- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Roman
Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)
Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.
Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).
Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: «Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.» Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese «eitt» kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: «Det var svært» meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.
Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.
Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. «Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,» sa hun. «To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.»
Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. «Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.» Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, «greia» er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir «moralsk» med fokus på dei «riktige» tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.
«Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.»
«Nå, på rommet ditt?» Annagret ble forskrekket.
«Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.»
«Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?»
«Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.»
«Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.»
Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat «gamle nok». Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn «reint». Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.
Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.
Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…
Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.
Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.
I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.
Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:
«Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.»
Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: «Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.» Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:
«(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)»
(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )
Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er «reint», det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.
Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.
Ferrante, Elena (pseudonym): «Historia om det nye namnet» (Samlaget 2015)
Å skrive ei ny bokmelding etter ein veldig lang pause er vanskelegare enn å køyre bil etter ein lang pause. Det har eg erfart no. I alle fall nøler du mykje meir. Å køyre bil er ikkje så tiltak. Før eg skreiv denne bokmldinga såg eg på ein dokumentar med Tom Felton som undersøkte kvifor nokre blir superfans av kjendisar og jaktar på autografar. Ganske bra dokumentar faktisk, det må eg seie.
Når eg først er inne på denne dokumentare og superfans: Om nokon skulle vite kven Elena Ferrante eigentleg er burde de ikkje seie det til meg. Personen bak Napoli-kvartetten hadde blitt dynga ned med brev frå ein nordmann med rar døgnrytme etter alt for mykje nattlesing. Då første bok i Napoli-kvartetten havna i postkassa mi i byrjinga av 2014 vart eg kanskje litt irritert over at det var endå eit forlag der ute som ikkje klarte å sende epost og spørje på førehand.
Heldigvis vart eg overtalt til å lese boka, og heldigvis var Samlaget snille nok til å sende meg Historia om det nye namnet (bok II), sjølv om eg ikkje skreiv eitt ord om den første.
Kvifor er Historia om det nye namnet bra? Det er vel spørsmålet eg skal prøve å svare på i innlegget. Problemet er berre at eg slit med å svare. Til vanleg kan eg bruke mange litt avanserte ord som eg håpar eg sjølv forstår og snakke om plott og stereotypiske karakterar og skrivemåte. Napolikvartetten gjer at eg kjem til kort, fordi det er så vanskeleg å forklare kvifor ein roman om oppveksten til ei heilt enkel jente frå Napoli skal vere så veldig fengande. Les du bakpå kan du få assosiasjonar til Lucinda Riley og Kate Morton. Eg tenkte at no hadde det kome endå ei slik boka då eg las bakpå den første. Berre på nynorsk sjølvsagt.
Alle har vel hatt den kjensla av at dei synst noko er heilt enormt bra, og så skal dei tilrå det vidare, men får liksom ikkje forklart kvifor. Og dermed blir den personen me tilrår dette for litt avventande og vil ikkje oppleve dette heilt spesielle. Somme gonger kan det vere bra at dei held seg borte, som når eg prøver å tilrå humorserien Jæren Rundt til folk som ikkje kjem frå Jæren og ikkje forstår humoren. Andre gonger, som når eg skal forklare kvifor Berlin er den hovudstaden eg liker best i Europa, blir eg nesten frustrert over at folk ikkje forstår.
Eg skal prøve å auke forståinga for kvifor alle oppegåande personar som har fullført ungdomsskulen bør lese Napoli-kvatetten og kvifor dei bør lese den andre boka.
Generelt gjennomgåande i begge romanane er det enormt mykje vekt på relasjonar, og då er det ikkje berre forelsking og kjærleik og kliss og klass, men rett og slett relasjonar mellom familiemedlemmar, mellom vener og veninner og ikkje minst mellom familiar. Romanene fortel om spenningar, usemje og korrupsjon, men den fortel òg om tette band og viljestyrke. Midt oppi alt står hovudpersonen Elena Greco som òg blir kalla Veslelena og Lenú. Det er ho som fortel historia. Dette fører òg til at den relasjonen det handlar mest om er relasjonen hennar til Raffaella Cerullo som alle i bydelen kallar Lina og som Lenú kallar Lila. Relasjonen mellom Lenú og Lila vekslar mellom å vere veldig sterk i periodar, medan andre gonger kan det knapt kallast for ein relasjon.
Det er her heile forteljinga har ein stor styrke. Lenú veit aldri kor ho har Lila. Plutseleg er dei bestevener, og plutseleg er dei nesten fiendar. Det vekslar raskt. Akkurat som at Lenú heile tida er usikker på alt rundt Lila er lesaren òg det. Me får delta i relasjonen og er sjølv redde for kva Lila kan få seg til å seie og gjere. Andre gonger er med imponerte tilskodarar til kva Lila får til og korleis ho oppfører seg. Veremåten til Lila vekslar i takt med forteljinga og humøret til Lenú, og sjølvsagt vekslar det i takt med kjenslene til lesaren. Du kan ikkje føreseie noko slik som i mange andre bøker, og det er noko av magien. Det som skjer har utfall på ein måte du ikkje kan tenkje deg til.
Samstundes har du miljøet i bydelen. Det er heilt utruleg mange karakterar, og difor hjelper oversikten i starten av romanen med å sortere litt. Familien Peluso, familien Cerullo, familien Greco, familien Caracci, familien Cappuccio, familien Sarratore, familien Scanno, familien Solara og familien Spagnuolo. Desse er det best du held styr på. For kvar familie er ca. to barn å halde styr på som Lenú fortel om, med nokre få unntak. Når alle desse barna i tillegg byrjar å gifte og forlove seg med kvarandre blir det endå meir avansert, men ein kjem inni det, og midt oppi alt handlar det om relasjonane mellom desse familiane. Kaoset lesaren føler på reflekterer litt av kaoset i bydelen.
(OBS! Spoilarar frå no av)
Når andre bok, Historia om det nye namnet, byrjar, er bryllaupet til Raffaella Cerullo (Lila) og Stefano Caracci akkurat ferdig. Stefano Caracci er sonen til avdøde Don Achille Caracci som tidlegare skremte heile bydelen. Utan å nenmne for mykje er ikkje slutten på første roman lukkeleg, og andre roman startar på same måte. Ekteskapet mellom Lila og Stefano får ein vanskeleg start. Etter ei lukkeleg forlovingstid er mykje endra. For det første er det stadig eit spørsmål om kor tid Lila skal få barn, noko ho eigentleg ikkje vil ha. For det andre er Stefano valdeleg mot Lila. Det i seg sjølv var ikkje veldig uvanleg på den tida vart det forklart i bøkene. Det var heller normalt, men reaksjonane til Lila på kva som skjer gjer at det er vanskeleg å sjå korleis det går. For det tredje har Stefano og broren til Lila, Rino, inngått ein handelsavtale med Solara-brødrene som Lila ikkje kan fordra. På toppen av alt er Rino forlova med systera til Stefano og svigerinna til Lila, Pinuccia Caracci. Men dette er berre omstenda til Lila, som Lenú i byrjinga av boka ikkje oppsøker så mykje.
Sjølv er ho saman med Antonio Capuccio som ho eigentleg ikkje er forelska i. Ho liker spenninga ved det, men ikkje så mykje meir. I tillegg kontrolerer Antonio stadig at ho ikkje er saman med Nino Saratorre, den tidlegare naboen og sonen til Donato Saratorre som var elskaren til Antonios mor. Ja, dette er avansert, så de får sjå om de heng med i svingane. Endå meir komplisert blir det av at Antonio har rett i at Lenú er forelska i Nino, men Nino har allereie kjærast, og ho er dottera til Lenús lærar.
Alt i alt startar boka kaotisk, like kaotisk som det høyres ut som. Det kan verke som eit trøytande kjærleiksdrama, men språket er så godt at det er meir enn det. I tillegg kjem skulegangen til Lenú. Skal ho halde fram med å gå på skulen og satse der, eller skal ho gjere det ein ventar av folk som kjem frå bydelen hennar: Gifte seg med ein av gutane i nabolaget og jobbe i ei lokal bedrift? Spenninga aukar yttarlegare når Lenú blir med Lila, Stefano, Rino, Pinuzzia og mor til Lila og Rino, Nunzia, til øya Ischia. Her møter dei Nino Saratorre noko som utgjer vendepunktet i heile historia, men kanskje ikkje slik ein skulle tru.
Når eg skriv hendinga ned og skriv om boka, forstår eg kor platt det høyres ut, kjedeleg det høyres ut. Eg trur det er fordi berre dei som set seg ned og les Napoli-kvartetten kan forstå magien bak. Nokre seier at dei las dei første femti sidene i den første boka, men at det ikkje fenga og difor las dei ikkje vidare. Eg kan vere samd i at dei første femti sidene ikkje dei beste. Det gjekk litt trått for meg òg då, og eg tenkte: «Er det DETTE alle har snakka om?» Men så les du dei femti neste, og så les du dei hundre neste på same tida som du las femti og plutseleg er du heilt inni historia og miljøet. Det er som når du møter ein ny person. Det er kanskje ikkje heilt klikk i byrjinga og du tenkjer: «Nei, dette blir nok ikkje så mykje meir enn at me har felles kjente». Men så oppdager du nye sider ved personen og blir kjent med han eller henne, og plutseleg kan du ikkje sjå føre deg livet utan.
Eg jobbar på bokhandel, og noko mange er skeptiske til ved bøkene er målforma. «Åja, er den på nynorsk. Då trur eg at eg droppar det. Har du noko liknande på bokmål?» Nei, eg har ikkje noko liknande på bokmål, og i tillegg er nynorsken så «enkel» at det er heilt forståeleg for alle. Om du ikkje forstår nynorsken i Ferrantes bøker kan du ikkje norsk. Det er fleire eg har høyrt seie at dei eigentleg synst nynorsk er vanskeleg å lese, men når dei les Napoli-kvartetten gløymer dei kva målform det er skrive på. Det er slik det skal vere! Å seie at nynorsken er «enkel» er likevel vanskeleg for meg, for bøkene er skrivne på nynorsk slik nynorsk skal vere: Like uanstrengt som bokmål.
Eg gler meg til Dei som flyktar og dei som blir igjen kjem ut i mars, samstundes som eg gruar meg til å vere over halvvegs i denne serien. Det blir trist å seie farvel til karakterane. Eg håpar berre eg kan ta farvel med dei og vite at dei er lukkelege, men det er ikkje sikkert.
Eksemplaret av Historia om det nye namnet har eg fått av Det Norske Samlaget.
Å redde verda
Førre veke avslutta eg The Adventures of Oliver Twist av Charles Dickens. På engelsk. Knøttlita skrift og nesten 300 sider. Men eg vart ferdig. Det første ein legg merke til når ein les ei slik bok er den ekstreme forteljarevna til forfattaren.
«But tears were not the things to find their way to Mr. Bumbles soul; his heart was waterproof.»
Det er godt skrive, og sjølvsagt morosamt. Charles Dickens bruker verkeleg humor i skildringane av karakterane sine. »
(…) replied Mr. Bumble fastening the strap of the leathern pocket-book: which like himself was very corpulent».
Etter å ha oppdaga den fantastiske forteljarevna, går det raskt over til å tenkje over den tragiske historia. Kven snakkar for Oliver Twist? Kven stiller opp for han? Å sjå korleis barn vart behandla var vondt, og sjølv om eg kjenner historia, utborderer den gode forteljarevna til Charles Dickens dei fæle sidene endå meir. Han får fram gjennom dialogane alt det fæle det går an å tenkje om barn.
«I see no saving in parish children, not I; for they always cost more to keep than they’re worth.» (Mrs. Sowerbrry).
Eg trur me framleis har fleire av typen Oliver Twist i Noreg og i verda i dag. Kven er Oliver Twist i dag? Det tenkte eg på både medan eg las og etterpå. Er han eit av dei barna som veks opp utan foreldre? Er han eit av dei mange barna utsette for organisert kriminalitet (for det må ein jo kunne kalle Fagins verksemd?)? Er han eit løvetannbarn? Han klarte seg jo til slutt? Eg landa på at han kan representere så mange av desse. Han kan representere mange i samfunnet vårt i dag. Til slutt vart valet ein nokså overordna kategori: Ein stemmelaus. Det kan verke rart sidan det trass i alt gjekk så bra til slutt. Mr. Brownlow, Mrs. Maylie og Miss Rose Maylie var jo alle nokre som snakka for saka hans. Og det er kanskje poenget mitt òg. Han var stemmelaus, og då vart det nokre andre som brukte si stemme for å kjempe for han.
Uansett kor stor sosial mobilitet me har i Noreg, har me alltid nokon som ikkje når fram med stemma si. Me må innsjå at alle ikkje e rlike ressurssterke. Alle er ikkje like synlege. Mange skriv meir høglydt enn andre. Då er jobben for resten av oss å vere ei stemme for desse og løfte dei fram, akkurat som Mr. Brownlow og co. løfta Oliver Twist fram. Kva vil eg med dette våset? Kor vil eg? Eg veit nesten ikkje sjølv, men eg trur det har noko med overskrifta å gjere. «Å redde verda». Det er eit litt hårete og ambisiøst mål. Eit superman-mål.
«Eg skal trass alt inn på juss og redde verda, så noko må eg jo jobbe»
Dette var meldinga eg sendte då eg vart spurt om å vere med på eit møte ein kveld. Ja, eg jobbar for å komme inn på juss, og det er kanskje heile dette innlegget handlar om. Eg vil inn på juss og redde verda. Eg vil gjere noko. Eg vil gjere noko for Oliver Twist.» Eg vil vere Mr. Brownlow og Miss Rose Maylie. Men korleis skal eg gjere det? Har eg nokon strategi som ingen andre har kome opp med endå? Nei men eg ber med meg noko ein av KrFU-venene mine sa på landsmøte for to veker sidan:
«Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre»
Eg vil gjerne redde verda for dei eg kan, for det kan vere ein av mange saker for meg, men heile verda for den personen eg hjelper. 8.-10. mai var eg så heldig å få vere på KrFs landsmøte i Trondheim. Mitt viktigaste mål då eg sette meg på flyet i Stavanger fredags morgon var å få eit stortingsfleirtal for 10.000 syriske flyktningar. For å få til det måtte KrFs landsmøte stemme for resolusjonen til KrFU. Eg hadde eigentleg ikkje planar om å gå opp på talarstolen. Eg tenkte at det var mitt første landsmøte, at eg mest skulle observere, at eg berre var organisatorisk nestleiar i Rogaland KrFU. Då stunda for resolusjonsbehandlinga kom var eg framleis i tvil. Til slutt vart det til at eg retta skiltet i mitt i verda. Eg ville snakke. Og det gjorde eg. Det er sjeldan at eg har vore meir nervøs. Eg fomla litt med orda, og eg klarte til alt overmål å seie «nordområda» i staden for «nærområda». Det viktigaste var at me fekk resolusjonen gjennom. Det vart stortingsfleirtal. Eit samla landsmøte stemte gjennom resolusjonen, til ståande applaus! Eg vart sitert i to avsier («sjølvskryt kjem frå hjartet, men det er ikkje alltid like interessant å høyre på» – Frank Aarebrot). Poenget er at me oppnådde noko. Me redda verda for dei 10.000 syrarane som forhåpentlegvis får kome til Noreg (Stortingsfleirta – I’m watching you!). Det var i denne debatten sitatet ovanfor vart brukt. Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre. Me redda verda for 10.000 stemmelause kvelden 8. mai. 10.000 Oliver Twist.
Eg håpar eg kjem inn på rettsvitskap (juss) på UiO til hausten. Eg håpar eg kan redde verda og vere ei stemme for dei stemmelause, først og fremst innanfor utlendingsrett eller flyktningrett. Eg håpar eg klarer å halde på engasjamentet mitt. Noko anna som blir spennande er at eg tek til som leiar i Oslo KrFU. Eg fekk eit «kick» etter landsmøte. Eller, så stort eit kick som det går an når du ligg sjuk i to omgangar etterpå. Det eg vil seie er at eg vart inspirert, og i kombinasjon med Oliver Twist vart resultatet dette innlegget.
Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)
Denne sommaren har eg lese to romanar som fleire har vanskeleg for å plassere. Kriminalroman eller «vanleg» roman? Den første, Ripper av Isabel Allende, meldte eg for ikkje lenge sidan. Den andre, Lola oppned av Monika Fagerholm, er hovudtemaet i denne bokmeldinga. Det som først og fremst fekk merksemda mi til å bli retta mot Lola oppned var baksideteksten. Eg trur ikkje eg greier å oppsumere innhaldet i romanen betre enn den, og difor har eg bestemt meg for å gjere eit unntak og latt den få lov til å seie litt om handlinga i boka:
Denne romanens småby er Flätnäs, et søvnig sted ved kysten sørvest for Helsingfors. I 1994 blir en ung mann funnet myrdet her, og kort tid etterpå en tenåringsjente. Politiet står fast. Snart mistenkes en og arresteres, snart en annen, uten at noe avklares. Småbyens mer skjulte sider til syne: Et selvmord setter dype spor. En ung jente i en rullestol har merkelig makt over mange barn. En annen tenåringsjente har et forhold til en kommunepamp. Først i 2011 er det tid for oppklaring. Det skjer i et middagsselskap der uventede gjester dukker opp.
Eg jobbar på ein bokhandel kor me meir eller mindre har plassert alle innbundne kriminalromanar som ikkje er nyheiter i ei hylle. Det er ikkje så frykteleg mange, og difor er det lett å ha eit greit overblikk. Når så dette omslaget dukka opp i hylla med tittelen Lola oppned, gjorde det meg meir enn litt nysgjerrig. For det er heilt klart at det er noko ved omslaget, noko spesielt og særiege. Noko som fanger merksemda.
Tom Egeland skreiv i ei bokmelding i VG 21. mai i år:
Monika Fagerholms «Lola oppned» kan leses som en lek med krimsjangerens klisjeer – eller som en litterær roman som effektfullt låner noen av thrillerens særtrekk.
Eg trur eg landar på alternativ to. Det er ein litterær roman, og den har heilt klart thrillersærtrekk. Eg ville ikkje ha plssert romanen i krimsjangeren, fordi mysteriet ligg i bakgrunnen. Det er eit stort spørsmål kven som er drapsmannen, men samstundes får ein òg bli kjent med så mange andre og livet i Flatnäs. Først tenkte eg at hovudpersonen var Jana Morton, men etterkvart forstod eg at hovudpersonen er Flatnäs. Hovudpersonen er tenåringane i Flatnäs på 90-talet. Kanskje aller mest Ca, eller kanskje aller mest Minni, eller… Nei, eg veit ikkje, for det er så mange viktige aktørar som spelar inn i liva dei til ulike ungdommane. Det er ei litt komplisert bok.
Eg vil kanskje seie at Ca er ein av dei viktigaste personane i romanen, sjølv om ho ikkje er hovudperosnen. Grunnen? Ho er der heile tida, spring mellom karakterane, får dei til å undre seg, står i sentrum av hendingane, er den mystiske ein ikkje får heilt taket på, den rotlause som eigentleg ikkje har nokon stad. Ho er søstera til Anita i Møllen, jenta som sit i rullestol og har ei merkeleg makt over barna i området, ho er elskaren til ein kommunepamp, ho er litt utanfor gjengen, men samstundes i gjengen som eit samtaleemene eller heilt i gråsonen. Ho er kanskje den mest spennande karakteren i romanen og den det er mest mystikk rundt. Men du har òg alle dei andre som svirrar rundt med sine problem og sine tankar. Romanen er fortalt i tredje person kor ein hoppar rundt forbi utan at det er forvirrande. Ein veit alltid litt meir enn karakterane, men likevel ikkje nok til å gripe alt, til å forstå alt som skjer.
Då eg var i Oslo i juli, måtte eg innom Eldorado, og heilt seriøst, det er eit Eldorado. Særleg forbokelskarar. Det er nesten litt stolt eg kan seie at eg ikkje var den som kjøpte flest bøker, faktisk berre to. Men blant dei to var det ein forfattar som er bitte bitte bitte litt viktig i dette innlegget. Gjett ein gong, eller nei, det treng du ikkje. Det var Monika Fagerholm. Eg fann hennar roman Den amerikanske jenta. Eg er veldig spent på den, sidan Lola oppned var så god og original. Men kvifor så god og original. Av og til har ein tendensar til å strø om seg med uttrykk og adjektiv som kanskje ikkje seier så mykje fordi det er brukt før.
Jo, bok var god og original, fordi:
- Karakterskildringane og utviklingane til karakterane er unike. Ein skildrar ikkje gjennom adjektiv, men gjennom verb og dialogar. Utviklinga følgjer gjeremåla, hendingane og det karakterane seier og tenkjer. Ikkje berre: «I motsetning til i går var Minni blid i dag.» Nei, ein forstår ut frå hendingane, verba som er brukt og tankane til Minni at ho er blidare i dag enn i går. Forfattaren har gjort det så riktig. Samstundes er det dette ugripelege eg har vore innpå. Alle karakterane er hovudpersonar, men eg føler alltid at dei skjuler noko for meg som lesar. Eg føler at eg er der kor dei er, men det er ei tåke mellom oss, som gjer at eg ikkje når heilt fram.
- Lokalsamfunnet blir vist utruleg godt. Her har ein med alt frå eit lokallsamfunn som ein del romanar har: Rike karakterar, misslukka karakterar, missunnelege karakterar, ulukkelege karakterar. Eg synes det liknar litt på det lokalsamfunnet Rowling skildrar i The Casual Vacancy, på ein måte, men ikkje på alt. Der er motsetningane veldig tydelege. Karakterane tårer å vise det. Her er det som om alle veit kven alle er, alle veit kva dei meiner om kvarandre og kva andre meiner om dei, men dei dekkar over det. Det ligg alltid der og byggjer usynlege murar mellom dei, men dei ser på ein måte ikkje ellefanten i rommet. De forstår kanskje kva eg meiner? Dei vil ikkje sjå hovudproblemet. Alle veit at den og den karakteren har eit forhold, men dei snakkar ikkje om det. Alle veit alt om alle, men dei latar som om dei ikkje gjer det. Samstundes skapar det jo òg ei spenning når det kjem fram løyndommar som ingen veit noko om. Kvifor? Kanskje fordi dei føler seg svikta på ein måte. «Eigentleg veit eg jo ikkje dine løyndommar, i alle fall ikkje når me treffer kvarandre, men så gjer eg det likevel.» Tankegangen til mange karakterar i denne romanan. Og så dukkar det opp noko uventa og dei tenkjer: «Kvifor har ingen sagt det?» Eller kanskje heller: «Kvifor veit eg ikkje det allereie sjølv om ingen har sagt det?»
- Fordi språket er utruleg bra. Språket er levande og har akkurat den effekten eg trur forfattaren håpa det skulle ha. Litt ugripeleg og litt for å vise avstand, men samstundes eit språk som tek deg med kor hendingane skjer. Eg greier ikkje heilt å forklare kvifor.
Om nokon faktisk vil kalle denne romanen ein kriminalroman, som ein gjer der eg jobbar, synes eg i så fall det må vere ein kriminalroman av ypparste klasse på mange måtar.
Og så over til noko anna enn bokmeldinga av denne romanen:
Unnskyld, unnskyld, unnskyld. Alle mine løfter om kontinuerleg blogging har blitt brotne go det er over ein månad sidan eg vart ferdig med denne romanen, og innlegget kjem idag! Det er ikkje heilt haldbart. Eg har verkeleg noko eg må jobbe med. Men, eg vil gjerne skulde på noko:
- Arendalsveka
- Skulestart
- Jobb
- Fødselsdag
- Køyretimar
Sidan eg byrja å skrive dette innlegget har alt dette skjedd. Frp 11.-14. august var eg i Arendal på den bitte litt berømte Arendalsveka. Heilt fantastisk å vere der for eit over gjennomsnittleg politisk engasjert menneske. Eg må tilstå at eg helsa på Ketil Solvik Olsen, og eg må tilstå noko som nesten er endå verre: Eg syntes at han var ein utruleg koseleg person. Ja, til og med FrParar kan vere det, og samferdselsministeren er utruleg koseleg på så mange måtar. Eg snakka ikkje mykje, men stod berre i bakgrunnen og høyrte på ein samtale mellom ein KrFU-venn og samferdselsministeren i Noreg. Jaja, så har eg gjort det og kan krysse av «Møte statsråd» på 127-ting-eg-vil-gjere-før-eg-døyr-lista, den lista som ikkje eksisterer…
Det har vore skulestart, og det var gøy å møte alle. Eg har nok ein gong byrja året med å legge meg til vanar som å sitje same plass i klasserommet, sjølv om det er ein time eg ikkje har fast plass i. Eg har byrja å gjere lekser, og eg har byrja å synes at lekser er litt sånn: «Åhr, vil ikkje». Med skulestart startar jo òg alt anna opp, som til dømes dans og styremøter og alt anna gøy. Plutseleg gjekk eg tredje vidaregåande, plutseleg skulle eg bestille russeklede til våren, plutseleg var det russeweekend, og plutseleg var eg andre nestleiar i Rogaland KrFU… Alt dette kom med skulestart.
Ein annan gledeleg nyheit for meg, men kanskje ikkje for bloggen: Eg har byrja å jobbe fast og er deltidstilsett på Ark Bokhandel Kvadrat og jobbar annankvar laurdag. Om nokon lurer, bloggen skal ikkje bli meir retta mot det du kan få kjøpt på Ark av den grunn. Men i det minste liker eg jobben min. Eg liker å anbefale bøker, stå bak kassa, møte folk, og eg misliker at det tek to timar å reise heim på laurdagar frå Kvadrat…
Og så, EG ER 18 ÅR! (What?) Ja, det er litt uforståeleg. Plutseleg er eg «vaksen», i alle fall på papiret. Eg er myndig òg. Kva skjer med verda, liksom? Går i alle fall ikkje framover med den no… Ok, skal slutte å tulle, men det er litt kult at eg har blitt atten. Litt.
Ein annan ting, som sjølvsagt kjem med at eg er atten, og som er knytt til det siste punktet som heiter «køyretimar»: Eg bestod førarprøva i går. Eg kan køyre bil. Aleine. Utan L. Utan ledsagar. Det er deileg å ha lappen, og til og med på første forsøk. Det var ikkje rein glede eg kjente på då eg fekk den. Det var heller det at eg var letta. Åh, så godt det var å høyre frå sensoren: «Da kan jeg gratulere deg med bestått førerprøve». Skitt! Det er dette eg har sett fram til kjempelenge, og no er det over.
Ja, ok, så kva med bloggen? Det går sin gang.Somme gonger er eg litt meir travel enn andre gonger, men eg trur de har forståing (håpar eg); og eg les, og eg tenkjer gjennom innlegg, men det er det å få det ut som er litt vanskeleg. Ut på bloggen. Eg har faktisk lese nokre bøker òg. Mockingjay av Suzanne Collins, The Silkworm av Robert Galbraith. Held på med Til Jacobs forsvar av William Landay. Og eg er ferdig med min første klassiske roman på engelsk: Sense and sensibility av Jane Austen.
Allende, Isabel: Ripper
Isabel Allende har etterkvart blitt eit kjent namn i litteraturverda. Sjølv har eg berre lese ein roman av henne, Maya, men den var til gjengjeld god. Då eg høyrte at denne boka skulle vere ein kriminalroman, eller i alle fall vere litt krimaktig, måtte eg lese den òg. Ein tendens ein kan sjå i litteraturen er at kriminalromanane påverker andre romanar. Folk vil ikkje kenger lese bøker utan «mål og meining». Dei vil ha eit mysterium, noko ein skal finne ut av, kanskje ein drapsmann. Øydeleggjer det litteraturen?
Amanda Martín er ei jente som er oppteken av litt uvanlege ting, som til dømes å løyse mysterier. Saman med ei gruppe personar ho har kome i kontakt med over internett prøver å ho løyse drap i San Fransisco. Spelet blir kalla Ripper. Ein annan viktig person i romanen er Indiana, Amandas mor, som absolutt ikkje liker Ripper. Kvifor kan ho ikkje vere oppteken av andre ting? Er det sunt for ei ungdomsjente å vere oppteken av drap? På andre sida sit bestefaren, Indianas far, og oppmuntrar denne «harmlause» leiken, og han er gjerne med sjølv. Den store draumen hans er nemleg å utgi ei bok ein vakker dag. Bob Martín må eg heller ikkje gløyme, Amandas far, jobbar i politiet. Jo, her har ein vel dei viktigaste karakterane.
Det byrjar med eit drap, i november, og held fram med eit i desember, eit i januar osv. Dei er svært ulike, og det ser ikkje ut til å vere nokon faktor som binder dei saman. Alle teoirar om ein seriedrapsmann er fåfengte, eller kanskje ikkje? Amanda fattar interesse for drapa, og faren Bob er både ufrivillig og frivillig, frå hans side, ei god kjelde til informasjon. Er det samanheng mellom drapa, eller er det ikkje? Seriedrapsmann-litteraturen har blir utruleg vanleg, og særleg det å knytte noko psykologisk til personen som utfører det. Personen har ei slik psyke, har hatt ein slik barndom, er av det kjønnet og alt anna som ein bør vite om ein person som går rundt og dreper andre. Denne romanen sparer oss til ein viss grad for dette, ved at det faktisk ikkje ser ut til å vere ein seriedrapsmann. Heldigvis vil eg seie. Den derimot ikkje sparer oss for er inngåande skildringar av andre karakterar. Indiana. Amanda. bestefar (som sjølvsagt heiter noko anna enn bestefar, men kva kan eg ikkje hugse. Boka er på biblioteket….), Ryan Miller, Alan Keller, Bob Martín og elles ein haug med andre personar. I Byrjinga kan det verke heilt bak mål å ta med skildringar av så mange ulike karakterar, og så inngåande.
Indiana er litt frisinna kan ein vel seie. Ho jobbar med det ein vil kalle alternativ medisin på ein klinikk. Fleire av pasientane som kjem til henne blir skildra detaljert. Kvifor då? Kvifor skal alle karakterar bli skildra på den måten? Flinke, profesjonelle og rutinerte forfattarar som Allende veit kor dei vil, eller i alle fall veit ho det. Det er ikkje bak mål. Det kan verke slik i byrjinga, men etterkvart ser ein at opplysningane er nødvendige. Med fordel kunne det ha vore kutta ned litt på Ryan Miller og hunden hans, og kanskje òg på Alan Keller og familieproblema hans, men utanom det, viser Allende seg til å vere ein målretta forfattar som dreg alle viktige karakterar med frå byrjinga av. Ho gjer dei interessante, og eg synes eg kan sjå eit særtrekk ved karakterane hennar berre ut i frå Ripper og Maya. Kva då? Jo, dei er uperfekte. I tillegg har ho tydelegvis sansen for karismatiske personar som ikkje nødvendigvis er religiøse, men meir alternative. Indiana, som er mot til Amanda, bestemora til Maya. Dei er begge litt spesielle. Amanda derimot er logisk og teoretisk. Korkje noko religiøst eller karismatisk ved henne. Nei, eg seier ikkje at religion er ulogisk og ikkje teoretisk, men det er ein stor kontrast mellom henne og mora. Likevel er dei glad i kvarandre og vil den andre det beste.
Handlinga, kva med den? Krim eller ikkje? Romanen har heilt klart litt krim i seg. Mysterium er jo sjølve særtrekket til ein krim, men eg vil påstå at denne romanen ikkje er ein kriminalroman. Kvifor? Det blir litt vanskeleg å forklare, men eg skal prøve. I ein kriminalroman startar ein med eit lovbrot som utgangspunkt. Så kjem spørsmåla: Kven, kva og kvifor? Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor? Så vil resten av romanane nærme seg svara på desse spørsmåla. Sjølv om Ripper til ein viss grad har som mål å løyse eit mysterium, har den kanskje eit endå meir overodna mål: At karakterane skal finne ut kven dei er, kva dei vil, kvifor dei vil dette. Hovudtemaet er lagt til karakterane og ikkje mysteriet. Etterforksinga er ikkje konstant med i handlinga, men det er derimot relasjonane, personlegdommane og liva til dei dette handlar om. Det er noko meir djuptgåande ved denne romanen enn spørsmålet om kven som er drapsmannen.
Allende er dyktig, og eg kan ikkje gjere anna enn å gi henne skryt for denne boka. Berre spelet Ripper som Amanda Martín driv for å oppklare drapa er interessant nok i seg sjølv og ein original måte å etterforske på. Likevel, den mangler det litle ekstra på andre måtar. Språket er bra, skildringane er heilt etter etter boka, og romanen kan vel klasifiserast som grei litteratur. Men eg vil seie at mysteriet «dreper» litt det fantastiske ved den. I alle fall det at mysteriet på ein måte tek stor plass, men på den andre sida ikkje tek så mykje plass som i ein kriminalroman. Maya var meir rå og spesiell. Men om ein samanliknar med den heilt gjennomsnitlege kriminalromanen, er denne mange gonger betre.
Forresten, Ripper har blitt gjeven ut på Gyldendal med tittelen Amandas gåte.
Férey, Caryl: Mapuche (Aschehoug 2014)
Akkurat son elles i 2014, bar eg via lesestundende mine til kriminalromanar, òg i påsken. Ein av romanane eg las var Mapuche, ei bok som vart utgjeven på Aschehoug no i 2014. Caryl Férey var eit namn eg ikkje hadde høyrt før ein epost tikka inn i innboksen min og eg fekk romanen tilsendt. Noko av det som kanskje pirra meg mest var staden romanen var lagt til. Eg er svak for romanar som er lagt til litt eksotiske stader, til dømes Hellas, Frankrike eller som no, Argentina. Enten eksotisk eller gjenkjennleg. Det plar likevel ikkje å påverke meiningane mine om boka, men Argentina etter militærdiktaturet utgjer heilt klart ei spennande rame for ei historie som denne.
Ein prostituert trasvertitt vert funnen ved havna i Buenos Aires av Mapuche-indianaren Jana og transvertitten Paula alias Miguel Michellini, dei to som stod han/henne nærast. Det er her historia startar frå eine kanten. Paula saknar veninna si, Luz, og ber Jana hjelpe henne med å finne henne. Det ender i eit skrekkeleg syn nede på havna. På den andre kanten startar historia med ei anna sakna kvinne. Privatdetektiven Rubén Calderon byrjar å sjå på kor Maria Victoria Campallo, dottera til den rike forretningsmannen, Eduardo Campallo. Sakte, men sikkert, blir desse to sakene knytt saman gjennom romanen, og i eit land prega av eit tidlegare militærdiktatur, kan det vere nok av fiendar, mysterier og spenning.
Det er ingen tvil om at boka har eit tydeleg historisk perspektiv, men kanskje likevel litt utydeleg. For dei som aldri har levd på den tida og som ikkje har høyrt om det før, gjekk det litt vel fort i svingane. Difor bestemte eg meg for å gjere litt research via menneskets bestevenn, Google. For det første, eit militærdiktatur er eit styre kor ein eller fleire militære leiarar styrer over eit land, og denne leiinga kalles ofte ein junta eller militærjunta som er eit spansk ord for fellesmøte (Dansk Wikipedia) Undersøkingane mine viser òg kor mykje av boka som ikkje er fiksjon. Karakterane er fiksjon sjølvsagt, men ramene er ikkje det. Mødrene på mai-plassen har eksistert, og akkurat som i romanen jobbar dei med å finne «Argentinas Stjålne Barn». Fleire hundre barn som vart født av fiendane til regimet vart adopterte bort til gjerningspersonane (Amnesty International). Òg dei kjente dødsflygningane er med i romanen. Det er verkeleg interessant å sjå at forfattaren har latt etterdønningane vere scenen kor dramet blir utspelt, og når eg har funne ut alt dette, gjer det romanen endå meir interessant.
Det som kjem no innheld nok litt spoilarar, men eg misliker sterkt å ikkje kunne lage bokmelding utan å gå innpå litt av romanen, vere litt djupare, og de får halde dykk sjølve ansvarlege om de les resten av innlegget, sjølv om de planlegg å lese boka. Men bla gjerne nedover til slutten til der spoilarane er slutt, om du vil ha meininga mi om romanen.
Férey bruker «Argentinast stjålne barn» til å lage eit mysterium. Det blir raskt oppdaga at nettopp Campallo er eit av dei, og det gjer at dimensjonane vert endå større, men likevel for lesaren veldig nære. No har ein både noko som er vanskeleg privat og som går innpå hovudpersonane, men ein har òg noko som er mykje større enn berre den eine saka. Saman med Jana, som Carlderon etterkvart utviklar eit kjærleiksforhold til, etterforskar detektiven vår kva som eigentleg skjedde den gongen på 70-talet. Kven er eigentleg Maria Victoria, og kva relasjon hadde ho til Luz, eller kanskje endå viktigare til Paula? Jepp, fordi det er ein viktig relasjon der som skal følgje oss gjennom heile romanen. I tillegg er lesaren alltid klar over kven gjerningspersonane er, men kva som skjedde er noko anna. På jakta etter sanninga blir Jana og Rubén fleire gonger henta inn av menn som prøver å drepe dei, kidnappe dei, og ikkje minst etterlet dei seg mange offer. Handlinga er veldig spennande, men det kan likevel bli veldig mykje skyting, action, forfølgjing og litt vel mange offer. Likevel gjer det at lesaren aldri får ei roleg stund, for han tenkjar alltid på «Kor tid kjem dei tilbake?», og det driv handlinga vidare. Kven er først? Kva skjer denne gongen? Avslutninga vart òg litt lang, og den tida dei var fanga kan med fordel kortast ned litt.
Jana Wenchwn har eit etternamn eg ikkje greier å uttale, og ho er av eit folkeslag eg har lite kjennskap til. Mapuche-indianarane har eg sjølvsagt høyrt namnet på før, men eg har aldri møtt ein Mapuche-indianer og aldri fått vite historia. Denne romanen vart mitt første møte, og Jana vart ei god veninne oppe på hytta til onkel og tante i påskeferien. Det vart veskling på å løyse kryssord, svare på quiz og spele Risk, og det å følgje Jana på reisa hennar i Argentina med Rubén. På eine sida var eg ute og gjekk på ski i påskefjellet med familien, og på den andre var eg i eit farleg Argentina og observerte ei fin, litt trist og spennande kjærleikhistorie midt i eit mylder av hendingar. På morgonen, trygt under dyna i køysenga kunne eg vere vitne til at Jana fortalte om då ho kom til Buenos Aires, om då ho saman med Paula leita etter Luz, om då dei fann henne død i havna og om då ho spurte etter hjelp frå ein litt avvisande Rubén. Seint på kvelden med nesten berre stearinlys som hjelpte meg til å lese, var et vitne til då Jana vart kidnappa, utspurt og nesten valdteken, om hennar måte å hevne seg på gjerningsmennene på og om hennar og Rubéns redsle for at den andre var skada, og ikkje minst anstrengelsar for å få sjå den andre ein gong til. Jana Wenchwn er eigentleg kunstnar, ho prostituerte seg for å skaffe penger til å leve i Buenos Aires, og ho har ei historie som kan få einkvar person til å brekke seg. Ho viser alle delar fram til lesaren, og ikkje alt kan ein sympatisere med, og ikkje alt er berre fint, men ein kan like henne.
Møt ein sta og modig detektiv med ei forhistorie frå militærdiktaturet ingen i Noreg kunne ha førestilt seg. Møt eit offer som mista både søster og far i militærdiktatur og ein «fightar» som saman med mødrene på mai-plassen, inkludert si eiga mor Elena, og ein journalist, Carlos, prøver å stille ansvarlege til rette og kjempe for eit demokrati som ikkje er prega av 70- og 80-talet. Rubén Calderon er ein detektiv verdig thriller-sjangeren, men han er likevel ikkje ein helt utan problem. Nettopp militærdiktaturet har sett eit preg på livet hans som er viktig i etterforskinga, men òg noko han helst vil halde skjult. Særleg månadane i fengsel, kor dei brukte dei verste torturmetodane, har sett avtrykk, og det går lang tid før han viser noko til Jana, då gjennom ei bok skrive til litlesøstera.
«Til og med drømmene ble grå, fylt av bilder uten kvinner og kjærlighet som nesten ikke lot seg skille fra virkeligheten, fra slagene, fra feberen, fra skrikene, fra skitten. Hvor lenge hadde vi blitt holdt fra hverandre. Da jeg forlot deg, sjanglet du rundt blant lammene i Orletti-verkstedet, med skrekk i blikket, og prøvde som best du kunne å dekke til den nakne jentekroppen din. Hvor lenge hadde vi vært fra hverandre, lillesøster?»
Side 332
Hendingane som kjem til uttrykk i De triste notatene frå side 331 til 340 er grusamme, og måten dei er skildra på gir ein lyst til å gråte. Om så berre for å få med seg denne historia, les romanen. Om du ikkje vil ha med deg resten av handlinga, les desse ni sidene om du vil vite kva som skjedde i Argentina. For sarte sjeler vil eg ikkje anbefale deg, men det gjer at ein verkeleg kan miste trua på menneska. Rubén var ein av dei som overlevde, og no er han på jakt etter sanninga om Maria Campallo og klar til å kjempe vidare mot det som endå er igjen av militærdiktaturet.
No kan eg glede dykk med å seie at spoilarane er avslutta og de trygt kan lese vidare.
Forfattaren gir eit levande bilete, og skildringane er både poetisk, men òg truverdige. Svart/kvitt-skildingar finst det ikkje. Likevel saknar eg av og til Show – don’t tell, for at romanen ikkje skal drukne i adjektiv. Dialogane er ein styrke ved romanen, fordi dei gjer at handlinga går rett på sak. Noko av det første som skjer er dialogen mellom Paula og Jana om forsvinninga til Luz, og den fører oss rett til kjerna. Slik er det òg med seinare dialogar. Utleggingane om militærdiktaturet kan somme gonger bli litt lange, men likevel vage. Romanen legg opp til at ein veit litt frå før av, og for personar som berre har høyrt om falklandskrigen var det litt vanskeleg å følgje med i svingane. På den andre sida er kanskje personar som berre har høyrt om Falklandskrige, uvitande og burde ha visst det før dei byrja på romanen?
Andre har skildra romanen som eit mesterverk, og den er kåra til «Årets beste krim» av eit bokmagasin. Forfattaren er rosa opp i skyene av aviser og bloggar og magasin og eg veit ikkje kva. Spørsmålet eg spør meg er om romanen vil bli hugsa. Ordet mesterverk assosierer eg med Dickens, Brontë-søstrene, Austen, Ibsen og andre store namn. Desse namna har ikkje blitt gløymt etter 200 år, og ein sit framleis og les romanar av dei. Denne romanen vil truleg ikkje bli lesen om 200 år, men den vil bli hugsa. Dei som plukkar den opp, vil hugse Mapuche, ikkje berre på grunn av karakterar med mørke historier, på grunn av det eksotiske ved Argentina eller den femomenale handlinga, men på grunn av biletet Férey skildrar av den mørke historia til Argentina og Sør-Amerika.
Romanen er eit leseeksemplar frå Ascehoug forlag
Sigurdadóttir, Yrsa: De uønskede (Kagge 2014)
Det er ikkje ofte eg les romanar frå Island, og i alle fall ikkje kriminalromanar. Det er ikkje så ofte eg tenkjer på Island i det heile faktisk. Det er ei øy litt vest frå Noreg med fine hestar, geysirar og som snakkar rart – litt gammaldags kanskje? Og så hadde dei økonomisk krise og har same fargane på flaget som Noreg berre i omvendt rekkjefylgje. I tillegg høyrer dei til Norden, jo kan litt, når eg tenkjer meg om. Dei siste åra har det i alle fall blitt tydeleg at dei er glade i å skrive kriminalromanar, til dømes De uønskede. Litt rart, i og med at det skjer svært få drap på Island. Viss ein skal følgje Islands nokså låge drapstal, har krimforfattarane drepe nok folk til langt ut på 3000-talet.
Om De uønskede nødvendigvis kan kallast for krim er nok litt diskutabelt, men det passar inn i ein utvida definisjon av sjangeren. Det er ikkje det at romanen er dårleg, langt i frå, men meir det at alt ikkje er typisk krim. Óðinn, faren til elleve år gamle Rún og advokat, får i oppdrag å undersøke påstandar om dårlege tilstandar på gutteheimen Krók på Island på 1970-talet. Heimen var for gutar som hadde begått kriminelle handlingar, men som ikkje var gamle nok til å komme i fengsel. Eit dødsfall skjedde på heimen i 1974, det og mykje anna, som endå ikkje er oppklart. Med mange notat og løyndommar frå ho som tidelgare etterforska saka, går Óðinn laust på materialet. Samstundes slit han med merkelege ting som skjer rundt han og tankar rundt eks-konas dødsfall. Var dødsfallet berre tilfeldig, og kan dottera Rún ha sett kva som skjedde.
Nåtidshistoria er flott konstruert. Eit far-dotter-forhold, ein advokat som snoker i gamle saker, eit dødsfall som kan verke mistenkeleg. I tillegg er boka herleg fri frå politi, journalistar, fæle sjefar og uendelege avhøyr. Om ein definerer det som typiske krim-trekk, er denne kriminalromanen ikkje heilt innanfor krimsjangeren, men så kjem mysteriet. Gutane på Krók og hendingane som skjedde der, som kan ha konsekvensar for notida og Óðinn. I fortida følgjer me Aldís som jobbar på Krók. Ho har eit ekstra godt auge til ein av gutane, som er ulik alle dei andre, sjølv om ho antageleg er ein del år eldre. Kva er det med denne guten som gjer at han verker så moden, og kva har han gjort for å kome dit? Alle andre har begått ei form for kriminalitet og har noko på samvitet, og det må vel han òg ha? Kva kan det vere? Etter kvart som alt blir nøsta opp kan ein sjå konturane av noko veldig dramatisk, og det kjem fleire karakterar inn som lesaren så vidt ante at fantes.
Med få unntak, er annankvart kapittel frå 1974 og anankvart kapittel frå notida. Forteljarstemma vekslar mellom Aldís» og Óðinns, og ein får eit godt innblikk i tankane og liva deira. Vanlegvis i slike bøker er det ei av tidene eg føretrekk framfor den andre, til dømes fortida framfor notida. Her «treivst» eg like mykje i både fortida og notida, og det var like mange spørsmål og mysterie uansett. Det var god variasjon, og kvar gong ein lengta etter å få vite meir, gjekk ein enten fram i tid eller tilbake i tid og måtte vente heilt til neste kapittel om notida eller fortida for å forstår kva som skjedde.Det er noko litt Kate Morton-aktig over det, men likevel langt i frå Mortons kjærleiksromanar. Ein kan sjå igjen visse trekk i den historiske utviklinga og personlege vinklinga. Det er noko skremmande og mystisk og fælt over alt. Det som gjer at det likevel skiljer seg til dei grader ut frå Mortons bøker er kvaliteten og spenninga. Sigurdadóttir har eit heilt anna grep om språket enn Morton. Ho er flinkar til å skildre, bruker ikkje klisjéar og har karakterar med meir djubde som er mindre stereotypiske. Språket flyt på ein heilt annan måte, setningane overforklarer heller ikkje og ho viser i staden for å fortelje. Det skapar bilete i hovudet på lesaren. Det er òg ei heilt anna stemning over romanen. Det er veldig dystert og langt frå flotte gods, hemmelege hagar og fintfolk. Det er nesten ei spøkjelsesforteljing til tider i staden for ein kriminalroman.
Som de forstår var eg nøgd med det meste. Likevel, litt langdrygt. Det er ikkje nokon driv dei første sidene, og eg sakna momentet som gjer at ein tenkjer: «MÅ lese vidare!» Kanskje andre ikkje er samde med meg der, men det er ikkje ei bok du set deg ned med i fleire timar heilt oppslukt, diverre. Til det var det alt for lite spenning. Skulle ynskje ho klarte å få til det. Språket er bra, veldig bra. Plottet er bra. Romanen er bra, men meir driv og meir «action». Meir som skjer, DET saknar eg. Blir mykje kontorsitjing. Slutten er derimot heilt super. Her har ho teke med alt som gjer at lesaren verkeleg blir nyfiken på kva hovudpersonen tenkjer på. Alle trådane møtes. Der kunne ho òg ha gjort noko. Røpt litt meir etterkvart og ikkje venta med alt til slutten. Det har noko med å halde på lesaren og ikkje få han til å keie seg.
Eg gir ikkje terningkast, og det skal eg ikkje gjere no heller, men boka ligg høgt på skalaen. Sigurdadóttir har framleis litt å gå på, og det er ikkje favorittromanen min, sjølv om den var god. Eg håpar ho skriv fleire kriminalromanar, kor ho posjonerer trådane ut på ein annan måte og prøver å skape meir spenning og driv i det. Då har ho verkeleg laga det eg vil kalla ein veldig god og velskriven roman!
Ravatn, Agnes: Fugletribunalet (Samlaget 2013)
Tid for andre samlesingsbok, kanskje den eg gleda meg mest til av alle, nemleg Ravatns Fugletribunalet. Den har hausta mange positive lovord, og eg har endå til gode å sjå nokon slakte den. Etter denne bokmeldinga vil det heller ikkje vere annleis. Samlaget har vore heldige når dei har fått henne med på laget. Ho er i frå «mitt» fylke, Rogaland (Riktig nok på «feil» side av Boknafjorden) og gav ut Fugletribubnalet på Samlaget i fjor. Ho debuterte med Veke 53 i 2007.
Hovudpersonen i Fugletribunalet, Allis Hagtorn, forlét alt i livet sitt og flyttar ut på landet og byrjar som hushjelp hos Sigurd Bagge. Planen er at ho skal vere der fram til kona hans kjem tilbake, men det er ei rar stemning på garden, og eigaren oppfører seg merkeleg. Kva er det som har skjedd, og har Bagge noko i mot henne? Allis spør seg desse spørsmåla fleire gonger i løpet av romanen, og hovudhandlinga ligg ikkje i noko actionfylt drama, men heller menneskelege relasjonar og korleis ein møter kvarandre.
Det første som fekk meg til å legge merke til boka var omslaget. Det er rett og slett nydeleg. Fuglane har noko over seg som eg ikkje kan forklare. Det er enkelt, men likevel fylt av meining. Det same er språket. Ho bruker få ord for å seie mykje. Det er null hermeteikn og replikkstrekar med, men dialogane flyt lett og fint, akkurat som resten av boka. Orda rommar mykje, og eg trur det kan vore ein del av planen òg. Legge mykje meining bak orda for å skape steminga og handlinga. Det er heller ikkje dei valdsamme sitata, og eg sat ikkje og noterte for livet for å hugse fine setningar og ord.
Boka er sår og vakker. Den får ein òg til å trekke på smilebandet på mange måtar. Mest av alt er den litt melankolsk. Eg veit ikkje kva som har skjedd, men to bøker med fuglar på omslaget og som er melankolske har blitt nominert til bokbloggarprisen dette året. Er melankolske fuglebøker populære? Noko anna spesielt med romanen er kor godt ho har isolert dei, og lesaren veit ikkje kor ein er. Tid og rom er borte. Det er byen, landet og nærbutikken. Kva by då? Kor på landet? Kva nærbutikk? Lesaren vil få ei kjensle av å bli teken bort frå den reelle verda og til staden kor Allis jobbar for Sigurd. Ho har laga nokre spennande hovudkarakterar med både feil og manglar, men som òg morer lesaren. Eg vart nysgjerrig på kva dei hadde gjort, og bit for bit røper ho kvar det er som gjer at dei har trekt seg tilbake.
Det mest forfriskande med boka? Det var ikkje krim. No har eg lese krim veke etter veke, og eg les krim og skal lese krim. Difor var det forfriskande med ein roman som dette. Nokre synes kanskje at det verker rart at eg skryt så mykje over ei nynorskbok, og kanskje trur mange det er grunnen til at eg skryt av boka? No har eg prøvd å få folkt til å lese nynorskbøker i samband med bokbloggarprisen, men hadde denne vore dårleg hadde eg ikkje skrytt av henne. Likevel handlar det om korleis du meistrer språket. Ravatn meistrar språket. Ho meistrar nynorsk, og det gjer boka bra!
Bok: Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk (pseudonym)
Det henger en engel alene i skogen av «Samuel Bjørk» er den første boka skrive under pseudonym som har blitt nominert til Bokhandlarprisen. Det er ikkje alltid at Bokhandlerprisen er eit kvalitetsstempel, men å bli nominert til ein pris er heilt klart betre enn å ikkje bli nominert. Det har uansett vore veldig mykje blest rundt denne boka. Eg skal innrømme at eg gleda meg. Researchen rundt pesudonymet, skjedde etter eg las boka.
Boka har fått mange blanda bokmeldingar, og eg har vore heilt i skyene og skikkeleg fenga og hekta. Eg las og las og las og las, og plutseleg var boka ferdig. Det var nesten så eg hadde lyst til å gråte då siste side var lesen, ikkje fordi boka var så grueleg dårleg og eg ikkje var nøgd, men fordi leseopplevinga var over, men STOPP LITT! Leseopplevinga, det var dette med kvaliteten. Korleis var kvaliteten på boka? Var den realistisk? Var karakterane realistiske? Korleis var plottet konstruert? Og ikkje minst, har forfattaren alltid gjort researchleksa si?
Holger Munch, ein skilt far og bestefar og politimann som får ansvaret for ei lita etterforskingsgruppe i Oslo. Mia Krüger, ei psykisk sjuk kvinne som planlegg sin eigen død på ei øy i Trøndelag. Eit lite etterforskingsteam som skal til på ei stor sak. Rett og slett ein kriminalroman som kan høyrast litt vanleg ut. Likevel, plottet er noko av det som kan trekke lesarar, men ikkje dei mest sarte. Ei jente blir funnen hengt i eit hoppetau i skogen med ein dukkekjole på seg og ein sekk med skulebøker på ryggen. Ho skulle ha byrja i første klasse til hausten, men det vart det ikkje noko av. Kan det komme fleire, og kva skjer vidare? Holger Munch flyr opp til Trøndelag for å hente Mia Krüger slik at dei får sett ein stopper for dette, men er Mia Krüger villig til å endra planane og vere med på å løyse oppdraget? Sjølvsagt vil ho det. Eg skriv ikkje dette for å lage ein spoiler (det er kanskje ein spoiler likevel), men fordi det er ganske opplagt for dei fleste av oss at protagonisten i ein kriminalroman vil bli innblanda i mysteriet ein eller annan gong.
Det går ein seriemordar laust på austlandet, og ingen veit kven personen er. Etterforskingsgruppa som skal løyse saka er overraskande lita for ei så stor sak. Eg har ikkje veldig stor greie på politiarbeid, men dei bør bruke litt fleire ressursar på noko slikt. Likevel har der den hensikten at det berre er åtte etterforskarar å forhalde seg til. Lesaren går ikkje i surr, og sjølv om realismen er der, forstår ein kvifor forfattaren har gjort det slik. Det å lage eit lita gruppe gjer lesaren meir «inkludert» og «integrert» i gruppa. Ein kjenner seg meir med i miljøet og gruppa i boka. Uansett er det nokre typiske trekk med desse etterforskarane som aldri forsvinn. Kaffifrikking, røyking, rare og unødvendige kommentarar, og sjølvsagt nokon utan utdanning. Hackaren i gruppa er eigentleg berre hackar, men er likevel på MI6 si liste, og slik får ein inn i politiet på ei så viktig sak. Her òg er det noko med realismen som sviktar. Holger Munch er likevel ein stor forandring frå andre etterforskingsleiarar i andre bøker, sjølv om han har ein sur sjef bak seg. Dei fleste etterforskingsleiarane plar å vere heilt uforståande og stokk dumme, noko Holger Munch ikkje er. Han er varm, inkluderande og ein smule gretten når han ikkje får seg ein røyk. Mikkelson, «sjefen over alle sjefer» i Det henger en engel alene i skogen, lever litt opp til den typiske «krimsjefen.» Han er stokk dum, uforståande og alt for påpasseleg. Men ein annan myte: Ein kan alltid trasse sjefen sin i kriminalromanar. Sjølvsagt kan Munch trasse Mikkelson og køyre sitt eige løp. I bøkene verd ja, «in the real world» nei.
Avsnittet over her går kanskje litt på dårleg researcharbeid. Lite kunnskap om politiet kan vere nummer ein på den lista. Så kjem punkt to. I boka er det òg med ein suspekt kyrkjelyd (menighet) som tvinger dei eldre på ein heim til å gi heile arven til kyrkjelyden. Ein veldig god idé i utgangspunktet, hadde det ikkje vore for at arvelova ikkje tillet det. No kan det vere de sit og tenkjer: «Mai Lene, det er ei bok, ikkje røynda». Ja, det er det, men når dei med kunnskap om politiarbeid klagar på at det er urealistisk i kriminalromanar, må eg få lov til å påpeike det som juridisk sett er urealistisk. Arvelova vernar om livsarvingar. Dei skal ha 2/3 av dødsboet. Det er pliktdelen deira, men pliktdelen er aldri større enn 1 000 000 for ein livsarving. Det betyr at arvelataren har ein fri tredjedel som han eller ho kan bestemme kva skal gå til. Dermed går det ikkje an å gi alt til ein kyrkjelyd. Eg veit at eg høyres ut som ein rettslærenerd no, men rett skal vere rett.
Geir bak bloggen Bokbloggeir laga ei liste i september over «10 krim-myter som kan føre deg ut i elendighet». Slik eg ser det har «Samuel Bjørk» ikkje teke til seg denne lista, utan at det har ført personen «ut i elendighet». Dette er ikkje eit stikk mot Geir si liste, for eg er veldig einig i det han skriv. Det er rett og slett språket i boka og plottet som er så utruleg bra, og langt frå elendeg, at det lullar lesaren inn i ein falsk tryggleik. Desse krim-mytane bryr ikkje lesarane seg noko om, fordi forfattaren har dei der heile tida. Boka er spennande og drivande, og leseopplevinga direkte skummel på ein god måte. Difor er det lett, når du nettopp er ferdig med boka, å berre tenkje: «Wow, heilt supert.» Det gjorde eg. Eg var heilt klar for å setje meg ned og skrive om denne fantastiske, vidunderlege boka, men no når eg har fått boka meir på avstand, har eg eit meir kritisk syn. Boka er ikkje elendeg, men bruker likevel mange klisjéar. Men det er ein grunn for at noko er ein klisjé, og det er at det slår an. Folk liker klisjéar, viss dei ikkje er veldig lette å gjennomskode. Lesarar av kriminalromanar elskar det, berre det er skjult. Klisjéane er skjult bak forfattaren sitt grep om lesaren her.
Eg høyres veldig kritisk ut no. Klisjéar, dårleg research, urealistisk. Boka er god. Den er heilt klart på pluss-sida, på veldig mange måtar. På ein uforklarleg måte er den slik at det går ikkje an å vere berre kritisk etterpå. Eg ser at andre bloggarar òg slit med å setje fingrane på det som er bra med boka. Det er ein haug med ting ein kan seie at er kritikkverdig, men likevel er boka så heilt klart ikkje dårleg. Eg trur kanskje noko har med slutten av boka å gjere. Nokre likte den ikkje, men uansett, den er skummel. Til vanleg i kriminalromanar tenkjer ein: «Helten kjem til slutt fram.» Me berre veit at det kjem til å gå godt, kanskje fordi ein kjenner forfattaren frå før, eller kanskje fordi ein forstår ut frå oppbygginga at det er det det går mot. Her var eg i tvil, og om det gjekk bra eller ikkje vil eg ikkje seie noko om. Du må lese sjølv for å finne det ut.