Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction

Science Fiction er ein sjager som dei siste åra har blitt meir og meir populær, blant anna gjennom The Hunger Games og Divergent. Likevel veit eg ikkje kor nøye Anders Anundsen og statssekretærane har lese bøkene, men noko av tematikken bør dei få med seg.

For ikkje mange år sidan var fantasy ein veldig populær sjanger Harry Potter-serien vart avlasta av Twilight-serien, og Beautiful Creatures vart ein hit både som serie og bok. Trass i desse populære seriane kom science fiction-bølgja med The Hunger Games og Divergent. Både Science Fiction-sjangeren og Fantasy-sjangeren har det til felles at verda som blir skildra er annleis enn vår. Likevel er det skilnadar. Fantasy har ikkje forankring i røynda og er difor ikkje mogleg, medan science fiction er forankra i vitskap og difor kan vere mogleg. Innanfor science fiction-sjangeren har ein dystopisjangeren, som er den mest relevante for dette innlegget. Ein dystopi er i følgje Dag Einar Thoresen ved høgskulen i Buskerud og Vestfold “oppdiktet, fremtidig skrekksamfunn, skildring av et samfunn hvor dårlige krefter har fått overtaket, for eksempel i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsammenbrudd.”

Så kvifor er dette ein sjanger nettopp Anders Anundsen burde lese? Eg er samd i at ein minister kanskje ikkje burde sitje med ei bok i fanget heile dagen. Det som er viktig er kva bøkene formidlar. Ein skulle kanskje tru at landet Panem (The Hunger Games) eller den Chicago-byen Veronica Roth skildrar er veldig langt frå røynda. Dessverre kan populariteten til romanane vitne om noko anna òg: Det er lett å kjenne igjen parallellar til samfunnet me lever i.

Eit veldig framtredande trekk ved fleire dystopiar er korleis leiarane veit alt om kvar enkelt. Innbyggjarane får aldri vere fred, aldri vere for seg sjølv og aldri snakke fritt. Dei lever under konstant overvaking, og det kan samlast inn store mengder data frå innbyggjarane. Eit anna trekk er korleis samfunna nærast er politistatar. Lovas lange arm er aldri langt borte. Resultatet i alle dystopiane er eit samfunn med lite tillit kor innbyggjarane lever i konstant frykt for å gjere noko gale. Eit døme er Katniss som etter dødslekene ikkje kan gå eit einaste steg utan at President Snow overvaker henne. Eit anna døme er Tris i Divergent-serien som må velje ei framtid ut frå ein personlegdomstest, og om ho ikkje passar inn i eitt av fem alternativ er ho ein avvikar. Resultatet av testen blir ikkje akkurat skjult for leiarane, og dei liker ikkje avvikarar. Eit tredje døme er Cassia og familien i Matched-serien (Condie, Ally) som på tur må sove med eit band framfor auga som fangar draumane. Det er nok av det meir overnaturlege slaget, men det viser likevel ein stat som vil kontrollere det meste. Spørsmålet dei fleste kanskje stiller seg er kor eg vil hen.

Etter at terrorfaren vart oppgradert har politiet i Noreg vore “midlertidig væpna”. Dette har justisdepartementet kunna bestemme utan Stortinget. Eg har til ei viss grad forståing for at politiet vil ha dette for å kjenne seg trygge, og for at samfunnet skal vere trygt, men likevel er eg skeptisk. Andre debattar handlar om lagring av stordata. PST vil bruke same system som NSA (National Security Agency) i USA for å til dømes lagre bileta våre frå sosiale media, Facebook- og Twitter-beskjedar, epostane våre, kva sider me surfer på og kva me søker på. Anders Anundsen, som høyrer til eit parti som utanfor regjeringa var skeptiske til DLD (Datalagringsdirektivet), seier at han vil halde døra på gløtt for denne ordninga. Er dette ok, sjølv om kanskje aukar tryggleiken vår? Er dette verkeleg noko me kan gjere etter EMK artikkel 8 om rett til respekt for privatlivet?

Eit samfunn bør byggje på tillit, ikkje berre mellom innbyggjarane, men òg i mellom innbyggjarane og staten. Anders Anundsen har den fine tittelen Justis- og beredskapsminister, og han har ein vanskeleg jobb når han skal vege omsyn opp mot kvarandre. Tryggleik eller privatliv? Likevel bør han tenkje på at tillit òg skaper tryggleik. Me skal ha ein god beredskap som er klar om det skal skje noko, men me skal òg kunne ha privatliv utan at staten skal vite alt om oss.

No forstår du kanskje kor eg vil. Det er klart at skrekksamfunna Suzanne Collins, Veronica Roth, Ally Condie, Torborg Igland og Arnulf Hestveen skildrar ikkje er det samfunnet me vil få i Noreg med væpna politi og lagring av stordata. Eg samanliknar absolutt ikkje politiet i Noreg med “the peacekeepers” i The Hunger Games. Men eg synst at science fiction-sjangeren, og særleg desse dystopiane, seier noko veldig grunnleggjande om tillit og korleis overvaking gjer at denne tilliten blir borte. Eg tenkjer òg på Divergent-serien kor avvikarar blir sett ned på. Kva med dei som er avvikarar i Noreg som kanskje ikkje oppfører seg heitl etter skjemaet? Kan eit overvakingssamfunn gjere det vanskelegare for desse til dømes? Det er ei rekke problemstillingar knytt til dette, og dystopiane set ord på dei. Versågod, Anders Anundsen, les!

Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)

Dette blir del x av “Mai Lene prøver å lese dystopiar”, som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir Basic CMYKmeir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.

Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.

Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den “uskandiske” tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.

Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er “uskandisk” eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.

Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer “Uff og huff, for eit regime”. Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?

Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!