Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)

28209091Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.

Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).

Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: «Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.» Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese «eitt» kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: «Det var svært» meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.

Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.

Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. «Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,» sa hun. «To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.» 

Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. «Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.» Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, «greia» er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir «moralsk» med fokus på dei «riktige» tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.

«Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.»

«Nå, på rommet ditt?» Annagret ble forskrekket.

«Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.»

«Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?»

«Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.»

«Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.»

Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat «gamle nok». Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn «reint». Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.

Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.

Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…

Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.

Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.

I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.

Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:

«Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.»

Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: «Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.» Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:

«(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)»

(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )

Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er «reint», det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.

Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.

2 thoughts on “Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)

  1. Tilbakeping: Første (bok)halvår 2016 – Once Upon A Time

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s