Yndestad, Monika N: Gapestokk (Vigmostad og Bjørke 2014)

Fyllekøyring er eit av dagens store samfunnsproblem. Ein trur at det køyrer mellom 10.000 og 15.000 på norske vegar kvar dag i 9788241910197ruspåverka tilstand, og har føraren ein alkoholkonsentrasjon på meir enn 0.5 promille aukar risikoen for å bli drepen 900 gonger. Difor er det høgst aktuelt og i tillegg bra at ein forfattar som Yndestad, som det har vore retta store forventningar mot, tek opp temaet i den nye boka si, Gapestokk. Yndestad slo igjennom i 2012 med Jentene fra ballettenog no i 2014 kom den andre boka hennar om journalisten Alice Bratt ut.

I 1985 døyr Alices veninner under ein klassetur. Dødsårsaka er ei bussulukke. Bussulukka er forårsaka av ein traktorførar i promillerus. Alice overlevde, og 25 år etterpå skriv ho reportasjen som skal ta ei oppgjer med promillekøyring, ikkje berre i BA (Bergensavisen), men òg med seg sjølv og promillekøyraren. Etter reportasjen vinn ho og fotografen hennar Gullparaplyen for årets beste reportasje. Trygg Trafikk bruker bilete av henne og dei døde veninnene i ein kampanje. Bratt blir ansiktet ein bruker for å vise tragediane som kan følgje med fyllekøyring.

Så skjer det utenkjelege…

Bratt blir funnen i promillerus i sin eigen bil. Ho er så langt borte at dei vurderer om ho må på legevakta, og ho klarer ikkje å blåse. «Du av alle!» er avisoverskrifta i BA dagen etterpå. Ja, ho av alle. Protagonisten i romanen som skal vere den store helten for lesaren. Eg trur eigentleg ikkje eg treng å seie at denne rusen ikkje var sjølvskulda. Ein kvar lesar forstår, når dei les bakpå boka og høyrer plottet, og særleg sidan det er ein kriminalroman, at ein eller annan person har plassert protagonisten der. Karakterane i boka gjer det ikkje, noko som ikkje er merkeleg. Dei veit jo ikkje at dei er ein del av ei kriminell setting. Her kjem skilnaden på «sikta for» og «mistenkt for» godt fram. Alle oppfører seg som om Bratt er sikta for promillekøyring. Tenk at ho av alle gjorde det. Kjente dei henne ikkje? I tillegg såg dei nok på det som usannsynleg at nokon skulle plassere henne der. Det trur eg dei fleste ville gjort. Eg òg, som lesar av boka tenkte: Kvifor bry seg med noko slikt? Skal ein ta nokon av dage, kvifor ikkje berre gjere det litt enklare?» Men det er litteratur, det er ikkje den verkelege verda, og i litteraturverda er det fult av forskrudde og sprø gjerningspersonar som tenkjer: «Kvifor gjere det enkelt når du kan gjere det vanskeleg?»

Alle har skrytt over at denne boka var sååååå mykje betre enn Jentene fra balletten. Gapestokk skulle verkeleg vise at Yndestad hadde teke eit nytt stort steg inn i kriminallitterature. Det har ho òg. Denne er endå meir krimaktig, og det var kanskje det som svekka boka litt. Inn i kriminallitteraturen saman med alle andre som skriv om sjuke gjerningspersonar. Originaliteten er borte! Det eg elska med førre roman var nettopp det at det var krim, men ikkje vanleg krim. Eg hadde aldri lese noko liknande! Denne boka er lik fleire andre eg har lese, og særleg minna den meg på Ulykkesfuglen av Camilla Läckberg. Ulykkesfuglen er nok endå meir krimaktig enn denne, men den òg handlar om personar som set seg bak rattet rusa og køyrer, utan at dei er skuld i det sjølv. Eg hadde håpa at Yndestad skulle ta eit langt steg inn i kriminallitterature og endå eit lite steg bort frå dei vanlege krimhistoriane og kome med noko originalt. I staden tek ho eit steg inn i rekka av forfattarar med «vanlege» plott.

Likevel er det ein stad ho scorer høgt, og det er språket. Ikkje berre skildrar ho bra og fører handlinga fram på ein god og truverdig måte, men ho er veldig medviten. Eg skreiv om det sist gong òg, men ho har den typiske -en-endinga me finn i Bergens-området. Jenten. Ho viser kor ho kjem i frå og kor handlinga finn stad gjennom språket, sjølv om ho skriv prikkfritt bokmål. Eg er imponert! Til vanleg kan eg vere nøgd, men kanskje litt avmålt, og av og til slaktar eg språket fullstendig. I ein roman eg las no nettopp, som eg ikkje har meldt endå, var ordet «stabilere» brukt. «Døren var stabilere enn de trodde.» Jo, då, der var den språkopplevinga i ein elles god roman øydelagt. Ein skriv rett og slett berre ikkje «stabilere»! Uansett, det er ikkje hovudpoenget i Gapestokk, og bortsett frå eitt lite ord kor bokstavane var stokka om kunne språkperfeksjonisten bak dette innlegget ikkje finne nokon feil.

Alt i alt ei heilt grei bok, men eg har lese betre.

 

Advertisements

Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)

Tid for andre samlesingsbok, kanskje den eg gleda meg mest til av alle, nemleg Ravatns FugletribunaletDen har hausta9788252183238-ny.ashx mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå «mitt» fylke, Rogaland (Riktig nok på «feil» side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.

Hovudpersonen i FugletribunaletAllis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.

Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape steminga og handlinga. Det er heller ikkje dei valdsamme sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.

Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Eg veit ikkje kva som har skjedd, men to bøker med fuglar på omslaget og som er melankolske har blitt nominert til bokbloggarprisen dette året. Er melankolske fuglebøker populære? Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kvar det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.

Det mest forfriskande med boka? Det var ikkje krim. No har eg lese krim veke etter veke, og eg les krim og skal lese krim. Difor var det forfriskande med ein roman som dette. Nokre synes kanskje at det verker rart at eg skryt så mykje over ei nynorskbok, og kanskje trur mange det er grunnen til at eg skryt av boka? No har eg prøvd å få folkt til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!