- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Cappelen Damm
Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)
Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.
Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).
Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: «Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.» Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese «eitt» kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: «Det var svært» meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.
Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.
Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. «Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,» sa hun. «To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.»
Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. «Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.» Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, «greia» er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir «moralsk» med fokus på dei «riktige» tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.
«Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.»
«Nå, på rommet ditt?» Annagret ble forskrekket.
«Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.»
«Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?»
«Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.»
«Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.»
Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat «gamle nok». Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn «reint». Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.
Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.
Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…
Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.
Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.
I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.
Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:
«Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.»
Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: «Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.» Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:
«(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)»
(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )
Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er «reint», det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.
Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.
Drapsmannen som vart seriemordar – Fossum, Karin: Carmen Zita og døden (Cappelen Damm 2012) og Hanssen, Eystein: De ingen savner (Vigmostad Bjørke 2010)
Meir og meir no enn før går det seriemordarar laust, ikkje i det reelle livet, men i litteraturen. Kriminalromanar er ikkje berre å blande gift i maten eller drukne lenger. Det held ikkje med eitt lik lenger, og metodane blir meir og meir grusomme. Carmen Zita og døden vart gitt ut på Cappelen Damm i 2012. Boka fekk mykje merksemd blant anna på grunn av offeret. Offeret ja, og ikkje offera. Ein gut på litt over eitt år blir funnen drukna, og foreldra er fortvila. Hovudpersonen i Fossums bøker, Konrad Sejer forstår at det er noko rart med dødsfallet, og han prøver å finne motivet bak og kven som eventuelt har drepe den vesle guten. Er det på grunn av det ektra kromosomet at han har blitt drukna kanskje? De ingen savner av Eystein Hanssen var debutboka hans. Den vart rost opp i skyene, men etterkvart som han skreiv fleire bøker vart det sagt om alle at dei var betre enn forgjengaren. Ei jente blir funnen på ein gravplass i Oslo, og saka blir knytt til prostitusjon. Snart blir det funne fleire jenter som som kan knyttast til same gjerningsperson, og medan dette pågår prøver dei å nøste opp eit omfattande miljø som unytter jenter på det grovaste. To forskjellige romanar, men likevel innanfor sjangeren kriminalroman.
Nettopp denne sjangeren har endra seg ein del dei siste åra, for forfattarane legg stadig meir kreativitet inn i å tolke straffelovens § 233. Å «forvolde en andens død» har gått frå å kvele, drukne, stikke, skyte og forgifte til å dra ut augene, partere, kutte over hovudpulsårene, torturere til offeret ikkje er eit menneske lenger og bruke kjemikalier med pH-verdi lik null. Dei blir funne i verst tenkeleg forfatning og er ofte hjelpelause kvinner eller jenter. Dei har blitt dumpa der etter dei vart drepne. Dei er nakne, forslått og ukjente. Eg veit ikkje om de kjenner det igjen, men det gjer eg. Dette sit me i godstolen og les ein laurdags kveld. Trygt og godt i stova med kaffi eller eit glas vin på sida av oss. Det er slik det har blitt, og plutseleg var kidnapping, bankran og stolne gjenstandar keisamt. «Kor er gørra?» liksom.
Noko anna som går igjen er seriemordaren som er sjuk. Han eller ho har eit forskrudd bilete av røynda på alle måtar. Dei er opptekne av det reine og urørte. Dette er kanskje òg ein av grunnane til at dei fleste offer i kriminallitteraturen er vaska med såpe eller kjemikalier. Ikkje bare er dette eit teikn, men dei har hatt ein dårleg oppvekst, skal hemne nokon i familien og dei trur dei er nokon andre enn den dei er. I tillegg heng dei seg opp i noko som dei bruker når dei straffer ofra sine. I Eystein Hanssens tilfelle er det ekspresjonistisk kunst. Kriminologi er sikkert noko de har høyrt om. Eit fag som prøver å finne ut kvifor nokre blir kriminelle. Dei har forskjellige modellar for å forklare dette, og dei kan igjen delast inn i individmodellen og systemmodellen. Den moralsk-juridisk modell er innanfor individmodellen og seier at alle er ansvarlege for sine eigne handlingar. I tillegg har ein sjukdomsmodellen som ser på den kriminelle som sjuk, og den ligg òg under individmodellen. Systemmodellen går ut på at samfunnet rundt er årsaka, men dette er likevel ein modell ein ikkje straffar etter i det norske rettssystemet. (Det kan vere såkalla «formidlende omstendigheter») Uansett, ein seriemordar i litteraturen i dag er ei blanding av alt dette. Samfunnet svikta og såg ikkje guten eller jenta som sleit. Difor utvikla dei seg til sjuke seriemordarar, som likevel har ansvar for sine eigne handlingar.
Eystein Hanssens bok er, som de nok har oppfatta, nokså etter seriemord-oppskrifta. Likevel, er bøkene gode sit ein klistra, og skal ein ha dårleg samvit for det? Kriminallitteraturen er i det heile ein sjanger som tek for seg dei dårlege sidene ved samfunnet. Ordet tilseier det. Kriminallitteraturen viser eit markabert bilete av verda. Det er akkurat som om ein stiller samfunnet framfor ein spegel og spegelbilete er mykje styggare. Realiteten blir ikkje spegla, men likevel blir den det. Menneskehandel og prostitusjon er eit tema mange bruker, og kanskje mest fordi temaet er aktuelt, problematisk og skapar debatt. Så går det frå prostitusjon til fæle og markabre drap. Men så kan ein spørre seg om kvifor kriminallitteraturen er så valdeleg og kvifor alt handlar om seriemord? Sel det betre? Karin Fossums bok vart selt i hopetal utan seriemordar.
Poenget mitt er at god kriminallitteratur trenger ikkje å innehalde ein seriemordar. Det trener ikkje ein gong å innehalde drap eller mord. Nokre forfattarar meistrar seriemordkriminalromanar, medan andre gjer ikkje. Dette er ikkje ei oppfordring om at ein ikkje skal lese kriminallitteratur om seriemord, men meir om å sjå litt lengre. Prøve seg på andre bøker. Det finst så mykje bra litteratur der ute, men så er det seriemordaren som går igjen i dei mest populære, kanskje òg fordi mange populære forfattarar hiv seg på trenden. I forhold til bøkene eg tok med meg her, må eg seie at begge er gode. Eystein Hanssens roman er godt skriven, har god flyt og spenning frå første stund. Det same har Fossums. Begge har interessante hovudpersonar som driv handlinga framover. Ellie spesielt er ein karakter eg gjerne vil sjå meir til.
Bok: I natt er du død av Viveca Sten
Dette året har eg bestemt meg for å gjere noko nytt. Det er ikkje eit veldig vanskeleg mål, men rett og slett noko eg berre må bli betre på. Nemleg prøve å starte med bok ein i kriminalseriar, i staden for midt i. Eg er heilt umogleg på det området. Byrjar med den siste boka, og les så bok nummer fire og så bok nummer tre, og så går det vidare slik. Ingen rekkjefølgje. På grunn av dette prøver eg å lese bøker av kriminalforfattarar som dette året kjem med nye bøker. Første i rekka var I natt er du død av Viveca Sten. Seinare i år kjem neste bok på norsk, I kampens hete.
Viveca Sten er ei av mange krimdronninger frå Sverige. Øvst på boka står det Sveriges nye krimdronning, ein tittel dei fleste krimforfattarar frå Sverige får, om bøkene blir gitt ut i andre land. Det at det ikkje er ei underskrift under, men berre forlaget som har skrive det, gjer meg litt skeptisk til slike titlar. Det er eit godt salstriks, og det trekk lesarar. I tilegg det litle sitatet frå ei bokmelding utanpå. Likevel, grunnen til eg plukka opp boka var for å teste ut forfattaren litt før den nye boka kom. Plottet er ikkje uvanleg for ein kriminalroman, særleg ikkje for ein ny kriminalroman. Hovudpersonane skal, etter det som står bakpå, vere politimann Thomas Andreasson og jurist Nora Linde.
Romanen byrjar med at Marcus Nielsen blir funnen hengt i leiligheita si. Alt tyder på at det er sjølvmord, men som dei fleste som les krim veit, er alle sjølvmord i slike romanar konstruerte. Politimannen Thomas, som skulle vere prega av ei oppleving for seks månadar sidan, kjem tilbake på jobb og arbeider med saka saman med politikvinna Margit. Nok eit tospann i kriminallitteraturen, som etterkvart får fleire mord å etterforske og ei sak som blir knytt til ein milletærleir på Korsö. Handlinga byttar mellom etterforskinga av morda og Nora Lindes tilvere på Sandhamn, ikkje langt frå Korsö. Ho har snart vore separert i eit år og slit med bitre tankar og saknet etter barna når dei er hjå faren sin.
Kriminalromanen er ikkje så heilt dum. Likevel, eg saknar ein del, og eg reagerer på ein del. Eg kan jo nemne først som sist at det er litt irriterande skrivefeil i boka, ikkje berre grammatiske, men òg feil namn av og til og litt omstokking av bokstavar. Dette aleine gjer ikkje at ein kriminalroman blir verre, men det er utvilsamt noko som irriterer ein. Det andre er at intrykket eg fekk av karakterane før eg byrja å lese var feil. Boka skulle vere om politimann Thomas Andreasson som fekk hjelp av juristen Nora Linde, men den hjelpa var ikkje stor, og eg kan ikkje hugse at ho overleverte det ho fekk vite til Thomas. Han fann det ut sjølv. Det er litt av ei hjelp må eg seie. Det andre er at innsatsen hennar ikkje var formidabel. Ingen kunne ha gitt henne ein pokal for den. Ho kunne heller fått pokalen for å sutre mest over ei skilsmisse.
Nei, eg tek ikkje lett på skilsmisser. Tvert i mot. Men at store delar av boka blir brukt på ein karakter som deppar over eks-mannen og er nyforelska, nei, det tek eg heller ikkje lett på. I alle fall når boka kunne ha vore den same utan denne karakteren. Likevel er Viveca Sten litt tilgjeven for å ha putta Nora Linde med i denne romanen, for det verkar som om ho får ei langt meir sentral rolle neste roman, om ikkje baksideteksten er like misvisande då. Teksten bakpå I natt er du død er i alle fall misvisande.
Etterforsker Thomas Andreasson graver seg ned i saken, og blir rask overbevist om at dødsfallet neppe var selvforskyldt. Men er Thomas egentlig klar for et krevende oppdrag? Det er bare seks måneder siden han var døden nær da han gikk gjennom isen utenfor Sandhamn
Lesaren får høyre historia om då han gjekk gjennom isen, men eg kan ikkje seie han var så veldig prega av det. Han fungerte heilt fint. Han sov, gjorde arbeidet sitt, tenkte rasjonelt, og når avslutninga kom var det ikkje noko der som kunne leie tilbake til hendinga som det står om i baksideteksten. Karakterane kjem ikkje lesaren veldig nære innpå. Me får lese om traumatiske opplevingar, men utan å bli rørt.
Boka er ikkje original. Den er keisamt vanleg. Det er ikkje noko fargerikt språk. Det er ikkje noko nytt ved plottet som ingen andre krimforfattarar har tenkt på, og det er heller ikkje noko uvanleg ved karakterane. Språket er bra, men utan det litle ekstra, og som eg nemnte over her, var ikkje alltid rettskrivinga heilt på plass. Romanen er godkjent, men den er milevis frå toppen, og i alle fall milevis frå banebrytande. Det verker som om forfattaren ikkje vil noko anne med kriminalromanen enn å skrive ein kriminalroman.
Bok: Busemannen av Knut Nærum, Elisabeth Botterli, Askild Hagen, Jørgen Mehren og Peder Udnæs
Årets julegåve?
Eg sa eigentleg at Busemannen var ei bok eg skulle lese i byrjinga av 2014, fordi eg har hatt så mange andre bøker å lese. Men så var det no slik at eg fekk ei melding frå biblioteket om at boka eg hadde reservert (Busemannen) var komen og eg kunne hente henne. Eg avgarde til biblioteket for å låne boka, og då eg kom heim måtte eg berre lese første kapittel. Berre for å finne ut korleis det eigentleg var. Jo, så vart første kapittel lese, og så vart andre kapittel lese, og så tredje, og så gjekk det til at boka vart påbyrja og utlesen. Angrar eg på at eg sparte henne? Eg angrar på den måten at eg ikkje vil få denne fantastisk humoristiske leseopplevinga tilbake.
Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar er som kjent ein parodi på Nesbøs bøker om Harry Hole. Willy Wakum er ein alkoholisert, farleg eks-politimann, som Sanna Selbu og Hagbart Lømmer vil hente til Noreg for å oppklare drapet på Nelly Lundin – helst før Kripos gjer det. Det er berre eit problem. Wily Wakum er død. Men det stoppar han ikkje frå å vere med. Sanna reiser til Macao for å finne han.
«Den tidligere potugisiske kolonien, Santa Nome de Deus de Macau, 65 kilometer vest for Hong Kong?» spurte Selbu.
«Nemlig. Du kjenner til øya?»
«Egentlig ikke. Det har dukket opp i TP.»
Og korleis skal ein komme seg til Hong Kong?
«Med fly. Alt annet blir unødvendig tungvindt. For ikke å si tidkrevende.»
«Jeg mener, en slik tjenestereise vil fort koste 300 000-400 000 kroner. Jeg går ut fra at Voldsavsnittet ved Oslo politikammer ikke har et så stort reisebudsjett.»
Han dro fingrene over haka. «Det er riktig. Vi hadde for så vidt et ganske brukbart et, men det var før Willy reiste til Tasjkent for å oppklare et barslagsmål i Stortingsgata.»
Dei som tenkjer at dette var morosamt, har meir å gle seg til, når dei eventuelt opnar denne boka ein dag. Dei som tenkjer at det berre var sånn passe, kan tenkje at det kjem betre tider. Dette var ikkje det beste sitatet eg kunne ha delt, men eg vil ikkje dele noko som er meir morosamt, for då røper eg jo det beste ved boka. Som de kanskje forstår likte eg den. Språket er lett og humoristisk og nesten betre enn Nesbøs språk i Harry Hole-bøkene. Dei bruker litt til no ukjente samanlikningar, men like fult forståeleg, og i alle fall morosamme.
Det eg var mest overraska over, var at eit så absurd, rart plott, som eigentleg berre er ein parodi, kunne vere så spennande. Dei har ikkje berre laga ein god parodi, men òg ein spennande kriminalroman med alt det skal innebere. Noko av vitsen med parodier er jo at dei skal ta det dei parodierer litt på kornet. Trur aldri eg har sett nokon klare det betre. Særleg dei siste femti sidene minna meg veldig om Nesbø og Harry Hole, for det er full forvirring rundt kven som er gjerningsmannen og kven som berre vil øydeleggje. Ein trur ein forstår og så tenkjer ein: «Å, nei, det var ikkje det likevel!» For å bruke litt sterke ord: Det er noko av det verste mest idiotiske med Harry Hole-bøkene. Difor er eg glad for at desse forfattarane òg har plukka opp det og laga ein liknande slutt som i det minste er litt betre, rett og slett fordi her er det innblanda humor.
Eg trur ikkje nokon Harry Hole-fan kan misslike denne, uansett kor trufaste dei er mot Harry Hole. Sjølv Jo Nesbø trur eg vil kunne like denne boka, rett og slett fordi det er ein veldig godmodig parodi. Innimellom kan ein oppdage litt kjente personar og namn frå den norske krimverda. Nelly Lundin til dømes. Eg føler at viss eg skal skrive meir om denne boka no, blir det berre det ein kallar skamros, men det er fordi eg rett og slett ikkje kan finne noko negativt. Det er så utruleg bra utført. I frykt for at alt plutseleg skal dreie seg om kjensler, leseoppleving og skamros skal eg avslutte innlegget no. Eg har berre to ord til å skrive: Les denne!
Bok: «Adams arv» av Astrid Rosenfeld
Året var 2012, datoen 14. september, då Astrid Rosenfelds roman vart utgjeven på Cappelen Damm. Debutromanen Adams Arv skriven av ein tysk forfattar med handling i Tyskland er ein meisterleg og heilt godkjent debutroman. Edward Cohen, oppkalla etter ein karakter i ei Austen-bok, er oppvaksen i ein nokså unormal og absurd familie. Mora fekk han med ein skandinavisk mann som heite enten Søren eller Gøren – ingen veit det heilt sikkert – og som stakk av rett etter Edward vart født. Då hadde Magda Cohen vore desperat lenge etter å få barn. Då ho vart gravid flytta ho inn til foreldra sine, Edwards besteforeldre, Lara og Moses Cohen. Når Edward veks opp, er det stadig snakk om Adam. Han liknar på Adam på mange vis, og bestefaren Moses blir meir og meir fjern ettersom åra går og likskapen kjem meir til syne.
Noko av det viktigaste for Lara Cohen er at Magda skal få seg ein mann, og det er to som er nemnt i forteljinga. Ein slaktar og ein herr professor, som òg er doktor og har eit etternamn med to namn knytt saman med ein bindestrek. Ingen av dei fell i smak hos Magda, og ho fell heller ikkje tydelegvis i smak hos dei. Ho er aleine heilt til Edward blir teke med til Berliner Zoo ein søndag av henne og Lara.
Mange år seinare, etter fleire hendingar som har forandre Edwards liv, finn han ei bok kor det står om den mystiske Adam, som han aldri har visst heilt kven var, utanom at han var broren til Moses og skuffa mora og bestemora. Gjennom desse breva blir me introdusert for nye karakterar, og saman byttar Edward og Adam på å vere hovudkarakterar i ei tredelt bok, som strekk seg heilt frå mellomkrigstida til tida etter den kalde krigen.
Eg fekk først høyre om denne boka gjennom Bjørgs blogg Mellom linjene. Eg vart veldig nysgjerrig på boka og bestemte meg for å leite henne opp og lese henne. Sidan lokalbiblioteket lokalisert under ein kilometer får huset mitt svikta, tok eg turen inn til Sølvberget til Stavanger og plukka med meg to bøker, kor den eine var denne. Det har ikkje gått spesielt fort med lesinga av boka, sjølv om den er på rett over tre hundre sider og ikkje er veldig stor. Det som likevel er spesielt er inndelinga. Ikkje veldig spesielt, men boka er delt inn i tre deler og det er det. Den første delen på rett under hundre sider er den kor Edward fortel om barndommen, ungdomsåra og livet hans fram til han finn boka til Adam. Den andre delen er fortalt frå Adams synsvinkel, og den er på rundt to hundre sider, før boka runder av med Edward igjen på dei siste sidene. Det er den einaste inndelinga som er, utanom markerte avsnitt. Boka er ikkje delt inn i kapittel, slik som mange andre.
Alt er fortalt i første person og andre person. Det vil seie at både Adam og Edward fortel alt frå sin synsvinkel til ein annan. I Adams tilfelle er det til Anna og i Edwards tilfelle er det til Amy. Begge ser tilbake på det som har skjedd og skriv det ned til kvar sin person, som ein òg blir kjende med i løpet av romanen. Forfattaren har meistra desse synsvinklane veldig godt. Med gode og morosamme skildringar, og eit lett språk, blir alle nødvendige hendingar med. I Edwards tilfelle har ho òg vore medviten på at ho skriv tankane til eit barnesinn. Trass i det lette språket, dei morosamme formuleringane og den absurde røynda, får lesaren sjå det såre bakom orda og den forsvarslause guten som slit med å finne seg sjølv.
Eg greier ikkje å setje ord på skrivestilen ho bruker i boka. Den er ikkje tung, og ein må absolutt ikkje fram med framandordboka for å forstå. Ein ting er at sidene ved alle karakterar er sterkt overdrivne. Drikk ein person alkohol, drikk han eller ho – i dette tilfellet nokre damer – veldig mykje alkohol. Har ein karakter ein lang tittel, då er det dette som dominerer denne karakteren. Det kan høyrast veldig stereotypisk ut, men dei andre sidene av karakterane er ikkje borte. Dei òg er med og kjem fram når hovudkarakterane trenger det som mest.
Det er så mykje å seie om denne boka, og eg kan ikkje få med meg alt, utanom at den er god, fornøyeleg og trist. Den finn stad både i Berlin, Kressendorf, Krakow, Warszava og Vest-Tyskland. Den er ikkje favorittboka mi, for det er noko som manglar til at den når heilt opp, noko eg ikkje kan setje fingaren på. Eg trur det har noko med at dei verste sidene ved krigen blir veldig skjulte. Dei er med, men det blir teke litt lett på, utanom at eg av og til fekk flashbacks til konsentrasjonsleirane eg var i på skuleturen. Det var sterkt, sjølv om boka ikkje fann stad der. Likevel, det er noko med boka som gjer at den ikkje når heilt til toppen.
Bok: Utrygg havn av Tana French
VG gav ein femmar på terningen, og eg kan ikkje anna enn åt tru at den terningen har blitt trilla feil. Utrygg havn (Originaltittel: Broken Harbour) skulle vere ein spennande kriminalroman rost opp i skyene av alle og einkvar, og for all del, det var ein kriminalroman, men det var ein dryg kriminalroman som kunne vore langt meir spennande om French hadde kutta ned på eit par hundre sider, lagt til fleire mistenkte og ikkje hatt endelause monlogar og dialogar.
Ein familie på fire blir funne knvistukne i eit nesten aude nabolag, og berre mora er endå i live, hardt skada. Mick Kennedy får oppgåva om å løyse krimgåta saman med assistenten Richie Curran. Først kan det sjå ut til at heile saka er slik som alle andre familietragedier: Familiefaren har myrda resten av familien og til slutt seg sjølv, men så kjem det prov som peiker i ein annan retning.
Typisk kriminalroman, typisk plott, typisk bok som krimelskarar ville synes høyrtes interessant ut. No er det ein gong slik, at det finst dårlege kriminalforfattar der ute. Eg var inne og snakka med Astrid Terese på biblioteket, medan eg endå helt på med boka, og ho fortalte om eit litt kjipt møte med forfattaren gjennom ei lydbok. Eg tenkte at den gode byrjinga som boka hadde – og sjølvsagt dei par hundre sidene eg hadde lese til då – tyda på noko heilt anna enn dårleg litteratur, og eg tenkte med meg at alle forfattarar har kanskje nokre bøker som ikkje er veldig gode, og det er litt «smak og behag». Problemet var at då eg kom lenger ut i boka, var den langt frå god lenger. Den vart langdryg, heile plottet vart øydelagt og det var ikkje spennande lenger. Boka hadde verkeleg ei god byrjing. For det første vart eg veldig glad, då eg såg at boka er fortalt i første person, og i tillegg vart boka opna med tankar og refleksjonar frå ein etterforksar eg tenkte at eg kom til å like. Eg trur eg hadde tenkt akkurat det same om igjen. Hovudkarakteren er ein karakter eg kunne ha laga sjølv: Kynisk og praktisk anlagt. Mick Kennedy vil alltid velje den lettaste løysninga, og rår makkaren sin Richie Curran til å gjere det same. Kva er den enklaste forklaringa?
Boka utviklar seg på ein heller negativ måte. Det blir færre tankar og refleksjon og mest synsing, dialog og monolog. Eg trur eg vil påstå at vel hundre til to hundre sider av boka går med på å diskutere om det var noko dyr i huset til familien som vart myrda, om mannen vart gal på grunn av dyret, om kvifor ingen andre høyrte dyret og kva dyret var. Det kunne likså godt vore ei bok om eit monster under senga!
Vår alles kjære Agatha Christie skreiv kiminalromanar kor det berre var eit visst antal mistenkte, fordi det skjedde på eit avgrensa område, avgrensa tid eller det er få som har hatt moglegheit. Akkurat som Chrstie har French avgrensa det veldig, men i motsetning til Christie får det ikkje denne effekten. Snarare tvert i mot blir det kjedeleg av at det er så få mistenkte, og utanom familien er det berre nokre få andre som blir avhøyrt. Den første arresterte personen blir avhøyrt i det uendelege, og det er ektremt keisamt med spørsmål om det var denne personen eller den andre personen.
Oppi alt dette kjem òg Kennedys familiære problem inn, og dei er skildra veldig bra, og eg skulle ønske at French hadde prøvd seg på ein annan sjanger. Søstera slit veldig psykisk og meistrar ikkje livet, og Kennedy går stadig tilbake til minner frå sommrane på feriestaden Broken Harbour, som òg er der offerfamilien bur.
Eg vart òg skuffa over alt det hovudpersonen føretok seg etter som sidene vart lesne. Eg liker veldig lite å bli så irritert på hovudpersonen som eg vart no. Eg vart oppgitt over forfattaren som kunne lage ein slik hovudperson. Det er heilt fint å vere litt kritisk til korleis hovudpersonen oppfører seg, ueinig med dei i religiøse eller fundamentale spørsmål, men det å ikkje like utviklinga til karakteren og etterkvart at karakteren, som du eigentleg likte, ikkje oppfyller forventningane og absolutt ikkje forlbir den same, det var negativt.
Språkleg sett var boka bra, og utgangspunktet for plottet var veldig ordinært, men spennande og noko som abslutt kunne blitt bra hadde French meistra sjangeren. Ho beherskar språket, og ho kan det med skjønnlitterære verkemiddel, men likevel sviktar ho heilt totalt, når det gjelder sjanger og det å utvikle plottet til å bli spennande. Noko eg ikkje forstår, når det gjelder forlaget, er at dei har skrive feil fornamn på nettsida. Det kan hende hovudkarakteren heitte noko anna først, men då eg skulle sjekke at eg hugsa riktig, var det eit heilt ukjend namn på nettsidene til Cappelen Damm.
Alt i alt, ikkje les boka, og til slutt, mitt eksemplar er lånt på skulebiblioteket.
Bok: Charliblogg av Eldrid Johansen
Dei siste veken har det vore mange debattar rundt bokbloggin, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.
Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er «stå-framfor-klassen-og-presenter-deg.»
Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (…) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er detsom kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (…) Jeg mumler «hallå» og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare «hei»?
– Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn.
– Ja begynner jeg. Stemmer min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. – Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan…
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. – Eh…
– Vi kommer også fra Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene.
Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker – og filmar – og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette veltar heile inntrykket deira av henne og hennar intrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestening og mobbing, og slik held det fram resten av boka òg. Boka er velskriven, og eg trur ho vil nå ut til mange ungdommar, særleg jenter, som har blitt mobba, baksnakka eller har dårleg sjølvtilit. Sjølvsagt til dei som ikkje har slike problem òg, men det er i alle fall ei viktig målgruppe som kan kjenne seg igjen i boka.
Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda.
Hva er det med folk (les: J) som virker så overlegne og selvsikre at alle tror de er penere enn det de er? De (les: J) kan se så random ut som bare det, men fordi de (les forstsatt: J) har masse cash som de kjøper venner med, og folk som dilter etter seg, ser alle på dem ikke bare som en leder, men som en smellvakker leder. Dette er egentlig ren hjernevask, men jeg vet at det er no som skjer overalt.
J, som Charlotte skriv om i dette blogginnlegget, er Josefine, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verker veldig stereotyp. Gjennom heile boka er Josefine den same, utan å vise svake tegn, noko eg synes er urealistisk, og i tillegg veldig lite spennande. Det å gjere henne litt mindre stereotyp, og gi henne nokre sider som gjer at lesaren synes synd på henne eller kan sjå litt meir positivt på henne, kunne ha trekt opp boka.
Endelig er jeg framme, setter meg på den ledige stolen og sender et lite smil mot nabopulten. Idet jeg trekker stolen inntil pulten, skyver Josefine sin pult et par centimeter vekk fra min, snur seg demonstrativt vekk og fester blikket på noe tilsynelatende veldig interessant utenfor vinduet.
Første skuledag i ny klasse, og me aner allereie kva type Josefine er, og betre er ikkje mora – inspetøren – som òg er ein stereotypi.
Inspektøren snur seg med det samme jeg setter foten på det nederste trappetrinnet. Hun stirrer olmt mot meg. Snurper munnen sammen som om hun har tenkt å spytte. Jeg gjør meg så liten jeg klarer. Presser meg mellom de voksne mens jeg mumler:
– Unnskyld.
– Unnskyld ha. Det bør du virkelig si, tordner inspektøren. – Komme her og skvise ut Josefine.
– Hva? Jeg stopper opp og snur meg med en hånd på dørhåntaket.
– Ikke nok med at du tok rollen hennes. Inspektøren peker mot Kari som sakte kommer mot oss. – Nå er du jammen i gang med å stjele bestevennene hennes også!
Kva mor oppfører seg slik? Kva inspektør oppfører seg slik? Det er veldig sjeldan, eller aldri, at slikt skjer «in real life», og difor synes eg at Johansen har laga for mange stereotypiar i boka om Charlotte. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett. Slik sett er det ei bok eg trur norsklærarar kunne ha brukt i klassa, for så å diskutere bodskap, karakterar og handling etterpå. Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Heilt ærleg likte eg ikkje henne veldig godt, sjølv om me fåt vite om dei negative og positive sidene hennar. Eg òg ville nok ha tenkt at ho var ei typisk byjente hadde eg møtt henne, og hadde me blitt kjent er det tvilsamt at me hadde vore nære vener. Likevel unnskylder ikkje det dei andre karakterane i denne boka, men det at Charlotte både er eit mobbeoffter og ein mobbar – over nettet – gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore.
Bok: Barsakh av Simon Stranger

byrje på
Eg byrja innlegget med å skrive om mitt venskap med boka og Strangers skrivstil, og det er nettopp venskap boka er om. Det er om eit uvanleg venskap i ein situasjon mange ikkje ville vore i. For kva gjer du viss ein båt flyktningar kjem til synes medan du er i Syden på Gran Canaria? Kva gjer du med ein gut som har flykta frå heimlandet sitt, for å få det betre i eit anna land? Kva gjer du, viss det nesten er ulovleg å hjelpe menneske som han? Emilie i boka kjem oppi ein slik situasjon, når ho møter Samuel, som har kome med båt frå Afrika, for å få ei betre framtid. Sjølv sliter Emilie med «spiseforstyrrelse» (Kva er det på nynorsk? Skriv det på bokmål eg, sjølv om det nesten gjer vondt i hjarta!) og vil ikkje ete skikkeleg.
Ungdommar i dag trenger bøker som fortel om slikt som dette. Om ungdommar i dag er sjølvopptekne eller ikkje, kven veit? Vil berre seie at me er forskjellige, men eg trur denne boka vil appellere mest til dei som liker å «bry seg» om litt større spørsmål enn billig sprit. Kanskje ei bok for alle som er med i eit ungdomsparti eller aktiv i ein annan organisasjon som har noko med dette å gjere? Stranger bruker eit språk som ungdommar vil like, utan at han prøver å nytte ungdomsspråk likevel. Det er få ord som brukes i daglegtale av ungdommar, men språket er langt frå tungt og vanskeleg. Det er målretta mot aldersgruppa. På den andre sida kan alle lese denne boka. Det er ei bok eg trur mange vaksne òg gjerne ville ha syntes var interessant. Stranger har brukt kjelder, og dei to avsnitta i slutten av boka syntes eg var flotte. Der skreiv han kor mange flytkningar som reiser frå Afrika i båt i året, og kor mange ungdommar i Noreg som slit med «spiseforstyrrelsar.» Ikkje berre har han laga ei underhaldane og spennande bok, men òg ei bok med eit anna fokus enn mange andre ungdomsromanar.
Boka er ikkje på mange sidene, noko mange ungdommar vil glede seg over. Det er akkurat som om talet 150 får dei til å miste pusten og nesten få hjarteinfart. Kanskje til og med talet hundre, for dei som synes det er heilt uoverkommeleg. Ja, eg har respekt for dei der ute med skrive- og lesevanskar og dysleksi, men dei som ikkje har det kan mange gonger få ei betre innstilling spør du meg. Det er alt for mange ungdommar der ute som burer seg inne framfor TVen og trur at TV-seriar, med tonnevis med klisjéar, er meir underhaldande enn bøker som dette. Dessverre. For dette er ei bok eg ville ha gitt alle ungdommar. Hadde eg vore bibliotekar på eit skulebibliotek hadde eg anbefalt lærarar å lese boka høgt i samfunnsfagen, under temaet migrasjon i tiande klasse. Utdrag frå boka på tentamenar kunne òg vore noko, viss ungdommar skulle ha skrive ein tekst ut frå eit utdrag. Mange utdrag plar desseverre å vere så som så.
Jaja, no er eg verken lærar eller bibliotekar, men det er ei bok ungdommar bør få med seg og som er aktuell. Eg kan ikkje greie å slutte å tenkje på at kanskje akkurat no er det nokon som sit i ein båt mellom Afrika og Europa, for å få eit betre liv, men så berre blir sendt rett tilbake, og kanskje til og med behandla på ein respektlaus måte! Eg greier ikkje å slutte å tenkje på at det er ei skeiv fordeling mellom landa, når ein ser forskjellane mellom Emilie og Samuel. Den eine kan ikkje få i seg nok mat, medan den andre ikkje vil ha mat i det heile. I tillegg gav boka meg inspirasjon. Eg kom til å tenkje på at det er nokon der ute som ikkje vil utrydde fattigdom. Og det er dei som driv med menneskehandel. Dei tener på at fattige vil bort frå der dei bur, for å få eit betre liv. Dei veit om Pull and Push. Dra og skyv. Det er noko på staden der dei vil som dreg dei dit, og noko der dei bur som skyv dei ein annan stad. Arbeidsløyse kan vere ein Push-faktor, og stort behov for fleire arbeidarar ein Pull-faktor. Menneskehandlarar veit dette, og tener dermed på å få dei over til staden der dei vil. Ved å kjempe mot fattigdom og få eit betre system i u-landa, kjemper ein òg mot menneskehandel! (Mine tankar etter å ha lese boka) Det er ei bok eg heilt klart vil anbefale vidare, og som inspirerer og sett tankane i sving!
bok: fortellingen i fiolinen av Natasha Solomons
Dette er ei bok dei fleste andre bokbloggarar har lese for lengst, og så kjem eg her halsande etter og skriv ein otmale av akkurat den same boka. Sikkert mykje av det same, men eg hadde håpt på å komme med noko nytt, og det ser dessverre ut til at eg ikkje likte boka like godt som alle andre, men kvar sin smak, seier no eg. Det kan vere det blir nokre spoilarar undervegs, så dei som har tenkt å lese boka, men ikkje har fått gjort det endå, bør halde seg unna, viss dei ikkje vil få avslørt dei få overraskingane som boka har å by på.
Elise er ei austerrisk eller «wiensk», (går det an å seie det??) som høyrer til overklassen i Wien, men når krigen nærmar seg (1938) og jødane ikkje lenger er velkomne i Austerrike, må familien flytte. Mora, Anna, er sangerinne, og faren, Julian, er forfattar. Søstera til Elise, Margot, har arva mora sitt musikktalent, mens Elise blir nødt til å sjå på seg sjølve som lite kunstnerisk i forhold til resten av familien. Før krigen må ho flytte til Tyneford gods i England, for å tenestegjere der. Resten av familien skal til USA, mens ho skal til England for å vente på visum til USA. Med mora sine perler under blusen serverer ho godseigaren herr Rivers. Herr Rivers» son er òg til stades på godset om sommarane. Kit er den karakteren i boka som gjer at hovudpersonens hjarte bankar hardt og som gjer livet hennar perfekt på Tyneford gods.
(ops, spoilaravsnitt!)
Noko som er veldig gjennomgåande i boka er det klisjefylte og det forutsigbare. Det står at det er i bok for dei som liker Kate Mortons bøker, men Morton skriv på eit høgare nivå enn Solomons. Mens Mortons skildringar får fram kjensler og tårer, er språket i fortellingen i fiolinen platt og kjenslelaust i forhold. Heile plottet er forutsigbart, trass i at forfattaren prøver å gjere oss nysgjerrige ved å røpe litt etterkvart. Boka følgjer den gamle modellen til ein historisk roman. Elise flyttar til England – sjarmerer Kit Rivers – blir foreksla i Kit Rivers – erklærer sin kjærleik til Kit Rivers – skal gifte seg med Kit Rivers – Kit reiser ut i krigen som alle andre engelske – Kit kjem tilbake skada – Kit bryr seg meir om krigen enn om henne og reiser ut igjen og døyr – heile godset forfaller etter at Kit døyr – Elise blir på godset og ser at det forfaller – Elise finn ein ny kjærleik – Elise blir gammal! Det er så forutsigbart at eg kan ikkje forstå at eg vart så fenga. Eg gråt ein gong i boka, men eg trur ikkje det var den staden forfattaren ville eg skulle gråte i det heile teke. Det var nok litt feil tidspunkt!
(oooops… spoilaravsnitt igjen…)
Boka kunne fenge. Den kunne halde på merksemda di i fleire dagar, men likevel, det var langt frå toppnivå. Det er ei såkalla happy-tears-bok, og nokre av dei er gode, mens andre er ikkje. Denne var midt i mellom, for eg greidde i det minste å lese ho ferdig, i motsetning til så lenge det er stjerner på himmelen. Likevel, språket framkalla ikkje kjensler. Boka skulle kanskje vere om lidingane nokre opplevde under krigen, men eg følte meir det handla om Elise. Dei lidingane dei opplevde var så totalt tømt for kjensler at eg heller kunne lese ein dokumentar. Kit var ein karakter eg ikkje likte. Han var ein typisk historisk-roman-karakter som gjer alt for å få den han elskar trass i kva klasse det ser ut til at ho høyrer til eller kor fattig ho er. For meg verka han oppblåst, jålete og litt for glad i «det gode liv» med ein sigarettpakke i den handa og vinflaska i den andre, slik som Elise i delar av boka.
Eg prøver å komme med nokre positive tankar rundt boka, som til dømes at plottet har eit potensial. Viss forfattaren hadde lagt kreftene sine i å lage plottet meir uforutsigbart og meir originalt, i staden for å fylle opp femti sider med berre fyll. Ho kunne lagt kreftene sine i å oppfylle potensiale ho eigentleg har. Eg trur ho har litt meir fantasi, noko dei første femti sidene vitnar om, der det kjem morosamme referansar og språket er meir levande enn seinare i boka, når det blir meir platt, kjedeleg og er blotta for dei morosamme referansane og titlane på kapitla.
(spoilar)
Dessverre trekk boka ned på det forutsigbare (som eg har nemnt tusen gonger) og boka døydde for meg då Kit døydde. Då var det som om all piffen var borte. Og avslutninga, nei, det gjekk ikkje an å få noko fornuftig ut av den. Dessverre øydelegger forfattaren noko som kunne vore eit potensielt veldig godt plott med klisjear og platt språk og eit plott som alle kunne ha gjetta seg til ved å lese baksideteksten.
MEN
nydeleg omslag. Mystisk og spennande, og den fine drakta som dama (sikkert Elise) har på seg, ville eg ha elska!!