Ærast den som ærast bør!

 

9788252183238-ny.ashx

Ravatn har blant anna blitt tildelt P2-Lytternes Romanpris 2014 og Ungdommens Kritikerpris 2014 for bok «Fugletribunalet» som kom ut i 2013. Ho er òg nominert til bokbloggarprisen.

 

Når ein går inn på ein bokhandel, kan ein sjå fleire romanar med enten «Nominert til…»- eller «Vinner av…»-pris på sida av kvarandre. Om det ikkje er ein norsk er det gjerne Glassnøkkelen, Nordisk Råds Litteraturpris eller ein annan internasjonal pris. No er det ingen tvil om at det er meir prestisje i å vinne ein nordisk eller internasjonal pris enn ein norsk pris, men det er så mange. I Noreg deler me ut for ALT, og ALLE vil ha sin eigen pris. Forlaga, bokhandlane, ungdommane, bokhandlarar og ikkje minst bokbloggarar. Ei av mine første invendingar då eg høyrte om bokbloggarprisen var: Har me ikkje nok prisar då? Ein ser òg at nokre prisar får meir fokus enn andre, som til dømes at Rivertonprisen får meir merksemd enn Amboltprisen*.  Media vel sine prisar dei vil fokusere på, og det er ikkje få, men så er det nokre som druknar i mengda.

9788203352942_Nesbo

Jo Nesbø har igjen blitt nominert til Riverton-prisen, denne gongen for Harry Hole-romanen «Politi»

Både Noreg og Storbritannia har haugevis av prisar. Hadde det kanskje ikkje vore meir gjevt å vinne ein pris? Rivertonprisen er ikkje veldig prestisjefull, og det synes eg at eg kan seie utan å få krimelskarar på nakken. Jo Nesbø er igjen nominert til å få revolvaren utdelt no i 2014, og det er sikkert gøy, men har neppe noko å seie for forfattarskapen hans om han vinn den. Han har berre X antal ulike prisar frå før for bøkene sine. Noko anna som er trist er at det ikkje alltid er kvalitetssterke bøker heller som vinn, men rett og slett «rørande», «medrivande» og «hjarteskjærande». Ofte kan ein sjå at det er dei mest overforklarande og enkle bøkene som vinn, dei ein ikkje må bruke meir enn 1% av hjernen for å forstå. Eg tenkjer at det å vinne ein norsk litteraturpris i dag er akkurat som å vinne verdscupen i langrenn, men vite at nokre andre i landet òg har gjort det. No går ikkje det an, men det er likevel same konsept. Ein vinn noko og veit at andre òg vinn noko liknande.

Mange forfattarar er glade for å bli nominert til ein litteraturpris, det er det ikkje tvil om, og for nokre betyr det ein del for karrieren òg. Likevel er det skilnad på å vite at «eg er ein av fem som har blitt nominert til ein pris» enn «eg er ein av fem som har nominert til ein av ca. seksti prisar». Eg håpar at litteratur-Noreg vil sjå problemstillinga og etterkvart slå saman prisar som liknar kvarandre. Ungdommens Kritikerpris trur eg er viktig, for den gir ei konstruktiv tilbakemelding til bøker for vaksne, men ser ein på mange prisar kan ein sjå at dei liknar kvarandre og likså godt kunne vore slått saman. Ein av grunnane til at det er sjeldan eg skriv om prisar er rett og slett at det er så mange at eg føler nesten «alle» er nominert eller har vunne noko.

Eg er positivt overraska over nominasjonane til Bokbloggerprisen. Det verker som om dei fleste bøkene er av god kvalitet, men kva med neste år og året etterpå der? Kva viss det plutseleg blir heilt hjernedøde romanar ein nominerer, slik som mange andre gjer til forskjellige prisar? Kva er då vitsen med prisen? Eg skal innrømme det: Eg er ikkje overbegeistra for at ein får ein pris her og ein der. De har nok allereie forstått det, og eg kjenner på veldig blanda kjensler angåande Bokbloggerprisen. Mange forfattarar fortener prisar, men

Dette skreiv Aftenposten 2011 om saka:

 Litteraturprisene mister noe av funksjonene. De skulle skaffe fokus på bøker. Nå blir det en hyggelig påskjønnelse for forfatteren. Men markedsføringsaspektet blir redusert. Bortsett fra for noen av de sentrale bokprisene, blir det liten eller ingen oppmerksomhet.

Til slutt, veldig hyggjeleg om nokon er usamde med meg. Dette er kanskje eit tema mange har meiningar om, og det er berre å leggje igjen noko om det i kommentarfeltet. No håpar eg på meir sol i mars og at våren skal komme for alvor. Det er fire veker til påske, og innan den tid har eg nok lese endå fleire kriminalromanar, som nettopp er vårsjangeren. Viss nokon skulle lure, skal eg heller ikkje drive med listelesing av dei Riverton-nominerte.

Uansett, ærast den som ærast bør! Alle kan ikkje få prisar.

*Amboltprisen er ein pris på 10.000 kroner til ein person som er med på å gjere Olav H. Hauges dikting kjent. Kjelda mi er Wikipedia, og eg klandrar ingen for å ikkje vite det.  Eg kan heller ikkje seie at eg klandrar media for å ikkje fokusere på det…