mis)brukt på omslag og på nettsider. Det er òg difor ein skal velje orda med omhu, fordi det er vanskeleg å få ut riktig meining, viss me bruker orda som svarer til meininga vår. Eg veit ikkje om det var forståeleg.

Mange ser ut til å meine at me ikkje skal tåle å bli kritisert. Alt avisene seier er heilt bak mål og meining, og dei har ikkje peiling på kva bloggarar driv med. For å minne dykk på noko: Me har litt felles med dei. Me les bøker. Me vurderer og reflekterer og skriv til slutt ein tekst som er resultatet av timar, dagar og veker med lesing. Dei les kanskje ikkje i fleire veker, men berre for å seie at dei òg arbeider og får eit resultat av arbeidet. Skilnaden er at for oss er det ein hobby å skrive om bøker, det er ingen jobb. Det er ei viktig skiljelinje som kan vere både negativ og positiv. Det er kanskje vanskeleg å forstå den tankegangen der. Det eg meiner er at eg liker å vere uavhengig og vil ikkje få betalt for å skrive bokmeldingar og lese. Eg synes det er noko av det beste. Det er mitt på ein måte. Det er ikkje nokon som bestemmer. Likevel kan me falle i den grøfta at det blir hobbyhobbyblogging. Alt dreier seg om dette som ein hobby. Me tenkjer ikkje på at me sit og analyserer og vurederer andre sitt verk. Me tenkjer ikkje på makta me har, fordi det er trass i alt berre ein hobby.

Eg trur at me av og til trenger litt konstruktiv kritikk frå dei profesjonelle, slik me ikkje blir navleskuande menneske som sit og tenkjer at uansett kva andre seier køyrer me på. Me òg skal tåle å bli litt kritiserte av dei som har dette som jobb, men viss me verkeleleg skal stå opp mot kritikken, kan me ikkje undervurdere makta vår. Første steg er å ta eit skritt i den retninga at ein tenkjer på seg sjølv som ein person som påverker og utøver makt.

Eg trur kvalitet er eit stikkord. Kvalitet framfor kvantitet. Det er lurt å tenkje slikt. Imøtegå litt av kritikken, og slik eg har sagt før, ikkje binde seg for mykje opp til forlaga. Ein skal ikkje imøtegå kritikk utan hald og utan snev av sanning. Bloggen er framleis vårt domene kor me kan bestemme. Likevel har me makt. Faktisk meir makt enn avisene av og til. Eg les både bokmeldingar i aviser og på bokbloggar, og eg veit med meg sjølv at eg tek til meg like mykje, sjølv om intensjonen kanskje er noko anna frå nokre bloggarar si side. Me skal tåle å bli kritisert. Lukk opp auge og sjå at du òg har makt. Brukt den positivt!

Dette innlegget vart kanskje litt keisamt og fult med skrift når eg ikkje bruker bilete, men eg håpar de overlever. Me les trass i alt bøker utan bilete!

Ein ny start

Ja, tittelen på dette innlegget vart litt klisjéaktig. Høyres ut som avlslutninga på ei bok, og på mange måtar er det jo ei avslutning. Eg sluttar å blogge på blogger.com, rett og slett, fordi, etter eg har prøvd å ut WordPress fann eg ut eg likte det bestre enn Blogspot. Likevel, det er vanskeleg å bytte bloggplattform. Det trur eg de alle forstår, fordi det er nytt system, mykje nytt å setje seg inn i og elles ein god del rare duppedittar. Eg forstår at folk kviar seg for å bytte frå WordPress til Blogger i alle fall, fordi det er utruleg mange funksjonar på WordPress, som ikkje finst på bloggar.

Eg skal framleis følgje med på andre bloggar frå google-kontoen min, og eg kommenterer med google-konto på Blogspot-bloggar, og wordpress-kontoen på WordPress-bloggar. Eg følte for å komme meg litt «vidare» frå dei første meir amatørmessige innlegga mine på den første bloggen. Dei er importerte til denne, men eg synes likevel at det er fint å kunne starte litt på nytt på ein ny blogg og kanskje rydde opp litt. Alle sidene er ikkje klare endå, men dei blir det snart. I tillegg er det litt rot i kategoriane, men alt kjem til å gå seg til. Eg kjem ikkje til å slette den andre bloggen, rett og slett fordi det var den første bokbloggen min.

Eg skal framleis ikkje vere på veldig mange faste ting, som andre arrangerar. Eg skal lese lesesirkelboka i desember sjølvsagt, så får eg sjå om eg blir med neste år òg på nokre lesesirkelbøker. Det hadde vore veldig gøy og vore med på det igjen, for det er lærerikt å lese bøker ein kanskje ikkje hadde plukka opp, viss det ikkje var med i Lines lesesirkel. I tillegg skal eg prøve å lese litt norske bøker, slik som i år. Det prosjektet gjekk litt i vasken, sjølv om det var meininga eg skulle nominere ein heilt haug med bøker til Bokbloggarprisen, men slik gekk det ikkje. Kva eg skal nominere til bokbloggarprisen kjem i eit seinare innlegg. Alle bøkene eg har lese med tanke på den, finn du under sida «Bokbloggarprisen».

Håpar de vil halde fram med å følgje meg, sjølv om eg har bytta plattform.

Hallo Venn!

Grøss og gru, no byrjar det verkeleg å bli haust. Halloween er her, og har forsåvidt vore her i heile dag, men no går små monster rundt og ringer på dørene og tiggar etter snop. Det freistar veldig å be dei om å synge ein fin song, for å få godteri, men enn så lenge har det ikkje vore nokon her. Me skal vere greie i år igjen og gi dei det dei vil ha, så håpar eg at alle er fornuftige og kjem tilbake i romjula og syng julesongar for oss. Kos!
Halloween er jo eigentleg ein veldig amerikansk tradisjon, akkurat som Valentine’s Day og Thanksgiving. Det har endå ikkje kome til Noreg for fult, men det er nokon som feirer det òg. Halloween har likevel blitt veldig stort, og no feirar ein alt frå den kyrkjelege høgtida, kor ein minnes dei døde, til den meir tøysete og skremmande høgtida. Så er det òg Hallovenn og Hallovinn, og eg har òg høyrt om hallovin-versjonen av feiringa, som heldigvis ikkje var i samanheng med barn.

Det er kanskje ein klisjé å skrive om bøker som passar til Halloween, og det er få som greier å lese ti bøker på Halloween-kvelden. Eg har laga ei lita liste kor eg har teke med både noveller og bøker, for det finst trass i alt skikkeleg skumle noveller òg.

Ei av dei Halloween-bøkene eg
anbefaler!

Den første teksten er faktisk ei novelle òg, som eg har øvst på lista mi over skumle bøker/noveller/tekstar å lese på Halloween, eventuelt ein annan gong du vil lese noko skummelt. Vertinnen av Roald Dahl. Eg trur kanskje dei fleste har lese den i løpet av livet. Eg skal ikkje røpe for mykje, men heile novella er til å grøsse av.

Heaven av Christoph Marzi er kanskje ei bok de har lese eller høyrt om. Den er verkeleg i Halloween-bransjen, spør du meg. Eg liker eigentleg ikkje historier med spøkelse og gjenferd, men boka var nokså godt. Veldig spennande, og i tillegg heilt forferdeleg nervepirrande.

Harry Potter and the Philosophers Stone av J. K. Rowling er både småkoseleg og spennande, og kvar gong eg les boka får eg ei kjensle av at det er haust og Halloween. Galtvort er verkeleg staden å feire det. Der kallar dei det Alle Helgens Dag, og i alle fall i dei to første bøkene skjer det noko på denne dagen.

Skygge over London av C. J. Sansom er ei veldig mørk bok, som føregår på hausten 1952 i
London. Den er både spennande, interessant og velskriven. Kva hadde skjedd hadde tyskarane og britane inngått fredsavtale i 1940? Korleis hadde verda sett ut då?

Den neste boka er ikkje velskriven, den er ikkje bra, men for ungdommar kan det vere ei bok som vil bli lesen på Halloween. Ever – for alltid av Alyson Noël er litterært sett ei drittbok, men likevel har folk over heilt verda omfavna serien om «The Immortals». Min omtale var forresten veldig positiv, rett og slett fordi eg var i målgruppa då eg las boka.

Evig din av Stephenie Meyer, gode, «gamle» Twilight er vel ein hit framleis. Edward-Bella-Jackob-problematikken. Vampyrar og varulvar og menneskelege i ein liten småby. Bra plott, men dårleg og urealistisk litteratur for tenåringar. Like fult ei Halloween-bok.


Forførende ondskap av Rebecca James las eg i 2011, og det er ei bok som verkeleg har sett sine spor. Det er ein psykologisk ungdomsthriller alle bør få med seg ein eller annan gong, og eg den er til å grøsse av, i tillegg til mange tårer, mange smil og ein veldig alvorleg undertone. Ungdomsspenning på sitt beste.

God fantasy-serie for barn og
ungdom

Brødrene løvehjerte av Astrid Lindgren las eg for første gong heilt ut på engelsk, etter først å ha sett det på barne-TV. Eg hugsar at det første eg spurte mor om, etter eg hadde sett det på TV, var kor Tengil og Katla hamna. Viss dei hadde gått vidare til neste liv, og Jonatan og Kavring gjekk til neste liv, ville ikkje dei møte kvarandre igjen då? Var det då nokon vits i å ville vidare til neste liv? Eg har framleis ikkje svar på det, og det er berre eit av mysteria med denne fine, men skumle boka.

Skammarens dotter av Lene Kaaberbøl. Eg har sagt mange gonger at eg ikkje liker fantasy, men Skammarens dotter er berre heilt suverent. Det er ein av dei beste fantasy-seriane eg har lese, og når eg først er inn på Kaaberbøl, bår ein òg få med seg serien om Katriona, som er skriven for same målgruppe, og den er minst like god. Fantasy på nynorsk er fantastisk, og særleg når det er bra i tillegg.

The Way Up To Heaven av Roald Dahl er endå ei av mange noveller som får ein til å tenkje «Skrekk og Gru»! Meir vil eg ikkje seie

Bøkene eg har skrive her er eigentleg ikkje i rangert rekkjefølgje. Eg har skrive dei opp ettersom eg kom på dei, og Gillian Flynn burde kanskje ha ein plass på lista, men samanlikna med dei andre, er ikkje hennar thrillarar så spanande. Ikkje Halloween-lesestoff. Av filmar kan eg nemne The Woman in Black med Daniel Radcliff i hovudrolla. Heilt forferdeleg film, men liker du filmar med ekte spøkelse, er det berre å sjå filmen, men personleg har eg sett den ein gong for mykje, og eg har ikkje sett filmen meir enn ein gong.

Ha ein veldig fin kveld alle saman. Kakao med krem er å anbefale ein kald haustkveld.