- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)