Férey, Caryl: Mapuche (Aschehoug 2014)

Akkurat son elles i 2014, bar eg via lesestundende mine til kriminalromanar, òg i påsken. Ein av romanane eg las var Mapuche, ei 9788203219252_Fereybok som vart utgjeven på Aschehoug no i 2014. Caryl Férey var eit namn eg ikkje hadde høyrt før ein epost tikka inn i innboksen min og eg fekk romanen tilsendt. Noko av det som kanskje pirra meg mest var staden romanen var lagt til. Eg er svak for romanar som er lagt til litt eksotiske stader, til dømes Hellas, Frankrike eller som no, Argentina. Enten eksotisk eller gjenkjennleg. Det plar likevel ikkje å påverke meiningane mine om boka, men Argentina etter militærdiktaturet utgjer heilt klart ei spennande rame for ei historie som denne.

Ein prostituert trasvertitt vert funnen ved havna i Buenos Aires av Mapuche-indianaren Jana og transvertitten Paula alias Miguel Michellini, dei to som stod han/henne nærast. Det er her historia startar frå eine kanten. Paula saknar veninna si, Luz, og ber Jana hjelpe henne med å finne henne. Det ender i eit skrekkeleg syn nede på havna. På den andre kanten startar historia med ei anna sakna kvinne. Privatdetektiven Rubén Calderon byrjar å sjå på kor Maria Victoria Campallo, dottera til den rike forretningsmannen, Eduardo Campallo. Sakte, men sikkert, blir desse to sakene knytt saman gjennom romanen, og i eit land prega av eit tidlegare militærdiktatur, kan det vere nok av fiendar, mysterier og spenning.

Det er ingen tvil om at boka har eit tydeleg historisk perspektiv, men kanskje likevel litt utydeleg. For dei som aldri har levd på den tida og som ikkje har høyrt om det før, gjekk det litt vel fort i svingane. Difor bestemte eg meg for å gjere litt research via menneskets bestevenn, Google. For det første, eit militærdiktatur er eit styre kor ein eller fleire militære leiarar styrer over eit land, og denne leiinga kalles ofte ein junta eller militærjunta som er eit spansk ord for fellesmøte (Dansk Wikipedia) Undersøkingane mine viser òg kor mykje av boka som ikkje er fiksjon. Karakterane er fiksjon sjølvsagt, men ramene er ikkje det. Mødrene på mai-plassen har eksistert, og akkurat som i romanen jobbar dei med å finne «Argentinas Stjålne Barn». Fleire hundre barn som vart født av fiendane til regimet vart adopterte bort til gjerningspersonane (Amnesty International). Òg dei kjente dødsflygningane er med i romanen. Det er verkeleg interessant å sjå at forfattaren har latt etterdønningane vere scenen kor dramet blir utspelt, og når eg har funne ut alt dette, gjer det romanen endå meir interessant.

 Det som kjem no innheld nok litt spoilarar, men eg misliker sterkt å ikkje kunne lage bokmelding utan å gå innpå litt av romanen, vere litt djupare, og de får halde dykk sjølve ansvarlege om de les resten av innlegget, sjølv om de planlegg å lese boka. Men bla gjerne nedover til slutten til der spoilarane er slutt, om du vil ha meininga mi om romanen.
Férey bruker «Argentinast stjålne barn» til å lage eit mysterium. Det blir raskt oppdaga at nettopp Campallo er eit av dei, og det gjer at dimensjonane vert endå større, men likevel for lesaren veldig nære. No har ein både noko som er vanskeleg privat og som går innpå hovudpersonane, men ein har òg noko som er mykje større enn berre den eine saka. Saman med Jana, som Carlderon etterkvart utviklar eit kjærleiksforhold til, etterforskar detektiven vår kva som eigentleg skjedde den gongen på 70-talet. Kven er eigentleg Maria Victoria, og kva relasjon hadde ho til Luz, eller kanskje endå viktigare til Paula? Jepp, fordi det er ein viktig relasjon der som skal følgje oss gjennom heile romanen. I tillegg er lesaren alltid klar over kven gjerningspersonane er, men kva som skjedde er noko anna. På jakta etter sanninga blir Jana og Rubén fleire gonger henta inn av menn som prøver å drepe dei, kidnappe dei, og ikkje minst etterlet dei seg mange offer. Handlinga er veldig spennande, men det kan likevel bli veldig mykje skyting, action, forfølgjing og litt vel mange offer. Likevel gjer det at lesaren aldri får ei roleg stund, for han tenkjar alltid på «Kor tid kjem dei tilbake?», og det driv handlinga vidare. Kven er først? Kva skjer denne gongen? Avslutninga vart òg litt lang, og den tida dei var fanga kan med fordel kortast ned litt.

Jana Wenchwn har eit etternamn eg ikkje greier å uttale, og ho er av eit folkeslag eg har lite kjennskap til. Mapuche-indianarane har eg sjølvsagt høyrt namnet på før, men eg har aldri møtt ein Mapuche-indianer og aldri fått vite historia. Denne romanen vart mitt første møte, og Jana vart ei god veninne oppe på hytta til onkel og tante i påskeferien. Det vart veskling på å løyse kryssord, svare på quiz og spele Risk, og det å følgje Jana på reisa hennar i Argentina med Rubén. På eine sida var eg ute og gjekk på ski i påskefjellet med familien, og på den andre var eg i eit farleg Argentina og observerte ei fin, litt trist og spennande kjærleikhistorie midt i eit mylder av hendingar. På morgonen, trygt under dyna i køysenga kunne eg vere vitne til at Jana fortalte om då ho kom til Buenos Aires, om då ho saman med Paula leita etter Luz, om då dei fann henne død i havna og om då ho spurte etter hjelp frå ein litt avvisande Rubén. Seint på kvelden med nesten berre stearinlys som hjelpte meg til å lese, var et vitne til då Jana vart kidnappa, utspurt og nesten valdteken, om hennar måte å hevne seg på gjerningsmennene på og om hennar og Rubéns redsle for at den andre var skada, og ikkje minst anstrengelsar for å få sjå den andre ein gong til. Jana Wenchwn er eigentleg kunstnar, ho prostituerte seg for å skaffe penger til å leve i Buenos Aires, og ho har ei historie som kan få einkvar person til å brekke seg. Ho viser alle delar fram til lesaren, og ikkje alt kan ein sympatisere med, og ikkje alt er berre fint, men ein kan like henne.

Møt ein sta og modig detektiv med ei forhistorie frå militærdiktaturet ingen i Noreg kunne ha førestilt seg. Møt eit offer som mista både søster og far i militærdiktatur og ein «fightar» som saman med mødrene på mai-plassen, inkludert si eiga mor Elena, og ein journalist, Carlos, prøver å stille ansvarlege til rette og kjempe for eit demokrati som ikkje er prega av 70- og 80-talet. Rubén Calderon er ein detektiv verdig thriller-sjangeren, men han er likevel ikkje ein helt utan problem. Nettopp militærdiktaturet har sett eit preg på livet hans som er viktig i etterforskinga, men òg noko han helst vil halde skjult. Særleg månadane i fengsel, kor dei brukte dei verste torturmetodane, har sett avtrykk, og det går lang tid før han viser noko til Jana, då gjennom ei bok skrive til litlesøstera.

«Til og med drømmene ble grå, fylt av bilder uten kvinner og kjærlighet som nesten ikke lot seg skille fra virkeligheten, fra slagene, fra feberen, fra skrikene, fra skitten. Hvor lenge hadde vi blitt holdt fra hverandre. Da jeg forlot deg, sjanglet du rundt blant lammene i Orletti-verkstedet, med skrekk i blikket, og prøvde som best du kunne å dekke til den nakne jentekroppen din. Hvor lenge hadde vi vært fra hverandre, lillesøster?»

Side 332

Hendingane som kjem til uttrykk i De triste notatene frå side 331 til 340 er grusamme, og måten dei er skildra på gir ein lyst til å gråte. Om så berre for å få med seg denne historia, les romanen. Om du ikkje vil ha med deg resten av handlinga, les desse ni sidene om du vil vite kva som skjedde i Argentina. For sarte sjeler vil eg ikkje anbefale deg, men det gjer at ein verkeleg kan miste trua på menneska. Rubén var ein av dei som overlevde, og no er han på jakt etter sanninga om Maria Campallo og klar til å kjempe vidare mot det som endå er igjen av militærdiktaturet.

No kan eg glede dykk med å seie at spoilarane er avslutta og de trygt kan lese vidare.

Forfattaren gir eit levande bilete, og skildringane er både poetisk, men òg truverdige. Svart/kvitt-skildingar finst det ikkje. Likevel saknar eg av og til Show – don’t tell, for at romanen ikkje skal drukne i adjektiv. Dialogane er ein styrke ved romanen, fordi dei gjer at handlinga går rett på sak. Noko av det første som skjer er dialogen mellom Paula og Jana om forsvinninga til Luz, og den fører oss rett til kjerna. Slik er det òg med seinare dialogar. Utleggingane om militærdiktaturet kan somme gonger bli litt lange, men likevel vage. Romanen legg opp til at ein veit litt frå før av, og for personar som berre har høyrt om falklandskrigen var det litt vanskeleg å følgje med i svingane. På den andre sida er kanskje personar som berre har høyrt om Falklandskrige, uvitande og burde ha visst det før dei byrja på romanen?

Andre har skildra romanen som eit mesterverk, og den er kåra til «Årets beste krim» av eit bokmagasin. Forfattaren er rosa opp i skyene av aviser og bloggar og magasin og eg veit ikkje kva. Spørsmålet eg spør meg er om romanen vil bli hugsa. Ordet mesterverk assosierer eg med Dickens, Brontë-søstrene, Austen, Ibsen og andre store namn. Desse namna har ikkje blitt gløymt etter 200 år, og ein sit framleis og les romanar av dei. Denne romanen vil truleg ikkje bli lesen om 200 år, men den vil bli hugsa. Dei som plukkar den opp, vil hugse Mapuche, ikkje berre på grunn av karakterar med mørke historier, på grunn av det eksotiske ved Argentina eller den femomenale handlinga, men på grunn av biletet Férey skildrar av den mørke historia til Argentina og Sør-Amerika.

Romanen er eit leseeksemplar frå Ascehoug forlag

Advertisements