- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Pax forlag
Kriminalromanar 2014 del 1/2
Eg såg igjennom lista over leste bøker som eg ikkje har laga bokmelding av, og gjekk kva som viste seg. Jo, det viste seg at ni av ti bøker er kriminalromanar. Difor bestemte eg meg for å oppsummere heilt kort fleire av dei. Det kjem `og eit litt lengre innlegg av Ripper av Isabel Allende etterkvart.
Larsson, Stieg: Jenta som lekte med ilden (og Luftslottet som sprengtes
Baksidetekst Jenta som lekte med ilden
Lisbeth Salander vender tilbake til Sverige etter et lengre opphold i utlandet. Hun har skaffet seg en stor sum penger og er for første gang i sitt liv økonomisk uavhengig. Samtidig har Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium fått tilgang på brennhett nyhetsstoff: Journalisten Dag Svensson og hans samboer Mia Bergman har kommet over avslørende opplysninger om en omfattende sex-handel mellom Øst-Europa og Sverige. Mange av dem som er innblandet i saken, har fremtredende posisjoner i samfunnet. Dystre hendelser i Salanders fortid begynner også å gjøre seg gjeldende. Da Dag og Mia blir brutalt myrdet, rettes mistanken mot Salander, og en storstilt politijakt settes i gang. Salander bestemmer seg for å gjøre opp med fortiden en gang for alle og sørge for at de som fortjener det, får sin straff. Blomkvists og Salanders veier krysses nok en gang
Baksidetekst Luftlslottet som sprengtes
To personer tas inn for øyeblikkelig hjelp på akuttmottaket på Sahlgrenska sjukhuset i Göteborg. Den ene er Lisbeth Salander, som er etterlyst mistenkt for dobbeltmord. Hun har en livstruende skuddskade i hodet og må opereres umiddelbart. Den andre heter Aleksandr Zalatsjenko, og det er
Salander som har gått løs på ham med øks. Luftslottet som sprengtes starter der Jenta som lekte med ilden slutter. Lisbeth Salander har overlevd å bli levende begravd, men problemene hennes er langt fra over. Zalatsjenko er tidligere yrkesmorder i den sovjetiske etterretningstjenesten. Han er dessuten Salanders far, og han har prøvd å ta livet av henne. Sterke krefter vil nå uskadeliggjøre henne en gang for alle. Samtidig graver Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium i Salanders skjulte fortid
Eg las den første kriminalromanen om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist i januar og måtte halde fram med bok to og tre. Det første eg tenkjer på når eg skal skrive om desse to kriminalromanane er at dei har eit rikt persongalleri på mange måtar. Det er både positivt og negativt. Negativt på den måten at ein nærast må skrive opp ei liste for å halde styr på alle. Positivt på den måten at det visar kaoset. Det viser vrimmelen av personane dei må forhalde seg til for å komme til botnen. Eg må berre seie at Lisbeth Salander er ei med futt i som eg diggar. Det einaste er at ho er hakket for mykje supermenneske. Ho er for flink, for udødeleg til at ho går heilt igjennom. Ein ting er dyktige hovudpersonar, men når dei er flinke, dyktige, pene, unge, instinktive, impulsive, sterke og elles positive på nesten alle område er det litt vel mykje. Det som er eit pluss er historia hennar som kjem fram i slutten av den andre romanen. Det at ho har lidd enormt mykje reddar heile karakteren. det at ho er traumatisert og har ein voldsom hevnlyst.
Bok to og tre er `og godt skrivne. Mange tenkjer kansje at: «Dette kunne vore ein roman og ikkje to, hadde det ikkje vore for storleiken-» Slik er det ikkje. Hovudlinja ligg der i begge. Kva er historia til Lisbeth? Kva skjedde då ho var tenåring? Alt handlar om det same systemet. Bok tre tar til der bok to slutta. Likevel er det `og to separate historier. I alle fall er historia i bok to separat frå den i bok tre på den måten at i bok to har ein `og to mord å oppklare som kanskje ikkje er så direkte knytt til Lisbeth Salanders historia. Likevel, ein bør lese bok to før bok tre. Bok ein først, men der sluttar alt der det slutta. Håpar de forstår.
Uansett, Stieg Larsson er genial, og han har skrive geniale romanar. Dei er i tillegg sprø, morosamme, og han har ein heilt spesiell eigenskap til å gjere det spennande.
Faye, Lindsay: Gothams Guder
Baksideteksten:
845. New York vedtar endelig å opprette sitt eget politikorps. I Irland svikter potetavlingene totalt, med en
sultkatastrofe og enorm utvandring som følge. Disse to hendelsene skal forandre byen New York for alltid.
Timothy Wilde jobber i en bar og fantaserer om den dagen han vil ha nok penger til å vinne drømmejenta. Men etter en brann som lar Manhattan gå opp i flammer, er han både arbeidsløs og hjemløs. Hans bror skaffer ham en jobb i NYPD, men Timothy er svært skeptisk til dette nye «politikorpset». Og han er heller ikke spesielt begeistret for å måtte patruljere byens verste slumstrøk.
En natt støter han på en jente, som løper gjennom mørket i bare nattkjolen – dekket fra topp til tå i blod. I et forsøk på å finne ut av jentas vanvittige historier, blir Timothy viklet inn i jakten på en brutal morder som virker fast bestemt på å forsterke den anti-irske stemningen i byen. Dette truer med å skape totalt kaos i et New York som allerede er rystet av dype sosiale omveltninger.
Timothys kamp for rettferdighet kan komme til å koste ham kvinnen han elsker, broren og hans eget liv.
Lindsay Faye var eit ukjent namn for meg fram til det dukka opp i Aschehougs vårkatalog. Dette er det året eg har prøvd å lese seriar i rekkjefylgje, og då byrja eg med dne første boka i serien til Lindsay Faye om New Torks politikorps på 1800-talet. Det første eg la merke til er at det er god underhaldningslitteratur. Det er fengande, spennande og god driv. Likevel er det ikkje ei god bok skjønnlitterært sett. Det er veldig dårleg språk, som ikkje vitnar om noko fargerikt. Ikkje ein gong nyanse, berre overforklarande og rett og slett platt. Heile meg skrik i frustrasjon når eg er at ei dør er «solidere». Adjektivet solid er ikkje «solidere», men «mer solid» om det skal bøyast. Unnskyld meg, omsetjar, Aschehoug: Korrektur.
Uansett, det øydela ein delf for meg med språket, og særleg adjektivet «solidere». I tillegg gjekk alt utruleg fort. Det var vanskeleg å følgje med i alt som skjedde. Forfattaren er lite flink til å få lesarane til å følgje med og forstå kva som eigentleg skjer. Ein ting er at ho overforklarer, men om ho ikkje gjer det, klarer ho heller ikkje å seie noko indirekte. Det er der noko av forteljarkunsten ligg. Du skal ikkje overforklare eller bruke for mange adjektiv i skildringane, men du skal likevel få lesaren til å forstå. Lindsay Faye slit verkeleg her, og mange formuleringar burde vore revurderte, sletta eller gått meir nøye gjennom for at romanen skulle ha haldt mål. Underhaldning, men ingenting anna.
Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
Baksideteksten:
Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry
Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.
Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.
Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.
Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?
Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk
Eg har latt vere å skrive noko om denne romanen heilt til no. Den hadde fortent eit godt og langt innlegg om språk, plot, karakterar og alt anna ein roman kan bestå av. MEN når du har lese ei bok og kjenner at alle kjesnlene dinne er sette i sving, du kjenner at denne romanen fortener skryt og seksarar i aust og vest, er det nesten farleg å skrive eit innlegg. Ikkje berre vil det mangle grunngjeving for godt språk, fantastiske karaterar og eit godt utforma plott, men det kan fort bli til adjektiv følgjer adjektiv og det berre er ros, skryt, og ein kastar bort alt som heiter litterær kvalitet til fordel for opplevingar. Noko av det siste som står i romanen, eit råd frå Harry Quebert til Marcus Goldman, skildrar mi kjensle etter eg var ferdig med romanen:
«En god bok, marcus, kan ikke bare måles ut fra de siste ordene, men ut fra den samlede effekten av alle ordene i den. omtrent et halvt sekund etter å ha lest ut boka du, etter å ha lest det aller siste ordet, skal leseren kjenne seg oppfylt av en sterk følelse, en liten stund skal han ikke tenke på noe annet enn det han akkurat har lest, studere omslaget og smile litt vemodig fordi han vil savne alle romanfigurene. En god bok, Marcus, er en bok man synes det er synd å ha lest ferdig.»
Eg sat verkeleg slik dei skildrar her, og eg tenkte: «Wow, det er så sant». Men eg legg merke til at det står «et halv sekund». «Omtrent etter et halvt sekund». Altså ikkje ei veke eller ein månad. Eg sat ikkje og såg på omslaget ei veke etterpå, og i dag kan eg ikkje ein gong seie at eg er lei meg for å allereie ha lese boka. Når eg ser alle dei overstrøymande bokmeldingane lurer eg på om dei har byrja å skrive «et halvt sekund» etter dei er ferdig med boka og berre sendt den inn.
Plottet er godt gjennomarbeida på mange måtar, men er ikkje den klassiske forfattaren med skrivesperre som må komme seg bort for å byrje å skrive igjen veldig typisk? Er ikkje Goldman ein typisk romankarakter av den typen som gjer at du forstår at det som skjer får han til å skrive igjen. Forutsigbart. I tillegg har ein det typiske reinvaskingsplottet. Ein karakter skal bli reinvaska for eit lovbrot han eller ho ikkje har begått, i dette tilfellet Harry Quebert. I tillegg er det «kven-gjorde-det eigentleg-plottet» og «lukka-rom-som-i-Agatha-Christie-plottet». Lukka rom, ja, fordi staden kor alt finn stad er liten og det er ikkje mange karakterar som kan ha gjort det. Altså ei veldig typisk bok med fleire plott blanda saman, som passar bra saman og som alle er typiske.
Mange av karakterane er stereotypiske. Mora til Marcus Goldman liknar mistenkeleg mykje på Mrs. Dashwood frå Sense and Sensibility eller Mrs. Bennet frå Pride and Prejudice. Heilt klar for at vesleguten skal finne seg ein kjærast og gifte seg, det einaste ho er oppteken av. Ho er så stereotypisk at det finst ikkje maken til henne.
Mange meiner at språket til Joël Dicker er fantastisk, men eg vil heller seie annleis. Det er ikkje bra eller av god litterær kvalitet, men annleis. Det betyr ikkje det same som fantastisk. Likevel, det er ei sjeldan leseoppleving som eg trur mange vil like, så om det er det du er på jakt etter så bør du lese denne boka, men viss det er ein roman av god litterær kvalitet så ligg unna.
Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
Baksideteksten:
After losing his leg to a land mine in Afghanistan, Cormoran Strike is barely scraping by as a private investigator.
Strike is down to one client, and creditors are calling. He has also just broken up with his longtime girlfriend and is living in his office.
Then John Bristow walks through his door with an amazing story: His sister, the legendary supermodel Lula Landry, known to her friends as the Cuckoo, famously fell to her death a few months earlier. The police ruled it a suicide, but John refuses to believe that. The case plunges Strike into the world of multimillionaire beauties, rock-star boyfriends, and desperate designers, and it introduces him to every variety of pleasure, enticement, seduction, and delusion known to man.
You may think you know detectives, but you’ve never met one quite like Strike. You may think you know about the wealthy and famous, but you’ve never seen them under an investigation like this.
Etter å ha lese The Casual Vacancy av J. K. Rowling tidlegare, venta eg meg store ting frå henne, men eg syntes ikkje The Cuckoo’s Calling var i nærleiken av å vere like god. Jo, den kriminelle debuten til forfattaren er godkjent. Den er godkjent. Plottet er jo eit typisk kriminalplott, og eg vil seie at romanen føyer seg inn blant dei britiske kriminalromanane. Britiske kriminalromanar er det noko heilt spesielt ved spør du meg. Dei er meir rolege og kan dreie seg meir om personar, psykologi og motiv enn det mange nordiske gjer. Eg kjenner Val McDermid litt igjen i Rowling (eller Galbraiths) roman. Det er ikkje så rart at ho har skrytt av den. Handlinga er spennande og er konsentrert rundt handlinga som har skjedd, og den er veldig typisk krim.
Det eg synes ho manglar, som ho har i både Harry Potter-serien og i The Casual Vacancy er skildringane av karakterane. Dei skildringane som gjer at ein verkeleg kjem innpå karakterane på ein heilt annan måte. Ho har litt av det, men veldig lite. Det er det menneskelege eg er på utkikk etter. Robin og Cormoran er spennande nok, og det same er Lula Landry, men dei har ikkje dette ved seg at ein blir dratt mot dei. Ein har ikkje den same medkjensle med dei og kjenner seg ikkje like godt igjen. Trass i alle magiske eigenskaper Harry Jackob Potter har, kjenner eg meg igjen. Trass i at eg ikkje er på same stad i livet som Crystal, har eg ei sterk medkjensle med henne og ho får meg til å ville gi henne ein klem eller passe på henne eller berre bli kjent med henne. Dette er døme frå tidlegare romanar. Likevel, The Silkworm ligg klar og eg håpar at den blir endå betre, for då er det bra. Likevel, eg ser at i motsetning til andre kriminalforfattarar er ho god på karakterar.
Dette var ei «lita» oppsumering, og del to kjem seinare.
No skal eg prøve å gjere meg ferdig med Sense and Sensibility av Jane Austen. Faktisk. Endeleg. Jepp, det skal eg!
Ha ei fin helg.
bok: fugler uten vinger av Louis de Bernières
Louis de Bernières trollbandt meg med boka Kaptein Corellis mandolin. Den same spenninga følgte ikkje heilt med fugler uten vinger. Temaet i seg sjølv er spennande nok, men det er meir det at han dreg alt veldig langt ut som øydelegger boka litt. Det er vel lov å synes at seks epilogar er å gjere det litt vel langt? Nokre av dei kunne eg nok vore forutan, og dei kunne vel kanskje erstatta andre kapittel tidlegare i boka, som berre var overflødige? Likevel, langdrygt eller ikkje, ingenting kan få meg til å legge frå meg ei bok av denne forfattaren.
De Bernières er faktisk heilt genialt på visse område. Han konstruerer historier på ein velkjent måte, men har samtides ein særeigen humor. I tillegg er måten han konstruerer forteljingane på eineståande. Det er få forfattarar som meistrer å skifte mellom så mange karakterar og så mange synsvinklar utan at lesaren dett av. Nokre kapittel er skrivne i første person, og andre er skrivne i tredje person. Nokre er skrivne notid og andre i fortid. Likevel gir kapitteltittelen alltid eit innblikk i kva synsvinkel ein får det frå. Og om ikkje den gjer det, merkar ein det så snart ein har lese første linje i kapittelet.
Handlinga i boka er konsentrert rundt min favorittdel av gresk historie. Dessverre er det veldig lite om denne delen på skulen, og då får ein finne ut om slike hendingar på eigen hand. Den delen av historia som eg snakkar om er historia frå den første delen av 1900-talet. Tyrkiske kristne og tyrkiske muslimar lever side om side i Tyrkia, og det same gjer greske muslimar og greske kristne i Hellas. I Tyrkia kallar dei seg ottomanar, og særleg i småbyar, som Eskibache er skiljene mellom religionane heilt borte. Kristne jenter giftar seg med muslimske gutar og omvendt. Muslimar ber dei kristne om å ofre for dei i kyrkja, og dei kristne drar nytte av muslimane sine tenester. Dei viktigaste personane som ein blir kjent med gjennom boka er Philotei, Ibrahim, Karatavuk, Rustem bey, Dresoula, Memetcik, Iskander Pottemaker og Leila. Ein får òg høyre om Polixeni og mannen, Ali Neseknekk, Gerasimos og mange fleire som eg ikkje kan hugse namnet på. Dei er knytt til kvarandre på ein unik måte, slik som det berre går ann å vere knytt saman i ein liten landsby.
Historia startar med eit kapittel kor Iskander Pottemaker fortel om Geitegjetaren Ibrahim, og så held det fram med at han minnes natta då Philotei vart født. Philotei og Ibrahim er nemleg barndomsvener. Han er ein muslimsk gut som kan etterlikne alle typer geiter, og dei mest morosamme lydane er
en geit som vurderer å bli kristen
en geit som vil reise til Telmessos for å kjøpe vannpipe til bestemoren sin
en geit som ikke har noe å si
Philotei er ei kristen jente som alle meiner er unaturleg vakker, og ho og Ibrahim har tett band til kvarandre. Planen er at dei ein dag skal gifte seg. Memetcik er Philoteis yngre bror, og Karatavuk er Iskander Pottermakers son. Den eine er muslim og den andre kristen, noko som likevel ikkje hindrer dei i å bli bestevener. Dresoula er Philoteis beste veninne, som blir skildra som Philoteis motsetning. Dresoula skal etter det karakterane fortel vere unaturleg stygg. Iskander Pottermaker, er slik namnet seier, pottemakaren i landsbyen, og Rustem bey er agaen i byen, utan at eg fekk heilt tak i kva ein aga er for noko. Leila er Rustem beys elskerinna, som han har henta frå Smyrna.
I første del av boka er det mest morosamme referansar og små enkeltforteljingar om dei forskjellige personane, og dei einaste kapitla som er gjennomgåande er «Jeg er Philotei» og «Mustafa Kemal». Elles er det fleire karakterar som fortel om minnene sine, og utanom det er det flust med morosamme og triste historie. Likevel er det noko å trist og veldig spennande over alt dette, for du veit at ein eller annan gong vil boka ta ei ny vending og landsbyen vil bli løyst opp.
Det einaste eg har å setje fingaren på er at det kan til tider bli litt langdrygt. Elles er historia fint veva saman, og alle trådar (og fleire til) blir plukka opp til slutt. Lesaren vil heilt klart føle seg tilfredsstilt, for avslutninga er langt frå open, og det er tydeleg at forfattaren ikkje vil fantasien til lesarane ta overhand, men heller skrive det slik det er sjølv.
bok: Kaptein Corellis mandolin av Louis de Bernières
Greske øyer, krig, kjærleik, italienarar og ein mandolin er i all hovudsakt det denne boka dreiar seg om. Det kan høyrast vanvittig kjedeleg ut, men personleg syntes eg denne boka var svært spennande. Pelagia er kanskje ikkje den jenta eg identifiserer meg mest med, men det er ein gripande karakter med sterk vilje.
Ute blant dei greske øyene er det ei lita øy som heiter Kefallinia. I følge Store Norske Leksikon er det den største blant dei Joniske øyene, og byen Argostolion er hovudbyen. Doktor Iannis, ein av bokas hovudpersonar skildrar øya slik:
Kefallinia er en fabrikk som produserer spebarn til eksport. Det er flere kefalliniere utenlands eller på sjøen enn det er hjemme. Det finnes ingen lokal virksomhet som holder familiene samlet, det er ikke noe dyrkbar jord, det er for lite fisk i havet. Mennene reiser utenlands og vender tilbake hit for å dø, derfor er dette en øy med barn, enslige kvinner, prester og oldinger. Det eneste gode ved dette er at bare de vakreste kvinnene finner seg maker blant de få mennene som er igjen, slik at det naturlige utvalg har ført til av vi har de vakreste kvinnene i hele Hellas, kanskje i helle middelhavsområdet. Det beklagelige er at vi har vakre og begavede kvinner som gifter seg med de mest groteske og upassende menn, som ikke duger til noe og aldri kommer til å gjøre det, og så har vi noen triste og uskjønne kvinner som ingen vil ha, som er født til å leve som enker uten noensinne å ha hatt en mann.
Doktor Iannis er ein av dei viktigaste personane i denne boka. Legen leger sjukdommar på både dyr og menneske, utan å eigentleg ha kompetanse. Likevel er han like god som nokon. I tillegg til å vere lege prøver han å skrive historia om øya Kefallinia, og det er frå dette sitatet over er frå. Han er direkte, er for aristokrati og ligge å gå på kafeniaen for å diskutere politikk med vennane sine Kokolios og Stamatis. Pelagia, dottera hans, irriterer seg mest over at faren tisser i urtebedet, og utanom det driv ho det heime. Oppveksten var utan mor, men med ein far som tok seg godt av henne.
Ein kan vel trygt seie at øya levde veldig sorglaust i mange år, og var heldige i og med at krigen ikkje nådde dei spesielt tidleg. Pelagia blir gjort kur til av ein fiskar og innbyggjarane er på nokre område bestevener, mens på andre områder er dei politiske fiendar og kan krangle så fillene fyker. Borti Italia er Il Duce (Mussolini) i full gang med planane for å invandere Hellas, og eit heile to kapittel er via til denne «store» herskaren. Eitt er med Mussolini i første person og eitt er skrive «til ære»for Mussolini på ironisk vis. Med den italienske historia og kapittla om deira inntog i Hellas er òg historia om Carlo. Carlo er ein mann som er langt over gjennomsnittet stor, rett og slett ein kjempe, som føler at han ber på den største synd i verda og elles er ein mann full med samvit.
Jeg, Carlo Piero, Guerico, skriver disse ord i den hensikt at de skal bli funnet etter min død, når verken forrakt eller tap av ære kan forfølge eller skjemme meg. Forholdene gjør det umulig å stå fram med denne beskjennelse av min natur før jeg har trukket minne siste åndedrag, og inntil det øyeblikk er jeg dømt til å bære en maske en ublid skjebne har påtvunget meg.(…) Jeg har ikke fortalt det til noen lege heller. Jeg vet på forhånd at han ville kalle meg en avviker, hevde at jeg på en eller annen besynderlig måte er forelsket i meg selv, at jeg er syk og kan helbredes, at det er min mors skyld, at jeg er feminin enda jeg er sterk som en okse og fullt i stand til å løfte min egen vekt over hodet, at jeg må gifte meg og leve som en normal mann, at jeg har et valg.
Kanskje dei fleste har forstått kva som foregår her. Carlo er den typen som har fått fleire medaljar for å redde enn for å drepe, og ein av dei han kjempa for å redde var Fransisco, bestevennen og mannen han elska. Etter eit ublidt møte med Hellas og greske soldatar blir han sendt til Kefallinia saman med fleire andre soldatar fulle av samvit. Blant dei er Antonio Corello, ein mann som går rundt og bêr på ein mandolin og har laga eit kor eller orkester han kallar La Scala. La Scala, orkesteret som er starta med og for italienarar, har òg sitt eige reglement.
1) Alle som innkalles til aminnelig musikalsk eksersis er forpliktet til å spille et instrument (skje, stålhjelm, kam osv.)
2) Enhver som gjentatte ganger mislykkes med å nå høye toner skal kastreres, hvorpå testiklene doneres til et veldedig formål
(…)
4) Alle tilhengere av Wagner vil straks bli skutt, uten rettegang og uten ankerett
5) Beruselse er obligatorisk bare ved anledninger da det ikke er kaptein Antonio Corelli som betaler for drikkevarene
Tilbake til alvor: Pelagia er saman med fiskaren Mandras, som dessverre reiser for å kjempe i krigen, for å kunne vere verd ei medgift og at doktor Iannis vil sjå på han med andre auge. I mens kjem Corelli og italienarane, og Corelli må flytte inn i huset til doktoren. Dei italienske gutane er både morosamme, glade i å feste, musikalske og rampete. Dei gjer ingen større skade på øya, og det ser ut som at Corelli stort sett bryr seg om fotball, mandolin, La Scala og etterkvart Pelagia. Etterkvart kjem òg tyskarane til øya, og ein løytnant Günter Weber stifter kjenskap med «fascistane». Han får òg vere med i La Scala som punktert trettitoendelspause.
Spenninga spissar seg til, og krigen herjar i Europa, i tillegg til å kome nærare idyllen på den greske øya. Fleire tyskarar kjem til og ELAS (kommunistar) herjar rundt i landet og bryr seg meir med å slå EDES (greske, politiske motstandarar) enn å jage tyskarane på flykt. Carlo, Pelagia, doktor Iannis og Corelli held likevel fast på håpet til sluttten.
Boka var utruleg godt skriven. Språket var veldig lite avansert, og det var få stavefeil slik eg kunne sjå. Mykje humor, men likevel alvor som heng over handligna, og sjølv kjente eg at eg likte Carlo. Ikkje på grunn av avsnittet over, men eg likte han for at han hadde fått fleire medaljar for å redde liv enn å ta liv. Han var òg glad i barn, modig, sterk, men med ein stor dose samvit. Kefallinia var ei øy til å forelske seg i, og den historiske sida av boka var interessant og stemte med det eg hadde høyrt. Tenk på all den researchen som må til for å skrive ei slik bok! Forfattaren har skapa ein stor klassikar spør du meg. Synsvinkelen skifta, og det var ulik kven som fortalte. Kva person dei fortalte frå var òg variert, men det er på ingen måte noko som forvirar eller blir uklart. Det var eit godt verkemiddel i og med at forfattaren har meistra det. Då eg las eit siste farvel av Carol Ann Lee, oppsummerte eg denne skiftinga av synsvinklar slik:
Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i «eg var.» Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.
Luis de Bernières meistra det, det gjorde ikkje Carol Ann Lee. Det vart ein naturleg del av kaptein Corellis mandolin, og det tok lang tid før eg oppdaga det i det heile, noko eg heilt klart ville oppdaga i andre bøker mykje før. Nå kan eg ikkje seie kva andre synes om dette, men sjølv synes eg ikkje det gjorde noko.Skal eg seie noko anna må det vere at det boka var meint til å handle om skjedde om lag halvvegs, og i lang tid sat eg å venta, men likevel skjedde det så mykje at det vart ikkje kjedeleg. Forfattaren greier å fenge lesarane og legg igjen nokre trådar og hint om hendinga som kjem seinare. At boka er utgjeven i 1995 og er litt gammal gjorde ikkje noko for meg, og Pax forlag har òg gitt ut boka i ny utgåve.
bok: gjesterommet av Helen Garner
Sjuande oktober dette året starta eg på ei av bøkene eg plukka med meg frå bokbloggartreffet, og det tok meg ein månad å lese henne ferdig. Ikkje fordi ho var keisam, men fordi eg byrja på henne rett før eg reiste til Hellas, og då tok eg henne ikkje med meg. Sist veke tok eg opp lesinga igjen. Boka var ikkje revolusjonærande eller veldig spennande, men fint og greit lesestoff.
Helen (tilfeldig at hovudpersonen og forfattaren har same namn?) har sagt ja til å ta i mot veninna Nicola mens Nicola får ein C-vitaminkur mot kreft. Nicola er en same gamle karismatiske dama som Helen blei kjent med for femten år sidan, men tydeleg prega av kreften. C-vitaminkuren er ein siste sjanse for å bli kvitt det, men dessverre ser det ikkje ut til å funke.
Eg syntes ikkje boka var veldig interessant, og det vart litt dag for dag, og kanskje til og med det same som hente kvar dag òg. Inn på insituttet for å få C-vitaminkur eller ei anna behanding. Vere med Nicola. Hjelpe henne kvar natt med det same. Det vart litt for mykje oppsummering kan ein seie, og eg syntes boka rett og slett var litt dårleg skriven i enkelte periodar. Nicolas optimisme er òg vanskeleg å forhalde seg til som lesar.
Språk, skildingar og gramatkk er ikkje på topp, men boka er heilt greit lesestoff. Eg syntes ikkje den framkalla djuptgåande kjensler, og det handla vel mest om Helen som hjelpepleiar for ein kreftsjuk og hennar kjensler. Viss boka skulle rørt ved meg i alle fall, burde det vore ei anna vinkling og dei burde stått nærare kvarandre. Skildringane burde i tillegg vore meir brutale og direkte. Prøver forfattaren å verne oss mot sanninga?
Boka er ikkje på meir enn litt over 150 sider. Det er ikkje veldig kjedsommeleg, og vil ein lese boka går det raskt. Damene i boka er gamle, og Helen er bestemor til ei lita jente. Dette òg kjem fram i boka, men ikkje nok synes eg, og det at det interesserer meg meir enn det boka eigentlig handlar om seier kanskje litt. Likevel, det er stridt å ha ein person med kreft å passe på i sin eigen heim, i tillegg til å gå opp om natta, og ein skal ikkje rakke ned på hovudpersonen for å i det minste prøve og hjelpe så mykje som ho gjer.
Boka gir òg eit sant bilete av naturmedisin og alternaltiv medisin som nå i dag er mykje omtalt, og i tillegg er det mange som sett sin lit til dette akkuart som Nicola. Slik kan ein seie at boka er aktuell i dag, nå som verda er proppfull med menneske som vil ha oss til å prøve noko nytt dei trur verkar. Pengar blir sløst bort på noko heilt unyttig her, spør du meg, og Nicola er eit bevis på korleis ein kan komme seg inn i det miljøet og bli lurt. I alle fall fekk eg eit dårlig intrykk av klinikken kor ho fekk behandling med C-vitamin. Kva er det godt for?
