
Når eg sit og skriv om denne boka, og ser på sjangaren, namnet, handlinga, utrdag frå omtalar i franske tidsskrifter, karakterane, forfattaren, omslaget og baksideteksten, har eg ei kjensle av at dette er ei bok som eg ikkje skulle ha likt. De spør dykk kanskje kvifor, og eg veit ikkje heilt sjølve, men det er kanskje det at Chick Lit-bøker høyres litt bleikt ut, og kanskje litt umoralsk, klisjéaktig ut, slikt som ingen anmeldarar med hjerne i hovudet ville ha rosa Likevel, eg kjenner at alt stig eit par hakk, når eg ser at Krøger, anmeldaren i Dagbladet, roste den første boka utan spor av kritikk og negative ord. Då føler eg at døra er open for å rose Pancol og bøkene hennar litt.
Utdraga frå franske tidsskifter, som høyres ut som magasin, utan at eg veit heilt, er utelukkande positive. Når det er britiske eller amerikanske avsier det er snakk om, plar eg å prøve å finne utdraget som står på boka på nettsida til avisa, men når det er på fransk, trur eg at eg skal halde meg borte frå det. Mine kunnskaper innanfor det språket avgrensar seg til Hei, Takk og Farvel. Om det er det at eg er litt sjarmert av Frankrike som gjorde at eg plukka opp bøkene av forfattaren veit eg ikkje, men det eg veit, er at det er ikkje veldig mykje «typisk fransk» slik ein turist ville ha sett på det. Det er ingen tur til Eifeltårnet, ingen kyss under Triumfbogen eller tur til Notre-Dam. Det er bøker om eit normalt, unormalt kvardagsliv i Paris.
Joséphine er ei dame som ikkje hadde blitt skildra som bestemt, høg på pære eller noko i nærleiken. Tvert i mot er ho ei dame som lenge har latt seg undertrykt av mora Henriette og søstera Iris. I første boka braut ho på ein måte opp, men no i bok to er det nye ulukker og gleder. Eldste dottera, Hortense studerer i London. Yngstedottera, Zoe, er igjen i Paris og har problem med både utsjånad og korleis ho trur andre ser på henne. Besteveninna, Shirley, har vendt tilbake til London saman med sonen, Gary, ei besteveninne med ei eventyrleg fortid. Iris er innlagt på klinikk grunna dårleg psykisk helse. Mannen hennar, Philippe, og sonen deira, Alexandre har òg flytta til London. Mora, Henriette, som ho føretrekk å bli kalla, har hevntankar, og mannen hennar, stefaren til Joséphine, Marcel Grobz, har flytta inn saman med kjærasten og den nyfødte sonen, i ein alder av sekstisju år. Midt oppi dette står Joséphine i ny bustad i Paris, med ein kjærast ho ikkje er sikker på lenger og ein eksmann som heimsøker henne.
Alle bøkene mine i denne serien er kjøpte, og då eg hadde kjøpt første boka, Krokodillens gule øyne i innbunden form, bestemte eg meg for at alle bøkene skulle vere innbundne. Eigentleg er eg ikkje veldig kresen på det, men akkurat her, ja alle måtte vere innbundne. Det er ikkje alltid like lett å få tak i bøker, som er nokre år gamle, i innbunden form, noko dei fleste sikkert har erfart. Eg leita og leita, og der ein dag, fann eg den andre og tredje boka på Norli på Kvadrat, og den eine på tilbod. Kven måtte kjøpe bøkene? Eg trur du har gjetta rett, og kvifor måtte dei absolutt vere innbundne? Ikkje berre fordi eg syntes det såg fælt ut i bokhylla med ei innbunden, ei pocket, ei innbunden, ikkje berre fordi pocket-bøker blir stygge, når ein les dei og har lita skrift, men på grunn av baksideteksten. Noko av magien med bøkene var baksideteksten. Eg visste ingenting eigentleg, då eg byrja på første boka, og då eg byrja på Skilpaddens langsomme vals, visste eg ikkje meir enn at det var ei fortsetjing av det som byrja i Krokodillens gule øyne, noko som var nok i seg sjølv til å lese neste. Problemet med pocket-bøkene, var at dei gjengav handlinga som i ei heilt normal bok, noko som gjorde at litt av magien var borte. Eg ville at, viss nokon skulle finne bøkene i bokhylla mi, skulle dei ha same oppleving som den eg fekk. Så lite for så mange penger ekstra, tenkjer du kanskje. Så mykje magi for så lite penger, tenkjer eg! Du vil kanskje vite kva baksideteksten var? Her e den:
Denne boken er et stormkast av et liv …
En het omfavnelse fra den eneste man absolutt ikke må omfavne … To armer som slynger seg rundt eller som dreper … En foruroligende, men samtidig utrolig sjarmerende mann … En kvinne som skjelver og har et brennende håp … En mann som er en mester i å lyve … En kvinne som tror hun har kontrollen, men mister den fullstendig … Unge som er mer oppegående enn de voksne … En mann som spiller gjenganger … En far, der oppe blant stjernene … som mumler i øret til sin datter … En hund så stygg at man trekker seg unna når man treffer på den … Karakterer som urokkelig beveger seg fremover i livet … som små sta skilpadder …. som lærer å danse sakte, sakte … i en altfor rask og voldsom verden.
Litt poetisk, og seier det på ein måte som gjer at dei som har lese første boka kan ane nokre konturar. Det som fascinerer meg med bøkene er at det er kvardagen eg les om, det er noko heilt normal eg les om. Likevel er det ein litt uvanleg kvardag, og forfattaren bles det litt opp. Samstundes som det er kvardagen legg ho inn litt overnaturlege, morosamme, fryktelege hendingar. Til dømes ein eittåring som snakkar, ei kvinne som blir forheksa, ein seriemordar. Ho har lagt inn kjærleik, krangling, skilsmisse, men ikkje til ein føler at alt berre blir klisjé, klisjé, klisjé. Ho stoppar rett før det blir klisjé. I tillegg fortel ho på ein måte som gjer at alt er noko heilt anna enn kvardag. Når eg snakkar om kvifor eg liker å lese, plar eg å seie: «Då kan eg flyta bort frå ein travel og hektisk kvardag». I desse bøkene flyktar eg frå kvardagen til kvardagen.
Eg trur mykje av boka delvis er symbols, og sjølv om nokre av karakterane er sett på spissen på mange måtar, øydelegger det ikkje dimensjonane i boka. Hovudkarakteren er ei antiheltinne med to døtre, ei som foraktar alt kjensler, tårer og forelsking, og ei som er på stadiet mellom barn og vaksen. Ho er ikkje flink til å seie frå, bestemme seg, ta æra for noko ho har gjort eller ta i mot kompliment. Ho er ein anti-helt i ei verd som beveger seg alt for fort framover.
Det som irriterte meg mest med boka var feil i teksten. Nokre gonger, då dei ikkje snakka, var det talestrek, og nokon gonger, då dei snakka, var det ikkje talestrek. Dette er ikkje forfattaren, men forlaget. Det burde ha blitt gjort betre. For folk som er sjukeleg opptekne av grammatikk, er slikt irriterande. Eg er ein grammatikknerd på mange måtar, som gremmer seg berre ho ser orddelingsfeil eller opplagte kommafeil.
Omtalen har blitt mykje om meg, litt om boka, men noko som er viktig, les serien frå bok ein til bok tre. Viss ikkje kan du ikkje lese tidlegare bøker. Det er blir berre feil! Dette var omtalen min av den første boka i serien. Her er eit intervju med forfattaren, og dette er ein mindre positiv omtale skriven av Marianne på Ebokhyllami.
Til slutt, det finaste sitatet frå boka:
Eit nytt stjerneskot har slått gjennom i Frankrike, og òg i Noreg. Katheirne Pancol har inntatt trona som Bazar forlags neste store franske forfattar, og saman med Tatiana de Rosnay, som blir utgitt på same forlag, inspirerer dei norske lesarar til å lese franske bøker. Til no vil eg seie at Rosnay kanskje gir ut meir alvorlege bøker, som har litterær kvalitet på sin måte, sjølv om dei er litt svekka på nokre punkt, medan Katherine Pancol har brukt kjensler for å nå fram til lesaren. Ho vil ha oss til å gråte og le, og ikkje minst kjenne oss igjen i karakterane. Det er vel lov å seie at ho gjer det på ein genial måte.
Eg hadde høyrt litt om bøkene då eg plukka denne opp på Norli på M44 ein dag. Eg hadde lese bakpå Ekornene i Central Park er triste på mandager, eg hadde høyrt namnet på forfattaren og visste at det nok handla om to søstre. Likevel visste eg ikkje at ho skreiv så bra. Baksideteksten seier veldig lite om handlinga, men mykje om boka på heilt andre måtar, og det var kanskje det som fekk meg til å plukke henne opp på M44:
![]() |
Katherine Pancol Foto: Bazar forlag |
Denne romanen foregår i Paris. Og likevel møter man på krokodiller. Denne romanen handler om mennesker. Og kvinner. Dem vi er, dem vi ønsker å være, dem vi aldri kommer til å bli, dem vi kanskje en gang kan bli. Denne romanen er historien om en løgn. Men også en historie om kjærlighet, vennskap, svik, penger, drømmer. Denne romanen er full av latter og tårer. Denne romanen handler rett og slett om livet.
Det kan høyrast ut som noko filosofisk vrøvl, eller rett og slett ein hjernedød Chick Lit-historie for kvinner. Ja, eg kan seie at boka er mest for kvinner, for dei fleste karakterane er kvinner, og eg trur ikkje at det er så mange menn som ville kjent seg igjen i boka. Boka handlar i all hovudsak om dei to søstrene Joséphine og Iris. Joséphine har gifta seg med Antonio, eller Tonio som han liker å bli kalla, og han har ein god jobb i eit firma, medan ho er ekspert på fransk historie frå 1100-talet. Hennar største problem ser ut til å vere at det er så få som er interesserte i denne delen av den franske historia. Eg kan ikkje seie at eg klandrar dei for det akkurat, sjølv om eg historieinteressert. Likevel fekk eg sterk medkjensle med Joséphine, og den auka berre endå meir då ho i byrjinga av boka finn ut at mannen har ei elskerinne og ho kastar han ut. Det er her boka startar, og igjen sit ho med to døtre, den eine ein tverr tenåring og den andre ein nysgjerrig tiåring, nesten utan pengar. Mannen reiser med elskerinna til Kenya for å drive ein krokkodillefarm.
Iris er derimot vellukka. Ho studerte film i USA og hadde ei kort kjærleikshistorie der, før ho reiste heim og gifta seg med advokaten Philippe og fekk ein son. Dei har så mange pengar at ho kan vere heime og berre nyte livet, vere med veninner og menge seg med andre rikfolk. Ho både beundrar og misliker Joséphine. Du kan vel seie at dei er litt på kollisjonskurs. I tillegg til Iris har du Henriette, òg kjent som «tannpirker’n», som misliker yngstedottera Joséphine, både på grunn av karriereval og val av mann. Sjølv har ho gifta seg til penger gjennom Marcel, som òg har sine eigne løyndommar. I tillegg til desse har du Hortense, Joséphines eldste dotter, som har same oppfatning av mora som Iris, og Zoé, som elskar mora og er nysgjerrig på livet. Shirley og Gary er òg ein del av denne friske og fargerike historia, og rundt alle desse personane skjer det så og seie ein del meir enn det vanlege.
Eg har hatt litt fordommar mot Chick Lit-bøker, men Katherine Pancol har skrive ein sjarmerande roman, med verken for få eller for mange klisjéar. Det er tydeleg at forfattaren vil ha lesaren til å gråte av både latter og sorg, og ho prøver å lokke fram kjensler hjå lesaren med språket sitt. Eg trur ho vil greie det hjå dei fleste, fordi ho har laga karakterar som både er ukjente, fordi dei er litt fargerike og me blir sjarmerte, men som me òg kan kjenne igjen i personar rundt oss eller i oss sjølv. Boka er på 568 sider, noko som for nokre er langt og for nokre er kort. Det som gjer at boka verker kortare enn ho er, er det lette språket og den gode flyten i historia. Eg var heilt sikker på at boka var på 578 sider, men då eg kom til side 568 og bladde om, var det ikkje meir. Det er trist, når det einaste du vil er å lese meir.
Katherine Pancol har gitt ut to oppfølgarar i serien: Skilpaddens langsomme vals (#2) og Ekornene i Central Park er triste på mandager (#3)
Denne boka er kjøpt på Norli
![]() |
Meg utanfor Palais des Festivales |
Me var veldig heldige, då me gjekk av bussen i Cannes, for me visste ikkje kva stopp me burde gå av på, for å få med oss det som var verdt å sjå, så me berre hoppa av, og der låg kasinoet, turistkontoret og Palais de Festivales et des Congres nesten rett framfor nasen på oss. Palais des Festivales er, som sikkert mange av dykk veit, staden kor den årlege filmfestivalen i Cannes går av stabelen. Det var eit digert «hus», og rundt palasset var kjendisane sine handtrykk, som til dømes Nicole Kidman og Cameron Diaz.
Rett etter besøket til denne kjendisstaden, følte me for å få i oss litt mat og is. Nokre valte noko litt lunsjaktige, nokre middagsaktig, medan andre, slik som eg, valte ein stor porsjon is. Eg elskar is! Viss eg skal anbefale noko, må du bestille Dame Blanche, når du er i Frankrike. Vaniljeis med sjokoladesaus og piska krem. Det er heilt fantastisk. Veldig mykje is, men nam nam, så godt det smakar i varmen. Den i Cannes var den beste eg åt på turen (av to moglege), men all sjokoladesausen samla seg i botnen av glaset, og det orka eg i alle fall ikkje å ete opp, for det var varm, flytande og velidg mektig sjokolade.
![]() |
Nam, nam, nam |
![]() |
Kinoen i Cannes |
Etter maten bestemte me oss for å gå opp til eit utsiktspunkt i Cannes. På
veg opp såg me Cinema Cannes, som var eit hus kor dei hadde måla på balkongar med kjente filmfigarar. Eg skal heilt klart legge inn forslag om å måle Jadarheim på same måten. Viss nokon lurte, er Jadarheim eit keisamt, grått og gammalt bygg rett ved biblioteket på Nærbø. Før hadde dei kino der, men det har dei slutta med. Det gamle bygget kunne trengt litt oppfrisking der det står. Det er langt frå fint utanpå. I tillegg burde dei legge inn varme backstage, særleg i det litle romet, for der kan du jo få skikkeleg frost i deg ein kald 12. desember-dag i 2012, medan du ventar på å gå ut på scenen for å danse. Nei, nok om Jadarheim og kinoen i Cannes.
Utsiktspunktet i Cannes var fint. Derfrå såg du kasionet og Palais des Festivales i tillegg til alle båtane som låg der. Eg såg no at eg dessverre ikkje har mange bilete derfrå kor det berre er av utsikten. Kanskje eg har nokre på mobilen, for det var ikkje mitt kamera som vart brukt den dagen… Alle som skal til Cannes bør gå opp der. Du går opp gjennom den flotte gamlebyen i Cannes, der du òg får tak i mykje, viss du har tenkt å handle. Det var ein butikk der kor alt kosta 2€, ca. 16 kroner. Der fekk eg tak i liggjeunderlag til stranda og ei oppskriftsbok, i tillegg til at tante kjøpte ein nokså spesiell bursdagspresang til onkel der.
I morgon kjem eg tilbake med litt om St. Paul de Vence. Ha ein fin dag vidare i dag og kos dykk no som det er somar!! (med masse is!!)
![]() |
Kjøkkentårnet i Palais de Papes |
Første heile dagen i Frankrike (01. juli) var me for det meste i ro ved bassenget. Ein liten kveldstur til sentrum av Antibes avslutta dagen. Sidan me budde eit stykke utanfor sentrum, måtte me ta buss for å komme dit. Heldigvis kosta bussane berre åtte eller tolv kroner (1€ eller 1,50€). For å samanlikne med Noreg, er dette prisen for ein overgangsbilett mellom tog og buss, viss du er heldig. Dagen vart avslutta på ein restaurant i eit spiseområde, før det var å ta bussen tilbake til bustaden og ta kveld litt tidleg.
Neste morgon var det opp tidleg (halv sju), for å nå toget til Avignon, som tok rundt tre timar, med ein
![]() |
Litt av utsida av pavepalasset |
liten stopp i Marseille. Avignon er ein by som er veldig lagt opp etter turismen. Då me kom ut frå togstasjonen, stod det bussar og venta som tok oss direkte til sentrum av byen på ti minutt. Akkurat slik som i området rundt Antibes, kosta bilettane lite. Sentrum i Avignon består av alle dei store attraksjonane, pluss ein del butikkar. Blant anna låg pavepalasset og Pont d’Avignon i gangavstand frå busshaldeplassen ved posthuset. Dette er kanskje noko av det mest kjente med Avignon. Pavepalasset er eit digert byggverk som vart bygga i midten av 1300-talet, for å huse såkalla motpavar som ikkjer annerkjente den sitjande paven. Det var eit heilt enormt palass, men enkelt å finne fram. Ved hjelp av ein audioguide vart me leia gjennom palasset. Blant anna fekk me vite morosamme fakta, som at nokre av pavane hadde nattergalar i soverommet sitt. I tillegg bygga dei heile tida på nye tårn og murar overalt, og resultatet var eit digert palass.
![]() |
Pont d’Avignon (ikkje det beste bilete…) |
Etter pavepalasset gjekk turen til brua Pont d’Avignon (Pont Saint-Bénézet). Berre fire av tjueto bruspenner står igjen, og brua har gradvis blirr øydelagt av flaumar. Det er ei veldig fin bru, og blant anna er det laga ein kjent sang om henne. Eg syntes kanskje dette var det beste med turen. For det første var eg kjempevarm då me kom ut frå pavepalasset og klar for ein litt avkjølande bris, noko du fekk oppe på brua. I tillegg var det vakker utsikt over Rhône og landskapet.
Elles shoppa me og åt litt mat. Avignon var veldig kos og ein typisk turistby. Det var lett oversiktleg, fordi det var skilta overalt. Du trenger ikkje å vere i tvil om kor turistattraksjonane låg. Avignon er ein stad som er veldig verdt turen. Du får mykje ute av det. Viss du tek tog, er det lurt å ta eit tidleg bort og eit seint heim for å verkeleg få oppleva byen!
I morgon kjem det ein lite rapport frå Cannes. I tillegg til ein bokomtale av Jewells bok Before I Met You.
50% på alle bøker på Ark er ikkje dårleg. Det er då du plukkar ut ei bok til litt over seksti kroner på engelsk og tek med deg. Og om boka var verdt den norske prisen, på litt over tre hundre, skal godt gjerast!
Tidlegare har eg lese to bøker av forfattaren Lucinda Riley, som eg har skrive positive omtalar om. Derimot kan dette bli ein litt annan omtale, for Riley har ofte med noko eg vil kalla irriterande moment og er i tillegg forutsigbar og gir meg akkurat det eg ønsker meg. Byrjinga av boka varer i evige tider, og det er negativt. Ho kjem aldri skikkeleg i gang! Franske Emilie, hovudpersonen i notida (1998) vurderer om ho skal selje husa som more har etterlatt henne då ho døydde, men eit møte med Sebastian og fleire veker med tenking gjer at ho bestemmer seg for å ikkje selje, men heller pusse opp den historiske bustaden i Gassin i Frankrike.
I fortida er det Sebastians bestemor som står i fokus og er hovudpersonen. Constance Carruthers reiser frå England til Frankrike som agent for Storbritannia, men uventa hendingar gjer at ho må bu hjå Edouard de Martines, Emilies far.
I det store og heile er boka ulik dei to andre på mange måtar. For det første har Riley aldri skrive om ein fransk hovudperson før, og ho har heller ikkje skrive så detaljert om andre verdskrig som ho gjer i denne romanen. Riley veit kva ho skal gi lesaren. Eg føler at ho gir meg akkurat det eg vil ha. Sjølv om mange seier at dei ikkje er romantisk anlagt og ikkje faller for det romantiske tullet mange forfattarar skriv om, er det vanskeleg å ikkje falle for kjærleiken som Riley skriv om, for ho skildrar han fint, og ofte får hovudpersonen sine draumeprins i slutten. Det går an å falle for slikt og håpe litt. Likevel liker eg ikkje at ho gir meg det eg vil ha. Det høyres rart ut, men nei. Det er ikkje noko overraskande med det. Du sit ikkje igjen med spørsmål i hovudet. Det er det som er det store minuset med Rileys bøker. Ho greier ikkje å overraske. Ho kan ikkje sjokkere lesaren skikkeleg. Ho vel enklaste løysning, som får haugar av damer til å elske bøkene!
Bøkene er klisjéaktige. Det har mykje med det eg skreiv ovanfor. Eg elskar når forfattarar sjokkerer meg, gjer meg frustrert, rørt og sint. Det at dei drep personar eg har blitt glad i gjennom skildringane gjer meg sint akkurat i den augeblinken og eg spør kvifor det måtte gå slik, men ser i ettertid effekten av dfet. Du hugsar boka i ettertid. Riley skriv så lite utfordrande at du umogleg kan hugse boka etter tre år. Syntes ho greidde å gjere at hugsa slutten i Jente på klippen, fordi eg vart trist og det var uventa. I denne boka køyrer ho verkeleg på den sikre linja.
Boka var ikkje av god litterær kvalitet. Ho skildrar karakterane ved å fortelje og utfordrar heile «Show, don’t tell»-prinsippet som eg liker veldig godt. Språket er keisamt i staden for fargerikt og boka tek ikkje opp nokre viktige moralske eller etiske spørsmål.
Likevel vart eg så totalt fenga av historia, fordi ho gav meg det eg ville ha.
Korleis er det mogleg?
Her er nokre andre omtalar av boka:
Elikkens bokhylle (Seier litt av det same som meg, dessverre appelerer boka)
Elida på My first, my last, my everything (positiv omtale)
Kathrine Krøger, Dagbladet.no (Som meg og Ellikken)
Bok-Karete (positiv)
Andre bøker av Lucinda Riley:
Jenta på klippen
Orkideens hemmelighet
Irske Lucinda Riley lagar i tillegg ei bok no der delar av handlinga skal foregå i Noreg. Til no har ho fenga mange lesarar over heile verda og det skal bir morosamt og spennande å sjå kva ho får inn i boka frå Noreg.
Boka mi er kjøpt på Ark bokhandlel.
100%-guidane er smarte og oversiktlege. Eg elskar denne boka her. Kapitla er inndelt etter dei ulike regionane i Provence og Cote d’Azur og etter det i stadane innanfor regionane. For kvar stad står det litt om kva du kan sjå, mat, shopping, uteliv og alt du elles skulle trenge. Adresser og prisar står i mergen på sida av. Fremst er det litt nytteige deltaljar som er godt å vite før du reiser, i tillegg til masse, masse historie og litt språkkunnskaper. Bakkerst i ei plastlomme er det små rubrikkar med døme til byvandringar. Supert!
Familien vår har aldri vore ein slik familie som har reist til Syden, sidan eg og søstera mi vart født, så dette var berre andre gongen, men masse fint vêr og sol. Eg tenkte å gå gjennom litt dag for dag der me gjorde noko nevneverdig interessant og legge ut ein bokomtale i innlegget frå dei dagane der eg las ut ei bok. Under dette innlegget finn du første omtalen frå ei bok eg las ut dagen me reiste ned. Me sat over seks timar på flyplassen i Amsterdam, så det var nok av tid til å lese boka ut. Første dagen forresten reiste me berre ned og køyrte direkte til der me skulle bu.
Her kjem nokre bilete frå bustaden vår i Antibes
Dette er berre nokre få bilete frå bassenget, området rundt og stova. Veldig koseleg, og me kunne sitje ute på verandaen til langt utpå kvelden og berre nyte varmen, som ikkje forsvann om natta ein gong.
Det finst mange historiske romanar der ute som skildrar krigen, men ingen som storm i juni av Irène Némirovsky. Det er ikkje på grunn av litterær kvalitet eg seier dette, men på grunn av årstalet og tida boka vart skriven i. Storm i juni skulle eigentleg vere større enn denne boka. Det var meininga at det skulle vere ei krigsskildring i fleire delar, men forfattaren vart teken til fange før ho fekk skrive meir enn stormi juni og Dolce. Berre få dagar før ein av dei store skandalane Frankrike, Vel d» Hiv, vart Némirovsky brakt til Auschwitz der ho døydde. Mens ho levde, skreiv ho fleire historier, blant anna historier der ho var kritiske til penger og makt og sin eigen religion.
Storm i juni, eller Suite Francaise, er skrive under krigen, men på ein annan måte enn dagens litteratur frå førtitalet. Mens historiske romanar til vanleg tek for seg historiske hendingar og legg vekt på tilstandane, legg storm i juni, mest vekt på dei enkelte menneska og situasjonen deira. Det er ikkje eit verk fylt med årstal, krigshendingar og hat retta mot tyskarane. I første del skildrar Némirovsky flukta frå Paris då bomber regna over byen. I dolce skildrar ho livet i ein liten by i Frankrike der tyskarane er plasserte. Kvar av delane er ikkje veldig store og tunge i seg sjølv, men saman er dei på over fire hundre sider, og det gjelder å ha tunge rett i munnen for å hugse karakterar, stader og tidlegare hendingar.
Me skulle tru, at sidan Némirovsky sjølv var jøde, ville bøkene hennar spegle antisemittismen og den sosialdarwinistiske haldninga mange hadde på den tida. Dei svakaste skulle utryddast, og blant dei var jødane. Det er ikkje noko bittert hat mot verken «der Führer», tyskarane generelt eller andre antisemittistar i boka. Tvert i mot blir tyskarane framstilt som enkeltmenneske med kjensler og sakn, slik som dei òg var. I andre del av boka får me eit nærare innblikk i livet til tyskarane i Frankrike. Nokre av dei kjem me nært innpå, og her har Némirovsky vist kor forandra mykje av historia har blitt. I mange historiske bøker verker det som at tyskarane, alle som ein, var barbarar, og det var nok mange òg som var fryktlause og fæle, men den menneskelege skikkelsen mange av dei får i denne boka viser at historiebøker viser ikkje fram alle sider av andre verdskrig. Franksmennene blir heller ikkje framstilt som englar med glorie på hovudet, men både fiendtlege og standhaftige. Ingen har fått glorier og englevinger, men ingen har fått djevelhorn heller, sjølv om Némirovsky kanskje har laga ei litt meir personleg framstilling av det enn slik det eigentleg var. (ikkje heilt sikker på, berre tenkjer at det må vere vanskeleg å ikkje blande eigne kjensler i noko så stort som ein verdskrig)
Det er ikkje mykje som driv boka vidare. Eg var ikkje veldig entusiastisk i byrjinga, og boka var ikkje full av litterære verkemiddel. Ho var det ho var: Ei skildring. Skildringer er meir opptekne av å løfte fram sanninga og få eit realistisk bilete av det framfor litterære verkemiddel som får lesaren til å ville lese vidare. Eg var ikkje usikker på korleis det gjekk med personane. Ingen svar lot vente på seg, noko som i lengda var veldig keisamt, men òg ein interessant måte å skrive på. Det er sjeldan eg les slike bøker, og forandring plar fryde. Språket vekker ikkje kjensler til live, og ho har ingen detaljerte krigshendingar. Eg syntes kanskje synd på nokon, var glad på vegne av nokon, men eg sat aldri med lommetørklet i handa, og eg lo meg heller ikkje forderva. Alt var for lite personleg til det, og på det planet liker eg betre bøker som Saras nøkkel av T. Rosnay som får deg til å ville skrike, hyle og bli sint på ein gong, men du veit at det ikkje hjelper uansett kor mykje du vil. Boka fekk meg ikkje til å føle meg hjelpeslaus i forhold til hovudpersonane, som eg ofte har ein stor trang til å ville hjelpe vidare.
Boka bar preg av at forfattaren ikkje visste korleis det ville gå. Karakterane var usikre på framtida, og Némirovsky fekk aldri sett noko skikkeleg punktum for alt. Dette viser kor lite sikkert alt var då. Som oftast har historiske romanar ei «oppsummering» på slutten kor dei har eit kapittel om «etter krigen» eller fortel kven som overlevde, kven som vart tekne. Dette er noko eg alltid har irritert meg over i bøker som det. Sjølv om forfattaren kanskje ikkje har innsett det, ligg det mykje i linjene «viss me berre hadde gjort slik for 70 år sidan, hadde det gått betre». Dette er ikkje ei bok som er ut til å ville forandre historia. Den vil ha fram eit både realistisk og personleg bilete av korleis det var. Romanar som blir skrive i dag synes eg svekkar seg sjølve på det punktet at dei MÅ fortelje korleis alt gjekk, og den opne slutten saknar eg, spesielt i krigsromanar.
Némirovsky er ei stor litterær stemme, men kanskje ikkje heilt etter min smak.
Boka blei lesen i samanheng med Lines Lesesirkel -1001 bøker. Line har òg laga ein meir fyldig omtale med meir sitat og sikkert fleire teoretiske punkt enn det min har, så eg anbefaler de å lese hennar òg.
«Kor går dette hen?» sat eg og lurte på etter dei første femti sidene. Det gjekk mot ei fin leseoppleving som vekka mange tankar i meg. Guro lir av bulimi, og korleis flyktar ein frå bulimi? Guros lege vil behandle henne for bulimien, men Guro trur ikkje på «ideane» til legen og bestemmer seg for å motsetje seg dette – ved å flykte. Ho reiser til Provence for å vere «selskapsdame» og hjelpe ei gammal dame som heiter Marie, og for å flykte vekk frå livet, eller den nært foreståande døden viss ho skal høyre på legen.
I innleiinga sat eg eigentlig ikkje med så mange tankar då eg las det, men etterpå tenker eg litt på denne legen, for i følgje boka skulle han ha sagt at Guro måtte ta grep om livet sitt. Riste litt i seg sjølve rett og slett, men det er vel noko av det vanskeligaste ein person med bulimi gjer. Eg tenker at doktorar er personar som er skarpe og kan ein god del av det som blir kalla vitenskap, men ikkje alle er vel like gode psykologar. Det er vel knapt nokon som kan hjelpe og forstå ein person med bulimi utan å ha opplevd det sjølve eller vite kva som ligg bak, for under dei fleste forhold ligg det vel noko bak sjukdommen og det ubehaget desse personane har i forhold til seg sjølve og mat.
Her viser det seg at det er ikkje nokon som har hatt bulimi som hjelper Guro, men derimot Marie og Dominic, ein som hjelper til på vingarden der Marie bur. Provence høyrest ut som ein sjeldan fin stad, det må eg seie, og at det kan vere freistande å reise til Frankrike for å «få bukt med problema» er fullt forståelig. Likevel, ikkje alt ordnar seg borte, og ofte kan svara vere nærare, uansett kor flotte menneske du har rundt deg.
Guro er ein svært interessant person å «bli kjent» med, og eg kjenner at eg er «fascinert» av sjukdomen og forrakten ho har for seg sjølve i tillegg til fortida hennar. Ikkje forstå det slik at eg skulle ønske eg hadde hatt anorexi eller bulimi, for det er bare fryktelig med slikt, men eg er fascinert fordi eg synes psykiske sjukdomar er fascinerande generelt. Eg synes at det er viktig at det ikkje er tabu og at samfunnet kan prøve å forstå og ta litt grep og at menneskesynet endrar seg frå slik det er i dag.
Eg synes boka er veldig aktuell, og spesielt sidan ho er for vaksne. Bøker om bulimi og anorexi er det mange av, men flest fagbøker og ungdomsbøker. Eg trur vaksne kan bli obs på, ved å lese denne boka, at slankepresset som er i dag er stort, og til og med deira næraste venner kan vere ramma utan at dei veit det. Det er trist, men slik er det.
I innleiinga lurte eg verkeleg på kor dette gjekk hen, og svaret fekk eg. Det gjekk mot ei god bok med eit fint bodskap. Språket var bra og det var fine metaforar. Det var visse ting som skurra litt, som dei litt for stereotype personane. Særleg ei dame som heiter Wenche tenker eg var litt for overdriven i den eine retning, utan at eg vil seie noko meir. Det var òg noko som gjorde at boka ikkje kom inn på topp ti lista, men å setje fingaren på kva det var er vanskelig, og eg greier det ikkje heilt. Likevel, fascinerande og god bok.
Det var mange fine refleksjonar og samtalar rundt psykisk helse, bulimi og kristendommen som eg syntes gav noko ekstra til boka. Eg veit ikkje om denne appelerer til alle type lesarar, og kvinner er kanskje hovudgruppa av lesarar, noko som òg er naturlig i og med at bulimi og anorexi er meir utbreidt blant kvinner enn blant menn.
Boka er eit leseeksemplar frå Commentum forlag.