Første (bok)halvår 2016

  • Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
  • Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
  • Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
  • Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullførtsom til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
  • Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
  • Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjenAlle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
  • (Eg har sett ei ny bok inn i bokhyllaCareer of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til “krise”.)

Ferrante, Elena (pseudonym): “Historia om det nye namnet” (Samlaget 2015)

Å skrive ei ny bokmelding etter ein veldig lang pause er vanskeferrante. skisser serie. omsl.qxplegare enn å køyre bil etter ein lang pause. Det har eg erfart no. I alle fall nøler du mykje meir. Å køyre bil er ikkje så tiltak. Før eg skreiv denne bokmldinga såg eg på ein dokumentar med Tom Felton som undersøkte kvifor nokre blir superfans av kjendisar og jaktar på autografar. Ganske bra dokumentar faktisk, det må eg seie.

Når eg først er inne på denne dokumentare og superfans: Om nokon skulle vite kven Elena Ferrante eigentleg er burde de ikkje seie det til meg. Personen bak Napoli-kvartetten hadde blitt dynga ned med brev frå ein nordmann med rar døgnrytme etter alt for mykje nattlesing. Då første bok i Napoli-kvartetten havna i postkassa mi i byrjinga av 2014 vart eg kanskje litt irritert over at det var endå eit forlag der ute som ikkje klarte å sende epost og spørje på førehand.

Heldigvis vart eg overtalt til å lese boka, og heldigvis var Samlaget snille nok til å sende meg Historia om det nye namnet (bok II), sjølv om eg ikkje skreiv eitt ord om den første.

Kvifor er Historia om det nye namnet bra? Det er vel spørsmålet eg skal prøve å svare på i innlegget. Problemet er berre at eg slit med å svare. Til vanleg kan eg bruke mange litt avanserte ord som eg håpar eg sjølv forstår og snakke om plott og stereotypiske karakterar og skrivemåte. Napolikvartetten gjer at eg kjem til kort, fordi det er så vanskeleg å forklare kvifor ein roman om oppveksten til ei heilt enkel jente frå Napoli skal vere så veldig fengande. Les du bakpå kan du få assosiasjonar til Lucinda Riley og Kate Morton. Eg tenkte at no hadde det kome endå ei slik boka då eg las bakpå den første. Berre på nynorsk sjølvsagt.

Alle har vel hatt den kjensla av at dei synst noko er heilt enormt bra, og så skal dei tilrå det vidare, men får liksom ikkje forklart kvifor. Og dermed blir den personen me tilrår dette for litt avventande og vil ikkje oppleve dette heilt spesielle. Somme gonger kan det vere bra at dei held seg borte, som når eg prøver å tilrå humorserien Jæren Rundt til folk som ikkje kjem frå Jæren og ikkje forstår humoren. Andre gonger, som når eg skal forklare kvifor Berlin er den hovudstaden eg liker best i Europa, blir eg nesten frustrert over at folk ikkje forstår. 

Eg skal prøve å auke forståinga for kvifor alle oppegåande personar som har fullført ungdomsskulen bør lese Napoli-kvatetten og kvifor dei bør lese den andre boka.

Generelt gjennomgåande i begge romanane er det enormt mykje vekt på relasjonar, og då er det ikkje berre forelsking og kjærleik og kliss og klass, men rett og slett relasjonar mellom familiemedlemmar, mellom vener og veninner og ikkje minst mellom familiar. Romanene fortel om spenningar, usemje og korrupsjon, men den fortel òg om tette band og viljestyrke. Midt oppi alt står hovudpersonen Elena Greco som òg blir kalla Veslelena og Lenú. Det er ho som fortel historia. Dette fører òg til at den relasjonen det handlar mest om er relasjonen hennar til Raffaella Cerullo som alle i bydelen kallar Lina og som Lenú kallar Lila. Relasjonen mellom Lenú og Lila vekslar mellom å vere veldig sterk i periodar, medan andre gonger kan det knapt kallast for ein relasjon.

Det er her heile forteljinga har ein stor styrke. Lenú veit aldri kor ho har Lila. Plutseleg er dei bestevener, og plutseleg er dei nesten fiendar. Det vekslar raskt. Akkurat som at Lenú heile tida er usikker på alt rundt Lila er lesaren òg det. Me får delta i relasjonen og er sjølv redde for kva Lila kan få seg til å seie og gjere. Andre gonger er med imponerte tilskodarar til kva Lila får til og korleis ho oppfører seg. Veremåten til Lila vekslar i takt med forteljinga og humøret til Lenú, og sjølvsagt vekslar det i takt med kjenslene til lesaren. Du kan ikkje føreseie noko  slik som i mange andre bøker, og det er noko av magien. Det som skjer har utfall på ein måte du ikkje kan tenkje deg til.

Samstundes har du miljøet i bydelen. Det er heilt utruleg mange karakterar, og difor hjelper oversikten i starten av romanen med å sortere litt. Familien Peluso, familien Cerullo, familien Greco, familien Caracci, familien Cappuccio, familien Sarratore, familien Scanno, familien Solara og familien Spagnuolo. Desse er det best du held styr på. For kvar familie er ca. to barn å halde styr på som Lenú fortel om, med nokre få unntak. Når alle desse barna i tillegg byrjar å gifte og forlove seg med kvarandre blir det endå meir avansert, men ein kjem inni det, og midt oppi alt handlar det om relasjonane mellom desse familiane. Kaoset lesaren føler på reflekterer litt av kaoset i bydelen.

(OBS! Spoilarar frå no av)

Når andre bok, Historia om det nye namnet, byrjar, er bryllaupet til Raffaella Cerullo (Lila) og Stefano Caracci akkurat ferdig. Stefano Caracci er sonen til avdøde Don Achille Caracci som tidlegare skremte heile bydelen. Utan å nenmne for mykje er ikkje slutten på første roman lukkeleg, og andre roman startar på same måte. Ekteskapet mellom Lila og Stefano får ein vanskeleg start. Etter ei lukkeleg forlovingstid er mykje endra. For det første er det stadig eit spørsmål om kor tid Lila skal få barn, noko ho eigentleg ikkje vil ha. For det andre er Stefano valdeleg mot Lila. Det i seg sjølv var ikkje veldig uvanleg på den tida vart det forklart i bøkene. Det var heller normalt, men reaksjonane til Lila på kva som skjer gjer at det er vanskeleg å sjå korleis det går. For det tredje har Stefano og broren til Lila, Rino, inngått ein handelsavtale med Solara-brødrene som Lila ikkje kan fordra. På toppen av alt er Rino forlova med systera til Stefano og svigerinna til Lila, Pinuccia Caracci. Men dette er berre omstenda til Lila, som Lenú i byrjinga av boka ikkje oppsøker så mykje.

Sjølv er ho saman med Antonio Capuccio som ho eigentleg ikkje er forelska i. Ho liker spenninga ved det, men ikkje så mykje meir. I tillegg kontrolerer Antonio stadig at ho ikkje er saman med Nino Saratorre, den tidlegare naboen og sonen til Donato Saratorre som var elskaren til Antonios mor. Ja, dette er avansert, så de får sjå om de heng med i svingane. Endå meir komplisert blir det av at Antonio har rett i at Lenú er forelska i Nino, men Nino har allereie kjærast, og ho er dottera til Lenús lærar.

Alt i alt startar boka kaotisk, like kaotisk som det høyres ut som. Det kan verke som eit trøytande kjærleiksdrama, men språket er så godt at det er meir enn det. I tillegg kjem skulegangen til Lenú. Skal ho halde fram med å gå på skulen og satse der, eller skal ho gjere det ein ventar av folk som kjem frå bydelen hennar: Gifte seg med ein av gutane i nabolaget og jobbe i ei lokal bedrift? Spenninga aukar yttarlegare når Lenú blir med Lila, Stefano, Rino, Pinuzzia og mor til Lila og Rino, Nunzia, til øya Ischia. Her møter dei Nino Saratorre noko som utgjer vendepunktet i heile historia, men kanskje ikkje slik ein skulle tru.

Når eg skriv hendinga ned og skriv om boka, forstår eg kor platt det høyres ut, kjedeleg det høyres ut. Eg trur det er fordi berre dei som set seg ned og les Napoli-kvartetten kan forstå magien bak. Nokre seier at dei las dei første femti sidene i den første boka, men at det ikkje fenga og difor las dei ikkje vidare. Eg kan vere samd i at dei første femti sidene ikkje dei beste. Det gjekk litt trått for meg òg då, og eg tenkte: “Er det DETTE alle har snakka om?” Men så les du dei femti neste, og så les du dei hundre neste på same tida som du las femti og plutseleg er du heilt inni historia og miljøet. Det er som når du møter ein ny person. Det er kanskje ikkje heilt klikk i byrjinga og du tenkjer: “Nei, dette blir nok ikkje så mykje meir enn at me har felles kjente”. Men så oppdager du nye sider ved personen og blir kjent med han eller henne, og plutseleg kan du ikkje sjå føre deg livet utan.

Eg jobbar på bokhandel, og noko mange er skeptiske til ved bøkene er målforma. “Åja, er den på nynorsk. Då trur eg at eg droppar det. Har du noko liknande på bokmål?” Nei, eg har ikkje noko liknande på bokmål, og i tillegg er nynorsken så “enkel” at det er heilt forståeleg for alle. Om du ikkje forstår nynorsken i Ferrantes bøker kan du ikkje norsk. Det er fleire eg har høyrt seie at dei eigentleg synst nynorsk er vanskeleg å lese, men når dei les Napoli-kvartetten gløymer dei kva målform det er skrive på. Det er slik det skal vere! Å seie at nynorsken er “enkel” er likevel vanskeleg for meg, for bøkene er skrivne på nynorsk slik nynorsk skal vere: Like uanstrengt som bokmål.

Eg gler meg til Dei som flyktar og dei som blir igjen kjem ut i mars, samstundes som eg gruar meg til å vere over halvvegs i denne serien. Det blir trist å seie farvel til karakterane. Eg håpar berre eg kan ta farvel med dei og vite at dei er lukkelege, men det er ikkje sikkert.

Eksemplaret av Historia om det nye namnet har eg fått av Det Norske Samlaget.