bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg «en usynlig» slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for «slow crime». Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var «Kva skjedde no?» Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre. 

Advertisements

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls

Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!

2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell

Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F’sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.