Aarskjold, Solveig: Lesebok for jenter, frå Homer til the Hunger Games (Det Norske Samlaget 2014)

Å du, no gjekk det plutseleg unna her på bloggen. To innlegg på to dagar. Det er uvanleg, men når eg er i blogghumør er det berre å utnytte det!

Boka eg har lese no er ei faktabok kor 9788252181340 framside.ashxhalvparten er veldig bra. Det høyres ikkje positivt ut for den andre halvparten, men det er det. Den òg var bra, men det er forteljingar, utdrag og noveller som er gjengjevne av Solveig Aarskjold. Den halvparten som er veldig bra, som eg snakka om, er kommentarane ho har skrive til dei ulike historiene. Det er det som er hennar verk

Eg greier ikkje å forklare innhaldet i boka like godt som Det Norske Samlaget, og vel difor å ta med litt av teksten frå baksida av boka:

Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.

I prosjektet med å få sterke kvinner fram har Aarskjold både teke med personar som verkeleg har levd og kvinner frå fleire kjente romanar. Mange kjenner nok igjen namn som Suzanne Collins, Sigrid Undset og Homer. Dette var nok dei mest kjente namna for meg, før eg starta å lese. Etter eg opna boka har eg òg fått kjennskap til dronning Kristina av Sverige, Perpetua og Anna Komnena. Fleire av historiene er av og med kvinner. Eit fleirtal av forfattarane som er plukka ut er kvinnelege, og det òg fører til å gjere ein meir kjent med kvinnelege forfattarar og ikkje berre kvinnelege karakterar og personar opp igjennom historia.

Aareskjold har vore smart i måten ho har bygga opp romanen på. Det er i kronologisk rekkjefylgje frå romanen som vart gjeven ut først til romanen som vart gjeven ut sist. I tillegg knyttar ho det opp mot fleire historiske periodar, til dømes historia om Perpetua som ho har knytt opp mot romartida.

«Mange jenter skriv dagbok. Det samme gjorde den kristne Perpetua som levde i Kartago, i det noverande Tunisia om lag to hundre år etter vår tidsrekning. Ho har òg det felles med mange jenter i vår tid, til dømes den pakistanske menneskerettsforskjeparen Malala, at ho var i livsfare fordi ho ville ha eit fullverdig liv. På den tida var det dødsstraff for å vere kristen, og i dagboka si fortel Perpetua om kvifor ho ikkje kunne gje opp det ho trudde på: Ho kunne like godt gje opp å vera seg sjølv. Heile Nord-Afrika låg på den tida under Romarriket saman med store delar av Midtausten og Europa.»

Side 29

Ved å knytte det opp mot Romarriket og historia på denne måten, lærer ein ikkje berre om Perpetua og hennar kamp for å verne ein viktig del av identiteten sin, men òg om korleis forholda for kristne var i Romarriket. Som de sikkert òg såg her, knyttar ho historia til Perpetua opp mot kjente historier frå vår tid. Det same gjer ho med dronning Kristna av Sverige når ho knyttar henne opp mot Pippi Langstrømpe, som dei fleste av oss kjenner til. Ein annan genistrek i oppbygginga er å setje små overskrifter over kvart kapittel. Historia om Navsikaa (Odysseen, Homer) har fått Handlekraft, og Anna Komnenas Alexiaden har fått overskrifta Lojalitet. Ved å lese desse overskriftene kan ein lettare hugse kva det handla om. Eg merka etter kvart, då eg måtte byrje å sortere kven som høyrte til kor, at overskriftene var eit viktig hjelpemiddel.

Før kvart utdrag er det ein kommentar og ei lita veiledning av Aarskjold som fortel litt om historia me skal lese, litt om handlinga rundt og knyttar det opp mot historia, slik som de ser ovanfor. Utan desse kommentarane hadde det vore vanskeleg å lese utdraga. Det er ein styrke å vite kva kontekst ein skal setje historia inn i.

Det er vanskeleg å lage den store bokmeldinga om Lesebok for jenter, fordi det er ikkje ein vanleg roman, men heller ein presentasjon av både gløymte, lite framtredande, men samstundes viktige personar og karakterar i historia vår. Eg vart presentert for mykje nytt som eg gjerne vil lese meir om seinare, og fleire av forfattarane gav meg meirsmak.

Boka er lærerik, godt strukturert og på alle måtar opplysande. Eg håpar fleire enn meg vil ha glede av henne!

 

Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget.

Advertisements