Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction

Science Fiction er ein sjager som dei siste åra har blitt meir og meir populær, blant anna gjennom The Hunger Games og Divergent. Likevel veit eg ikkje kor nøye Anders Anundsen og statssekretærane har lese bøkene, men noko av tematikken bør dei få med seg.

For ikkje mange år sidan var fantasy ein veldig populær sjanger Harry Potter-serien vart avlasta av Twilight-serien, og Beautiful Creatures vart ein hit både som serie og bok. Trass i desse populære seriane kom science fiction-bølgja med The Hunger Games og Divergent. Både Science Fiction-sjangeren og Fantasy-sjangeren har det til felles at verda som blir skildra er annleis enn vår. Likevel er det skilnadar. Fantasy har ikkje forankring i røynda og er difor ikkje mogleg, medan science fiction er forankra i vitskap og difor kan vere mogleg. Innanfor science fiction-sjangeren har ein dystopisjangeren, som er den mest relevante for dette innlegget. Ein dystopi er i følgje Dag Einar Thoresen ved høgskulen i Buskerud og Vestfold «oppdiktet, fremtidig skrekksamfunn, skildring av et samfunn hvor dårlige krefter har fått overtaket, for eksempel i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsammenbrudd.»

Så kvifor er dette ein sjanger nettopp Anders Anundsen burde lese? Eg er samd i at ein minister kanskje ikkje burde sitje med ei bok i fanget heile dagen. Det som er viktig er kva bøkene formidlar. Ein skulle kanskje tru at landet Panem (The Hunger Games) eller den Chicago-byen Veronica Roth skildrar er veldig langt frå røynda. Dessverre kan populariteten til romanane vitne om noko anna òg: Det er lett å kjenne igjen parallellar til samfunnet me lever i.

Eit veldig framtredande trekk ved fleire dystopiar er korleis leiarane veit alt om kvar enkelt. Innbyggjarane får aldri vere fred, aldri vere for seg sjølv og aldri snakke fritt. Dei lever under konstant overvaking, og det kan samlast inn store mengder data frå innbyggjarane. Eit anna trekk er korleis samfunna nærast er politistatar. Lovas lange arm er aldri langt borte. Resultatet i alle dystopiane er eit samfunn med lite tillit kor innbyggjarane lever i konstant frykt for å gjere noko gale. Eit døme er Katniss som etter dødslekene ikkje kan gå eit einaste steg utan at President Snow overvaker henne. Eit anna døme er Tris i Divergent-serien som må velje ei framtid ut frå ein personlegdomstest, og om ho ikkje passar inn i eitt av fem alternativ er ho ein avvikar. Resultatet av testen blir ikkje akkurat skjult for leiarane, og dei liker ikkje avvikarar. Eit tredje døme er Cassia og familien i Matched-serien (Condie, Ally) som på tur må sove med eit band framfor auga som fangar draumane. Det er nok av det meir overnaturlege slaget, men det viser likevel ein stat som vil kontrollere det meste. Spørsmålet dei fleste kanskje stiller seg er kor eg vil hen.

Etter at terrorfaren vart oppgradert har politiet i Noreg vore «midlertidig væpna». Dette har justisdepartementet kunna bestemme utan Stortinget. Eg har til ei viss grad forståing for at politiet vil ha dette for å kjenne seg trygge, og for at samfunnet skal vere trygt, men likevel er eg skeptisk. Andre debattar handlar om lagring av stordata. PST vil bruke same system som NSA (National Security Agency) i USA for å til dømes lagre bileta våre frå sosiale media, Facebook- og Twitter-beskjedar, epostane våre, kva sider me surfer på og kva me søker på. Anders Anundsen, som høyrer til eit parti som utanfor regjeringa var skeptiske til DLD (Datalagringsdirektivet), seier at han vil halde døra på gløtt for denne ordninga. Er dette ok, sjølv om kanskje aukar tryggleiken vår? Er dette verkeleg noko me kan gjere etter EMK artikkel 8 om rett til respekt for privatlivet?

Eit samfunn bør byggje på tillit, ikkje berre mellom innbyggjarane, men òg i mellom innbyggjarane og staten. Anders Anundsen har den fine tittelen Justis- og beredskapsminister, og han har ein vanskeleg jobb når han skal vege omsyn opp mot kvarandre. Tryggleik eller privatliv? Likevel bør han tenkje på at tillit òg skaper tryggleik. Me skal ha ein god beredskap som er klar om det skal skje noko, men me skal òg kunne ha privatliv utan at staten skal vite alt om oss.

No forstår du kanskje kor eg vil. Det er klart at skrekksamfunna Suzanne Collins, Veronica Roth, Ally Condie, Torborg Igland og Arnulf Hestveen skildrar ikkje er det samfunnet me vil få i Noreg med væpna politi og lagring av stordata. Eg samanliknar absolutt ikkje politiet i Noreg med «the peacekeepers» i The Hunger Games. Men eg synst at science fiction-sjangeren, og særleg desse dystopiane, seier noko veldig grunnleggjande om tillit og korleis overvaking gjer at denne tilliten blir borte. Eg tenkjer òg på Divergent-serien kor avvikarar blir sett ned på. Kva med dei som er avvikarar i Noreg som kanskje ikkje oppfører seg heitl etter skjemaet? Kan eit overvakingssamfunn gjere det vanskelegare for desse til dømes? Det er ei rekke problemstillingar knytt til dette, og dystopiane set ord på dei. Versågod, Anders Anundsen, les!

Kreta – del ein av ein om ein fin tur

Heihei! Håpar alle har ein fin sommar. Mange har vel så vidt fått byrja ferien sin medan eg har vore på ei utandlandsreise og ein festival allereie. Det eg eigentleg tenkte var å skrive eit innlegg om utanlandsreisa. Denne sommaren var det Kreta som stod for tur. Det er vel litt klisjé å legge ut bilete og fortelje om kor me har vore og kva som var kjekt og ikkje fullt så kjekt og så vidare. Derfor har eg tenkt å gjere det. Det enklaste er ofte det beste. Men på slutten må eg legge inn litt ekstra. Du tenkte kanskje: «Kreta, er ikkje det i Hellas?». Ti poeng til dine geografikunnskaper, og endå ti poeng om du tenkte på eurokrisa. Me såg svært lite til den, men eg kan jo fortelje om det litle me såg og opplevde rundt dette. Elles tek eg det berre systematisk nedover.

Turen – Som sagt, turen gjekk til Kreta. Eg har ikkje noko tal på turistar til dei greske øyene, men denne er nok den mest populære. Dei fleste norske turistane kjenner til vestkysten av Øya kor Chania ligg. Det er her det går flest charter-turar til. Me tenkte: «Kvifor ikkje gjere det vanskeleg å reise til austkysten med tre fly, to mellomlandingar og berre gjere noko ingen andre gjer?» Neidå, ikkje akkurat det, men me har sett litt på det, og austkysten er nok den sida av øya kor det er mest å gjere utanom å sole seg på stranda og vere på hotellet. På austkysten av Kreta er det litt meir å finne på. Blant anna er det kot veg for å besøke Spinalonga som Victoria Hislop skriv om i Øya. Me reiste til Heraklion flyplass via København og Athen.

Hotellet – Me budde på eit hotell kalla Candia Park Village. Det låg ca. ein time frå flyplassen i Heraklion og fire kilometer frå næraste by, Agios Nikolaos. Det vart utforma som ein gresk landsby – litt Kardemommeby-preg – og på området var det ein restaurant, ein taverna, ein supermarknad, ein butikk, ein bar, ein kaffibar, basseng og eit meget kult klokketårn. Hotellet låg rett ved havet og hadde ei eiga strand for gjester. Sidan hotellet var bygga opp som ein liten by, hadde gatene namn etter greske øyer. Me budde til dømes i gata Patmos.

Agios Nikolaos – Agios Nikolaos var den byen som låg nærast hotellet. Sentrum var berre fire kilometer i frå, og det gjekk både buss og taxi inn til sentrum. Heilt ærleg var det ikkje veldig mykje å sjå. Det var mogleg å gå langs hamna, sette seg ned og ta ein is. I tillegg var det ei gågate med fleire turistbutikkar og eit fiskespa. Fiskespa er tilrådd. Det kitla heilt forferdeleg i byrjinga, men var veldig deilig etterpå. Utvalt i butikkane varierte veldig. I nokre var det handlaga treverk. I andre var det heilt vanlege turistvarer, som til dømes tskjorter, vesker, sekkar, hattar, sko og billege piratkopiar av selfiestenger og andre elektroniske dupedittar.

Turen til Spinalonga – Me klarte å kome oss med ein tur med Apollo, sjølv om me ikkje reiste med Apollo. Det var veldig greitt, for då betalte me for båttur med mat og guida tur på øya. På veg bort stoppa me ved ei øy og bada i havet før me reiste vidare. Den stemninga som var på Spinalonga var heilt spesiell. Det er mange hundre år med historie, ikkje berre om dei spedalske, men òg om venetianarane og tyrkarane. Og det er spor i frå alt! Guiden sa noko som eg beit meg merke i, og det var at det beste for dei spedalske kanskje var å berre vere ute på øya. Der kunne dei leve normalt utan fare for å smitte nokon. Mange gifta seg og fekk barn til og med, og fleire døydde av alderdom heller enn sjukdommen. Samstundes er det noko som skrik inni meg at det er urettferdig å isolere menneske berre fordi dei er sjuke. Det er på mange måtar ei nedgradering av menneskeverdet. Eg tilrår alle som er på Kreta å reise til Spinalonga. Det er utruleg spesielt.

Turen til Kritsa – Kritsa er ein lite småby ca. 15 minutt frå Agios Nikolaos med buss. Me køyrte med taxi frå hotellet etter at taxisjåføren overtalte oss til at det ikkje var mykje dyrare enn å ta taxi til Agios Nikolaos og buss derifrå. Taxituren skulle bli veldig inbringande fann me ut etterkvart, noko eg kjem tilbake til. Sjølve byen Kritsa er mest kjent for handverk som til dømes dukar, tre og andre handlaga saker. i tillegg selte dei masse olivenolje, smykker, øyredobbar og hårpynt. Hovudsakleg var det damer som stod og selte. Me var der tidleg på morgonen sidan me hadde høyrt at det var færre turistar på den tida enn midt på dagen. Det var i alle fall få andre der då me kom til småbyen. Butikkane låg bortigjennom i ei heilt passe lang gate med lite trafikk. Eg trur me gjorde lurt i gå igjennom heile gata først og heller stikke innom etterpå. Nokre britar me såg storhandla i første butikk og vart mast på i nesten samtlege butikkar etterpå. Me handla òg mykje i same butikk, men me hadde ein oversikt. Nokre av damene vart litt sure då me ikkje ville handle, og ei herma til og med etter oss. Uansett var det ein koseleg tur, og dei hadde ein veldig ok restaurant der med god is.

Krisa – Me reiste ned før alt starta skikkeleg. Me var klar over situasjonen og ein mogleg Grexit, og fristen for å betale låna til ECB og IMF var den dagen me reiste heim. Likevel merka me lite til det. Men tilbake til taxi-turen til Kritsa som eg nemnte. Det var same dagen eller dagen etter at statsminister Alexis Tsipras offentleggjorde at det skulle vere folkavstemming om krava EU hadde til Hellas. Taxi-sjåføren var opprørt, men tydeleg engasjert. «Tyskland har starta to verdskrigar før. No vil dei starte ein økonomisk krig. Okay?» Han fortalte at grekarane jobba, betalte skatt og alt gjekk til å betale ned låna og tilfredsstille EU. Sjølv hadde han ikkje hatt ferie meir enn tre dagar i strekk i heile arbeidslivet sitt og var frustrert over at alt slite førte til veldig lite. «I folkeavstemminga skal me seie eit rungande nei til Tyskland, akkurat som då me sa nei i 1940.» Han fortalte at for han var det det same om venstresida eller høgresida styrte berre dei sa nei til det EU ville. «På byrjinga av 2000-talet berre innførte regjeringa Euro, utan å spørre oss. Me hadde ikkje noko me skulle ha sagt. No vil me seie i frå. Okay?» Han fortalte vidare at det var mykje mindre turisme enn vanleg. I følgje han åtvara tyske og franske aviser mot å reise til Hellas. Òg i Kritsa merka me at det var få folk, og ei av kinnene sa gjentekne gonger: «It’s crises. It’s crises». Det er forståeleg at dei er frustrerte. Dei føler at det er dei som får svi for alt som skjer. Europeisk storpolitikk rammar fort mange, til og med dei enkelte personar på Kreta. Dei merkar at uansett kva dei gjer får dei lite igjen for det. Når til og med turismen på sommaren sviktar har det mykje å seie for den lokale befolkninga. Eg synst det er vanskeleg å ta eit standpunkt i denne saka, fordi det er så utruleg masse. Skal tyskarane stadig betale meir for at Hellas skal kunne overleve? Skal litt av gjeldast slettast for at den greske befolkninga skal få det betre? Økonomen Thomas Piketty føreslo å kute 55% av gjelda slik blant anna Hellas gjorde for Tyskland etter andre verdskrig. Skal dei godta litt verre pensjonsordningar og at pensjonsalderen blir heva til 67 år innan 2022? Eg synst det høyres rimeleg ut, men det er vanskeleg å ta frå nokon eit gode dei allereie har.

Noko av det eg kanskje synst var verst med heile reisa var å vite at medan eg låg og koste meg i Middelhavet, er det fleire tysen som har drukna der berre i år. Sommaren er høgsesong for flyktningar å reise over, og særleg folk frå Syria og Eritrea bruker denne måten for å komme inn i Europa. Medan andre kjempar langt ute på havet i små båtar ligg eg i bikini og solar meg ved same hav og nyter varmen. Eg tenkte på det medan eg var der. Og eg tenkte òg på at alt henger saman med alt.  Mange er redde for at flyktningane skal kome til Hellas og ta jobbane i frå innbyggjarane. Dette skrekkscenarioet gjer at fleire vender seg til det fascistiske partiet Gyldent Daggry. Dette veit eg ikkje om gjaldt taxi-sjåføren me sat på med. Då me sa: «Det kjem mange flyktningar til Hellas» var det einaste han sa: «Yes.»

Her er eg

Kanskje eg burde ha starta dette innlegget med å takke for alle epostar og fan-brev som har kome inn medan eg har vore borte, kor spørsmålet: «Lever du?» har blitt gjenteke fleire gonger. Det einaste er at eg har ikkje fått epostar og fan-brev som har spurt om nettopp dette, og bra er det. Eg veit eigentleg ikkje kvifor eg prøver å unnskylde at eg har vore borte så lenge, for eg har ikkje veldig dårleg samvit. Eg har hatt det travelt, og eigentleg synes eg at ein bloggpause skal kunnast tas utan annonsering, men no har ingen mast heller. Jo, alt er vel og bra, utanom at eg ikkje kom opp i skriftleg eskamen og må vente neste ein månad til for å finne ut kva eg kjem opp i. Elles har eg litt vondt i den venstre foten etter 17. mai, men det går no alltids over, og det skal ikkje vere nokon grunn til at eg ikkje kan kikke innom på bloggen.

Bunka med ulesne bøker har minska, litt fordi eg endeleg har levert bøkene til biblioteket (ulesne), og litt fordi eg har lese. Lista over bokmeldingar eg bør skrive, før eg gløymer handlinga og karakterane har stige drastisk.

 

Her er bøkene eg har lese i det siste, men som det ikkje har kome bokmelding frå:

  • Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
  • Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
  • Theorin, Johan: Gravrøys
  • Hanssen, Eystein: Triangel

Jojo, no skal eg sjå kor mykje blogging det blir. Ha ei fin veke, les mykje og ha det gøy!