bok: saltsøstrene av Tiffany Baker

Kvardagen i Prospect i USA kan vere hard, og i alle fall viss du heiter Gilly til etternamn og driv ein saltfarm. Dette får Claire og Jo erfare i Tiffany Bakers bok saltsøstreneTalk about salt of the earth people! Baker inhabits a world that is at once easy to assimilate into and difficult to get a handle on, skriv Jana Sicilliano i Bookreporter 22. mars 2012. Er eg einig?

Claire og Jo er forskjellige på alle måter. Alt frå utsjånad til personlegdom viser eit søskenpar som ingen skulle trudd var søsken. I den oppdikta i byen Prospect i Cape Cod er mykje av livet til innbyggjarane påverka av saltet og Gilly-familien på salt-marsken. På saltmarsken er det berre kvinnene som har overlevd, aldri mennene eller gutane, og staden er driven av kvinner. Då Jo og Claire var små hende det ei tragisk ulukke med eit familiemedlem som verken Jo eller mora kan gløymme. I nåtida i boka er mora dø og Jo driv saltfarmen aleine etter at Claire har brote opp. 

Ingen menn tårer å kome nær jentene, i den tru at dei er hekser og at det kvilar ei forbanning over alle menn som vil eige saltmarsken. Berre With Turner, byens kjekkas med adeleg opphav og ei bestemt mor prøver seg. Først med Jo, og så med Claire. Med baktankar om å ein dag ta over, gifter With Turner seg med Claire, for så å prøve å overtale eldstesyster Jo til å selje. Men Jo vil ikkje selje, og Clair vil ikkje ha noko med saltfarmen å gjere lenger, og ho veit ikkje kva ektemannen pønskar ut bak ryggen hennar. 

Dee er ei jente som i «nåtida» flyttar til Prospect saman med faren og byrjar å drive kafeen «the Lighthouse» saman med faren Cutt. Faren er streng og dominerande, men Dee jobbar likevel på kafeen hans. Det går ikkje lang tid før ho høyrer historiene som går i Prospect om saltmarsken og søstrene og With. Claire, som kjem innom kafeen nesten kvar dag, fascinerer Dee, og òg ektemannen With er sjarmerande. I den kommande tida går ikkje alt på skinner, verken for Dee, Claire eller Jo. Jo blir truga av banken, Claire har problem i ekteskapet og Dee er Withs elskerinne. Duka for problem? Absolutt! Boka er fortalt i ein autoral synsvinkel frå tredje person. Det er veldig uregelsmessig og ikkje noko system på om det er Dee, Claire eller Jo som fortel, men det øydelegg ikkje veldig mykje, sjølv om det hadde vore interessant og sett korleis boka kunne blitt i ei autoral framstilling frå første person med litt fleire kjensler knytt til hovudpersonena. Forholdet til karakterane hadde då blitt meir personleg. 

Boka var godt fortalt, men kom litt treigt i gang syntes eg. Kunne ta ho opp att etter to månadar(!!) og berre lese vidare etter hundre sider. Ein av grunnane til at dette var enkelt, er at det ikkje er mange avanserte namn og heller ikkje mange karakterar å halde styr på i forhold til i ei vanleg bok. Ein anan grunn var at hanldinga rett og slett stod nesten heilt stille dei første hundre til to hundre sidene, men det vart betre. Likevel, litt meir handling, mindre tørrprat. Det er mi meining. Omslaget på boka er nydeleg. Skrifta, teikninga og alt viser mykje av boka i eit bilete synes eg. Likevel ligg det noko mystisk over det som gjer at ein får lyst til å ta denne boka opp i ein bokhandel. Forfattaren har nytta seg av enkele verkemiddel. Til dømes har ho avslutta eit kapittel med eit ubesvart spørsmål og halar ventetida ut, mens ho skriv i frå ein annan synsvinkel. Trangen lesaren har til å få svar på spørsmålet blir då endå større og ho hindrar at lesaren legg frå seg boka. 

Alt i alt, ei litt treig leseoppleving i byrjinga, men elles veldig god. Likte ikkje heilt at boka var skriven i tredje person, for ho var nokså upersonleg på mange andre måtar og rørte ikkje ved noko i meg som lesar, sjølv om historia er sår på mange andre måtar. 

bok: et sommereventyr av Elin Hilderbrand

Forlaget om boka:

Claire har problemer med å sette sine grenser. Hun har tatt ansvar i hele sitt liv, båret byrder og imøtekommet alle ønsker. I omgivelsenes øyne har hun alt: en kjærlig ektemann, fire nydelige barn – til og med en strålende karriere som glasskunstner. Når hun påtar seg vervet som leder av sommerens store veldedighetsball, vet hun at hun skal klare det. Claire fikser alt.
Men når ballforberedelsene fører henne inn i milliardæren Lock Dixons sfære, slår det uventede gnister. Lock insisterer på et nært samarbeid med Claire – ofte over en flaske vin – og innen kort tid kan hun ikke lenger neglisjere dvelende blikk og ”tilfeldige” berøringer. Til sin overraskelse klarer hun ikke undertrykke følelsene som vekkes i henne, og både ballet og hele livet hennes kommer ut av kontroll.
Et sommereventyr er en modig og åndeløs reise inn til en moderne kvinnes hjerte.

Til vanlig plar eg ikkje lese såkalla guilty pleasures, av den grunn at det for det meste er søppel, kjærleik og tåpelige romansar. Kan vel dessverre ikkje seie at denne boka var mykje betre, bortsett frå at Elin Hilderbrand skriv overraskande bra i periodar.

Claire er ei dame eg hadde beundra, hadde det ikkje vore for at ho faktisk viser sterk mistilit til mannen og hans måte å passe på barna på, at ho ikkje har tru på at han greier det sjølve. Og ho verker så forferdelig «snill pike» i byrjinga. Går ut av bilen for å redde ein stakkar skada fugl. Sjølv ser eg på meg sjølv som ei snill jente, men å gjere som henne, stoppe bilen, hjelpe ein skada fugl på fortauet til å fly igjen, bare for å vere snill, nei. Hjelpe eddarkoppar ut for i standen for å drepe dei, nei, det er ikkje meg, og heller ingen andre normale personar.

Clair har fire barn, JD, Ottillie(?), Shea og Zack. Ho er av yrke glasblåsar, men jobbar i byrjinga av boka som mor på heiltid. Ho skal vere travel og sterk og slite med skylt og alt slags anna. Ho er snill, som de sikkert har forstått, ho har ein kjernekar til mann (etter mi meining) og tar på seg alt for mykje. Ho har ei besteveninne, og svigerinne, Sheoban, som ho fortel alt til. Ho har ein ekskjærast frå ungdomstida som er kjendis. Og ho har Lock som blir hennar elskar i løpet av boka.

Først i boka kjem prologen som eg ikkje forstår kvifor skal vere med. Den forklarar ikkje mykje Daphne Dixon, Locks kone, kjører i fylla, kjører i eit dyr og får varige skader, og heile henne forandrar seg i frå ei flott dame til ei dame med skarp tunge. Sjølv hadde eg føretrukke at ho hadde ei skarp tunge i frå byrjinga av, til fordel for at heile prologen skal gå til noko anna enn det historia er om.

Alle personane i boka er stereotype Clair er den snille, som aldri blir framstilt som nokon dårlig person, trass i at ho ikkje er tru mot mannen sin og stikker av for å ha sex med Lock på kontoret hans. Jason er udyret som er i vegen, som er for flink, for dårlig til å lytte, røykjer, gir feil namn til bilen osv. Han er den spolerer, og han er dum nok til å ikkje forsåt at Clair har eit forhold på si. Lock er den nesten perfekte, utanom dei ti kiloa ekstra, som eigentlig ikkje seier så mykje i denne historia. Sheoban er besteveninna som plutselig ikkje forstår. Okay, ikkje alle er like stereotype. Personlig likte eg best Sheoban, Clairs beste veninne.

Fleire i boka er i mot å ha forhold på si, men for meg verker det som om mange av dei òg kan tilgi seg det, at det er greit. Eg er så til dei grader ueinig. Det er noko av det mest umoralske, uetiske… Nei, eg skal halde opp. Mot min eigen vilje blei eg fenga av boka. Ho var eigentlig ganske godt skriven, bare du gadd å lese lenger enn side femti. Etter alle presentasjonar og alle beskrivingar var det eit bra språk som kom fram, og ting byrja å fortone seg ein smule meir positivt. Eg likte beskrivingane av glaset Clair arbeidde med. Det gidde litt meir perspektiv til boka.

Nokre scenar forstod eg ikkje heilt vitsen med. Dei var ikkje med på å skape den raude tråden gjennom boka, som eg sakna veldig. Sånn som prologen og Clairs ekskjærast på eit rom i Thailand med ei ung jente. Det var visse gonger eg hoppa over fleire setningar, som då det låg ei grundig detaljert liste over ein meny til gallaen. Då hoppa eg over mange setningar. Hadde det vore noko hårreisande med denne lista, noko morosamt, så kanskje, men ikkje når det bare var ordinær mat som stod på.

Likte sommerøya ein god del betre enn et sommereventyr. Sommerøya var betre og hadde fleire interessante personar og ei meir interessant handling. Ei travel mor med eit forhold på si er langt frå like gildt å lese om som fire kvinner aleine på ei øy.

bok: tilbake til Tall Oaks av Kathleen Grissom

Når en hvit slavejente bryter plantasjens uskrevne regler, utløser hun en tragedie som får frem både det beste og det verste i menneskene hun har begynt å kalle sin familie. 

Syv år gamle Lavinia blir foreldreløs under overfarten fra Irland til Amerika. Kapteinen tar henne med hjem til tobakksplantasjen han eier i Tall Oaks i Virginia, der hun skal bo og arbeide sammen med slavene. Lavinia blir tatt vare på av Belle, som er kapteinens uekte datter. Hun knytter sterke bånd til sin nye familie, selv om hun skiller seg ut fra de andre med sin hvite hud.

En dag får Lavinia beskjed om å flytte inn i herskapshuset og bli en del av kapteinens familie. Men bak den fine fasaden er forholdene alt annet enn trivelige, herren i huset er fraværende og hans elskerinne avhengig av opium. Lavinia føler seg fanget mellom to verdener. Den dagen hennes lojalitet settes på prøve og hun tvinges til å velge side, kommer betente hemmeligheter og farlige sannheter frem i lyset – og liv blir satt i fare.

Første gong eg såg denne og las bakpå, tenkte eg at dette var «mi» bok. Litt nøling blei det før eg kjøpte henne, men sist fredag på Jørpeland blei det handling, og på søndag starta lesinga. For det første må eg bare seie at dette var ei bok eg hadde sett skikkelig fram til, og forventningane blei innfridde. Den andre tingen er at bøker i frå slavetida i USA skal definitivt lesast meir.

Lavinia blir foreldrelaus på eit skip, bare sju år gammal, og det er kapteinen som må ta henne med seg heim. Det er Belle i kjøkkenhhuset som får jobben med å ta seg av henne, og Lavinia får kjenne korleis det er å ha ein familie rundt seg. Mamma Mae og Pappa George og deira barn blir Lavinias adoptivfamilie, og saman går dei framida i møte.

Dei neste månadane og åra skjer det store omveltningar, og frykta for å bli drepne er stor. Dei lev i konstant fare, og eit einaste feiltal kan gjere at dei må bøte med livet.

I byrjinga kan den verke litt lite fengande, men det tar seg skikkelig opp, og på eit vist punkt var i alle fall eg tapt, og etter det kunne eg aldri ha avslutta utan å vite korleis det gjekk. Boka er utrulig godt skriven, og ho kan fenge deg meir enn dei fleste andre bøker. Samstundes er det eit veldig lett og forståelig språk, veldig enkelt utan at det blir for enkelt.

Personane var ikkje stereotype. Langt i frå. Dei fleste av dei hadde ei dårlig side og ei god side, og me blei kjent med begge sider, og det er noko av det eg liker best ved bøker, når dei greier å gi eit perspektiv av noko verkeleg, sjølv om det bare er skjønnlieratur.

Å komme inn i eit samfunn som dette, ein stad der tenarar blir behandla som drit og det finnes slavar er midlt sagt sjokkerande. Fleire gonger sat eg med tårer i auga, og eg var òg svært sint nokre gonger, på grunn av den fæle måten dei blei behandla på. Historia om miss Martha og om Marshall er òg veldig interessante og noko av det eg likte best ved boka.

Omslaget på boka var bare NYDELIG, men òg litt truande, for du forstår at her er det noko meir bak enn bare det som er der.

bok: jenta på klippen av Lucinda Riley

Det har blitt litt lite blogging i det siste, og det er bare å beklage at fremtidige favoritter og en smakebit på søndag dessverre ikkje kom denne veka. Og eg har i alle fall gyldig grunn i dag. Eg har vore og sett IK Start vunne 4-0 mot Alta.

Grania Ryan har forlatt samboeren i New York etter at hun mistet sitt ufødte barn. Nå søker hun trøst hos familien hjemme i Irland. En dag hun er ute og går, får hun øye på en liten jente helt ytterst ute på klippen. På det tidspunktet vet hun ikke at Aurora Lisle skal komme til å forandre livet hennes. Det viser seg at familien Ryan og familien Lisle har en lang felles historie, men dramatiske hendelser i fortiden har ført til at det er ondt blod mellom dem. Det er til slutt Aurora og hennes bemerkelsesverdige vesen som sørger for å forene de to familiene. I mellomtiden får vi være med på en spennende reise gjennom historien, der et hittebarn i London spiller en avgjørende rolle. En stor fortelling om sorg og tap, men også om kjærlighet og håp.  Jenta på klippen er en handlingsmettet og gripende «good read» med handling fra England, Irland og New York, og med flere parallelle historier som spenner fra 1914 og fram til i dag.

Lucinda Riley svarte til forventningane, og meir til! Orkideens hemmelighet fenga meg to dagar i februar dette året, og jenta på klippen i to dagar nå i juli. Boka byrjar rett på, noko eg liker. Eller det vil seie, med det som skjer  Irland byrjar ho rett på. Å komme tilbake til 1914 tok litt lenger tid, noko som bare gjorde det spennande og nervepirrande. Riley legg heile tida ut små spor om ting som kjem til å skje, og løyndommar som skal bli avslørte, noko som er eit svært godt verkemiddel.

Det første møtet mellom Aurora og Grania vil eg kalle magisk, og toppen av alt er at det er på aller første sida. Det er aldri feil å starte ei bok med noko magsik som lesaren vil følge vidare. Dette er første gongen Grania møter Aurora, men heldigvis ikkje siste, for Aurora er personen som bærer historia vidare, saman med forfedrane sine. Kathleen Ryan, Grania Ryans mor, ser etter Granias stadige omgang med den litle jenta at det er lurt å fortelje Grania om fortida til familiane til Aurora og Grania.

Det er her alt skyt fart, og det er her du er tapt. Det er i den augeblinken du får vite om fortida at du forstår: «Nå kan eg ikkje slutte å lese!» Det som kjem dei neste hundre sidene gjer heile historia til ei magisk forteljing om kjærleik, familie og ei felles familiehistorie.

Det beste av det beste med Rileys bøker er personane, som er langt i frå stereotype. For til og med dei verste personane er ikkje bare dårlige. Du veit heile historia til kvar person, og sjølv om nokre oppfører seg dårlig, er dei ikkje dårlige tvers i gjennom. Dyktig vil eg seie det er å skape slike personare, men som samstundes nødvendig.

Denne boka var på ein måte veldig lik orkideens hemmelighet på kontekst og handlingsgang. På den andre sida var orkideens hemmelighet veldig ulik. Den var ikkje like verkeleg, men samstundes meir ei bok til å draume seg vekk i. Kvifor ei som er best, er umogleg å seie.

For de som har venta på jenta på klippen, de blir sannsynligvis ikkje skuffa! Omslaget er bare nydelig, og MAGISK som alt anna med boka. Skrivemåten er enkel, men samstundes god og beskrivande. Av og til merka eg  nokre få skrivefeil, men det er tilgivelig av grunnar du kanskje vil forstå når du byrjar boka.

Viss du likte forrige bok av Riley, eller rett og slett bare liker historiske romanar, er dette boka du bør lese! MAGISK!

Mai Lene

bok/biografi: hun ville jo ikke dø – historien om Ragnhild av Siren Henschien

Sommeren 2010 var super. Ragnhild har vært på ferie i Sverige med tante Betty og fått enda en ny venninne. I høstferien skal hun til Tyrkia med bestevenninnen. Nå nærmer det seg slutten av juli, og Ragnhild planlegger sin egen konfirmasjon.To dager etter, lørdag 31. juli, blir hun funnet død på en madrass i en kjellerleilighet. Bare 15 år gamme blir hun et av Norges yngste overdoseofre.«Vi tror vi svever, men du kan se at vi er kjørt», skrev Ragnhild i dagboken sin. I boken «Hun ville jo ikke dø» forteller journalist og seksbarnsmamma Siren Henschien den ærlige historien om hvordan en ung jente mistet seg selv til rus. Og hvordan «det store vi» sviktet da hun trengte oss mest.  

 Denne boka var eg spent på i lang tid, og det var grunn til å grue seg litt, ikkje på grunn av dårlig skriving, men den forferdelige historia om jenta. Då ho døydde var ho bare eit år yngre enn det eg er nå, men hadde ho overlevd hadde ho i dag vore eit år eldre enn meg.

Boka byrjer med å beskrive familiesituasjonen og foreldra til Ragnhild, som møttes under avrusning, og hennar tante Betty, som var ei mektig stemme i rusmiljøet, men seinare blei utdanna barnevernspedagog. Dei fortel om familien på tre som flytta til Bergen, mor og far og Ragnhild. Alt var fint og idyllisk, sjølv om Ragnhild ønska seg småsøsken. Trass i gode veninner, og spesielt besteveninna Maria, ønske ho seg søsken. Ei søster eller ein bror. Og så blei det to på ein gong.

Livet for familien blei hardt og det var då faren reiste mykje fram og tilbake og mora hadde fullt opp med barna at foreldra byrja å ruse seg igjen. Ragnhild vaks opp som vaksen, og hadde eit liv der ho passa på foreldra og deira behov, i tillegg til småsøskna, men ikkje tenkte på kva ho ville. Ho innrømma til og med for dagboka at ho vurderte å ta sjølvmord eller å bli narkoman.

Livet gjekk på feil kurs for Ragnhild og etter mange år med krangling mellom foreldra og eit liv der dei rusa seg kvar helg, blei Ragnhild og småsøskna tatt hand om at barnevernet. Småsøskna i ein ny familie, og Ragnhild på institusjon. Etter det gjekk livet nedover for jenta.

Allereie då eg såg omslaget, fenga boka meg. Det er ei sterk og gripande historie eg aldri har lese maken til. Ragnhild er ei jente det hadde vore morosamt å kjenne, for sjølv om ho rusa seg, er beskrivingane av henne i edru tilstand beskrivingane av ei som kunne vore veninna mi.

Som sagt, ei veldig sterk bok om ei jente eg hadde likt å bli kjent med, for bak rusen og alt det tøffe ser du Ragnhild sånn som ho verkeleg var.

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls

Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!

2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell

Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F’sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

Bok: Orkideens hemmelighet av Lucinda Riley

ET GRIPENDE SLEKTSDRAMA MED HANDLING FRA ENGLAND OG THAILAND

Som barn tilbrakte Julia Forrester mye tid på det gamle godset Wharton Park, der bestefaren hennes var gartner og dyrket vakre orkidder. Når en tragisk ulykke rammer Julias familie, vender hun tilbake til de vakre omgivelsene rundt Wharton Park. Kit Crawford er arving til godset o er i gang med  pusse opp eiendommen. Funnet av en gammel dagbok blir nøkkelen til en kjærlighetshistorie som i sin tid nesten ødela Wharton Park. 

Like før andre verdenskrig bryter ut, bor det unge paret Olivia og Harry Crawford på Wharton Park. Når krigen kommer må Harry forlate familien for å kjempe for landet sitt. Skjebnesvangre hendelser skal komme til å få konsekvenser også for de nesten generasjonene. 

«Dette må jo bli årets slukebok!»

Madelen Smidsrød, bokhandler

Eg kan ikkje anna enn å seie meg einig med Madelén Smidsrød, dette er ei bok som eg brukte to dagar på, og det tatt i betraktning i at det er over 500 sider i boka. Heilt klart ei bok for alle Kate Morton elskarar!! Dette er om engelske gods, blomar, kjærleik og familie. Ei bok som fengar mein enn ein kan ane. Eg var litt nervøs for eg syntes ikkje at baksideteksten var den beste, men det var veldig lett å kome inn i, og boka startar med å fortelje om Julia Forrester og hennar søster Alicia.

Boka held deg lenge på pinebenken, for bakpå hinter den om at det har skjedd noko med Julias familie, men det går lang tid før du får vite KVA som har skjedd, sjølv om boka heile tida nemner det litt i forbifarten.

Kit Crawford er òg ein spennande karakter som hjelper Julia gjennom ein sjukdomsperiode. Sjølv han har ting å halde hemmelig, men likevel veit ein ikkje KVA før lenge etterpå dei hintar frampå om det. Det er bra gjort og eg elsker bøker som kan halde meg på pinebenken, for det er då eg sit klistra.

Julias gamle bestemor, Elsie, forteljer om det som skjedde på Wharton Park under andre verdskrig. Ho har ei avgjerandre rolle i boka og fortel hemmelige historiar som ikkje har sett dagens lys før. Til og med Julia får kjenne på dette og er ein viktig person i historia.

Sagt rett ut: Denne boka elsker eg! Noko av det var litt for oppdikta, ikkje sånt som skjer i dagliglivet, men det er ei bok til å drøyme seg vekk i, og sånne bøker er fine å lese. Ein av grunnane til at denne boka heller ikkje er veldig lik Kate Morton (sjølv om det er mange fellestrekk) er det at Kate Morton fortel i om ein annan oppfatning av verkelegheita, ho har ein meir direkte måte å seie det på og alt er ikkje fryd og gammen. Her er ting meir pynta på og draumeaktig, men alt er ikkje bare bra her heller, men dette er ei meir «alt går bra til slutt boka» enn Kate Mortons bøker.

Likevel er det vanskelig å bedømme kva eg liker best, og dei har heilt klart like sider bøkene til Kate Morton og denne boka, og særllig tilbake til Riverton er lik Lucinda Riley si bok.

Dette er ei bok som bør lesast. Perfekt til feriar og kos og for dei som treng noko som fengar.

Forlag: Cappelen Damm
Sider: 520
Utgitt på norsk: 2011
Originaltittel: Hothouse flower

Knirk har òg laga omtale av denne boka.

Nå er eg klar for å halde fram med å lese krystallslottet og gler meg til å sjå korleis det går vidare.

Bok: sommerøya av Elin Hilderbrand

Birdie Cousins er travelt opptatt med forberedelsene til datteren Chess’ bryllup. Birdie har ord på seg for å være svært grundig og forberedt på absolutt alt, men hun kan ikke forutse den nattlige telefonsamtalen fra datteren der hun forteller at hun har hevet forlovelsen og at bryllupet må avlyses. 
Nesten før støvet har lagt seg kommer enda verre nyheter som sender Chess inn i den dypeste fortvilelse. Birdie mener hun trenger en forandring. Hun kontakter også den yngste datteren Tate og den eksentriske søsteren India, og sammen reiser alle fire til sommerøya Tuckernuck Island utenfor kysten av Nantucket, der familien har tilbrakt sommeren i generasjoner. Ingen telefoner, ingen fjernsynsapparater – et sted uten forstyrrelser der de kan flykte fra vanskelighetene sine.
Men når søstre, døtre, ekskjærester og familiehemmeligheter samles på en øde øy, kan mye skje. Dramatiske sannheter kommer for en dag, og gammel kjærlighet blir som ny. 

Dette er då Cappelen damm sin omtale av boka og viss du vil sjå meir fakta om boka kan du gå her.

Denne boka handla om ei tid så stikk motsatt av årstida nå. Her eg er nå er det snø (og yr) utanfor vindauget, og det å lese ei litt meir sommarlig boka var forfriskande, men eg kjenner at eg saknar skikkelig sørlandssommar.

I denne boka blir me kjent med ein familie, to søskenpar og fleire konfliktar om kjærleik og kjensle av skyld.

Her møter me Birdi Cousins, skilt dame i midten av femtiåra og familens samlepunkt. Ho verkar som ei hønemor som vil passe på at alle har det bra, men likevel er forholdet til dottera Chess ikkje heilt på topp, men i løpet av boka får me oppleve at det betrar seg. Sjølv var ikkje Birdie akkurat favorittpersonen min. Eg synes ikkje det var så kjekt å lese om ei som meiner skilsmisse er vegen til det frie livet, som byrjar å røyke og LIKER det i ein aldar av 57 år og som spør eksmannen om fleire tusen dollar for ei flytande øy i hagedammen sin. (riktig nok i dottera sitt bryllup, men Likevel)

Så er det India, Birdies eksentriske søster, enke og røykar som ein skorstein. India er den som i byrjinga har mset problem med å vere på Tuckernuck utan kontakt med omverda, men etter ei stund finn til og med ho ut at ho kan trenge det. Ho minnes dagane med Bill, den tidligaren mannen, sønene og dei siste dagane på PAFA, eit kunstuniversitet trur eg det var. India var heller ikkje nokon favorittfigur. Eg må seie at ei dame som røyker som ein skorstein, kan drikke elleve glas vin til kvedsmaten, er så eksentrisk som henne og som brukar partydop ikkje er min favorittperson i ei bok.

Tate er ei jente eg liker betre. Trening, livsglad, datageni og guttejente, og etter mi meining, skikkelig stilig., Kvar morgon på Tuckernuck joggar ho ein runde rundt øya, tek fleire sit ups og er livlig og glad, men til og med for henne kan problema kom. Likevel er det ikkje bare andre som har problem å stri med, og Tate har sine eigne.

Chess er i denne boka deprimert etter brotet med kjærasten og tidligare minne og ei kjensle av skyld. Ho er òg ei av dei eg likte, men ho er litt apatisk og ikkje livsglad, litt for mykje missmot.

Nå vil eg ikkje røpe meir, men dette er dei fire i hytta på sommarøya, Tuckernuck, som alle bruker tida på øya til å tenke, gjenoppta kjærleik og bryte nokre reglar om total isolasjon. Til og med Birdie og India, som skal vere familiens forsørgarar og faste haldepunkt på øya, kan slite litt med reglane om «ingen kontakt med omverda.»

Boka var veldig bra skriven, men ein del verka litt rart, ting gjekk av og til litt raskt og kjærleiskforhold blomstra litt for raskt til at eg kunne tru på det, men det var godt å ha ei boka som eg kunne drøyme meg litt vekk i. Det er lenge sidan eg har lese noko anna enn historiske romanar, og det var godt med litt avveksling.

Sjølv om boka ikkje var typisk vinter, fin å lese, og til sommaren, her er boka å lese i sola og på stranda. Elin Hildrebrand har skapa ei fantasiverd og ei sommerøy (Tuckernuck finnes!!) med idyll som det var fint å vere på i nokre dagar.

Bok: hvis jeg blir av Gayle Forman


Mia har mange val. Val som er vanskelige og ikkje fullt så vanskelige. Val som kan forandre heile livet hennar. Alt står ope heilt til den dagen då bilen til familien kolliderer. Nå har ho bare eit val igjen.

Innleiinga var veldig bra. Beskrivingar av personar og stader som liksom passa heilt inn der ho var. Ikkje noko først mamma og så pappa og så litlebror for å ta alle dei også held me fram med resten av personane. Innleiinga fekk deg lyst til å bli kjend med personane vidare. Og i tillegg var den ikkje evig lang før hovuddelen kom og det skjedde alt det som boka gjekk ut i frå.

Hovuddelen starta vel eigentlig der bilen kolliderer. Eg elsker å lese bøker der ting skjer litt i frå byrjinga og ikkje i frå side 100 og utover. Heile hovddelen funka fint med tilbakeblikk på kva som hadde skjedd tidligare i livet samstundes som me var der ho var heile boka. Var ho tilbake i nåtida var me der. Var ho i «fortida» var ho der. Det er bra og kunne presse inn så mykje info om personar, stader osv på litt under 200 sider utan at det blir for mykje.

STORT PLUSS for omslag. Eg elsker det. Det er sånn eg ser for meg hovudpersonen på ein måte og eg synes at det på ein måte beskrivar boka. Teksten på baksida får ein verkeleg lyst til å lese boka.

Litt minus for at det var ei stund eg ikkje hang heilt med og for at den blei litt lang på ein måte. Visse opplysningar kunne eg greidd meg utan og på slutten ville eg liksom kome til avslutninga fordi eg følte eg ikkje trong å vite så mykje meir som hadde skjedd før bilulukka. Då var det mest spennande i nåtida.

Viss du vil ha ein god ungdomsroman vil eg anbefale denne.

Bok: Theodore Boone: advokatspire av John Grisham


Theodore Boone er tretten år, men likevel allereie godt opplært i korleis rettsystemet fungerar. Han er advokat og rådgjevar for sine klassekamemeratar og han har to foreldre som driv advokatfirmaet Boone&Boone.
Akkurat nå i den byen han bur i er det ei stor rettsak som omhandlar eit mord og Peter Duffy er hovudmistenkt for mordet på kvinna. Rettsaka går mot slutten og alt ser ut til å vere greit heilt til ein kammerat i frå skulen dukkar opp hjå Theodore og fortel han om eit ukjent vitne.

Boka var bra og du får god innsikt i det amerikanske rettssytemet. Det er veldig morosamt å følge med på Theo (Theodore) og det han gjer for dei andre på skulen og det er morosamt å høyre på han. Han lyder som ein litt nedete trettenåring spør du meg.

Innleiinga var veldig bra og eg likte måten heile historia starta på. Eit lite besøk hjå advokatane før skulen og skildring av foreldra.

Midtdelen var òg bra, men det var litt lite som skjedde synes eg. Det burde vore litt meir spenning enn bare ein rettsak og eit ukjend vitne. Det er ikkje noko skikkelig spenningspunkt og eg syntes det var litt rart  slutten av midtdelen.

Avslutninga var òg litt kjedelig. Løysninga kom jo for så vidt, men eg likte den ikkje så godt for det om. Det var ei heilt grei bok, men eg har lese mange som er betre enn denne.

Mai Lene


tittel: Theodore Boone: advokatspire
orig.tittel: Theodore Boone: Youn Lawyer
forfattar: John Grisham
utgitt 2011
Forlag: Cappelen Damm
Sidetal: 256
Baksidetekst:
ET PERFEKT DRAP
ET VITNE UTEN ANSIKT
KUN ÈN LOVENS FORKJEMPER VET HELE SANNHETEN.
OG HAN ER BARE TRETTEN ÅR

BLI KJENT MED THEODORE BOONE
DEN STORSELGENDE FORFATTEREN
JOHN GRISHMAM
HAR SKREVET ET SPENNENDE RETTSDRAMA
FOR EN NY GENERASJON LESERE.