Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir «action» hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at «Tony Hill is pykolog with education from Manchester». No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: «Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein.» I andre bøker tenkjer du: «What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren.» I nokre få bøker sit du og tenkjer: «Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!» Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

Bok: The Vanishing Point av Val McDermid

Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.

The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:

It’s every parent’s worst nightmare…

Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:

For a split second, Stephanie couldn’t believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
«Jimmy,» she shouted. «Jimmy, come back here.» Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
«My kid,» she shouted. «Someone’s taken my kid.» 

Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil – om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen – kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?

Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.

I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:

If you come to fame not knowing who you are, it will define you.

Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta.