Bokbloggarprisen – kortlista frå måndag

For litt over to veker sidan, måndag 13. januar, kunne komiteen bak bokbloggarprisen endeleg lette litt på sløret og seie kva bøker som var med på langlista. Eg bestemte meg då for at eg ikkje blogga om langlista, sidan det skulle komme ei kortliste seinare. Seinare – det var måndag 27. januar, og kortlista er no publisert. Det er tre bøker som har hamna på lista «Årets roman» og tre på lista «Åpen klasse». (Om du ikkje har høyrt om bokbloggarprisen kan du lese meir her). Eg må jo seie at lista innheldt få overraskingar. Det er andre som har kommentert det same. To av tre bøker under «Årets roman» har vore på dei fleste bestseljarlister og topp 10-lister i 2013, og dei fleste kjenner bøkene frå før av. Under «Åpen klasse» er det kanskje litt meir spennande. Ei diktsamling, ei barnebok og ei fantasy-bok for ungdom. Det beste med kortlista, er jo at eg ikkje har lese nokre av dei før. Eg har mykje å glede meg til.

ut9y1cjosl9w6nnonfhu

Men her er bøkene på kortlista:

Årets roman:

  • Jacobsen, Roy: De usynlige
  • Ravatn, Agnes: Fugletribunalet
  • Wassmo, Herbjørg:  Disse øyeblikk

Åpen klasse

  • Aisato, Lisa: Fugl
  • Lillegraven, Ruth: Urd
  • Pettersen, Siri: Odinsbarn

På våren dette året gjekk eg ut på bloggen min og sa at det hadde vore gøy om ei bok på nynorsk vart nominert og kom påkortlista, og jammen kom det ikkje med ei nynorskbok òg. Eg følte eg følgte opp målet mitt om å lese bøker på nynorsk dette året, og eg kan seie at fem av elleve bøker eg las i samband med prisen var på nynorsk. Eg synes ikkje det var så utruleg gale. Det som er verre er eigentleg at eg ikkje følte eg ikkje kunne nominere dei, rett og slett for eg ikkje følte dei var «prismateriale». Og det verste er at den nynorsboka som kom høgt opp, har eg endå ikkje fått somla meg til å lese, men det skal bli. Det kjem. Eg har høyrt mykje bra om Agnes Ravatn si bok, og no nyleg skreiv NRK ein artikkel kor dei hevda at ho er ein forfattar som får folk til å lese nynorsk. Det gler meg at ein nynorskforfattar får så mykje skryt. Ho er ikkje berre nominert til bokbloggarprisen, men òg til P2-lytterenes romanpris. No gjenstår det berre å sjå om eg er einig i alt skryten ho har fått. Det er jo ikkje sikkert. Kan vere den ikkje fell i smak i det heile.

Dei to andre bøkene var meir skuffande. Eg hadde kanskje venta meg noko meir annleis. Fugletribunalet braut litt den trenden at det er sjeldan nynorsk-bøker kjem så høgt opp. Den har ikkje vore på topp 10-listene på bokhandlane. Det er rett og slett ei bok bokbloggarar og kritikarar har teke godt i mot. De usynlige var ei bok alle snakka om før den var utgjeven. Den var ein hit allereie då. Alle gleda seg til Roy Jackobsens bok. Eg hugsar folk spurte etter boka lenge før ho kom ut. Stod bak disken og sa: «Nei, dessverre ikkje endå», og folk vart utruleg skuffa. Det var verkeleg ei etterlengta bok. Akkurat slik som Fugletribunalet av Agnes Ravatn er denne òg nominert til P2-lytternes pris. Herbjørg Wassmo er heller ikkje ein heilt ukjent forfattar. Eg hadde kanskje trudd me skulle bryte trenden litt meir enn me gjorde, men så kan ein ikkje bestemme over andre sin smak. Ein kan ikkje tvinge folk til å nominere bøker dei ikkje liker.

I kategorien «Åpen klasse» var eg langt meir nøgd. Ei billedbok for barn, ei fantasybok for ungdom og ei diktbok. Mangfald, heiter det. Skal innrømme at eg sterkt ønska at Mysteriet mamma kom på den lista, slik eg at eg endeleg kunne få ein grunn til å plukke opp boka. Til no har eg utsett det og utsett det, men eg skal nok gjere det. Fugl av Lisa Aisato ligg klar heime til og lesast. Eg har tenkt å fullføre mi første diktsamling etter Morovers av André Bjerke, og eg har tenkt å lese ein norsk fantasyroman for ungdom. Eg håpar eg klarar å vere med på alle. Først var eg litt skeptisk, sidan ingen av bøkene var heilt etter min smak, men eg skal utfordre meg sjølv til å prøve å lese dei.

Midt oppi alt dette kjem jo bokbloggarprisen 2015, så det blir jo nokre norske bøker i 2014 òg. I tillegg har eg ei bokmelding av Jentene fra balletten av Monika N,. Yndestad eg ikkje har skrive endå. Men alt til si tid, alt til si tid…

Dette var i alle fall mine tankar rundt prisen. Line oppfordra i innlegget sitt om kortlista til at fleire skreiv om sine tankar rundt denne og sa på bloggen kva dei meinte. Eg tok oppfordringa, og dette vart resultatet. Når det skal seiast synes eg at komiteen har lagt ned ein solid innsats i dette, og det vart jo ikkje akkurat kioskromanar på lista. Alle bøkene har fått positive tilbakemeldingar frå media og bloggarar. Eg trur bokbloggarprisen kan vere positivt for å vise at me har integritet og smak, og i tillegg at me òg kan vere saklege, sjølv om dei fleste av oss ikkje jobbar med bøker eller har mastergrad i litteraturvitskap.

Bok: Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk (pseudonym)

Det henger en engel alene i skogen av «Samuel Bjørk» er den første boka skrive under pseudonym som har blitt nominert til Bokhandlarprisen. Det er ikkje alltid at Bokhandlerprisen er eit kvalitetsstempel, men å bli nominert til ein pris er heilt klart betre enn å ikkje bli nominert. Det har uansett vore veldig mykje blest rundt denne boka. Eg skal innrømme at eg gleda meg. Researchen rundt pesudonymet, skjedde etter eg las boka.

Boka har fått mange blanda bokmeldingar, og eg har vore heilt i skyene og skikkeleg fenga og hekta. Eg las og las og las og las, og plutseleg var boka ferdig. Det var nesten så eg hadde lyst til å gråte då siste side var lesen, ikkje fordi boka var så grueleg dårleg og eg ikkje var nøgd, men fordi leseopplevinga var over, men STOPP LITT! Leseopplevinga, det var dette med kvaliteten. Korleis var kvaliteten på boka? Var den realistisk? Var karakterane realistiske? Korleis var plottet konstruert? Og ikkje minst, har forfattaren alltid gjort researchleksa si?

Holger Munch, ein skilt far og bestefar og politimann som får ansvaret for ei lita etterforskingsgruppe i Oslo. Mia Krüger, ei psykisk sjuk kvinne som planlegg sin eigen død på ei øy i Trøndelag. Eit lite etterforskingsteam som skal til på ei stor sak. Rett og slett ein kriminalroman som kan høyrast litt vanleg ut. Likevel, plottet er noko av det som kan trekke lesarar, men ikkje dei mest sarte. Ei jente blir funnen hengt i eit hoppetau i skogen med ein dukkekjole på seg og ein sekk med skulebøker på ryggen. Ho skulle ha byrja i første klasse til hausten, men det vart det ikkje noko av. Kan det komme fleire, og kva skjer vidare? Holger Munch flyr opp til Trøndelag for å hente Mia Krüger slik at dei får sett ein stopper for dette, men er Mia Krüger villig til å endra planane og vere med på å løyse oppdraget? Sjølvsagt vil ho det. Eg skriv ikkje dette for å lage ein spoiler (det er kanskje ein spoiler likevel), men fordi det er ganske opplagt for dei fleste av oss at protagonisten i ein kriminalroman vil bli innblanda i mysteriet ein eller annan gong.

Det går ein seriemordar laust på austlandet, og ingen veit kven personen er. Etterforskingsgruppa som skal løyse saka er overraskande lita for ei så stor sak. Eg har ikkje veldig stor greie på politiarbeid, men dei bør bruke litt fleire ressursar på noko slikt. Likevel har der den hensikten at det berre er åtte etterforskarar å forhalde seg til. Lesaren går ikkje i surr, og sjølv om realismen er der, forstår ein kvifor forfattaren har gjort det slik. Det å lage eit lita gruppe gjer lesaren meir «inkludert» og «integrert» i gruppa. Ein kjenner seg meir med i miljøet og gruppa i boka. Uansett er det nokre typiske trekk med desse etterforskarane som aldri forsvinn. Kaffifrikking, røyking, rare og unødvendige kommentarar, og sjølvsagt nokon utan utdanning. Hackaren i gruppa er eigentleg berre hackar, men er likevel på MI6 si liste, og slik får ein inn i politiet på ei så viktig sak. Her òg er det noko med realismen som sviktar. Holger Munch er likevel ein stor forandring frå andre etterforskingsleiarar i andre bøker, sjølv om han har ein sur sjef bak seg. Dei fleste etterforskingsleiarane plar å vere heilt uforståande og stokk dumme, noko Holger Munch ikkje er. Han er varm, inkluderande og ein smule gretten når han ikkje får seg ein røyk. Mikkelson, «sjefen over alle sjefer» i Det henger en engel alene i skogen, lever litt opp til den typiske «krimsjefen.» Han er stokk dum, uforståande og alt for påpasseleg. Men ein annan myte: Ein kan alltid trasse sjefen sin i kriminalromanar. Sjølvsagt kan Munch trasse Mikkelson og køyre sitt eige løp. I bøkene verd ja, «in the real world» nei.

Avsnittet over her går kanskje litt på dårleg researcharbeid. Lite kunnskap om politiet kan vere nummer ein på den lista. Så kjem punkt to. I boka er det òg med ein suspekt kyrkjelyd (menighet) som tvinger dei eldre på ein heim til å gi heile arven til kyrkjelyden. Ein veldig god idé i utgangspunktet, hadde det ikkje vore for at arvelova ikkje tillet det. No kan det vere de sit og tenkjer: «Mai Lene, det er ei bok, ikkje røynda». Ja, det er det, men når dei med kunnskap om politiarbeid klagar på at det er urealistisk i kriminalromanar, må eg få lov til å påpeike det som juridisk sett er urealistisk. Arvelova vernar om livsarvingar. Dei skal ha 2/3 av dødsboet. Det er pliktdelen deira, men pliktdelen er aldri større enn 1 000 000 for ein livsarving. Det betyr at arvelataren har ein fri tredjedel som han eller ho kan bestemme kva skal gå til. Dermed går det ikkje an å gi alt til ein kyrkjelyd. Eg veit at eg høyres ut som ein rettslærenerd no, men rett skal vere rett.

Geir bak bloggen Bokbloggeir laga ei liste i september over «10 krim-myter som kan føre deg ut i elendighet». Slik eg ser det har «Samuel Bjørk» ikkje teke til seg denne lista, utan at det har ført personen «ut i elendighet». Dette er ikkje eit stikk mot Geir si liste, for eg er veldig einig i det han skriv. Det er rett og slett språket i boka og plottet som er så utruleg bra, og langt frå elendeg, at det lullar lesaren inn i ein falsk tryggleik. Desse krim-mytane bryr ikkje lesarane seg noko om, fordi forfattaren har dei der heile tida. Boka er spennande og drivande, og leseopplevinga direkte skummel på ein god måte. Difor er det lett, når du nettopp er ferdig med boka, å berre tenkje: «Wow, heilt supert.» Det gjorde eg. Eg var heilt klar for å setje meg ned og skrive om denne fantastiske, vidunderlege boka, men no når eg har fått boka meir på avstand, har eg eit meir kritisk syn. Boka er ikkje elendeg, men bruker likevel mange klisjéar. Men det er ein grunn for at noko er ein klisjé, og det er at det slår an. Folk liker klisjéar, viss dei ikkje er veldig lette å gjennomskode. Lesarar av kriminalromanar elskar det, berre det er skjult. Klisjéane er skjult bak forfattaren sitt grep om lesaren her.

Eg høyres veldig kritisk ut no. Klisjéar, dårleg research, urealistisk. Boka er god. Den er heilt klart på pluss-sida, på veldig mange måtar. På ein uforklarleg måte er den slik at det går ikkje an å vere berre kritisk etterpå. Eg ser at andre bloggarar òg slit med å setje fingrane på det som er bra med boka. Det er ein haug med ting ein kan seie at er kritikkverdig, men likevel er boka så heilt klart ikkje dårleg. Eg trur kanskje noko har med slutten av boka å gjere. Nokre likte den ikkje, men uansett, den er skummel. Til vanleg i kriminalromanar tenkjer ein: «Helten kjem til slutt fram.» Me berre veit at det kjem til å gå godt, kanskje fordi ein kjenner forfattaren frå før, eller kanskje fordi ein forstår ut frå oppbygginga at det er det det går mot. Her var eg i tvil, og om det gjekk bra eller ikkje vil eg ikkje seie noko om. Du må lese sjølv for å finne det ut.

Bok: Busemannen av Knut Nærum, Elisabeth Botterli, Askild Hagen, Jørgen Mehren og Peder Udnæs

Årets julegåve?

Eg sa eigentleg at Busemannen var ei bok eg skulle lese i byrjinga av 2014, fordi eg har hatt så mange andre bøker å lese. 9788202423926Men så var det no slik at eg fekk ei melding frå biblioteket om at boka eg hadde reservert (Busemannen) var komen og eg kunne hente henne. Eg avgarde til biblioteket for å låne boka, og då eg kom heim måtte eg berre lese første kapittel. Berre for å finne ut korleis det eigentleg var. Jo, så vart første kapittel lese, og så vart andre kapittel lese, og så tredje, og så gjekk det til at boka vart påbyrja og utlesen. Angrar eg på at eg sparte henne? Eg angrar på den måten at eg ikkje vil få denne fantastisk humoristiske leseopplevinga tilbake. 

Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar er som kjent ein parodi på Nesbøs bøker om Harry Hole. Willy Wakum er ein alkoholisert, farleg eks-politimann, som Sanna Selbu og Hagbart Lømmer vil hente til Noreg for å oppklare drapet på Nelly Lundin – helst før Kripos gjer det. Det er berre eit problem. Wily Wakum er død. Men det stoppar han ikkje frå å vere med. Sanna reiser til Macao for å finne han.

«Den tidligere potugisiske kolonien, Santa Nome de Deus de Macau, 65 kilometer vest for Hong Kong?» spurte Selbu.
«Nemlig. Du kjenner til øya?»
«Egentlig ikke. Det har dukket opp i TP.»

Og korleis skal ein komme seg til Hong Kong?

«Med fly. Alt annet blir unødvendig tungvindt. For ikke å si tidkrevende.»
«Jeg mener, en slik tjenestereise vil fort koste 300 000-400 000 kroner. Jeg går ut fra at Voldsavsnittet ved Oslo politikammer ikke har et så stort reisebudsjett.»
Han dro fingrene over haka. «Det er riktig. Vi hadde for så vidt et ganske brukbart et, men det var før Willy reiste til Tasjkent for å oppklare et barslagsmål i Stortingsgata.»

Dei som tenkjer at dette var morosamt, har meir å gle seg til, når dei eventuelt opnar denne boka ein dag. Dei som tenkjer at det berre var sånn passe, kan tenkje at det kjem betre tider. Dette var ikkje det beste sitatet eg kunne ha delt, men eg vil ikkje dele noko som er meir morosamt, for då røper eg jo det beste ved boka. Som de kanskje forstår likte eg den. Språket er lett og humoristisk og nesten betre enn Nesbøs språk i Harry Hole-bøkene. Dei bruker litt til no ukjente samanlikningar, men like fult forståeleg, og i alle fall morosamme.

Det eg var mest overraska over, var at eit så absurd, rart plott, som eigentleg berre er ein parodi, kunne vere så spennande. Dei har ikkje berre laga ein god parodi, men òg ein spennande kriminalroman med alt det skal innebere. Noko av vitsen med parodier er jo at dei skal ta det dei parodierer litt på kornet. Trur aldri eg har sett nokon klare det betre. Særleg dei siste femti sidene minna meg veldig om Nesbø og Harry Hole, for det er full forvirring rundt kven som er gjerningsmannen og kven som berre vil øydeleggje. Ein trur ein forstår og så tenkjer ein: «Å, nei, det var ikkje det likevel!» For å bruke litt sterke ord: Det er noko av det verste mest idiotiske med Harry Hole-bøkene. Difor er eg glad for at desse forfattarane òg har plukka opp det og laga ein liknande slutt som i det minste er litt betre, rett og slett fordi her er det innblanda humor.

Eg trur ikkje nokon Harry Hole-fan kan misslike denne, uansett kor trufaste dei er mot Harry Hole. Sjølv Jo Nesbø trur eg vil kunne like denne boka, rett og slett fordi det er ein veldig godmodig parodi. Innimellom kan ein oppdage litt kjente personar og namn frå den norske krimverda. Nelly Lundin til dømes. Eg føler at viss eg skal skrive meir om denne boka no, blir det berre det ein kallar skamros, men det er fordi eg rett og slett ikkje kan finne noko negativt. Det er så utruleg bra utført. I frykt for at alt plutseleg skal dreie seg om kjensler, leseoppleving og skamros skal eg avslutte innlegget no. Eg har berre to ord til å skrive: Les denne!

Ein ny start

Ja, tittelen på dette innlegget vart litt klisjéaktig. Høyres ut som avlslutninga på ei bok, og på mange måtar er det jo ei avslutning. Eg sluttar å blogge på blogger.com, rett og slett, fordi, etter eg har prøvd å ut WordPress fann eg ut eg likte det bestre enn Blogspot. Likevel, det er vanskeleg å bytte bloggplattform. Det trur eg de alle forstår, fordi det er nytt system, mykje nytt å setje seg inn i og elles ein god del rare duppedittar. Eg forstår at folk kviar seg for å bytte frå WordPress til Blogger i alle fall, fordi det er utruleg mange funksjonar på WordPress, som ikkje finst på bloggar.

Eg skal framleis følgje med på andre bloggar frå google-kontoen min, og eg kommenterer med google-konto på Blogspot-bloggar, og wordpress-kontoen på WordPress-bloggar. Eg følte for å komme meg litt «vidare» frå dei første meir amatørmessige innlegga mine på den første bloggen. Dei er importerte til denne, men eg synes likevel at det er fint å kunne starte litt på nytt på ein ny blogg og kanskje rydde opp litt. Alle sidene er ikkje klare endå, men dei blir det snart. I tillegg er det litt rot i kategoriane, men alt kjem til å gå seg til. Eg kjem ikkje til å slette den andre bloggen, rett og slett fordi det var den første bokbloggen min.

Eg skal framleis ikkje vere på veldig mange faste ting, som andre arrangerar. Eg skal lese lesesirkelboka i desember sjølvsagt, så får eg sjå om eg blir med neste år òg på nokre lesesirkelbøker. Det hadde vore veldig gøy og vore med på det igjen, for det er lærerikt å lese bøker ein kanskje ikkje hadde plukka opp, viss det ikkje var med i Lines lesesirkel. I tillegg skal eg prøve å lese litt norske bøker, slik som i år. Det prosjektet gjekk litt i vasken, sjølv om det var meininga eg skulle nominere ein heilt haug med bøker til Bokbloggarprisen, men slik gekk det ikkje. Kva eg skal nominere til bokbloggarprisen kjem i eit seinare innlegg. Alle bøkene eg har lese med tanke på den, finn du under sida «Bokbloggarprisen».

Håpar de vil halde fram med å følgje meg, sjølv om eg har bytta plattform.

Vil du vere med å lese nynorsk?

Sofia av Sigrid Merethe Hanssen
er ei av dei nye bøkene på nynorsk

Sist veke kom det stort nytt frå komiteen bak bokbloggartreffet i Oslo. No har dei laga ein
bokbloggarpris! Og ikkje berre det, bokbloggarprisen skal fokusere på norsk, ny litteratur, noko eg merkar at trengs på mange måtar. Personleg er eg dårleg på å lese norsk litteratur, og særleg ny litteratur. Eg les mykje nordisk, og helst svensk, men dessverre veldig lite norsk. Bøkene skal òg vere utgjevne i 2013, sidan prisen skal delast ut neste år. Prisen har gjort at eg nå har mange norske bøker på lista, og ein ting eg gjerne vil, er å oppfordre andre til å lese ny nynorsk litteratur.

Lars Mæhle har hausta både
ros og kritikk for den nye
boka si den mørke porten

«KVA!» tenkjer du kanskje no. Nynorsk? Jepp, det er framleis ei målform. Mange nynorskskeptikarar vil kanskje rynke på nasen og tenkje «aldri om eg les nynorsk», mens andre vil sjå på det som ei utfordring. Personleg synes eg det er heilt naturleg å lese litt nynorsk no og då, og som de kanskje har merka er eg veldig glad i hovudmålet mitt. Det som dessverre er sanninga i dag, er at blesten rundt bøker på nynorsk er veldig liten, i tillegg til at få bokhandlar vil bestille bøker på nynorsk, fordi dei sel så dårleg. Det er her sakas kjerne er: haldninga. Haldninga folk har til nynorsk i dag er at det er ei krevjande, påtvungen målform som nesten ingen har bruk for lenger, fordi det er ut. Ved å lese fleire bøker på nynorsk utgjevne i 2013, er det òg ein større sjanse for at ei nynorskbok blir nominert til bokbloggarprisen. No tvingar eg ingen til å gi prisen til ei nynorskbok, for bøkene som vinn prisen må ha andre litterære kvalitetar òg enn berre vakkert språk.
Gode formuleringar, skildringar og variasjon er særs viktig, og noko som både bøker på nynorsk og bokmål har i rikt monn.

Sunniva Relling Berg har skrive ny
ungdomsroman som blir utgitt
ette året.

Likevel, det eg ber om er at fleire set seg opp i salen, tvingar vekk alle fordommar mot nynorsk og
kanskje les minst ei bok på nynorsk dette året? Som bokbloggarar har ein i dag stor påverknad, fordi mange les det me skriv. Dei fleste av oss er heller ikkje utdanna litteraturkritikarar og har ingen profesjonell bakgrunn. Ved å skrive om nynorskbøker og lese dei, vil andre kunne sjå at vanlege folk kan lese nynorsk dei òg. Det ikkje berre eit sært, gammaldags språk som ingen bruker lenger. Eg bruker det mykje.

Berre for å få fram meininga med innlegget kan eg prøve å skrive alt veldig kortfatta i dette avsnittet. Ingen trenger å skrive nynorsk i verken omtalar eller noko slikt. Ingen MÅ lese ei nynorsk bok, og ingen MÅ nominere ei nynorskbok til bokbloggarprisen. Det eg prøver å oppfordre til er auka blest om nynorskbøker som er utgitt nyleg.

Viss de lurer på kor de finn bøker på nynorsk, er samlaget.no forlaget å besøke. Eg les den mørke porten av Lars Mæhle no, og skal òg lese ein til nynorskkrim snart. Elles er det mange bøker utgjevne på Samlaget dette året som verkar interessante!