Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)

28209091Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.

Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).

Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: «Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.» Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese «eitt» kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: «Det var svært» meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.

Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.

Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. «Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,» sa hun. «To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.» 

Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. «Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.» Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, «greia» er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir «moralsk» med fokus på dei «riktige» tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.

«Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.»

«Nå, på rommet ditt?» Annagret ble forskrekket.

«Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.»

«Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?»

«Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.»

«Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.»

Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat «gamle nok». Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn «reint». Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.

Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.

Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…

Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.

Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.

I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.

Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:

«Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.»

Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: «Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.» Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:

«(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)»

(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )

Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er «reint», det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.

Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.

Ferrante, Elena (pseudonym): «Historia om det nye namnet» (Samlaget 2015)

Å skrive ei ny bokmelding etter ein veldig lang pause er vanskeferrante. skisser serie. omsl.qxplegare enn å køyre bil etter ein lang pause. Det har eg erfart no. I alle fall nøler du mykje meir. Å køyre bil er ikkje så tiltak. Før eg skreiv denne bokmldinga såg eg på ein dokumentar med Tom Felton som undersøkte kvifor nokre blir superfans av kjendisar og jaktar på autografar. Ganske bra dokumentar faktisk, det må eg seie.

Når eg først er inne på denne dokumentare og superfans: Om nokon skulle vite kven Elena Ferrante eigentleg er burde de ikkje seie det til meg. Personen bak Napoli-kvartetten hadde blitt dynga ned med brev frå ein nordmann med rar døgnrytme etter alt for mykje nattlesing. Då første bok i Napoli-kvartetten havna i postkassa mi i byrjinga av 2014 vart eg kanskje litt irritert over at det var endå eit forlag der ute som ikkje klarte å sende epost og spørje på førehand.

Heldigvis vart eg overtalt til å lese boka, og heldigvis var Samlaget snille nok til å sende meg Historia om det nye namnet (bok II), sjølv om eg ikkje skreiv eitt ord om den første.

Kvifor er Historia om det nye namnet bra? Det er vel spørsmålet eg skal prøve å svare på i innlegget. Problemet er berre at eg slit med å svare. Til vanleg kan eg bruke mange litt avanserte ord som eg håpar eg sjølv forstår og snakke om plott og stereotypiske karakterar og skrivemåte. Napolikvartetten gjer at eg kjem til kort, fordi det er så vanskeleg å forklare kvifor ein roman om oppveksten til ei heilt enkel jente frå Napoli skal vere så veldig fengande. Les du bakpå kan du få assosiasjonar til Lucinda Riley og Kate Morton. Eg tenkte at no hadde det kome endå ei slik boka då eg las bakpå den første. Berre på nynorsk sjølvsagt.

Alle har vel hatt den kjensla av at dei synst noko er heilt enormt bra, og så skal dei tilrå det vidare, men får liksom ikkje forklart kvifor. Og dermed blir den personen me tilrår dette for litt avventande og vil ikkje oppleve dette heilt spesielle. Somme gonger kan det vere bra at dei held seg borte, som når eg prøver å tilrå humorserien Jæren Rundt til folk som ikkje kjem frå Jæren og ikkje forstår humoren. Andre gonger, som når eg skal forklare kvifor Berlin er den hovudstaden eg liker best i Europa, blir eg nesten frustrert over at folk ikkje forstår. 

Eg skal prøve å auke forståinga for kvifor alle oppegåande personar som har fullført ungdomsskulen bør lese Napoli-kvatetten og kvifor dei bør lese den andre boka.

Generelt gjennomgåande i begge romanane er det enormt mykje vekt på relasjonar, og då er det ikkje berre forelsking og kjærleik og kliss og klass, men rett og slett relasjonar mellom familiemedlemmar, mellom vener og veninner og ikkje minst mellom familiar. Romanene fortel om spenningar, usemje og korrupsjon, men den fortel òg om tette band og viljestyrke. Midt oppi alt står hovudpersonen Elena Greco som òg blir kalla Veslelena og Lenú. Det er ho som fortel historia. Dette fører òg til at den relasjonen det handlar mest om er relasjonen hennar til Raffaella Cerullo som alle i bydelen kallar Lina og som Lenú kallar Lila. Relasjonen mellom Lenú og Lila vekslar mellom å vere veldig sterk i periodar, medan andre gonger kan det knapt kallast for ein relasjon.

Det er her heile forteljinga har ein stor styrke. Lenú veit aldri kor ho har Lila. Plutseleg er dei bestevener, og plutseleg er dei nesten fiendar. Det vekslar raskt. Akkurat som at Lenú heile tida er usikker på alt rundt Lila er lesaren òg det. Me får delta i relasjonen og er sjølv redde for kva Lila kan få seg til å seie og gjere. Andre gonger er med imponerte tilskodarar til kva Lila får til og korleis ho oppfører seg. Veremåten til Lila vekslar i takt med forteljinga og humøret til Lenú, og sjølvsagt vekslar det i takt med kjenslene til lesaren. Du kan ikkje føreseie noko  slik som i mange andre bøker, og det er noko av magien. Det som skjer har utfall på ein måte du ikkje kan tenkje deg til.

Samstundes har du miljøet i bydelen. Det er heilt utruleg mange karakterar, og difor hjelper oversikten i starten av romanen med å sortere litt. Familien Peluso, familien Cerullo, familien Greco, familien Caracci, familien Cappuccio, familien Sarratore, familien Scanno, familien Solara og familien Spagnuolo. Desse er det best du held styr på. For kvar familie er ca. to barn å halde styr på som Lenú fortel om, med nokre få unntak. Når alle desse barna i tillegg byrjar å gifte og forlove seg med kvarandre blir det endå meir avansert, men ein kjem inni det, og midt oppi alt handlar det om relasjonane mellom desse familiane. Kaoset lesaren føler på reflekterer litt av kaoset i bydelen.

(OBS! Spoilarar frå no av)

Når andre bok, Historia om det nye namnet, byrjar, er bryllaupet til Raffaella Cerullo (Lila) og Stefano Caracci akkurat ferdig. Stefano Caracci er sonen til avdøde Don Achille Caracci som tidlegare skremte heile bydelen. Utan å nenmne for mykje er ikkje slutten på første roman lukkeleg, og andre roman startar på same måte. Ekteskapet mellom Lila og Stefano får ein vanskeleg start. Etter ei lukkeleg forlovingstid er mykje endra. For det første er det stadig eit spørsmål om kor tid Lila skal få barn, noko ho eigentleg ikkje vil ha. For det andre er Stefano valdeleg mot Lila. Det i seg sjølv var ikkje veldig uvanleg på den tida vart det forklart i bøkene. Det var heller normalt, men reaksjonane til Lila på kva som skjer gjer at det er vanskeleg å sjå korleis det går. For det tredje har Stefano og broren til Lila, Rino, inngått ein handelsavtale med Solara-brødrene som Lila ikkje kan fordra. På toppen av alt er Rino forlova med systera til Stefano og svigerinna til Lila, Pinuccia Caracci. Men dette er berre omstenda til Lila, som Lenú i byrjinga av boka ikkje oppsøker så mykje.

Sjølv er ho saman med Antonio Capuccio som ho eigentleg ikkje er forelska i. Ho liker spenninga ved det, men ikkje så mykje meir. I tillegg kontrolerer Antonio stadig at ho ikkje er saman med Nino Saratorre, den tidlegare naboen og sonen til Donato Saratorre som var elskaren til Antonios mor. Ja, dette er avansert, så de får sjå om de heng med i svingane. Endå meir komplisert blir det av at Antonio har rett i at Lenú er forelska i Nino, men Nino har allereie kjærast, og ho er dottera til Lenús lærar.

Alt i alt startar boka kaotisk, like kaotisk som det høyres ut som. Det kan verke som eit trøytande kjærleiksdrama, men språket er så godt at det er meir enn det. I tillegg kjem skulegangen til Lenú. Skal ho halde fram med å gå på skulen og satse der, eller skal ho gjere det ein ventar av folk som kjem frå bydelen hennar: Gifte seg med ein av gutane i nabolaget og jobbe i ei lokal bedrift? Spenninga aukar yttarlegare når Lenú blir med Lila, Stefano, Rino, Pinuzzia og mor til Lila og Rino, Nunzia, til øya Ischia. Her møter dei Nino Saratorre noko som utgjer vendepunktet i heile historia, men kanskje ikkje slik ein skulle tru.

Når eg skriv hendinga ned og skriv om boka, forstår eg kor platt det høyres ut, kjedeleg det høyres ut. Eg trur det er fordi berre dei som set seg ned og les Napoli-kvartetten kan forstå magien bak. Nokre seier at dei las dei første femti sidene i den første boka, men at det ikkje fenga og difor las dei ikkje vidare. Eg kan vere samd i at dei første femti sidene ikkje dei beste. Det gjekk litt trått for meg òg då, og eg tenkte: «Er det DETTE alle har snakka om?» Men så les du dei femti neste, og så les du dei hundre neste på same tida som du las femti og plutseleg er du heilt inni historia og miljøet. Det er som når du møter ein ny person. Det er kanskje ikkje heilt klikk i byrjinga og du tenkjer: «Nei, dette blir nok ikkje så mykje meir enn at me har felles kjente». Men så oppdager du nye sider ved personen og blir kjent med han eller henne, og plutseleg kan du ikkje sjå føre deg livet utan.

Eg jobbar på bokhandel, og noko mange er skeptiske til ved bøkene er målforma. «Åja, er den på nynorsk. Då trur eg at eg droppar det. Har du noko liknande på bokmål?» Nei, eg har ikkje noko liknande på bokmål, og i tillegg er nynorsken så «enkel» at det er heilt forståeleg for alle. Om du ikkje forstår nynorsken i Ferrantes bøker kan du ikkje norsk. Det er fleire eg har høyrt seie at dei eigentleg synst nynorsk er vanskeleg å lese, men når dei les Napoli-kvartetten gløymer dei kva målform det er skrive på. Det er slik det skal vere! Å seie at nynorsken er «enkel» er likevel vanskeleg for meg, for bøkene er skrivne på nynorsk slik nynorsk skal vere: Like uanstrengt som bokmål.

Eg gler meg til Dei som flyktar og dei som blir igjen kjem ut i mars, samstundes som eg gruar meg til å vere over halvvegs i denne serien. Det blir trist å seie farvel til karakterane. Eg håpar berre eg kan ta farvel med dei og vite at dei er lukkelege, men det er ikkje sikkert.

Eksemplaret av Historia om det nye namnet har eg fått av Det Norske Samlaget.

Å redde verda

Førre veke avslutta eg The Adventures of Oliver Twist av Charles Dickens. På engelsk. KnøtCharles-Dickens-Four-Novels-The-Adventures-of-Oliver-Twist-or-The-Parish-Boys-Progress-A-Christmas-Carol-A...-Hardcover-L9781607103127tlita skrift og nesten 300 sider. Men eg vart ferdig. Det første ein legg merke til når ein les ei slik bok er den ekstreme forteljarevna til forfattaren.

«But tears were not the things to find their way to Mr. Bumbles soul; his heart was waterproof.»

Det er godt skrive, og sjølvsagt morosamt. Charles Dickens bruker verkeleg humor i skildringane av karakterane sine. »

(…) replied Mr. Bumble fastening the strap of the leathern pocket-book: which like himself was very corpulent».

Etter å ha oppdaga den fantastiske forteljarevna, går det raskt over til å tenkje over den tragiske historia. Kven snakkar for Oliver Twist? Kven stiller opp for han? Å sjå korleis barn vart behandla var vondt, og sjølv om eg kjenner historia, utborderer den gode forteljarevna til Charles Dickens dei fæle sidene endå meir. Han får fram gjennom dialogane alt det fæle det går an å tenkje om barn.

«I see no saving in parish children, not I; for they always cost more to keep than they’re worth.» (Mrs. Sowerbrry).

Eg trur me framleis har fleire av typen Oliver Twist i Noreg og i verda i dag. Kven er Oliver Twist i dag? Det tenkte eg på både medan eg las og etterpå. Er han eit av dei barna som veks opp utan foreldre? Er han eit av dei mange barna utsette for organisert kriminalitet (for det må ein jo kunne kalle Fagins verksemd?)? Er han eit løvetannbarn? Han klarte seg jo til slutt? Eg landa på at han kan representere så mange av desse. Han kan representere mange i samfunnet vårt i dag. Til slutt vart valet ein nokså overordna kategori: Ein stemmelaus. Det kan verke rart sidan det trass i alt gjekk så bra til slutt. Mr. Brownlow, Mrs. Maylie og Miss Rose Maylie var jo alle nokre som snakka for saka hans. Og det er kanskje poenget mitt òg. Han var stemmelaus, og då vart det nokre andre som brukte si stemme for å kjempe for han.

Uansett kor stor sosial mobilitet me har i Noreg, har me alltid nokon som ikkje når fram med stemma si. Me må innsjå at alle ikkje e rlike ressurssterke. Alle er ikkje like synlege. Mange skriv meir høglydt enn andre. Då er jobben for resten av oss å vere ei stemme for desse og løfte dei fram, akkurat som Mr. Brownlow og co. løfta Oliver Twist fram. Kva vil eg med dette våset? Kor vil eg? Eg veit nesten ikkje sjølv, men eg trur det har noko med overskrifta å gjere. «Å redde verda». Det er eit litt hårete og ambisiøst mål. Eit superman-mål.

«Eg skal trass alt inn på juss og redde verda, så noko må eg jo jobbe»

Dette var meldinga eg sendte då eg vart spurt om å vere med på eit møte ein kveld. Ja, eg jobbar for å komme inn på juss, og det er kanskje heile dette innlegget handlar om. Eg vil inn på juss og redde verda. Eg vil gjere noko. Eg vil gjere noko for Oliver Twist.» Eg vil vere Mr. Brownlow og Miss Rose Maylie. Men korleis skal eg gjere det? Har eg nokon strategi som ingen andre har kome opp med endå? Nei men eg ber med meg noko ein av KrFU-venene mine sa på landsmøte for to veker sidan:

«Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre»

Eg vil gjerne redde verda for dei eg kan, for det kan vere ein av mange saker for meg, men heile verda for den personen eg hjelper. 8.-10. mai var eg så heldig å få vere på KrFs landsmøte i Trondheim. Mitt viktigaste mål då eg sette meg på flyet i Stavanger fredags morgon var å få eit stortingsfleirtal for 10.000 syriske flyktningar. For å få til det måtte KrFs landsmøte stemme for resolusjonen til KrFU. Eg hadde eigentleg ikkje planar om å gå opp på talarstolen. Eg tenkte at det var mitt første landsmøte, at eg mest skulle observere, at eg berre var organisatorisk nestleiar i Rogaland KrFU. Då stunda for resolusjonsbehandlinga kom var eg framleis i tvil. Til slutt vart det til at eg retta skiltet i mitt i verda. Eg ville snakke. Og det gjorde eg. Det er sjeldan at eg har vore meir nervøs. Eg fomla litt med orda, og eg klarte til alt overmål å seie «nordområda» i staden for «nærområda». Det viktigaste var at me fekk resolusjonen gjennom. Det vart stortingsfleirtal. Eit samla landsmøte stemte gjennom resolusjonen, til ståande applaus! Eg vart sitert i to avsier («sjølvskryt kjem frå hjartet, men det er ikkje alltid like interessant å høyre på» – Frank Aarebrot). Poenget er at me oppnådde noko. Me redda verda for dei 10.000 syrarane som forhåpentlegvis får kome til Noreg (Stortingsfleirta – I’m watching you!). Det var i denne debatten sitatet ovanfor vart brukt. Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre. Me redda verda for 10.000 stemmelause kvelden 8. mai. 10.000 Oliver Twist.

Eg håpar eg kjem inn på rettsvitskap (juss) på UiO til hausten. Eg håpar eg kan redde verda og vere ei stemme for dei stemmelause, først og fremst innanfor utlendingsrett eller flyktningrett. Eg håpar eg klarer å halde på engasjamentet mitt. Noko anna som blir spennande er at eg tek til som leiar i Oslo KrFU. Eg fekk eit «kick» etter landsmøte. Eller, så stort eit kick som det går an når du ligg sjuk i to omgangar etterpå. Det eg vil seie er at eg vart inspirert, og i kombinasjon med Oliver Twist vart resultatet dette innlegget.

Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)

Dette blir del x av «Mai Lene prøver å lese dystopiar», som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir Basic CMYKmeir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.

Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.

Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den «uskandiske» tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.

Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er «uskandisk» eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.

Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer «Uff og huff, for eit regime». Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?

Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!

Lindell, Unni: Brudekisten (Aschehoug 2014)

Eg sit på kjøkkenet, tenkjer eg bør bli ferdig med dette innlegget om Brudekisten. I tillegg drikk eg kakao, mest fordi mor laga det, men òg fordi eg føler meg fortent til det etter å ha pløya meg gjennom ein haug med lekser. Erstatningsrett i Rettslære 2, tida etter den kalde krigen i USA i samfunnsfagleg engelsk, Buddhismen i religion, sju oppgåver om den industrielle revolusjon9788203357732en i historie og nokre sider om styringsorgan i Noreg i Politikk og menneskrettar. Eg er stolt over meg sjølv, og no skal eg prøve å gjere den stolte kjensla endå tydelegare ved å skrive dette lenge planlagte innlegget. (Det vart skrive i går, då eg trudde eg var meir effektiv i bloggskrivinga mi enn eg var). I dag har eg prøvd å skrive ein korttekst om det naturalistiske i kapittel XV i Sjur Gabriel av Amalie Skram.

Då eg var på Bokfestivalen i Oslo denne helga, høyrte eg så vidt avslutninga av eit arrangement om krim kor blant anna Unni Lindell var ein av gjestene. Eg vart litt overraska over det ho sa, fordi ho snakka sjølvsagt om Brudekisten, men ho sa ein del ting eg ikkje har tenkt på. Dette er diverre ikkje i positiv forstand, men heller i negativ. Ho sa at Brudekisten var ein roman om barn av psykiatriske pasientar. Ho har rett på ein måte. Aud Johnsen og Jan, Maike og Piet Hagg er alle barn av psykiatriske pasientar på Gaustad. Fedrene John Johnsen og Werner Hagg har begge slitt på sin måte, og spesielt Werner Hagg går det rykter om. Eg har ingen intensjon om å seie at det ikkje er fælt at barn har foreldre som slit psykisk, og det trur eg heller ikkje Lindell har. Det ho manglar er å vise det. Ho sa òg under intervjuet at «alle kriminalforfattere skrive samfunnskritisk». Feil! Kriminalforfattarar prøver å skrive samfunnskritisk. Dei prøver så hardt, men gong på gong på gong blir bodskapen gøymt bak uviktige mysterie. Slik er det òg med boka om Maike Hagg som døydde i 1988. Om Werner Hagg og John Johnsen som igjen er ute i samfunnet. Om Jon som stellar lik og Piet som ingen veit kor er. Om Aud Johnsen og Emmy Hammer, dottera til psykiateren, som var veninner, men no er framande ovanfor kvarandre. Sjølvsagt er romanen òg om dei tilsette på Gaustad. Berit Adamsen, Norma Winther og Ole Porat.

Unni Lindell kan vel neppe kallast ein urutinert kriminalforfattar etter å ha gitt ut ti bøker om Cato Isaksen og Marian Dahle, i tillegg til fleire romanar, noveller og dikt. Men, og eg meiner det er et nokså stort men her, rutinert og flink er ikkje det same. Dette blir ein klagesong om manglande djupe tema, manglande refleksjon og generelt at kriminalromanar ikkje når andre opp til knea ein gong.

«Kvifor les du kriminalromanar då?» tenkjer du kanskje. Åh, eg har spurt meg sjølv så utruleg mange gonger! «Mai Lene, kvifor les du desse inkjesigande romanane om drapsmenn, valdtektsmenn og det som verre er?» Eg skulle så gjerne likt og visst sjølv. men når det er sagt er eg svært lite begeistra for dei fleste kriminalromanar, fordi eg som oftast plar å leite etter dei som kan reflektere over litt meir enn øydelagte kaffimaskinar og regnvêr. Brudekisten havnar dessverre ikkje i den kategorien eg liker. Den havnar i «Å-nei-kaffimaskinen-er-øydelagt-og-det-er-ein-drapsmann-der-ute-kategorien». Ein kategori eg ikkje har spesielt sansen for om de skjønar kva eg meiner.

Cato Isaksen, vår kjære etterforskar som går igjen i kriminalromanane hennar er ein litt tverr, mutt og rar type. Eg las både Honningfellen og Brudekisten, og dei som er over gjennomsnittet interessert i romanane veit at Honningfellen er nokre bøker før. Det er den boka kor kollegaen Marian Dahle dukkar opp og gjer livet surt for Cato Isaksen. Lindell skapar eit falskt polarisert forhold som blir prøvd på mange måtar gjennom ei etterforskingssak, og eg synes grunnlaget ho har laga for at Isaksen skal hate Dahle så intenst er syltynt. Det er så barnsleg at det er ikkje truverdig. Ein ting er å la hovudpersonen ha flerie sider enn dei positive, men når dei negative blir så til dei grader overdrivne er det i alle fall ikkje bra. Men det var ikkje Honningfellen eg skulle skrive om. Eg skulle skrive om Marian Dahle og Cato Isaksen, og det forholdet har blitt litt betre nokre romanar seinare. Desse to skal altså løyse nok ei krimgåte. Det er litt forfriskande at det ikkje er noko radarpar som saman går inn for å løyse gåta. Det er noko forfriskande over at dei kranglar litt, at det er litt usemje.

(frå no av kan det førekomme spoilarar)

Likevel, eg vil snakke litt om dei andre karakterane òg. Eg veit at det er vanskeleg å dra ein roman ned i søla berre på grunn av at den er lite djup eller ikkje som andre, men det er så mange andre moment. Unni Lindell går i same fella som mange andre. Eg synes ikkje det er noko rart lenger med ein eksperimenterande psykiatar, ein mistenkeleg medarbeidar og ein uærleg, og i tillegg lesbisk, prest. Lobotomering er det første stikkordet som får meg til å reagere og tenkje: «Dette her lovar ikkje godt». No lovar vel eigentleg aldri ordet lobotomering noko godt. Likevel, når det blir lagt så tydeleg trykk på at lobotomeringsbrakkene vart ikkje brukt lenger frå eit gitt årstal, forstår du at det ikkje er sant. Det er for det første overtydeleg, og for det andre forstår ein, når det er ein psykiatar med, at han med stort sannsyn dreiv ulovleg verksemd som lobotomering etter han skulle. Dei plar ofte det, psykitarar i kriminalromanar, og særleg når det blir lagt trykk på at dei er konservative.

Ole Porat er òg ein slik person. Familievennar, folk under opplæring som støttar psykiatarar, generelt einslege menn som har kontakt med ein vaksen familiefar eller psykiatar, plar å vere farlege. Eg seier ikkje at Porat er drapsmann, men det plar alltid å vere noko ekstra med desse. Uhyggjelege motiv og ein god del mystikk. Ole Porat skiljer seg ikkje ut frå mengda av desse karakterane. Han er heller prikklik og ein forstår rolla. Ikkje drapsmann, men skummel person som støttar psykiatar Hammer i litt tvilsamme prosjekt. Til dømes lobotomering.

Så kjem eg til punktet om uærlege prestar. Er ikkje dette oppbrukt? Er ikkje dette klassisk? Eg lurer på kva det er som gjer at prestar alltid kjem dårleg ut av slike historier. Har forfattarar ein trang til å vise at prestar ikkje er perfekte menneske og difor tileignar dei grusamme og ikkje så reint lite tvilsamme eigenskapar? Meiner dei at samfunnet har eit usunt bilete av prestar? Norma Winther verker snill og utan skumle hensikter, og plutseleg er ho uærleg, veit meir enn ho vil ut med, lesbisk (eg ser for meg at kriminalforfattarar sit sånn: «hohoho, no kritiserer me kyrkja litt og lagar ein lesbisk prest…) Eg taklar det ikkje heilt dette med prestane. Eg taklar jo generelt ikkje klisjéaktige og stereotypiske karakterar så veldig ofte, så ein del av dette seier seg vel sjølve kanskje. Det eg vil fram til med desse tre avsnitta om karakterane er at Lindell ikkje er ein nytenkjande forfattar. Ho køyrer seg fast i same sporte som mange andre. Tenk kor utruleg originalt det hadde vore med ein ærleg, snill prest i ein kriminalroman! Eventuelt ein psykiatar som hadde omsyn for pasientane og ikkje var konservativ eller dreiv tvilsam verksemd. Tenk!

Noko ho uansett skal ha er at språket er effektivt. Det er god flyt i det, og det dveler ikkje ved uviktige eller urelevante episodar eller scenar. Ho bruker ikkje overdrivent mange sider på forteljinga ho vil ha fram. Ho bruker litt for mange, men det har ikkje med språket å gjere. Eit «effektivt» språk gir litt fart til forteljinga og utelet det som ikkje er nødvendig. Den balansegangen mellom at lesaren får med seg kva som skjer, men likevel ikkje må lese tre sider om eit dørhandtak som er stølt (litt sett på spissen) betrar forteljinga markant. Det gjer at ein kan komme seg gjennom romanen trass i alt eg har å seie på karakterar, klsjéar og stereotypiar. Det må eg òg seie: Språket er ikkje i verdsklasse. Det er ok. Det er greit. Det er effektivt og løftar ein elles dårleg roman. Det er det eg skal fram til.

Unni Lindell har nokre sider ho kunne ha utelete. Den ekstra forteljarstemma i kursiv er ei kjelde til frustrasjon. Eg forstår eigentleg ikkje heilt kvifor den er der. Er det obligatorisk å ha ei ukjend stemme i kursiv i norske kriminalromanar. Det kan vere slik, og Lindell har i alle fall tolka det slik. Eg kan ikkje finne ein annan grunn til denne forteljarstemma. Det er der dei litt for mange sidene kjem inn. Litt. Det er kanskje snakk om fem sider til saman kor denne forteljarstemma er med. Eg trur det med fordel kunne ha blitt sløyfa og om ikkje anna hadde det ikkje gjort romanen verre.

Dei minna eg hadde om Lindells forfattarskap før eg las to bøker Cato Isaksen er Anna+Didrik=Baby. Eg trur fleire har høyrt om den ungdomsromanen, og den stillar ein del viktige spørsmål, som til dømes om den seksuelle lågalderen og utnytting, å bli gravid i ung alder og kor vanskeleg presset utanfrå kan vere. Grunnen til at eg dreg fram denne ungdomsromanen er at eg likte den, og Lindell har vist at ho kan skrive. Det er kanskje difor eg blir så skuffa når ho så ikkje greier å vise at ho kan eg skrive. Eg veit at Lindell er eit stort namn innanfor kriminalromanar, men kanskje ho bør vurdere å skrive meir av andre romanar. Eg seier ikkje at ho skal gi opp krim-karrieren, men enten burde ho dra dette djupe og reflekterande frå Anna+Didrik=Baby vere med inn i romanane om Cato Isaksen (kanskje sette mysteriet endå meir i skuggen eller frå fram enkeltpersonane betre) eller så burde ho skrive fleire romanar som den om Anna.

Eit av problema for fleire kriminalforfattarar som skriv lengre seriar trur eg er at dei gjer det same om igjen. Dei finn ei suksessoppskrift, og når dei har funne henne følgjer dei den til punkt og prikke eterpå. Dei er redde for å eksperimentere. Dei bør vere litt meir tøffe og overraske lesarane og kritikarane endå meir enn dei gjer. Somme gonger når ein lagar mat bør ein kanskje utvikle ein matrett litt meir. Tilsetje litt ekstra krydder eller bytte ut ein saus eller bytte ut noko tilbehøyr. Slik er det òg med romanar. Lindell har med stort sannsyn gått i den fella kor ho følgjer same oppskrift og er redd for å gjere dei nødvendige endringane for at «matretten» skal bli meir spennande. Her er mi utfordring til deg Lindell: Ver tøff og overrask oss, for eg veit du kan!

Eg trur eg sett eit punktum no. Om du vil ha ei meir blanda bokmelding kan du lese Sindre Hovednakks. Me er einige i at ho har forbetreingspotensiale, sjølv om han har trilla ein firar. Rita på ritaleser.com har skrive ei dobbelt så positiv bokmelding som meg. Les dei om du vart lei deg av mitt innlegg og får lyst til å sende meg ei lang grunngjeving om kvifor Brudekisten er bra pluss alle bøkene om Cato Isaksen, berre for at eg skal sjå noko genialt som endå ikkje har gått opp for meg.

Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)

Denne sommaren har eg lese to romanar som fleire har vanskeleg for å plassere. Kriminalroman eller «vanleg» roman? Den første, InnbundetRipper av Isabel Allende, meldte eg for ikkje lenge sidan. Den andre, Lola oppned av Monika Fagerholm, er hovudtemaet i denne bokmeldinga. Det som først og fremst fekk merksemda mi til å bli retta mot Lola oppned var baksideteksten. Eg trur ikkje eg greier å oppsumere innhaldet i romanen betre enn den, og difor har eg bestemt meg for å gjere eit unntak og latt den få lov til å seie litt om handlinga i boka:

Denne romanens småby er Flätnäs, et søvnig sted ved kysten sørvest for Helsingfors. I 1994 blir en ung mann funnet myrdet her, og kort tid etterpå en tenåringsjente. Politiet står fast. Snart mistenkes en og arresteres, snart en annen, uten at noe avklares. Småbyens mer skjulte sider til syne: Et selvmord setter dype spor. En ung jente i en rullestol har merkelig makt over mange barn. En annen tenåringsjente har et forhold til en kommunepamp. Først i 2011 er det tid for oppklaring. Det skjer i et middagsselskap der uventede gjester dukker opp.

Eg jobbar på ein bokhandel kor me meir eller mindre har plassert alle innbundne kriminalromanar som ikkje er nyheiter i ei hylle. Det er ikkje så frykteleg mange, og difor er det lett å ha eit greit overblikk. Når så dette omslaget dukka opp i hylla med tittelen Lola oppned, gjorde det meg meir enn litt nysgjerrig. For det er heilt klart at det er noko ved omslaget, noko spesielt og særiege. Noko som fanger merksemda.

Tom Egeland skreiv i ei bokmelding i VG 21. mai i år:

Monika Fagerholms «Lola oppned» kan leses som en lek med krimsjangerens klisjeer – eller som en litterær roman som effektfullt låner noen av thrillerens særtrekk.

Eg trur eg landar på alternativ to. Det er ein litterær roman, og den har heilt klart thrillersærtrekk. Eg ville ikkje ha plssert romanen i krimsjangeren, fordi mysteriet ligg i bakgrunnen. Det er eit stort spørsmål kven som er drapsmannen, men samstundes får ein òg bli kjent med så mange andre og livet i Flatnäs. Først tenkte eg at hovudpersonen var Jana Morton, men etterkvart forstod eg at hovudpersonen er Flatnäs. Hovudpersonen er tenåringane i Flatnäs på 90-talet. Kanskje aller mest Ca, eller kanskje aller mest Minni, eller… Nei, eg veit ikkje, for det er så mange viktige aktørar som spelar inn i liva dei til ulike ungdommane. Det er ei litt komplisert bok.

Eg vil kanskje seie at Ca er ein av dei viktigaste personane i romanen, sjølv om ho ikkje er hovudperosnen. Grunnen? Ho er der heile tida, spring mellom karakterane, får dei til å undre seg, står i sentrum av hendingane, er den mystiske ein ikkje får heilt taket på, den rotlause som eigentleg ikkje har nokon stad. Ho er søstera til Anita i Møllen, jenta som sit i rullestol og har ei merkeleg makt over barna i området, ho er elskaren til ein kommunepamp, ho er litt utanfor gjengen, men samstundes i gjengen som eit samtaleemene eller heilt i gråsonen. Ho er kanskje den mest spennande karakteren i romanen og den det er mest mystikk rundt. Men du har òg alle dei andre som svirrar rundt med sine problem og sine tankar. Romanen er fortalt i tredje person kor ein hoppar rundt forbi utan at det er forvirrande. Ein veit alltid litt meir enn karakterane, men likevel ikkje nok til å gripe alt, til å forstå alt som skjer.

Då eg var i Oslo i juli, måtte eg innom Eldorado, og heilt seriøst, det er eit Eldorado. Særleg forbokelskarar. Det er nesten litt stolt eg kan seie at eg ikkje var den som kjøpte flest bøker, faktisk berre to. Men blant dei to var det ein forfattar som er bitte bitte bitte litt viktig i dette innlegget.  Gjett ein gong, eller nei, det treng du ikkje. Det var Monika Fagerholm. Eg fann hennar roman Den amerikanske jenta. Eg er veldig spent på den, sidan Lola oppned var så god og original. Men kvifor så god og original. Av og til har ein tendensar til å strø om seg med uttrykk og adjektiv som kanskje ikkje seier så mykje fordi det er brukt før.

Jo, bok var god og original, fordi:

  • Karakterskildringane og utviklingane til karakterane er unike. Ein skildrar ikkje gjennom adjektiv, men gjennom verb og dialogar. Utviklinga følgjer gjeremåla, hendingane og det karakterane seier og tenkjer. Ikkje berre: «I motsetning til i går var Minni blid i dag.» Nei, ein forstår ut frå hendingane, verba som er brukt og tankane til Minni at ho er blidare i dag enn i går. Forfattaren har gjort det så riktig. Samstundes er det dette ugripelege eg har vore innpå. Alle karakterane er hovudpersonar, men eg føler alltid at dei skjuler noko for meg som lesar. Eg føler at eg er der kor dei er, men det er ei tåke mellom oss, som gjer at eg ikkje når heilt fram.
  • Lokalsamfunnet blir vist utruleg godt. Her har ein med alt frå eit lokallsamfunn som ein del romanar har: Rike karakterar, misslukka karakterar, missunnelege karakterar, ulukkelege karakterar. Eg synes det liknar litt på det lokalsamfunnet Rowling skildrar i The Casual Vacancy, på ein måte, men ikkje på alt. Der er motsetningane veldig tydelege. Karakterane tårer å vise det. Her er det som om alle veit kven alle er, alle veit kva dei meiner om kvarandre og kva andre meiner om dei, men dei dekkar over det. Det ligg alltid der og byggjer usynlege murar mellom dei, men dei ser på ein måte ikkje ellefanten i rommet. De forstår kanskje kva eg meiner? Dei vil ikkje sjå hovudproblemet. Alle veit at den og den karakteren har eit forhold, men dei snakkar ikkje om det. Alle veit alt om alle, men dei latar som om dei ikkje gjer det. Samstundes skapar det jo òg ei spenning når det kjem fram løyndommar som ingen veit noko om. Kvifor? Kanskje fordi dei føler seg svikta på ein måte. «Eigentleg veit eg jo ikkje dine løyndommar, i alle fall ikkje når me treffer kvarandre, men så gjer eg det likevel.» Tankegangen til mange karakterar i denne romanan. Og så dukkar det opp noko uventa og dei tenkjer: «Kvifor har ingen sagt det?» Eller kanskje heller: «Kvifor veit eg ikkje det allereie sjølv om ingen har sagt det?»
  • Fordi språket er utruleg bra. Språket er levande og har akkurat den effekten eg trur forfattaren håpa det skulle ha. Litt ugripeleg og litt for å vise avstand, men samstundes eit språk som tek deg med kor hendingane skjer. Eg greier ikkje heilt å forklare kvifor.

Om nokon faktisk vil kalle denne romanen ein kriminalroman, som ein gjer der eg jobbar, synes eg i så fall det må vere ein kriminalroman av ypparste klasse på mange måtar.

 

Og så over til noko anna enn bokmeldinga av denne romanen:

Unnskyld, unnskyld, unnskyld. Alle mine løfter om kontinuerleg blogging har blitt brotne go det er over ein månad sidan eg vart ferdig med denne romanen, og innlegget kjem idag! Det er ikkje heilt haldbart. Eg har verkeleg noko eg må jobbe med. Men, eg vil gjerne skulde på noko:

  • Arendalsveka
  • Skulestart
  • Jobb
  • Fødselsdag
  • Køyretimar

Sidan eg byrja  å skrive dette innlegget har alt dette skjedd. Frp 11.-14. august var eg i Arendal på den bitte litt berømte Arendalsveka. Heilt fantastisk å vere der for eit over gjennomsnittleg politisk engasjert menneske. Eg må tilstå at eg helsa på Ketil Solvik Olsen, og eg må tilstå noko som nesten er endå verre: Eg syntes at han var ein utruleg koseleg person. Ja, til og med FrParar kan vere det, og samferdselsministeren er utruleg koseleg på så mange måtar. Eg snakka ikkje mykje, men stod berre i bakgrunnen og høyrte på ein samtale mellom ein KrFU-venn og samferdselsministeren i Noreg. Jaja, så har eg gjort det og kan krysse av «Møte statsråd» på 127-ting-eg-vil-gjere-før-eg-døyr-lista, den lista som ikkje eksisterer…

Det har vore skulestart, og det var gøy å møte alle. Eg har nok ein gong byrja året med å legge meg til vanar som å sitje same plass i klasserommet, sjølv om det er ein time eg ikkje har fast plass i. Eg har byrja å gjere lekser, og eg har byrja å synes at lekser er litt sånn: «Åhr, vil ikkje». Med skulestart startar jo òg alt anna opp, som til dømes dans og styremøter og alt anna gøy. Plutseleg gjekk eg tredje vidaregåande, plutseleg skulle eg bestille russeklede til våren, plutseleg var det russeweekend, og plutseleg var eg andre nestleiar i Rogaland KrFU… Alt dette kom med skulestart.

Ein annan gledeleg nyheit for meg, men kanskje ikkje for bloggen: Eg har byrja å jobbe fast og er deltidstilsett på Ark Bokhandel Kvadrat og jobbar annankvar laurdag.  Om nokon lurer, bloggen skal ikkje bli meir retta mot det du kan få kjøpt på Ark av den grunn. Men i det minste liker eg jobben min. Eg liker å anbefale bøker, stå bak kassa, møte folk, og eg misliker at det tek to timar å reise heim på laurdagar frå Kvadrat…

Og så, EG ER 18 ÅR! (What?) Ja, det er litt uforståeleg. Plutseleg er eg «vaksen», i alle fall på papiret. Eg er myndig òg. Kva skjer med verda, liksom? Går i alle fall ikkje framover med den no… Ok, skal slutte å tulle, men det er litt kult at eg har blitt atten. Litt.

Ein annan ting, som sjølvsagt kjem med at eg er atten, og som er knytt til det siste punktet som heiter «køyretimar»: Eg bestod førarprøva i går.  Eg kan køyre bil. Aleine. Utan L. Utan ledsagar. Det er deileg å ha lappen, og til og med på første forsøk. Det var ikkje rein glede eg kjente på då eg fekk den. Det var heller det at eg var letta. Åh, så godt det var å høyre frå sensoren: «Da kan jeg gratulere deg med bestått førerprøve». Skitt! Det er dette eg har sett fram til kjempelenge, og no er det over.

 

Ja, ok, så kva med bloggen? Det går sin gang.Somme gonger er eg litt meir travel enn andre gonger, men eg trur de har forståing (håpar eg); og eg les, og eg tenkjer gjennom innlegg, men det er det å få det ut som er litt vanskeleg. Ut på bloggen. Eg har faktisk lese nokre bøker òg. Mockingjay av Suzanne Collins, The Silkworm av Robert Galbraith. Held på med Til Jacobs forsvar av William Landay. Og eg er ferdig med min første klassiske roman på engelsk: Sense and sensibility av Jane Austen.

 

Kriminalromanar 2014 del 1/2

Eg såg igjennom lista over leste bøker som eg ikkje har laga bokmelding av, og gjekk kva som viste seg. Jo, det viste seg at ni av ti bøker er kriminalromanar. Difor bestemte eg meg for å oppsummere heilt kort fleire av dei. Det kjem `og eit litt lengre innlegg av Ripper av Isabel Allende etterkvart.

Larsson, Stieg: Jenta som lekte med ilden (og Luftslottet som sprengtes

Jenta-som-lekte-med-ilden_productimage

Baksidetekst Jenta som lekte med ilden

Lisbeth Salander vender tilbake til Sverige etter et lengre opphold i utlandet. Hun har skaffet seg en stor sum penger og er for første gang i sitt liv økonomisk uavhengig. Samtidig har Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium fått tilgang på brennhett nyhetsstoff: Journalisten Dag Svensson og hans samboer Mia Bergman har kommet over avslørende opplysninger om en omfattende sex-handel mellom Øst-Europa og Sverige. Mange av dem som er innblandet i saken, har fremtredende posisjoner i samfunnet. Dystre hendelser i Salanders fortid begynner også å gjøre seg gjeldende. Da Dag og Mia blir brutalt myrdet, rettes mistanken mot Salander, og en storstilt politijakt settes i gang. Salander bestemmer seg for å gjøre opp med fortiden en gang for alle og sørge for at de som fortjener det, får sin straff. Blomkvists og Salanders veier krysses nok en gang

Baksidetekst Luftlslottet som sprengtes

To personer tas inn for øyeblikkelig hjelp på akuttmottaket på Sahlgrenska sjukhuset i Göteborg. Den ene er Lisbeth Salander, som er etterlyst mistenkt for dobbeltmord. Hun har en livstruende skuddskade i hodet og må opereres umiddelbart. Den andre heter Aleksandr Zalatsjenko, og det er Luftslottet-som-sprengtes_productimageSalander som har gått løs på ham med øks. Luftslottet som sprengtes starter der Jenta som lekte med ilden slutter. Lisbeth Salander har overlevd å bli levende begravd, men problemene hennes er langt fra over. Zalatsjenko er tidligere yrkesmorder i den sovjetiske etterretningstjenesten. Han er dessuten Salanders far, og han har prøvd å ta livet av henne. Sterke krefter vil nå uskadeliggjøre henne en gang for alle. Samtidig graver Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium i Salanders skjulte fortid

Eg las den første kriminalromanen om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist i januar og måtte halde fram med bok to og tre. Det første eg tenkjer på når eg skal skrive om desse to kriminalromanane er at dei har eit rikt persongalleri på mange måtar. Det er både positivt og negativt. Negativt på den måten at ein nærast må skrive opp ei liste for å halde styr på alle. Positivt på den måten at det visar kaoset. Det viser vrimmelen av personane dei må forhalde seg til for å komme til botnen. Eg må berre seie at Lisbeth Salander er ei med futt i som eg diggar. Det einaste er at ho er hakket for mykje supermenneske. Ho er for flink, for udødeleg til at ho går heilt igjennom. Ein ting er dyktige hovudpersonar, men når dei er flinke, dyktige, pene, unge, instinktive, impulsive, sterke og elles positive på nesten alle område er det litt vel mykje. Det som er eit pluss er historia hennar som kjem fram i slutten av den andre romanen. Det at ho har lidd enormt mykje reddar heile karakteren. det at ho er traumatisert og har ein voldsom hevnlyst.

Bok to og tre er `og godt skrivne. Mange tenkjer kansje at: «Dette kunne vore ein roman og ikkje to, hadde det ikkje vore for storleiken-» Slik er det ikkje. Hovudlinja ligg der i begge. Kva er historia til Lisbeth? Kva skjedde då ho var tenåring? Alt handlar om det same systemet. Bok tre tar til der bok to slutta. Likevel er det `og to separate historier. I alle fall er historia i bok to separat frå den i bok tre på den måten at i bok to har ein `og to mord å oppklare som kanskje ikkje er så direkte knytt til Lisbeth Salanders historia. Likevel, ein bør lese bok to før bok tre. Bok ein først, men der sluttar alt der det slutta. Håpar de forstår.

Uansett, Stieg Larsson er genial, og han har skrive geniale romanar. Dei er i tillegg sprø, morosamme, og han har ein heilt spesiell eigenskap til å gjere det spennande.

Faye, Lindsay: Gothams Guder

Baksideteksten:

845. New York vedtar endelig å opprette sitt eget politikorps. I Irland svikter potetavlingene totalt, med en 9788203216725_Fayesultkatastrofe og enorm utvandring som følge. Disse to hendelsene skal forandre byen New York for alltid.

Timothy Wilde jobber i en bar og fantaserer om den dagen han vil ha nok penger til å vinne drømmejenta. Men etter en brann som lar Manhattan gå opp i flammer, er han både arbeidsløs og hjemløs. Hans bror skaffer ham en jobb i NYPD, men Timothy er svært skeptisk til dette nye «politikorpset». Og han er heller ikke spesielt begeistret for å måtte patruljere byens verste slumstrøk.
En natt støter han på en jente, som løper gjennom mørket i bare nattkjolen – dekket fra topp til tå i blod. I et forsøk på å finne ut av jentas vanvittige historier, blir Timothy viklet inn i jakten på en brutal morder som virker fast bestemt på å forsterke den anti-irske stemningen i byen. Dette truer med å skape totalt kaos i et New York som allerede er rystet av dype sosiale omveltninger.
Timothys kamp for rettferdighet kan komme til å koste ham kvinnen han elsker, broren og hans eget liv.

Lindsay Faye var eit ukjent namn for meg fram til det dukka opp i Aschehougs vårkatalog. Dette er det året eg har prøvd å lese seriar i rekkjefylgje, og då byrja eg med dne første boka i serien til Lindsay Faye om New Torks politikorps på 1800-talet. Det første eg la merke til er at det er god underhaldningslitteratur. Det er fengande, spennande og god driv. Likevel er det ikkje ei god bok skjønnlitterært sett. Det er veldig dårleg språk, som ikkje vitnar om noko fargerikt. Ikkje ein gong nyanse, berre overforklarande og rett og slett platt. Heile meg skrik i frustrasjon når eg er at ei dør er «solidere». Adjektivet solid er ikkje «solidere», men «mer solid» om det skal bøyast. Unnskyld meg, omsetjar, Aschehoug: Korrektur.

Uansett, det øydela ein delf for meg med språket, og særleg adjektivet «solidere». I tillegg gjekk alt utruleg fort. Det var vanskeleg å følgje med i alt som skjedde. Forfattaren er lite flink til å få lesarane til å følgje med og forstå kva som eigentleg skjer. Ein ting er at ho overforklarer, men om ho ikkje gjer det, klarer ho heller ikkje å seie noko indirekte. Det er der noko av forteljarkunsten ligg. Du skal ikkje overforklare eller bruke for mange adjektiv i skildringane, men du skal likevel få lesaren til å forstå. Lindsay Faye slit verkeleg her, og mange formuleringar burde vore revurderte, sletta eller gått meir nøye gjennom for at romanen skulle ha haldt mål. Underhaldning, men ingenting anna.

Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken

Baksideteksten:

Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry 2004.Bokomslag_fil.200Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.

Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.

Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.

 

Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?

Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk

Eg har latt vere å skrive noko om denne romanen heilt til no. Den hadde fortent eit godt og langt innlegg om språk, plot, karakterar og alt anna  ein roman kan bestå av. MEN når du har lese ei bok og kjenner at alle kjesnlene dinne er sette i sving, du kjenner at denne romanen fortener skryt og seksarar i aust og vest, er det nesten farleg å skrive eit innlegg. Ikkje berre vil det mangle grunngjeving for godt språk, fantastiske karaterar og eit godt utforma plott, men det kan fort bli til adjektiv følgjer adjektiv og det berre er ros, skryt, og ein kastar bort alt som heiter litterær kvalitet til fordel for opplevingar. Noko av det siste som står i romanen, eit råd frå Harry Quebert til Marcus Goldman, skildrar mi kjensle etter eg var ferdig med romanen:

«En god bok, marcus, kan ikke bare måles ut fra de siste ordene, men ut fra den samlede effekten av alle ordene i den. omtrent et halvt sekund etter å ha lest ut boka du, etter å ha lest det aller siste ordet, skal leseren kjenne seg oppfylt av en sterk følelse, en liten stund skal han ikke tenke på noe annet enn det han akkurat har lest, studere omslaget og smile litt vemodig fordi han vil savne alle romanfigurene. En god bok, Marcus, er en bok man synes det er synd å ha lest ferdig.»

Eg sat verkeleg slik dei skildrar her, og eg tenkte: «Wow, det er så sant». Men eg legg merke til at det står «et halv sekund». «Omtrent etter et halvt sekund». Altså ikkje ei veke eller ein månad. Eg sat ikkje og såg på omslaget ei veke etterpå, og i dag kan eg ikkje ein gong seie at eg er lei meg for å allereie ha lese boka. Når eg ser alle dei overstrøymande bokmeldingane lurer eg på om dei har byrja å skrive «et halvt sekund» etter dei er ferdig med boka og berre sendt den inn.

Plottet er godt gjennomarbeida på mange måtar, men er ikkje den klassiske forfattaren med skrivesperre som må komme seg bort for å byrje å skrive igjen veldig typisk? Er ikkje Goldman ein typisk romankarakter av den typen som gjer at du forstår at det som skjer får han til å skrive igjen. Forutsigbart. I tillegg har ein det typiske reinvaskingsplottet. Ein karakter skal bli reinvaska for eit lovbrot han eller ho ikkje har begått, i dette tilfellet Harry Quebert. I tillegg er det «kven-gjorde-det eigentleg-plottet» og «lukka-rom-som-i-Agatha-Christie-plottet». Lukka rom, ja, fordi staden kor alt finn stad er liten og det er ikkje mange karakterar som kan ha gjort det. Altså ei veldig typisk bok med fleire plott blanda saman, som passar bra saman og som alle er typiske.

Mange av karakterane er stereotypiske. Mora til Marcus Goldman liknar mistenkeleg mykje på Mrs. Dashwood frå Sense and Sensibility eller Mrs. Bennet frå Pride and Prejudice. Heilt klar for at vesleguten skal finne seg ein kjærast og gifte seg, det einaste ho er oppteken av. Ho er så stereotypisk at det finst ikkje maken til henne.

Mange meiner at språket til Joël Dicker er fantastisk, men eg vil heller seie annleis. Det er ikkje bra eller av god litterær kvalitet, men annleis. Det betyr ikkje det same som fantastisk. Likevel, det er ei sjeldan leseoppleving som eg trur mange vil like, så om det er det du er på jakt etter så bør du lese denne boka, men viss det er ein roman av god litterær kvalitet så ligg unna.

Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling

Baksideteksten:

After losing his leg to a land mine in Afghanistan, Cormoran Strike is barely scraping by as a private investigator. 17684326Strike is down to one client, and creditors are calling. He has also just broken up with his longtime girlfriend and is living in his office.

Then John Bristow walks through his door with an amazing story: His sister, the legendary supermodel Lula Landry, known to her friends as the Cuckoo, famously fell to her death a few months earlier. The police ruled it a suicide, but John refuses to believe that. The case plunges Strike into the world of multimillionaire beauties, rock-star boyfriends, and desperate designers, and it introduces him to every variety of pleasure, enticement, seduction, and delusion known to man.

You may think you know detectives, but you’ve never met one quite like Strike. You may think you know about the wealthy and famous, but you’ve never seen them under an investigation like this.

Etter å ha lese The Casual Vacancy av J. K. Rowling tidlegare, venta eg meg store ting frå henne, men eg syntes ikkje The Cuckoo’s Calling var i nærleiken av å vere like god. Jo, den kriminelle debuten til forfattaren er godkjent. Den er godkjent. Plottet er jo eit typisk kriminalplott, og eg vil seie at romanen føyer seg inn blant dei britiske kriminalromanane. Britiske kriminalromanar er det noko heilt spesielt ved spør du meg. Dei er meir rolege og kan dreie seg meir om personar, psykologi og motiv enn det mange nordiske gjer. Eg kjenner Val McDermid litt igjen i Rowling (eller Galbraiths) roman. Det er ikkje så rart at ho har skrytt av den. Handlinga er spennande og er konsentrert rundt handlinga som har skjedd, og den er veldig typisk krim.

Det eg synes ho manglar, som ho har i både Harry Potter-serien og i The Casual Vacancy er skildringane av karakterane. Dei skildringane som gjer at ein verkeleg kjem innpå karakterane på ein heilt annan måte. Ho har litt av det, men veldig lite. Det er det menneskelege eg er på utkikk etter. Robin og Cormoran er spennande nok, og det same er Lula Landry, men dei har ikkje dette ved seg at ein blir dratt mot dei. Ein har ikkje den same medkjensle med dei og kjenner seg ikkje like godt igjen. Trass i alle magiske eigenskaper Harry Jackob Potter har, kjenner eg meg igjen. Trass i at eg ikkje er på same stad i livet som Crystal, har eg ei sterk  medkjensle med henne og ho får meg til å ville gi henne ein klem eller passe på henne eller berre bli kjent med henne. Dette er døme frå tidlegare romanar. Likevel, The Silkworm ligg klar og eg håpar at den blir endå betre, for då er det bra. Likevel, eg ser at i motsetning til andre kriminalforfattarar er ho god på karakterar.

Dette var ei «lita» oppsumering, og del to kjem seinare.

No skal eg prøve å gjere meg ferdig med Sense and Sensibility av Jane Austen. Faktisk. Endeleg. Jepp, det skal eg!

Ha ei fin helg.

Eggen, Torgrim: Berlin – det 20 årethundrets hovedstad (Cappelen Damm 2013)

Alle har det vel slik at det er ein verkeleg elskar, som ein berre  reise tilbake til, som ein må hugse, fordi dette er «min» by, den Forsidebyen ein verkeleg fell for når ein besøker den. Somme elskar New York med høge bygningar, Times Square og gule taxiar. Andre vender tilbake til London for å nok ein gong gå på Watersones, shoppe i Oxford Street eller sjå byen frå London Eye. Andre har kanskje meir eksotiske byar som Tunis, Granada eller Hanoi i tankane. «Min» by er Berlin. Eg har berre vore der to gonger, men eg elskar den. Den er ikkje spesielt fin. Det er stilbrot i alle verste form ein del stader, og det bir dagleg bygga og reparert område som er øydelagde av historia. Stilas overalt, litt reklame, eit Mercedes-skilt rett bak Gedäscheniskirche på Europaplass. Dei har berre klasja på litt her og der og set opp ein bygning litt rundt forbi. Nei, det eg verkeleg liker med Berlin er atmosfæren. Det er noko spesilt. Jo, eg har vore i London og shoppa på Waterstones (Det enda i Harry Potter and the Chamber og Secrets og Harry Potter and the prisoner og Azkaban av J. K. Rowling), og det var ein fin by og alt det der. Tower of London er spesielt og eg fekk med meg «pelsdottane» si marsjering utan for Buckingham Palace. Eg har til og med eit bilete av Big Ben. Men byen var så travel. Du følte liksom at du måtte gå i ekspressfart, trass i at det var skulefri og haustferie. Det blenka (neon)lys overalt, og dei stadig ulande sirene i sentrum stressa meg.

Eg skal ikkje seie at Berlin ikkje er stressande, at det ikkje finst sirener, men det er faktisk behageleg å vandre nedover Kurfürstendamm mot Gedäscheniskirche, det er rom for litt roleg sommartempo. I tillegg er det historia til byen. Det at ein nokså tydeleg kan sjå skilnaden mellom aust og vest, det at den har opplevd meir enn dei fleste andre hovudstadar. Eg greier ikkje å forklare det, men eg har prøvd. Det seier seg sjølv at eg ein eller annan gong måtte lese ei bok om denne byen. Biblioteket hadde laga eit bord for reisebøker med eit skillt ala: «Skal du ut å reise i sommar?» (Noko sånt, hugsar ikkje nøyaktig kva det stod). Der stod Berlin – det 20. århundrets hovedstad av Torgrim Eggen. Eg skulle jo ikkje ut å reise, så det var litt nølande eg tok boka med til skranken. Eg skal innrømme at eg tenkte: «Dei fleste skal vel til Mallorca?» Så eg tok den med, og allereie frå første kapittelet vart eg sitjande å tenkje: «All informasjon ein kan presse inn i hovudet på ein person!» Med eit utgangspunkt i 9. november – dotteras bursdag – startar handlinga.

9. november er datoen for ei heilt rekke hendingar i Tysklands og Berlins historie. Eg skal ikkje ramse det opp, men det er sikkert mykje på Wikipedia. Likevel anbefaler eg dykk å lese om det i boka. Mange bøker har ein tendens til å bli litt detaljerte, og særleg dokumentarar. Eg skal ikkje seie at denne ikkje var det, men det var ikkje vanskeleg å henge med. Eg skal innrømme at eg falt litt av på alle desse stjernene, men det var så mykje interessant. Eg las mykje berre på grunn av kunnskapsnivået. Sjølv om eg har gløymte å kva årstal David Bowie budde i Berlin, kan eg i alle fall sitje igjen med at Eggen har ein hjernekapasitet som folk flest ikkje har . Alle detaljar, all informajson, årstala, og det at han har teke med hendingar frå 2013. Boka er utgjeven i 2013, og det vitnar berre om ei stor interesse at han får med seg så mykje. (Han bur jo Berlin då…) Når ein òg tenkjer på at han har skrive ei nokså lik bok om Manhattan. WOW!

Skildringane hans av Berlin kjem både får erfaringar, refleksjonar, antagelsar og kunnskap. Dei er levande, morosamme og det er greit med informasjon. Ikkje for mykje og ikkje for lite. Eg trur det eg liker aller best med boka er at det er lite banalt og enkelt. Det er lite overflatisk. Den går i djubda på det viktigaste, og har i tilegg ein del fakta som ein aldri har høyrt før. Kanskje det er det som er kjent som «fun-facts». Han har med både kjente og ukjente personar, men som likevel er «kjendisar» og på ein måte har utmerka seg. I tillegg har han med nesten alt; revolusjonen, mellomkrigstida, valet i -33, 2. verdskrig, den kalde krigen, Berlin-muren, kunst, mat, musikk, film, litteratur, arkitektur, S- og U-Bahn, divaar, og elles alt anna ein kan komme på å ha med i ein roman om Berlin.

Likevel, to ting irriterte meg:

1) Fotnoter: Fotnoter med ekstra informasjon er veldig distraherande. Du ser linja heilt nedst på sida og sit og leiter etter det litle talet medan du les. Når du finn det hoppar blikket ned til fotnota for å lese, og så tilbake. Det var minst 100-200 fotnoter. Ein ting er for å oppgi kjelder, men ein annan ting er tilleggsinformasjon på lengde med eit lite avsnitt. Mitt ultimatum til alle forfattarar: Enten integrer det i teksten eller dropp det. Det er distraherande.

2) David Bowie: Kva har han med Berlin å gjere? tenkjer du kanskje. Det gjorde eg òg, og svaret fekk eg i alle fall. Han budde i Berlin, og det er via side opp og side ned for å skildre David Bowies opphald. Han er kanskje ein kjent person som har budd der, men eg er sikker på at han vart nemnt fleire gonger enn Hitler, og det var i alle fall fleire sider om han. Kanskje det er fordi Hitler allereie er kjent, men den held ikkje for meg. Personleg er eg av den oppfatninga at det er personar som er mykje viktigare for Berlin på 1900-talet enn David Bowie

Det er vanskeleg å lage bokmeldingar av dokumentarar, men eg har gjort eit forsøk, ingen kan ta meg på det. Trass i dei to siste punkta, les boka. Om ikkje anna, hopp over David Bowie. Fotnotene irriterer kanskje ikkje andre like mykje (håpar eg)

Oikonomaki, Anne Bergset: Smådjevlane (Det Norske Samlaget 2014)

Det går treigt for tida, men no fekk eg tid til å hive inn eit innlegg. Lokallaget i KrFU som eg er leiar for blir ti år til helga, og det er SL_Rota_sort_8mmlitt å styre med, og i tillegg har eg vore i debatt med dei andre ungdomspartia, og det tek si tid med opningsinnlegg og øving. Skulepolitikk er ikkje berre berre. Likevel har eg lese litt bøker i april, ei har eg laga bokmelding av allereie, men eg har framleis nokre igjen.

Anne Bergset Oikonomaki hadde eg aldri høyrt om før, men romanen såg spennande ut, og eg bestemte meg for å gjere eit forsøk på ein kriminalroman frå Kreta. Eg er litt småforelska i bøker frå Hellas, men det gir meg ikkje skylappar. Smådjevlane er eit døme på at eg har den kritiske sansen min i orden. Kriminalromanen handlar rett og slett om Elsa og Andreas som begge er på Kreta på same tid. Elsa reiser saman med ei kvinne ho aldri har møtt før same dagen som ho reiste. Andreas er spesialagent for Organization Europe 3, og han reiser til Kreta for å stoppe ei last med kurdiske barn som ein kirurg skal bruke til forsøk. Det viser seg etterkvart at Elsa har fått eit brev av kvinne ho reiser med som kan ha med saka å gjere. Og jippi, der har me ein kriminalroman på grensa til det fantastiske. Eg har aldri sett James Bond, men eg har lese bøker om unge James Bond, og eg ei kjensle av å lese ein slik roman, berre meir amatørmessig.

Forfattaren viser ein enorm vilje til å lage ei spenningsfylt historie med masse action og fleire mysterium. Det ho til slutt sat igjen med var ein roman kor handlinga sto i fokus og karakterane vart vage og eindimensjonale konturar. Eg vil gå så langt som å seie at karakterane ber ei historie. Det er vala deira, personlegdommane deira og handlingane deira som utgjer eit plott. I kriminalromanar er det òg karakterane som utløyser hendingane. Det har skjedd noko kriminelt, altså må det vere ein kriminell bak som enten har vore den direkte eller indirekte årsaka. Handlinga til denne personen gjer romanen til det den er. Dette har Oikonomaki fått med seg, men ho har ikkje fått med seg at det kanskje er eit poeng og la lesaren få eit greit forhold til desse karakterane og lære dei å kjenne. Ho har ikkje fått med seg det viktige ved at karakterane er litt djupe og komplekse. Mystiske karakterar: Ja takk! Likevel kan ikkje alle vere mystiske, og her har forfattaren ikkje hatt nokon intensjon om mystiske karakterar. Ho har rett og slett feila i få lesaren interessert i dei.

Eg liker eigentleg ikkje å vere negativ, men heller ærleg enn uforskamma positiv. Kjære alle saman, om du ikkje liker ei totalt urealistisk og platt handling kor action står i fokus og overskuggar alt anna, ikkje les denne romanen. Action er bra, og eg som liker kriminalromanar tåler sjølvsagt action. Men når action overskuggar alt som heiter djubde i boka, og ikkje minst blir gjort til noko alt for overvilt og irriterande blir det ikkje like bra lenger. Oikonomaki burde ha porsjonert det ut over fleire romanar og lagt inn meir om karakterane og ikkje minst fokusert meir på den delen av handinga som går på tankar, refleksjon og gode tankerekkjer. I politikken er det ofte eit mål at ord blir handling. Her er det omvendt. La handling bli ord og refleksjon!

Av og til klagar eg på lengda på romanane eg les. Denne gongen er det litt det at den er kort. Det er akkurat som om ho har bestemt seg for at romanen skal vere på så mange sider, BASTA! Eg kunne gjerne hatt ein lengre roman kor ho ikkje berre skrapte på overflata, for det er det ho gjer i denne. Det omfattande plottet passar rett og slett ikkje inn om det ikkje skal vere overflatisk. Noko anna eg reagerer på er at boka er litt kjenslelaus. Nynorsk er eit vakkert språk, og det er bokmål òg, men ein må bruke det. Ein kan ikkje berre skrive det, men ein må bruke verknaden det har og velje riktige ord. At kurdiske barn blir kidnappa for å vere ein del av nokre forsøk er jo heilt urespektabelt, om det skjer i ein roman eller i røynda. Likevel kjente eg berre på den kjensla at eg var likegyldig. Det er fælt å seie, men alt var så fjernt at det gjekk ikkje inn på meg. Det var kanskje to kapittel om kurdarane som vart ramma, og to kapittel er ikkje nok til å få eit sterkt forhold til ein familie. Det er akkurat som dei små klyppa midt i Dagsrevyen, når dei berre har ei kort oppsumering av nokre hendinga og du eigentleg sit og ventar på at dei «større» nyheitene skal komme. Akkurat som Dagsrevyen har Oikonomaki valt kva ho skal fokusere og kva lesaren skal bry seg med. Men sjølv om Dagsrevyen berre bruker ti sekund på å seie noko om dei millionane i Syria som svelt, betyr det ikkje at det er rett. Det at Oikonomaki berre bruker to kapittel på å seie litt om kurdarfamilien betyr ikkje at det er riktig, men heller at ho har gjort ei feilvurdering. Eg forstod ikkje at akkurat det var viktig før eg hadde lese boka.

Eg vart skuffa rett og slett. Når du skummar gjennom ei bok utan å oppleve eit klimaks, utan å kjenne at den gir deg litt, utan å like karakterane og i tillegg synes plottet rett og slett berre inneber action og ikkje noko anna, då har du ikkje oppnådd noko optimal leseoppleving.

Romanen er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget

Yndestad, Monika N: Gapestokk (Vigmostad og Bjørke 2014)

Fyllekøyring er eit av dagens store samfunnsproblem. Ein trur at det køyrer mellom 10.000 og 15.000 på norske vegar kvar dag i 9788241910197ruspåverka tilstand, og har føraren ein alkoholkonsentrasjon på meir enn 0.5 promille aukar risikoen for å bli drepen 900 gonger. Difor er det høgst aktuelt og i tillegg bra at ein forfattar som Yndestad, som det har vore retta store forventningar mot, tek opp temaet i den nye boka si, Gapestokk. Yndestad slo igjennom i 2012 med Jentene fra ballettenog no i 2014 kom den andre boka hennar om journalisten Alice Bratt ut.

I 1985 døyr Alices veninner under ein klassetur. Dødsårsaka er ei bussulukke. Bussulukka er forårsaka av ein traktorførar i promillerus. Alice overlevde, og 25 år etterpå skriv ho reportasjen som skal ta ei oppgjer med promillekøyring, ikkje berre i BA (Bergensavisen), men òg med seg sjølv og promillekøyraren. Etter reportasjen vinn ho og fotografen hennar Gullparaplyen for årets beste reportasje. Trygg Trafikk bruker bilete av henne og dei døde veninnene i ein kampanje. Bratt blir ansiktet ein bruker for å vise tragediane som kan følgje med fyllekøyring.

Så skjer det utenkjelege…

Bratt blir funnen i promillerus i sin eigen bil. Ho er så langt borte at dei vurderer om ho må på legevakta, og ho klarer ikkje å blåse. «Du av alle!» er avisoverskrifta i BA dagen etterpå. Ja, ho av alle. Protagonisten i romanen som skal vere den store helten for lesaren. Eg trur eigentleg ikkje eg treng å seie at denne rusen ikkje var sjølvskulda. Ein kvar lesar forstår, når dei les bakpå boka og høyrer plottet, og særleg sidan det er ein kriminalroman, at ein eller annan person har plassert protagonisten der. Karakterane i boka gjer det ikkje, noko som ikkje er merkeleg. Dei veit jo ikkje at dei er ein del av ei kriminell setting. Her kjem skilnaden på «sikta for» og «mistenkt for» godt fram. Alle oppfører seg som om Bratt er sikta for promillekøyring. Tenk at ho av alle gjorde det. Kjente dei henne ikkje? I tillegg såg dei nok på det som usannsynleg at nokon skulle plassere henne der. Det trur eg dei fleste ville gjort. Eg òg, som lesar av boka tenkte: Kvifor bry seg med noko slikt? Skal ein ta nokon av dage, kvifor ikkje berre gjere det litt enklare?» Men det er litteratur, det er ikkje den verkelege verda, og i litteraturverda er det fult av forskrudde og sprø gjerningspersonar som tenkjer: «Kvifor gjere det enkelt når du kan gjere det vanskeleg?»

Alle har skrytt over at denne boka var sååååå mykje betre enn Jentene fra balletten. Gapestokk skulle verkeleg vise at Yndestad hadde teke eit nytt stort steg inn i kriminallitterature. Det har ho òg. Denne er endå meir krimaktig, og det var kanskje det som svekka boka litt. Inn i kriminallitteraturen saman med alle andre som skriv om sjuke gjerningspersonar. Originaliteten er borte! Det eg elska med førre roman var nettopp det at det var krim, men ikkje vanleg krim. Eg hadde aldri lese noko liknande! Denne boka er lik fleire andre eg har lese, og særleg minna den meg på Ulykkesfuglen av Camilla Läckberg. Ulykkesfuglen er nok endå meir krimaktig enn denne, men den òg handlar om personar som set seg bak rattet rusa og køyrer, utan at dei er skuld i det sjølv. Eg hadde håpa at Yndestad skulle ta eit langt steg inn i kriminallitterature og endå eit lite steg bort frå dei vanlege krimhistoriane og kome med noko originalt. I staden tek ho eit steg inn i rekka av forfattarar med «vanlege» plott.

Likevel er det ein stad ho scorer høgt, og det er språket. Ikkje berre skildrar ho bra og fører handlinga fram på ein god og truverdig måte, men ho er veldig medviten. Eg skreiv om det sist gong òg, men ho har den typiske -en-endinga me finn i Bergens-området. Jenten. Ho viser kor ho kjem i frå og kor handlinga finn stad gjennom språket, sjølv om ho skriv prikkfritt bokmål. Eg er imponert! Til vanleg kan eg vere nøgd, men kanskje litt avmålt, og av og til slaktar eg språket fullstendig. I ein roman eg las no nettopp, som eg ikkje har meldt endå, var ordet «stabilere» brukt. «Døren var stabilere enn de trodde.» Jo, då, der var den språkopplevinga i ein elles god roman øydelagt. Ein skriv rett og slett berre ikkje «stabilere»! Uansett, det er ikkje hovudpoenget i Gapestokk, og bortsett frå eitt lite ord kor bokstavane var stokka om kunne språkperfeksjonisten bak dette innlegget ikkje finne nokon feil.

Alt i alt ei heilt grei bok, men eg har lese betre.