Bok: Skygge over London av C. J. Sansom

«Sansoms mesterlige karakterskildringer gjør mer enn bare å drive historien framover, de gir substans og liv til den tiden som manes frem.»

Dette skreiv The Sunday Times 20. oktober i fjor om boka. No har eg òg fått lese henne, og eg er heilt einig i at karakterakildringane er noko av det betre i boka. Sjølv om det ikkje står mykje om kven boka handlar om, men meir kva boka handlar om, på baksida, er det nokre veldig spennande karakterar med. Det einaste eg visste om boka før eg byrja på henne, var at dette skulle vere ei kontrafaktisk bok frå 1952, som tok for seg scenarioet at England var sterkt påverka av Tyskland, fordi dei hadde inngått ein fredsavtale i 1940. Rett og slett eit veldig lite bra scenario. Forlaget har greidd å få det betre fram enn meg.

«The Great Smog» ligger over London, en ugjennomtrengelig kvelende tåke som omslutter byen, og under det hele omskrives historien totalt…
1952: Tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløyen og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regim: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et vervarende press.
Ryktene går om de forferdeligste ting som finner sted i kjelleren til den tyske ambassaden ved senantsbygningen. Men motstanden øker. Winston Churchills motstandsorganisasjon representerer en økende bekymring for myndighetene. Og på et mentalsykehus i Birmingham sitter en innesperret vitenskapsmann, Frank Muncaster bærende på en hemmelighet som trolig vil forrykke verdensbalansen for alltid. 

Forlaget Press 

Det er ein av karakterane som er nemnt i baksideteksten, og det er Frank Muncaster. Likevel er det ikkje berre han som er viktig i boka, sjølv om handlinga dreier seg om å få han så langt bort frå tyskarane som mogleg. David Fitzgerald, gift med Sarah og far til ein død to år gammal son, Charlie, blir i 1950, rett etter Charlies død, verva til motstandsrørsla i England. Dette skjer i kapitlet etter lesaren har lese om korleis England bestemte seg for å inngå fred med Tyskland. Sir Winston Churchill og Lord Halifax er to steile frontar, og det er allment kjemt at Neville Charmberlain, statsminister i 1939, då krigen braut ut, gjerne ville ha fred med Tyskland. Heldigvis vart det Churchill, og Skygge over London teiknar eit bilete av korleis verda hadde sett ut i tiåret etter 1940 om det ikkje var Churchill som vart statsminister. Det er difor det er nødvendig med ei mostandsrørsle i boka, og i 1950 blir dei tipsa om David Fitzgerald av venen hans, Geoff Drax. David er eigentleg statstenestemann tilsett i Dominionsdepartementet, og no får han ei nøkkelrolle i spioneringa på tyskarane.

Han får bedskjed av leiaren for deira celle i motstandsrørsla, Jackson, om å gjere seg til vens med Carol Bennet, kontordama der David jobbar, for å få nøkkelen til arkivet med hemmelege dokument. Samstundes byrjar Sarah si kone og lure på om David har eit forhold på si. Etter at sonen døydde har dei byrja å gli meir og meir frå kvarandre. Er Carol Bennet ein verkeleg trussel? Når historia byrjar skikkeleg, hausten 1952, er det òg noko anna som skjer. Mora til vitenskapsmannen Frank Muncaster og han får besøk av broren sin. Under eit besøk til Muncaster bustad i Birmingham ein kveld, når broren Edgar er full, skjer det som ikkje skal skje.

Edgar ble rød i ansiktet. Han spisset munnen, så lente han seg frem. «Vet du hva jeg driver med, hva jobben min går ut på?»
«Nei, Edgar – jeg tror kanskje det er best dy går. Det finnes ikke noe å drikke her…»
Edgar reiste seg lett svaiende, med et truende uttrykk nå. Frank reiste seg også. Han var plutselig redd. Edgar krysset det støvete teppet og kom tett opptil ham og sa med alkoholdunstende pust, rett i ansiktet på Frank: «Jeg skal for f*** fortelle deg hva jeg driver med.»
Og så fortalte Edgar, han fortalte hva jobben hans gikk ut på, vitenskapsmenn imellom, og hvordan de hadde klart å få det til. Det ga mening, en helt uhyrlig mening. «Vi knekte koden, det skal jeg love deg,» knurret han, med beruset tilfredshet i stemmen.

Skygge over London av C. J. Sansom, side 84

 Kva var løyndommen til Edgar. Eg vil langt i frå avsløre det i omtalen, og de lurer på kva som kanskje skjedde som ikkje skulle skje. Det kjem no.

«Du må dra hjem. Du må ikke si dette til noen andre. Hvis noen får vite hva du har fortalt meg…»
«Ja vel, da!» Edgar så engstelig ut nå. «Ja vel – glem at jeg sa det.»
«Glemme!» Frank nesten bjeffet. «Hvordan – kan – jeg – glemme – noe  – slikt?»
«Slutt å skrike sånn, for svarte helvete!» Edgar var blitt hummerrød i ansiktet og svettet.» Han stirret på broren i noen lange sekunder. Så sa han lavt, like mye til seg selv som til Frank: «Selv om du skulle si det til noen, ville du ikke bli trodd. De ville tro du var spenna gæren. Det tror de vel antagelig fra før. Se på deg selv, din glisend, lille krøpling…»
Og så, for andre gangen i sitt liv, mistet Frank kontrollen. Han fløy på broren, med armer og bein. Edgar var mye større enn Frank, men han var full, og han rygget unna med løftede armer i et ubehjelpelig forsøk på å verge seg. Frank gikk på, han slo og lo, og Edgar snublet og falt bakover, mot vinduet, som ga etter, og han falt gjennom det i en sprut av glass mens armene gikk som vindmøller, og med et vilt rop forsvant han ut av syne. 
(…)
Han løp fortsatt blødene rundt i leiligheten og knuste møbler, da politiet kom»


Eg veit ikkje om dette hjelper som søskenterapi akkurat. Frank blir etter denne situasjonen sendt til eit mentalsjukehus i Birmingham, og medan han er der planlegg både tyskarane og motstandsrørsla å få tak i han, for å kunne få ut av han løyndommen, og for at den andre parten ikkje skal få tak i han. Dette er plottet. På eine sida har ein David Fitzgerald, Geoff Drax, Jackson og Natalia, som jobber for å få ut Frank. På andre sida har ein Günther, Gessler og Symer, som gjerne vil ha tak i han, for å få vite løyndommen. I midten av alt er Sarah Fitzgerald, som òg får oppleve nok av regimet. Ho er pasifist, og liker korkje regimet eller motstandsrørsla eller politiet. Ho liker ingen som tyr til vald, og synes ingenting om krigføring i det heile.

Styrken til Sansom er karakterane. Han set liva deira i perspektiv, og lager karakterar som er truverdige og gjenkjennelege. Til dømes kjenner eg meg igjen i Sarah. Eg skal komme tilbake til det seinare i omtalen, men eg syntes det var godt å ha ein karakter som eg kunne identifisere meg med. Dei er òg veldig ulike frå kvarandre, og han får fram både kontrastar og likskap mellom dei. Det er mange namn å halde styr på, men likevel er det berre ein liten del av dei sin får nært kjennskap til. Mykje av kjenneskapen til karakterane kjem gjennom dialogar, noko eg alltid synes er positivt, fordi det gjer at forfattaren ikkje trenger å skrive alt rett fram, noko som heller ikkje er særleg bra i ei bok. Han har òg gitt karakterane sorger, gleder og gode relasjonar, og han får oss til å føle med dei. Til dømes dette med Sarah og David som mista ein to år gammal gut. Günter, som er hovudmostandar i boka, har òg fmailie som ha bryr seg om, og ein får kjenne litt på det at dette er ikkje stereotypiar. Det er vanlege menneske, men likevel er nokre av dei så umenneskelege. Som til dømes Günther.

Eg har ofte tenkt på kva eg hadde gjort om eg hadde budd i Tyskland eller Noreg under andre verdskrig. Det var vanskelege tider, og slik som i Noreg hadde ein jo NS og mostandsrørsla. Det var menneske som var klare for å ofre livet for saka dei trudde på. Eg har ei aning om at hadde eg vore same person som i dag hadde eg gjort det som var tryggast. Eg trur eg hadde prøvd så godt som mogleg å skjule dei politiske standspunkta mine, prøvd å leve eit så trygt liv som mogleg og korkje vore medlem i NS eller motstandsrørsla. Det er her det med Sarah kjem inn. Sarah er pasifist, liker ikkje vald og har eit ønske om å leve eit trygt og godt liv saman med David. Eg ville ha gjort alt for å halde meg inne med alle. Likevel er eg imponert over motstandsrørsla. Dette var menneske som gjorde alt for det dei trudde på. Dei ofra livet sitt. Slik som i boka, når dei går rundt med dødelege piller i lomma, rett og slett fordi det var tryggare å dø enn å røpe løyndommar for politiet. Eg trur ikkje eg hadde hatt mot nok til å vere ein av dei, og eg hadde blitt sånn passe irritert, om eg fann ut at nokon haldt meg for narr og var med i noko farleg. Lukke auga hadde nok vore mitt val, dessverre.

Det er ikkje berre sterke sider ved boka. Sjølv om ein forstår tematikken raskt, og forstår «ka det går i», er det akkurat som om det sniglar seg avgarde dei første sidene, og forfattaren har ein haltande start. Det er akkurat som om han har tenkt at «innleiinga er ikkje så nøye, berre midtdelen blir bra», men det er no slik at det er byrjinga av ei bok som er avgjerande for om lesaren vil halde fram. Hadde ikkje eg vore veldig spent på denne boka hadde eg lagt henne frå meg først som sist og heller byrja på Tana Frenchs bok, som eg har liggjande. Likevel bestemte eg meg for å halde fram. Det er fleire moment som gjer at boka ikkje har ein god start. Blant anna er det ikkje veldig gode skildringar av hendingane, stadane og utruleg nok karakterane. Eg synes at byrjinga blir ganske dårleg, når det forfattaren seinare er flinkast på, nesten feiler i starten av boka. Han kunne med fordel ha kutta ned litt på dei 664 sidene med forteljing. I tillegg har han gløymt heile «Show – don’t tell»- prinsippet, og går heller for «Tell – don’t show», som ikkje er bra.

Noko anna eg irriterer meg over er slike skrivefeil frå forlaget si side, der det kjem ord inn i teksten som ikkje skal vere der, eller som står tidlegare i setninga, eller at orda er skrive feil. Til gjengjeld var det alltid korrekte namn, nokos om av og til elles er forvirrande, når forlaga blandar saman namna til karakterane. Den norske omsetjinga var bra, men kanskje litt for fyldig. Med det meiner eg at det  kunne ha vore kutta ord utan at setningane hadde skifta meining. Det som irriterer meg mest er ordet «så». Norsklæraren min i niande og tiande, sa til oss at «så» er ikkje eit nødvendig ord i setningar som til dømes: «Då eg kom heim, så laga eg middag.» Ein kan med fordel skrive: «Då eg kom heim, laga eg middag.» Det er noko eg alltid prøver å sjå over, når eg har skrive ein tekst, fordi orda er ikkje nødvendig, og språket blir i tillegg betre. Den som har omsett boka til norsk, kunne hatt godt av å lære seg dette, i tillegg til mange andre ord som er med, utan at det gir noko vidare meining for setninga.

Plottet er godt konstruert, når først boka kjem i gang. Dei må få Frank Muncaster bort frå Storbritannia og nazistane. I likskap med Vinter i Madrid av C. J. Sansom er Skygge over London ein spionthriller, kor spionen kanskje ikkje alltid lukkes heilt. Eg trur st Sansom har litt meir fantasi enn som så, og kunne eigentleg ha tenkt meg bøker av han utan spionar, krig og kjærleik. Det er alt for mykje likt, og eg følte eg kjente igjen plottet frå Vinter i Madrid. Det var heldigvis ikkje like likt som det Øya, Hjemkomsten og Tråden av Hislop er, for hennar bøker er korkje god litteratur eller spesielt ulike og fantasifulle. Den første var god og original, den andre var ein bleik blåkopi og den tredje var tragisk. Det er det eg har kome fram til i ettertid, sjølv om omtalane mine då var meir positive. Heldigvis har han unngått dette og fått inn såpass mykje nytt at det blir spennande. Borgerkrigen var noko som faktisk skjedde, medan hendingane i denne boka aldri har skjedd, sjølv om det var ein viss fare. Dette er ei fantasiverd bassert på noko som kunne ha skjedd, altså er denne boka ein kontrafaktisk historisk roman, medan den andre berre er ein historisk roman. Likevel, fleire forfattarar burde lære av Gilllian Flynn, som alltid har fullstendig nye og originale plott i bøkene.

Noko av det interessante med Sansoms bøker er motsetnignane mellom dei ulike ideologiane. Til dømes kommunisme og fascisme. Det er berre ein kommunist i denne boka, men fleire nazistar og fascistar enn godt er, og i tillegg er det mange som har ein veldig nasjonalistisk ideologi. Sansom fortel i eit etterord i litt om seg sjølv og sin politiske ståstad.

«Da jeg ble mer politisk bevisst på begynnelsen av 1970-tallet, og til mine foreldres morskap og forundring vende meg bort fra deres konservative ståsted og i stedet omfavnet de venstreorienterte synspunktene jeg har beholdt siden, oppdaget hegat det i mine nye sirkler eksisterte et helt annet bilde av Churchill. Mange mente han var en krigshisser, en fanatisk imperialist, som motsatte seg enhver tilnærming til uavhengighet for India, en glødende antisosialist, mannen som brukte storslegga mot arbeiderne under generalstreiken i 1926, og mannen som sendte militære tropper mot gruvearbeiderne i Tonypandy i 1919.
(…)
Jeg har alltid vært fascinert av alternativ historieskriving, hvordan en verden ville ha sett ut om én avgjørende hendelse hadde tatt en annen vending. Og noen ganger, som i mai 1940, kunne virkelig verdenshistorien brått gått i en annen retning. Historien som her fortelles, om det som fulgte etter at Churchill ikke ble statsminister, er selvfølgelig bare én alternativ fortelling, den er ikke den definitive fortellingen, for noe slikt finnes ikke.»

 Venstreorientert politikk er ein jo vane med i Noreg, om ikkje akkurat kommunistik (veldig langt i frå), så heller moderat sosialdemokratisk. Eg likte mykje av det han skreiv i slutten, men etterkvart vart det så detaljert at eg måtte avslutte. Han er ein veldig smart mann, noko som kjem i fram i den siste delen av boka, kor han fortel om kva som kunne ha skjedd, og kva som skjedde. Noreg er ein del nemnt i boka, og David Fitzgerald tenestegjorde i Noreg, så eg syntes det var litt gøy at forfattaren hadde teke med Noreg så mykje. Det må òg nemnast at den norske utgåva er tilegna minnet om alle ofra frå 22. juli 2011. Syntes det var veldig fint. Omslaget synes eg er veldig skildrande. Ja, det er veldig grått, men det var ei grå verd som vart skildra. På innsida av permane er det eit kart over Europa under tyskarane framme, og eit kart over verda under tyskarane bak. På grunn avdette var det lett å følgje med i geografien. Likevel, starten svekka boka veldig, og ho kunne med fordel ha vore kortare. I tillegg syntes eg at heile spenninga rundt løyndommen til Frank Muncaster ikkje var bygga opp nok, og den vart avslørt på litt feil tidspunkt i boka. Synsvinkelen i boka er autoral, noko eg syntes passa veldig godt til plottet, tematikken og resten av oppbygginga av boka.

«The Great Smog» som er nemnt i baksideteksten kan de lese om her, og den er ein avgjerande faktor i forteljinga. Her kan de lese om kontrafaktisk historie, noko eg forresten synes er veldig interessant. For å vite meir om forfattaren kan de gå inn på Forlaget Press sine nettsider, og her er Sansoms nettsider. Her er min omtale av Vinter i Madrid, som vart utgjeven i Noreg i 2008. Sansom har òg gitt ut fem bøker om Matthew Shardlake, som er ein krimserie frå 1500-talets England under Henrik VIII. Mi utgåve av Skygge over London er kjøpt. 

bok: Vinter i Madrid av C. J. Sansom

C. J. Sansom er i år aktuell med skygge over London, men for nokre år sidan (2007) kom òg Vinter i Madrid ut, ei ekstremt spennande og velskriven bok. På Forlaget Press si nettside står det at C. J. Sansom er tilbake i storform i Skygge over London, og ja, han var i veldig god form då han skreiv Vinter i Madrid for nokre år sidan. Vinter i Madrid er ein historisk roman frå tida etter den spanske borgarkrigen. Som mange av dykk veit elskar eg historie. Helst den delen av historia som me ikkje lærer om på skulen, og eg har aldri lært veldig mykje om den spanske borgarkrigen eller Spanias rolle under andre verdskrig.

Det er fire viktige nøkkelpersonar i denne boka. Den første er Harry Brett er spion for den engelske ambasaden i Madrid. Hans hovudrolle er å finne ut kva ein gammal skulekamerat, Sandy Forsyth, planlegg, for det er tydeleg at Forsyth har planar som ikkje er heilt i Englands interesse. Og den andre nøkkelpersoonen er Forsyth, ein vellukka engelsk mann som bur i Madrid. Han har tette band til blant anna Fransisco Franco og andre viktige personar i Spania og Madrid. Hans kjærast, Barbare Clare, utgjer seg for å vere kona hans og er den tredje nøkkelpersonen i boka. Ho leitar etter den tidlegare kjærasten Bernie Piper, som er ein gammal skulekamerat av Forsyth og Brett og tilfeldigvis den mannen Forsyth mislikte mest på Rookwood (skulen). Ho møtte Brett, då han kom ned i 1937, for å leite etter nettopp Piper, som vart meldt sakna, antatt død, då han kjempa for kommunistane under borgarkrigen. Som de forstår er det mykje rot her. Tre gamle elevar frå ein typisk engelsk «sosseskule» og ei kvinne som har tette band til dei to som hata kvarandre mest. Er det duka for drama? Ja!

Bernie Piper hata alltid Rookwood, for han meinte at slike skular skapte klasseskilje. Han er ein ihuga kommunist som mislikerkyrkja og alt som heiter sosiale skiljer. Han reiser ned til Spania for å støtte republikken. Harry Brett såg opp til lærarane på Rookwood og var ein mønsterelev. Han var ven med Piper, som kom inn berre på grunn av eit stipend, men deler ikkje dei politiske meiningane hans. Han er òg vend med Pipers «fiende», Sandy Forsyth, og prøver å påverka han til å velje den rette vegen i livet, samstundes som han vil vere ven med han. Forsyth på si side er meir oppteken av å gjere oppgjer mot biskopfaren og ha det gøy, og sjølvsagt tene pengar. Han missliker òg skulen, men det skapar ikkje noko venskap mellom han og Piper derimot. Han går i den retninga som kan gi han mest pengar og den beste sosiale statusen. Barbara er den som blir vikla inn i dette dramaet, og i tillegg kjemper dei alle ein kamp mot seg sjølv. Nokre av dei må òg kjempe mot høgare, politiske krefter i dåtidas Madrid, noko som berre gir ekstra spenning i boka.

Viss du framleis leiter etter god somarlektyre, er Vinter i Madrid til å anbefale. Det er ei bok alle bør få med seg ein gong. Ikkje berre er det historiske perspektivet veldig interessant, men skildringane til Sansom er heilt framifrå. Han kan det han gjer, og du sit igjen med ei kjensle av at du kunne gjenkjent stadene og personane etter å ha lese boka. Det er ikkje ofte du får den kjensla. I tillegg let han lesaren sjå den svake sida av karakterane. Til dømes er Brett ein spion med ein stor dose dårleg samvit for å måtte lure ein gammal ven. Han er ikkje heilt eigna kan du trygt seie. I tillegg er han litt pysete og vil helst ikkje skape konfliktar. Som person vil ikkje dette seie at han har dårlege sider, men i forhold til jobben han har fått, er det dårlege sider. Sandy er pengegrisk. Han kunne gjort alt berre han fekk ein god slump med pengar for det. Barbara har dårleg sjølvtilit, og Piper blind for andre sine meiningar, nesten uansett kva.

Då eg las boka, tenkte eg mange gonger at det kan bli ein heilt super film. Eg skulle gladeleg ha sett den på kino kor tid som helst. Eg såg alt for meg så klart, korleis det burde vore. Den har eit stort potensiale på det området, og med Channing Tatum eller Liam Hemsworth som Harry Brett hadde det vore perfekt, og kanskje endå meir perfekt med ein av dei som Piper. Men det er ikkje film eg skal snakke om. Sansom er ein dyktig forfattar som eg skal lese meir av. Språket flyt veldig fint. I byrjinga tvilte eg litt på dette med språket, men det er fengande. Av og til gløymer forfattaren «show – don’t tell»-prinsippet, men det kunne vore mykje verre. Det er ei bok som er verdt å lese (det har eg sagt nokre gonger), og Spania i 1940 er skikkeleg skummelt!

bok: Plan D av Simon Urban

Den tyske forfattaren Simon Urban har laga ei bok kor det står 

«Se for deg en verden hvor berlinmuren aldri fallt» 

på omslaget og kor ein detektiv må finne ut av eit mysterium som kan avgjere DDRs framtid. Setningar som

«Enorm kraft, litterær fantasi og en kreativitet som vil fengsle og fascinere alle lesere.» (Die Zeit)

og

«En av de mest tyske debueter på lenge.» (Westdeutsche Allgemeine Zeitung)

prydar bakside på Pland D. Urban har flust med litterær fantasi. Å i det heile teke lage ein kontrafaktisk roman krevjer mykje fantasi, men òg mykje research og informasjon som vil gjere boka meir truverdig. Urban meistrer begge deler. Detektiv Martin Alfons Wegener er i Plan D på leit etter sanninga rundt døden til eit udentifisert lik i Aust-Berlin. Det har ein tydeleg samanheng med gass- og energiforhandlingane med Vest-Tyskland, og han må finne sanninga for at DDR skal bestå. Det konstruerte DDR-samfunnet som Urban har laga er eit meir utvikla samfunn enn det det er i historisk samanheng. DDR i Plan D er eit DDR i 2011 som har blitt til etter Gjenopplivingen. Boka går mykje ut på at DDR og BRD gjennforeina i 11989, men at DDR så vart «gjennoppliva» fordi Krenz, statsoverhovudet i DDR 2011 såg at det ikkje gjekk.

Hovudpersonen, førstebetjent Wegener, er ein mann det er vanskleg å forstå seg på. Han blir jaga av sine eigne fantasiar og demonar – på ein vell humoristisk måte med Josef Früchtl som alltid tilstadeverande i hovudet på han – og er sterkt kritisk til både seg sjølv, andre og staten. Skråblikket han har på DDR er interessant, og ein kan på mange måtar seie at han er kritisk til sosialismen og DDR. På andre sida er det dei han tener og jobbar for. Som detektiv er han midt mellom fritt vilt og STASI.. Han kan bestille overvakingar, han har rett til innsyn i løyndomsfulle dokument av grad 3 og kan på mange måtar kome seg lengre opp i systemet enn vanlege arbeidarar. På andre sida kan det koste med feil, og det er meir vanskeleg å gå sine eigne vegar enn det det vil vere for detektivar i andre bøker. Wegener sørger i store delar av boka over tapet av kjærasten Karolina – eit tap han aldri kjem over – og har til tider tankar som får lesaren til å føle at dei les ei såkalla «Guilty-Pleasure»-bok. Han drikk mykje, når han først drikk, og elles viser han til tider god sans for humor som får lesaren til å le høgt.

«Nå er jeg målløs.»
«Det var dumt, nå som du har fått ny telefon.»

Dette er berre eit døme (Wegener sa sjølvsagt det siste), og det er fleire som eg ikkje trenger å nemne, men som det går an å oppleve sjølv ved å lese boka. Elles er boka litt rotete, synes eg. Du får ikkje skikkeleg tak på kriminalgåta og bevisa som kjem fram. I tillegg kan visse tankar og ressoneringar frå Wegeners side vere litt vel vanskelege å lese. Nokre refleksjonar blir i overkant pakka inn, medan andre er slike som lesaren lett kan kjenne seg igjen i. Noko anna er at boka er litt lite oversiktleg. Du forstår ikkje alltid kor dei reiser, og namn på karakterar går lett i gløymeboka, fordi det går lang tid mellom møta og lang tid mellom gongene karakterane blir nemnt. Det kan til tider vere litt irriterande. På plussida ligg den delen av språket som ikkje så godt pakka inn. Den forståelege delen er brilliant, og her ser lesaren tydeleg at Urban har eit stort talent. Gjenforteljingane av dialogane er fantastiske. Skildringane av dei menneska som er mest vesentlege gir eit godt inntrykk, og ein kan kjenne igjen typane. Boka er delt opp i passe store kapittel, og det er fleire kapittel for kvar dag etterforskinga pågår. Boka er skriven i tredje person, og først då eg merka dette vart eg skikkeleg skuffa. Eg tenkte: «Å nei, ikkje ein til autoral synsvinkel», mens synsvinkelen var ikkje autoral. Det var Wegener som fortalde, og mykje kom òg fram gjennom dialogane.

DDR 2011 blir framtilt som eit høgteknologisk land. Dei har ein type telefonar som blir kalla Minsk, og dei har òg fått eit nytt bilmerke. Dei fleste som kan litt om DDR veit at Trabi var ein type bil dei køyrte rundt i. Den gjekk veldig seint. Mange kjøpte seg Trabi til konfirmasjonen og fekk han då dei vart tretti, med mindre dei fekk seg ein høgt profilert jobb. Det er òg ein vits som seier at du doblar verdien på ein Trabi ved å fylle på tanken. Uansett, det nye bilmerke er Phobos. All den nye teknologien skal tydelegvis ligge framfor vesten og deira teknologi, og DDR har på det område ei god utvikling. Du kan òg sjå paralellar til Vest-Berlin. De har sikkert høyrt om KaDeWe (Kaufhaus des West). I boka har dei i Aust-Berlin fått seg sitt eige kjøpesenter, KaDeO (Kaufhaus des Ost). Synes den parallelen er litt morosam på den måten at du tek poenget utan å bli grundig forklart kva det dreier seg om.

Boka kjem med eit blikk på sosialismen som eg liker veldig godt. Som dei fleste veit funkar ikkje sosialismen som ideologi veldig godt i praksis. Dei tre mest kjente sosialistregima (kommunistar) i dag er Kina, Cuba og Nord-Korea. Alle veit at verken Kina eller Nord-Korea er veldig demokratiske. Cuba har nesten fått det til, men det går ikkje i praksis. Ideen bak sosialismen er noko dei fleste er einige i. Likestilling. Alle er like mykje verdt og ingen skal stå over andre. Sosialisme i rein form finst ikkje, på grunn av egoismen vår. Utdannar me oss til lege vil me ha meir løn enn ei vaksekone på sjukehuset, og det er heilt totalt mennskeleg og sjølvsagt riktig. Boka seier at sosialismen er akkurat som ein type jenter (hugser ikkje kva jenter det var snakk om, men trur det var nokon i underhaldningsbransjen), fordi akkurat som  denne typen jenter er sosialismen fin så lenge du ser han på avstand. Draumar er trass i alt betre enn røynda.

Nei, no får eg kanskje oppsummere. Det har nok allereie blitt leie av dette evig lange innlegget om Trabiar, sosialismen og boka. For å klonkludere vil eg seie at Plan D er ei sjeldan bok. Fantasien er der, ideen er der, men ho blir veldig svekka av det rotet lesaren av og til kan føle på. Den er òg veldig omfattande til tider. Det kan bli lenge å lese hundre sider om dagen, og av og til må du nesten lese i snegletempo for å få med deg alt. I tillegg, for alle feministar: Ingen kvinnelege superheroes i denne boka. Den er på eit vis veldig manssjåvinistisk!