Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)

Dette blir del x av «Mai Lene prøver å lese dystopiar», som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir Basic CMYKmeir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.

Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.

Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den «uskandiske» tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.

Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er «uskandisk» eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.

Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer «Uff og huff, for eit regime». Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?

Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!

Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman

Nokre ungdomsromanar er rett og slett det ein kallar for geniale. Geniale, originale og spesielle. Adjektiv er 12510082noko ein kan strå litt for lett rundt seg når ein er heilt bergteken av nokre bøker. Det er derfor eg skal prøve å i staden lage ei litt «uvanleg» bokmelding av dystopien Catching Fire, bok to i The Hunger Games-serien av Suzanne Collins. 

Med «uvanleg» meiner eg slik som med den førre romanen i serien, The Hunger Gamesfor å unngå berre repetering av det andre har skrive om romanen. Grunnen er at Catching Fire uansett treng eit innlegg, den fortener det. Det er ei bok som ikkje berre er skjønnlitterær, men som òg har fleire parallellar til verda me lever i. Om den første romanen skreiv eg dette:

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at “alt” skjer i Oslo, “alt” er i Oslo og ein “må” til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra “lodd” når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må “ta ansvaret” for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. “Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?” Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: “Capitol er berre for forferdelege og horrible”. Og så er det oss.

Dette er like aktuelt for Catching Fire. Capitol har stramma grepet om distrika endå meir, og rundt om i Panem byggjar det seg opp mot opprør. Katniss og Peeta skal ut på turné i distrikta etter sigaren i The Hunger Games, og dei veit at medan dei er på turné må dei sjå inn i auga på familiane til dei som vart drepne i arenaen. Heile opplegget til Capitol gjer meg kvalm, akkurat slik som det gjer Katniss og Peeta kvalme. Eg har skrive at Capitol kan vere ein parallell til oss, til vesten, men no ser eg òg at det kan vere ein parallell til diktatura rundt om i verda. President Snow er ikkje berre ein dystopisk figur i eit oppdikta land. Han er andletet og representaten til alle diktatorar som undertrykker befolkninga og skjelv i buskene ved kvart minste opprør. No byggjer det seg opp mot revolusjon.

Etter Den arabiske våren 2011 trur eg me veit kva revolusjon kan bety. Om ein ser på Tunisia, Egypt, Libya og Syria, og kanskje òg Ukraina til ein viss grad, sjølv om det ikkje ligg i Midtausten, ser ein at det er i høgste grad eit aktuelt tema.  Revoulsjon er ikkje berre det som skjedde i Frankrike i 1789 eller i spania i 1936. Revolusjon kan skje når som helst. Collins har laga aktuelle bøker.

Noko av det eg liker best er den «menneskelege» sida ved Katniss Everdeen. Heltinner har lett for å bli tøffe og uredde, men Katniss er heller bekymra og nølande. Eg er sikker på at ingen opprørsleiarar som har protestert mot styresmaktene har gått inn i det utan å kjenne på redsle eller frykt. I alle fall nesten ingen. Liu Xiabo, Martin Luther King Jr. og Aung San Suu Kyi er menneskelege, og ein eller annan gong må dei ha frykta for liva til dei som stod dei nært. Kom ikkje her og fortel meg at heltane gjekk inn med hovudet heva frå første stund, sjølv om det kanskje verkar slik. Det kostar å kjempe for ei sak, noko Katniss viser.

Before I go down to face this new life, thoughI take some time making myself acknowledge what it will mean. Less than a day ago, I was prepared to head into the wilderness with my loved ones in midwinter, with the very real possibility of the Capitol pursuing us. A precarious venture at bes. But now I am committing to something even more risky. Fighting the Capitol assures their swift retaliation. I must accept that any moment I can be arrested. There will be a knock on the door, like the one last night, a band of Peacekeepers to haul me away. There might be torture. A bullet through my skull in the town square, if I’m fortunate enough to go that quickly. I imagine these things and I’m terrified (…) 

Now comes the harder part. I have to face the fact that my family and friends might share this fate. Prim. I need only to think of Prim and all my resolve disintegrates. It’s my job to protect her. I pull he blanket up over my head, and my breathing is so rapid I use up all the oxygen and begin to choke for air. I can’t let the Capitol hurt Prim.

The Hunger Games side 138-139

Menneskelege tankar om det å gjere opprør. Det å ville ha alt: Ein god stad å bu, eit «demokratisk» styre og venner og familie. Det blir sett ord på veldig bra. Katniss kjem òg etterkvart fram til at Capitol allereie har skada Prim. Dei har allereie gjort det ved The Hunger Games, ved at ho svalt då ho var mindre og ved at faren døydde. Det felles beste, om ein revolusjon lukkast, mot familieliv og tryggleik. LIkevel er det ikkje berre berre for Katniss å leve vanleg når President Snow har auga på henne. Det er opprør i fleire distrikt, og ho er redd ho skal få skulda for det. «The Mockingjay» blir eit symbol på opprøret.

Over til noko anna ved «diktaturet» som herskarane utgjer. Ein av menneskerettane er:

”Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende1 ektefeller.”

Eg skriv stadig vekk negativt om Twilight, og dette blir ikkje eit unntak. Kva er hovudpoenget med Twilight? Det er i alle fall ikkje djupt eller aktuelt eller viktig. Hovudpoenget er at Bella skal få seg kjærast. Blir det Edward Cullen eller blir det Jackob Black? Veldig spennande. Konflikt mellom gutane, fire romanar for å finne det ut, og til slutt blir det jo Edward. Som kompensasjon får Black dottera til Bella. I The Hunger Games er det òg eit kjærleiksdrama. Skilnaden er at det ikkje er ein egositisk jentunge i midten som berre tenkjer på kven som er rett for henne. Sanninga er at Katniss har så mykje å tenkje på at kjærleik er det siste ho orkar å gjere noko med. I tillegg må ho late som om ho er forelska i Peeta for å gjere publikum tilfreds. Gale har sagt klart og tydeleg at han elskar henne. Ho er forvirra, ho er redd, og i tillegg må ho gifte seg med Peeta for å overtyde distrika, Capitol og President Snow.

«Even if you pull it off, they’ll be back in another few months to take us all to the Games. You and Peeta, you’ll be mentors now, every year from here on and out. And every ear they’ll revisit the romance and broadcast the details of your private life, and you’ll never, ever be able to do anything but live happily ever after with that boy.»

The full impact of what he’s saying hits me. I will never have a life with Gale. I will have to be for ever in love with Peeta. The Capitol will insist on it. I’ll have a few year maybe, because I’m still only sixteen, to stay with my mother and Prim. And then … and then…

(…)

I’ll have to marry Peeta.

The Hunger Games side 50

Til sitatet frå menneskerettskonvensjonen: Katniss har ikkje noko val. Ho er i ein håplaus situasjon som på ingen måte liknar Bella sin. Ho er tvinga til å gifte seg med den eine, men veit egentleg ikkje om ho vil gifte seg med den andre heller. Ho har trass i alt eit opprør å tenkje på, og det at President Snow har lyst til å drepe henne.

The Hunger Games er ein god serie. Collins har verkeleg laga ein fantastisk serie, i alle fall til no, og om de ikkje har lese den før, så gjer det gjerne no. Eg nølte, men det hadde eg ikkje trengt og gjort.

The Hunger Games (Suzanne Collins) – samfunnskritikk og ein del sjølvransaking

Les Mai Lene romanar om vampyrar, demonar, gudar og halvgudar, trollmenn, hekser og overnaturlege fenomen som berre er eit 2767052resultat av nokre fantasifulle menneske som har hatt eit sterkt ynskje om å få det ned på papiret? Nei, jo, kanskje. Eg har bevega meg inn i noko som kan verke som litt ukjent terreng. Nokre av dykk har kanskje fått med seg at eg nemner Harry Potter i ny og ne, rett og slett fordi Harry Potter er den beste serien eg har lese. Klisjé, men jo, eg må innrømme at eg liker serien. Dei som har følgt bloggen lenge veit òg at eg har lese Alyson Noëls serie om The Immortals, som eg endå ikkje har fullført, fordi det eigentleg berre er søppel. Eg har lese Twilight, og eg er ikkje stolt over at eg framleis kan sitje og sjå filmane. Å lese bøkene om igjen er fy fy. Om det er noko som ikkje er god litteratur er det Twilight. Det er ein ting som er positivt ved mi fantasy-lesing, og det er at eg alltid nøler før eg byrjar på ein serie. Eg venter i fleire år, og det gir veldig gode resultat. Romanane er ledige på biblioteket, særleg på engelsk, fordi dei er ikkje såååå populære lenger. Eg slepp å gå rundt å vente i ei æve på at romanane skal komme ut. Eg slepp å kapplese med alle andre som vil vere først til å fortelje frå boka. Jo, det er greit, men kanskje litt ugreit. Eg må innrømme at The Hunger Games har fått meg til å bryte ein av reglane mine. «Aldri sjå ein film før du har lese boka!» Eg har gjort det. Skrekk og gru, det er faktisk sant, men det beste er at eg korkje er skuffa over filmen eller romanen, og eg lever heilt fint med det.

For at de skal hoppe over det de ikkje vil lese av dette som sikkert blir eit langt innlegg, har eg laga litt overskrifter. Då er det lettare å sile ut.

 

Handlinga…

Eg trar dei fleste av dykk veit handlinga. Katniss Everdeen lever i distrikt 12, det fattigaste distriktet i landet Panem, kor ho frivillig tek plassen til litlesøstera, Prim, i Dødslekene, eller The Hunger Games. Ein gut og ei jente frå kvart av dei tolv distrikta blir plukka ut og førebudd til å kjeme på ein arnea. Berre ein person kjem igjen.

May the odds be ever in your favor

 

Parallellar…

Eg veit ikkje om de har høyrt om gladiatorkampane i romartida. Det liknar nokså mykje. Gladiatorkampane var for mange rein underhaldning. Vanlege innbyggjarar i romarriket kunne komme og sjå på menn som kjempa, enten mot dyr eller mot ein annan person. Den største skilnaden mellom dette og The Hunger Games er kanskje at i gladiatorkampar kjempa dei ein mot ein, men på arenaen er det 24 personar som alle kjemper mot kvarandre. Likevel er det forbausande mykje likt. Gladiatorane hadde kanskje ulikt utstyr slik at den eine nesten var dømt til å vinne. På same måte har ein The Career Tributes i The Hunger Games som er trent nettopp for å vinne på arenaen. Òg publikum kunne vere med å bestemme skjebnen til ein gladiator ved å gjere bestemte teikn med tommelen, og sjølv om ein ikkje nødvendigvis var godt utstyrt, kunne ein vinne på grunn publikum. Det hendte ofte fordi det var dyrt å trene opp nye. Publikum i The Hunger Games sponser gjerne deltakarane dei har tru på, ikkje berre på grunn av styrke og kunnskap, men òg på grunn av personlegdom. Ein må ikkje berre overleve, men òg overleve på ein måte som gjer deg godt likt. Kan òg tilføye at gladiatorane ofte var kriminelle, medan nokre få var frivillege. Mange parallellar altså til romanane.

Historia er òg bygga på gresk mytologi. Som straff for tidlegare handlinga måtter Athen kvart år ofre sju gutar og sju jenter til Minotauros i ein labyrint. Minotauros er eit vesen som er halvt menneske og halvt okse. Den som til slutt drepte vesenet heiter Thesevs. Det var kong Minos som stod bak dette. Synes det er veldig interessant korleis ho har henta fram idear frå gresk mytologi og historie frå romartida, og ikkje berre det, men òg frå reality-show på TV. Bak i romanen eg las skreiv ho at ho var trøyt og surfa mellom ulike kanalar. På ein var det ungdommar som konkurrerte mot kvarandre for å få pengar. På ein annan var det ungdom i krig som kjempa for livet. Sidan ho var trøyt blanda ho det saman, og det vart ideen til serien. Folk som ser på TV eller på toget og berre plutseleg kjem på seriar (*kremt*, Collins, Rowling) imponerer meg.

 

Samfunnskritikk…

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at «alt» skjer i Oslo, «alt» er i Oslo og ein «må» til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra «lodd» når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må «ta ansvaret» for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. «Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?» Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: «Capitol er berre for forferdelege og horrible». Og så er det oss.

Kanskje eg overtolkar, men det krev nok litt sjølvransaking å lese desse romanane om ein verkeleg går under huda på dei og ikkje berre les dei som underhaldning. Dei som les denne bloggen veit at ikkje berre ser på romanar som underhaldning og rett og slett må gå nærare inn på det som skjer, så eg kan ikkje ignorere samfunnskritikk eller det som kunne ha vore det.

Underhaldning ja. Kor mange gonger kjente eg tårene komme då nokon vart drepen i areanen? Kva tenkte eg då eg las om The Hunger Games? Eg tenkte «go Katniss!». Det er kanskje ikkje så gale, men likevel. Eg sit og les om folk som blir drepne – barn – utan å lee på eit augelokk. Det er berre ein roman. Likevel burde det kanskje gripe meg litt meir det som skjer. Det er noko verkeleg kaldt over det å sitje og lese om ungdommar som slakta ned og kalle det underhaldning.

 

Meining?

Jo, eg likte romanen, trass all sjølvransaking, dårleg samvit og urovekkande parallellar. Eg likte fantasyromanen, trass i at eg ikkje liker fantasy. Jo, kanskje eg gjer det. Eg trur de treng ei forklaring på det med å like og ikkje like denne sjangeren, og den kan de få frå Bjørg her, for eg òg har det slik.

Kjelder

Wikipedia, Gladiatorkampene, 20. november 2013, http://no.wikipedia.org/wiki/Gladiatorkampene Lese 02. juni 2013

Wikipedia, The Hunger Games Trilogy, 31. mai 2014, http://en.wikipedia.org/wiki/The_Hunger_Games_trilogy Lese 02. juni 2014

 

Synet til ei ungdomsjente på ungdomsromanar

Sidan eg reknar med at eg no ikkje kjem til å lese fleire ungdomsromanar før 2013 er slutt, tenkte eg å skrive eit lite innlegg om dei eg har lese i år. Eg har til saman lese åtte ungdomsromanar i 2013, men tek ikkje med Verten i dette innlegget, sidan den boka òg går under sjangeren Science Fiction. Resten er veldig aktuelle i innlegget mitt. Hovudpoenget med å skrive eit innlegg om trenden i norske ungdomsromanar, er å få fram mitt syn på dei. Eg er i målgruppa, sjølv om eg er i overkant interessert i bøker og allereie har lese mykje litteratur som er rekna på vaksne.

Det er noko som går igjen i mange av ungdomsromane. Ein skulle kanskje tru at dei var litt unike og at forfattarane prøvde å komme fram til det som verkeleg skiljar seg ut. Eg sit igjen med eit inntrykk av at dei tenkjer veldig likt og at det er bra ein har ungdomsromanar innanfor sjangaren fantasy, for det skapar då i alle fall litt mangfald.

Ungdomsromanane eg har lese dette året, og som eg går ut frå når eg skriv dette innlegget er:

  • Berg, Sunniva Relling: Beina i gitaren
  • Johansen, Eldrid: Charliblogg
  • Lier, Stein Morten: Roookie
  • Mæhle, Lars: Fuck off I love you
  • Munch, Charlotte Glaser: Alt jeg vil er å kysse deg
  • Stranger, Simon: Barsakh
  • Stranger, Simon: Verdensredderne

Det første som kjenneteiknar alle desse er at det skjer i det verkelege i livet. Det er gjenkjennelege hendingar og situasjonar og handlar om kvardagen til norske ungdommar. Kjenslene og meiningane som er med, går òg igjen i samfunnet. Det er litt reality-preg over alt, berre av betre kvalitet. Ingen av bøkene går under gruppa fantasy, og kanskje er det difor vanskeleg å få ungdommar til å lese bøkene òg? Det skal mykje til å leve seg skikkeleg inn i nokre av desse bøkene, og det er vanskeleg å flykte frå røynda i Noreg og over til noko anna. Det kjennest mest som om ein følgjer etter ein person i den same verda som ein lever i sjølv. Høyres litt negativt ut, men det er ikkje berre negativt. Det er noko eg vil kalle eit sjangertrekk.

Noko anna som går igjen er at alle bøkene utanom Charliblogg er på under tohundre sider. Det er korte kapittel og alt er skrive i første person. Ofte kan kapitla berre gå over ei halv side med delsetningar, utan at det skjer veldig mykje. Forfattarane pressar veldig mykje handling inn på få sider og endå færre kapittel. Dette gjer at språket til tider er veldig «tett» og handlinga går fort fram, utan at lesaren er heilt klar for det som kjem. Mange gonger er det berre små bruddstykke frå liva til hovudpersonen. Det er akkurat som om forfattaren somme gonger har for få sider i forhold til tidsspennet. Sjølv om ein ikkje skal overforklare og sjølv om ein skal gi rom for refleksjon, trur eg det nokre gonger kan vere sunt å putte inn fleire ord og setningar og litt meir utfylland, eventuelt korte ned på tidsspennet i romanen. Eg merkar nokre gonger at eg synes det blir alt for kort.

Noko dei likevel skal ha stor ære for, er å setje viktige saker på dagsordenen. Simom Stranger til dømes har skrive om saker som menneskehandel, båtflyktningar, spisevegring og slavearbeid. Gjennom to romanar om Emilie, får ein meir kunnskap om forskjellige tema som ein ikkje alltid ser nyheiter om på Dagsrevyen. Personleg likte eg best Barsakh om Samuel som flykta i båt frå Afrika til Kanariøyene, for å få eit nytt og betre liv i Europa. Emilie er på Ferie på Gran Carnaria med familien og møter Samuel etter at han har vore fleire døgn i ein liten båt saman med mange andre flyktningar. Dette har me sett at er eit aktuelt tema, og det gir kunnskap til ungdommar om jamnaldrande i verda, som lever eit liv i stor kontrast til vårt. Noko anna eg kan rose Stranger for er kontrastane han legg inn i boka. Samuel er svolten og vil ha så mykje mat som mogleg, medan Emilie har spisevegring. Når han spør kvifor ho et så lite, forstår ein kor absurd det er at me slit med at folk et for mykje eller for lite, når me har god tilgang på mat, medan i andre delar av verda må dei ta det dei får.

Sunniva Relling Berg rører òg eit viktig tema i Beina i gitaren. Kva er det som betyr noko? Er alt likegyldig? Dette er tankar mange ungdommar kanskje tenkjer på, at alt er det same, ingenting betyr noko. Gjennom Bo, ei opprørsk tenåringsjente, får me sjå på desse tankane. Mæhle har skrive om gruppepress og Johansen om mobbing og blogging. På denne måten når dei inn til ungdommar som kan kjennes seg igjen i det. Stein Morten Lier har med facebook og sosiale media i si bok, som kanskje er meir for ungdomstrinnet enn for dei som er litt eldre. Den er veldig enkel, men handlar likevel om ein «pedo» (som dei så fint kallar i det i boka) som gjennom Facebook går kontakt med offer, helst jenter. Munch er kanskje den personen med den mest overfladiske boka, sjølv om ho er borti temaet flytting frå heimstaden og foreldrekonflikt. Likevel er forelsking ikkje veldig djupt, men eg trur boka kan vere underhaldande for dei som vil lese litt «lett» litteratur, men refleksjonar er det lite av. Dette gjelder òg den første ungdomsboka hennar Nødinngang, som berre omfatta nattklubb, sex, gutar og forelsking.

Men så er det desse klisjeane. Det er alltid eit mareritt å flytte! ALLTID er det mobbarar på den nye plassen. Familien er plagsom. Og det at ALLE blir forelska. Særleg i Charliblogg er det klisj\ear. Stå framfor den nye klassen å presentere seg og seie noko dumt som dei nye klassekameratane ler av. Mora er heilt forferdeleg og diskuterer ikkje ein gong om det er nødvendig å flytte på seg. Dei nye klassekameratane mobbar Charli. Ho har ingen venner. Dette går framleis igjen, sjølv om eg merkar at det er overraskande lite klisjèar i dei andre bøkene. Eg hadde trudd at det var endå flere karakterar som var sett på spissen og at det var endå fleire hendingar som ALLTID er med i ungdomsromanar. Der var det ikkje. Stereotypiane er ofte som blåst bort, sjølv om dei har vore veldig tilstadeverande i ungdomsromanar eg har lese tidlegare.

Generelt sett vil eg tru at ungdomsromanar blir meir reflekterane, sjølv om alltid vil vere meir «light» lesestoff for ungdommar, som berre handlar om forelsking. Eg trur det er ein positiv trend, men dei her smale bøkene som absolutt ikkje må vere lengre enn 200 sider har eg ikkje mykje til overs for. Det er utruleg tett av og til, og eg skulle ønske at ikkje alle forfattarar ville føye seg inn i denne rekka av ungdomsromanar. Viss dei ikkje er slik, er dei fantasy-romanar for ungdommar, eller kriminalromanar for ungdommar. I tillegg vil eg ha endå færre klisjéar. Eg vil dei skal tåre endå meir i forhold til å vere nyskpanande!

Heilt til slutt: Alle desse er norske ungdomsromanar, og det er mange gode omsette òg, men dei har eg lese få av det siste året. I tillegg har dei norske ein del like trekk, når ein ser på dei

Bok: Charliblogg av Eldrid Johansen

Dei siste veken har det vore mange debattar rundt bokbloggin, både på Facebook og på bloggane. Difor er det kanskje aktuelt med ei bok som nettopp er om blogging, men på ein heilt annan måte. Bloggen i denne boka får alle våre til å verke som konstruktive og av god kvalitet, for er det ei som ikkje har følgt god folkeskikk, er det Charlotte i boka til Eldrid Johansen.

Charlotte flyttar frå byen til ein utkantsstad i Noreg, og velkomsten ho får kan ein ikkje akkurat seie at er av den hyggjelege versjonen. Det er veldig typisk, når det er flytting i ungdomsromanar. Den som flyttar blir veldig sjeldan teken godt i mot i slike bøker, og eit klassisk eksempel er «stå-framfor-klassen-og-presenter-deg.»

Alle stirrer undersøkende på meg. Måler meg fra øverst til nederst. Selvfølgelig. (…) Jeg hadde garantert gjort det samme selv. Hvem er detsom kommer hit og tror hun kan bli en av oss, tenker de sikkert. (…) Jeg mumler «hallå» og blir stående rådvill. Med det samme jeg sier det, hører jeg hvor overdrevent østlandsk det høres ut. Hvorfor sa jeg ikke bare «hei»?
– Vil du fortelle oss litt om deg selv, Charlotte? spør Solgunn. 
– Ja begynner jeg. Stemmer min er svak. Jeg må kremte for å tvinge den på plass. – Jeg heter Charlotte Jansen, kommer fra Norge, og jeg liker å dan…
Høye stønn fra overalt i rommet. Jeg blir stående forvirret og vente. – Eh…
– Vi kommer også fra Norge, sier Solgunn, med smilende munn, men med et glimt av noe annet i øynene. 

Det er sikkert mange som kjenner igjen denne scenen frå andre bøker – og filmar – og det er ein veldig klassisk scene. Ein forstår at Charlotte kjem til å dumme seg ut, at dei kjem til å stønne høgt og at dette veltar heile inntrykket deira av henne og hennar intrykk av dei. Slik held det fram. Allereie første friminutt får ho kjenne på utestening og mobbing, og slik held det fram resten av boka òg.  Boka er velskriven, og eg trur ho vil nå ut til mange ungdommar, særleg jenter, som har blitt mobba, baksnakka eller har dårleg sjølvtilit. Sjølvsagt til dei som ikkje har slike problem òg, men det er i alle fall ei viktig målgruppe som kan kjenne seg igjen i boka.

Etterkvart som Charlotte blir buande på staden, og får merke meir av mobbinga, startar ho sin eigen blogg, Charliblogg, kor ho disser alt og alle i bygda.

Hva er det med folk (les: J) som virker så overlegne og selvsikre at alle tror de er penere enn det de er? De (les: J) kan se så random ut som bare det, men fordi de (les forstsatt: J) har masse cash som de kjøper venner med, og folk som dilter etter seg, ser alle på dem ikke bare som en leder, men som en smellvakker leder. Dette er egentlig ren hjernevask, men jeg vet at det er no som skjer overalt. 

J, som Charlotte skriv om i dette blogginnlegget, er Josefine, jenta ho sit på sida av og som er den absolutt verste mobbaren på skulen. I tillegg er ho dottera til inspektøren på skulen. Josefine er ein karakter eg synes verker veldig stereotyp. Gjennom heile boka er Josefine den same, utan å vise svake tegn, noko eg synes er urealistisk, og i tillegg veldig lite spennande. Det å gjere henne litt mindre stereotyp, og gi henne nokre sider som gjer at lesaren synes synd på henne eller kan sjå litt meir positivt på henne, kunne ha trekt opp boka.

Endelig er jeg framme, setter meg på den ledige stolen og sender et lite smil mot nabopulten. Idet jeg trekker stolen inntil pulten, skyver Josefine sin pult et par centimeter vekk fra min, snur seg demonstrativt vekk og fester blikket på noe tilsynelatende veldig interessant utenfor vinduet

Første skuledag i ny klasse, og me aner allereie kva type Josefine er, og betre er ikkje mora – inspetøren – som òg er ein stereotypi.

Inspektøren snur seg med det samme jeg setter foten på det nederste trappetrinnet. Hun stirrer olmt mot meg. Snurper munnen sammen som om hun har tenkt å spytte. Jeg gjør meg så liten jeg klarer. Presser meg mellom de voksne mens jeg mumler:
– Unnskyld.
– Unnskyld ha. Det bør du virkelig si, tordner inspektøren.  – Komme her og skvise ut Josefine.
– Hva? Jeg stopper opp og snur meg med en hånd på dørhåntaket.
– Ikke nok med at du tok rollen hennes. Inspektøren peker mot Kari som sakte kommer mot oss. – Nå er du jammen i gang med å stjele bestevennene hennes også!

Kva mor oppfører seg slik? Kva inspektør oppfører seg slik? Det er veldig sjeldan, eller aldri, at slikt skjer «in real life», og difor synes eg at Johansen har laga for mange stereotypiar i boka om Charlotte. Likevel liker eg ideen om bloggen, og eg synes det er eit viktig tema å ta opp. Det handlar om kva du kan legge ut på internett, og kva du ikkje kan legge ut på internett. Slik sett er det ei bok eg trur norsklærarar kunne ha brukt i klassa, for så å diskutere bodskap, karakterar og handling etterpå. Johansen tar dette med blogging litt på kornet, og Charlotte er ein interessant karakter å følgje. Heilt ærleg likte eg ikkje henne veldig godt, sjølv om me fåt vite om dei negative og positive sidene hennar. Eg òg ville nok ha tenkt at ho var ei typisk byjente hadde eg møtt henne, og hadde me blitt kjent er det tvilsamt at me hadde vore nære vener. Likevel unnskylder ikkje det dei andre karakterane i denne boka, men det at Charlotte både er eit mobbeoffter og ein mobbar – over nettet – gjer at boka med eitt blir meir interessant enn kva ho kunne ha vore. 

Bok: Barsakh av Simon Stranger

Etter eit litt ublidt førstemøte med boka, for eit par år sidan, har eg no prøvd å gjere det bra igjen, ved å Barsakh. Denne gongen fullførte eg det, og eg er no god ven med Strangers skrivestil og karakterane i boka hans. Neste møte med forfattar Stranger blir Verdensredderne, og han har blitt kjent for bøker som innheld både god bodskap, moral og kjærleik. Er det nokre bøker ungdommar bør lese, er det desse!
 byrje på

Eg byrja innlegget med å skrive om mitt venskap med boka og Strangers skrivstil, og det er nettopp venskap boka er om. Det er om eit uvanleg venskap i ein situasjon mange ikkje ville vore i. For kva gjer du viss ein båt flyktningar kjem til synes medan du er i Syden på Gran Canaria? Kva gjer du med ein gut som har flykta frå heimlandet sitt, for å få det betre i eit anna land? Kva gjer du, viss det nesten er ulovleg å hjelpe menneske som han? Emilie i boka kjem oppi ein slik situasjon, når ho møter Samuel, som har kome med båt frå Afrika, for å få ei betre framtid. Sjølv sliter Emilie med «spiseforstyrrelse» (Kva er det på nynorsk? Skriv det på bokmål eg, sjølv om det nesten gjer vondt i hjarta!) og vil ikkje ete skikkeleg.

Ungdommar i dag trenger bøker som fortel om slikt som dette. Om ungdommar i dag er sjølvopptekne eller ikkje, kven veit? Vil berre seie at me er forskjellige, men eg trur denne boka vil appellere mest til dei som liker å «bry seg» om litt større spørsmål enn billig sprit. Kanskje ei bok for alle som er med i eit ungdomsparti eller aktiv i ein annan organisasjon som har noko med dette å gjere? Stranger bruker eit språk som ungdommar vil like, utan at han prøver å nytte ungdomsspråk likevel. Det er få ord som brukes i daglegtale av ungdommar, men språket er langt frå tungt og vanskeleg. Det er målretta mot aldersgruppa. På den andre sida kan alle lese denne boka. Det er ei bok eg trur mange vaksne òg gjerne ville ha syntes var interessant. Stranger har brukt kjelder, og dei to avsnitta i slutten av boka syntes eg var flotte. Der skreiv han kor mange flytkningar som reiser frå Afrika i båt i året, og kor mange ungdommar i Noreg som slit med «spiseforstyrrelsar.» Ikkje berre har han laga ei underhaldane og spennande bok, men òg ei bok med eit anna fokus enn mange andre ungdomsromanar.

Boka er ikkje på mange sidene, noko mange ungdommar vil glede seg over. Det er akkurat som om talet 150 får dei til å miste pusten og nesten få hjarteinfart. Kanskje til og med talet hundre, for dei som synes det er heilt uoverkommeleg. Ja, eg har respekt for dei der ute med skrive- og lesevanskar og dysleksi, men dei som ikkje har det kan mange gonger få ei betre innstilling spør du meg. Det er alt for mange ungdommar der ute som burer seg inne framfor TVen og trur at TV-seriar, med tonnevis med klisjéar, er meir underhaldande enn bøker som dette. Dessverre. For dette er ei bok eg ville ha gitt alle ungdommar. Hadde eg vore bibliotekar på eit skulebibliotek hadde eg anbefalt lærarar å lese boka høgt i samfunnsfagen, under temaet migrasjon i tiande klasse. Utdrag frå boka på tentamenar kunne òg vore noko, viss ungdommar skulle ha skrive ein tekst ut frå eit utdrag. Mange utdrag plar desseverre å vere så som så.

Jaja, no er eg verken lærar eller bibliotekar, men det er ei bok ungdommar bør få med seg og som er aktuell. Eg kan ikkje greie å slutte å tenkje på at kanskje akkurat no er det nokon som sit i ein båt mellom Afrika og Europa, for å få eit betre liv, men så berre blir sendt rett tilbake, og kanskje til og med behandla på ein respektlaus måte! Eg greier ikkje å slutte å tenkje på at det er ei skeiv fordeling mellom landa, når ein ser forskjellane mellom Emilie og Samuel. Den eine kan ikkje få i seg nok mat, medan den andre ikkje vil ha mat i det heile. I tillegg gav boka meg inspirasjon. Eg kom til å tenkje på at det er nokon der ute som ikkje vil utrydde fattigdom. Og det er dei som driv med menneskehandel. Dei tener på at fattige vil bort frå der dei bur, for å få eit betre liv. Dei veit om Pull and Push. Dra og skyv. Det er noko på staden der dei vil som dreg dei dit, og noko der dei bur som skyv dei ein annan stad. Arbeidsløyse kan vere ein Push-faktor, og stort behov for fleire arbeidarar ein Pull-faktor. Menneskehandlarar veit dette, og tener dermed på å få dei over til staden der dei vil. Ved å kjempe mot fattigdom og få eit betre system i u-landa, kjemper ein òg mot menneskehandel! (Mine tankar etter å ha lese boka) Det er ei bok eg heilt klart vil anbefale vidare, og som inspirerer og sett tankane i sving!

Bok: Rookie av Stein Morten Lier

Stein Morten Lier har tidlegare skrive mest krim for vaksne, men no har han òg teke til på thrillarar for ungdom. Tinius er namnet på hovudpersonen, men han blir òg kalla Rookie, som er tittelen på den første Tinius-thrillaren. Eg las boka, og eg må seie at det er ei av dei betre ungdomsromanane eg har lese dei siste åra. Krim og thrillarar for ungdommar plar ikkje alltid å vere like bra, synes eg, men denne vart eg positivt overraska over.

Tinius er ein heilt normal ungdom med litt for stor interesse i politiarbeid. Han hackar seg innpå læraren si facebook-side, og dei andre elevane oppdagar det. Jenta som avslører han, Malin, får gjennom går, for når han kjem heim hackar han seg innpå hennar facebook. Det viser seg at ikkje alt er perfekt i Malins verd, for ho er med i ei gruppe for jenter som vil bli modellar, og gruppa er danna av ein mistenkeleg mann, som kanskje ikkje vil desse jentene noko bra. På same tid går det ein mann rundt i nabolaget og lokkar jenter til seg, og Tinius byrjar å lure på om det kan vere same personen.

Det er lenge sidan eg las ein ungdomsroman. Det er første gongen i år, trur eg, og etter denne las eg endå ein ungdomsroman. Tittelen på boka, Rookie, har med hovudpersonen å gjere. Rookie tyder fersking, og det er det Rookie er i denne boka, for han vil så gjerne løyse mysteriet med mannen bak facebookgruppa og han som går rundt og lurer folk. Du kan trygt seie at etterforskinga gjekk litt over styr. Han vil gjerne klare det sjølv og vere heilt «sikker», før han seier noko til mora, som er politi. Han vil gjerne vere etterforskar sjølv, men det er jo ikkje alltid like lurt.

Boka er velskriven, og du blir godt kjent med dei ulike karakterane. Han har ein flott måte å skildre på. Eg vil tru at dette er ei bok som mange ungdommar vil like, fordi det er litt action og mykje ungdommar kan kjenne seg igjen i. Det er ei slik bok som eg trur eg ville ha lese høgt i norsktimen. Den er ei slik bok eg ville anbefalt gutar på ungdomsskulen, fordi det er ikkje meir enn 150 sider, den er lettlesen og bokastavane er i vanleg storleik. Nokre, som les sjeldan, vil kanskje nøle litt, sidan det er over heile hundre sider. Puh, altså, det er mange! For nokre på ungdomsskulen.
Det er bra språk i heile boka, men eg kunne tenkt meg at saka var litt meir vanskeleg å oppklare. Eg klarte det veldig fort, men så har eg lese mykje krim. Det er ein alvorleg ungdomsroman, fordi det er om overgrep og ungdommar i ein sårbar aldar. Eg synes ikkje at det passa så godt til eit mysterium eit barn kunne ha løyst. Til og med frøken Detektiv-mysterie er meir vanskeleg å løyse.

Eg kjente ikkje at eg kunne identifisere meg så mykje med hovudpersonen, men eg trur mange andre vil gjer det, og det er ein stor styrke. Fleire gutar vil nok kjenne seg igjen i Tinius. Han er energisk, har konkurranseinstikt og liker action. Samla sett var boka ei eg vil anbefale alle lærarar å lese for elevane på ungdomsskulen, og eg vil anbelfale alle bibliotekarar på ungdomsskular å anbefale denne vidare

Lier skal òg gi ut fleire bøker i serien, og dei skal eg heilt klart lese!

Her er eit intervju med forfattaren:

bok: verten av Stephenie Meyer

Stephenie Meyer er (dessverre) mest kjent for bøkene sine om Bella Swan og Edward Cullen og kampen mellom «perfekte» blodsugarar og varulvar. Dessverre har eg skrive over her, og det meiner eg òg, for er det ei bok Stephenie Meyer burde vere kjent for er det verten. Dette er den andre omtalen av boka eg skriv på bloggen. Den forrige skreiv eg for to år sidan, men nå har eg lese boka på nytt og vil lage ein litt meir grundig og kanskje betre omtale.

I all hovudsak handlar boka om sjelar frå det ytre rom som innvanderer jorda. Dei har vore på fleire planetar før, og nå har dei teke ein ny. Ein av sjelane er Vandrer. Ho har aldri slått seg ned på ein planet tidlegare og får problem på jorda med at vertskroppen, som høyrer til Melanie Stryder, stritter i mot. Dette merkar lesaren både ved skildringar, dialogar mellom andre sjelar og den indre dialogen som foregår mellom Vandrer og Melanie. Melanie gjer alt for å skjule dei ho har kjær for Vandrer, men ho meistrer det ikkje heilt. Likevle, det ho meisterer, er å få Vandrer til å komme over på «hennar side». Dette er òg grunnen til at Jegeren, som dei kallar henne, ikkje greier å finne dei, når Vandrer legg ut på vandring i ørkenen for å finne Melanies litlebror og kjærast.

Boka er ei veldig typisk science fiction-bok, men har likevel meir enn berre ei oppdikta framtid og nokre sterke fiendtlege sjelar med. Wikipedia definerer Science Fiction som

«en sjangerbetegnelse for bøker, filmer, tegneserier og teater som skildrer en tenkt framtid eller verden med fantastisk teknikk og spennende vitenskapelige fenomener.»

Dette passar ganske godt til boka, utanom at det vitenskapelege ikkje tek den største delen, men heller historia og plottet bak. Trass i dette kan me sjå det vitenskapelege i Meyers skildring av andre planetar. Dette vil ikkje seie at planetane som blir skildra i boka finst, men heller at ein dag i framtida vil me kanskje ha så mykje kunnskap om planetane at me veit nesten alt om dei. I tillegg er samfunnet på jorda veldig endra etter at sjelane har overtatt. Dei vel å behalde vertane sine liv, bu i husa og kanskje til og med bu med ektefellen. Det som er forskjellig er prinsippet med pengar. Ingen får løn for arbeidet dei gjer. Vandrer er ein av dei sjelane som har vore flest stader og har bytta vertskropp flest gonger, og derfor underviser ho andre sjelar på universitetet i byen ho bur. Det er ikkje ein jobb, men eit kall i følgje henne sjølv. Dei trenger heller ikkje å betale i butikkane, men kan ta med seg det som er mest nødvendig, og ved å gjere ei teneste for samfunnet gjennom kallet deira, kan dei få alt dei treng for å leve. Om dette samfunnet nokon gong blir ein realietet, kan ingen vite, men det er nokså usannsynleg at det nokon gong vil bli slik. Likevel er prinsippet interessant, og det set tankane til lesaren i gang.

Det vanskelige, det jeg virkelig mislikte – ikke det at jeg noen gang ville fortelle Kyle det, ettersom han alltid var så kjapp til å trekke mine motiver i tvil – var at vi tok så mye uten å gi noe i retur. I San Diego hadde det aldri plagd meg å handle. Der tok jeg det jeg trengte, verken mer eller mindre. Så tilbrakte jeg dagen på universitetet med å gi samfunnet noe i retur gjennom å dele kunnskapen min med andre. Det var ikke et Kall som slet meg ut, men jeg tok det alvorlig. Jeg tok min del av de mindre attraktive pliktene. Jeg stilte opp når det var min tur til å samle søppel og vaske gatene. Det gjorde vi alle.

verten side 512

Mange eg har snakka me har prøvd å lese verten, men har ikkje forstått byrjinga, noko eg forstår. Det er ikkje lett å halde fram, og eg forstod ingenting verken første eller andre gongen eg prøvde, sjølv om andre gongen las eg vidare, og til og med no syntes eg det var vanskeleg å verkeleg forstå innleiinga, men eg har ikkje lese boka på lenge heller då. Likevel, kjem du over den første kneika på eitt eller to kapittel går resten av seg sjølv. Historia river deg med seg. Jegeren blir både Melanies, Vandrers og lesaren sin største fiende frå første augeblink. Ho er farleg og gjer alt for å få kloa i dei menneska Melanie prøver å verne mot Jegeren og dei andre sjelane. Desse menneske er no i ørkenen, saman med leiaren, Melanies onkel Jebb, og der er dei godt skjult for eventuelle farar. Saman prøver Melanie og Vandrer å nå fram til staden, i same kropp. Dei har gått frå hate kvarandre til å utstå kvarandre.

Nokre andre spørsmål boka gir lesaren er om utsjånad har noko å seie for kven ein elskar. Kan Vandrer bli elska, sjølv om ho er ein lite sølvorm bak i hovudet til Melanie, eller er det Vandrer i Melanies kropp dei elskar? Slike spørsmål er aktuelle i dagens samfunn kor utsjånad og kropp gir status, uansett kvar kjendisar prøver å gjere uttrykk for. Det hjelper ikkje at Tone Damli står fram i media og seier at det er kven du er som betyr noko, når ho òg kan gå ut og seie korleis ho har fått den kroppen ho har fått. Det er ikkje berre Damli Aaberge som er slik, men dei fleste kjendisar som har fått bein og gå på og er meir kroppsfikserte enn godt er. Ved å gi Vandrer og dei andre sjelane akkurat namnet sjel, gjer Meyer eit godt grep. Sjel seier noko om kva som er inni ein person, kven personen er, og ikkje korleis han ser ut. Vertskroppen har ikkje noko å seie for korleis sjelane opptrer. Dette er kanskje det beste ved heile boka. Skilje mellom veremåte og kroppen er forskjellige, og sjølv om Melanie lever inni vertskroppen saman med Vandrer kjem dette tydeleg fram på alle måtar.

Boka er fortalt i første person av Vandrer med Melanie som ivrig lyttar til alle tankar. Lesaren blir vitne til dei indre samtalane mellom verten og eigaren av vertskroppen, utan dette svekker boka og gjer det irriterande, men heller styrkar boka. Det er ingen allvitande forteljar her, noko som er med på å byggje opp rundt Vandrers tankar og dårleg sjølvtillit, for ho er usikker på korleis menneska ser på henne. Det er få personar som er sett på spissen. Veldig få, synes eg. Det finst både dårlege og gode sider med alle i boka, og det gir eit perspektiv på alt. Me ser på menneska frå Vandrers synsvinkel, og ho ser på dei som vonde beist og har først fordommar mot dei. Boka reiser mange spørsmål med veremåten vår og kva val me ville tatt i nokre situasjonar. Drepe nokon andre for å redde oss sjølve, eller la vere og drepe for å spare personen og heller sjå korleis det går?

Når eg les denne boka, kan eg ikkje forstå at Meyer har skrive Twilight-bøkene, for dei er direkte lavmåls i forhold.

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas» løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: «Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien» I tillegg er det setningar som «akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp» eller «tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.» Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale…

bok: hver dag av David Levithan

Tenk deg at kvar einaste dag vaknar du opp i ein ny kropp. Du har ein ny familie. Du har nye venner. Du har nytt hus. Du er eit nytt kjønn, har nye kjæledyr, har ny personligdom og er i ein heilt ny situasjon. Det er livet til A. A er verken jente eller gut, ikkje feit og ikkje tynn, har ikkje kontrollerande foreldre, men heller ikkje det motsette.

Tenk deg òg at du lever etter nokre reglar som du prøver å overhalde så godt du kan, så ein dag er det ein person som får deg til å kaste alle reglane bort. Å ikkje bli for knytta, ikkje rote til ein annan sitt liv, bare leve livet til den personen du er, er reglar som ikkje tellar lenger, for A har møtt Rhiannon.

Ein dag vaknar A opp i Justins kropp. A liker ikkje Justin, ikkje bare på grunn av røyking, sjølvgod stil og ein haug med andre negative ting. Justin er tydeligvis ein dårlig kjærast, og måten Rhiannon oppfører seg på, får A til å kjenne ein gryande misbiligelse mot  kroppen og personen han er.Etter dagen som Justin er A ein annan person. Og dagen etterpå der ein annan igjen. Kor tid får han måte Rhiannon igjen, jenta som behaldt ein alt for stor del av han?

Med ei blanding av poesi og enkle setningar fortel Levithan ei heilt ny historie til ein hovudperson ein ikkje har sett maken til. Kva A er, er eigenlit umogleg å svare på. Sjølve har eg tatt me i å skrive «han» mange gonger i dette innlegget. Sidan A er forelska i ei jente, er det lett å tenke på A som ein gut, men A er jo ikkje noko spesielt kjønn, og det er spesielt med denne boka.

Forfattaren har laga liva til dei A flyttar inn i veldig på spissen. Dei er stereotype, og på ein måte tenker eg at han får dei mest spesielle typane flest gonger. Det er plutselig uvanlig mange spesielle folk i den same staten i USA. Homofile, mentalt sjuke, overvektige, jenter med uvanlig pen kropp,… De skjønner sikkert teikninga. Sjølv synes eg dette var negativt og gjorde boka litt meindre truverdig. Ikkje at ho var så veldig truverdig med ein hovudperson som flyttar rundt slik, men utanom det kunne ho vore truverdig på andre måtar.

Noko anna eg ikkje likte var dei stadige epostsamtalane dei første. Det er jo mi meining då, kanskje mest fordi eg er den romantikkaren som synes brev er det beste i ei bok. Likevel forstår eg at dette er ein måte å føre handlinga vidare på og vekke spenning, for epostane i boka er ikkje bare vanlige epostar om kvardagen. Her har dei ei djupare meining enn som så. Og epost går jo raskare, og A har ikkje tid til å sende brev og vente ei veke med å få svar.

Språklig var boka veldig bra. Skrifta var stor, og derfor gjekk det ikkje lang tid å lese boka. Den tar deg med inn i ei forteljing som du aldri har lese før. Ho er rik på tankar rundt livet, andre som person og det å vere nokon du ikkje er. Personane er satt litt på spissen, men elles syntes eg boka var veldig fin og lærerik.

Boka er eit leseeksemplar frå Gyldendal

Mai Lene