- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Det Norske Samlaget
Oikonomaki, Anne Bergset: Smådjevlane (Det Norske Samlaget 2014)
Det går treigt for tida, men no fekk eg tid til å hive inn eit innlegg. Lokallaget i KrFU som eg er leiar for blir ti år til helga, og det er litt å styre med, og i tillegg har eg vore i debatt med dei andre ungdomspartia, og det tek si tid med opningsinnlegg og øving. Skulepolitikk er ikkje berre berre. Likevel har eg lese litt bøker i april, ei har eg laga bokmelding av allereie, men eg har framleis nokre igjen.
Anne Bergset Oikonomaki hadde eg aldri høyrt om før, men romanen såg spennande ut, og eg bestemte meg for å gjere eit forsøk på ein kriminalroman frå Kreta. Eg er litt småforelska i bøker frå Hellas, men det gir meg ikkje skylappar. Smådjevlane er eit døme på at eg har den kritiske sansen min i orden. Kriminalromanen handlar rett og slett om Elsa og Andreas som begge er på Kreta på same tid. Elsa reiser saman med ei kvinne ho aldri har møtt før same dagen som ho reiste. Andreas er spesialagent for Organization Europe 3, og han reiser til Kreta for å stoppe ei last med kurdiske barn som ein kirurg skal bruke til forsøk. Det viser seg etterkvart at Elsa har fått eit brev av kvinne ho reiser med som kan ha med saka å gjere. Og jippi, der har me ein kriminalroman på grensa til det fantastiske. Eg har aldri sett James Bond, men eg har lese bøker om unge James Bond, og eg ei kjensle av å lese ein slik roman, berre meir amatørmessig.
Forfattaren viser ein enorm vilje til å lage ei spenningsfylt historie med masse action og fleire mysterium. Det ho til slutt sat igjen med var ein roman kor handlinga sto i fokus og karakterane vart vage og eindimensjonale konturar. Eg vil gå så langt som å seie at karakterane ber ei historie. Det er vala deira, personlegdommane deira og handlingane deira som utgjer eit plott. I kriminalromanar er det òg karakterane som utløyser hendingane. Det har skjedd noko kriminelt, altså må det vere ein kriminell bak som enten har vore den direkte eller indirekte årsaka. Handlinga til denne personen gjer romanen til det den er. Dette har Oikonomaki fått med seg, men ho har ikkje fått med seg at det kanskje er eit poeng og la lesaren få eit greit forhold til desse karakterane og lære dei å kjenne. Ho har ikkje fått med seg det viktige ved at karakterane er litt djupe og komplekse. Mystiske karakterar: Ja takk! Likevel kan ikkje alle vere mystiske, og her har forfattaren ikkje hatt nokon intensjon om mystiske karakterar. Ho har rett og slett feila i få lesaren interessert i dei.
Eg liker eigentleg ikkje å vere negativ, men heller ærleg enn uforskamma positiv. Kjære alle saman, om du ikkje liker ei totalt urealistisk og platt handling kor action står i fokus og overskuggar alt anna, ikkje les denne romanen. Action er bra, og eg som liker kriminalromanar tåler sjølvsagt action. Men når action overskuggar alt som heiter djubde i boka, og ikkje minst blir gjort til noko alt for overvilt og irriterande blir det ikkje like bra lenger. Oikonomaki burde ha porsjonert det ut over fleire romanar og lagt inn meir om karakterane og ikkje minst fokusert meir på den delen av handinga som går på tankar, refleksjon og gode tankerekkjer. I politikken er det ofte eit mål at ord blir handling. Her er det omvendt. La handling bli ord og refleksjon!
Av og til klagar eg på lengda på romanane eg les. Denne gongen er det litt det at den er kort. Det er akkurat som om ho har bestemt seg for at romanen skal vere på så mange sider, BASTA! Eg kunne gjerne hatt ein lengre roman kor ho ikkje berre skrapte på overflata, for det er det ho gjer i denne. Det omfattande plottet passar rett og slett ikkje inn om det ikkje skal vere overflatisk. Noko anna eg reagerer på er at boka er litt kjenslelaus. Nynorsk er eit vakkert språk, og det er bokmål òg, men ein må bruke det. Ein kan ikkje berre skrive det, men ein må bruke verknaden det har og velje riktige ord. At kurdiske barn blir kidnappa for å vere ein del av nokre forsøk er jo heilt urespektabelt, om det skjer i ein roman eller i røynda. Likevel kjente eg berre på den kjensla at eg var likegyldig. Det er fælt å seie, men alt var så fjernt at det gjekk ikkje inn på meg. Det var kanskje to kapittel om kurdarane som vart ramma, og to kapittel er ikkje nok til å få eit sterkt forhold til ein familie. Det er akkurat som dei små klyppa midt i Dagsrevyen, når dei berre har ei kort oppsumering av nokre hendinga og du eigentleg sit og ventar på at dei «større» nyheitene skal komme. Akkurat som Dagsrevyen har Oikonomaki valt kva ho skal fokusere og kva lesaren skal bry seg med. Men sjølv om Dagsrevyen berre bruker ti sekund på å seie noko om dei millionane i Syria som svelt, betyr det ikkje at det er rett. Det at Oikonomaki berre bruker to kapittel på å seie litt om kurdarfamilien betyr ikkje at det er riktig, men heller at ho har gjort ei feilvurdering. Eg forstod ikkje at akkurat det var viktig før eg hadde lese boka.
Eg vart skuffa rett og slett. Når du skummar gjennom ei bok utan å oppleve eit klimaks, utan å kjenne at den gir deg litt, utan å like karakterane og i tillegg synes plottet rett og slett berre inneber action og ikkje noko anna, då har du ikkje oppnådd noko optimal leseoppleving.
Romanen er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget
Aarskjold, Solveig: Lesebok for jenter, frå Homer til the Hunger Games (Det Norske Samlaget 2014)
Å du, no gjekk det plutseleg unna her på bloggen. To innlegg på to dagar. Det er uvanleg, men når eg er i blogghumør er det berre å utnytte det!
Boka eg har lese no er ei faktabok kor halvparten er veldig bra. Det høyres ikkje positivt ut for den andre halvparten, men det er det. Den òg var bra, men det er forteljingar, utdrag og noveller som er gjengjevne av Solveig Aarskjold. Den halvparten som er veldig bra, som eg snakka om, er kommentarane ho har skrive til dei ulike historiene. Det er det som er hennar verk
Eg greier ikkje å forklare innhaldet i boka like godt som Det Norske Samlaget, og vel difor å ta med litt av teksten frå baksida av boka:
Målet med Lesebok for jenter er at ungdom og foreldre, elevar og lærarar, skal bli kjende med litteratur der jenter og kvinner jaktar på lukka på lik linje med gutar og menn. Dei leiter etter kjærleik, dei søkjer mot det ukjende, eller mot trygge stillingar i sitt eige samfunn. Somme av dei flyt ovanpå, andre møter utfordringar som krev alt dei har av kraft og vågemot, og endå litt til.
I prosjektet med å få sterke kvinner fram har Aarskjold både teke med personar som verkeleg har levd og kvinner frå fleire kjente romanar. Mange kjenner nok igjen namn som Suzanne Collins, Sigrid Undset og Homer. Dette var nok dei mest kjente namna for meg, før eg starta å lese. Etter eg opna boka har eg òg fått kjennskap til dronning Kristina av Sverige, Perpetua og Anna Komnena. Fleire av historiene er av og med kvinner. Eit fleirtal av forfattarane som er plukka ut er kvinnelege, og det òg fører til å gjere ein meir kjent med kvinnelege forfattarar og ikkje berre kvinnelege karakterar og personar opp igjennom historia.
Aareskjold har vore smart i måten ho har bygga opp romanen på. Det er i kronologisk rekkjefylgje frå romanen som vart gjeven ut først til romanen som vart gjeven ut sist. I tillegg knyttar ho det opp mot fleire historiske periodar, til dømes historia om Perpetua som ho har knytt opp mot romartida.
«Mange jenter skriv dagbok. Det samme gjorde den kristne Perpetua som levde i Kartago, i det noverande Tunisia om lag to hundre år etter vår tidsrekning. Ho har òg det felles med mange jenter i vår tid, til dømes den pakistanske menneskerettsforskjeparen Malala, at ho var i livsfare fordi ho ville ha eit fullverdig liv. På den tida var det dødsstraff for å vere kristen, og i dagboka si fortel Perpetua om kvifor ho ikkje kunne gje opp det ho trudde på: Ho kunne like godt gje opp å vera seg sjølv. Heile Nord-Afrika låg på den tida under Romarriket saman med store delar av Midtausten og Europa.»
Side 29
Ved å knytte det opp mot Romarriket og historia på denne måten, lærer ein ikkje berre om Perpetua og hennar kamp for å verne ein viktig del av identiteten sin, men òg om korleis forholda for kristne var i Romarriket. Som de sikkert òg såg her, knyttar ho historia til Perpetua opp mot kjente historier frå vår tid. Det same gjer ho med dronning Kristna av Sverige når ho knyttar henne opp mot Pippi Langstrømpe, som dei fleste av oss kjenner til. Ein annan genistrek i oppbygginga er å setje små overskrifter over kvart kapittel. Historia om Navsikaa (Odysseen, Homer) har fått Handlekraft, og Anna Komnenas Alexiaden har fått overskrifta Lojalitet. Ved å lese desse overskriftene kan ein lettare hugse kva det handla om. Eg merka etter kvart, då eg måtte byrje å sortere kven som høyrte til kor, at overskriftene var eit viktig hjelpemiddel.
Før kvart utdrag er det ein kommentar og ei lita veiledning av Aarskjold som fortel litt om historia me skal lese, litt om handlinga rundt og knyttar det opp mot historia, slik som de ser ovanfor. Utan desse kommentarane hadde det vore vanskeleg å lese utdraga. Det er ein styrke å vite kva kontekst ein skal setje historia inn i.
Det er vanskeleg å lage den store bokmeldinga om Lesebok for jenter, fordi det er ikkje ein vanleg roman, men heller ein presentasjon av både gløymte, lite framtredande, men samstundes viktige personar og karakterar i historia vår. Eg vart presentert for mykje nytt som eg gjerne vil lese meir om seinare, og fleire av forfattarane gav meg meirsmak.
Boka er lærerik, godt strukturert og på alle måtar opplysande. Eg håpar fleire enn meg vil ha glede av henne!
Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget.
Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)
Tid for andre samlesingsbok, kanskje den eg gleda meg mest til av alle, nemleg Ravatns Fugletribunalet. Den har hausta mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå «mitt» fylke, Rogaland (Riktig nok på «feil» side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.
Hovudpersonen i Fugletribunalet, Allis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.
Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape steminga og handlinga. Det er heller ikkje dei valdsamme sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.
Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Eg veit ikkje kva som har skjedd, men to bøker med fuglar på omslaget og som er melankolske har blitt nominert til bokbloggarprisen dette året. Er melankolske fuglebøker populære? Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kvar det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.
Det mest forfriskande med boka? Det var ikkje krim. No har eg lese krim veke etter veke, og eg les krim og skal lese krim. Difor var det forfriskande med ein roman som dette. Nokre synes kanskje at det verker rart at eg skryt så mykje over ei nynorskbok, og kanskje trur mange det er grunnen til at eg skryt av boka? No har eg prøvd å få folkt til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!
Bok: Evig skal døden vera av Kroken & Kolden
Eg har den siste tida blitt veldig hekta på nynorskkrim, og to av forfattarane som har fenga meg mest er Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Deira kriminalromanar frå Lom er heilt super lesing no på somaren. Viss du ikkje har lese dei før, bør du gjere det no. Evig skal døden vera er den første boka i kriminalserien deira frå Lom. Boka føregår rundt påske (og eg burde kanskje ha lese henne då), noko som er den perfekte tida for krim. Ei kvinne blir funnen drepen på hytta si i Lom, og litt seinare finn dei eit anna offer. Eit veldig godt utgangspunkt for eit bra plott, må eg seie, og forfattarane greier å nesten å gjere det beste ut av det. Slik som i Døden kjem med bussen er talet på gjerningsmenn avgrensa, og i denne boka er det avgrensa til ein skuleklasse, for begge ofra har gått i same klasse, og det ser ut til at det kan vere ein fellesnemnar for drapa.
Politiet i Lom får hjelp frå Kripos, og personen som skal hjelpe er Sylfest Seljestad, som ein seinare får møte i Døden kjem med bussen. Det er òg fleire personar som går igjen i begge bøkene, som til dømes Jørgen. For meg vart det kanskje litt feil å lese den andre boka først, for du forstår litt kven det er som ikkje kan ha gjort det i Evig skal døden vera, viss du les den andre boka først. Det er jo trass i alt ein serie. Likevel øydela det ikkje for mykje. For meg var det nesten umogleg å leggje frå seg denne boka.
Eg syntes kanskje ikkje denne var like god som den Døden kjem med bussen. Evig skal døden vera held deg ikkje så på pinebenken. Det at forfattarane heldt meg veldig på pinebenken og ikkje valte den heilt opplagte løysninga i Døden kjem med bussen gjorde at eg syntes den var skikkeleg god. Det at denne boka manglar akkurat det trekker ned, og det var litt meir opplagt denne gongen. På den andre sida er det færre karakterar i denne boka. Du har betre oversikt som lesar over kven som gjer ditt og kven som gjer datt. Då er det lettare å følgje med i handlinga.
Nynorsk krim slår alltid til hjå meg, og alle fall når forfattarane er så flinke som Ragnhild Kolden og Vigdis Kroken. Noko anna som var morosamt med Døden kjem med bussen, og som mangla her, var at dei hadde ikkje teke seg sjølve med i forteljinga. Eg syntes det var heilt genialt i Døden kjem med bussen, og sakna det i denne, men dette er jo den første boka dei har skrive saman, og til å vere det er ho kjempebra. Eg veit ikkje om de følgte med på Underholdningsavdelingen på NRK på laurdagane i vår. Der hadde dei ein sketsj om eit forfattarpar som var kanonbra. Her er det, og viss de trykker på Forfatterparet Bernt og Berit Jåvik får de sjå ein veldig morosam film.
bok: Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
Hanssens bok er eit godt stykke nynorsk poesi og ein strålande roman. Boka er lettlest, delt inn i korte kapittel og er på mange måtar sjeldan.
Ein kan jo på ein måte seie at alt som er skrive på nynorsk i 2013 er sjeldan vare. Dei andre forlaga skriv at dei gjerne tek i mot bøker på både nynorsk og bokmål, men eg ser fint lite nynorsk litteratur hos dei. Unntaket er Sortlands bøker på Aschehoug, som faktisk er veldig gode. Elles er det for det meste skulebøkene som er skrivne på nynorsk, og utanom det må du til Samlaget. Til gjengjeld gir Samlaget ut veldig gode bøker, spør du meg. Det verkar ikkje som om dei berre tek det dei for, men faktisk gir ut bøker som er gode. Men det var ikkje generelt nynorsk litteratur eg skulle gå inn på i innlegget, det var boka. Innlegget om nynorsk kan de lese her.
Boka, Sofia, var, som eg allereie har skrive, poetisk. Ei norsk kvinne reiser til ein kystby i Hellas for å skrive. Denne norske kvinna veit me ingenting om, og me får heller ikkje vite noko. Det er noko veldig mystisk over henne, for namnet nemnes ikkje ein gong i løpet av boka. Me veit ikkje nøyaktig kor ho kjem frå, kva byen som ho kjem til heiter, kor gammal ho er, familiesituasjonen hennar. Det einaste me veit er at det er ein kvinneleg norsk forfattar. Det var faktisk ikkje før eg var ferdig at eg merka eg ikkje visste særleg mykje om henne. Den me derimot får møte og vite namnet på er Sofia. Sofia er ei døvstum jente på den lokale kafeen som forfattaren har fått for seg at ho skal verne. Men kor langt kan ein gå for å verne ein person? Du kan seie at hovudpersonen går litt for langt.
Boka er på 121 sider, er delt inn i veldig korte kapittel og er lett å kome seg gjennom. Nokre kapittle dekker ikkje ei halv side ein gong.
Til dømes:
Teikninga viser eit fjell i mørker. Fjellet tar nesten all plassen på arket. Under fjellet, litt til høgre, ligg husa. Alle er i mørker. Berre i to av dei lyser det Til høgre er månen.
Fuglen kjem tilbake. Han bruker nebbet heile vegen langs vindauget. Han klorer seg fast sidelengs, og kroppen er nesten vassrett mens han får tak i det han vil ha.
Sofia side 70
Boka er som ei litt lengre novelle. Tidlegare har Hanssen gitt ut to novellesamlingar, og dei må eg få lese, fordi eg trur dei er veldig gode etter å ha lese denne boka. Du må gå inn i boka på ein måte og er ikkje ferdig etter siste side. Noko må tolkast, andre ting kan du berre lese rett ut. Symbolikk, metaforar og samanlikningar. Eg liker det. Likevel må eg seie at det har ikkje det heilt særeige over seg, utanom historia. Me har nok alle lese nynorskbøker som er skrivne i litt same stil og med slike små korte kapittel. Me plar å få vite meir om hovudpersonen, staden og kva som skjer, men likevel er skrivestilen nokså kjent. Plottet er sjeldan, eg har aldri lese det før, og det er handlinga som tel. Ein kan ikkje rakke ned på denne skrivestilen, for den er heilt fantastisk. Og det beste er at nynorsken nesten har monopol på akkurat det. Eg trur ikkje bokmål hadde vore like bra her.
Boka er veldig god avkopling frå annan litteratur. Du trenger ikkje å berekne meir enn nokre få timar, og kankje ikkje fullt det ein gong. Du trenger heller ikkje å setje deg ned med penn og papir for å få ein god oversikt over personane. Det går heilt av seg sjølv. Set deg ned og slapp av med Sofia i somar. Du vil ikkje angre (og gjer du det, er det ikkje mykje tid som har gått med)
Boka er eit leseeksemplar frå Det Norske Samlaget
bok: døden kjem med bussen av Kroken & Kolden (ein litt annleis bokomtale)
Kjære Kroken & Kolden
Dette blir ein annleis bokomtale av krimboka de gav ut no i 2013. Først av alt vil eg seie at eg er imponert! De har greidd å få meg heilt oppslukt av boka. Eg las på toget, hos tannlegen, på togstasjonen, heime og nesten overalt. Det er det lenge sidan eg har gjort.
Plottet dykkar er genialt, og noko ein kvar lesar kan bli fenga av. Ein død person kjem med bussen til Vågå. Han var lys levande då han gjekk på ved Gardemoen flyplass, men nesten framme der han skal vere blir han funnen død i eit bussete. Er det eit drap, eller er det naturleg død? Lom blir gjenstand for fleire drap dei neste dagane, og eit lite bygdesamfunn er ein stad der mange har noko til felles eller kjenner kvarandre. Er mordaren ein kjent person, eller er det nokon som har kome til bygda? Og kva er så motivet. Strukturen i boka er bygga opp frå A til Å. Me byrjar med byrjinga og sluttar med slutten, men likevel ser det ut til at motivet for drapa ligg i fortida.
De har laga ei bok med skiftande synsvinkel. Hovudpersonen kan vel seiast å vere lensmann Sylfest Seljestad, som skal oppklare mysteria. Likevel er det veldig lite av det typisk krim-politiet i boka dykkar. Ja, det er avhøyr av invorlverte, og ja dei prøver å oppklare eit mysterium. Likevel er ikkje møtene med oppsumeringane gjengitte, og mykje av det vanlege frå ei krimbok er utelatt. Det beste av alt er at eg som lesar elskar det, og den måten de har gjort det på, trur eg vil gjere at fleire lesarar liker boka dykkar. Det var noko eg knapt la merke til, sidan resten av historia var så fengande. I tillegg til Sylfest Seljestad har de laga fleire viktige karakterar, som til dømes Tummstokken og Jørgen Vold. Ein følgjer òg fleire personar som kjenner drapsofra eller som finn lika. Ingen av karakterane er veldig sett på spissen.
Settinga rundt historia de har laga liker eg veldig godt. Det plar å vere mykje krim frå Oslo eller austlandet, der det langt i frå er slik at alle kjenner alle. De har bytta heilt om på det og lagt handlinga til Lom i Oppland. Det er kjennskap og vennskap, og alle kjenner alle. I boka står det svart på kvitt at det ikkje er ein klisje ein gong. Det litle samfunnet det foregår i gjer det endå meir interessant. Det er litt Agatha Christie over det. Eit lukka rom, ei mordgåte, eit visst antal personar i rommet. Kven har gjort det? Litt same kjensla får du, når det er i krimgåte i Lom. Det er jo ikkje den største staden på jord.
Det mest geniale alt er at de, som forfattarar på ein sjølvironisk måte har fått dykk sjølv med i boka! Det er det ikkje ofte eg opplever!
Desse Kroken & Kolden-damene var ikkje heilt av same slaget, men han trudde nok kanskje dei dramatiserte litt. Dei ville nå berre melde frå om ting dei hadde sett og høyrt, og det var nå for så vidt interessant nok, men når dei ikkje hadde personr å knyte det til, så… Sylfest tenkte at det var fri diktning – ei overdriving i tråd med ei Kroken & Kolden-historie.
døden kjem med bussen side 186
Noko de kunne gjort litt annleis, var å kutte nokre delar av setningar der de legg til det heilt opplagte, som lesaren allereie har tenkt før de seier det. Det blir litt kjøtt på flesk, men det er ikkje veldig ofte.
Etter å ha lese denne boka skal eg heilt klart lese dei tidlegare romanane dykkar. De har laga ein spennande roman både krimelskarar kan lese og dei som ikkje liker krim fullt så godt.
Mai Lene
bok: den mørke porten av Lars Mæhle
Mai plar å vere ein månad kor eg les masse krim. Eg liker krim veldig godt, men blir av og til litt lei den vanlege krimen. Den mørke porten er ein av dei bøkene som er litt utanom det vanlege. For det første er boka skriven på mitt hovudmål, nynorsk, og det skapar god flyt i språket. For det andre er det ein psykolog som er hovudperson, og det er heller ikkje veldig vanleg. Ina Grieg har blitt spurt om å bistå i ei etterforsking av eit drap som liknar drapet på den tidlegare elskaren hennar, Karsten Scheel. Ho er, som psykolog, ein menneskekjennar, og politiet meiner dei vil få god bruk for det i saka.
Boka byrjar med eit kapittel kor me følgjer drapsofferet opp til staden kor han blir drepen. Mæhle har teke i bruk ei forteljarform kor lesaren veit litt meir enn hovudpersonen, men mykje mindre enn forfattaren.Me kan ha ei aning, men me veit aldri så mykje at det er heilt opplagt alt saman, sjølv om dei som les mykje krim sansynlegvis vil gjennomskode plottet og forstå mykje av det som har foregått. Eg er ein av dei, men eg syntes det var herleg forutsigbart, ikkje keisamt forutsigbart. Det var mange overraskande kapittel og vendingar i boka, så sjølv om nokre vil sjå på det som keisamt forutsigbart, trur eg boka kan falle i smak likevel.
God flyt i språket nemnte eg over her. Sjølvsagt, det er jo nynorsk. Nei då, det er ikkje berre derfor. Flyten i språket er ikkje berre avhengig av målform, men òg skrivestil. Nokre forfattarar bruker korte setningar, nokos om gjer at du ofte stoppar meir opp og det ikkje flyt like lett, sjølv om mange meistrar denne forteljingsforma. Andre bruker lengre setningar og meir komma og mindre linjedeling. Det gjer med ein gong litt meir flyt i språket. Det er få delsetningar som står aleine i Mæhles bok, altså slike som i norsk grammatikk ikkje vil vere komplette setningar, men berre små delar av ei setning. Eg sakna ikkje desse setningane, for eg har eit inntrykk av at alike setningar førekjem oftare i nynorskbøker. Til dømes har Kolden & Kroken i døden kjem med bussen nytta seg av slike setningar, utan at det svekkar boka av den grunn.
Ein annan grunn til å like boka er hovudpersonen. Ina er ein hovudperson som med ein gong kan minne om Malin Fors i Kallentofts krimbøker. Sjølv om Ina ikkje er politi, leitar ho på mange måtar etter det stabile og greier ikkje å slå seg til ro. Ho har to born, men strevar med at ho føler ho ikkje elskar dei slik som ho burde. Ho har òg ein sambuar som er i overmåte snill, noko som både irriterar henne, men gjer henne taksam. Sjølv er ho rotlaus (etter mi meining). Eg får, som lesar, kjensla av at ho leitar litt etter seg sjølve, og ho er ikkje sett på spissen. Ho røyker, bannar, fortel om fleire tidlegare korte forhold og er ein person me kanskje ikkje ville følt sympati med hadde det ikkje vore for at ho var hovudpersonen i boka og me visste grunnen til alt ho gjorde. Ho er òg tøff, noko hobbyen, kickboksing, viser.
Lars Mæhle følger på mange måtar dei tipsa Scarlett Thomas skriv om i si bok monkeys with typewriters. Karakterane i ei bok skal truverdige, og veldig viktig, dei skal ha eit motiv. Ho skriv i boka si at alle, til og med skurken skal ha eit motiv lesaren kan forstå. Til dømes ein skurk som slit veldig, kan ha som mål å bli rik. Motivet til skurken skal vere dette, og lesaren kan på ein måte forstår at ein skurk, som kanskje har ei kone og fem born, og er fattig har lyst til å betre livet sitt. Det ein ikkje forstår er metodane. Dette verkemiddelet har Lars Mæhle brukt i boka. Ein kan så godt forstå motivet, og det reiser ikkje spørsmål om kvifor skurken ville gjere noko, men kvifor den gjorde det på den måten. Eg vil ikkje seie noko meir, men det er sterke tema knytt til motiv i boka.
Alt i alt ein veldig bra krim. For mange kan det vere lett å forstå kven det er, eller kanskje boka rett og slett blir for lite actionfylt for Nesbøs fans, men eg syntes at alt var heilt perfekt. Hadde kanskje sakna ein litt meir actionfylt slutt, for høgdepunktet kom ikkje heilt til slutt, men heller nokre par ti sider før det, men det er ein liten detalj. Avslutninga er til å leve med for meg, men kanskje ikkje forandre som liker krim veldig godt
bok: bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti
Då eg var lita las eg fleire gonger denne boka som heiter bestefar var eit kirsebærtre, og eg har i det siste hatt ei vag kjensle av at eg ikkje forstod alt som stod i ein barneskulealder, trass i at den vart lesen fleire gonger. Derfor tok eg ho fram igjen, og nå har eg kome til den konklusjonen at ein av og til trenger litt forklaring for å forstå alt i barnebøker.
Tonio er ein gut som lever i Italia. Han har fire besteforeldre, slik som barn plar ha. Bestemor Antonietta og bestefar Luigi bur saman saman med hunden deira Floppy, Tonio mor og far i byen og er foreldra til far.
(… )eg såg dei minst fire gonger om dagen.
Klokka åtte om morgonen, når bestefar kom heim frå morgonturen med Floppy:
– No, kva skal vi gjere i dag, unge mann? Skal vi på skulen eller ikkje?
Klokka ni, når bestemor gjekk ut med Floppy for å handle:
– Er du klar for å gå på skulen,veslefar?
Klokka to, når bestefar kom for å gå den andre rusleturen med Floppy:
– Så du er heime att frå skulen! Bra!
Og klokka fem når bestemor gjekk ut med Floppy for å gjere ærend eller besøke ei veninne:
– Hadde du det morosamt på skulen i dag, veslefar?
Dette er skildringa Tonio gir oss av besteforeldra hans i byen. Han har òg to besteforeldre på landet, og dei har eit kirsebærtre dei kallar for Felix. Felix er kalla opp etter mora til Tonio og vart planta den dagen ho blei født. Bestefar Ottaviano ville først kalle treet for Felicia akkurat som mamma, men bestemor Theodolinda meinte at ei tre ikkje kunne heite Felicia, og derfor vart det heitande Felix. Når Tonio er på besøk hjå bestefar og bestemor lærar bestefar Ottaviano han å klatre i det.
Tonio må innrømme for seg sjølve at han er mest glad i besteforeldra på landet, foreldra til mamma. Derfor er det òg hardt når bestemor Theodolinda blir sjuk og døyr. Etter dette blir ikkje ting det same. Bestefar Ottaviano byrjar å oppføre seg rart, og han seier ting som at han har ei torn i hjartet sitt. Tonio får likevel fine stunder med bestefar, som sommaren før han byrjar på skulen. Likevel er det ikkje det same utan bestemor Theodolinda.
Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.
Ein annan viktig karakter i boka, og eg må få lov til å kalle ho det, sjølv om det er ei and, er anda Alfosina. Alfosina var bestemor si, men etter at bestemor døydde har bestefar Ottaviano teke ekstra godt vare på akkurat denne anda. Når bestefar då havnar på sjukehus, er det Tonio som byrjar å ta seg av henne. Samana med naboen til bestefar Ottaviano, Emilio, finn han ein make til Alfonsina, Orestes.
Eit anna dilemma i boka er at kommunen vul ta grønnsakshagen frå bestefar Ottaviano, som berre blir ein av mange sorger for han etter at bestmor Theodolinda døydde. Òg etter bestefars død prøver mamma, pappa go Tonio å kjempe for grønnsakshagen, og når vegarbeidarane òg prøver å felle kirsebærtreet Felix er det duka for konflikar.
Dette var ei av dei beste barnebøkene eg las som liten. Boka er full av konfliktar, men ikkje for mange, og alle konfliktane og problema går hand i hand. Det nynorske språket boka er omsett til gir rom for eit poetisk og vakkert språk som er veldig forståeleg for lesargruppa denne boka er for. Kapitale er ikkje lange, men heller ikkje korte, og boka er på litt under hundre sider, som er ein grei storleik på ei barnebok for aldergruppa seks år pluss. Kan òg pluse på at det ikkje er ei leseløve, noko som gjer at boka på veldig mange måtar skiljer seg ut frå mengda. Vil anbefale foreldre å lese boka med barna for første gong, for forklaringar kan vere greit når det er snakk om død, i tillegg til at dei tar opp spørsmålet med himmelen og om besteforeldra til Tonio er i himmelen eller under jorda. At foreldre les boka med barna kan hjelpe dei til å svare på spørsmål som barnet måtte ha og fremje deira syn på døden. Det kan òg vere vanskeleg til tider for eit barn å forstå handlinga, for ein stad går det ikkje veldig tydeleg fram at handlinga ikkje foregår i kronologisk rekkjefølgje, go denne gongen var første gong eg forstod heile handlinga der.
Bok: Utfor av Sunniva Relling Berg
Om boka:
Det var som om heile havet landa på frontruta. Vindaugsviskarane kvein mot glaset. Dei gjekk raskt, veiva som tynne armar. Mamma stirra ut av vindauget, den stipla lina, det vesle stykket frontlyktene rådde over.
No var vi der Her. Ytsteøya, ytst mot havet. Ei veke att, så byrja eg i niande. I det siste hadde mamma gjenntatt «ny skule, nye moglegheiter» som eit mantra, som om flyttinga ville bli ei løysing.
Saman med foreldra flyttar frå byen til ei lita øy i havgapet, i eit hus for seg sjølv på det høgste punktet på øya.
Ho møter nabogute Jonas, og dei utviklar ein venskap. Men det er noko som ikkje stemmer på den vesle øya. Dei andre ungdommane vil ikkje ha noko med Jonas å gjere, og Lea blir dregen inn i ein konflikt som ho ikkje forstår noko av. Ho må ta eit val. Og ho må finne ut kva det er alle på øya går og teier om.
Mi meining:
Boka var heilt grei etter mi meining. Litt stilleståande kanskje, men for dei som liker bøker som er sånn så er denne veldig bra. Sjølv har eg kome over det stadiet å lese om jenter eller gutar i niande som er forelska eller som kjem opp i ei konflikt. Til vanlig plar det ikkje skje så mykje synes eg. Hadde eg lese denne boka i åttande klasse, hadde eg nok syntes den hadde vore betre, men nå liker eg betre bøker som Bumerang og midt i mellom som handlar om noko meir.
For all del ikkje missforstå meg, sjølv om eg ikkje likte boka var den godt skriven og eit fengande tema. Eg syntes ikkje heilt den hadde noko spenning dei første hundre sidene, men det var likevel mykje som skjedde rundt Lea som var ny på øya. Skal ho velge Mads, Arne og Mia eller skal ho velge Jonas. Og viss ho ikkje er med Mia, skal ho då vere med dei andre jentene i klassen?
Lea er ei jente som før har blitt mobba på skulen. Ho har briller (TØFT! Det har eg òg) og ho les fysikkbøker og er eit mattegeni. Eg syntes ikkje det var kjempekjekt å lese om eit mattegeni sidan eg blei litt lei av nokre av mattestykka, og då ho rettar på læraren i boka, forstår eg ikkje kva ho rettar på han for. I min hjerne var det galne svaret rett, og det at faren då seier at ho måtte rette på læraren som hadde eit SÅ feil svar, fekk meg til å føle meg dum som hadde skrive det same sjølv. Utanom dette var Lea ei veldig okay jente å bli kjent med. Ho er litt einstøing synes eg nok og gjer ikkje all verda for å få nye vener, men det var spennande å følge henne.
Konflikta i boka var jo kvifor dei andre ikkje likte Jonas, men eg syntes ikkje den gjekk så godt fram som den burde, og det var for det meste dei siste femti sidene som hadde mest om dette. Sjølv om Jonas blir plaga gjennom heile boka, synes eg ikkje at det som kom fram på slutten viser så godt igjen.
Samla sett var boka bra. Liker jo at ho er skriven på nynorsk, men det var ikkje heilt boka for meg, men for dei som liker sånne bøker, vil nok denne passe, og ho er bra skriven.
