Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction

Science Fiction er ein sjager som dei siste åra har blitt meir og meir populær, blant anna gjennom The Hunger Games og Divergent. Likevel veit eg ikkje kor nøye Anders Anundsen og statssekretærane har lese bøkene, men noko av tematikken bør dei få med seg.

For ikkje mange år sidan var fantasy ein veldig populær sjanger Harry Potter-serien vart avlasta av Twilight-serien, og Beautiful Creatures vart ein hit både som serie og bok. Trass i desse populære seriane kom science fiction-bølgja med The Hunger Games og Divergent. Både Science Fiction-sjangeren og Fantasy-sjangeren har det til felles at verda som blir skildra er annleis enn vår. Likevel er det skilnadar. Fantasy har ikkje forankring i røynda og er difor ikkje mogleg, medan science fiction er forankra i vitskap og difor kan vere mogleg. Innanfor science fiction-sjangeren har ein dystopisjangeren, som er den mest relevante for dette innlegget. Ein dystopi er i følgje Dag Einar Thoresen ved høgskulen i Buskerud og Vestfold «oppdiktet, fremtidig skrekksamfunn, skildring av et samfunn hvor dårlige krefter har fått overtaket, for eksempel i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsammenbrudd.»

Så kvifor er dette ein sjanger nettopp Anders Anundsen burde lese? Eg er samd i at ein minister kanskje ikkje burde sitje med ei bok i fanget heile dagen. Det som er viktig er kva bøkene formidlar. Ein skulle kanskje tru at landet Panem (The Hunger Games) eller den Chicago-byen Veronica Roth skildrar er veldig langt frå røynda. Dessverre kan populariteten til romanane vitne om noko anna òg: Det er lett å kjenne igjen parallellar til samfunnet me lever i.

Eit veldig framtredande trekk ved fleire dystopiar er korleis leiarane veit alt om kvar enkelt. Innbyggjarane får aldri vere fred, aldri vere for seg sjølv og aldri snakke fritt. Dei lever under konstant overvaking, og det kan samlast inn store mengder data frå innbyggjarane. Eit anna trekk er korleis samfunna nærast er politistatar. Lovas lange arm er aldri langt borte. Resultatet i alle dystopiane er eit samfunn med lite tillit kor innbyggjarane lever i konstant frykt for å gjere noko gale. Eit døme er Katniss som etter dødslekene ikkje kan gå eit einaste steg utan at President Snow overvaker henne. Eit anna døme er Tris i Divergent-serien som må velje ei framtid ut frå ein personlegdomstest, og om ho ikkje passar inn i eitt av fem alternativ er ho ein avvikar. Resultatet av testen blir ikkje akkurat skjult for leiarane, og dei liker ikkje avvikarar. Eit tredje døme er Cassia og familien i Matched-serien (Condie, Ally) som på tur må sove med eit band framfor auga som fangar draumane. Det er nok av det meir overnaturlege slaget, men det viser likevel ein stat som vil kontrollere det meste. Spørsmålet dei fleste kanskje stiller seg er kor eg vil hen.

Etter at terrorfaren vart oppgradert har politiet i Noreg vore «midlertidig væpna». Dette har justisdepartementet kunna bestemme utan Stortinget. Eg har til ei viss grad forståing for at politiet vil ha dette for å kjenne seg trygge, og for at samfunnet skal vere trygt, men likevel er eg skeptisk. Andre debattar handlar om lagring av stordata. PST vil bruke same system som NSA (National Security Agency) i USA for å til dømes lagre bileta våre frå sosiale media, Facebook- og Twitter-beskjedar, epostane våre, kva sider me surfer på og kva me søker på. Anders Anundsen, som høyrer til eit parti som utanfor regjeringa var skeptiske til DLD (Datalagringsdirektivet), seier at han vil halde døra på gløtt for denne ordninga. Er dette ok, sjølv om kanskje aukar tryggleiken vår? Er dette verkeleg noko me kan gjere etter EMK artikkel 8 om rett til respekt for privatlivet?

Eit samfunn bør byggje på tillit, ikkje berre mellom innbyggjarane, men òg i mellom innbyggjarane og staten. Anders Anundsen har den fine tittelen Justis- og beredskapsminister, og han har ein vanskeleg jobb når han skal vege omsyn opp mot kvarandre. Tryggleik eller privatliv? Likevel bør han tenkje på at tillit òg skaper tryggleik. Me skal ha ein god beredskap som er klar om det skal skje noko, men me skal òg kunne ha privatliv utan at staten skal vite alt om oss.

No forstår du kanskje kor eg vil. Det er klart at skrekksamfunna Suzanne Collins, Veronica Roth, Ally Condie, Torborg Igland og Arnulf Hestveen skildrar ikkje er det samfunnet me vil få i Noreg med væpna politi og lagring av stordata. Eg samanliknar absolutt ikkje politiet i Noreg med «the peacekeepers» i The Hunger Games. Men eg synst at science fiction-sjangeren, og særleg desse dystopiane, seier noko veldig grunnleggjande om tillit og korleis overvaking gjer at denne tilliten blir borte. Eg tenkjer òg på Divergent-serien kor avvikarar blir sett ned på. Kva med dei som er avvikarar i Noreg som kanskje ikkje oppfører seg heitl etter skjemaet? Kan eit overvakingssamfunn gjere det vanskelegare for desse til dømes? Det er ei rekke problemstillingar knytt til dette, og dystopiane set ord på dei. Versågod, Anders Anundsen, les!

Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman

Nokre ungdomsromanar er rett og slett det ein kallar for geniale. Geniale, originale og spesielle. Adjektiv er 12510082noko ein kan strå litt for lett rundt seg når ein er heilt bergteken av nokre bøker. Det er derfor eg skal prøve å i staden lage ei litt «uvanleg» bokmelding av dystopien Catching Fire, bok to i The Hunger Games-serien av Suzanne Collins. 

Med «uvanleg» meiner eg slik som med den førre romanen i serien, The Hunger Gamesfor å unngå berre repetering av det andre har skrive om romanen. Grunnen er at Catching Fire uansett treng eit innlegg, den fortener det. Det er ei bok som ikkje berre er skjønnlitterær, men som òg har fleire parallellar til verda me lever i. Om den første romanen skreiv eg dette:

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at “alt” skjer i Oslo, “alt” er i Oslo og ein “må” til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra “lodd” når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må “ta ansvaret” for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. “Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?” Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: “Capitol er berre for forferdelege og horrible”. Og så er det oss.

Dette er like aktuelt for Catching Fire. Capitol har stramma grepet om distrika endå meir, og rundt om i Panem byggjar det seg opp mot opprør. Katniss og Peeta skal ut på turné i distrikta etter sigaren i The Hunger Games, og dei veit at medan dei er på turné må dei sjå inn i auga på familiane til dei som vart drepne i arenaen. Heile opplegget til Capitol gjer meg kvalm, akkurat slik som det gjer Katniss og Peeta kvalme. Eg har skrive at Capitol kan vere ein parallell til oss, til vesten, men no ser eg òg at det kan vere ein parallell til diktatura rundt om i verda. President Snow er ikkje berre ein dystopisk figur i eit oppdikta land. Han er andletet og representaten til alle diktatorar som undertrykker befolkninga og skjelv i buskene ved kvart minste opprør. No byggjer det seg opp mot revolusjon.

Etter Den arabiske våren 2011 trur eg me veit kva revolusjon kan bety. Om ein ser på Tunisia, Egypt, Libya og Syria, og kanskje òg Ukraina til ein viss grad, sjølv om det ikkje ligg i Midtausten, ser ein at det er i høgste grad eit aktuelt tema.  Revoulsjon er ikkje berre det som skjedde i Frankrike i 1789 eller i spania i 1936. Revolusjon kan skje når som helst. Collins har laga aktuelle bøker.

Noko av det eg liker best er den «menneskelege» sida ved Katniss Everdeen. Heltinner har lett for å bli tøffe og uredde, men Katniss er heller bekymra og nølande. Eg er sikker på at ingen opprørsleiarar som har protestert mot styresmaktene har gått inn i det utan å kjenne på redsle eller frykt. I alle fall nesten ingen. Liu Xiabo, Martin Luther King Jr. og Aung San Suu Kyi er menneskelege, og ein eller annan gong må dei ha frykta for liva til dei som stod dei nært. Kom ikkje her og fortel meg at heltane gjekk inn med hovudet heva frå første stund, sjølv om det kanskje verkar slik. Det kostar å kjempe for ei sak, noko Katniss viser.

Before I go down to face this new life, thoughI take some time making myself acknowledge what it will mean. Less than a day ago, I was prepared to head into the wilderness with my loved ones in midwinter, with the very real possibility of the Capitol pursuing us. A precarious venture at bes. But now I am committing to something even more risky. Fighting the Capitol assures their swift retaliation. I must accept that any moment I can be arrested. There will be a knock on the door, like the one last night, a band of Peacekeepers to haul me away. There might be torture. A bullet through my skull in the town square, if I’m fortunate enough to go that quickly. I imagine these things and I’m terrified (…) 

Now comes the harder part. I have to face the fact that my family and friends might share this fate. Prim. I need only to think of Prim and all my resolve disintegrates. It’s my job to protect her. I pull he blanket up over my head, and my breathing is so rapid I use up all the oxygen and begin to choke for air. I can’t let the Capitol hurt Prim.

The Hunger Games side 138-139

Menneskelege tankar om det å gjere opprør. Det å ville ha alt: Ein god stad å bu, eit «demokratisk» styre og venner og familie. Det blir sett ord på veldig bra. Katniss kjem òg etterkvart fram til at Capitol allereie har skada Prim. Dei har allereie gjort det ved The Hunger Games, ved at ho svalt då ho var mindre og ved at faren døydde. Det felles beste, om ein revolusjon lukkast, mot familieliv og tryggleik. LIkevel er det ikkje berre berre for Katniss å leve vanleg når President Snow har auga på henne. Det er opprør i fleire distrikt, og ho er redd ho skal få skulda for det. «The Mockingjay» blir eit symbol på opprøret.

Over til noko anna ved «diktaturet» som herskarane utgjer. Ein av menneskerettane er:

”Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende1 ektefeller.”

Eg skriv stadig vekk negativt om Twilight, og dette blir ikkje eit unntak. Kva er hovudpoenget med Twilight? Det er i alle fall ikkje djupt eller aktuelt eller viktig. Hovudpoenget er at Bella skal få seg kjærast. Blir det Edward Cullen eller blir det Jackob Black? Veldig spennande. Konflikt mellom gutane, fire romanar for å finne det ut, og til slutt blir det jo Edward. Som kompensasjon får Black dottera til Bella. I The Hunger Games er det òg eit kjærleiksdrama. Skilnaden er at det ikkje er ein egositisk jentunge i midten som berre tenkjer på kven som er rett for henne. Sanninga er at Katniss har så mykje å tenkje på at kjærleik er det siste ho orkar å gjere noko med. I tillegg må ho late som om ho er forelska i Peeta for å gjere publikum tilfreds. Gale har sagt klart og tydeleg at han elskar henne. Ho er forvirra, ho er redd, og i tillegg må ho gifte seg med Peeta for å overtyde distrika, Capitol og President Snow.

«Even if you pull it off, they’ll be back in another few months to take us all to the Games. You and Peeta, you’ll be mentors now, every year from here on and out. And every ear they’ll revisit the romance and broadcast the details of your private life, and you’ll never, ever be able to do anything but live happily ever after with that boy.»

The full impact of what he’s saying hits me. I will never have a life with Gale. I will have to be for ever in love with Peeta. The Capitol will insist on it. I’ll have a few year maybe, because I’m still only sixteen, to stay with my mother and Prim. And then … and then…

(…)

I’ll have to marry Peeta.

The Hunger Games side 50

Til sitatet frå menneskerettskonvensjonen: Katniss har ikkje noko val. Ho er i ein håplaus situasjon som på ingen måte liknar Bella sin. Ho er tvinga til å gifte seg med den eine, men veit egentleg ikkje om ho vil gifte seg med den andre heller. Ho har trass i alt eit opprør å tenkje på, og det at President Snow har lyst til å drepe henne.

The Hunger Games er ein god serie. Collins har verkeleg laga ein fantastisk serie, i alle fall til no, og om de ikkje har lese den før, så gjer det gjerne no. Eg nølte, men det hadde eg ikkje trengt og gjort.

The Hunger Games (Suzanne Collins) – samfunnskritikk og ein del sjølvransaking

Les Mai Lene romanar om vampyrar, demonar, gudar og halvgudar, trollmenn, hekser og overnaturlege fenomen som berre er eit 2767052resultat av nokre fantasifulle menneske som har hatt eit sterkt ynskje om å få det ned på papiret? Nei, jo, kanskje. Eg har bevega meg inn i noko som kan verke som litt ukjent terreng. Nokre av dykk har kanskje fått med seg at eg nemner Harry Potter i ny og ne, rett og slett fordi Harry Potter er den beste serien eg har lese. Klisjé, men jo, eg må innrømme at eg liker serien. Dei som har følgt bloggen lenge veit òg at eg har lese Alyson Noëls serie om The Immortals, som eg endå ikkje har fullført, fordi det eigentleg berre er søppel. Eg har lese Twilight, og eg er ikkje stolt over at eg framleis kan sitje og sjå filmane. Å lese bøkene om igjen er fy fy. Om det er noko som ikkje er god litteratur er det Twilight. Det er ein ting som er positivt ved mi fantasy-lesing, og det er at eg alltid nøler før eg byrjar på ein serie. Eg venter i fleire år, og det gir veldig gode resultat. Romanane er ledige på biblioteket, særleg på engelsk, fordi dei er ikkje såååå populære lenger. Eg slepp å gå rundt å vente i ei æve på at romanane skal komme ut. Eg slepp å kapplese med alle andre som vil vere først til å fortelje frå boka. Jo, det er greit, men kanskje litt ugreit. Eg må innrømme at The Hunger Games har fått meg til å bryte ein av reglane mine. «Aldri sjå ein film før du har lese boka!» Eg har gjort det. Skrekk og gru, det er faktisk sant, men det beste er at eg korkje er skuffa over filmen eller romanen, og eg lever heilt fint med det.

For at de skal hoppe over det de ikkje vil lese av dette som sikkert blir eit langt innlegg, har eg laga litt overskrifter. Då er det lettare å sile ut.

 

Handlinga…

Eg trar dei fleste av dykk veit handlinga. Katniss Everdeen lever i distrikt 12, det fattigaste distriktet i landet Panem, kor ho frivillig tek plassen til litlesøstera, Prim, i Dødslekene, eller The Hunger Games. Ein gut og ei jente frå kvart av dei tolv distrikta blir plukka ut og førebudd til å kjeme på ein arnea. Berre ein person kjem igjen.

May the odds be ever in your favor

 

Parallellar…

Eg veit ikkje om de har høyrt om gladiatorkampane i romartida. Det liknar nokså mykje. Gladiatorkampane var for mange rein underhaldning. Vanlege innbyggjarar i romarriket kunne komme og sjå på menn som kjempa, enten mot dyr eller mot ein annan person. Den største skilnaden mellom dette og The Hunger Games er kanskje at i gladiatorkampar kjempa dei ein mot ein, men på arenaen er det 24 personar som alle kjemper mot kvarandre. Likevel er det forbausande mykje likt. Gladiatorane hadde kanskje ulikt utstyr slik at den eine nesten var dømt til å vinne. På same måte har ein The Career Tributes i The Hunger Games som er trent nettopp for å vinne på arenaen. Òg publikum kunne vere med å bestemme skjebnen til ein gladiator ved å gjere bestemte teikn med tommelen, og sjølv om ein ikkje nødvendigvis var godt utstyrt, kunne ein vinne på grunn publikum. Det hendte ofte fordi det var dyrt å trene opp nye. Publikum i The Hunger Games sponser gjerne deltakarane dei har tru på, ikkje berre på grunn av styrke og kunnskap, men òg på grunn av personlegdom. Ein må ikkje berre overleve, men òg overleve på ein måte som gjer deg godt likt. Kan òg tilføye at gladiatorane ofte var kriminelle, medan nokre få var frivillege. Mange parallellar altså til romanane.

Historia er òg bygga på gresk mytologi. Som straff for tidlegare handlinga måtter Athen kvart år ofre sju gutar og sju jenter til Minotauros i ein labyrint. Minotauros er eit vesen som er halvt menneske og halvt okse. Den som til slutt drepte vesenet heiter Thesevs. Det var kong Minos som stod bak dette. Synes det er veldig interessant korleis ho har henta fram idear frå gresk mytologi og historie frå romartida, og ikkje berre det, men òg frå reality-show på TV. Bak i romanen eg las skreiv ho at ho var trøyt og surfa mellom ulike kanalar. På ein var det ungdommar som konkurrerte mot kvarandre for å få pengar. På ein annan var det ungdom i krig som kjempa for livet. Sidan ho var trøyt blanda ho det saman, og det vart ideen til serien. Folk som ser på TV eller på toget og berre plutseleg kjem på seriar (*kremt*, Collins, Rowling) imponerer meg.

 

Samfunnskritikk…

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at «alt» skjer i Oslo, «alt» er i Oslo og ein «må» til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra «lodd» når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må «ta ansvaret» for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. «Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?» Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: «Capitol er berre for forferdelege og horrible». Og så er det oss.

Kanskje eg overtolkar, men det krev nok litt sjølvransaking å lese desse romanane om ein verkeleg går under huda på dei og ikkje berre les dei som underhaldning. Dei som les denne bloggen veit at ikkje berre ser på romanar som underhaldning og rett og slett må gå nærare inn på det som skjer, så eg kan ikkje ignorere samfunnskritikk eller det som kunne ha vore det.

Underhaldning ja. Kor mange gonger kjente eg tårene komme då nokon vart drepen i areanen? Kva tenkte eg då eg las om The Hunger Games? Eg tenkte «go Katniss!». Det er kanskje ikkje så gale, men likevel. Eg sit og les om folk som blir drepne – barn – utan å lee på eit augelokk. Det er berre ein roman. Likevel burde det kanskje gripe meg litt meir det som skjer. Det er noko verkeleg kaldt over det å sitje og lese om ungdommar som slakta ned og kalle det underhaldning.

 

Meining?

Jo, eg likte romanen, trass all sjølvransaking, dårleg samvit og urovekkande parallellar. Eg likte fantasyromanen, trass i at eg ikkje liker fantasy. Jo, kanskje eg gjer det. Eg trur de treng ei forklaring på det med å like og ikkje like denne sjangeren, og den kan de få frå Bjørg her, for eg òg har det slik.

Kjelder

Wikipedia, Gladiatorkampene, 20. november 2013, http://no.wikipedia.org/wiki/Gladiatorkampene Lese 02. juni 2013

Wikipedia, The Hunger Games Trilogy, 31. mai 2014, http://en.wikipedia.org/wiki/The_Hunger_Games_trilogy Lese 02. juni 2014