bok: fruen av Saronno av Marina Fiorato

Fruen av Saronno er en vakker og underholdende historie om kjærlighet og kunst fra 1500-tallets Italia.
Bernardino Luini, elev av Leonardo da Vinci, får i oppdrag å male en religiøs freske i en landsbykirke i Lombardias åser. Der blir han trollbundet av Simonetta di Saronno, en ung adelskvinne som har mistet sin ektemann i strid og som sitter igjen med en skrantende formue. I en av kirkens fresker udødeliggjør maleren Simonettas skjønnhet og sorg i Jomfru Marias skikkelse. De forelsker seg mens hun sitter modell for kunstneren, men kjærligheten mellom dem får uante følger da skandalen er et brutalt faktum. Det handler ikke lenger bare om dem.
Hvem er den mystiske jøden med gullhånden? Og hvordan kan en stum, ung soldat ha innvirkning på Simonettas liv? Simonetta viser at hennes kreativitet kan måle seg med Bernardinos ved å skape en drikk for sin elsker av den eneste kapitalen hun har igjen – mandler. Den berømte Amaretto di Saronno. Hun har reddet formuen, men lar kjærligheten seg redde?

Då det var mammutsal dette året, kjøpte eg blant anna to bøker av Fiorato, ein italiensk-engelsk forfattar, som skriv ekstremt gode bøker frå den italienske historia. Eit godt talent for skriving som kjem fram til det fulle i bøkene hennar. 


Likevel var denne boka meirs skuffande enn dei to andre eg har lese. I alle fall i forhold til Botticellis hemmelighet, som eg òg las denne månaden. Mens Botticellis hemmelighet var spennande, romantisk og romma alt eg hadde håpa på, i tillegg til ein svært spennande hovudperson, var fruen av Saronno mest bygga på romantikk, og det var ikkje noko toppunkt der boka tok seg skikkelig opp.


Boka byrjar med at Simonetta di Saronno, sørgande enke med ein formue som står for fall, sit ved vindauget og sørgjer over sin døde ektemann, Lorenzo, som døydde i krig. Simonetta er knust over tapet, i tillegg til den dårlige økonomien han har etterlatt seg.


I mellomtida byrjar Bernardino Luini med freskene i kyrkja Simonetta går til for å be for Lorenzo etter han er død, men etter krigen distanserer ho seg meir frå Guden ho trur på, og i eit siste desperat forsøk på å få ein betre økonomi, seier ho seg villig til å sitje modell for Bernardino. Dei første dagane held dei ein kald tone, og Simonetta forstår ikkje Bernardinos tvil på at det eksisterer ein Gud, sjølv om det er den tvilen som byggjer opp under hennar manglande fråver i kyrkja dei neste månadane. 


Etterkvart som kunstnaren og modellen blir betre venner, og byrjar å betru seg til kvarandre, utviklar det seg eit type forhold, som ingen av dei er forberedt på. I feil augeblink oppdagar ein person som er tru mot Lorenzo di Saronno forholdet deira, og Bernardino fryktar for livet. 


I mens, i Pavia dukkar ein «vildmann» opp i skogane, og det er Amaria og hennar bestemor som finn han. Han er stum og hugsar ikkje noko av det som har hendt, men etterkvart som det går betre med han, og han byrjar å hugse, kjem det fram ting som ikkje bare kan påverke livet hans, men òg andres. 


Når Bernardino flyktar, har ikkje Simonetta lenger noko intekt, og ho får hjelp av ein resten av byen hatar og fryktar, ein mann som er bannlyst på grunn av sin religion. Hatet til jødane i Italia kjem tydelig fram i boka, men Simonetta oppdagar ei ny side av denne religionen, og med hjelpa til jøden greier ho å byggje opp formuen sin, gjennom ein brennevin laga av mandler. 


Å lese skjønnlitterære bøker frå Italia på 14, 15 – og 1600-talet er spennande og lærerikt. Du får eit innblikk av konfliktane mellom dei forskjellige religionane, og religion hadde ei heilt anna tydning då enn det det har nå. Jødehatet var langt større, og noko av det mest interessante var det religiøse i boka. 


Eg elsker kunst, og særleg kunst frå renessansen. Likevel var Bernardino Luini ukjent for meg, og forklaringa fekk eg i slutten av boka. Nokre av måleria hans var så storslagne at mange første trudde Leonardo Da Vinci, Luinis lærar og meister i delar av livet, hadde måla noko av det Luini eigentlig hadde måla, og derfor er Luini lite kjent for sine store målarverk. Viss du går innpå wikipedia på norsk og søker på namnet, kjem det bare opp nokre få setningar om målaren. Likvel er han nok meir kjent nå enn for nokre hundre år sidan, for nå er mange av måleria indentifisert som hans. 
På meg verka målaren egoistisk og ein som likte seg sjølv godt. Det kom godt fram i boka at Bernardino av og til måla Jesus» ansikt som sitt eige. Det var positivt at karakterane ikkje var stereotype, og at dei alle hadde ein sjanse til å bli betre menneske.

I motsetning til i Botticellis hemmelighet, er synsvinkelen i denne boka autoral, mens i Botticellis hemmelighet blei alt fortalt av Luciana i første person. Den autorale synsvinkelen var ei svært godt trekk av forfattaren, og han passa godt til handlinga i boka.

Likevel, som eg skreiv her oppe, var det ikkje noko toppunkt i historia, og det meste av handlinga var bassert på romantikk. Til og med kunsten bleikna, og skildringane var betre i Botticellis hemmelighet. Eg kjente aldri at eg vart redd for hovudpersonane, og konfliktane var små til å vere i ei bok. Kjærleiken var alt i boka, noko som iriterte meg.

Ei bok skal byggjast på noko meir enn kjærleik synes eg, eller så skal det vere eit toppunkt i historia. KLIMAKS! Det er det eg vil ha. Kjærleik er ein god ingrediens i bøker gode som kaker, men ei kake kan ikkje bare bli til av ein ingrediens.

Boka bleikna veldig i forhold til dei andre av Fiorato, og litt skuffa var eg etter endt lesing. Eg håpar nå på at Sienas datter er betre, og at det er meir spenning i boka, og at forfattaren har forstått det med ingrediensane.

bok: Boticellis hemmelighet av Marina Fiorato

Vidunderlig frisk og levende, med en herlig respektløs heltinne er Botticellis hemmelighet en mesterlig kombinasjon av historisk intrige og romantisk eventyr.
I det fargerike 1400-tallets Italia møter vi den unge og vakre Luciana Vetra, som arbeider som modell på deltid og hore på heltid. Når hun blir spurt om å stå modell som gudinnen Flora i Sandro Botticellis maleri La Primavera, samarbeider hun gjerne – helt til kunstneren plutselig sender henne på dør uten betaling. Hun blir fornærmet og stjeler en uferdig versjon av maleriet – men det går ikke lang tid før hun finner ut at noen er villig til å drepe henne for å få det tilbake.

Vidunderlig, vakker og ein skikkelig pageturner er ord som kan beskrive dette meisterverket av ei bok!

Hovudpersonen Luciana gir først eit direkte skittent og umoralsk inntrykk på meg, som protistuert og florentinsk borgar. Å tilfredsstille menn er jobben, og penger er lønna ho får, som hjelper henne og «kollegaen» til å behalde huset sitt. Luciana er svært fiksert på kropp, utsjånad og hår i byrjinga av boka, noko som sikkert er naturlig når du tenker på yrke og kva ho lever av. Det som sjokkerer meg mest i møte med henne er den unge alderen hennar. 
Historia startar svært raskt og går rett på sak. Luciana har blitt tilbudt jobben som modell for Botticellis Primavera (våren) gjennom kunden Bembo. Det er på dette punktet i forteljinga lesaren kanskje blir vekka mest opp, for det står klart og tydelig at Botticelli og maleriet har noko med heile handlinga å gjere, og derfor er det dyktig å dra fram dette så fort. 
På veg til Botticelli passerer Luciana klosteret i Firenze, og med det ein annan som er med på å dra forteljinga, bror Guido, ein av dei få som er uanfekta av Lucianas utsjånad og hennar direkte framtoning. Men òg han er direkte mot henne i denne delen av boka. Og han tilbyr henne ein stad å vere om det ein gong var nokon ho skulle trenge å verne seg mot, noko som blir høyrt. 
Besøket hjå Botticelli går glatt, heilt fram til ein liten skjebnesvanger replikk i frå Luciana si side, som skal vise seg at er farlige ord. Etter å ha måla ferdig andletet til Luciana, ber Botticelli henne om å gå, utan betaling, men Luciana gir seg ikkje så lett. Dristig som ho er, stjel ho ei veldig forminska, uferdig utgåve av måleriet, og dette set alt i gang. I fare for å bli drepen, utan at ho veit kvifor, søker Luciana bror Guido opp i klosteret, og saman legg dei ut på si livs reise, for å finne løyndommen bak måleriet. 
Kunst er veldig sentral i denne boka, og tolkninga av Primavera (våren) var veldig interessant. For å vise korleis dette berømte bilete ser ut, har eg lagt det til i dette innlegget. 
Det er fantastisk å sjå bilete, og eg har sett det sjølv i Firenze. Det finnes mange teoriar og tolkningar på bilete, noko eg gjerne trur. Det skal vere eit av dei måleria med flest forskjellige tolkiningar, og ei av desse byggjer boka Botticellis hemmlighet på. Nå tvilar eg på at dette skjedde og at det er bodskapet i biletet, for personar i boka er ikkje personar som verkeleg har vore til, men unntak av dei forskjellige herskarane i Italia på den tida. Og sjølvsagt Botticelli, Da Vinci og paven. 
Nokre tolkningar og namn er det kanskje vanskelig å følge med på, men du treng ikkje å frykte at du ikkje forstår noko, for til sjuande og sist blir alt godt forklart, og det er lett å forstå ettersom at Luciana ikkje kan vere den i verda med størst hjerne. Det i motsetning til den veldig lærde bror Guido, som bruker uttrykk som til og med lesaren må få forklart. Frykt ikkje, Luciana treng forklaring på ord, så me får forklaringa. 
Skildringane er svært gode, og orda eg skreiv rett under baksideteksten her opp burde ha stått som ei forsikring på det nydelige omslaget som preger boka. Kjolen på omslaget, mest sannsynlig Lucianas, er nydelig, og passar veldig til å prege bokas omslag. Og eg har veldig lyst på ein slik kjole sjølv, men dessverre strekker nok ikkje syeigenskapane mine lenger enn til å vite korleis eg stikk ei nål gjennom stoffet. 
Først såg det ut til at boka var prega av skrivefeil, men nei, det var bare talefeil i frå Lucianas side, som raskt blei retta opp av bror Guido. Bare ein liten glipp i skrivinga, som det ikkje er noko å seie på. 
For de som ikkje er veldig svake for renessanse og kunst og Italia på 1400-talet, kan nok denne boka verka litt keisam av og til, men det er ikkje bare for kunstinteresserte. Tvert i mot har Fiorato meistra å lage eit verk som kan bereknast på fleire enn bare dei som er interesserte i renessanse og kunst. Du treng ikkje ein gong å vite noko som helst om kunst for å henge med, men total uinteresse for renessanse og kunst er nok ikkje det boka bør bli møtt med. 

bok å lese i påsken: glassblåseren fra Murano

Fin, historisk bok om glassblåsarar, Venezia og kjærleik. 

I Venezia 1681 er den venetianske republikkens hovednæring glassblåsing, og venetianske speil er mer verdt enn gull. Glassblåserne på Murano er praktisk talt fanger på øya, strengt bevoktet av det livsfarlige «timannsrådet», Consiglio dei dieci. For å beskytte sin hemmelige datter selger Corradino Manin, glassblåsernes største kunstner, sine forretningshemmeligheter og sin sjel til Ludvig XIV av Frankrike, Solkongen.

Flere hundreår senere flykter hans etterkommer, Nora Manin, fra et ulykkelig liv i London, for å gå i lære som glassblåser i sine forfedres by. I Venezia finner hun en ny tilværelse og ny kjærlighet. Men hun er både temperamentsfull og talentfull, og det berømte etternavnet setter henne i fare når tidløs rivalisering kommer til overflaten i de eldgamle glasshyttene. Og når de forræderske hemmelighetene i Corradinos liv avsløres, blir Noras skjebne uløselig knyttet til forfaderens.

Tekst og bilete frå Vega forlag.

Boka kom litt treigt i gang syntes eg og første kapittel var litt langvarig. I første del av boka likte eg best å lese om Nora, eller Leonora som ho blir heitande når ho kjem til Venezia. Tilbakeblikk til Corradino var litt kjedelige i byrjinga, og eg likte best å lese om Leonora gjennom boka og ikkje Corradino.

Både Leonora og Corradino var det kjekt å bli kjent med gjennom boka og linja i frå Corradino til Leonora er interessant. Det er ei svært romantisk bok også, og den anbefales til å bli lesen i påsken.

Eg har ikkje så god tid nå, men det er ei bra bok som bør lesast. Omslaget er til å forelska seg i og det same er beskrivingane av byen.