Lindell, Unni: Brudekisten (Aschehoug 2014)

Eg sit på kjøkkenet, tenkjer eg bør bli ferdig med dette innlegget om Brudekisten. I tillegg drikk eg kakao, mest fordi mor laga det, men òg fordi eg føler meg fortent til det etter å ha pløya meg gjennom ein haug med lekser. Erstatningsrett i Rettslære 2, tida etter den kalde krigen i USA i samfunnsfagleg engelsk, Buddhismen i religion, sju oppgåver om den industrielle revolusjon9788203357732en i historie og nokre sider om styringsorgan i Noreg i Politikk og menneskrettar. Eg er stolt over meg sjølv, og no skal eg prøve å gjere den stolte kjensla endå tydelegare ved å skrive dette lenge planlagte innlegget. (Det vart skrive i går, då eg trudde eg var meir effektiv i bloggskrivinga mi enn eg var). I dag har eg prøvd å skrive ein korttekst om det naturalistiske i kapittel XV i Sjur Gabriel av Amalie Skram.

Då eg var på Bokfestivalen i Oslo denne helga, høyrte eg så vidt avslutninga av eit arrangement om krim kor blant anna Unni Lindell var ein av gjestene. Eg vart litt overraska over det ho sa, fordi ho snakka sjølvsagt om Brudekisten, men ho sa ein del ting eg ikkje har tenkt på. Dette er diverre ikkje i positiv forstand, men heller i negativ. Ho sa at Brudekisten var ein roman om barn av psykiatriske pasientar. Ho har rett på ein måte. Aud Johnsen og Jan, Maike og Piet Hagg er alle barn av psykiatriske pasientar på Gaustad. Fedrene John Johnsen og Werner Hagg har begge slitt på sin måte, og spesielt Werner Hagg går det rykter om. Eg har ingen intensjon om å seie at det ikkje er fælt at barn har foreldre som slit psykisk, og det trur eg heller ikkje Lindell har. Det ho manglar er å vise det. Ho sa òg under intervjuet at «alle kriminalforfattere skrive samfunnskritisk». Feil! Kriminalforfattarar prøver å skrive samfunnskritisk. Dei prøver så hardt, men gong på gong på gong blir bodskapen gøymt bak uviktige mysterie. Slik er det òg med boka om Maike Hagg som døydde i 1988. Om Werner Hagg og John Johnsen som igjen er ute i samfunnet. Om Jon som stellar lik og Piet som ingen veit kor er. Om Aud Johnsen og Emmy Hammer, dottera til psykiateren, som var veninner, men no er framande ovanfor kvarandre. Sjølvsagt er romanen òg om dei tilsette på Gaustad. Berit Adamsen, Norma Winther og Ole Porat.

Unni Lindell kan vel neppe kallast ein urutinert kriminalforfattar etter å ha gitt ut ti bøker om Cato Isaksen og Marian Dahle, i tillegg til fleire romanar, noveller og dikt. Men, og eg meiner det er et nokså stort men her, rutinert og flink er ikkje det same. Dette blir ein klagesong om manglande djupe tema, manglande refleksjon og generelt at kriminalromanar ikkje når andre opp til knea ein gong.

«Kvifor les du kriminalromanar då?» tenkjer du kanskje. Åh, eg har spurt meg sjølv så utruleg mange gonger! «Mai Lene, kvifor les du desse inkjesigande romanane om drapsmenn, valdtektsmenn og det som verre er?» Eg skulle så gjerne likt og visst sjølv. men når det er sagt er eg svært lite begeistra for dei fleste kriminalromanar, fordi eg som oftast plar å leite etter dei som kan reflektere over litt meir enn øydelagte kaffimaskinar og regnvêr. Brudekisten havnar dessverre ikkje i den kategorien eg liker. Den havnar i «Å-nei-kaffimaskinen-er-øydelagt-og-det-er-ein-drapsmann-der-ute-kategorien». Ein kategori eg ikkje har spesielt sansen for om de skjønar kva eg meiner.

Cato Isaksen, vår kjære etterforskar som går igjen i kriminalromanane hennar er ein litt tverr, mutt og rar type. Eg las både Honningfellen og Brudekisten, og dei som er over gjennomsnittet interessert i romanane veit at Honningfellen er nokre bøker før. Det er den boka kor kollegaen Marian Dahle dukkar opp og gjer livet surt for Cato Isaksen. Lindell skapar eit falskt polarisert forhold som blir prøvd på mange måtar gjennom ei etterforskingssak, og eg synes grunnlaget ho har laga for at Isaksen skal hate Dahle så intenst er syltynt. Det er så barnsleg at det er ikkje truverdig. Ein ting er å la hovudpersonen ha flerie sider enn dei positive, men når dei negative blir så til dei grader overdrivne er det i alle fall ikkje bra. Men det var ikkje Honningfellen eg skulle skrive om. Eg skulle skrive om Marian Dahle og Cato Isaksen, og det forholdet har blitt litt betre nokre romanar seinare. Desse to skal altså løyse nok ei krimgåte. Det er litt forfriskande at det ikkje er noko radarpar som saman går inn for å løyse gåta. Det er noko forfriskande over at dei kranglar litt, at det er litt usemje.

(frå no av kan det førekomme spoilarar)

Likevel, eg vil snakke litt om dei andre karakterane òg. Eg veit at det er vanskeleg å dra ein roman ned i søla berre på grunn av at den er lite djup eller ikkje som andre, men det er så mange andre moment. Unni Lindell går i same fella som mange andre. Eg synes ikkje det er noko rart lenger med ein eksperimenterande psykiatar, ein mistenkeleg medarbeidar og ein uærleg, og i tillegg lesbisk, prest. Lobotomering er det første stikkordet som får meg til å reagere og tenkje: «Dette her lovar ikkje godt». No lovar vel eigentleg aldri ordet lobotomering noko godt. Likevel, når det blir lagt så tydeleg trykk på at lobotomeringsbrakkene vart ikkje brukt lenger frå eit gitt årstal, forstår du at det ikkje er sant. Det er for det første overtydeleg, og for det andre forstår ein, når det er ein psykiatar med, at han med stort sannsyn dreiv ulovleg verksemd som lobotomering etter han skulle. Dei plar ofte det, psykitarar i kriminalromanar, og særleg når det blir lagt trykk på at dei er konservative.

Ole Porat er òg ein slik person. Familievennar, folk under opplæring som støttar psykiatarar, generelt einslege menn som har kontakt med ein vaksen familiefar eller psykiatar, plar å vere farlege. Eg seier ikkje at Porat er drapsmann, men det plar alltid å vere noko ekstra med desse. Uhyggjelege motiv og ein god del mystikk. Ole Porat skiljer seg ikkje ut frå mengda av desse karakterane. Han er heller prikklik og ein forstår rolla. Ikkje drapsmann, men skummel person som støttar psykiatar Hammer i litt tvilsamme prosjekt. Til dømes lobotomering.

Så kjem eg til punktet om uærlege prestar. Er ikkje dette oppbrukt? Er ikkje dette klassisk? Eg lurer på kva det er som gjer at prestar alltid kjem dårleg ut av slike historier. Har forfattarar ein trang til å vise at prestar ikkje er perfekte menneske og difor tileignar dei grusamme og ikkje så reint lite tvilsamme eigenskapar? Meiner dei at samfunnet har eit usunt bilete av prestar? Norma Winther verker snill og utan skumle hensikter, og plutseleg er ho uærleg, veit meir enn ho vil ut med, lesbisk (eg ser for meg at kriminalforfattarar sit sånn: «hohoho, no kritiserer me kyrkja litt og lagar ein lesbisk prest…) Eg taklar det ikkje heilt dette med prestane. Eg taklar jo generelt ikkje klisjéaktige og stereotypiske karakterar så veldig ofte, så ein del av dette seier seg vel sjølve kanskje. Det eg vil fram til med desse tre avsnitta om karakterane er at Lindell ikkje er ein nytenkjande forfattar. Ho køyrer seg fast i same sporte som mange andre. Tenk kor utruleg originalt det hadde vore med ein ærleg, snill prest i ein kriminalroman! Eventuelt ein psykiatar som hadde omsyn for pasientane og ikkje var konservativ eller dreiv tvilsam verksemd. Tenk!

Noko ho uansett skal ha er at språket er effektivt. Det er god flyt i det, og det dveler ikkje ved uviktige eller urelevante episodar eller scenar. Ho bruker ikkje overdrivent mange sider på forteljinga ho vil ha fram. Ho bruker litt for mange, men det har ikkje med språket å gjere. Eit «effektivt» språk gir litt fart til forteljinga og utelet det som ikkje er nødvendig. Den balansegangen mellom at lesaren får med seg kva som skjer, men likevel ikkje må lese tre sider om eit dørhandtak som er stølt (litt sett på spissen) betrar forteljinga markant. Det gjer at ein kan komme seg gjennom romanen trass i alt eg har å seie på karakterar, klsjéar og stereotypiar. Det må eg òg seie: Språket er ikkje i verdsklasse. Det er ok. Det er greit. Det er effektivt og løftar ein elles dårleg roman. Det er det eg skal fram til.

Unni Lindell har nokre sider ho kunne ha utelete. Den ekstra forteljarstemma i kursiv er ei kjelde til frustrasjon. Eg forstår eigentleg ikkje heilt kvifor den er der. Er det obligatorisk å ha ei ukjend stemme i kursiv i norske kriminalromanar. Det kan vere slik, og Lindell har i alle fall tolka det slik. Eg kan ikkje finne ein annan grunn til denne forteljarstemma. Det er der dei litt for mange sidene kjem inn. Litt. Det er kanskje snakk om fem sider til saman kor denne forteljarstemma er med. Eg trur det med fordel kunne ha blitt sløyfa og om ikkje anna hadde det ikkje gjort romanen verre.

Dei minna eg hadde om Lindells forfattarskap før eg las to bøker Cato Isaksen er Anna+Didrik=Baby. Eg trur fleire har høyrt om den ungdomsromanen, og den stillar ein del viktige spørsmål, som til dømes om den seksuelle lågalderen og utnytting, å bli gravid i ung alder og kor vanskeleg presset utanfrå kan vere. Grunnen til at eg dreg fram denne ungdomsromanen er at eg likte den, og Lindell har vist at ho kan skrive. Det er kanskje difor eg blir så skuffa når ho så ikkje greier å vise at ho kan eg skrive. Eg veit at Lindell er eit stort namn innanfor kriminalromanar, men kanskje ho bør vurdere å skrive meir av andre romanar. Eg seier ikkje at ho skal gi opp krim-karrieren, men enten burde ho dra dette djupe og reflekterande frå Anna+Didrik=Baby vere med inn i romanane om Cato Isaksen (kanskje sette mysteriet endå meir i skuggen eller frå fram enkeltpersonane betre) eller så burde ho skrive fleire romanar som den om Anna.

Eit av problema for fleire kriminalforfattarar som skriv lengre seriar trur eg er at dei gjer det same om igjen. Dei finn ei suksessoppskrift, og når dei har funne henne følgjer dei den til punkt og prikke eterpå. Dei er redde for å eksperimentere. Dei bør vere litt meir tøffe og overraske lesarane og kritikarane endå meir enn dei gjer. Somme gonger når ein lagar mat bør ein kanskje utvikle ein matrett litt meir. Tilsetje litt ekstra krydder eller bytte ut ein saus eller bytte ut noko tilbehøyr. Slik er det òg med romanar. Lindell har med stort sannsyn gått i den fella kor ho følgjer same oppskrift og er redd for å gjere dei nødvendige endringane for at «matretten» skal bli meir spennande. Her er mi utfordring til deg Lindell: Ver tøff og overrask oss, for eg veit du kan!

Eg trur eg sett eit punktum no. Om du vil ha ei meir blanda bokmelding kan du lese Sindre Hovednakks. Me er einige i at ho har forbetreingspotensiale, sjølv om han har trilla ein firar. Rita på ritaleser.com har skrive ei dobbelt så positiv bokmelding som meg. Les dei om du vart lei deg av mitt innlegg og får lyst til å sende meg ei lang grunngjeving om kvifor Brudekisten er bra pluss alle bøkene om Cato Isaksen, berre for at eg skal sjå noko genialt som endå ikkje har gått opp for meg.