Bok: Evig skal døden vera av Kroken & Kolden

Eg har den siste tida blitt veldig hekta på nynorskkrim, og to av forfattarane som har fenga meg mest er Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Deira kriminalromanar frå Lom er heilt super lesing no på somaren. Viss du ikkje har lese dei før, bør du gjere det no. Evig skal døden vera er den første boka i kriminalserien deira frå Lom. Boka føregår rundt påske (og eg burde kanskje ha lese henne då),  noko som er den perfekte tida for krim. Ei kvinne blir funnen drepen på hytta si i Lom, og litt seinare finn dei eit anna offer. Eit veldig godt utgangspunkt for eit bra plott, må eg seie, og forfattarane greier å nesten å gjere det beste ut av det. Slik som i Døden kjem med bussen er talet på gjerningsmenn avgrensa, og i denne boka er det avgrensa til ein skuleklasse, for begge ofra har gått i same klasse, og det ser ut til at det kan vere ein fellesnemnar for drapa.

Politiet i Lom får hjelp frå Kripos, og personen som skal hjelpe er Sylfest Seljestad, som ein seinare får møte i Døden kjem med bussen. Det er òg fleire personar som går igjen i begge bøkene, som til dømes Jørgen. For meg vart det kanskje litt feil å lese den andre boka først, for du forstår litt kven det er som ikkje kan ha gjort det i Evig skal døden vera, viss du les den andre boka først. Det er jo trass i alt ein serie. Likevel øydela det ikkje for mykje. For meg var det nesten umogleg å leggje frå seg denne boka.
Eg syntes kanskje ikkje denne var like god som den Døden kjem med bussen. Evig skal døden vera held deg ikkje så på pinebenken. Det at forfattarane heldt meg veldig på pinebenken og ikkje valte den heilt opplagte løysninga i Døden kjem med bussen gjorde at eg syntes den var skikkeleg god. Det at denne boka manglar akkurat det trekker ned, og det var litt meir opplagt denne gongen. På den andre sida er det færre karakterar i denne boka. Du har betre oversikt som lesar over kven som gjer ditt og kven som gjer datt. Då er det lettare å følgje med i handlinga.

Nynorsk krim slår alltid til hjå meg, og alle fall når forfattarane er så flinke som Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Noko anna som var morosamt med  Døden kjem med bussen, og som mangla her, var at dei hadde ikkje teke seg sjølve med i forteljinga. Eg syntes det var heilt genialt i Døden kjem med bussen, og sakna det i denne, men dette er jo den første boka dei har skrive saman, og til å vere det er ho kjempebra. Eg veit ikkje om de følgte med på Underholdningsavdelingen på NRK på laurdagane i vår. Der hadde dei ein sketsj om eit forfattarpar som var kanonbra. Her er det, og viss de trykker på Forfatterparet Bernt og Berit Jåvik får de sjå ein veldig morosam film.

bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)

Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.

Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.

De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.

Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.

Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!

Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så… Sylfest tenkte at det var fri diktning – ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie. 

døden kjem med bussen side 186

Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.

Mai Lene