Franzen, Jonathan: “Renhet” (Cappelen Damm)

28209091Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.

Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).

Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: “Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.” Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese “eitt” kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: “Det var svært” meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.

Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.

Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. “Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,” sa hun. “To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.” 

Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. “Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.” Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, “greia” er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir “moralsk” med fokus på dei “riktige” tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.

“Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.”

“Nå, på rommet ditt?” Annagret ble forskrekket.

“Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.”

“Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?”

Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.”

Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.”

Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat “gamle nok”. Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn “reint”. Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.

Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.

Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…

Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.

Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.

I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.

Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:

“Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.”

Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: “Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.” Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:

“(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)”

(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )

Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er “reint”, det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.

Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.

Hausten

IMG_0491

© Mai Lene

Bilete teke med iPhone

Oslo oktober 2015

Les no: Our Kids – The American Dream in Crisis av Robert D. Putnam

Vil lese snart: Berlin Noir av Philip Kerr og Historia om det nye namnet av Elena Ferrante

Gler meg til: Jul, at det blir like fint haustvêr som det var førre veke, helga

Ja, eg lever framleis.

Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)

Dette blir del x av “Mai Lene prøver å lese dystopiar”, som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir Basic CMYKmeir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.

Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.

Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den “uskandiske” tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.

Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er “uskandisk” eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.

Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer “Uff og huff, for eit regime”. Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?

Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!

Lindell, Unni: Brudekisten (Aschehoug 2014)

Eg sit på kjøkkenet, tenkjer eg bør bli ferdig med dette innlegget om Brudekisten. I tillegg drikk eg kakao, mest fordi mor laga det, men òg fordi eg føler meg fortent til det etter å ha pløya meg gjennom ein haug med lekser. Erstatningsrett i Rettslære 2, tida etter den kalde krigen i USA i samfunnsfagleg engelsk, Buddhismen i religion, sju oppgåver om den industrielle revolusjon9788203357732en i historie og nokre sider om styringsorgan i Noreg i Politikk og menneskrettar. Eg er stolt over meg sjølv, og no skal eg prøve å gjere den stolte kjensla endå tydelegare ved å skrive dette lenge planlagte innlegget. (Det vart skrive i går, då eg trudde eg var meir effektiv i bloggskrivinga mi enn eg var). I dag har eg prøvd å skrive ein korttekst om det naturalistiske i kapittel XV i Sjur Gabriel av Amalie Skram.

Då eg var på Bokfestivalen i Oslo denne helga, høyrte eg så vidt avslutninga av eit arrangement om krim kor blant anna Unni Lindell var ein av gjestene. Eg vart litt overraska over det ho sa, fordi ho snakka sjølvsagt om Brudekisten, men ho sa ein del ting eg ikkje har tenkt på. Dette er diverre ikkje i positiv forstand, men heller i negativ. Ho sa at Brudekisten var ein roman om barn av psykiatriske pasientar. Ho har rett på ein måte. Aud Johnsen og Jan, Maike og Piet Hagg er alle barn av psykiatriske pasientar på Gaustad. Fedrene John Johnsen og Werner Hagg har begge slitt på sin måte, og spesielt Werner Hagg går det rykter om. Eg har ingen intensjon om å seie at det ikkje er fælt at barn har foreldre som slit psykisk, og det trur eg heller ikkje Lindell har. Det ho manglar er å vise det. Ho sa òg under intervjuet at “alle kriminalforfattere skrive samfunnskritisk”. Feil! Kriminalforfattarar prøver å skrive samfunnskritisk. Dei prøver så hardt, men gong på gong på gong blir bodskapen gøymt bak uviktige mysterie. Slik er det òg med boka om Maike Hagg som døydde i 1988. Om Werner Hagg og John Johnsen som igjen er ute i samfunnet. Om Jon som stellar lik og Piet som ingen veit kor er. Om Aud Johnsen og Emmy Hammer, dottera til psykiateren, som var veninner, men no er framande ovanfor kvarandre. Sjølvsagt er romanen òg om dei tilsette på Gaustad. Berit Adamsen, Norma Winther og Ole Porat.

Unni Lindell kan vel neppe kallast ein urutinert kriminalforfattar etter å ha gitt ut ti bøker om Cato Isaksen og Marian Dahle, i tillegg til fleire romanar, noveller og dikt. Men, og eg meiner det er et nokså stort men her, rutinert og flink er ikkje det same. Dette blir ein klagesong om manglande djupe tema, manglande refleksjon og generelt at kriminalromanar ikkje når andre opp til knea ein gong.

“Kvifor les du kriminalromanar då?” tenkjer du kanskje. Åh, eg har spurt meg sjølv så utruleg mange gonger! “Mai Lene, kvifor les du desse inkjesigande romanane om drapsmenn, valdtektsmenn og det som verre er?” Eg skulle så gjerne likt og visst sjølv. men når det er sagt er eg svært lite begeistra for dei fleste kriminalromanar, fordi eg som oftast plar å leite etter dei som kan reflektere over litt meir enn øydelagte kaffimaskinar og regnvêr. Brudekisten havnar dessverre ikkje i den kategorien eg liker. Den havnar i “Å-nei-kaffimaskinen-er-øydelagt-og-det-er-ein-drapsmann-der-ute-kategorien”. Ein kategori eg ikkje har spesielt sansen for om de skjønar kva eg meiner.

Cato Isaksen, vår kjære etterforskar som går igjen i kriminalromanane hennar er ein litt tverr, mutt og rar type. Eg las både Honningfellen og Brudekisten, og dei som er over gjennomsnittet interessert i romanane veit at Honningfellen er nokre bøker før. Det er den boka kor kollegaen Marian Dahle dukkar opp og gjer livet surt for Cato Isaksen. Lindell skapar eit falskt polarisert forhold som blir prøvd på mange måtar gjennom ei etterforskingssak, og eg synes grunnlaget ho har laga for at Isaksen skal hate Dahle så intenst er syltynt. Det er så barnsleg at det er ikkje truverdig. Ein ting er å la hovudpersonen ha flerie sider enn dei positive, men når dei negative blir så til dei grader overdrivne er det i alle fall ikkje bra. Men det var ikkje Honningfellen eg skulle skrive om. Eg skulle skrive om Marian Dahle og Cato Isaksen, og det forholdet har blitt litt betre nokre romanar seinare. Desse to skal altså løyse nok ei krimgåte. Det er litt forfriskande at det ikkje er noko radarpar som saman går inn for å løyse gåta. Det er noko forfriskande over at dei kranglar litt, at det er litt usemje.

(frå no av kan det førekomme spoilarar)

Likevel, eg vil snakke litt om dei andre karakterane òg. Eg veit at det er vanskeleg å dra ein roman ned i søla berre på grunn av at den er lite djup eller ikkje som andre, men det er så mange andre moment. Unni Lindell går i same fella som mange andre. Eg synes ikkje det er noko rart lenger med ein eksperimenterande psykiatar, ein mistenkeleg medarbeidar og ein uærleg, og i tillegg lesbisk, prest. Lobotomering er det første stikkordet som får meg til å reagere og tenkje: “Dette her lovar ikkje godt”. No lovar vel eigentleg aldri ordet lobotomering noko godt. Likevel, når det blir lagt så tydeleg trykk på at lobotomeringsbrakkene vart ikkje brukt lenger frå eit gitt årstal, forstår du at det ikkje er sant. Det er for det første overtydeleg, og for det andre forstår ein, når det er ein psykiatar med, at han med stort sannsyn dreiv ulovleg verksemd som lobotomering etter han skulle. Dei plar ofte det, psykitarar i kriminalromanar, og særleg når det blir lagt trykk på at dei er konservative.

Ole Porat er òg ein slik person. Familievennar, folk under opplæring som støttar psykiatarar, generelt einslege menn som har kontakt med ein vaksen familiefar eller psykiatar, plar å vere farlege. Eg seier ikkje at Porat er drapsmann, men det plar alltid å vere noko ekstra med desse. Uhyggjelege motiv og ein god del mystikk. Ole Porat skiljer seg ikkje ut frå mengda av desse karakterane. Han er heller prikklik og ein forstår rolla. Ikkje drapsmann, men skummel person som støttar psykiatar Hammer i litt tvilsamme prosjekt. Til dømes lobotomering.

Så kjem eg til punktet om uærlege prestar. Er ikkje dette oppbrukt? Er ikkje dette klassisk? Eg lurer på kva det er som gjer at prestar alltid kjem dårleg ut av slike historier. Har forfattarar ein trang til å vise at prestar ikkje er perfekte menneske og difor tileignar dei grusamme og ikkje så reint lite tvilsamme eigenskapar? Meiner dei at samfunnet har eit usunt bilete av prestar? Norma Winther verker snill og utan skumle hensikter, og plutseleg er ho uærleg, veit meir enn ho vil ut med, lesbisk (eg ser for meg at kriminalforfattarar sit sånn: “hohoho, no kritiserer me kyrkja litt og lagar ein lesbisk prest…) Eg taklar det ikkje heilt dette med prestane. Eg taklar jo generelt ikkje klisjéaktige og stereotypiske karakterar så veldig ofte, så ein del av dette seier seg vel sjølve kanskje. Det eg vil fram til med desse tre avsnitta om karakterane er at Lindell ikkje er ein nytenkjande forfattar. Ho køyrer seg fast i same sporte som mange andre. Tenk kor utruleg originalt det hadde vore med ein ærleg, snill prest i ein kriminalroman! Eventuelt ein psykiatar som hadde omsyn for pasientane og ikkje var konservativ eller dreiv tvilsam verksemd. Tenk!

Noko ho uansett skal ha er at språket er effektivt. Det er god flyt i det, og det dveler ikkje ved uviktige eller urelevante episodar eller scenar. Ho bruker ikkje overdrivent mange sider på forteljinga ho vil ha fram. Ho bruker litt for mange, men det har ikkje med språket å gjere. Eit “effektivt” språk gir litt fart til forteljinga og utelet det som ikkje er nødvendig. Den balansegangen mellom at lesaren får med seg kva som skjer, men likevel ikkje må lese tre sider om eit dørhandtak som er stølt (litt sett på spissen) betrar forteljinga markant. Det gjer at ein kan komme seg gjennom romanen trass i alt eg har å seie på karakterar, klsjéar og stereotypiar. Det må eg òg seie: Språket er ikkje i verdsklasse. Det er ok. Det er greit. Det er effektivt og løftar ein elles dårleg roman. Det er det eg skal fram til.

Unni Lindell har nokre sider ho kunne ha utelete. Den ekstra forteljarstemma i kursiv er ei kjelde til frustrasjon. Eg forstår eigentleg ikkje heilt kvifor den er der. Er det obligatorisk å ha ei ukjend stemme i kursiv i norske kriminalromanar. Det kan vere slik, og Lindell har i alle fall tolka det slik. Eg kan ikkje finne ein annan grunn til denne forteljarstemma. Det er der dei litt for mange sidene kjem inn. Litt. Det er kanskje snakk om fem sider til saman kor denne forteljarstemma er med. Eg trur det med fordel kunne ha blitt sløyfa og om ikkje anna hadde det ikkje gjort romanen verre.

Dei minna eg hadde om Lindells forfattarskap før eg las to bøker Cato Isaksen er Anna+Didrik=Baby. Eg trur fleire har høyrt om den ungdomsromanen, og den stillar ein del viktige spørsmål, som til dømes om den seksuelle lågalderen og utnytting, å bli gravid i ung alder og kor vanskeleg presset utanfrå kan vere. Grunnen til at eg dreg fram denne ungdomsromanen er at eg likte den, og Lindell har vist at ho kan skrive. Det er kanskje difor eg blir så skuffa når ho så ikkje greier å vise at ho kan eg skrive. Eg veit at Lindell er eit stort namn innanfor kriminalromanar, men kanskje ho bør vurdere å skrive meir av andre romanar. Eg seier ikkje at ho skal gi opp krim-karrieren, men enten burde ho dra dette djupe og reflekterande frå Anna+Didrik=Baby vere med inn i romanane om Cato Isaksen (kanskje sette mysteriet endå meir i skuggen eller frå fram enkeltpersonane betre) eller så burde ho skrive fleire romanar som den om Anna.

Eit av problema for fleire kriminalforfattarar som skriv lengre seriar trur eg er at dei gjer det same om igjen. Dei finn ei suksessoppskrift, og når dei har funne henne følgjer dei den til punkt og prikke eterpå. Dei er redde for å eksperimentere. Dei bør vere litt meir tøffe og overraske lesarane og kritikarane endå meir enn dei gjer. Somme gonger når ein lagar mat bør ein kanskje utvikle ein matrett litt meir. Tilsetje litt ekstra krydder eller bytte ut ein saus eller bytte ut noko tilbehøyr. Slik er det òg med romanar. Lindell har med stort sannsyn gått i den fella kor ho følgjer same oppskrift og er redd for å gjere dei nødvendige endringane for at “matretten” skal bli meir spennande. Her er mi utfordring til deg Lindell: Ver tøff og overrask oss, for eg veit du kan!

Eg trur eg sett eit punktum no. Om du vil ha ei meir blanda bokmelding kan du lese Sindre Hovednakks. Me er einige i at ho har forbetreingspotensiale, sjølv om han har trilla ein firar. Rita på ritaleser.com har skrive ei dobbelt så positiv bokmelding som meg. Les dei om du vart lei deg av mitt innlegg og får lyst til å sende meg ei lang grunngjeving om kvifor Brudekisten er bra pluss alle bøkene om Cato Isaksen, berre for at eg skal sjå noko genialt som endå ikkje har gått opp for meg.

Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)

Denne sommaren har eg lese to romanar som fleire har vanskeleg for å plassere. Kriminalroman eller “vanleg” roman? Den første, InnbundetRipper av Isabel Allende, meldte eg for ikkje lenge sidan. Den andre, Lola oppned av Monika Fagerholm, er hovudtemaet i denne bokmeldinga. Det som først og fremst fekk merksemda mi til å bli retta mot Lola oppned var baksideteksten. Eg trur ikkje eg greier å oppsumere innhaldet i romanen betre enn den, og difor har eg bestemt meg for å gjere eit unntak og latt den få lov til å seie litt om handlinga i boka:

Denne romanens småby er Flätnäs, et søvnig sted ved kysten sørvest for Helsingfors. I 1994 blir en ung mann funnet myrdet her, og kort tid etterpå en tenåringsjente. Politiet står fast. Snart mistenkes en og arresteres, snart en annen, uten at noe avklares. Småbyens mer skjulte sider til syne: Et selvmord setter dype spor. En ung jente i en rullestol har merkelig makt over mange barn. En annen tenåringsjente har et forhold til en kommunepamp. Først i 2011 er det tid for oppklaring. Det skjer i et middagsselskap der uventede gjester dukker opp.

Eg jobbar på ein bokhandel kor me meir eller mindre har plassert alle innbundne kriminalromanar som ikkje er nyheiter i ei hylle. Det er ikkje så frykteleg mange, og difor er det lett å ha eit greit overblikk. Når så dette omslaget dukka opp i hylla med tittelen Lola oppned, gjorde det meg meir enn litt nysgjerrig. For det er heilt klart at det er noko ved omslaget, noko spesielt og særiege. Noko som fanger merksemda.

Tom Egeland skreiv i ei bokmelding i VG 21. mai i år:

Monika Fagerholms «Lola oppned» kan leses som en lek med krimsjangerens klisjeer – eller som en litterær roman som effektfullt låner noen av thrillerens særtrekk.

Eg trur eg landar på alternativ to. Det er ein litterær roman, og den har heilt klart thrillersærtrekk. Eg ville ikkje ha plssert romanen i krimsjangeren, fordi mysteriet ligg i bakgrunnen. Det er eit stort spørsmål kven som er drapsmannen, men samstundes får ein òg bli kjent med så mange andre og livet i Flatnäs. Først tenkte eg at hovudpersonen var Jana Morton, men etterkvart forstod eg at hovudpersonen er Flatnäs. Hovudpersonen er tenåringane i Flatnäs på 90-talet. Kanskje aller mest Ca, eller kanskje aller mest Minni, eller… Nei, eg veit ikkje, for det er så mange viktige aktørar som spelar inn i liva dei til ulike ungdommane. Det er ei litt komplisert bok.

Eg vil kanskje seie at Ca er ein av dei viktigaste personane i romanen, sjølv om ho ikkje er hovudperosnen. Grunnen? Ho er der heile tida, spring mellom karakterane, får dei til å undre seg, står i sentrum av hendingane, er den mystiske ein ikkje får heilt taket på, den rotlause som eigentleg ikkje har nokon stad. Ho er søstera til Anita i Møllen, jenta som sit i rullestol og har ei merkeleg makt over barna i området, ho er elskaren til ein kommunepamp, ho er litt utanfor gjengen, men samstundes i gjengen som eit samtaleemene eller heilt i gråsonen. Ho er kanskje den mest spennande karakteren i romanen og den det er mest mystikk rundt. Men du har òg alle dei andre som svirrar rundt med sine problem og sine tankar. Romanen er fortalt i tredje person kor ein hoppar rundt forbi utan at det er forvirrande. Ein veit alltid litt meir enn karakterane, men likevel ikkje nok til å gripe alt, til å forstå alt som skjer.

Då eg var i Oslo i juli, måtte eg innom Eldorado, og heilt seriøst, det er eit Eldorado. Særleg forbokelskarar. Det er nesten litt stolt eg kan seie at eg ikkje var den som kjøpte flest bøker, faktisk berre to. Men blant dei to var det ein forfattar som er bitte bitte bitte litt viktig i dette innlegget.  Gjett ein gong, eller nei, det treng du ikkje. Det var Monika Fagerholm. Eg fann hennar roman Den amerikanske jenta. Eg er veldig spent på den, sidan Lola oppned var så god og original. Men kvifor så god og original. Av og til har ein tendensar til å strø om seg med uttrykk og adjektiv som kanskje ikkje seier så mykje fordi det er brukt før.

Jo, bok var god og original, fordi:

  • Karakterskildringane og utviklingane til karakterane er unike. Ein skildrar ikkje gjennom adjektiv, men gjennom verb og dialogar. Utviklinga følgjer gjeremåla, hendingane og det karakterane seier og tenkjer. Ikkje berre: “I motsetning til i går var Minni blid i dag.” Nei, ein forstår ut frå hendingane, verba som er brukt og tankane til Minni at ho er blidare i dag enn i går. Forfattaren har gjort det så riktig. Samstundes er det dette ugripelege eg har vore innpå. Alle karakterane er hovudpersonar, men eg føler alltid at dei skjuler noko for meg som lesar. Eg føler at eg er der kor dei er, men det er ei tåke mellom oss, som gjer at eg ikkje når heilt fram.
  • Lokalsamfunnet blir vist utruleg godt. Her har ein med alt frå eit lokallsamfunn som ein del romanar har: Rike karakterar, misslukka karakterar, missunnelege karakterar, ulukkelege karakterar. Eg synes det liknar litt på det lokalsamfunnet Rowling skildrar i The Casual Vacancy, på ein måte, men ikkje på alt. Der er motsetningane veldig tydelege. Karakterane tårer å vise det. Her er det som om alle veit kven alle er, alle veit kva dei meiner om kvarandre og kva andre meiner om dei, men dei dekkar over det. Det ligg alltid der og byggjer usynlege murar mellom dei, men dei ser på ein måte ikkje ellefanten i rommet. De forstår kanskje kva eg meiner? Dei vil ikkje sjå hovudproblemet. Alle veit at den og den karakteren har eit forhold, men dei snakkar ikkje om det. Alle veit alt om alle, men dei latar som om dei ikkje gjer det. Samstundes skapar det jo òg ei spenning når det kjem fram løyndommar som ingen veit noko om. Kvifor? Kanskje fordi dei føler seg svikta på ein måte. “Eigentleg veit eg jo ikkje dine løyndommar, i alle fall ikkje når me treffer kvarandre, men så gjer eg det likevel.” Tankegangen til mange karakterar i denne romanan. Og så dukkar det opp noko uventa og dei tenkjer: “Kvifor har ingen sagt det?” Eller kanskje heller: “Kvifor veit eg ikkje det allereie sjølv om ingen har sagt det?”
  • Fordi språket er utruleg bra. Språket er levande og har akkurat den effekten eg trur forfattaren håpa det skulle ha. Litt ugripeleg og litt for å vise avstand, men samstundes eit språk som tek deg med kor hendingane skjer. Eg greier ikkje heilt å forklare kvifor.

Om nokon faktisk vil kalle denne romanen ein kriminalroman, som ein gjer der eg jobbar, synes eg i så fall det må vere ein kriminalroman av ypparste klasse på mange måtar.

 

Og så over til noko anna enn bokmeldinga av denne romanen:

Unnskyld, unnskyld, unnskyld. Alle mine løfter om kontinuerleg blogging har blitt brotne go det er over ein månad sidan eg vart ferdig med denne romanen, og innlegget kjem idag! Det er ikkje heilt haldbart. Eg har verkeleg noko eg må jobbe med. Men, eg vil gjerne skulde på noko:

  • Arendalsveka
  • Skulestart
  • Jobb
  • Fødselsdag
  • Køyretimar

Sidan eg byrja  å skrive dette innlegget har alt dette skjedd. Frp 11.-14. august var eg i Arendal på den bitte litt berømte Arendalsveka. Heilt fantastisk å vere der for eit over gjennomsnittleg politisk engasjert menneske. Eg må tilstå at eg helsa på Ketil Solvik Olsen, og eg må tilstå noko som nesten er endå verre: Eg syntes at han var ein utruleg koseleg person. Ja, til og med FrParar kan vere det, og samferdselsministeren er utruleg koseleg på så mange måtar. Eg snakka ikkje mykje, men stod berre i bakgrunnen og høyrte på ein samtale mellom ein KrFU-venn og samferdselsministeren i Noreg. Jaja, så har eg gjort det og kan krysse av “Møte statsråd” på 127-ting-eg-vil-gjere-før-eg-døyr-lista, den lista som ikkje eksisterer…

Det har vore skulestart, og det var gøy å møte alle. Eg har nok ein gong byrja året med å legge meg til vanar som å sitje same plass i klasserommet, sjølv om det er ein time eg ikkje har fast plass i. Eg har byrja å gjere lekser, og eg har byrja å synes at lekser er litt sånn: “Åhr, vil ikkje”. Med skulestart startar jo òg alt anna opp, som til dømes dans og styremøter og alt anna gøy. Plutseleg gjekk eg tredje vidaregåande, plutseleg skulle eg bestille russeklede til våren, plutseleg var det russeweekend, og plutseleg var eg andre nestleiar i Rogaland KrFU… Alt dette kom med skulestart.

Ein annan gledeleg nyheit for meg, men kanskje ikkje for bloggen: Eg har byrja å jobbe fast og er deltidstilsett på Ark Bokhandel Kvadrat og jobbar annankvar laurdag.  Om nokon lurer, bloggen skal ikkje bli meir retta mot det du kan få kjøpt på Ark av den grunn. Men i det minste liker eg jobben min. Eg liker å anbefale bøker, stå bak kassa, møte folk, og eg misliker at det tek to timar å reise heim på laurdagar frå Kvadrat…

Og så, EG ER 18 ÅR! (What?) Ja, det er litt uforståeleg. Plutseleg er eg “vaksen”, i alle fall på papiret. Eg er myndig òg. Kva skjer med verda, liksom? Går i alle fall ikkje framover med den no… Ok, skal slutte å tulle, men det er litt kult at eg har blitt atten. Litt.

Ein annan ting, som sjølvsagt kjem med at eg er atten, og som er knytt til det siste punktet som heiter “køyretimar”: Eg bestod førarprøva i går.  Eg kan køyre bil. Aleine. Utan L. Utan ledsagar. Det er deileg å ha lappen, og til og med på første forsøk. Det var ikkje rein glede eg kjente på då eg fekk den. Det var heller det at eg var letta. Åh, så godt det var å høyre frå sensoren: “Da kan jeg gratulere deg med bestått førerprøve”. Skitt! Det er dette eg har sett fram til kjempelenge, og no er det over.

 

Ja, ok, så kva med bloggen? Det går sin gang.Somme gonger er eg litt meir travel enn andre gonger, men eg trur de har forståing (håpar eg); og eg les, og eg tenkjer gjennom innlegg, men det er det å få det ut som er litt vanskeleg. Ut på bloggen. Eg har faktisk lese nokre bøker òg. Mockingjay av Suzanne Collins, The Silkworm av Robert Galbraith. Held på med Til Jacobs forsvar av William Landay. Og eg er ferdig med min første klassiske roman på engelsk: Sense and sensibility av Jane Austen.

 

Allende, Isabel: Ripper

Isabel Allende har etterkvart blitt eit kjent namn i litteraturverda. Sjølv har eg berre lese ein roman av henne, Maya, men den var 18090150til gjengjeld god. Då eg høyrte at denne boka skulle vere ein kriminalroman, eller i alle fall vere litt krimaktig, måtte eg lese den òg. Ein tendens ein kan sjå i litteraturen er at kriminalromanane påverker andre romanar. Folk vil ikkje kenger lese bøker utan “mål og meining”. Dei vil ha eit mysterium, noko ein skal finne ut av, kanskje ein drapsmann. Øydeleggjer det litteraturen?

Amanda Martín er ei jente som er oppteken av litt uvanlege ting, som til dømes å løyse mysterier. Saman med ei gruppe personar ho har kome i kontakt med over internett prøver å ho løyse drap i San Fransisco. Spelet blir kalla Ripper. Ein annan viktig person i romanen er Indiana, Amandas mor, som absolutt ikkje liker Ripper. Kvifor kan ho ikkje vere oppteken av andre ting? Er det sunt for ei ungdomsjente å vere oppteken av drap? På andre sida sit bestefaren, Indianas far, og oppmuntrar denne “harmlause” leiken, og han er gjerne med sjølv. Den store draumen hans er nemleg å utgi ei bok ein vakker dag. Bob Martín må eg heller ikkje gløyme, Amandas far, jobbar i politiet. Jo, her har ein vel dei viktigaste karakterane.

Det byrjar med eit drap, i november, og held fram med eit i desember, eit i januar osv. Dei er svært ulike, og det ser ikkje ut til å vere nokon faktor som binder dei saman. Alle teoirar om ein seriedrapsmann er fåfengte, eller kanskje ikkje? Amanda fattar interesse for drapa, og faren Bob er både ufrivillig og frivillig, frå hans side, ei god kjelde til informasjon. Er det samanheng mellom drapa, eller er det ikkje? Seriedrapsmann-litteraturen har blir utruleg vanleg, og særleg det å knytte noko psykologisk til personen som utfører det. Personen har ei slik psyke, har hatt ein slik barndom, er av det kjønnet og alt anna som ein bør vite om ein person som går rundt og dreper andre. Denne romanen sparer oss til ein viss grad for dette, ved at det faktisk ikkje ser ut til å vere ein seriedrapsmann. Heldigvis vil eg seie. Den derimot ikkje sparer oss for er inngåande skildringar av andre karakterar. Indiana. Amanda. bestefar (som sjølvsagt heiter noko anna enn bestefar, men kva kan eg ikkje hugse. Boka er på biblioteket….), Ryan Miller, Alan Keller, Bob Martín og elles ein haug med andre personar. I Byrjinga kan det verke heilt bak mål å ta med skildringar av så mange ulike karakterar, og så inngåande.

Indiana er litt frisinna kan ein vel seie. Ho jobbar med det ein vil kalle alternativ medisin på ein klinikk. Fleire av pasientane som kjem til henne blir skildra detaljert. Kvifor då? Kvifor skal alle karakterar bli skildra på den måten? Flinke, profesjonelle og rutinerte forfattarar som Allende veit kor dei vil, eller i alle fall veit ho det. Det er ikkje bak mål. Det kan verke slik i byrjinga, men etterkvart ser ein at opplysningane er nødvendige. Med fordel kunne det ha vore kutta ned litt på Ryan Miller og hunden hans, og kanskje òg på Alan Keller og familieproblema hans, men utanom det, viser Allende seg til å vere ein målretta forfattar som dreg alle viktige karakterar med frå byrjinga av. Ho gjer dei interessante, og eg synes eg kan sjå eit særtrekk ved karakterane hennar berre ut i frå Ripper og Maya. Kva då? Jo, dei er uperfekte. I tillegg har ho tydelegvis sansen for karismatiske personar som ikkje nødvendigvis er religiøse, men meir alternative. Indiana, som er mot til Amanda, bestemora til Maya. Dei er begge litt spesielle. Amanda derimot er logisk og teoretisk. Korkje noko religiøst eller karismatisk ved henne. Nei, eg seier ikkje at religion er ulogisk og ikkje teoretisk, men det er ein stor kontrast mellom henne og mora. Likevel er dei glad i kvarandre og vil den andre det beste.

Handlinga, kva med den? Krim eller ikkje? Romanen har heilt klart litt krim i seg. Mysterium er jo sjølve særtrekket til ein krim, men eg vil påstå at denne romanen ikkje er ein kriminalroman. Kvifor? Det blir litt vanskeleg å forklare, men eg skal prøve. I ein kriminalroman startar ein med eit lovbrot som utgangspunkt. Så kjem spørsmåla: Kven, kva og kvifor? Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor? Så vil resten av romanane nærme seg svara på desse spørsmåla. Sjølv om Ripper til ein viss grad har som mål å løyse eit mysterium, har den kanskje eit endå meir overodna mål: At karakterane skal finne ut kven dei er, kva dei vil, kvifor dei vil dette. Hovudtemaet er lagt til karakterane og ikkje mysteriet. Etterforksinga er ikkje konstant med i handlinga, men det er derimot relasjonane, personlegdommane og liva til dei dette handlar om. Det er noko meir djuptgåande ved denne romanen enn spørsmålet om kven som er drapsmannen.

Allende er dyktig, og eg kan ikkje gjere anna enn å gi henne skryt for denne boka. Berre spelet Ripper som Amanda Martín driv for å oppklare drapa er interessant nok i seg sjølv og ein original måte å etterforske på. Likevel, den mangler det litle ekstra på andre måtar. Språket er bra, skildringane er heilt etter etter boka, og romanen kan vel klasifiserast som grei litteratur. Men eg vil seie at mysteriet “dreper” litt det fantastiske ved den. I alle fall det at mysteriet på ein måte tek stor plass, men på den andre sida ikkje tek så mykje plass som i ein kriminalroman. Maya var meir rå og spesiell. Men om ein samanliknar med den heilt gjennomsnitlege kriminalromanen, er denne mange gonger betre.

Forresten, Ripper har blitt gjeven ut på Gyldendal med tittelen Amandas gåte.

Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman

Nokre ungdomsromanar er rett og slett det ein kallar for geniale. Geniale, originale og spesielle. Adjektiv er 12510082noko ein kan strå litt for lett rundt seg når ein er heilt bergteken av nokre bøker. Det er derfor eg skal prøve å i staden lage ei litt “uvanleg” bokmelding av dystopien Catching Fire, bok to i The Hunger Games-serien av Suzanne Collins. 

Med “uvanleg” meiner eg slik som med den førre romanen i serien, The Hunger Gamesfor å unngå berre repetering av det andre har skrive om romanen. Grunnen er at Catching Fire uansett treng eit innlegg, den fortener det. Det er ei bok som ikkje berre er skjønnlitterær, men som òg har fleire parallellar til verda me lever i. Om den første romanen skreiv eg dette:

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at “alt” skjer i Oslo, “alt” er i Oslo og ein “må” til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra “lodd” når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må “ta ansvaret” for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. “Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?” Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: “Capitol er berre for forferdelege og horrible”. Og så er det oss.

Dette er like aktuelt for Catching Fire. Capitol har stramma grepet om distrika endå meir, og rundt om i Panem byggjar det seg opp mot opprør. Katniss og Peeta skal ut på turné i distrikta etter sigaren i The Hunger Games, og dei veit at medan dei er på turné må dei sjå inn i auga på familiane til dei som vart drepne i arenaen. Heile opplegget til Capitol gjer meg kvalm, akkurat slik som det gjer Katniss og Peeta kvalme. Eg har skrive at Capitol kan vere ein parallell til oss, til vesten, men no ser eg òg at det kan vere ein parallell til diktatura rundt om i verda. President Snow er ikkje berre ein dystopisk figur i eit oppdikta land. Han er andletet og representaten til alle diktatorar som undertrykker befolkninga og skjelv i buskene ved kvart minste opprør. No byggjer det seg opp mot revolusjon.

Etter Den arabiske våren 2011 trur eg me veit kva revolusjon kan bety. Om ein ser på Tunisia, Egypt, Libya og Syria, og kanskje òg Ukraina til ein viss grad, sjølv om det ikkje ligg i Midtausten, ser ein at det er i høgste grad eit aktuelt tema.  Revoulsjon er ikkje berre det som skjedde i Frankrike i 1789 eller i spania i 1936. Revolusjon kan skje når som helst. Collins har laga aktuelle bøker.

Noko av det eg liker best er den “menneskelege” sida ved Katniss Everdeen. Heltinner har lett for å bli tøffe og uredde, men Katniss er heller bekymra og nølande. Eg er sikker på at ingen opprørsleiarar som har protestert mot styresmaktene har gått inn i det utan å kjenne på redsle eller frykt. I alle fall nesten ingen. Liu Xiabo, Martin Luther King Jr. og Aung San Suu Kyi er menneskelege, og ein eller annan gong må dei ha frykta for liva til dei som stod dei nært. Kom ikkje her og fortel meg at heltane gjekk inn med hovudet heva frå første stund, sjølv om det kanskje verkar slik. Det kostar å kjempe for ei sak, noko Katniss viser.

Before I go down to face this new life, thoughI take some time making myself acknowledge what it will mean. Less than a day ago, I was prepared to head into the wilderness with my loved ones in midwinter, with the very real possibility of the Capitol pursuing us. A precarious venture at bes. But now I am committing to something even more risky. Fighting the Capitol assures their swift retaliation. I must accept that any moment I can be arrested. There will be a knock on the door, like the one last night, a band of Peacekeepers to haul me away. There might be torture. A bullet through my skull in the town square, if I’m fortunate enough to go that quickly. I imagine these things and I’m terrified (…) 

Now comes the harder part. I have to face the fact that my family and friends might share this fate. Prim. I need only to think of Prim and all my resolve disintegrates. It’s my job to protect her. I pull he blanket up over my head, and my breathing is so rapid I use up all the oxygen and begin to choke for air. I can’t let the Capitol hurt Prim.

The Hunger Games side 138-139

Menneskelege tankar om det å gjere opprør. Det å ville ha alt: Ein god stad å bu, eit “demokratisk” styre og venner og familie. Det blir sett ord på veldig bra. Katniss kjem òg etterkvart fram til at Capitol allereie har skada Prim. Dei har allereie gjort det ved The Hunger Games, ved at ho svalt då ho var mindre og ved at faren døydde. Det felles beste, om ein revolusjon lukkast, mot familieliv og tryggleik. LIkevel er det ikkje berre berre for Katniss å leve vanleg når President Snow har auga på henne. Det er opprør i fleire distrikt, og ho er redd ho skal få skulda for det. “The Mockingjay” blir eit symbol på opprøret.

Over til noko anna ved “diktaturet” som herskarane utgjer. Ein av menneskerettane er:

”Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende1 ektefeller.”

Eg skriv stadig vekk negativt om Twilight, og dette blir ikkje eit unntak. Kva er hovudpoenget med Twilight? Det er i alle fall ikkje djupt eller aktuelt eller viktig. Hovudpoenget er at Bella skal få seg kjærast. Blir det Edward Cullen eller blir det Jackob Black? Veldig spennande. Konflikt mellom gutane, fire romanar for å finne det ut, og til slutt blir det jo Edward. Som kompensasjon får Black dottera til Bella. I The Hunger Games er det òg eit kjærleiksdrama. Skilnaden er at det ikkje er ein egositisk jentunge i midten som berre tenkjer på kven som er rett for henne. Sanninga er at Katniss har så mykje å tenkje på at kjærleik er det siste ho orkar å gjere noko med. I tillegg må ho late som om ho er forelska i Peeta for å gjere publikum tilfreds. Gale har sagt klart og tydeleg at han elskar henne. Ho er forvirra, ho er redd, og i tillegg må ho gifte seg med Peeta for å overtyde distrika, Capitol og President Snow.

“Even if you pull it off, they’ll be back in another few months to take us all to the Games. You and Peeta, you’ll be mentors now, every year from here on and out. And every ear they’ll revisit the romance and broadcast the details of your private life, and you’ll never, ever be able to do anything but live happily ever after with that boy.”

The full impact of what he’s saying hits me. I will never have a life with Gale. I will have to be for ever in love with Peeta. The Capitol will insist on it. I’ll have a few year maybe, because I’m still only sixteen, to stay with my mother and Prim. And then … and then…

(…)

I’ll have to marry Peeta.

The Hunger Games side 50

Til sitatet frå menneskerettskonvensjonen: Katniss har ikkje noko val. Ho er i ein håplaus situasjon som på ingen måte liknar Bella sin. Ho er tvinga til å gifte seg med den eine, men veit egentleg ikkje om ho vil gifte seg med den andre heller. Ho har trass i alt eit opprør å tenkje på, og det at President Snow har lyst til å drepe henne.

The Hunger Games er ein god serie. Collins har verkeleg laga ein fantastisk serie, i alle fall til no, og om de ikkje har lese den før, så gjer det gjerne no. Eg nølte, men det hadde eg ikkje trengt og gjort.

Kriminalromanar 2014 del 1/2

Eg såg igjennom lista over leste bøker som eg ikkje har laga bokmelding av, og gjekk kva som viste seg. Jo, det viste seg at ni av ti bøker er kriminalromanar. Difor bestemte eg meg for å oppsummere heilt kort fleire av dei. Det kjem `og eit litt lengre innlegg av Ripper av Isabel Allende etterkvart.

Larsson, Stieg: Jenta som lekte med ilden (og Luftslottet som sprengtes

Jenta-som-lekte-med-ilden_productimage

Baksidetekst Jenta som lekte med ilden

Lisbeth Salander vender tilbake til Sverige etter et lengre opphold i utlandet. Hun har skaffet seg en stor sum penger og er for første gang i sitt liv økonomisk uavhengig. Samtidig har Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium fått tilgang på brennhett nyhetsstoff: Journalisten Dag Svensson og hans samboer Mia Bergman har kommet over avslørende opplysninger om en omfattende sex-handel mellom Øst-Europa og Sverige. Mange av dem som er innblandet i saken, har fremtredende posisjoner i samfunnet. Dystre hendelser i Salanders fortid begynner også å gjøre seg gjeldende. Da Dag og Mia blir brutalt myrdet, rettes mistanken mot Salander, og en storstilt politijakt settes i gang. Salander bestemmer seg for å gjøre opp med fortiden en gang for alle og sørge for at de som fortjener det, får sin straff. Blomkvists og Salanders veier krysses nok en gang

Baksidetekst Luftlslottet som sprengtes

To personer tas inn for øyeblikkelig hjelp på akuttmottaket på Sahlgrenska sjukhuset i Göteborg. Den ene er Lisbeth Salander, som er etterlyst mistenkt for dobbeltmord. Hun har en livstruende skuddskade i hodet og må opereres umiddelbart. Den andre heter Aleksandr Zalatsjenko, og det er Luftslottet-som-sprengtes_productimageSalander som har gått løs på ham med øks. Luftslottet som sprengtes starter der Jenta som lekte med ilden slutter. Lisbeth Salander har overlevd å bli levende begravd, men problemene hennes er langt fra over. Zalatsjenko er tidligere yrkesmorder i den sovjetiske etterretningstjenesten. Han er dessuten Salanders far, og han har prøvd å ta livet av henne. Sterke krefter vil nå uskadeliggjøre henne en gang for alle. Samtidig graver Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium i Salanders skjulte fortid

Eg las den første kriminalromanen om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist i januar og måtte halde fram med bok to og tre. Det første eg tenkjer på når eg skal skrive om desse to kriminalromanane er at dei har eit rikt persongalleri på mange måtar. Det er både positivt og negativt. Negativt på den måten at ein nærast må skrive opp ei liste for å halde styr på alle. Positivt på den måten at det visar kaoset. Det viser vrimmelen av personane dei må forhalde seg til for å komme til botnen. Eg må berre seie at Lisbeth Salander er ei med futt i som eg diggar. Det einaste er at ho er hakket for mykje supermenneske. Ho er for flink, for udødeleg til at ho går heilt igjennom. Ein ting er dyktige hovudpersonar, men når dei er flinke, dyktige, pene, unge, instinktive, impulsive, sterke og elles positive på nesten alle område er det litt vel mykje. Det som er eit pluss er historia hennar som kjem fram i slutten av den andre romanen. Det at ho har lidd enormt mykje reddar heile karakteren. det at ho er traumatisert og har ein voldsom hevnlyst.

Bok to og tre er `og godt skrivne. Mange tenkjer kansje at: “Dette kunne vore ein roman og ikkje to, hadde det ikkje vore for storleiken-” Slik er det ikkje. Hovudlinja ligg der i begge. Kva er historia til Lisbeth? Kva skjedde då ho var tenåring? Alt handlar om det same systemet. Bok tre tar til der bok to slutta. Likevel er det `og to separate historier. I alle fall er historia i bok to separat frå den i bok tre på den måten at i bok to har ein `og to mord å oppklare som kanskje ikkje er så direkte knytt til Lisbeth Salanders historia. Likevel, ein bør lese bok to før bok tre. Bok ein først, men der sluttar alt der det slutta. Håpar de forstår.

Uansett, Stieg Larsson er genial, og han har skrive geniale romanar. Dei er i tillegg sprø, morosamme, og han har ein heilt spesiell eigenskap til å gjere det spennande.

Faye, Lindsay: Gothams Guder

Baksideteksten:

845. New York vedtar endelig å opprette sitt eget politikorps. I Irland svikter potetavlingene totalt, med en 9788203216725_Fayesultkatastrofe og enorm utvandring som følge. Disse to hendelsene skal forandre byen New York for alltid.

Timothy Wilde jobber i en bar og fantaserer om den dagen han vil ha nok penger til å vinne drømmejenta. Men etter en brann som lar Manhattan gå opp i flammer, er han både arbeidsløs og hjemløs. Hans bror skaffer ham en jobb i NYPD, men Timothy er svært skeptisk til dette nye «politikorpset». Og han er heller ikke spesielt begeistret for å måtte patruljere byens verste slumstrøk.
En natt støter han på en jente, som løper gjennom mørket i bare nattkjolen – dekket fra topp til tå i blod. I et forsøk på å finne ut av jentas vanvittige historier, blir Timothy viklet inn i jakten på en brutal morder som virker fast bestemt på å forsterke den anti-irske stemningen i byen. Dette truer med å skape totalt kaos i et New York som allerede er rystet av dype sosiale omveltninger.
Timothys kamp for rettferdighet kan komme til å koste ham kvinnen han elsker, broren og hans eget liv.

Lindsay Faye var eit ukjent namn for meg fram til det dukka opp i Aschehougs vårkatalog. Dette er det året eg har prøvd å lese seriar i rekkjefylgje, og då byrja eg med dne første boka i serien til Lindsay Faye om New Torks politikorps på 1800-talet. Det første eg la merke til er at det er god underhaldningslitteratur. Det er fengande, spennande og god driv. Likevel er det ikkje ei god bok skjønnlitterært sett. Det er veldig dårleg språk, som ikkje vitnar om noko fargerikt. Ikkje ein gong nyanse, berre overforklarande og rett og slett platt. Heile meg skrik i frustrasjon når eg er at ei dør er “solidere”. Adjektivet solid er ikkje “solidere”, men “mer solid” om det skal bøyast. Unnskyld meg, omsetjar, Aschehoug: Korrektur.

Uansett, det øydela ein delf for meg med språket, og særleg adjektivet “solidere”. I tillegg gjekk alt utruleg fort. Det var vanskeleg å følgje med i alt som skjedde. Forfattaren er lite flink til å få lesarane til å følgje med og forstå kva som eigentleg skjer. Ein ting er at ho overforklarer, men om ho ikkje gjer det, klarer ho heller ikkje å seie noko indirekte. Det er der noko av forteljarkunsten ligg. Du skal ikkje overforklare eller bruke for mange adjektiv i skildringane, men du skal likevel få lesaren til å forstå. Lindsay Faye slit verkeleg her, og mange formuleringar burde vore revurderte, sletta eller gått meir nøye gjennom for at romanen skulle ha haldt mål. Underhaldning, men ingenting anna.

Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken

Baksideteksten:

Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry 2004.Bokomslag_fil.200Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.

Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.

Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.

 

Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?

Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk

Eg har latt vere å skrive noko om denne romanen heilt til no. Den hadde fortent eit godt og langt innlegg om språk, plot, karakterar og alt anna  ein roman kan bestå av. MEN når du har lese ei bok og kjenner at alle kjesnlene dinne er sette i sving, du kjenner at denne romanen fortener skryt og seksarar i aust og vest, er det nesten farleg å skrive eit innlegg. Ikkje berre vil det mangle grunngjeving for godt språk, fantastiske karaterar og eit godt utforma plott, men det kan fort bli til adjektiv følgjer adjektiv og det berre er ros, skryt, og ein kastar bort alt som heiter litterær kvalitet til fordel for opplevingar. Noko av det siste som står i romanen, eit råd frå Harry Quebert til Marcus Goldman, skildrar mi kjensle etter eg var ferdig med romanen:

“En god bok, marcus, kan ikke bare måles ut fra de siste ordene, men ut fra den samlede effekten av alle ordene i den. omtrent et halvt sekund etter å ha lest ut boka du, etter å ha lest det aller siste ordet, skal leseren kjenne seg oppfylt av en sterk følelse, en liten stund skal han ikke tenke på noe annet enn det han akkurat har lest, studere omslaget og smile litt vemodig fordi han vil savne alle romanfigurene. En god bok, Marcus, er en bok man synes det er synd å ha lest ferdig.”

Eg sat verkeleg slik dei skildrar her, og eg tenkte: “Wow, det er så sant”. Men eg legg merke til at det står “et halv sekund”. “Omtrent etter et halvt sekund”. Altså ikkje ei veke eller ein månad. Eg sat ikkje og såg på omslaget ei veke etterpå, og i dag kan eg ikkje ein gong seie at eg er lei meg for å allereie ha lese boka. Når eg ser alle dei overstrøymande bokmeldingane lurer eg på om dei har byrja å skrive “et halvt sekund” etter dei er ferdig med boka og berre sendt den inn.

Plottet er godt gjennomarbeida på mange måtar, men er ikkje den klassiske forfattaren med skrivesperre som må komme seg bort for å byrje å skrive igjen veldig typisk? Er ikkje Goldman ein typisk romankarakter av den typen som gjer at du forstår at det som skjer får han til å skrive igjen. Forutsigbart. I tillegg har ein det typiske reinvaskingsplottet. Ein karakter skal bli reinvaska for eit lovbrot han eller ho ikkje har begått, i dette tilfellet Harry Quebert. I tillegg er det “kven-gjorde-det eigentleg-plottet” og “lukka-rom-som-i-Agatha-Christie-plottet”. Lukka rom, ja, fordi staden kor alt finn stad er liten og det er ikkje mange karakterar som kan ha gjort det. Altså ei veldig typisk bok med fleire plott blanda saman, som passar bra saman og som alle er typiske.

Mange av karakterane er stereotypiske. Mora til Marcus Goldman liknar mistenkeleg mykje på Mrs. Dashwood frå Sense and Sensibility eller Mrs. Bennet frå Pride and Prejudice. Heilt klar for at vesleguten skal finne seg ein kjærast og gifte seg, det einaste ho er oppteken av. Ho er så stereotypisk at det finst ikkje maken til henne.

Mange meiner at språket til Joël Dicker er fantastisk, men eg vil heller seie annleis. Det er ikkje bra eller av god litterær kvalitet, men annleis. Det betyr ikkje det same som fantastisk. Likevel, det er ei sjeldan leseoppleving som eg trur mange vil like, så om det er det du er på jakt etter så bør du lese denne boka, men viss det er ein roman av god litterær kvalitet så ligg unna.

Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling

Baksideteksten:

After losing his leg to a land mine in Afghanistan, Cormoran Strike is barely scraping by as a private investigator. 17684326Strike is down to one client, and creditors are calling. He has also just broken up with his longtime girlfriend and is living in his office.

Then John Bristow walks through his door with an amazing story: His sister, the legendary supermodel Lula Landry, known to her friends as the Cuckoo, famously fell to her death a few months earlier. The police ruled it a suicide, but John refuses to believe that. The case plunges Strike into the world of multimillionaire beauties, rock-star boyfriends, and desperate designers, and it introduces him to every variety of pleasure, enticement, seduction, and delusion known to man.

You may think you know detectives, but you’ve never met one quite like Strike. You may think you know about the wealthy and famous, but you’ve never seen them under an investigation like this.

Etter å ha lese The Casual Vacancy av J. K. Rowling tidlegare, venta eg meg store ting frå henne, men eg syntes ikkje The Cuckoo’s Calling var i nærleiken av å vere like god. Jo, den kriminelle debuten til forfattaren er godkjent. Den er godkjent. Plottet er jo eit typisk kriminalplott, og eg vil seie at romanen føyer seg inn blant dei britiske kriminalromanane. Britiske kriminalromanar er det noko heilt spesielt ved spør du meg. Dei er meir rolege og kan dreie seg meir om personar, psykologi og motiv enn det mange nordiske gjer. Eg kjenner Val McDermid litt igjen i Rowling (eller Galbraiths) roman. Det er ikkje så rart at ho har skrytt av den. Handlinga er spennande og er konsentrert rundt handlinga som har skjedd, og den er veldig typisk krim.

Det eg synes ho manglar, som ho har i både Harry Potter-serien og i The Casual Vacancy er skildringane av karakterane. Dei skildringane som gjer at ein verkeleg kjem innpå karakterane på ein heilt annan måte. Ho har litt av det, men veldig lite. Det er det menneskelege eg er på utkikk etter. Robin og Cormoran er spennande nok, og det same er Lula Landry, men dei har ikkje dette ved seg at ein blir dratt mot dei. Ein har ikkje den same medkjensle med dei og kjenner seg ikkje like godt igjen. Trass i alle magiske eigenskaper Harry Jackob Potter har, kjenner eg meg igjen. Trass i at eg ikkje er på same stad i livet som Crystal, har eg ei sterk  medkjensle med henne og ho får meg til å ville gi henne ein klem eller passe på henne eller berre bli kjent med henne. Dette er døme frå tidlegare romanar. Likevel, The Silkworm ligg klar og eg håpar at den blir endå betre, for då er det bra. Likevel, eg ser at i motsetning til andre kriminalforfattarar er ho god på karakterar.

Dette var ei “lita” oppsumering, og del to kjem seinare.

No skal eg prøve å gjere meg ferdig med Sense and Sensibility av Jane Austen. Faktisk. Endeleg. Jepp, det skal eg!

Ha ei fin helg.

Oikonomaki, Anne Bergset: Smådjevlane (Det Norske Samlaget 2014)

Det går treigt for tida, men no fekk eg tid til å hive inn eit innlegg. Lokallaget i KrFU som eg er leiar for blir ti år til helga, og det er SL_Rota_sort_8mmlitt å styre med, og i tillegg har eg vore i debatt med dei andre ungdomspartia, og det tek si tid med opningsinnlegg og øving. Skulepolitikk er ikkje berre berre. Likevel har eg lese litt bøker i april, ei har eg laga bokmelding av allereie, men eg har framleis nokre igjen.

Anne Bergset Oikonomaki hadde eg aldri høyrt om før, men romanen såg spennande ut, og eg bestemte meg for å gjere eit forsøk på ein kriminalroman frå Kreta. Eg er litt småforelska i bøker frå Hellas, men det gir meg ikkje skylappar. Smådjevlane er eit døme på at eg har den kritiske sansen min i orden. Kriminalromanen handlar rett og slett om Elsa og Andreas som begge er på Kreta på same tid. Elsa reiser saman med ei kvinne ho aldri har møtt før same dagen som ho reiste. Andreas er spesialagent for Organization Europe 3, og han reiser til Kreta for å stoppe ei last med kurdiske barn som ein kirurg skal bruke til forsøk. Det viser seg etterkvart at Elsa har fått eit brev av kvinne ho reiser med som kan ha med saka å gjere. Og jippi, der har me ein kriminalroman på grensa til det fantastiske. Eg har aldri sett James Bond, men eg har lese bøker om unge James Bond, og eg ei kjensle av å lese ein slik roman, berre meir amatørmessig.

Forfattaren viser ein enorm vilje til å lage ei spenningsfylt historie med masse action og fleire mysterium. Det ho til slutt sat igjen med var ein roman kor handlinga sto i fokus og karakterane vart vage og eindimensjonale konturar. Eg vil gå så langt som å seie at karakterane ber ei historie. Det er vala deira, personlegdommane deira og handlingane deira som utgjer eit plott. I kriminalromanar er det òg karakterane som utløyser hendingane. Det har skjedd noko kriminelt, altså må det vere ein kriminell bak som enten har vore den direkte eller indirekte årsaka. Handlinga til denne personen gjer romanen til det den er. Dette har Oikonomaki fått med seg, men ho har ikkje fått med seg at det kanskje er eit poeng og la lesaren få eit greit forhold til desse karakterane og lære dei å kjenne. Ho har ikkje fått med seg det viktige ved at karakterane er litt djupe og komplekse. Mystiske karakterar: Ja takk! Likevel kan ikkje alle vere mystiske, og her har forfattaren ikkje hatt nokon intensjon om mystiske karakterar. Ho har rett og slett feila i få lesaren interessert i dei.

Eg liker eigentleg ikkje å vere negativ, men heller ærleg enn uforskamma positiv. Kjære alle saman, om du ikkje liker ei totalt urealistisk og platt handling kor action står i fokus og overskuggar alt anna, ikkje les denne romanen. Action er bra, og eg som liker kriminalromanar tåler sjølvsagt action. Men når action overskuggar alt som heiter djubde i boka, og ikkje minst blir gjort til noko alt for overvilt og irriterande blir det ikkje like bra lenger. Oikonomaki burde ha porsjonert det ut over fleire romanar og lagt inn meir om karakterane og ikkje minst fokusert meir på den delen av handinga som går på tankar, refleksjon og gode tankerekkjer. I politikken er det ofte eit mål at ord blir handling. Her er det omvendt. La handling bli ord og refleksjon!

Av og til klagar eg på lengda på romanane eg les. Denne gongen er det litt det at den er kort. Det er akkurat som om ho har bestemt seg for at romanen skal vere på så mange sider, BASTA! Eg kunne gjerne hatt ein lengre roman kor ho ikkje berre skrapte på overflata, for det er det ho gjer i denne. Det omfattande plottet passar rett og slett ikkje inn om det ikkje skal vere overflatisk. Noko anna eg reagerer på er at boka er litt kjenslelaus. Nynorsk er eit vakkert språk, og det er bokmål òg, men ein må bruke det. Ein kan ikkje berre skrive det, men ein må bruke verknaden det har og velje riktige ord. At kurdiske barn blir kidnappa for å vere ein del av nokre forsøk er jo heilt urespektabelt, om det skjer i ein roman eller i røynda. Likevel kjente eg berre på den kjensla at eg var likegyldig. Det er fælt å seie, men alt var så fjernt at det gjekk ikkje inn på meg. Det var kanskje to kapittel om kurdarane som vart ramma, og to kapittel er ikkje nok til å få eit sterkt forhold til ein familie. Det er akkurat som dei små klyppa midt i Dagsrevyen, når dei berre har ei kort oppsumering av nokre hendinga og du eigentleg sit og ventar på at dei “større” nyheitene skal komme. Akkurat som Dagsrevyen har Oikonomaki valt kva ho skal fokusere og kva lesaren skal bry seg med. Men sjølv om Dagsrevyen berre bruker ti sekund på å seie noko om dei millionane i Syria som svelt, betyr det ikkje at det er rett. Det at Oikonomaki berre bruker to kapittel på å seie litt om kurdarfamilien betyr ikkje at det er riktig, men heller at ho har gjort ei feilvurdering. Eg forstod ikkje at akkurat det var viktig før eg hadde lese boka.

Eg vart skuffa rett og slett. Når du skummar gjennom ei bok utan å oppleve eit klimaks, utan å kjenne at den gir deg litt, utan å like karakterane og i tillegg synes plottet rett og slett berre inneber action og ikkje noko anna, då har du ikkje oppnådd noko optimal leseoppleving.

Romanen er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget

Férey, Caryl: Mapuche (Aschehoug 2014)

Akkurat son elles i 2014, bar eg via lesestundende mine til kriminalromanar, òg i påsken. Ein av romanane eg las var Mapuche, ei 9788203219252_Fereybok som vart utgjeven på Aschehoug no i 2014. Caryl Férey var eit namn eg ikkje hadde høyrt før ein epost tikka inn i innboksen min og eg fekk romanen tilsendt. Noko av det som kanskje pirra meg mest var staden romanen var lagt til. Eg er svak for romanar som er lagt til litt eksotiske stader, til dømes Hellas, Frankrike eller som no, Argentina. Enten eksotisk eller gjenkjennleg. Det plar likevel ikkje å påverke meiningane mine om boka, men Argentina etter militærdiktaturet utgjer heilt klart ei spennande rame for ei historie som denne.

Ein prostituert trasvertitt vert funnen ved havna i Buenos Aires av Mapuche-indianaren Jana og transvertitten Paula alias Miguel Michellini, dei to som stod han/henne nærast. Det er her historia startar frå eine kanten. Paula saknar veninna si, Luz, og ber Jana hjelpe henne med å finne henne. Det ender i eit skrekkeleg syn nede på havna. På den andre kanten startar historia med ei anna sakna kvinne. Privatdetektiven Rubén Calderon byrjar å sjå på kor Maria Victoria Campallo, dottera til den rike forretningsmannen, Eduardo Campallo. Sakte, men sikkert, blir desse to sakene knytt saman gjennom romanen, og i eit land prega av eit tidlegare militærdiktatur, kan det vere nok av fiendar, mysterier og spenning.

Det er ingen tvil om at boka har eit tydeleg historisk perspektiv, men kanskje likevel litt utydeleg. For dei som aldri har levd på den tida og som ikkje har høyrt om det før, gjekk det litt vel fort i svingane. Difor bestemte eg meg for å gjere litt research via menneskets bestevenn, Google. For det første, eit militærdiktatur er eit styre kor ein eller fleire militære leiarar styrer over eit land, og denne leiinga kalles ofte ein junta eller militærjunta som er eit spansk ord for fellesmøte (Dansk Wikipedia) Undersøkingane mine viser òg kor mykje av boka som ikkje er fiksjon. Karakterane er fiksjon sjølvsagt, men ramene er ikkje det. Mødrene på mai-plassen har eksistert, og akkurat som i romanen jobbar dei med å finne “Argentinas Stjålne Barn”. Fleire hundre barn som vart født av fiendane til regimet vart adopterte bort til gjerningspersonane (Amnesty International). Òg dei kjente dødsflygningane er med i romanen. Det er verkeleg interessant å sjå at forfattaren har latt etterdønningane vere scenen kor dramet blir utspelt, og når eg har funne ut alt dette, gjer det romanen endå meir interessant.

 Det som kjem no innheld nok litt spoilarar, men eg misliker sterkt å ikkje kunne lage bokmelding utan å gå innpå litt av romanen, vere litt djupare, og de får halde dykk sjølve ansvarlege om de les resten av innlegget, sjølv om de planlegg å lese boka. Men bla gjerne nedover til slutten til der spoilarane er slutt, om du vil ha meininga mi om romanen.
Férey bruker “Argentinast stjålne barn” til å lage eit mysterium. Det blir raskt oppdaga at nettopp Campallo er eit av dei, og det gjer at dimensjonane vert endå større, men likevel for lesaren veldig nære. No har ein både noko som er vanskeleg privat og som går innpå hovudpersonane, men ein har òg noko som er mykje større enn berre den eine saka. Saman med Jana, som Carlderon etterkvart utviklar eit kjærleiksforhold til, etterforskar detektiven vår kva som eigentleg skjedde den gongen på 70-talet. Kven er eigentleg Maria Victoria, og kva relasjon hadde ho til Luz, eller kanskje endå viktigare til Paula? Jepp, fordi det er ein viktig relasjon der som skal følgje oss gjennom heile romanen. I tillegg er lesaren alltid klar over kven gjerningspersonane er, men kva som skjedde er noko anna. På jakta etter sanninga blir Jana og Rubén fleire gonger henta inn av menn som prøver å drepe dei, kidnappe dei, og ikkje minst etterlet dei seg mange offer. Handlinga er veldig spennande, men det kan likevel bli veldig mykje skyting, action, forfølgjing og litt vel mange offer. Likevel gjer det at lesaren aldri får ei roleg stund, for han tenkjar alltid på “Kor tid kjem dei tilbake?”, og det driv handlinga vidare. Kven er først? Kva skjer denne gongen? Avslutninga vart òg litt lang, og den tida dei var fanga kan med fordel kortast ned litt.

Jana Wenchwn har eit etternamn eg ikkje greier å uttale, og ho er av eit folkeslag eg har lite kjennskap til. Mapuche-indianarane har eg sjølvsagt høyrt namnet på før, men eg har aldri møtt ein Mapuche-indianer og aldri fått vite historia. Denne romanen vart mitt første møte, og Jana vart ei god veninne oppe på hytta til onkel og tante i påskeferien. Det vart veskling på å løyse kryssord, svare på quiz og spele Risk, og det å følgje Jana på reisa hennar i Argentina med Rubén. På eine sida var eg ute og gjekk på ski i påskefjellet med familien, og på den andre var eg i eit farleg Argentina og observerte ei fin, litt trist og spennande kjærleikhistorie midt i eit mylder av hendingar. På morgonen, trygt under dyna i køysenga kunne eg vere vitne til at Jana fortalte om då ho kom til Buenos Aires, om då ho saman med Paula leita etter Luz, om då dei fann henne død i havna og om då ho spurte etter hjelp frå ein litt avvisande Rubén. Seint på kvelden med nesten berre stearinlys som hjelpte meg til å lese, var et vitne til då Jana vart kidnappa, utspurt og nesten valdteken, om hennar måte å hevne seg på gjerningsmennene på og om hennar og Rubéns redsle for at den andre var skada, og ikkje minst anstrengelsar for å få sjå den andre ein gong til. Jana Wenchwn er eigentleg kunstnar, ho prostituerte seg for å skaffe penger til å leve i Buenos Aires, og ho har ei historie som kan få einkvar person til å brekke seg. Ho viser alle delar fram til lesaren, og ikkje alt kan ein sympatisere med, og ikkje alt er berre fint, men ein kan like henne.

Møt ein sta og modig detektiv med ei forhistorie frå militærdiktaturet ingen i Noreg kunne ha førestilt seg. Møt eit offer som mista både søster og far i militærdiktatur og ein “fightar” som saman med mødrene på mai-plassen, inkludert si eiga mor Elena, og ein journalist, Carlos, prøver å stille ansvarlege til rette og kjempe for eit demokrati som ikkje er prega av 70- og 80-talet. Rubén Calderon er ein detektiv verdig thriller-sjangeren, men han er likevel ikkje ein helt utan problem. Nettopp militærdiktaturet har sett eit preg på livet hans som er viktig i etterforskinga, men òg noko han helst vil halde skjult. Særleg månadane i fengsel, kor dei brukte dei verste torturmetodane, har sett avtrykk, og det går lang tid før han viser noko til Jana, då gjennom ei bok skrive til litlesøstera.

“Til og med drømmene ble grå, fylt av bilder uten kvinner og kjærlighet som nesten ikke lot seg skille fra virkeligheten, fra slagene, fra feberen, fra skrikene, fra skitten. Hvor lenge hadde vi blitt holdt fra hverandre. Da jeg forlot deg, sjanglet du rundt blant lammene i Orletti-verkstedet, med skrekk i blikket, og prøvde som best du kunne å dekke til den nakne jentekroppen din. Hvor lenge hadde vi vært fra hverandre, lillesøster?”

Side 332

Hendingane som kjem til uttrykk i De triste notatene frå side 331 til 340 er grusamme, og måten dei er skildra på gir ein lyst til å gråte. Om så berre for å få med seg denne historia, les romanen. Om du ikkje vil ha med deg resten av handlinga, les desse ni sidene om du vil vite kva som skjedde i Argentina. For sarte sjeler vil eg ikkje anbefale deg, men det gjer at ein verkeleg kan miste trua på menneska. Rubén var ein av dei som overlevde, og no er han på jakt etter sanninga om Maria Campallo og klar til å kjempe vidare mot det som endå er igjen av militærdiktaturet.

No kan eg glede dykk med å seie at spoilarane er avslutta og de trygt kan lese vidare.

Forfattaren gir eit levande bilete, og skildringane er både poetisk, men òg truverdige. Svart/kvitt-skildingar finst det ikkje. Likevel saknar eg av og til Show – don’t tell, for at romanen ikkje skal drukne i adjektiv. Dialogane er ein styrke ved romanen, fordi dei gjer at handlinga går rett på sak. Noko av det første som skjer er dialogen mellom Paula og Jana om forsvinninga til Luz, og den fører oss rett til kjerna. Slik er det òg med seinare dialogar. Utleggingane om militærdiktaturet kan somme gonger bli litt lange, men likevel vage. Romanen legg opp til at ein veit litt frå før av, og for personar som berre har høyrt om falklandskrigen var det litt vanskeleg å følgje med i svingane. På den andre sida er kanskje personar som berre har høyrt om Falklandskrige, uvitande og burde ha visst det før dei byrja på romanen?

Andre har skildra romanen som eit mesterverk, og den er kåra til “Årets beste krim” av eit bokmagasin. Forfattaren er rosa opp i skyene av aviser og bloggar og magasin og eg veit ikkje kva. Spørsmålet eg spør meg er om romanen vil bli hugsa. Ordet mesterverk assosierer eg med Dickens, Brontë-søstrene, Austen, Ibsen og andre store namn. Desse namna har ikkje blitt gløymt etter 200 år, og ein sit framleis og les romanar av dei. Denne romanen vil truleg ikkje bli lesen om 200 år, men den vil bli hugsa. Dei som plukkar den opp, vil hugse Mapuche, ikkje berre på grunn av karakterar med mørke historier, på grunn av det eksotiske ved Argentina eller den femomenale handlinga, men på grunn av biletet Férey skildrar av den mørke historia til Argentina og Sør-Amerika.

Romanen er eit leseeksemplar frå Ascehoug forlag