- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
S. J. Watson
Bok: før jeg sovner av S. J. Watson
Forestill deg hvordan det vil være å miste hukommelsen hver kveld når du sover og våkne neste dag uten en et eneste minne verken om dagen i går eller fortiden!
Du husker ikke hva du heter, hvem du er, eller menneskene rundt deg. Du kjenner ikke mannen du våkner opp med ved siden av hver morgen. Den fremmede sier han er mannen din.
Snakker han sant? Og kan du stole på ham? Velkommen til Christines verden.
Dette er første gongen eg les krim og psykologisk thriller for vaknse, og det gav heilt klart meirsmak. Historia om Christine som vaknar opp kvar morgon utan hukommelsen er spennande lesestoff. Det er akkurat som at ho gløymer ting kvar gong ho sovner, og vakner opp enste morgon utan å hugse noko i frå fortida, men likevel fungerer hukommelsen fint gjennom heile dagen.
Bli med på ein spennande tur inn i verda til Christine.
Tenk deg å ikkje kjenne igjen mannen din. Tenk deg at du eindrar som andre ikkje seier er sanne. Tenk deg at du har hemmelige legebesøk. Tenk deg at du må skrive dagbok for å hugse alt. Tenk deg at du må lese gjennom heile dagboka kvar dag for å finne ut kven du er og kven andre er.
Alt dette gjer boka til spennande lesestoff og noko heilt unikt. For å sitere aftenposten som har skrive på framsida av boka:
«En roman som synligjør krimsjangerens arvesølv.»
Aftenposten.
Eg er heilt einig. Om det ikkje skjer mykje rundt Chrstine i midten av boka, så skjer det mykje med hennar tankar og kva ho finn ut. Av og til hugsar ho ting vagt. Andre gonger kan minner treffe henne hardt. Likevel er dette borte neste dag. Sjølv om me kanskje skulle trudd det, så er det ikkje mykje gjentaking i denne boka.
Presentasjonen i byrjinga er det mannen som tek seg av. Ho spør, han svarar og då får me delvis vite kven Kristine er. Dei dagane ho vaknar og les om i dagboka, får du likevel ikkje den same presentasjonen, sjølv om ho ikkje hugsar noko. Det skjer bare fort og alt går rett over på handlinga og nye ting ho finn ut.
Eg må seie det er dyktig å skrive ei bok som denne. Veldig dyktig! Det er spenning, det er handling og det er tankar. Ei dagbok skrive av ei dame med hukommelsestap. Ein annan ting er at Christine alltid trur ho er minst tjue år yngre når ho vaknar. Eg kan tenke meg det må vere skremmande å finne ut at ho er mykje eldre enn det ho trur.
Fekk du lyst til å lese boka? Prøv! Dette er ikkje bare for dei som liker krim.
