Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)

Dette blir del x av «Mai Lene prøver å lese dystopiar», som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir Basic CMYKmeir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.

Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.

Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den «uskandiske» tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.

Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er «uskandisk» eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.

Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer «Uff og huff, for eit regime». Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?

Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!

Melander, Jakob: Øyesten (Aschehoug 2014)

Eg held fram på krimperioden min med ein dansk deutforfattar, Jakob Melander, som denne vinteren kom ut med 9788203219214_Melander_1Øyesten på Aschehoug forlag. Kriminalromanar sel godt, men eg trur dessverre romanen kan drukne i det store antalet kriminalromanane som er på markanden. Kanskje omslaget og baksideteksten vil gjere at nokre plukkar den opp, kjøper den og les den. I tillegg er det denne fascinerande seriemordaren.

Dansk krim er det nokre assosierer med Jussi Adler-Olsen og kanskje Erik Valeur etter fjorårets suksess med Det syvende barnet. No har Melander kome opp som eit nytt namn, og all skryt utanpå omslaget av boka er på mange måter riktig. Eg sit igjen med tankar om at dette er ei bok ein bør lese. Det er ein god kriminalroman, men likevel litt lite original. For å ta dykk med frå byrjinga kan eg starte med det første mordet. Lars Winkler, hovudpersonen, i det som skal bli ein trilogi, er ein avdempa versjon av Harry Hole. Han og kollegane finn ei jente myrda med tydelege spor etter fine snitt. I tillegg har mordaren fjerna auga. Det må vere ein ekspert med kirugiske dugleikar.

Det er eit veldig vanleg plott. Den har ikkje noko nytt ved seg. Lars Winkler er ein spennande karakter, men det verkar som om forfattaren prøver å unnskylde åtferda hans, ved å gjere han litt betre enn han eigentleg er. Kvar gong han feiler som far, rettar han det raskt opp igjen. Han ruser seg og drikk alkohol, slik det står i skildringa av han, men det blir ikkje lagt vekt på. Han er rett og slett alt for avdempa, og Harry Hole-sidene kunne vore endå tydeligare skulle han ha blitt ein veldig kjent karakter innan krimverda. Likevel har han sitt og stri med, og lesaren får medkjensle med mannen. Sjefen hos politiet der han jobbar, Ulrik, var tidelgare hans beste venn, men no er han saman med eks-kona til Winkler, noko som gjer at dei har eit dårleg forhold. Dette resulterer òg i at Winkler blir flytta frå hovudsaka i boka til ei valdtektssak. Sjølv om mykje av den eigentlege saka med morda blir følgt gjennom auga til Sanna, vil eg seie at det er negativt at hovudpersonen ikkje er med på det som skal vere «plottet» i boka.

Dette hemmer ikkje boka veldig, for som eg sa får ein sjå mordsaka gjennom ein annan etterforskars auge. Denne etterforskaren og Lars Winkler byrjar òg å få eit godt auge til kvarandre i romanen. Kjærleiksforhold er det flust av, og dotterat il Winkler, Maria, seg òg kjærast, Kristoffer. Kjæresteforhold, far-dotter-forhold og vennskapsforhold er noko av det som sett størst preg på det som skjer på sida av hovudhandlinga. Mordsaka blir òg ein del av privatlivet til Winkler etterkvart.

Ei anna historie, frå andre verdskrig kjem fram i boka. Ei ung kvinne som forelskar seg i ein brite i København under krigen. Forholdet skal, etter det som står bak på boka ha konsekvensar heilt fram til vår tid. Dessverre ser eg ikkje heilt kva som skal vere tilknyttinga til det som skjer i notida i romanen. Det er ei lita til slutt, men korleis påverka dette hendingane i notida? Kanskje de forstår det betre enn meg om de les kriminalromanen, men det er veldig vagt uansett. Kanskje vart det for få sider til at det gjekk å få den skikkelege tilknyttinga mot slutten? Den er på under fire hundre sider, noko som er veldig lite for å løyse to mysterier og i tillegg få inn noko frå fortida.

Eg angrar ikkje på at eg plukka opp boka, og eg skal lese dei to neste bøkene i trilogien. Eg er nysgjerrig på utviklinga av hovudpersonen, og så håpar eg at Melander kan lage ei litt meir originial historie til neste gong. Det er kanskje litt vanskeleg, for alt er på ein måte «teke» av plott, handlingar og karakterar, men det finst vel alltid noko som det ikkje er skriv om frå før? Eg trur at viss han klarer å lage noko meir unikt neste gong, kan romen bli ein stor suksess. Men trass alt, alle kan ikkje vere ein Stieg Larsoon. Han finst det berre ein av.

Boka er leseeksemplar frå Aschehoug