"Man skal ikke plage andre, men skal være grei og snill og for øvrig kan man gjøre som man vil" ?

Eg har merka meg at dei siste dagane har diskusjonen rundt seriøsitet, habilitet og truverd. Eg laga òg eit innlegg om dette i fjor rett etter bokbloggartreffet som eg kalla «Kva er ein god bokbloggar?» Mykje av det eg skreiv om utvikling er eg framleis einig med meg sjølv i, og det at me har forskjellige meiningar er eg òg einig i. Likevel er det nokre tankar som eg har endra på, og noko eg er ueinig med meg sjølv i. Så kvifor har eg ikkje sletta innlegget? Hm, rett og slett fordi eg har vore viss på at ein dag vil det kome eit nytt innlegg om det der eg kanskje skriv på ein annan måte og viser fram andre meiningar. Å slette det innlegget kan verke feigt osv, og eg har heller tenkt å legge igjen linken til dette under slik at dei som les det forstår dei meiningane eg no har om temaet. Litt snuoperasjon, ja, men det er lov å ombestemme seg litt, berre ein er ærleg om både tidlegare meiningar og det ein meiner no.
Eg burde kanskje ha laga eit innlegget om dette tidlegare, sidan det er litt lang tid sidan eg har endra meiningar om saker og ting, men eg har prøvd å skrive litt om det i nokre blogginnlegg, utan å seie heilt tydeleg at noko av det eg skreiv den gongen, ville eg ha skrive i dag. No skriv eg det!

God litteratur, men ikkje
heilt min smak.

Den gongen skreiv eg at me burde ha rett til å meine kva me ville om ei bok, og at ingen kunne skrive
at noko litteratur var av dårleg kvalitet, for det var opp til kvar enkelt. Jo, ein skal ha rett til å meine kva ein vil om bøker. Eg kan sjå på meg sjølv nokre gonger at eg har lese ei dårleg skrive boka, og at eg har reagert på skrivemåte, historie, struktur eller noko anna, men likevel likt boka og difor latt vere å skrive om det negative og nærast framstilt det som god litteratur. I ettertid har eg tenkt at finn eg feil i boka, uansett kor godt eg liker henne, må eg skrive om det, for det er forskjell på gode leseopplevingar og god litteratur. Ein må kunne klare å skrive ærleg om ei bok og skilje mellom litteraturkvalitet frå leseopplevinga. Sjølvsagt er me ikkje alle einige om kva som er god og dårleg litteratur, der òg er det sprik, men viss eg ikkje eg liker ei bok, men likevel merker at ho velskriven og dette er av god kvalitet, kan ikkje eg dra boka ned i søla for å vere heilt forferdeleg dårleg. Då blir det meir truverdig at ein faktisk skriv at det ikkje er etter vår smak, men likevel poengterer dei gode sidene ved boka. Leseoppleving henger veldig ofte saman med kvaliteten, men ikkje alltid, som til dømes i Rileys bøker, som eg dessverre har skamrost fleire gonger, og difor trur eg at ein skal prøve å tenkje litt før ein postar ein omtale om det var noko som svekka eller styrka boka trass i at me likte henne eller ikkje.

Eg skreiv òg om å utvikle seg som bokbloggar, og eg har tru på at alle har godt av litt konstruktive kritikk av og til. Sjølvsagt skal ein ikkje høyre på kritikk som er direkte angrep og useriøs, men av og til trur eg at ein kan  ha godt av å høyre på lesarane når det gjelder konstruktiv kritikk. Det har ingenting med at me ikkje kan skrive på vår eigen måte å gjere. Det er ingen som fråta oss det unike ved oss, men kanskje heller betre det. Om ein skriv korte eller lange innlegg, har med litt om forfattaren eller ikkje, skriv mest om handlinga eller om dei litterære kvalitetane eller leseopplevinga, kan me alltid vere open for nye tankar frå andre, og eg trur snarare dei vil gjere ein betre enn å trekke ein ned i søla. Useriøs kritikk utan grunnlag er slik som ein ikkje skal ta til oss. Dei som berre kritiserer for å provosere og trekke oss ned er heilt andre folk, og til no har eg ikkje opplevd ein einaste bokbloggar som gjer det. Det har eg til gode. Alle kan utvikle seg og forbetre seg. Me kjem aldri heilt i mål på alle område, trur eg. Og viss ein skal sjå seg sjølv om ferdige me å betre seg sjølv ein dag, og at ein har nådd målet, kan me jo hugse på det Aristoteles sa:

Står man ved målet, angrer man ikke reisens møye og besvær

 Og som Yogi Berra sa:

Vær forsiktig hvis du ikke vet hvor du skal, for det er ikke sikkert at du kommer dit.

 Når det er sagt synes eg at dette med useriøse og seriøse bloggar, og elitebloggar og lågkvalitetsbloggar, er noko ein skal passe seg for. Eg skreiv om dette med forskjellen på god leseoppleving og god litteratur over her, og eg ser sjeldan bloggarar som går i den fella at dei blandar dette saman, sjølv om det hender, og eg har gjort det fleire gonger. Det med useriøse bloggar er det òg mange forbinder med for gode kontaktar med forlag, og eg vil seie til alle bloggarar der ute at uansett kva bøker ein les, og om det er frå forlag eller om ein har kjøpt det sjølv, bør ein vere ærlege, og det trur eg dei alle fleste er òg. Saka er den at forlaga spør i epostar kva slags bøker ein er interessert i, og i tillegg kan bloggarar velje ut sjølv dei synes verker interessante, og mange får kanskje tilsendt heilt rett bok då, som dei falt veldig for. Til no har eg ikkje motteke mange bøker frå forlag. Eg får litt epostar frå nokre med ei liste over bøker, men til vanleg kan det vere at eg spør dei etter eit spesielt leseeksemplar, noko som heller ikkje hender veldig ofte. Eg plar å skrive, når eg spør om desse leseeksemplara, at eg kjem til å skrive ein ærleg omtale av boka ut frå mine synspunkt. Likevel plar dei fleste bøkene eg les å vere frå biblioteket eller butikken, og ikkje frå forlag. Eg føler meg ikkje knytta til noko spesielt forlag i det heile, sjølv om eg synes nokre generelt sett gir ut betre bøker enn andre. På mange måtar liker eg at eg ikkje er ein sv dei mest profilerte bokbloggarane, for eg synes allereie at tilboda byrjar å bli mange, og eg misunnar ikkje dei som får fleire spørsmål enn meg. Eg føler meg veldig fri frå forlaga på denne måten. Når det gjelder andre bloggarar, som har koblingar til ulike forlag, synes eg personleg at det er greit dei er ærlege om dette, men eg synes det er betre at dei spør meir «rutinerte» bloggarar om kva dei synes om slike habilitetsspørsmål, for eg er så lite inni det at eg veit ikkje korleis eg ville ha forholdt meg til det, sjølv om eg meiner at bøker dei er sjølv er med på å utgi trenger dei ikkje å omtale.

Eg kjenner blant anna at eg ikkje er heilt der at eg vil like å lese bloggen til Cappelen Damm, Forlagsliv. Eg synes det kan bli veldig mykje Cappelen Damm der, og veldig mykje deira bøker. Likevel er det nokre gode innlegg med heilt andre saker enn Cappelen Damm, og dei er interessante nok. Det er flott at forfattarar bloggar og slikt, men at Cappelen Damm skal samle ein gjeng slik for å blogge for forlaget er noko anna, for då er ikkje forfattarne uavhengige på same måte, og habilitetsspørsmålet blir eit heilt anna, spør du meg.

Dette er mine meiningar om bokblogging. Kort sagt:
– Det er forskjell på ei god leseoppleving og god litteratur
– Alle bloggarar kan utvikle seg og har godt av å få kontruktive tilbakemeldingar
– Ein skal passe seg for å sortere bloggarar i grupper som «seriøse» og «useriøse» (Det er noko anna med forskjellen på useriøse og seriøse innlegg, men det kan forekomme hos alle og seier ikkje noko om heile bloggen)
– Ein skal passe seg for å ha for gode kontaktar med eit forlag, og viss ein er med på å vurdere for forlaget eller noko liknande, bør ein vere ærlege om det og ikkje skrive om bøker ein sjølv har vore med på å vurdere.

Heilt til slutt, viss nokon har kommentarar til dette innlegget eller spørsmål dei ikkje vil legge igjen i kommentarfeltet er dei velkomne til å sende ein epost til bokverdami@outlook.com Elles er eg glad for tilbakemeldingar i kommentarfeltet. Det er mange sider i denne saka, og eg har ingen intensjonar om å såre nokon, men synes at truverd er viktig når ein driv på med dette. Mange meiner at me vil ta frå dei lese- og bloggegleda, men det er ikkje min intensjon, og eg trur heller ikkje det er noko andre sin. Ein vil ikkje ta frå andre deira stil, men konstruktiv kritikk må vere noko ein kan komme med. Eg håpar eg har gjort det tydeleg og klart. Det er utruleg mange flinke bloggarar der ute. Eg er dårleg på å kommentere, men eg les det dykk skriv! Og ta til dykk komplimentene de får, for de er unike!

Vanlege lesarar – kva er det?

Line, som står bak den flotte bloggen Lines Bibliotek skreiv tysdag denne veka innlegget Hva er en vanlig leser?

Eg siterer innlegget hennar for at de som ikkje har lese det skal få vite kva det går i:

«Hvis man skal forsøke å finne ut noe om vanlige lesere ved å lese norske bokblogger, vil man fort bli forvirret. Norske bokbloggere er en gjeng på ca 150 glade lesere, der majoriteten av dem er selvutnevnte vanlige lesere. Nivåforskjellene mellom disse bloggene er imidlertid enorme, fra de som knapt kan stave sitt eget navn til de som møysommelig har stavet seg gjennom hele James Joyces Ulysses og attpåtil kan si at det fantes øyeblikk da de fikk noe ut av den. Så hvis bloggere på hvert sitt ytterpunkt av skalaen og alle som befinner seg mellom dem er vanlige lesere, som skriver for andre vanlige lesere, hvordan i all verden skal man kunne si noe spesifikt om hva som kjennetegner en vanlig leser?»

Hva er en vanlig leser?, Lines Bibliotek tysdag 06/08/13

Lines stiller her eit veldig relevant og godt spørsmål. Kva er ein vanleg lesar? Slik som ho seier er mange av oss bokbloggarar sjølvutnevnte vanlege lesarar, og eg er ein av dei. Viss eg skal forklare litt om kva eg meiner med at eg er ein såkalla vanleg lesar, er det dét at eg har inga utdanning innanfor litteratur som gjer at eg slenger om meg med avanserte faguttrykk. Eg har inga anna utdanning enn det eg har lært i norsktimen og det eg har fått av å lese bøker. På mange måtar kan me seie at vanleg lesar blir eit feil uttrykk å bruke, for finst det verkeleg vanlege lesarar. Eg kan heller seie at eg er ein bokomtalar utan utdanning innanfor området. Det er mykje meir komplisert, men er meir spesifikt og seier meir.

Jørn Lier Horst
har til no ikkje skrive nokre bøker
eg har klart å kome meg gjennom, tvers
i at eg liker krim. Andre skryt
han opp i skyene.

Finst det noko slikt som vanlege lesarar, spurte eg over her. Det er eit veldig interessant spørsmål, og det er lett å gå i den fella å kalla folk for vanlege eller uvanlege lesarar. Er ein vanleg lesar ein lesar som les alle bestseljarane og dei mest populære bøkene? Er ein vanleg lesar ein lesar som les bøker innanfor den aldersgruppa han sjølv går innanfor? I så fall er ikkje eg ein av dei. Er ein vanleg lesar ein lesar som les meir enn over gjennomsnittet, men likevel berre les for å få underhaldning? Ingen av lesarane som ikkje går under desse kategoriane er uvanlege lesarar, og dei eg har nemnt er heller ikkje vanlege lesarar, for spør du meg finst ikkje vanlege lesarar, berre unike lesarar, for alle som les bøker har heilt eigne interesser innanfor området.

Eg er veldig altetande på mange måtar, men synes likevel at gode thrillarar og kriminalromanar er gøy å Krokkodillens gule øyne, men liker ikkje Chick Lit som berre er laga for underhaldning. Innanfor krimområdet har eg heilt eigne meiningar om kva som er bra, og det er vanskeleg å forklare kva eg synes er bra innanfor det, men eg merkar at eg synes at mykje krim er heilt elendig, og ordet krim er ikkje eit kvalitetsmerke. Tvert i mot må ein leite etter dei

Eg har eigentleg litt
fordommar mot Chick
Lit, men denne boka
var bra. Det er eg einig
med andre i.

kriminalromanane som verkeleg tek deg på senga, fordi det er så utruleg mange å velje mellom, og mange av dei fell ikkje i smak hjå meg. Eg er òg ein person som liker Harry Potter, og synes at han er ein heilt genial karakter for ein bokserie, men eg misliker fantasy, fordi det er så utruleg mykje dårleg fantasylitteratur. Samstundes finst det andre lesarar og bokbloggarar der ute som har sin eigen heilt unike smak. Ingen lesarar er fullstendig einige i ALT! Du finn ingen lesar som deler alle dine meiningar. Bøker eg synes er gode, synes andre er dårlege. Bøker eg synes er forferdelege, kan andre seie at dei elskar. Altså, i følgje meg, finst det ikkje vanlege eller uvanlege lesarar, men unike lesarar. Eg har ikkje svart på alle spørsmåla Line hadde i slutten av innlegget sitt, men her er mitt svar på kva eg meiner om temaet.
lese. Eg liker òg Chick Lit med meining, slik som

Takk til Line for at ho tok opp dette temaet. 

Oppsummering første halvår 2013

Tid for ei lita oppsummering av mi lesing det første halvåret i 2013. Eg gløymer alltid å oppsummere siste halvår kvart år, men får i det minste oppretthalde dette med første halvår då. Eg gjer det ulikt frå år til, og får prøve endå ein ny vri dette året.

Mine tre favorittbøker første halvår
Ikkje i rekkjefølgje. Det går ikkje an å rangere dei frå ein til tre. Eg veit berre at dei var dei tre beste.

The Casual Vacancy av J. K. Rowling
Flink pike av Gillian Flynn
En usynlig av Pontus Ljunhill

Dette er utaom Verten av Stephenie Meyer, som eg ikkje tek med, fordi eg las den boka for to år sidan òg. Desse tre er utanom den boka. The Casual Vacancy var ein storslått roman. På goodreads står det

«A big novel about a small town»

Eg seier meg heilt einig i det. Rowling kan ikkje berre skrive om Harry Potter. Ho kan òg skrive om meir «seriøse» og triste ting, noko me forsåvidt òg ser i Harry Potter-bøkene, men endå meir i denne boka. Flink pike gjekk eg rundt å venta lenge på, fordi eg elskar Gillian Flynn og bøkene hennar. Boka svarte heilt klart til forventningane. En usynlig er ein av dei beste svenske kriminalromanane eg har lese, rett og slett fordi den skiljer seg ut frå mengda. 

Min favorittkarakter frå første halvår
Krystal Weedon. Heilt klart. Eg har skrive det før, og eg skriv det igjen. Det er noko sårt over henne, og sjølv om ho er skikkeleg ute og køyrer kjenner eg at eg sympatiserer med henne og beundrar henne for den store oppgåve ho tek på seg med litlebroren. Ho trår feil og har «valt» feil retning i livet, men likevel gjer ho alt for å behalde litlebroren sin. Krystal Weedon er ein sentral karakter i Rowlings roman The Casual Vacancy.

Beste omtalar første halvår
Etter mi meining er dette dei tre beste omtalane mine dette halvåret. Dei er heller ikkje rangert frå ein til tre. Trykker de på bileta kjem de til omtalen.

Den femte årstiden av Mons Kallentoft
The Casual Vacancy av J. K. Rowling
Plan D av Simon Urban
Mest interessante stad er
Pagford frå denne boka.

Mest interessante stad første halvår
Når du les bøker, blir du teken med til mange interessante stader gjennom bøkene. Den meste the Casual Vacancy. Den oppdikta småbyen er lett å kjenne igjen frå korleis den verkelege verda kan vere. Rowling har skapt ein ny kor du kjenner ikkje typane som bur der og atmosfæren. Skilje mellom dei velståande og dei ikkje fullt så velståande er stort, slik som det er i mange byar i utlandet, og eg syntes det byen var interessant på grunn av forskjellane mellom karakterane og dei skiljene som var mellom stadane i byen.
interessante staden eg vart teken med til, vil eg seie, er Pagford, frå Rowlings bok

Mest interessante tidsepoke
er andre verskrig i Madrid
og Spania under Franco.

Mest interessante tidsepoke første halvår
Den meste interesante tidsepoken var i C. J. Sansoms bok Vinter i Madrid, fordi det fortalte om Spania under andre verdskrig og Fransisco Franco. Det at det foregår i Spania har sjølvsagt mykje å seie, men dette saman med kva tid det er i frå gjer at tida blir veldig interessant synes eg. Det er ikkje ofte du les bøker som dette, og det å lese om Francos «flørting» med tyskarane er spennande. Spania var nøytral under andre verskrig, men dei var trass i alt fascistiske.

Takk til alle som har følgt bloggen min og kommentert på innlegg og omtalar osv. Eg set pris på det! 

Vinnarane av giveawayen!

No er resultata klare, dei resultata de har venta på i laaaange tider. Neidå, men no har eg i alle fall trukke to heldige vinnarar som vann Beina i gitaren og Skygge over London.

Me trenger ikkje hale ut tida lenger enn nødvendig, så her er resultata 🙂

Vinnaren av Skygge over London av C. J. Sansom er
Pia som står bak bloggen Pias Kulturkrok

Vinnaren av Beina i gitaren av Sunniva Relling Berg er
Gråbekkas blogger som driv Gråbekkas bokblogg

Gratulerer til begge to. Bøkene og godteriet blir sendt i posten så fort som mogleg!

Eg feirer somaren – GIVEAWAY!

No er det snart somar, og eg vil gjerne feire årstida, og vêret som har vore overraskande fint i det siste, med ein giveaway. Eg har eigentleg ikkje så veldig mykje anna å ferie i forhold til bloggen, for eg er ikkje flink til å arrangere konkurransar ved rundt tal på kommentarar eller 20000 sidevisningar til dømes. Men somaren er jo alltids noko å feire. Dessverre har det vore litt roleg her i det siste, for boka eg las tok litt tid. No er eg ferdig, men i går øydela eg brillene mine og gjekk utan i heile går ettermiddag (på Kvadrat) og i dag på skulen. I tillegg har jo pollenesongen kome (litt negativt med somaren er det jo) og eg har prestert å bli sjuk på toppen av det heile. Likevel, for meg er det snart ferie, og det vil eg feire med å vere litt gåvmild. 


Det de kan vinne er dette:

Skygge over London av C. J. Sansom

Året er 1952, tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløy og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regime: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et konstant press.
Rykter går om de forferdeligste ting som skjer i kjelleren til den tyske ambassaden ved senatsbygningen. Men motstanden øker. Winston Churchills motstandsorganisasjon er en vedvarende og økende bekymring for myndighetene. Og på et mentalsykehus i Birmingham sitter en innesperret vitenskapsmann, Frank Muncaster, på en hemmelighet som trolig vil forrykke verdensbalansen for alltid.  Fra forfatteren av bestselgeren Vinter i Madrid

Boka er sponsa av Forlaget Press. Dei som vinn denne trur eg har ei veldig spennande leseoppleving framfor seg.  Boka er kontrafaktisk, og er vil det seie at forfattaren har tatt seg nokre fridommar når det gjelder historiske fakta. Som dei fleste veit var jo Storbritannia ikkje erobra under andre verdskrig, men kva viss dei hadde sagt ja til å samarbeide med Tyskland? Det handlar denne boka om!

Som mange av de veit slo eg eit slag for nynorsk no i vår, og den neste boka er nettopp på nynorsk.

Beina i gitaren av Sunniva Relling Berg
Bo er 17 og har gitt opp å passe inn. Men då ho møter Hans blir det ikkje lenger så lett å tenkje at ingenting betyr noko.

Vi følgjer ho eit år frå sommar til sommar, gjennom tilbakeblikk til barndomen ho er på veg ut av, og intense, men famlande forsøk på å finne sin plass i verda og i forholdet til Hans.

Beina i gitaren er ei sterk, kompleks og velskriven historie om identitet og sterke kjensler.

Boka er sponsa av Samlaget, og Sunniva Relling Berg er ein dyktig forfattar! Historia høyres veldig spennande ut, og eg gler meg sjølv til å lese boka. 

I tilllegg til ei bok vil dei to som vinn få ein pose med noko godt. Det er ei trekning for kvar bok. 

For å bli med trenger du berre å legge igjen ein kommentar i kommentarfeltet med epostadressa di. Sei gjerne kva bok du har lyst på. (eitt lodd) Alle som deltek får eit lodd, men du kan òg få ekstra lodd ved å gjere dette:
1) Legge ut eit innlegg på bloggen kor du skriv om giveawayen og kanskje skrive litt om din favorittkarakter fram til no i 2013. Mitt innlegg om favorittkarakter blir lagt ut før påmeldingsfristen. Du får to lodd for dette. Viss du ikkje har blogg, kan du gjere det på facebook til dømes. Legg igjen link til innlegg i kommentarfeltet. (har dessverre ikkje sånn fancy linkefunksjon)
2) Dele dettte innlegget på twitter eller facebook. Du får eitt lodd for dette.
Påmeldingsfristen er 27. juni 2013. Eg legg ut namnet på vinnaren 28. juni, og pakken blir sendt i løpet av dagen 28. eller 29. juni. 

Isabella på bloggen Gråbekkas bokblogg har òg ein giveaway i desse dagar, der de kan vinne fleire veldig gode bøker. Ho spør òg i innlegget kor me liker å lese. 
Og her er mitt svar:

PÅ REISE! Eg elsker å lese på feriar. Då eg var i Hellas, las eg ut nesten tre bøker, og ingenting er så herleg som å lese på ferie. I Sverige las eg ut fem bøker på fire dagar. Når du er bortreist, får den kjensla av at no kan du berre slappe av og droppe andre ting. Det er ikkje noko som forstyrrer deg, medan du les. Gråbekkas giveaway finn de her

1. mai – I’m back

Knapt ein månad har det vore veldig, veldig stille her på bloggen. Eg hadde ein nokså uplanlagd lang pause, kor det enten var skulearbeid, konferanse eller sjukdom som tok tida mi. Trur det ikkje at eg først blei sju søndag for litt over ei veke sidan heilt til onsdag, så hadde mattetentamen og styremøte og ei helg kor eg baka og koste meg, før eg vart sjuk igjen på søndag. To forskjellige sjukdommar på ei veke, då er det ikkje veldig mykje overskot til å blogge av sikkert kjente grunnar.

Siste boka eg blogga om før pausen var det syvende barnet, som eg likte veldig godt. Etter den fullførte eg ikkje ei einaste bok før laurdag sist veke, og då vart eg ferdig med verten av Stephenie Meyer. To bøker lese i april, det er dårleg, dårleg, dårleg…
Einaste grunnen eigentleg til at eg skriv dette innlegget er for å gi eit lite hint om at nå prøver eg å komme tilbake. Litt stress med skule akkurat no, men likevel mange gode langhelger så eg kan lese i, så det blir koooooooos! Eg har blant anna oppdatert «om meg»-sida, viss nokon følte for å bli endå betre kjent med meg. Eigentleg var det vel no eg skulle pusse opp heile bloggen berre for å markere at eg er tilbake, i tillegg til å vere litt nyskapande, men sorry, eg er nøgd med bloggen slik han er. 
Likevel, for dei som ikkje har fått det med seg, har eg eiga facebookside for bloggen som de kan like, viss de vil. De søker berre på Once Upon a Time – ein bokblogg 
Inntil neste innlegg,
ha det fint, og ha ein fin mai månad!

mitt tematips #10: et klapp på skuldra

Kvar onsdag har Geir på bokbloggeir.com ein fast spalte som han kallar «mitt tematips». Formålet er å få gløymte eller usette omtalar fram i lyset. I dag skal me gå ut frå temaet: «et klapp på skuldra». Me skal altså finne eit innlegg på ein annan blogg som me synes er bra og linke tilbake til det. Eg har hatt så mykje å velje i, for det er så mange fantastiske bloggar der ute og så mange fantastiske innlegg!
Likevel er det nokre som har fått meg til å lese nye bøker som kanskje har blitt ein favoritt eller som rørte meg skikkeleg. Andre har skrive omtalar av bøker som eg har lese og som har sett ord på viktige poeng i boka.

Eit av vala mine i dag har falt på Anettes omtale av boka ekstremt høyt og utrolig nært. Etter det innlegget var det berre å springe på butikken og kjøpe boka!

Eit utdrag frå omtalen til Anette:

Boken er skrevet på en utrolig spesiell måte og fikk meg til å tenke på «Boktyven» av Markus Zusak. Ved første øyekast ser boken ut som et sammensurium av tekst, tegninger og bilder, men etterhvert som man leser skjønner man at hver minste detalj har en mening. Jeg må innrømme at jeg et par ganger ikke skjønte noen ting av det jeg leste, men lenger ute i boken kom setningene som gjorde alt forståelig. Fantastisk!!

Anette på Anettes bokboble 17.09.2012

Dette er nokre av setningane eg synes er med på å skildre denn heilt fantastiske boka. Etter å ha lese omtalen til Anette MÅTTE eg berre kjøpe ho. Oskar, som er hovudperson, har vore med i innlegget mitt om den herligaste romankarakteren i eit av tematipsa mine, og dette er òg ein av grunnane for å velje denne omtalen. Å oppdage dennne karakteren har vore heilt spesielt, og slik som eg har sagt før: Hadde eg vore åtte år hadde eg vore forelska i denne guten. Alt han finn på og alt han kan! Sjarmerande, men likevel alvorleg.

Det andre innlegget eg vil trekke fram, er eit som de sikkert har lese før, men som likevel var viktig for at eg las akkurat denne boka.

Line på Lines bibliotek var den som verkeleg fekk meg til å ville sjå kva som skjulte seg bak omslaget på the casual vacancy.

Eit lite utdrag frå omtalen:


The Casual Vacancy er – som tittelen lover – en politisk roman. Rowling har lært mye av både Jane Austen og Charles Dickens, og hun kombinerer elegant og vittig satire med grim, usensurert sosialrealisme når hun viser hvordan klasseskiller fungerer i praksis, og hvordan fattigdom reproduserer seg selv og sprer seg i et samfunn. Den Austen-inspirerte satiren appellerer til leserens intellekt og kritiske sans. Den Dickens-liknende sosialrealismen henvender seg til leserens følelser, og da først og fremst barmhjertigheten. En moderne variant av “Please sir, I want some more.”

Omtalen er bra frå ende til annan. Line har skrive kjempemange supre omtalar som har gitt meg lyst til å lese bøkene eller som forstår at denne boka treng eg ikkje byrje på ein gong. Den bloggen er verdt eit besøk!!

For å sjå fleire anbefalingar om boktomtalar kan de gå her

Mitt tematips #9: "en god påskekrim"

Satus Skjærtorsdag 2013: glad for å ha ferie! Likevel har eg hatt dårleg tid til å skrive på bloggen dei siste dagane Eg har jobba mellom seks og åtte timar kvar dag sidan laurdag (utanom Palmesøndag), og sjølv om det berre er ein (enkel?) butikkjobb, kan det vere nok i seg sjølv. Særleg sidan me har ein halvtime med pause og butikken er på Kvadrat. Ikkje missforstå meg, det er kjempegøy å anbefale bøker og pakke inn gåver, men du får ikkje tid til så mykje elles i tillegg til litt lang reiseveg tilbake frå jobb. Men det har vore gøy, det har det. All jobbinga har resultert i at det ikkje blei skrive noko i går, for kvar onsdag har Geir på bloggen bokbloggeir.com ei spalte på bloggen han kallar for mitt teamtips. Det går ut på at me skal tipse om omtalar bøker som andre ikkje har sett eller gått glipp av. Samstundes får me mange nye boktips, noko som er veldig positivt, sjølv om stabelen med uleste bøker plutseleg kan vekse frå fem til ti.

Denne veka er temaet «en god påskekrim.» Eg har lese så mykje krim det siste at det er nestne det einaste som står i hovudet på meg. Held for tida på med det syvende barnet av Erik Valeur, men har ikkje kome så veldig langt sidan eg les boka paralellt med monkeys with typewriters. Påskekrimen eg skal tipse om nå er ei bok eg las nå i mars for nokre veker sidan, nemleg den femte årstiden av Mons Kallentoft. Boka var enormt bra. Kallentoft er min favorittforfattar og eg byrja på å lese serien i fjor før påske (riktignok bok #2 og bok #4 først, og så bok #3 i mai), så haldt eg fram dette året. Den femte årstiden er kanskje den beste boka bortsett frå sommerdøden spør du meg. Eit lite utdrag frå omtalen:

Av og til når eg les må eg stoppe opp og tenkje på Malin, trangen hennar til å finne ut noko, det ho gjer for å finne fred. Ho er intens, stoppar ikkje. Ingen politietterforskar er så intens som henne. Ho lyttar verkeleg til seg sjølv og intensjonane. Ho lyttar til stemmer som ikkje er der. Mange seier at dei irriterer seg over dei små partia i bøkene der dei døde «snakkar» til henne, men eg må seie at det har ein effekt som det kan vere litt vanskeleg å legge merke til. Eg trur at det er symbolsk, ikkje eit forsøk å å vise ei overnaturleg verd. Eg trur det er eit verkemiddel forfattaren tek i bruk for å vise kva det er som driv Malin. Stemmane er ikkje der, det er berre kjenslene til Malin av at ho må løyse saka. Dei innerste tankane hennar når ei etterforsking pågår. Me ser og ei meir moden kvinne i denne boka. Ho har fått seg kjærast, ho er mindre bekymra, meir roleg og tenkjer òg på å få barn. Utviklinga frå den første Malin som er stressa, slit med å finne seg sjølv og har ein tendens til å drukne sorgene i alkohol, til ein tørrlagd alkoholikar, ei kjærleg mor og ei meir fokusert og moden kvinne er der gjennom alle bøkene. På same måte kan me seie at Maria Murvall er ein tråd gjennom alle bøkene, for i dei fleste  blir ho nevnt. Saka Malin har jobba med blir for altvor teken opp i den femte årstiden.

Dessverre har eg ikkje fått kommentert så mykje i det siste, og eg er dessverre alt for dårleg til akkurat det! Eg skal prøve å bli betre til å kommentar hod dykk og svare på alle dei fine kommentarane de legg inn på denne bloggen!

Ha ei fin påskeveke vidare!

mitt tematips #7: "Born in the USA"

Onsdagen kom igjen denne veka òg, som alltid, og med onsdagen kjem òg «mitt tematips» som er ei spalte Geir på bloggen bokbloggeir.com legg ut kvar onsdag. Formålet med dette er å oppdage tidligare omtalar på andre bloggar som ein kanskje har gått glipp av eller ikkje har sett skikkeleg på. I dag er temaet «born in the USA».

Rett før eg la ut dette innlegget publiserte eg ein omtale av ei bok med forfattar frå USA, og sidan eg ville ha med ein omtale frå dette året denne gongen, og ikkje villa ha med Gillian Flynn, valte eg Tiffany Baker som har skrive saltsøstrene.

Baker er ein amerikansk (SURPRISE!) forfattar som bur utanfor San Fransisco saman med mannen og dei tre barna og ein hund. The Gilly Salt Sisters vart utgitt på engelsk på Grand Central Publishing i mars 2012 og kom på norsk på Cappelen Damm litt seinare same året. Seinare har Baker òg gitt ut The Little Giant of Aberdeen County. 

Her er eit lite utdrag frå omtalen min:

Claire og Jo er forskjellige på alle måter. Alt frå utsjånad til personlegdom viser eit søskenpar som ingen skulle trudd var søsken. I den oppdikta i byen Prospect i Cape Cod er mykje av livet til innbyggjarane påverka av saltet og Gilly-familien på salt-marsken. På saltmarsken er det berre kvinnene som har overlevd, aldri mennene eller gutane, og staden er driven av kvinner. Då Jo og Claire var små hende det ei tragisk ulukke med eit familiemedlem som verken Jo eller mora kan gløymme. I nåtida i boka er mora dø og Jo driv saltfarmen aleine etter at Claire har brote opp. 

Forresten, nokon som skal lese krim i påsken? Ikkje svar i kommentarfeltet, men heller i meiningsmålinga mi til høgre for dette innlegget her. Heilt anonymt 🙂

Mitt tematips #6: "En sekser på terningen"

Tematips er ei spalte som Geir på bloggen Bokbloggeir.com legg ut kvar onsdag. Formålet med tematipset er å få fram i lyset gamle bokomtalar som andre har gått glipp av eller ikkje har fått lese. I dag skal me finne ein omtale ut frå temaet «en sekser på terningen». Sjølv om eg ikkje gir terningkast eller score eller stjerner til bøkene, synes eg det var eit spennande tematips. I dag er omtalen av ei gammal barnebok frå då eg var lita!

Denne boka heiter bestefar var eit kirsebærtre og er skriven av forfattaren Angela Nanetti. Ho er ein dyktig forfattar med eit språk som er tankevekkande, men òg lett forståeleg for målgruppa: Nemleg barna. Boka handlar om Tonio som har fire besteforeldre, to på landet og to i byen, og Tonio har besteforeldra på landet som favorittar. Men kva skjer når bestemor på landet døyr og bestefar byrjar å oppføre seg rart? Og kva med bestefars grønnsakshage og kirsebærtreet Felix som er kalla opp etter mamma Felicia?

Her er eit lite utdrag frå omtalen:

Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.

Eg kunne valt veldig mange bøker ut frå dette temaet, men eg valte denne gode og forholdsvis ukjende boka for at fleire skal oppdage ei fin, nynorsk bok for barn som ikkje bare er tull. Det er heller ikkje ei leseløve, og ho skiljar seg ut på mange område. Likevel, les boka med barna dykkar viss de vurderer å anbefale henne vidare. Nokre delar er litt vanskelege.