bok: Sofia av Sigrid Merethe Hanssen

Hanssens bok er eit godt stykke nynorsk poesi og ein strålande roman. Boka er lettlest, delt inn i korte kapittel og er på mange måtar sjeldan.

Ein kan jo på ein måte seie at alt som er skrive på nynorsk i 2013 er sjeldan vare. Dei andre forlaga skriv at dei gjerne tek i mot bøker på både nynorsk og bokmål, men eg ser fint lite nynorsk litteratur hos dei. Unntaket er Sortlands bøker på Aschehoug, som faktisk er veldig gode. Elles er det for det meste skulebøkene som er skrivne på nynorsk, og utanom det må du til Samlaget. Til gjengjeld gir Samlaget ut veldig gode bøker, spør du meg. Det verkar ikkje som om dei berre tek det dei for, men faktisk gir ut bøker som er gode. Men det var ikkje generelt nynorsk litteratur eg skulle gå inn på i innlegget, det var boka. Innlegget om nynorsk kan de lese her.

Boka, Sofia, var, som eg allereie har skrive, poetisk. Ei norsk kvinne reiser til ein kystby i Hellas for å skrive. Denne norske kvinna veit me ingenting om, og me får heller ikkje vite noko. Det er noko veldig mystisk over henne, for namnet nemnes ikkje ein gong i løpet av boka. Me veit ikkje nøyaktig kor ho kjem frå, kva byen som ho kjem til heiter, kor gammal ho er, familiesituasjonen hennar. Det einaste me veit er at det er ein kvinneleg norsk forfattar. Det var faktisk ikkje før eg var ferdig at eg merka eg ikkje visste særleg mykje om henne. Den me derimot får møte og vite namnet på er Sofia. Sofia er ei døvstum jente på den lokale kafeen som forfattaren har fått for seg at ho skal verne. Men kor langt kan ein gå for å verne ein person? Du kan seie at hovudpersonen går litt for langt.

Boka er på 121 sider, er delt inn i veldig korte kapittel og er lett å kome seg gjennom. Nokre kapittle dekker ikkje ei halv side ein gong.
Til dømes:

Teikninga viser eit fjell i mørker. Fjellet tar nesten all plassen på arket. Under fjellet, litt til høgre, ligg husa. Alle er i mørker. Berre i to av dei lyser det Til høgre er månen.
Fuglen kjem tilbake. Han bruker nebbet heile vegen langs vindauget. Han klorer seg fast sidelengs, og kroppen er nesten vassrett mens han får tak i det han vil ha.

Sofia side 70

Boka er som ei litt lengre novelle. Tidlegare har Hanssen gitt ut to novellesamlingar, og dei må eg få lese, fordi eg trur dei er veldig gode etter å ha lese denne boka. Du må gå inn i boka på ein måte og er ikkje ferdig etter siste side. Noko må tolkast, andre ting kan du berre lese rett ut. Symbolikk, metaforar og samanlikningar. Eg liker det. Likevel må eg seie at det har ikkje det heilt særeige over seg, utanom historia. Me har nok alle lese nynorskbøker som er skrivne i litt same stil og med slike små korte kapittel. Me plar å få vite meir om hovudpersonen, staden og kva som skjer, men likevel er skrivestilen nokså kjent. Plottet er sjeldan, eg har aldri lese det før, og det er handlinga som tel. Ein kan ikkje rakke ned på denne skrivestilen, for den er heilt fantastisk. Og det beste er at nynorsken nesten har monopol på akkurat det. Eg trur ikkje bokmål hadde vore like bra her.

Boka er veldig god avkopling frå annan litteratur. Du trenger ikkje å berekne meir enn nokre få timar, og kankje ikkje fullt det ein gong. Du trenger heller ikkje å setje deg ned med penn og papir for å få ein god oversikt over personane. Det går heilt av seg sjølv. Set deg ned og slapp av med Sofia i somar. Du vil ikkje angre (og gjer du det, er det ikkje mykje tid som har gått med)

Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget

boksommaren 2013: kontrafaktisk, kriminell og gresk

Anita på bloggen Anitas blogg har laga eit blogghopp, kor bokblogarane skal fortelje om kva dei skal lese i somar. Det blir eit lite rotete innlegg dette, men det får berre vere.
Kva skal eg lese i sommar? Somme gonger liker å lese bøker frå den staden eg skal til på ferie, som då me reiste til Hellas i fjor og eg las tråden av Victoria Hislop, men slike planar har eg ikkje byrja å tenkje på enno. Ferieplanane får de først vite, når det ikkje er planar lengre, men minner. Ja, de får smørje dykk med tålmod, og det er ikkje ferie enno. Uansett, sommar betyr god tid til å lese, og eg skal nytte denne gode tida veldig godt. Eg har nettopp funne nokre bøker som eg  lese, både på grunn av det historiske perspektive og på grunn plottet og handlinga. Kontrafaktiske bøker. Eg veit ikkje om de har høyrt om det, men det er bøker som tek opp tema om.

«Et kontrafaktisk spørsmål er å spørre hvordan historien ville utviklet seg dersom en historisk hendelse hadde gått annerledes.»

Dette skriv Wikipedia om kontrafaktisk historie. Det har kome ut tre bøker på nokre veker no som tek
opp dette. Den som etter omtalane skal vere best, vil eg helst halde meg borte frå, fordi dei andre høyrtes meir interesante ut og faktisk er meir realistiske. De har kanskje høyrt om Cappelen Damms Han er her igjen av Timur Vermes.

«Våren 2011 våkner Hitler opp i Berlin»

Dette er første linje i baksideteksten på boka, og de kan jo berre tenkje dykk kva boka handlar om. Eg har imidlertid ikkje tenkt å lese boka, fordi det er det mest urealistiske plottet av dei tre plotta i dei tre ny bøkene. (rotete setning…)
Dei to andre bøkene heiter skygge over London av C. J. Sansom og plan D av Simon Urban. Dei tek opp langt viktige spørsmål som er meir skremmande og veldig realistiske. Kva viss England hadde forhandla med Tyskland under krigen? Neville Chamberlaine, statsminister i Storbritannia før Winston Churchill, var faktisk villig til å gjere dette. Ein veit aldri kva som kunne skjedd, viss England hadde gitt etter.

Året er 1952, tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløy og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regime: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et konstant press.

Dette er første avsnitt i baksideteksten til boka. Det er skremmande å tenkje på at dette kunne vore realiteten, hadde det ikkje vore Churchill. De kan tenkje at dei kanskje hadde gjort motstand, då dei såg korleis det utvikla seg, men kva viss det hadde vore forseint? Boka er utgitt på Forlaget Press, som òg har gitt ut nevnte plan D. Forfattaren bak boka har òg skrive vinter i Madrid som allereie er reservert på biblioteket, og eg gler meg til å lese, sidan det er nok ein historisk roman frå den spanske borgarkrigen. Historie er fantastisk og eit av faga å sjå fram til på VG2 og VG3 (saman med sosiologi, rettslære og internasjonal engelsk sjølvsagt)

Plan D er ei bok som ligg litt lengre fram i tid, men òg den handlar om Tyskland. Kva viss DDR framleis var til og Tyskland var delt? Det tek denne boka opp, og ja, kankje meir urealistisk enn skygge over London, men langt meir realistisk enn han er tilbake igjen. November neste år er det tjuefem år sidan Berlinmuren falt. Eg opplevde heldigvis aldri den kalde krigen og DDR og Berlinmuren, men samstundes er det – i eit historisk perspektiv – veldig nytt og veldig interessant.

Hva om DDR likevel ikke hadde gått under? Hva om den tyske gjenforeningen aldri hadde skjedd? Vi er i Øst-Berlin, året er 2011. Muren står fortsatt, Egon Krenz har klamret seg til makten i 22 år, men nå står DDR eller den Tyske Demokratisk Republikk på randen av sammenbrudd. Pengene staten har tjent på gassdistribusjonen østfra er blitt slukt av systemet, og et grått og skittent Berlin er i ferd med å knele under forurensningen fra millioner av den nye statsproduserte bilmodellen Phobos. Sosialismens siste håp er de planlagte økonomiske forhandlingene med Vest-Tysklands kansler Oskar Lafontaine. 
Eg kjenner eg gler meg som eit lite barn til å opne desse bøkene her. Det skal bli så interessant, og eg håpar forfattarane kan skrive! Eg trenger ikkje dei morosamme referansane frå han er tilbake igjen berre eg får eit interessant perspektiv på dei to andre tinga som kunne ha skjedd. Eg skal til Tyskland, Polen og Tsjekkia med VG2 i september, og då skal me blant anna innom Birkenau, Auschwitz og det berømte STASI-fengselet i Berlin. God oppladning dette? Ja!

Kriminell sommar håpar eg ikkje på «in real life». Vil helst behalde både lommeboka og livet, og eg vil òg halde meg borte frå kriminalitet sjølv, utanom kriminalromanar. Det må til. Evig skal døden vera av Kroken & Kolden skal lesast etter at eg las døden kjem med bussen, som fekk ein veldig positiv omtale av meg. Eg må òg få med meg forsvinningspunktet av Val McDermid, som verkeg veldig interessant. 

Det er alle foreldres mareritt. Stephanie Harker skal gjennom sikkerhetskontrollen på O’Hare flyplass i Chicago da hun blir tatt til side fordi hun har utløst metalldetektoren. Fem år gamle Jimmy venter på henne utenfor, og Stephanie ser en uniformert offiser føre ham bort. Hun får panikk, og sikkerhetsvaktene legger henne i bakken. Da Stephanie kommer til orde, er Jimmy sporløst borte. Stephanies nære vennskap med reality-TV-stjernen Scarlett Higgins ser ut til å ligge i bunnen for en fortelling om død, svindel og hvor langt en forelder kan strekke seg for å beskytte sitt barn.

Barn som forsvinn er noko av det tristaste og vondaste ein krim kan handle om, men det er òg nervepirrande og spennande, og eg håpar Val McDermid kan det ho gjer! Og eg tvilar ikkje på det. Utanom desse kriminalromanane har eg nokre uleste i bokhylla som berre står og ventar. Blant anna ei bok av Elizabeth George og nokre litt eldre kriminalromanar. Eg skal òg prøve meg på ein til roman av Nesbø, for eg kan ikkje berre gjere eit forsøk. To må til på forfattarar som han, og eg likte trass i alt Doktor Prokor, sjølv om det er langt frå det same.

Det at sommaren skal bli gresk er ingen hint om kor ferien går. Nei, men bøkene skal vere litt meir greske. Eg elskar bøker som foregår i Hellas, ikkje berre plottet, men òg staden. Kvar gong eg ser ei bok som har handling der nede, med eit interessant tema, eg lese boka. Blant anna har eg nå fått tak i Louis de Bernières bok fugler uten vinger på biblioteket. Eg likte veldig godt kaptein Corellis mandolin, som eg fekk lyst til å lese då eg oppdaga kor handlinga føregjekk, og nå håpar eg at denne boka er like god.

«Fugler uten vinger» tar leseren til tiden etter forrige århundreskifte. Det store ottomanske riket er i ferd med å bryte sammen, og den tyrkiske nasjonen dannes gjennom kriger og folkeforflytninger. Mot dette bakteppet skaper Louis de Bernières en stor og bevegende fortelling om vanlige menneskers liv i en liten landsby ved kysten av Anatolia. I Eskibaçhe bor kristne og muslimer, tyrkere, grekere og armenere side ved side som naboer, venner og kjærester. Livet går sin naturlige gang – helt til de store begivenhetene slår inn og forandrer alt.

Tida det hanldlar om og historia er noko av det eg liker best å lese om. Det er slikt du ikkje lærer i historietimane. Det er slikt du må  lese deg til sjølv, og skjønnlitteratur er den beste måten å få det inn på. Og omslaget er vakkert, eksotisk, mørkt og litt trugande. Du får ei kjensle av at freden som personane på bilete opplever vil ta slutt. Jaja, nok om det. Eg skal uansett lese om Hellas. Sofia av Sigrid Merethe Hanssen, som eg òg har nevnt her i nynorskinnlegget mitt.

Utanom dette har eg ikkje dei STORE planane, men eg håpar på å få lest det vi kan stå for av Geir Lippestad, lavendelhagen av Lucinda Riley, hemmeligheter av Kate Morton, Sienas datter av Marina Fiorato, gi aldri opp av Heidi Løke, vinter i Madrid av C. J. Sansom, til fyret av Viriginia Wolf og drep ikke en sangfugl av Lee Harper. Kanskje òg fotsatt savnet  av Chevy Stevens.

Eg hadde visst store planar…

…likevel…

Og viss nokre lurar, ja, eg flytta innlegget lenger opp på bloggen, så fugler uten vinger er allereie omtalt. Litt rot, men tenkte det var meir praktisk. Gløym ikkje giveawayen min, som det er linka til øverst på sida!

bok: fugler uten vinger av Louis de Bernières

Louis de Bernières trollbandt meg med boka Kaptein Corellis mandolin. Den same spenninga følgte ikkje heilt med fugler uten vinger. Temaet i seg sjølv er spennande nok, men det er meir det at han dreg alt veldig langt ut som øydelegger boka litt. Det er vel lov å synes at seks epilogar er å gjere det litt vel langt? Nokre av dei kunne eg nok vore forutan, og dei kunne vel kanskje erstatta andre kapittel tidlegare i boka, som berre var overflødige? Likevel, langdrygt eller ikkje, ingenting kan få meg til å legge frå meg ei bok av denne forfattaren.

De Bernières er faktisk heilt genialt på visse område. Han konstruerer historier på ein velkjent måte, men har samtides ein særeigen humor. I tillegg er måten han konstruerer forteljingane på eineståande. Det er få forfattarar som meistrer å skifte mellom så mange karakterar og så mange synsvinklar utan at lesaren dett av. Nokre kapittel er skrivne i første person, og andre er skrivne i tredje person. Nokre er skrivne notid og andre i fortid. Likevel gir kapitteltittelen alltid eit innblikk i kva synsvinkel ein får det frå. Og om ikkje den gjer det, merkar ein det så snart ein har lese første linje i kapittelet.

Handlinga i boka er konsentrert rundt min favorittdel av gresk historie. Dessverre er det veldig lite om denne delen på skulen, og då får ein finne ut om slike hendingar på eigen hand. Den delen av historia som eg snakkar om er historia frå den første delen av 1900-talet. Tyrkiske kristne og tyrkiske muslimar lever side om side i Tyrkia, og det same gjer greske muslimar og greske kristne i Hellas. I Tyrkia kallar dei seg ottomanar, og særleg i småbyar, som Eskibache er skiljene mellom religionane heilt borte. Kristne jenter giftar seg med muslimske gutar og omvendt. Muslimar ber dei kristne om å ofre for dei i kyrkja, og dei kristne drar nytte av muslimane sine tenester. Dei viktigaste personane som ein blir kjent med gjennom boka er Philotei, Ibrahim, Karatavuk, Rustem bey, Dresoula, Memetcik, Iskander Pottemaker og Leila. Ein får òg høyre om Polixeni og mannen, Ali Neseknekk, Gerasimos og mange fleire som eg ikkje kan hugse namnet på. Dei er knytt til kvarandre på ein unik måte, slik som det berre går ann å vere knytt saman i ein liten landsby.

Historia startar med eit kapittel kor Iskander Pottemaker fortel om Geitegjetaren Ibrahim, og så held det fram med at han minnes natta då Philotei vart født. Philotei og Ibrahim er nemleg barndomsvener. Han er ein muslimsk gut som kan etterlikne alle typer geiter, og dei mest morosamme lydane er

en geit som vurderer å bli kristen

en geit som vil reise til Telmessos for å kjøpe vannpipe til bestemoren sin

en geit som ikke har noe å si

Philotei er ei kristen jente som alle meiner er unaturleg vakker, og ho og Ibrahim har tett band til kvarandre. Planen er at dei ein dag skal gifte seg. Memetcik er Philoteis yngre bror, og Karatavuk er Iskander Pottermakers son. Den eine er muslim og den andre kristen, noko som likevel ikkje hindrer dei i å bli bestevener. Dresoula er Philoteis beste veninne, som blir skildra som Philoteis motsetning. Dresoula skal etter det karakterane fortel vere unaturleg stygg. Iskander Pottermaker, er slik namnet seier, pottemakaren i landsbyen, og Rustem bey er agaen i byen, utan at eg fekk heilt tak i kva ein aga er for noko. Leila er Rustem beys elskerinna, som han har henta frå Smyrna.
I første del av boka er det mest morosamme referansar og små enkeltforteljingar om dei forskjellige personane, og dei einaste kapitla som er gjennomgåande er «Jeg er Philotei» og «Mustafa Kemal». Elles er det fleire karakterar som fortel om minnene sine, og utanom det er det flust med morosamme og triste historie. Likevel er det noko å trist og veldig spennande over alt dette, for du veit at ein eller annan gong vil boka ta ei ny vending og landsbyen vil bli løyst opp.

Det einaste eg har å setje fingaren på er at det kan til tider bli litt langdrygt. Elles er historia fint veva saman, og alle trådar (og fleire til) blir plukka opp til slutt. Lesaren vil heilt klart føle seg tilfredsstilt, for avslutninga er langt frå open, og det er tydeleg at forfattaren ikkje vil fantasien til lesarane ta overhand, men heller skrive det slik det er sjølv. 

bok: Kaptein Corellis mandolin av Louis de Bernières

Greske øyer, krig, kjærleik, italienarar og ein mandolin er i all hovudsakt det denne boka dreiar seg om. Det kan høyrast vanvittig kjedeleg ut, men personleg syntes eg denne boka var svært spennande. Pelagia er kanskje ikkje den jenta eg identifiserer meg mest med, men det er ein gripande karakter med sterk vilje.

Ute blant dei greske øyene er det ei lita øy som heiter Kefallinia. I følge Store Norske Leksikon er det den største blant dei Joniske øyene, og byen Argostolion er hovudbyen. Doktor Iannis, ein av bokas hovudpersonar skildrar øya slik:

Kefallinia er en fabrikk som produserer spebarn til eksport. Det er flere kefalliniere utenlands eller på sjøen enn det er hjemme. Det finnes ingen lokal virksomhet som holder familiene samlet, det er ikke noe dyrkbar jord, det er for lite fisk i havet. Mennene reiser utenlands og vender tilbake hit for å dø, derfor er dette en øy med barn, enslige kvinner, prester og oldinger. Det eneste gode ved dette er at bare de vakreste kvinnene finner seg maker blant de få mennene som er igjen, slik at det naturlige utvalg har ført til  av vi har de vakreste kvinnene i hele Hellas, kanskje i helle middelhavsområdet. Det beklagelige er at vi har vakre og begavede kvinner som gifter seg med de mest groteske og upassende menn, som ikke duger til noe og aldri kommer til å gjøre det, og så har vi noen triste og uskjønne kvinner som ingen vil ha, som er født til å leve som enker uten noensinne å ha hatt en mann.

Doktor Iannis er ein av dei viktigaste personane i denne boka. Legen leger sjukdommar på både dyr og menneske, utan å eigentleg ha kompetanse. Likevel er han like god som nokon. I tillegg til å vere lege prøver han å skrive historia om øya Kefallinia, og det er frå dette sitatet over er frå. Han er direkte, er for aristokrati og ligge å gå på kafeniaen for å diskutere politikk med vennane sine Kokolios og Stamatis. Pelagia, dottera hans, irriterer seg mest over at faren tisser i urtebedet, og utanom det driv ho det heime. Oppveksten var utan mor, men med ein far som tok seg godt av henne.

Ein kan vel trygt seie at øya levde veldig sorglaust i mange år, og var heldige i og med at krigen ikkje nådde dei spesielt tidleg. Pelagia blir gjort kur til av ein fiskar og innbyggjarane er på nokre område bestevener, mens på andre områder er dei politiske fiendar og kan krangle så fillene fyker. Borti Italia er Il Duce (Mussolini) i full gang med planane for å invandere Hellas, og eit heile to kapittel er via til denne «store» herskaren. Eitt er med Mussolini i første person og eitt er skrive «til ære»for Mussolini på ironisk vis. Med den italienske historia og kapittla om deira inntog i Hellas er òg historia om Carlo. Carlo er ein mann som er langt over gjennomsnittet stor, rett og slett ein kjempe, som føler at han ber på den største synd i verda og elles er ein mann full med samvit.

Jeg, Carlo Piero, Guerico, skriver disse ord i den hensikt at de skal bli funnet etter min død, når verken forrakt eller tap av ære kan forfølge eller skjemme meg. Forholdene gjør det umulig å stå fram med denne beskjennelse av min natur før jeg har trukket minne siste åndedrag, og inntil det øyeblikk er jeg dømt til å bære en maske en ublid skjebne har påtvunget meg.(…) Jeg har ikke fortalt det til noen lege heller. Jeg vet på forhånd at han ville kalle meg en avviker, hevde at jeg på en eller annen besynderlig måte er forelsket i meg selv, at jeg er syk og kan helbredes, at det er min mors skyld, at jeg er feminin enda jeg er sterk som en okse og fullt i stand til å løfte min egen vekt over hodet, at jeg må gifte meg og leve som en normal mann, at jeg har et valg.

Kanskje dei fleste har forstått kva som foregår her. Carlo er den typen som har fått fleire medaljar for å redde enn for å drepe, og ein av dei han kjempa for å redde var Fransisco, bestevennen og mannen han elska. Etter eit ublidt møte med Hellas og greske soldatar blir han sendt til Kefallinia saman med fleire andre soldatar fulle av samvit. Blant dei er Antonio Corello, ein mann som går rundt og bêr på ein mandolin og har laga eit kor eller orkester han kallar La Scala. La Scala, orkesteret som er starta med og for italienarar, har òg sitt eige reglement.

1) Alle som innkalles til aminnelig musikalsk eksersis er forpliktet til å spille et instrument (skje, stålhjelm, kam osv.)
2) Enhver som gjentatte ganger mislykkes med å nå høye toner skal kastreres, hvorpå testiklene doneres til et veldedig formål
(…)
4) Alle tilhengere av Wagner vil straks bli skutt, uten rettegang og uten ankerett
5) Beruselse er obligatorisk bare ved anledninger da det ikke er kaptein Antonio Corelli som betaler for drikkevarene

Tilbake til alvor: Pelagia er saman med fiskaren Mandras, som dessverre reiser for å kjempe i krigen, for å kunne vere verd ei medgift og at doktor Iannis vil sjå på han med andre auge. I mens kjem Corelli og italienarane, og Corelli må flytte inn i huset til doktoren. Dei italienske gutane er både morosamme, glade i å feste, musikalske og rampete. Dei gjer ingen større skade på øya, og det ser ut som at Corelli stort sett bryr seg om fotball, mandolin, La Scala og etterkvart Pelagia. Etterkvart kjem òg tyskarane til øya, og ein løytnant Günter Weber stifter kjenskap med «fascistane». Han får òg vere med i La Scala som punktert trettitoendelspause.

Spenninga spissar seg til, og krigen herjar i Europa, i tillegg til å kome nærare idyllen på den greske øya. Fleire tyskarar kjem til og ELAS (kommunistar) herjar rundt i landet og bryr seg meir med å slå EDES (greske, politiske motstandarar) enn å jage tyskarane på flykt. Carlo, Pelagia, doktor Iannis og Corelli held likevel fast på håpet til sluttten.

Boka var utruleg godt skriven. Språket var veldig lite avansert, og det var få stavefeil slik eg kunne sjå. Mykje humor, men likevel alvor som heng over handligna, og sjølv kjente eg at eg likte Carlo. Ikkje på grunn av avsnittet over, men eg likte han for at han hadde fått fleire medaljar for å redde liv enn å ta liv. Han var òg glad i barn, modig, sterk, men med ein stor dose samvit. Kefallinia var ei øy til å forelske seg i, og den historiske sida av boka var interessant og stemte med det eg hadde høyrt. Tenk på all den researchen som må til for å skrive ei slik bok! Forfattaren har skapa ein stor klassikar spør du meg. Synsvinkelen skifta, og det var ulik kven som fortalte. Kva person dei fortalte frå var òg variert, men det er på ingen måte noko som forvirar eller blir uklart. Det var eit godt verkemiddel i og med at forfattaren har meistra det. Då eg las eit siste farvel av Carol Ann Lee, oppsummerte eg denne skiftinga av synsvinklar slik:

Det andre er det at alt for mykje bytte i frå tredje person og tilbake til første person og så tilbake igjen gir meg heilt fnatt. Det er ein ting at først når hovudpersonen Alex fortel, så fortel han i fortid og i første person som i «eg var.» Men då passar det ikkje at neste gong det blir fortalt i fortid, så fortel han i tredje person igjen om akkurat same person.

Luis de Bernières meistra det, det gjorde ikkje Carol Ann Lee. Det vart ein naturleg del av kaptein Corellis mandolin, og det tok lang tid før eg oppdaga det i det heile, noko eg heilt klart ville oppdaga i andre bøker mykje før. Nå kan eg ikkje seie kva andre synes om dette, men sjølv synes eg ikkje det gjorde noko.Skal eg seie noko anna må det vere at det boka var meint til å handle om skjedde om lag halvvegs, og i lang tid sat eg å venta, men likevel skjedde det så mykje at det vart ikkje kjedeleg. Forfattaren greier å fenge lesarane og legg igjen nokre trådar og hint om hendinga som kjem seinare. At boka er utgjeven i 1995 og er litt gammal gjorde ikkje noko for meg, og Pax forlag har òg gitt ut boka i ny utgåve.

bok: tråden av Victoria Hislop

Hellas er igjen staden kor Hislops roman foregår, og denne gongen er det Tessaloníki, ein by aust i Hellas. Dimitri er student i Tessaloníki der besteforelra, faren og tanta hans vaks opp og budde, før tanta og faren flytta vekk til USA og England. Kathaina og Dimitri «senior» er over nitti, men endå veit ikkje Dimitri «junior» historia om fortida deira, og ein dag byrjar dei å fortelje.

I 1917, året då Dimitri vart fødd av mora Olga Komninos, braut det ut ein stor brann i Tessaloníki. Hus og byggningar både på den «fattige» og den «rike» sida brant ned og fekk store skadar. Faren til Dimitri, Konstantinos Komninos, mista heile bedrifta si. Han tek ingen notis av sonen han nettopp har fått eller at kona er i stor fare, men bryr seg berre om å få redda stoffa og bedrifta så ikkje heile økonomien og ryktet hans går sund. På andre sida av byen flyktar Olga Komninos med den nyfødte sonen og hushjelpa til strøket der ho vaks opp. Her møter ho igjen gamle kjente, og både jødar, kristne og muslimar bur i same strøket.

I Tyrkia nokre år seinare kjem ei lita jente kalla Katharina bort frå mor si når dei flyktar frå landet etter krigen. Ho treff ei mor og tvillingande deira, og saman reiser dei over til Hellas og Tessaloníki. Den «nye» familien får bu på sida av Olga og Dimitri ettersom muslimane som budde der før blei tvungne til Tyrkia. Saman veks Katharina, Dimitri, nabogutane Elias og Isak opp og tvillingane Sofia og Maria opp i gata, og den gode tonen mellom jødar og kristne er spesiell for akkurat denne staden. Likevel er det alltid noko som trugar, og det er store utskiftningar i Hellas. Kven som styrer eine dagen og kven som styrar neste er uvisst. Om det er monarkiet eller republikken som regjerer er usikkert, og barna veks opp i eit land der krigen herjar.

Handlinga i boka er ein god ide, men ideen er skriven ned på ein god nok måte. Skildringane til Hislop har ein tendens til å bli litt vel overdådige, og det blir for mange adjektiv. Eg lærte ein gong då eg skreiv at du skal ikkje skrive veldig mange adjektiv, men heller bruke verb eller substantiv som hjelpemiddel. I staden for å skrive: «Den flotte, kjekke mannen var veldig snill og høg», går det heller an å skrive «Mannen var så høg at han måtte bøye seg for å komme inn døra» osv. Eg synes Victoria Hislop sine karakterar får litt for mange adjektiv putta på seg, og dei kan vere svært stereotype. Eg reagerte spesielt mykje på Konstantinos Komninos. Eg tvilar på at ein mann som han finnst. Det ville overraska meg stort om ein mann som bare bryr seg om bedrifta og økonomien finnst, og at barnet bare er ein veg for å vidareføre familiebedrifta er vel ikkje akkkurat noko han har til felles med mange andre. Den manglande interessa hans for sonen og kona går alt for langt etter mi meining. Eg meiner ikkje at fødselen til Dimitri skulle ha forandra han fullstendig, for det hadde blitt for langt andre vegen, men ein mellomting.

Det andre eg reagerte på var kor lettvindt ho hadde gjort mange ting. Det var inga spenning knytta til noko slik som i dei andre bøkene hennar. Det verka som om fantasien hennar hadde stoppe og visse ting som var vanskelig for karakterane i løpet av boka blei løysa av forfattaren på ein måte som rett og slett var alt for lett til eit slikt skrivetalent. Viss de les boka ein gong forstår de nok kva eg meiner.

Noko som var positiv, var sjølve den historiske historia. Den var interessant, og eg visste ikkje at noko slikt hadde skjedd i Hellas. Det at ho brukar nesten gløymte eller nokså godt gjøymte historiar gjer bøkene desto meir interessante enn viss det bare hadde vore frå andre verdskrig eller ei anna veldig kjent hending i historia. Boka var lærerik nok, og bare på det grunnlaget kan det vere ei bok eg anbefalar å lese.

I Dagbladet måndag 24. september skreiv Cathrine Krøger ein omtale med tittelen hvor dumme tror «Øya»-forfatteren at vi er? Vidare seier ingressen Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Dessverre er eg einig. Noko av det artikkelen seier noko om er gjentakingane i boka om kor fine, flotte, sjølvopptekne eller modige karakterane er. Det er rett og slett slik at ein kan byrje å tenke: «Dette har eg lese før» eller «Har eg gløymt å legge bokmerket rett stad. Har eg ikkje lese om det same tidligare?» Det er noko ein kan bli oppgitt av. Eg synes ho har rett i ingressen òg: Elendig språk i bok som kunne hatt alt. Elles var boka heilt grei. Eg skal innrømme at eg vart fenga, og det var greit lesestoff når du ligg på ei solseng i Hellas (Rhodos) med 25 graader.

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas» løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: «Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien» I tillegg er det setningar som «akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp» eller «tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.» Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale…

bok/novellesamling: en aften på Kreta og andre fortellinger av Victoria Hislop

Nå er eg akkurart ferdig med ei samling forteljingar/noveller av Victoria Hislop i denne storslåtte samlinga. Sjølv om dette ikkje er, som dei andre bøkene, ein lang roman på over tre hundre sider, er det bra skrive og utrulig kva ho har klart. Eg las denne boka ferdig på litt over ein halv time, 143 sider, og det går fort. Eg slurva absolutt ikkje, men koste meg veldig med alle forteljingane i boka, som var både morosamme, litt moralske, fine, romantiske og lærerike.

Eg vil anbefale alle, om dei kanskje ikkje er interessert i alle, at dei les varmeste julen noensinne og flammer i Athen i tillegg til den ekslusive smakebiten i frå Hislops neste roman, tråden. Bare smakebiten gidde meg gåsehud og eg kan nesten ikkje vente til boka kjem ut. Plutselig var august fryktelig langt borte for meg.

En aften på Kreta er ei bok alle som har lese hjemkomsten og øya bør lese. Det er den same stemninga, dei same øyene og det same mønsteret i handlinga som foregår i desse små forteljingane som foregår på Kreta, Kypros og London, som i dei to andre bøkene.

Denne boka anbefales på det sterkaste til å lese ein kveld du treng litt underhaldning. Rask å lese viss du les heile på ein gong, men eg skulle på ein måte ønske at eg hadde nok lånetid på boka til å kunne lese ein del om gongen, men viss de vil, er eg sikker på at litt om gongen hadde vore kjempefint. Akkurat som ein dessert du elsker og vil skal vare for evig, så du et rolig, seint og nyter kvar bit.

Og så ein liten anbefaling om blogg. Tryggheim skulebibliotek har fått seg blogg der dei legg ut omtalar av bøker frå biblioteket. Fine og gode omtalar og verdt å ta ein kikk på, sjølv om sidene på bloggen er berekna på elevar på Tryggheim evt. lærarar. Gå her, så finn du bloggen.

Så minnar eg nok ein gong om giveaway. Gå her for å melde deg på, så vinn du kanskje naken i hijab eller din godhet. Sponsa av Libris.

Bok: Øya av Victoria Hislop

«Min datter er svært interessert i sin historie. Det er forståelig, men jeg har funnet det nesten umulig å fortelle henne noe som helst. Dine øyne og ører var vitner til alt sammen, og jeg tror du kan gi henne en sannere betretning enn jeg noen gang vil klare. Mal et bilde av alt for henne, Fotini. Hun vil være deg evig takknemlig.» 

Alle som har lese boka kjenner nok den gode og fengande måten forfattaren skriv på. De har fenga mange andre og nå fenga den meg! Fantastisk bok, fantastisk skriving og ikkje minst fantastisk handling som var lett å kome inn i.

Først trudde eg det kom til å bli ei lang bok å kome gjennom, sidan begynnelsen hinta frampå om at ein av personane kom til å fortelje heile den lange historia. Eg blei ikkje skuffa då det tok ein heilt annan vending, og måten historia blei fortalt på var mykje bedre enn det dei hinta frampå om i begynnelsen.

Heile dagen har vore klistra til boka, utanom den litle perioden eg irriterte meg over at Justina Kowalzcyk vann i Val di Fiemme, og det har vore interessant å vere med på den lange «reisa» boka bydde på.

Hovudpersonane i bøkene var spennande heilt i frå oldemora, Eleni og til hennar oldebarn, Alexsis. Dei som fenga meg mest var vel Anna og Maria, døtrene til Eleni som var så forkjellige at dei kunne kome frå to forskjellige galaksar. Den eine rolig og fatta, den andre vill og temperanmentsfull.

Det var ikkje så mykje negativt med boka. Ho var kanskje litt langdryg i periodar og eg hadde ei kjensle av at eg hadde høyrt alt før av det dei sa om Spingalónga (som eg overlet til dei som skal lese å finne ut kva er) og om det som skjedde. Festane blei beskrivne veldig likt mange gonger, og eg hadde ei kjensle at eg vissta kva kvar fest innebar, sidan beskrivinga hadde eg lese tiligare når festar var omtalt.

Kort oppsumering: Litt langdryg av og til, mange av dei same beskrivingane, men godt skriven eller, god handling, spennande personar å bli kjent med, ei fantastisk bok. Plussida heilt klart.