DEN PERFEKTE SOMMARBOKA! Eller?

Heile historia bak dette innlegget byrja med at sakna ho her:

93504Eller kanskje rettare sagt bøkene hennar. Dette er Lisa Jewell, forfattaren bak The Making of US og Before I Met You som eg las i fjor og forfjor. Ho skriv kanskje dei mest klisjéaktige eg har lese. Dei er enkle, lette og kanskje det nokon vil kalle typiske sommarromanar. Kvifor? Du treng ikkje bruke meir enn 1% av hjernen fin for å forstå kva som faktisk skjer. Og eg liker dei. Jo, eg er flau over det, men desse bøkene les eg. Det byrja med at eg sakna bøkene hennar, fordi sommarkjensla kjem berre eg tenkjer på dei. Det er eit eller anna med slike «light»-romanar som hennar som gjer at dei automatisk kvalifiserer seg til å vere sommarbok. Eg forstår det, men likevel forstår eg det ikkje i det heile teke. Kvifor skal Lisa Jewell vere meir kvalifisert enn Jon Fosse til å skrive sommarromanar?

 

Bileta over her irriterer meg. Det er henta frå Gyldendals sommarkatalog og er eit klassisk eksempel på det eg vil fram til i dette innlegget. Bøkene på det første er skrivne av forfattarar som er skrivne retta mot damer. Dei er romantiske, klisjéfulle og er primært retta mot kvinnelege lesarar som er svake for fine omslag. Det er eg òg. Over bøkene står orda «sommerbok, kosebok, strandbok, togbok, pocketbok». Jo, fint det, dette er bøker som rekna for sommaren. På det andre biletet er det kriminalromanar med namn som Horst, Brekke og Forbenius. Orda «Grøssebok, kafébok, veskebok, sofabok, pocketbok» står over desse. Odinsbarn er jo ei ungdomsbok. Likevel, det som irriterer meg mest er fargane og stemninga på bileta. Kvinner skal sitje ute eller på toget og lese Katherine Webb og Herbjørg Wassmo, medan dei mindre romantiske skal sitje inne i torevêr og lese Åsa Larsson. Det var nok litt svart kvitt, men det gir jo inntrykk av at ein kan ikkje lese kriminalromanar på stranda, nei, for dei skal lesast på sofaen i stygt vêr, og så skal du grøsse medan du les. Grøsse inne, kose ute.

Eg ville ikkje anbefale sommarbøker i år, for eg trur ikkje det finst sommarbøker. Det som butikkane, forlaga og fleire andre kallar sommarbøker er retta mot at ein skal ligge på stranda om sommaren, eller kanskje på ei solseng, og lese dameromanar ein ikkje treng å forstå. Ein treng ikkje å forstå fordi alt står rett fram. «Sommarromanar» er retta mot at ingen gidder å bruke hjernen på ferie. Då eg var i Antibes for eitt år sidan hadde eg med meg Rileys Light Behind the Window, Jewells Before I Met You, Lippestads Det vi kan stå for og McDermids The Vanishing Point. Eg kan seie at to av desse fire bøkene hadde aldri vore kvalifisert som sommarbøker. Dei hadde aldri fått ein lapp på seg med «årets sommerbok». Likevel sat eg på solsenga ved bassenget i Antibes og las Lippestads bok. Det var kanskje rundt 4. juli. Meir sommar kan du ikkje få det.

Sommarbøker finst ikkje. Det er ein myte, akkurat som påskekrimen. Det er berre eit bilete me har konstruert av kva som bør lesast i visse feriar, og så blir det marknadsført gjennom desse bileta. Jo, eg saknar Jewell, kanskje fordi det er sommar, men òg fordi det er lenge sidan eg har lese bøkene hennarMen eg lever fint med å lese Berlin – det 20. århundrets hovedstad av Torgrim Eggen.

Og rett før eg skulle til å publisere innlegget ser eg på Facebook New York-bekjennelser – ÅRETS SOMMERBOK!

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes «barnebarn» Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!