Férey, Caryl: Mapuche (Aschehoug 2014)

Akkurat son elles i 2014, bar eg via lesestundende mine til kriminalromanar, òg i påsken. Ein av romanane eg las var Mapuche, ei 9788203219252_Fereybok som vart utgjeven på Aschehoug no i 2014. Caryl Férey var eit namn eg ikkje hadde høyrt før ein epost tikka inn i innboksen min og eg fekk romanen tilsendt. Noko av det som kanskje pirra meg mest var staden romanen var lagt til. Eg er svak for romanar som er lagt til litt eksotiske stader, til dømes Hellas, Frankrike eller som no, Argentina. Enten eksotisk eller gjenkjennleg. Det plar likevel ikkje å påverke meiningane mine om boka, men Argentina etter militærdiktaturet utgjer heilt klart ei spennande rame for ei historie som denne.

Ein prostituert trasvertitt vert funnen ved havna i Buenos Aires av Mapuche-indianaren Jana og transvertitten Paula alias Miguel Michellini, dei to som stod han/henne nærast. Det er her historia startar frå eine kanten. Paula saknar veninna si, Luz, og ber Jana hjelpe henne med å finne henne. Det ender i eit skrekkeleg syn nede på havna. På den andre kanten startar historia med ei anna sakna kvinne. Privatdetektiven Rubén Calderon byrjar å sjå på kor Maria Victoria Campallo, dottera til den rike forretningsmannen, Eduardo Campallo. Sakte, men sikkert, blir desse to sakene knytt saman gjennom romanen, og i eit land prega av eit tidlegare militærdiktatur, kan det vere nok av fiendar, mysterier og spenning.

Det er ingen tvil om at boka har eit tydeleg historisk perspektiv, men kanskje likevel litt utydeleg. For dei som aldri har levd på den tida og som ikkje har høyrt om det før, gjekk det litt vel fort i svingane. Difor bestemte eg meg for å gjere litt research via menneskets bestevenn, Google. For det første, eit militærdiktatur er eit styre kor ein eller fleire militære leiarar styrer over eit land, og denne leiinga kalles ofte ein junta eller militærjunta som er eit spansk ord for fellesmøte (Dansk Wikipedia) Undersøkingane mine viser òg kor mykje av boka som ikkje er fiksjon. Karakterane er fiksjon sjølvsagt, men ramene er ikkje det. Mødrene på mai-plassen har eksistert, og akkurat som i romanen jobbar dei med å finne «Argentinas Stjålne Barn». Fleire hundre barn som vart født av fiendane til regimet vart adopterte bort til gjerningspersonane (Amnesty International). Òg dei kjente dødsflygningane er med i romanen. Det er verkeleg interessant å sjå at forfattaren har latt etterdønningane vere scenen kor dramet blir utspelt, og når eg har funne ut alt dette, gjer det romanen endå meir interessant.

 Det som kjem no innheld nok litt spoilarar, men eg misliker sterkt å ikkje kunne lage bokmelding utan å gå innpå litt av romanen, vere litt djupare, og de får halde dykk sjølve ansvarlege om de les resten av innlegget, sjølv om de planlegg å lese boka. Men bla gjerne nedover til slutten til der spoilarane er slutt, om du vil ha meininga mi om romanen.
Férey bruker «Argentinast stjålne barn» til å lage eit mysterium. Det blir raskt oppdaga at nettopp Campallo er eit av dei, og det gjer at dimensjonane vert endå større, men likevel for lesaren veldig nære. No har ein både noko som er vanskeleg privat og som går innpå hovudpersonane, men ein har òg noko som er mykje større enn berre den eine saka. Saman med Jana, som Carlderon etterkvart utviklar eit kjærleiksforhold til, etterforskar detektiven vår kva som eigentleg skjedde den gongen på 70-talet. Kven er eigentleg Maria Victoria, og kva relasjon hadde ho til Luz, eller kanskje endå viktigare til Paula? Jepp, fordi det er ein viktig relasjon der som skal følgje oss gjennom heile romanen. I tillegg er lesaren alltid klar over kven gjerningspersonane er, men kva som skjedde er noko anna. På jakta etter sanninga blir Jana og Rubén fleire gonger henta inn av menn som prøver å drepe dei, kidnappe dei, og ikkje minst etterlet dei seg mange offer. Handlinga er veldig spennande, men det kan likevel bli veldig mykje skyting, action, forfølgjing og litt vel mange offer. Likevel gjer det at lesaren aldri får ei roleg stund, for han tenkjar alltid på «Kor tid kjem dei tilbake?», og det driv handlinga vidare. Kven er først? Kva skjer denne gongen? Avslutninga vart òg litt lang, og den tida dei var fanga kan med fordel kortast ned litt.

Jana Wenchwn har eit etternamn eg ikkje greier å uttale, og ho er av eit folkeslag eg har lite kjennskap til. Mapuche-indianarane har eg sjølvsagt høyrt namnet på før, men eg har aldri møtt ein Mapuche-indianer og aldri fått vite historia. Denne romanen vart mitt første møte, og Jana vart ei god veninne oppe på hytta til onkel og tante i påskeferien. Det vart veskling på å løyse kryssord, svare på quiz og spele Risk, og det å følgje Jana på reisa hennar i Argentina med Rubén. På eine sida var eg ute og gjekk på ski i påskefjellet med familien, og på den andre var eg i eit farleg Argentina og observerte ei fin, litt trist og spennande kjærleikhistorie midt i eit mylder av hendingar. På morgonen, trygt under dyna i køysenga kunne eg vere vitne til at Jana fortalte om då ho kom til Buenos Aires, om då ho saman med Paula leita etter Luz, om då dei fann henne død i havna og om då ho spurte etter hjelp frå ein litt avvisande Rubén. Seint på kvelden med nesten berre stearinlys som hjelpte meg til å lese, var et vitne til då Jana vart kidnappa, utspurt og nesten valdteken, om hennar måte å hevne seg på gjerningsmennene på og om hennar og Rubéns redsle for at den andre var skada, og ikkje minst anstrengelsar for å få sjå den andre ein gong til. Jana Wenchwn er eigentleg kunstnar, ho prostituerte seg for å skaffe penger til å leve i Buenos Aires, og ho har ei historie som kan få einkvar person til å brekke seg. Ho viser alle delar fram til lesaren, og ikkje alt kan ein sympatisere med, og ikkje alt er berre fint, men ein kan like henne.

Møt ein sta og modig detektiv med ei forhistorie frå militærdiktaturet ingen i Noreg kunne ha førestilt seg. Møt eit offer som mista både søster og far i militærdiktatur og ein «fightar» som saman med mødrene på mai-plassen, inkludert si eiga mor Elena, og ein journalist, Carlos, prøver å stille ansvarlege til rette og kjempe for eit demokrati som ikkje er prega av 70- og 80-talet. Rubén Calderon er ein detektiv verdig thriller-sjangeren, men han er likevel ikkje ein helt utan problem. Nettopp militærdiktaturet har sett eit preg på livet hans som er viktig i etterforskinga, men òg noko han helst vil halde skjult. Særleg månadane i fengsel, kor dei brukte dei verste torturmetodane, har sett avtrykk, og det går lang tid før han viser noko til Jana, då gjennom ei bok skrive til litlesøstera.

«Til og med drømmene ble grå, fylt av bilder uten kvinner og kjærlighet som nesten ikke lot seg skille fra virkeligheten, fra slagene, fra feberen, fra skrikene, fra skitten. Hvor lenge hadde vi blitt holdt fra hverandre. Da jeg forlot deg, sjanglet du rundt blant lammene i Orletti-verkstedet, med skrekk i blikket, og prøvde som best du kunne å dekke til den nakne jentekroppen din. Hvor lenge hadde vi vært fra hverandre, lillesøster?»

Side 332

Hendingane som kjem til uttrykk i De triste notatene frå side 331 til 340 er grusamme, og måten dei er skildra på gir ein lyst til å gråte. Om så berre for å få med seg denne historia, les romanen. Om du ikkje vil ha med deg resten av handlinga, les desse ni sidene om du vil vite kva som skjedde i Argentina. For sarte sjeler vil eg ikkje anbefale deg, men det gjer at ein verkeleg kan miste trua på menneska. Rubén var ein av dei som overlevde, og no er han på jakt etter sanninga om Maria Campallo og klar til å kjempe vidare mot det som endå er igjen av militærdiktaturet.

No kan eg glede dykk med å seie at spoilarane er avslutta og de trygt kan lese vidare.

Forfattaren gir eit levande bilete, og skildringane er både poetisk, men òg truverdige. Svart/kvitt-skildingar finst det ikkje. Likevel saknar eg av og til Show – don’t tell, for at romanen ikkje skal drukne i adjektiv. Dialogane er ein styrke ved romanen, fordi dei gjer at handlinga går rett på sak. Noko av det første som skjer er dialogen mellom Paula og Jana om forsvinninga til Luz, og den fører oss rett til kjerna. Slik er det òg med seinare dialogar. Utleggingane om militærdiktaturet kan somme gonger bli litt lange, men likevel vage. Romanen legg opp til at ein veit litt frå før av, og for personar som berre har høyrt om falklandskrigen var det litt vanskeleg å følgje med i svingane. På den andre sida er kanskje personar som berre har høyrt om Falklandskrige, uvitande og burde ha visst det før dei byrja på romanen?

Andre har skildra romanen som eit mesterverk, og den er kåra til «Årets beste krim» av eit bokmagasin. Forfattaren er rosa opp i skyene av aviser og bloggar og magasin og eg veit ikkje kva. Spørsmålet eg spør meg er om romanen vil bli hugsa. Ordet mesterverk assosierer eg med Dickens, Brontë-søstrene, Austen, Ibsen og andre store namn. Desse namna har ikkje blitt gløymt etter 200 år, og ein sit framleis og les romanar av dei. Denne romanen vil truleg ikkje bli lesen om 200 år, men den vil bli hugsa. Dei som plukkar den opp, vil hugse Mapuche, ikkje berre på grunn av karakterar med mørke historier, på grunn av det eksotiske ved Argentina eller den femomenale handlinga, men på grunn av biletet Férey skildrar av den mørke historia til Argentina og Sør-Amerika.

Romanen er eit leseeksemplar frå Ascehoug forlag

Bok: Skygge over London av C. J. Sansom

«Sansoms mesterlige karakterskildringer gjør mer enn bare å drive historien framover, de gir substans og liv til den tiden som manes frem.»

Dette skreiv The Sunday Times 20. oktober i fjor om boka. No har eg òg fått lese henne, og eg er heilt einig i at karakterakildringane er noko av det betre i boka. Sjølv om det ikkje står mykje om kven boka handlar om, men meir kva boka handlar om, på baksida, er det nokre veldig spennande karakterar med. Det einaste eg visste om boka før eg byrja på henne, var at dette skulle vere ei kontrafaktisk bok frå 1952, som tok for seg scenarioet at England var sterkt påverka av Tyskland, fordi dei hadde inngått ein fredsavtale i 1940. Rett og slett eit veldig lite bra scenario. Forlaget har greidd å få det betre fram enn meg.

«The Great Smog» ligger over London, en ugjennomtrengelig kvelende tåke som omslutter byen, og under det hele omskrives historien totalt…
1952: Tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløyen og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regim: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et vervarende press.
Ryktene går om de forferdeligste ting som finner sted i kjelleren til den tyske ambassaden ved senantsbygningen. Men motstanden øker. Winston Churchills motstandsorganisasjon representerer en økende bekymring for myndighetene. Og på et mentalsykehus i Birmingham sitter en innesperret vitenskapsmann, Frank Muncaster bærende på en hemmelighet som trolig vil forrykke verdensbalansen for alltid. 

Forlaget Press 

Det er ein av karakterane som er nemnt i baksideteksten, og det er Frank Muncaster. Likevel er det ikkje berre han som er viktig i boka, sjølv om handlinga dreier seg om å få han så langt bort frå tyskarane som mogleg. David Fitzgerald, gift med Sarah og far til ein død to år gammal son, Charlie, blir i 1950, rett etter Charlies død, verva til motstandsrørsla i England. Dette skjer i kapitlet etter lesaren har lese om korleis England bestemte seg for å inngå fred med Tyskland. Sir Winston Churchill og Lord Halifax er to steile frontar, og det er allment kjemt at Neville Charmberlain, statsminister i 1939, då krigen braut ut, gjerne ville ha fred med Tyskland. Heldigvis vart det Churchill, og Skygge over London teiknar eit bilete av korleis verda hadde sett ut i tiåret etter 1940 om det ikkje var Churchill som vart statsminister. Det er difor det er nødvendig med ei mostandsrørsle i boka, og i 1950 blir dei tipsa om David Fitzgerald av venen hans, Geoff Drax. David er eigentleg statstenestemann tilsett i Dominionsdepartementet, og no får han ei nøkkelrolle i spioneringa på tyskarane.

Han får bedskjed av leiaren for deira celle i motstandsrørsla, Jackson, om å gjere seg til vens med Carol Bennet, kontordama der David jobbar, for å få nøkkelen til arkivet med hemmelege dokument. Samstundes byrjar Sarah si kone og lure på om David har eit forhold på si. Etter at sonen døydde har dei byrja å gli meir og meir frå kvarandre. Er Carol Bennet ein verkeleg trussel? Når historia byrjar skikkeleg, hausten 1952, er det òg noko anna som skjer. Mora til vitenskapsmannen Frank Muncaster og han får besøk av broren sin. Under eit besøk til Muncaster bustad i Birmingham ein kveld, når broren Edgar er full, skjer det som ikkje skal skje.

Edgar ble rød i ansiktet. Han spisset munnen, så lente han seg frem. «Vet du hva jeg driver med, hva jobben min går ut på?»
«Nei, Edgar – jeg tror kanskje det er best dy går. Det finnes ikke noe å drikke her…»
Edgar reiste seg lett svaiende, med et truende uttrykk nå. Frank reiste seg også. Han var plutselig redd. Edgar krysset det støvete teppet og kom tett opptil ham og sa med alkoholdunstende pust, rett i ansiktet på Frank: «Jeg skal for f*** fortelle deg hva jeg driver med.»
Og så fortalte Edgar, han fortalte hva jobben hans gikk ut på, vitenskapsmenn imellom, og hvordan de hadde klart å få det til. Det ga mening, en helt uhyrlig mening. «Vi knekte koden, det skal jeg love deg,» knurret han, med beruset tilfredshet i stemmen.

Skygge over London av C. J. Sansom, side 84

 Kva var løyndommen til Edgar. Eg vil langt i frå avsløre det i omtalen, og de lurer på kva som kanskje skjedde som ikkje skulle skje. Det kjem no.

«Du må dra hjem. Du må ikke si dette til noen andre. Hvis noen får vite hva du har fortalt meg…»
«Ja vel, da!» Edgar så engstelig ut nå. «Ja vel – glem at jeg sa det.»
«Glemme!» Frank nesten bjeffet. «Hvordan – kan – jeg – glemme – noe  – slikt?»
«Slutt å skrike sånn, for svarte helvete!» Edgar var blitt hummerrød i ansiktet og svettet.» Han stirret på broren i noen lange sekunder. Så sa han lavt, like mye til seg selv som til Frank: «Selv om du skulle si det til noen, ville du ikke bli trodd. De ville tro du var spenna gæren. Det tror de vel antagelig fra før. Se på deg selv, din glisend, lille krøpling…»
Og så, for andre gangen i sitt liv, mistet Frank kontrollen. Han fløy på broren, med armer og bein. Edgar var mye større enn Frank, men han var full, og han rygget unna med løftede armer i et ubehjelpelig forsøk på å verge seg. Frank gikk på, han slo og lo, og Edgar snublet og falt bakover, mot vinduet, som ga etter, og han falt gjennom det i en sprut av glass mens armene gikk som vindmøller, og med et vilt rop forsvant han ut av syne. 
(…)
Han løp fortsatt blødene rundt i leiligheten og knuste møbler, da politiet kom»


Eg veit ikkje om dette hjelper som søskenterapi akkurat. Frank blir etter denne situasjonen sendt til eit mentalsjukehus i Birmingham, og medan han er der planlegg både tyskarane og motstandsrørsla å få tak i han, for å kunne få ut av han løyndommen, og for at den andre parten ikkje skal få tak i han. Dette er plottet. På eine sida har ein David Fitzgerald, Geoff Drax, Jackson og Natalia, som jobber for å få ut Frank. På andre sida har ein Günther, Gessler og Symer, som gjerne vil ha tak i han, for å få vite løyndommen. I midten av alt er Sarah Fitzgerald, som òg får oppleve nok av regimet. Ho er pasifist, og liker korkje regimet eller motstandsrørsla eller politiet. Ho liker ingen som tyr til vald, og synes ingenting om krigføring i det heile.

Styrken til Sansom er karakterane. Han set liva deira i perspektiv, og lager karakterar som er truverdige og gjenkjennelege. Til dømes kjenner eg meg igjen i Sarah. Eg skal komme tilbake til det seinare i omtalen, men eg syntes det var godt å ha ein karakter som eg kunne identifisere meg med. Dei er òg veldig ulike frå kvarandre, og han får fram både kontrastar og likskap mellom dei. Det er mange namn å halde styr på, men likevel er det berre ein liten del av dei sin får nært kjennskap til. Mykje av kjenneskapen til karakterane kjem gjennom dialogar, noko eg alltid synes er positivt, fordi det gjer at forfattaren ikkje trenger å skrive alt rett fram, noko som heller ikkje er særleg bra i ei bok. Han har òg gitt karakterane sorger, gleder og gode relasjonar, og han får oss til å føle med dei. Til dømes dette med Sarah og David som mista ein to år gammal gut. Günter, som er hovudmostandar i boka, har òg fmailie som ha bryr seg om, og ein får kjenne litt på det at dette er ikkje stereotypiar. Det er vanlege menneske, men likevel er nokre av dei så umenneskelege. Som til dømes Günther.

Eg har ofte tenkt på kva eg hadde gjort om eg hadde budd i Tyskland eller Noreg under andre verdskrig. Det var vanskelege tider, og slik som i Noreg hadde ein jo NS og mostandsrørsla. Det var menneske som var klare for å ofre livet for saka dei trudde på. Eg har ei aning om at hadde eg vore same person som i dag hadde eg gjort det som var tryggast. Eg trur eg hadde prøvd så godt som mogleg å skjule dei politiske standspunkta mine, prøvd å leve eit så trygt liv som mogleg og korkje vore medlem i NS eller motstandsrørsla. Det er her det med Sarah kjem inn. Sarah er pasifist, liker ikkje vald og har eit ønske om å leve eit trygt og godt liv saman med David. Eg ville ha gjort alt for å halde meg inne med alle. Likevel er eg imponert over motstandsrørsla. Dette var menneske som gjorde alt for det dei trudde på. Dei ofra livet sitt. Slik som i boka, når dei går rundt med dødelege piller i lomma, rett og slett fordi det var tryggare å dø enn å røpe løyndommar for politiet. Eg trur ikkje eg hadde hatt mot nok til å vere ein av dei, og eg hadde blitt sånn passe irritert, om eg fann ut at nokon haldt meg for narr og var med i noko farleg. Lukke auga hadde nok vore mitt val, dessverre.

Det er ikkje berre sterke sider ved boka. Sjølv om ein forstår tematikken raskt, og forstår «ka det går i», er det akkurat som om det sniglar seg avgarde dei første sidene, og forfattaren har ein haltande start. Det er akkurat som om han har tenkt at «innleiinga er ikkje så nøye, berre midtdelen blir bra», men det er no slik at det er byrjinga av ei bok som er avgjerande for om lesaren vil halde fram. Hadde ikkje eg vore veldig spent på denne boka hadde eg lagt henne frå meg først som sist og heller byrja på Tana Frenchs bok, som eg har liggjande. Likevel bestemte eg meg for å halde fram. Det er fleire moment som gjer at boka ikkje har ein god start. Blant anna er det ikkje veldig gode skildringar av hendingane, stadane og utruleg nok karakterane. Eg synes at byrjinga blir ganske dårleg, når det forfattaren seinare er flinkast på, nesten feiler i starten av boka. Han kunne med fordel ha kutta ned litt på dei 664 sidene med forteljing. I tillegg har han gløymt heile «Show – don’t tell»- prinsippet, og går heller for «Tell – don’t show», som ikkje er bra.

Noko anna eg irriterer meg over er slike skrivefeil frå forlaget si side, der det kjem ord inn i teksten som ikkje skal vere der, eller som står tidlegare i setninga, eller at orda er skrive feil. Til gjengjeld var det alltid korrekte namn, nokos om av og til elles er forvirrande, når forlaga blandar saman namna til karakterane. Den norske omsetjinga var bra, men kanskje litt for fyldig. Med det meiner eg at det  kunne ha vore kutta ord utan at setningane hadde skifta meining. Det som irriterer meg mest er ordet «så». Norsklæraren min i niande og tiande, sa til oss at «så» er ikkje eit nødvendig ord i setningar som til dømes: «Då eg kom heim, så laga eg middag.» Ein kan med fordel skrive: «Då eg kom heim, laga eg middag.» Det er noko eg alltid prøver å sjå over, når eg har skrive ein tekst, fordi orda er ikkje nødvendig, og språket blir i tillegg betre. Den som har omsett boka til norsk, kunne hatt godt av å lære seg dette, i tillegg til mange andre ord som er med, utan at det gir noko vidare meining for setninga.

Plottet er godt konstruert, når først boka kjem i gang. Dei må få Frank Muncaster bort frå Storbritannia og nazistane. I likskap med Vinter i Madrid av C. J. Sansom er Skygge over London ein spionthriller, kor spionen kanskje ikkje alltid lukkes heilt. Eg trur st Sansom har litt meir fantasi enn som så, og kunne eigentleg ha tenkt meg bøker av han utan spionar, krig og kjærleik. Det er alt for mykje likt, og eg følte eg kjente igjen plottet frå Vinter i Madrid. Det var heldigvis ikkje like likt som det Øya, Hjemkomsten og Tråden av Hislop er, for hennar bøker er korkje god litteratur eller spesielt ulike og fantasifulle. Den første var god og original, den andre var ein bleik blåkopi og den tredje var tragisk. Det er det eg har kome fram til i ettertid, sjølv om omtalane mine då var meir positive. Heldigvis har han unngått dette og fått inn såpass mykje nytt at det blir spennande. Borgerkrigen var noko som faktisk skjedde, medan hendingane i denne boka aldri har skjedd, sjølv om det var ein viss fare. Dette er ei fantasiverd bassert på noko som kunne ha skjedd, altså er denne boka ein kontrafaktisk historisk roman, medan den andre berre er ein historisk roman. Likevel, fleire forfattarar burde lære av Gilllian Flynn, som alltid har fullstendig nye og originale plott i bøkene.

Noko av det interessante med Sansoms bøker er motsetnignane mellom dei ulike ideologiane. Til dømes kommunisme og fascisme. Det er berre ein kommunist i denne boka, men fleire nazistar og fascistar enn godt er, og i tillegg er det mange som har ein veldig nasjonalistisk ideologi. Sansom fortel i eit etterord i litt om seg sjølv og sin politiske ståstad.

«Da jeg ble mer politisk bevisst på begynnelsen av 1970-tallet, og til mine foreldres morskap og forundring vende meg bort fra deres konservative ståsted og i stedet omfavnet de venstreorienterte synspunktene jeg har beholdt siden, oppdaget hegat det i mine nye sirkler eksisterte et helt annet bilde av Churchill. Mange mente han var en krigshisser, en fanatisk imperialist, som motsatte seg enhver tilnærming til uavhengighet for India, en glødende antisosialist, mannen som brukte storslegga mot arbeiderne under generalstreiken i 1926, og mannen som sendte militære tropper mot gruvearbeiderne i Tonypandy i 1919.
(…)
Jeg har alltid vært fascinert av alternativ historieskriving, hvordan en verden ville ha sett ut om én avgjørende hendelse hadde tatt en annen vending. Og noen ganger, som i mai 1940, kunne virkelig verdenshistorien brått gått i en annen retning. Historien som her fortelles, om det som fulgte etter at Churchill ikke ble statsminister, er selvfølgelig bare én alternativ fortelling, den er ikke den definitive fortellingen, for noe slikt finnes ikke.»

 Venstreorientert politikk er ein jo vane med i Noreg, om ikkje akkurat kommunistik (veldig langt i frå), så heller moderat sosialdemokratisk. Eg likte mykje av det han skreiv i slutten, men etterkvart vart det så detaljert at eg måtte avslutte. Han er ein veldig smart mann, noko som kjem i fram i den siste delen av boka, kor han fortel om kva som kunne ha skjedd, og kva som skjedde. Noreg er ein del nemnt i boka, og David Fitzgerald tenestegjorde i Noreg, så eg syntes det var litt gøy at forfattaren hadde teke med Noreg så mykje. Det må òg nemnast at den norske utgåva er tilegna minnet om alle ofra frå 22. juli 2011. Syntes det var veldig fint. Omslaget synes eg er veldig skildrande. Ja, det er veldig grått, men det var ei grå verd som vart skildra. På innsida av permane er det eit kart over Europa under tyskarane framme, og eit kart over verda under tyskarane bak. På grunn avdette var det lett å følgje med i geografien. Likevel, starten svekka boka veldig, og ho kunne med fordel ha vore kortare. I tillegg syntes eg at heile spenninga rundt løyndommen til Frank Muncaster ikkje var bygga opp nok, og den vart avslørt på litt feil tidspunkt i boka. Synsvinkelen i boka er autoral, noko eg syntes passa veldig godt til plottet, tematikken og resten av oppbygginga av boka.

«The Great Smog» som er nemnt i baksideteksten kan de lese om her, og den er ein avgjerande faktor i forteljinga. Her kan de lese om kontrafaktisk historie, noko eg forresten synes er veldig interessant. For å vite meir om forfattaren kan de gå inn på Forlaget Press sine nettsider, og her er Sansoms nettsider. Her er min omtale av Vinter i Madrid, som vart utgjeven i Noreg i 2008. Sansom har òg gitt ut fem bøker om Matthew Shardlake, som er ein krimserie frå 1500-talets England under Henrik VIII. Mi utgåve av Skygge over London er kjøpt. 

bok: den største straffen av Robert Wilson

Robert Wilson er kjent for seriane sine om Javier Falcon og Bruce Medway. Den største straffen markerte i 2012 byrjinga på endå ein serie, denne gongen om Charles Brox. Mange kjenner nok forfattaren for suksessen med et lite drap i Lisboa og den blinde mannen i Sevilla. Etter å ha skrive denne thrillaren frå London synes eg ikkje det bare er desse to bøkene som fortener å bli tatt fram når namnet til Wilson blir nemnt.

Robert Wilson har ein stor styrke når det gjelder skildringar av miljø og karakterar. Det er truverdig, det er fargerikt og det er ikkje bare dei mest velståande eller dei som har kome verst ut av det som er med i boka. Her tar han med karakterar frå alle klassar. Det er personar som er fattige kjeltringar og det er personar som er nokre av Indias og Asias rikaste menn. Det er òg her plottet kjem inn. Frank D’Cruz har dei seinare åra haldt til i Bombay med den andre kona si, Sharmila og fleire barn. Alyshia, halvt britisk og halvt indisk, har òg vore på besøk hjå faren i villaen, men etter ei stund flyttar ho tilbake til London utan å gjere det kjent kva som fekk  henne til å rømme. Vel tilbake i London er forholdet mellom Alyshia og den britiske mora, Isabell Marks dårleg, og det skal snart vise seg at Alyshia ikkje bare har fortalt sanninga.

Fredag 09. mars har Alyshia vore ute og festa saman med venner og kollegaar, men utpå kvelden blir ho full og praier ein drosje med ein litt annleis sjåfør enn vanleg. Når det kjem fram at Alyshie D’Cruz er kidnappa, gjennom ein telefon til mora Isabell Marks, er dei ikkje seine om å få inn nokon som kan hjelpe. Kidnappingskonsulent Charles Boxer blir sett på saka, men ikkje utan at politiet blir varlsa, noko som kan bli farleg. Saman med ekskona Mercy som assistent prøver å han å avdekke kva som har skjedd med dottera til Frank D’Cruz. Boxer framstår som maskulin, tøff og flink frå første stund. Han er driven i det han driv med, og måten me blir kjent med han på er gjennom ei hending som skildrar mannen meir enn ord kunne gjort. Han har problem med forholdet til den 17 år gamle dottera, Amy, og dei to skulle saman ha vore på ferie i Portugal då ho ombestemte seg i siste liten. Derfor passar det fint for han å ta kidnappingssaka til Alyshia, som den eksperten han er.

Det skal vise seg at det er ikkje berre vanlege kidnapparar som krev lauspengar dei har å gjere med her. Faktisk er det ingen som krev pengar i det heile. Kidnappinga er ein del av eit større spel, og derfor er det katastrofalt når skurkane Skin og Dan, som har vore delaktige i det som har skjedd, bestemmer seg for å ta over kidnappinga for å tene penger og få Alyshia bort frå marerittet. Dei vil få ein rask slutt på det, tene pengar og stikke etterpå. Gjennom heile boka greier Wilson å halde på lesaren. Boka er ein ekte thriller. Han er god på å knyte saman personar ein aldri skulle trudd hadde hatt noko med kvarandre å gjere, men likevel kan det bli mange namn. Dagbladet sa det så passande som dette: «Ikke minst er han god på karaktertegninger. Men han risikerer også å falle for sitt eget talent. Bokas største svakhet er at den inneholder så mange navn på mennesker, organisasjoner, gjenger og allianser at det blir vanskelig for leseren å holde oversikten.» Det er her han taper litt, og det er vanskeleg å halde følgje gjennom heile boka. Likevel forstår ein slutten og greier å forstå kva som skjer og sortere dei ulike karakterane når forteljinga er ferdig.