Hanssen, Eystein: Giftstrøm (Vigmostad og Bjørke 2011)

Av frykt for at nokon skal komme til å slå meg helselaus, vil eg byrje med å seie at det kjem til å vere spoilarar i innlegget.9788241907234 Obs, obs! Eg veit nokre hatar spoilarar, men av og til trenger ei grundig, lang og kanskje reflektert bokmelding ein spoilar eller ti, så hald dykk fast. Uansett, de kan lese dei første avsnitta, så skal eg seie frå når spoilarane kjem. Då seier vi det slik! Me kan ha ein stilletiande avtale om at eg seier frå når me kjem så langt at det byrjar å bli farleg for alle krimelskarar, som ikkje har opna boka, å lese vidare.

Eystein Hanssens andre bok er akkurat som den første, fullstappa med spenning, og kanskje til og med litt for mykje. Det er ikkje det at eg er ei pyse. Eg kan lese kva bok det skal vere seint på kvelden og legge meg til for å sove rett etterpå utan å dvele ved dei grufulle detaljane. Om det er ein bra eller dårleg eigenskap veit eg ikkje, men eg vel å tru det er bra å ikkje få mareritt av bøker.

Giftstrøm har hausta gode bokmeldingar i aust og vest, og dei fleste synes boka er heilt mega-super-duper-kjempebra, for å bruke litt store ord. Han har laga ein typisk organisert-kriminalitet-roman, kor det rike Noreg og det fattige og krigsherja Afrika er store kontrastar, Politiet i Oslo fangar ei gruppe frå Uganda i Oslo og siktar dei for våpen- og narkotika»bestittelse» (Åå, det må då kunne gå an å ha eit godt nynorsk ord for «besittelse»). Den «supre», «tøffe», «snille», «smarte» og ikkje minst «flinke» politidama Elli blir interessert i den eine guten og bestemmer seg for å avhøyre han nærare. Gjennom avhøyra kjem det fram bindingar mellom Noreg og Uganda, og det blir avdekka at eit norsk gissel er teken til fange av ei geriljagruppe i Afrika.

Eg liker tanken og det litt samfunnskritiske som ligg bak. Plottet er eigentleg veldig spennande på fleire måtar. For det første må ein spørje om det norske gisselet kjem levande ut. Eg trur fleire av oss har gisselaksjonen i Algerie i fjor framleis friskt i minne og veit at det kan førekomme at det blir tekne gissel. Det førekjem sikkkert oftare enn me trur. Det er ingen realitetsbrist her. I tillegg blir ein jo som lesar nysgjerrig på om gisselet verkeleg kan klare seg. Når det òg kjem fram at saka kan vere knytt til olja blir det ekstra spennande for ein lesar.

Men no, NO, alle dei som ikkje vil ha SPOILARAR midt i fleisen, ikkje scroll nedover. Om nokon les dette høgt for deg, noko som er tvilsamt, hald deg for øyrene om du ikkje vil ha fleire namn hendingar eller andre ting som kan røpe handlinga i boka.

Det første eg reagerer på er Nils Oskar Kristoffersen, den ektstremt blærete forretningsmannen som er nedsylta i gjeld og som lesaren ikkje får ein milligram sympati med ein gong. Er ikkje han veldig stereotypisk? Måten han ikkje bryr seg på og prøver å lure alt og alle er ikkje noko eg synes passar inn i boka. Han er alt for usympatisk og har alt for lite samvit. Hadde dette vore ein samvitsfull familiefar som faktisk brydde seg, men var litt uheldig med investeringane kunne eg ha takla han. For meg er han berre så ektremt ekstraavagant og forferdeleg at ein kan få lyst til å spy av mindre.

Ein har òg Elli i  «stereotypiboksen». Mange meiner at ho er mindre «super» og «overlegen» i denne romanen enn i den første, men eg er ueinig. Det er heller motsatt. Sjølv om ho er god i karate, sjølv om ho er ei god politikvinne, og sjølv om ho har «en viss sans for problemsløsning», er ho ikkje den kvinnelege versjonen av Supermann heller. Ho burde ikkje vere det i alle fall, men forfattaren framstiller ho som ei overmåte flink kvinne på alle måtar. Om ikkje ein gal leigemordar (Les: Croukamp) er etter henne, blir ho bitt av ein slange. Ikkje berre overlever ho eit åtak frå leigemordarane, men på same dag overlever ho eit livsfarleg bitt frå ein Boomslange.

Frå 2005 til 2011 eigde me ein flott australsk terrier. Det vil seie, den var ein veldig flink og grei hund rundt oss, men visse gjester og forbipasserande kunne tru at hunden var gal eller hadde ein hundeform for ADHD. Eg kan røpe at den eigentleg var veldig engsteleg. Hadde Sara vore eit menneske, hadde ho blitt diagnotisert med angst. Alt frå at det ringte på døra til små kattungar fekk henne til å bjeffe høgt eller springe bort med halen mellom beina. Likevel var ho verdas søtaste hund. Grunnen til at eg fortel dette, er Ellis hund Zenith. Eg forstår verkeleg den kjærleiken Elli har til hunden sin, men eg undrar meg på om vanlege hundar er så oppvakte. Sjølvsagt trur eg at mange hundar er litt mindre engstelege, litt meir leikne og kanskje litt smartare enn Sara var. Ho forstod ikkje at når me kasta ein pinne skulle ho løpe etter den, og det at leiker var til å leike med, var for henne heilt fjernt. Zenith kunne vore psykolog hadde han vore eit menneske! Ellis hund er akkurat som eigaren sin. Påverknad? Nei, rett og slett berre ein forfattar som har tileigna hunden litt fleire eigenskapar enn vanlege hundar har. Det kan òg vere ein sjuande sans eller noko slikt.

Eystein Hanssen var veldig flink til å skildre relasjonar og personar i den første boka. Særleg relasjonen mellom Elli og mora og saknet til Elli etter faren og søstera. For meg, som allereie har lese De ingen savner er alt i denne boka berre ein dårlegare og falmete kopi av det han skreiv i første boka. Han fortel meir enn han visar, og somme gonger legg han alt for mykje vekt på thai-delen og moras tankar og meiningar om Elli. Mange av de som har lese boka kan synast at eg er keisam og prikkete no, fordi resten av boka er veldig god, men når ein først har byrja å legge merke til noko, kan ein ikkje utelate det, synes eg. Språket er spesielt dårleg når han skrildrar personar og relasjonar i denne boka, og han har brukt nokre klisjéar som ein erfaren bok- og krimlesar kjenner alt for godt til.

Visse styrkar har boka HELDIGVIS! Eg hadde vore lei meg måtte eg ha slakta boka, men eg må ikkje det. Hanssen har sansen for kontrastar. Om det var noko han tenkte på då han skreiv boka veit eg ikkje, men eg merkar meg at det er nokre kontrastar i boka. Til dømes har ein kontrastane mellom moglegheitane og rettane i Noreg og i Uganda, i tillegg til tryggleiken me har her oppe i nord. Skildringa til Hanssen av GFF – God’s Freedoms Fighters – viser berre kor utruleg godt ein kan ha det. Trass i lange sjukehuskøar, stadig fleire potensielle offer for menneskehandel og ei blåblå regjering, har me det godt. Om ein tenkjer på at barnesoldatar verkar i andre land, kan ein prise seg lukkeleg for det me har her. Kan jo forresten seie at i 2012 vart det avdekka nokre tilfelle av menneskehandel med tidelgare barnesoldatar frå blant anna Somalia og Afghanistan. At slike grupper finst er heilt snat, og Hanssen får fram ein ypperleg kontrast mellom det trygge Noreg og det langt meir utrygge Afrika.

Ein annan kontrast er Ellis religion, Buddhismen, som kan seiast å vere human på ein del område, og dei grusamme tinga ho opplever. Hennar oppfatning av røynda, er i sterk motsetning til det andre oppfattar og det som eigentleg er der. Uansett kor frykteleg ein person er, gjer ho alt for å la vere å heve våpenet ein millimeter. Slå i svime, ja, binde ja, men drepe, absolutt ikkje. Korleis passar hennar religion inn i det afrikanske samfunnet me får skildra i boka? Eg elskar denne delen av boka, trass i at eg er langt frå å vere buddhist. Det minner meg litt om nettopp han som grunnla buddhismen, ein indisk prins ved namn Siddharta Gautama. Han var ikkje ute av slottet før han var mange år, og det plutselege møtet med alt det vonde gjorde at han gjekk gjennom ei andeleg krise, og så vart Buddhismen grunnlagt. Paralellen til historia om Elli er der. Ho reiser frå eit Noreg som renn over av pengar og er trygt og godt og kjem til Afrika og får det plutselege møte med elende og fattigdom og barnesoldatar. No går ho ikkje gjennom ei andeleg krise, men ho bruker den humane delen av religionen og prøver å overtyde seg om at uansett kven det er som blir drepen, fortener han eller ho det ikkje. Sjølv då ho drap sonen til Courkamp, eigentleg i sjølvforsvar, trekte ho inn religionen. Det er fantastiske kontrastar, men eg veit ikkje om forfattaren har tenkt på det på den måten.

Litt tilbake til det som svekkar boka, nemleg dei mange namna. Eg måtte verkeleg bruke meir tid enn vanleg på å sortere og prøve å hugse tilbake. Mange gonger teknte eg: «Kven var dette no igjen? Kva er spesielt med dette selskapet?». Eg forstod at eg hadde lese om det tidlegare, men kva det var med det kunne eg ikkje hugse. Det er uansett ikkje det verste med romanen, og hadde han byrja å prøve å friske det opp, kunne det ha kjentes ut som smør på flesk. Alt for mykje kunne det òg blitt, og i ein så kompleks roman som dette er det vanskeleg å finne ein balansegang. Likevel, er det er vanskeleg å skilje Potential Oil, Terra Invetion Group, GFF, Kristoffersen, Moen, Croukamp, Disciple og alle på ambassadane og i UDI og alt anna. Det høyres kanskje ikkje vanskeleg ut, men romanen er fullspekka med namn!

Det er likevel noko her som gjer at eg liker romanen. Det er ikkje kvaliteten, men det at Hanssen skriv med flyt og driv. Han driv handlinga framover, og eg kjenner litt på den at kanskje eg burde ha likt boka mindre på grunn av den språklege og litterære kvaliteten, men Hanssen greier på alle vis å halde meg der. Det er akkurat som om romanen seier: «Sett deg no ned og les vidare!» Og så gjer eg det, eg les vidare, fenga som eg er. Slik er det med visse romanar: Kvaliteten er ikkje god, men lesegleda er det ikkje noko å seie på, sjølv om eg gjerne skulle ynskje at eg kunne vere litt meir immun mot slike bøker.

Drapsmannen som vart seriemordar – Fossum, Karin: Carmen Zita og døden (Cappelen Damm 2012) og Hanssen, Eystein: De ingen savner (Vigmostad Bjørke 2010)

Meir og meir no enn før går det seriemordarar laust, ikkje i det reelle livet, men i litteraturen. Kriminalromanar er ikkje Carmen_Zita_RGB_300dpiberre å blande gift i maten eller drukne lenger. Det held ikkje med eitt lik lenger, og metodane blir meir og meir grusomme. Carmen Zita og døden vart gitt ut på Cappelen Damm i 2012. Boka fekk mykje merksemd blant anna på grunn av offeret. Offeret ja, og ikkje offera. Ein gut på litt over eitt år blir funnen drukna, og foreldra er fortvila. Hovudpersonen i Fossums bøker, Konrad Sejer forstår at det er noko rart med dødsfallet, og han prøver å finne motivet bak og kven som eventuelt har drepe den vesle guten. Er det på grunn av det ektra kromosomet at han har blitt drukna kanskje? De ingen savner av Eystein Hanssen var debutboka hans. Den vart rost opp i skyene, men etterkvart som han skreiv fleire bøker vart det sagt om alle at dei var betre enn forgjengaren. Ei jente blir funnen på ein gravplass i Oslo, og saka blir knytt til prostitusjon. Snart blir det funne fleire jenter som som kan knyttast til same gjerningsperson, og medan dette pågår prøver dei å nøste opp eit omfattande miljø som unytter jenter på det grovaste. To forskjellige romanar, men likevel innanfor sjangeren kriminalroman.

Nettopp denne sjangeren har endra seg ein del dei siste åra, for forfattarane legg stadig meir kreativitet inn i å tolke straffelovens § 233. Å «forvolde en andens død» har gått frå å kvele, drukne, stikke, skyte og 9788241906466forgifte til å dra ut augene, partere, kutte over hovudpulsårene, torturere til offeret ikkje er eit menneske lenger og bruke kjemikalier med pH-verdi lik null. Dei blir funne i verst tenkeleg forfatning og er ofte hjelpelause kvinner eller jenter. Dei har blitt dumpa der etter dei vart drepne. Dei er nakne, forslått og ukjente. Eg veit ikkje om de kjenner det igjen, men det gjer eg. Dette sit me i godstolen og les ein laurdags kveld. Trygt og godt i stova med kaffi eller eit glas vin på sida av oss. Det er slik det har blitt, og plutseleg var kidnapping, bankran og stolne gjenstandar keisamt. «Kor er gørra?» liksom.

Noko anna som går igjen er seriemordaren som er sjuk. Han eller ho har eit forskrudd bilete av røynda på alle måtar. Dei er opptekne av det reine og urørte. Dette er kanskje òg ein av grunnane til at dei fleste offer i kriminallitteraturen er vaska med såpe eller kjemikalier. Ikkje bare er dette eit teikn, men dei har hatt ein dårleg oppvekst, skal hemne nokon i familien og dei trur dei er nokon andre enn den dei er. I tillegg heng dei seg opp i noko som dei bruker når dei straffer ofra sine. I Eystein Hanssens tilfelle er det ekspresjonistisk kunst. Kriminologi er sikkert noko de har høyrt om. Eit fag som prøver å finne ut kvifor nokre blir kriminelle. Dei har forskjellige modellar for å forklare dette, og dei kan igjen delast inn i individmodellen og systemmodellen. Den moralsk-juridisk modell er innanfor individmodellen og seier at alle er ansvarlege for sine eigne handlingar. I tillegg har ein sjukdomsmodellen som ser på den kriminelle som sjuk, og den ligg òg under individmodellen. Systemmodellen går ut på at samfunnet rundt er årsaka, men dette er likevel ein modell ein ikkje straffar etter i det norske rettssystemet. (Det kan vere såkalla «formidlende omstendigheter») Uansett, ein seriemordar i litteraturen i dag er ei blanding av alt dette. Samfunnet svikta og såg ikkje guten eller jenta som sleit. Difor utvikla dei seg til sjuke seriemordarar, som likevel har ansvar for sine eigne handlingar.

Eystein Hanssens bok er, som de nok har oppfatta, nokså etter seriemord-oppskrifta. Likevel, er bøkene gode sit ein klistra, og skal ein ha dårleg samvit for det? Kriminallitteraturen er i det heile ein sjanger som tek for seg dei dårlege sidene ved samfunnet. Ordet tilseier det. Kriminallitteraturen viser eit markabert bilete av verda. Det er akkurat som om ein stiller samfunnet framfor ein spegel og spegelbilete er mykje styggare. Realiteten blir ikkje spegla, men likevel blir den det. Menneskehandel og prostitusjon er eit tema mange bruker, og kanskje mest fordi temaet er aktuelt, problematisk og skapar debatt. Så går det frå prostitusjon til fæle og markabre drap. Men så kan ein spørre seg om kvifor kriminallitteraturen er så valdeleg og kvifor alt handlar om seriemord? Sel det betre? Karin Fossums bok vart selt i hopetal utan seriemordar.

Poenget mitt er at god kriminallitteratur trenger ikkje å innehalde ein seriemordar. Det trener ikkje ein gong å innehalde drap eller mord. Nokre forfattarar meistrar seriemordkriminalromanar, medan andre gjer ikkje. Dette er ikkje ei oppfordring om at ein ikkje skal lese kriminallitteratur om seriemord, men meir om å sjå litt lengre. Prøve seg på andre bøker. Det finst så mykje bra litteratur der ute, men så er det seriemordaren som går igjen i dei mest populære, kanskje òg fordi mange populære forfattarar hiv seg på trenden. I forhold til bøkene eg tok med meg her, må eg seie at begge er gode. Eystein Hanssens roman er godt skriven, har god flyt og spenning frå første stund. Det same har Fossums. Begge har interessante hovudpersonar som driv handlinga framover. Ellie spesielt er ein karakter eg gjerne vil sjå meir til.