Bok: Ekornene i Central Park er triste på Mandager

No har eg lese ferdig den foreløpig siste boka i Katherine Pancols serie om den franskekvinna Joséphine. No har det kome så langt at det er vanskeleg å lage ein omtale utan å røpe for mykje, men eg har i alle fall skrive ned baksideteksten, som òg er ein del av boka.
Noen ganger leker livet gjemsel.
Det gjemmer edelstener og diamanter og kostbare gaver i gamle skur, under en brukt bussbillett, bak ukjente blikk på trikken.
Det som er viktig er detaljene. Detaljer er akkurat som de småsteinene som viser veien hjem. brutale og travle mennesker, de som møter livet med boksehansker og knuser småstein under aggressive skohæler, mister sansen for detaljer. de tror de kaster bort tiden når de bøyer seg ned og betrakter en mynt, et gresstrå, en manns skjelvende hånd.
Men den som bøyer seg, kan stoppe tiden og bli var de vakre diamantene i en fremmeds skjelvende hånd.
Og livet blir aldri mer trist. Verken på lørdag eller søndag eller mandag.
Det beste med bok tre i serien er dei korte avsnitta. I tillegg synes eg at den autorale synsvinkelen er fordelt på ein veldig bra måte. Ein blir på ein måte endå betre kjent med alle karakterane, og utviklinga skjer med stormskritt her. Det er 807 sider med kvardagsdramatikk.  Hendingane i boka føregår i alt frå Paris til London til New York. Kjærleiken er sentral, men ikkje dominerande.
Det beste med Katherine Pancols bøker er den lite overforklarande forteljarstilen. den er meir essayisitisk. Med det meiner eg undrande og reflekterande. Gjennom denne måten å skrive på set ho i gong lesarane sine tankar rundt dei ulike temaa. Det er kanskje difor bøkene er så lette å falle for, rett og slett fordi dei ikkje er tanketomme kjærleikshistorier. I tillegg er det ikkje berre kjærleikshistorier mellom menn og kvinner i denne boka, men den viser òg kjærleiken mellom foreldre og barn, veninner og søsken. Boka gir tankevekkande innblikk i ulike relasjonar.
Kva har ei veninne å seie? Kva har sjølvtillit å seie? Går det an å leggje bak seg barndommen og leve vidare, eller må ein leve med det? Korleis skal ein leve livet? Skal ein vere ambisiøs og brøyte seg fram og gjere det ein vil, eller skal ein føye seg etter andre? Det er så utruleg mange spørsmål i boka, og den er så full av gode sitat at skulle eg ha notert all ville eg ha brukt eit år på å lese boka. Eg synes nesten at berre første linje i baksideteksten opnar for refleksjonar av tusen ulike slag. Noen ganger leker livet gjemsel.
Ein skulle kanskje tru at karakterane var lite truverdige i slike bøker. Dei er truverdige, på grunn av relasjonane og karakterane viser sterke og svake sider ved kvarandre, gjennom måten dei samhandlar på. Forventningar er eit godt ord for å beskrive det. I sosiologisk samanheng blir forventningar definert som: Oppfatningar av korleis ein bør oppføre seg og korleis samhandling bør føregå. Dette er ein viktig del av boka. Karakterane sine forventningar til kvarandre og til seg sjølve gir sterke og svake sider til kvarandre, og her hjelper òg den autorale synsvinkelen, ved at ein veit kva alle forventar av seg sjølv og dei rundt.
Hortense er akkurat som i dei andre bøkene ein viktig karakter. Eg må seie at eg ser litt opp til henne på grunn av den ambisiøse veremåten og sjølvtilliten. Det skal utruleg mykje til for at ho mister trua på seg sjølv, men likevel utruleg lite. Ho brøyter seg fram og vil vise igjen overalt. A shining star. Samstundes er ho lite klar over sine eigne kjensler, og på mange måtar er ho umenneskeleg. Ho stenger ute alle kjensler som kan verke negativt og er redd for å overgi seg. Ho må vere uavhengig.
Boka vart litt langtrukken. Den kjente eg veldig på medan eg las. Det gjekk lang tid frå eg las den første sida til den siste sida, og eg blanda av og til saman handlinga med det som skjedde i Skilpaddens langsomme vals fordi det meste verka så lenge sidan. Likevel gjekk slutten fort, og eg skulle no ønske at det var endå fleire sider, for eg vil ikkje vere ferdig. Eg kjenner meg ikkje klar til å ta farvel med desse fantastiske karakterane eg har hatt i livet mitt den siste månaden. Då eg skreiv om dei norske ungdomsromanane, skreiv eg at det var akkurat som om du berre følgde etter ein person, ikkje som om du var personen, at dei berre gav eit inntrykk av overvaking. Desse bøkene er det motsette. Eg føler at eg er i Paris, at eg er i London, at eg er i New York.
Fotnotane nedst på sidene var òg veldig distraherande. Dei skulle referere til dei andre bøkene, når det var snakk om handling frå dei. Likevel fekk eg ikkje med meg fotnoten, men berre at det sto noko med lita skrift nedst på sida, og då måtte eg sjå etter det vesle teiknet på sida, for å ikkje irritere livet av meg. Fotnotar er noko som eg ikkje liker i det heile, men det er meg. Det har eigentleg ikkje mykje å seie for den litterære kvaliteten på boka.
Forresten, nokon som veit om det skal komme fleire bøker i serien? Det er eg veldig usikker på. Eg har veldig lyst til at det skal vere slutt no, fordi det var ein fin og verdig avslutning, samstundes som eg gjerne vil lese meir om Joséphine, Hortense, Zoe og dei andre folka frå bøkene til Pancol.

Bok: Skilpaddens langsomme vals av Katheirne Pancol

Når eg sit og skriv om denne boka, og ser på sjangaren, namnet, handlinga, utrdag frå omtalar i franske tidsskrifter, karakterane, forfattaren, omslaget og baksideteksten, har eg ei kjensle av at dette er ei bok som eg ikkje skulle ha likt. De spør dykk kanskje kvifor, og eg veit ikkje heilt sjølve, men det er kanskje det at Chick Lit-bøker høyres litt bleikt ut, og kanskje litt umoralsk, klisjéaktig ut, slikt som ingen anmeldarar med hjerne i hovudet ville ha rosa Likevel, eg kjenner at alt stig eit par hakk, når eg ser at Krøger, anmeldaren i Dagbladet, roste den første boka utan spor av kritikk og negative ord. Då føler eg at døra er open for å rose Pancol og bøkene hennar litt.

Utdraga frå franske tidsskifter, som høyres ut som magasin, utan at eg veit heilt, er utelukkande positive. Når det er britiske eller amerikanske avsier det er snakk om, plar eg å prøve å finne utdraget som står på boka på nettsida til avisa, men når det er på fransk, trur eg at eg skal halde meg borte frå det. Mine kunnskaper innanfor det språket avgrensar seg til Hei, Takk og Farvel. Om det er det at eg er litt sjarmert av Frankrike som gjorde at eg plukka opp bøkene av forfattaren veit eg ikkje, men det eg veit, er at det er ikkje veldig mykje «typisk fransk» slik ein turist ville ha sett på det. Det er ingen tur til Eifeltårnet, ingen kyss under Triumfbogen eller tur til Notre-Dam. Det er bøker om eit normalt, unormalt kvardagsliv i Paris.

Joséphine er ei dame som ikkje hadde blitt skildra som bestemt, høg på pære eller noko i nærleiken. Tvert i mot er ho ei dame som lenge har latt seg undertrykt av mora Henriette og søstera Iris. I første boka braut ho på ein måte opp, men no i bok to er det nye ulukker og gleder. Eldste dottera, Hortense studerer i London. Yngstedottera, Zoe, er igjen i Paris og har problem med både utsjånad og korleis ho trur andre ser på henne. Besteveninna, Shirley, har vendt tilbake til London saman med sonen, Gary, ei besteveninne med ei eventyrleg fortid. Iris er innlagt på klinikk grunna dårleg psykisk helse. Mannen hennar, Philippe, og sonen deira, Alexandre har òg flytta til London. Mora, Henriette, som ho føretrekk å bli kalla, har hevntankar, og mannen hennar, stefaren til Joséphine, Marcel Grobz, har flytta inn saman med kjærasten og den nyfødte sonen, i ein alder av sekstisju år. Midt oppi dette står Joséphine i ny bustad i Paris, med ein kjærast ho ikkje er sikker på lenger og ein eksmann som heimsøker henne.

Alle bøkene mine i denne serien er kjøpte, og då eg hadde kjøpt første boka, Krokodillens gule øyne i innbunden form, bestemte eg meg for at alle bøkene skulle vere innbundne. Eigentleg er eg ikkje veldig kresen på det, men akkurat her, ja alle måtte vere innbundne. Det er ikkje alltid like lett å få tak i bøker, som er nokre år gamle, i innbunden form, noko dei fleste sikkert har erfart. Eg leita og leita, og der ein dag, fann eg den andre og tredje boka på Norli på Kvadrat, og den eine på tilbod. Kven måtte kjøpe bøkene? Eg trur du har gjetta rett, og kvifor måtte dei absolutt vere innbundne? Ikkje berre fordi eg syntes det såg fælt ut i bokhylla med ei innbunden, ei pocket, ei innbunden, ikkje berre fordi pocket-bøker blir stygge, når ein les dei og har lita skrift, men på grunn av baksideteksten. Noko av magien med bøkene var baksideteksten. Eg visste ingenting eigentleg, då eg byrja på første boka, og då eg byrja på Skilpaddens langsomme vals, visste eg ikkje meir enn at det var ei fortsetjing av det som byrja i Krokodillens gule øyne, noko som var nok i seg sjølv til å lese neste. Problemet med pocket-bøkene, var at dei gjengav handlinga som i ei heilt normal bok, noko som gjorde at litt av magien var borte. Eg ville at, viss nokon skulle finne bøkene i bokhylla mi, skulle dei ha same oppleving som den eg fekk. Så lite for så mange penger ekstra, tenkjer du kanskje. Så mykje magi for så lite penger, tenkjer eg! Du vil kanskje vite kva baksideteksten var? Her e den:

Denne boken er et stormkast av et liv … 
En het omfavnelse fra den eneste man absolutt ikke må omfavne … To armer som slynger seg rundt eller som dreper … En foruroligende, men samtidig utrolig sjarmerende mann … En kvinne som skjelver og har et brennende håp … En mann som er en mester i å lyve … En kvinne som tror hun har kontrollen, men mister den fullstendig … Unge som er mer oppegående enn de voksne … En mann som spiller gjenganger … En far, der oppe blant stjernene … som mumler i øret til sin datter … En hund så stygg at man trekker seg unna når man treffer på den … Karakterer som urokkelig beveger seg fremover i livet … som små sta skilpadder …. som lærer å danse sakte, sakte … i en altfor rask og voldsom verden.

 Litt poetisk, og seier det på ein måte som gjer at dei som har lese første boka kan ane nokre konturar. Det som fascinerer meg med bøkene er at det er kvardagen eg les om, det er noko heilt normal eg les om. Likevel er det ein litt uvanleg kvardag, og forfattaren bles det litt opp. Samstundes som det er kvardagen legg ho inn litt overnaturlege, morosamme, fryktelege hendingar. Til dømes ein eittåring som snakkar, ei kvinne som blir forheksa, ein seriemordar. Ho har lagt inn kjærleik, krangling, skilsmisse, men ikkje til ein føler at alt berre blir klisjé, klisjé, klisjé. Ho stoppar rett før det blir klisjé. I tillegg fortel ho på ein måte som gjer at alt er noko heilt anna enn kvardag. Når eg snakkar om kvifor eg liker å lese, plar eg å seie: «Då kan eg flyta bort frå ein travel og hektisk kvardag». I desse bøkene flyktar eg frå kvardagen til kvardagen.

Eg trur mykje av boka delvis er symbols, og sjølv om nokre av karakterane er sett på spissen på mange måtar, øydelegger det ikkje dimensjonane i boka. Hovudkarakteren er ei antiheltinne med to døtre, ei som foraktar alt kjensler, tårer og forelsking, og ei som er på stadiet mellom barn og vaksen. Ho er ikkje flink til å seie frå, bestemme seg, ta æra for noko ho har gjort eller ta i mot kompliment. Ho er ein anti-helt i ei verd som beveger seg alt for fort framover.

Det som irriterte meg mest med boka var feil i teksten. Nokre gonger, då dei ikkje snakka, var det talestrek, og nokon gonger, då dei snakka, var det ikkje talestrek. Dette er ikkje forfattaren, men forlaget. Det burde ha blitt gjort betre. For folk som er sjukeleg opptekne av grammatikk, er slikt irriterande. Eg er ein grammatikknerd på mange måtar, som gremmer seg berre ho ser orddelingsfeil eller opplagte kommafeil.

Omtalen har blitt mykje om meg, litt om boka, men noko som er viktig, les serien frå bok ein til bok tre. Viss ikkje kan du ikkje lese tidlegare bøker. Det er blir berre feil! Dette var omtalen min av den første boka i serien. Her er eit intervju med forfattaren, og dette er ein mindre positiv omtale skriven av Marianne på Ebokhyllami.

Til slutt, det finaste sitatet frå boka:

«- Hvem er helt «normal», Joséphine? 
Hvem er ikke normal? 
Who Knows? 
Og hvem setter normen?«

Skilpaddens langsomme vals av Katherine Pancol, side 646

Bok: Krokodillens gule øyne av Katherine Pancol

Eit nytt stjerneskot har slått gjennom i Frankrike, og òg i Noreg. Katheirne Pancol har inntatt trona som Bazar forlags neste store franske forfattar, og saman med Tatiana de Rosnay, som blir utgitt på same forlag, inspirerer dei norske lesarar til å lese franske bøker. Til no vil eg seie at Rosnay kanskje gir ut meir alvorlege bøker, som har litterær kvalitet på sin måte, sjølv om dei er litt svekka på nokre punkt, medan Katherine Pancol har brukt kjensler for å nå fram til lesaren. Ho vil ha oss til å gråte og le, og ikkje minst kjenne oss igjen i karakterane. Det er vel lov å seie at ho gjer det på ein genial måte.

Eg hadde høyrt litt om bøkene då eg plukka denne opp på Norli på M44 ein dag. Eg hadde lese bakpå Ekornene i Central Park er triste på mandager, eg hadde høyrt namnet på forfattaren og visste at det nok handla om to søstre. Likevel visste eg ikkje at ho skreiv så bra. Baksideteksten seier veldig lite om handlinga, men mykje om boka på heilt andre måtar, og det var kanskje det som fekk meg til å plukke henne opp på M44:

Katherine Pancol
Foto: Bazar forlag

Denne romanen foregår i Paris. Og likevel møter man på krokodiller. Denne romanen handler om mennesker. Og kvinner. Dem vi er, dem vi ønsker å være, dem vi aldri kommer til å bli, dem vi kanskje en gang kan bli. Denne romanen er historien om en løgn. Men også en historie om kjærlighet, vennskap, svik, penger, drømmer. Denne romanen er full av latter og tårer. Denne romanen handler rett og slett om livet.

 Det kan høyrast ut som noko filosofisk vrøvl, eller rett og slett ein hjernedød Chick Lit-historie for kvinner. Ja, eg kan seie at boka er mest for kvinner, for dei fleste karakterane er kvinner, og eg trur ikkje at det er så mange menn som ville kjent seg igjen i boka. Boka handlar i all hovudsak om dei to søstrene Joséphine og Iris. Joséphine har gifta seg med Antonio, eller Tonio som han liker å bli kalla, og han har ein god jobb i eit firma, medan ho er ekspert på fransk historie frå 1100-talet. Hennar største problem ser ut til å vere at det er så få som er interesserte i denne delen av den franske historia. Eg kan ikkje seie at eg klandrar dei for det akkurat, sjølv om eg historieinteressert. Likevel fekk eg sterk medkjensle med Joséphine, og den auka berre endå meir då ho i byrjinga av boka finn ut at mannen har ei elskerinne og ho kastar han ut. Det er her boka startar, og igjen sit ho med to døtre, den eine ein tverr tenåring og den andre ein nysgjerrig tiåring, nesten utan pengar. Mannen reiser med elskerinna til Kenya for å drive ein krokkodillefarm.

Iris er derimot vellukka. Ho studerte film i USA og hadde ei kort kjærleikshistorie der, før ho reiste heim og gifta seg med advokaten Philippe og fekk ein son. Dei har så mange pengar at ho kan vere heime og berre nyte livet, vere med veninner og menge seg med andre rikfolk. Ho både beundrar og misliker Joséphine. Du kan vel seie at dei er litt på kollisjonskurs. I tillegg til Iris har du Henriette, òg kjent som «tannpirker’n», som misliker yngstedottera Joséphine, både på grunn av karriereval og val av mann. Sjølv har ho gifta seg til penger gjennom Marcel, som òg har sine eigne løyndommar. I tillegg til desse har du Hortense, Joséphines eldste dotter, som har same oppfatning av mora som Iris, og Zoé, som elskar mora og er nysgjerrig på livet. Shirley og Gary er òg ein del av denne friske og fargerike historia, og rundt alle desse personane skjer det så og seie ein del meir enn det vanlege.

Eg har hatt litt fordommar mot Chick Lit-bøker, men Katherine Pancol har skrive ein sjarmerande roman, med verken for få eller for mange klisjéar. Det er tydeleg at forfattaren vil ha lesaren til å gråte av både latter og sorg, og ho prøver å lokke fram kjensler hjå lesaren med språket sitt. Eg trur ho vil greie det hjå dei fleste, fordi ho har laga karakterar som både er ukjente, fordi dei er litt fargerike og me blir sjarmerte, men som me òg kan kjenne igjen i personar rundt oss eller i oss sjølv. Boka er på 568 sider, noko som for nokre er langt og for nokre er kort. Det som gjer at boka verker kortare enn ho er, er det lette språket og den gode flyten i historia. Eg var heilt sikker på at boka var på 578 sider, men då eg kom til side 568 og bladde om, var det ikkje meir. Det er trist, når det einaste du vil er å lese meir.

Katherine Pancol har gitt ut to oppfølgarar i serien: Skilpaddens langsomme vals (#2) og Ekornene i Central Park er triste på mandager (#3)

Denne boka er kjøpt på Norli