Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir «action» hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at «Tony Hill is pykolog with education from Manchester». No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: «Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein.» I andre bøker tenkjer du: «What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren.» I nokre få bøker sit du og tenkjer: «Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!» Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

Bok: The Vanishing Point av Val McDermid

Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.

The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:

It’s every parent’s worst nightmare…

Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:

For a split second, Stephanie couldn’t believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
«Jimmy,» she shouted. «Jimmy, come back here.» Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
«My kid,» she shouted. «Someone’s taken my kid.» 

Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil – om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen – kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?

Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.

I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:

If you come to fame not knowing who you are, it will define you.

Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta. 

bok: flink pike av Gillian Flynn

Kan ein enkel, amerikansk journalist frå USA skrive ein fengande og heilt forferdelig uforutsigbar roman som kan få ein kvar lesar til å grøsse? Ja. 

Nick og Amy var eit nesten heilt vanleg ektepar, og frå utsida kan det sjå ut som om det meste er på stell. Etter å ha vore gift i eitt par år mister begge jobbane i New York og må flytte til Cathage i Missouri, Nicks heimstad. Sjette juli 2012 er Nicks og Amys femte bryllupsdag, men når Nick kjem heim frå jobben i baren er ikkje Amy i huset. Alt ser ut til at nokon har bortført kona hans, og av gammal vane mistenker nesten alle ektemannen.

Boka er skriven frå ein autoral synsvinkel, men likevel i første person. Både Amy og Nick får fortelje, og annankvart kapittel er frå Nicks synsvinkel og annankvart frå Amys. Dette gjer at perspektivet på alt blir betre og det er lettare å følgje fleire side av historia. Dette er eit genialt trekk frå forfattaren si side, for det gjer at denne boka, som mange vil seie er ein krim, skil seg ut frå andre bøker i sin sjanger. Det er få bøker kor lesaren får eit så godt innblikk i alt som skjer, men likevel er kjempespent på neste trekk.Sanninga lar vente på seg, men ulikt andre krimbøker er det ikkje berre gjerningsmannen som er fokuset, men òg motivet, noko som gir alt eit meir psykologisk preg.

Suksessfylte forfattarar har mange gonger ein tendens til å kopiere den største suksessboka og gjerne debutromanen. Victoria Hislop og Kate Morton er gode eksempel på dette. Du kan nesten alltid vite på førehand korleis bøkene er bygga opp. Ofte er det ei autoral framstilling i Hislops bøker. Det byrjar med ei historie frå nåtida der nokre fortel ei historie frå fortida om ei historisk hending, og hovudpersonen får alltid eit nytt perspektiv på livet. Kate Mortons bøker går mange gonger likedan, men likevel med meir frå nåtida. Her kjem alltid historia frå fortida fram gjennom vitne, brev og rykte. Noko av det som kanskje har gitt Flynn mest suksess er det at ho gjer det motsette. Kvar bok er som ny. Handlinga er uforutsigbar og ingen av bøkene er ein kopi av den forrige. Likevel kjenner ein igjen dei geniale særtrekka med gjennkjennelege personar og svart humor. Det er veldig lite som er sett på spissen i desse bøkene, og hovudpersonane er ikkje heltar eller skurkar. Alle er vanlege personar i miljø som ein kan kjenne seg igjen i på mange måtar, men som likevel er langt frå normalen. Om personane er normale kan ein òg diskutere. Ingen personar er like, og karakterane i Flynns bøker er like ulike som personar i den verkelege verda. Me kan kjenne dei igjen, sjølv om dei kanskje ikkje gjer det me vil sjå på som normalt. Me kjenner igjen typane, men det er overraskande trekk med alle, og psykologien og karakterane er noko av det mest intense og spennande i Flynns forfattarskap.

Men, kan den svarte humoren bli for svart? Kan det bli for grovt? Er dette på grensa? Eg elsker bøkene på grunn av alt det overraskande og intense. Dei er uvanlege, men ein kjærkomen forandring i ei rekke av bøker som har mange av dei same trekka. Flynn burde få sin eigen sjanger kalla opp etter seg. Krim er ikkje eit ord som er dekkande nok, for det er så mykje krim som er dårleg og rett og slett så forutsigbar at det blir kjedeleg. Humoren er ikkje for svart. Den passar bra, men det er likevel veldig avgrensa og aldri overdrive. Karakterane blir ikkje for utruverdige. Det meste er perfekt. Eg skal innrømme at då eg opna boka vart eg veldig overraska aller først, fordi det verka litt utypisk Flynn, men dette er Flynn i stor dose. Historiene bit seg fast, du blir ikkje kvitt dei. Dei er ikkje berre behagelege. Kven som helst kan byrje å grøsse når dei les og ser kor dette går hen. Av og til kan det verke som om heile slutten skal bli eit antiklimaks og femti sider utan store hendingar. Nei, det er spenning og intensitet fram til siste slutt du finn i desse bøkene.

Flink pike er så ulikt alt anna ho kan få blitt. Eg las ein stad at dei fleste forfattarane som er populære i Noreg er meir kjente her enn i heimlandet og at få er nasjonale bestselgjarar. Her er Flynn eit unntak. Ho er ikkje bare eit norsk fenomen som haustar skryt i Noreg. Ho er eit amerikansk òg, og flink pike skal ha vore årets krimsensasjon i USA. Gillian Flynn, ho kan ingen slå!

Boka er eit leseeksemplar frå Font forlag

bok: stryk meg over håret av Agnes L. Matre

«Kor går dette hen?» sat eg og lurte på etter dei første femti sidene. Det gjekk mot ei fin leseoppleving som vekka mange tankar i meg. Guro lir av bulimi, og korleis flyktar ein frå bulimi? Guros lege vil behandle henne for bulimien, men Guro trur ikkje på «ideane» til legen og bestemmer seg for å motsetje seg dette – ved å flykte. Ho reiser til Provence for å vere «selskapsdame» og hjelpe ei gammal dame som heiter Marie, og for å flykte vekk frå livet, eller den nært foreståande døden viss ho skal høyre på legen.

I innleiinga sat eg eigentlig ikkje med så mange tankar då eg las det, men etterpå tenker eg litt på denne legen, for i følgje boka skulle han ha sagt at Guro måtte ta grep om livet sitt. Riste litt i seg sjølve rett og slett, men det er vel noko av det vanskeligaste ein person med bulimi gjer. Eg tenker at doktorar er personar som er skarpe og kan ein god del av det som blir kalla vitenskap, men ikkje alle er vel like gode psykologar. Det er vel knapt nokon som kan hjelpe og forstå ein person med bulimi utan å ha opplevd det sjølve eller vite kva som ligg bak, for under dei fleste forhold ligg det vel noko bak sjukdommen og det ubehaget desse personane har i forhold til seg sjølve og mat.

Her viser det seg at det er ikkje nokon som har hatt bulimi som hjelper Guro, men derimot Marie og Dominic, ein som hjelper til på vingarden der Marie bur. Provence høyrest ut som ein sjeldan fin stad, det må eg seie, og at det kan vere freistande å reise til Frankrike for å «få bukt med problema» er fullt forståelig. Likevel, ikkje alt ordnar seg borte, og ofte kan svara vere nærare, uansett kor flotte menneske du har rundt deg.

Guro er ein svært interessant person å «bli kjent» med, og eg kjenner at eg er «fascinert» av sjukdomen og forrakten ho har for seg sjølve i tillegg til fortida hennar. Ikkje forstå det slik at eg skulle ønske eg hadde hatt anorexi eller bulimi, for det er bare fryktelig med slikt, men eg er fascinert fordi eg synes psykiske sjukdomar er fascinerande generelt. Eg synes at det er viktig at det ikkje er tabu og at samfunnet kan prøve å forstå og ta litt grep og at menneskesynet endrar seg frå slik det er i dag.

Eg synes boka er veldig aktuell, og spesielt sidan ho er for vaksne. Bøker om bulimi og anorexi er  det mange av, men flest fagbøker og ungdomsbøker. Eg trur vaksne kan bli obs på, ved å lese denne boka, at slankepresset som er i dag er stort, og til og med deira næraste venner kan vere ramma utan at dei veit det. Det er trist, men slik er det.

I innleiinga lurte eg verkeleg på kor dette gjekk hen, og svaret fekk eg. Det gjekk mot ei god bok med eit fint bodskap. Språket var bra og det var fine metaforar. Det var visse ting som skurra litt, som dei litt for stereotype personane. Særleg ei dame som heiter Wenche tenker eg var litt for overdriven i den eine retning, utan at eg vil seie noko meir. Det var òg noko som gjorde at boka ikkje kom inn på topp ti lista, men å setje fingaren på kva det var er vanskelig, og eg greier det ikkje heilt. Likevel, fascinerande og god bok.

Det var mange fine refleksjonar og samtalar rundt psykisk helse, bulimi og kristendommen som eg syntes gav noko ekstra til boka. Eg veit ikkje om denne appelerer til alle type lesarar, og kvinner er kanskje hovudgruppa av lesarar, noko som òg er naturlig i og med at bulimi og anorexi er meir utbreidt blant kvinner enn blant menn.

Boka er eit leseeksemplar frå Commentum forlag.

bok: mokka av Tatiana de Rosnay

Etter å ha lese alle dei tidligare bøkene til Tatiana de Rosnay på norsk og vore fornøgde med to av tre (bumerang og Saras nøkkel) I og med at huset du elsket ikkje var nokon stor suksess, var eg svært spent på mokka, men eg kan nå konkludere med at eg er nøgd med tre av fire!

Justine har eit tilsynelatande perfekt liv med to barn, ein mann som elsker henne og suksess i jobben. Likevel, det skal bare ei hending til for å velte livet til eit menneske, og det får Justine erfare. Malcome, sonen hennar, blir ein onsdag i mai påkjørt av ein Mokkafarga Mercedes, og livet er plutselig heilt annleis.

Justine er i djup sorg etter at han havna i koma og faren for at han skal dø er stor. Ho byrjar å distansere seg frå familien og ektemannen, Andrew, og ein altoppslukande jakt etter gjerningsmannen byrjar. Yrket som omsetjar, familielivet og alt anna blir skyve til side etter kvart som ho kjem nærare sjåføren i bilen.

I byrjinga av boka lurte eg verkeleg om Rosnay hadde bomma litt denne gongen. Det var nesten bare leddsetningar eller veldig korte heiltsetningar, rett og slett overdriven bruk. Det var ikkje slik at eg vurderte å legge boka frå meg, for eg har gleda meg til denne i lange tider. Likevel var det ei lita stund eg var litt usikker på om boka kom til å halde. Heldigvis betra denne delen av boka seg raskt.

Likevel, innleiinga var òg veldig brå, og heile byrjinga blei litt rar. I alle fall for meg. Det plar vere positivt at ein forfattar startar direkte på handlinga, men eg syntes ikkje det var meisterlig nok her. Den brå måten å starte boka på og leddsetningane og dei korte heilsetningane i tillegg gjorde rett og slett at innleiinga vart litt for dårlig etter min smak.

Uansett, bøker skrive av forfattarar som Rosnay må få ein sjanse, og eg vurderte ikkje å legge henne frå meg, for hovuddelen fekk boka til nye toppar.Her verka bygninga på setningane og handlinga meir naturlig og språk flaut betre. I tillegg blei boka litt meir spennande, sjølv om det meste er «psykisk spenning» og spenning rundt valet til Justine. Skal ho jakte på gjerningsmannen, eller skal ho ikkje? Eg synes dette dilemmaet og heile måten Justine oppfører seg på etter det som har hendt er er spennande, og den delen av meg som liker psykologi i bøker elska verkeleg denne delen. For andre kan det kanskje bli litt kjedsommelig og litt langdrygt, men viss handlignar frå Justine si side viser frustrasjonen og redselen.

Personane er kanskje litt stereotype, men ikkje så mykje at ein reagerer kraftig på det. Litt stereotypi er lov, og her brukes det som eit verkemiddel for å fram den sterke kjærleiken Justine har for Malcome. Det var ikkje noko punkt i boka kor spenninga var skikkelig høg, men slutten var fin og open. Ein sit igjen med mange tankar etter ei bok som dette, og viss ein vil, kan ein dikte vidare sjølv eller tenke seg til kva som skjer.

Boka er eit leseeksemplar frå Bazar forlag.

bok: lobotomisten av Eirik Huseby Sæther

Om hånden lokker deg til synd, så hogg den av. Det er bedre for deg å gå vanfør inn i livet enn å ha begge hender og komme til helvete.
Mark 9,43

Dette er bibelverset pastorsonen Johannes byggjer si overbevsining på, saman med psykologibøkene han les. Johannes har vokst opp med ein far som er pastor med krav om eit syndfritt liv. Ikkje bare har Johannes blitt hjernevaska av dette, han er òg oppteken av å redde andre frå helvete og bli kvitt synda deira. Det viktigaste for han er å kurere personar som har seksuell apetitt, og litt før jul 2010 finn han medisinen: lobotomering. For å gjennomføre det kidnappar han Kine, ei jente utan grenser, som han trur treng at nokon kurerer henne.

Politimannen som skal etterforske saka er Daniel Vinge. Første gongen me lesarar treff han i boka er på ein kafé i Oslo med kameraten Tom Stohl. Venskapet dei i mellom synes eg er veldig spesielt, men derimot interessant. Daniel er open, mens Tom er meir inneslutta. Eg fekk eit inntrykk av at tilliten Tom får av Daniel er betre enn tilliten Daniel får av Tom. Fleire relasjonar og personar i boka er prega av ulike tankar og livshistoriar, og det gir boka litt av preg av å vere ein psykologisk thriller på veldig mange område.

Dette er ikkje ei historie du les viss du trenger litt ekstra glede inn i livet ditt, eller viss du tåler veldig lite. Johannes» sine metodar er direkte ekle og avskylige, og detaljane er mange. Lobotomering var for meg eit ukjent fenomen før eg las denne boka, men baksideteksten og handlinga høyrtes så ekkel ut at eg første bestemte meg for at eg ville ikkje lese henne. Johannes verker for meg som ein urealistisk person på nokre måtar, men på den andre sida er det ein veldig interessant litterær karakter.

Eg hadde på forhånd, og i avtale med forfattaren, Eirik Huseby Sæther, tenkt å lese hundreogfemti sider, men deretter sette eg meg målet to hundre sider, noko som gjekk glatt. Sæther har eit godt språk, og det er ingen tvil om at han kan skrive. Metaforar, samanlikningar og gode skildringar gjer at ein får eit godt inntrykk av kva som skjer. Etter eg hadde lest ferdig boka, følte eg at eg «kjente» karakterane. Ingen av dei var sett på spissen, utanom Johannes. Likevel, etter desse to hundre sidene, då fleire og fleire ledetrådar kom for dagen, byrjar eg å lure på kor dette skulle hen, og skepsisen eg kjente då eg byrja å nærme meg 300 sider var nok dessverre noko som passa til deg eg følte då eg kom over side tre hundre. Slutten var overdriven, karakterane byrja å gjere veldg ufornuftige ting eg trur dei fleste verkelege personar ville ha spart seg, uansett kva slags livssituasjon dei var i. Fleire «forhistoriske» våpen, det er lite sannsynlig hadde blitt brukt i slike situasjonar, blei tatt i bruk. Avslutninga drøya for lenge, og det var den eg brukte lengst tid på å fordøye.

Johannes, som eg har nevnt før, kan vere ein person dei fleste føler er sett litt på spisen. Han er ein forholdsvis interessant person, og ein kan jo spør seg: «Finst slike personar der ute, eller er det bare forfattarens fantasi som har laga ein slik person. Bare for å gi eit døme, kan eg fortelje om ei undersøking som blei gjort i Tyskland om vondskap. Ein professor bestemte seg for å sjå kva eit menneske gjorde viss det hadde sjans til å gjere eit anna menneske vondt. Ville det vere forsiktig, eller ville det gjere det andre menneske mest mogleg vondt?
Til å hjelpe seg hadde professoren ein skodespelar bak eit forheng. Poenget i undersøkinga var at fleire personar skulle komme inn i eit rom og trykke på ein av to knappar, enten ein som gav ein person eit lite støt, eller eit stort støt. Alle som kom inn, trudde det gjekk ut på at dei skulle sjå kor mykje straum eit menneske tålte. Då dei trykka på ein av knappane, rykka skodespelaren bak forhenget til, som om han hadde fått straum i seg. Det personane som var med ikkje visste, var at undersøkinga eigentlig gjekk ut på kva dei gjorde viss dei fekk sjansen til å gjere eit mennske vondt, og skodespelaren fekk eigentlig ikkje straum i seg. (Skodespel) Det viste seg at alle utanom ein trykka på knappen som med mest straum.

Johannes er kanskje ein meir realistisk person når ein ser på denne undersøkinga. Får du sjansen til å gjere nokon andre vondt, så har du ikkje problem med å gjere det, uansett kor «snill» du er til vanlig. Likevel trur eg at i det verkelege liv, hadde Johannes fått påvist ein form for mental sjukdom. Alle dei vonde tinga han gjer, er så umenneskelige, at det burde på ein måte gå opp for han kva han gjer og at det mennskelige kjem meir fram. Det gjer det òg av og til, og om Johannes er ein realistisk eller urealistisk person, kan kvar lesar vurdere sjølv. Eg veit ikkje heilt kva eg synes, men det vippar nok mest over på urealistisk dessverre.

Språklig og gramatisk var boka svært bra. Skrivemåten er god, men litt «for vanlig» til tide. Kunne tenkt meg litt meir leiking med språket av og til, noko eg trur forfattaren har stor kapasitet til, for elles var den delen veldig bra. Dessverre gav ikkje denne boka meirsmak, og om eg les oppfølgjaren, leiemorderen, er framleis usikkart.

Det er veldig annleis krim, og er du på utkikk etter typisk påskekrim, er ikkje dette heilt boka. Du kan jo lese den i påska viss du vil, for den er ikkje bunden av ei spesiell årstid, men den er ikkje veldig klassisk. Meir nyskapande, men av og til treng med vil å lese slike bøker òg?

bok: mørke rom av Gillian Flynn

Alle menneske er forskjellige, og alle har noko unikt med seg i «bagasjen» i livet. I den litterære verda, er Libby Day ein av desse. Libby er kanskje den mest mutte, negative sjalu dama i Kansas City. Ein skal vere forsiktig med kva ein seier til Libby Day. Kritikk, ros, formaningar, same kva. Ho er noko for seg sjølve, og det mest fascinerande er at ein greier ikkje å vere på eit anna lag enn hennar.

Tjuefem år før Libby Day er der ho er når boka byrjar, blir familien hennar mydra. Både mora og dei eldre søstrene, Michelle og Debbie, blir brutalt drepne. Libbys storebror Ben blir peika ut som drapsmann, og Libby er med og reiser tiltale mot han. Dømt til fengsel som femtenåring blir storebroen sin skjebne.

Tilbake i nåtida til den trettieinårige kvinna på ein meter og femti centimeter, held plottet fram. Libby blir kontakta av ein klubb med eit så «passande» namn som the kill club. Trur i alle fall den heiter det, tilgi meg om namnet vart feil. Klubben består av personar som er besett av eldre drapssakar, og fleire av dei er påtrengande og direkte. Libby merkar at sjalusien aukar når ho ser at folk er interesserte i andre drapssakar enn bare hennar, sjølv om klubben har eigne folk som jobbar med drapssaka frå 1985.

Det er ei stor samling av menn og nokre kvinner som jobbar for å få Ben fri, i alle fall mange av dei gjer det, og for å oppklare saka ein gong for alle. Libby, som er i ein trang økonomisk situasjon, let seg ikkje overtale til å jobbe med saka før ho er sikker på at ho får nok pengar for det. Sjølve er ho sikker på at det var Ben, og det oppstår eit anspent forhold mellom Libby og dei fleste i klubben som jobbar med hennar sak.

Å gi seg i kast med noko så stort som ei drapssak er verkeleg vågalt. Mange amatører og eit offer som har stått midt i det til å oppklare noko er kanskje ikkje det mest smarte trekket menneska har gjort. I nåtida følgjer ein med på kva Libby tar seg til å for «oppklare» saka og sjå om Ben er uskyldig. Ho tar oppgjer med frykt og sinne, men er likevel ein veldig spesiell og kravstor person. Ho ber boka med seg, og ein forfattar som får lesarane til å føle sympati for ein slik person, skriv verkeleg godt.

Boka vekslar mellom Libby Days synsvinkel i første person frå nåtida og Patty Day, Libbys mor, og Ben Day, Libbys bror i fortida. Annankvart kapittel i frå nåtida og annankvart i frå fortida. I tillegg er annankvart kappitel i fortida med Ben, og annankvart med Patty, noko som gjer at boka har ein lett struktur å forholde seg til.

Skal eg seie noko negativt om kapitla i frå fortida, er det at kapitla om Ben kanskje er litt overdrivne eller kleine. Han er ein gut på femten med ein stor dose vilje til å gjere opprør mot familien. Mange drastiske val blir tatt, og han distanserar seg meir og meir frå familien og stiftar nye bekjentskap med dop, røyk, alkohol og «feil» vener. Litt romantikk er det òg i boka, i den grad du vil kalle ein sta og sjefete kjærast for ein romanisk person. Mange i det verkelege livet seier kanskje at jenta er guten i forholdet og omvendt. Dette kan ein få eit klart bilete av i boka. Diondras sterke vilje og måten ho styrer Ben på er kanskje ikkje veldig romantisk, samstundes som det er eit sterkt verkemiddel for å få lesarane nysgjerrige. Kva skjer med Ben? Korleis går det med han og Diondra? Kvifor let han Diondra kontrollere seg på den måten?

Det er mange tilbakeblikk på intime scenar i desse kapitla med Ben, og det er òg mange intime scenar i det som skjer «nå» i 1985. Eg tenker at nokre av dei kanskje er litt overdrivne eller unødvendige, men det er ikkje sikkert at alle andre synes det. Ein kan òg seie at Ben er ein forholdsvis svak karakter i forhold til litlesøstera si. Han har ein sterk vilje til å distansere seg frå familien, men tilknyttinga til Diondra gjer at han ikkje greier å halde på den sterke viljen ovanfor henne.

Patty er ei stressa firebarnsmor. Kapitla kan verke stressande av og til, og somme gonger drøyer dei kanskje litt vel lenge utan at det er så mykje som skjer. Derfor har nok kapitla om Ben ei sterka forteljingsevne enn kapitla om Patty. Me blir meir nysgjerrige på kapitla om Ben enn dei om Patty, sjølv om kapitla om Patty tar seg opp i løpet av boka.

Språket er det ikkje noko å seie på, og måten å fortelje på er fengande og gir ein lyst til å lese vidare. Noko eg likevel vil peike litt på er at drapsmetodane er litt overdrivne, og om noko slikt hadde skjedd i det verkelege livet er kanskje tvilsamt. Nå veit ein aldri, men for meg verka både drapsvåpen og drapsmetodar i boka veldig oppdikta og uverkelege. Likevel er det ikkje noko som gjer at leseopplevinga blir mindre. Dette er bare ein lite detalj ut frå det store bilete med konfliktar, drap, oppklaringar og andre saker som skjer i boka.

På ei viss tid kan ein føle at det skjer for mykje, men rett før det er i ferd med å bikke over grensa «for mykje» tar det seg inn igjen og lesaren vil puste letta ut over at det ikkje blir endå meir å forholde seg til. Boka er psykologisk veldig intensens for somme, og den kan vere både grotesk og fæl i visse delar. Viss du er litt var blod og drap og groteske handlingar, er ikkje dette boka eg først og fremst ville anbefale. Likevel, for dei som tåler slike ting, er dette er bok som bør lesast. Den tar deg med inn i ei forteljing som har fleire faktorar og ein løysning på ei sak du ikkje kunne funne ut utan å lese boka frå perm til perm.

bok: det blå rommet av Susan Henderson

Juritzen forlag 2012
322 sider
up from the blue: A novel

Det blå rommet av Susan Henderson er både trist, god, fengande og opprivande. Å sjå ei forteljing i frå synsvinkelen til eit barn er utruleg lærerikt og og meir spennande enn du skulle tru, fordi tankane til eit barn er så forkjellige i frå ungdommar og vaksne sine. Tankane og kjenslene eit barn kan ha rundt forskjellige foreldre, korleis dei er, oppfører seg og kor tilstadeverande dei er kan vere så mange, og hjå Tillie møter du eit barn som har nok å stri med.

Tillie elsker mora si. Ho elskar når mora kjem inn til henne på kveldane med ein kopp varm drikke på senga og breier over henne. Mora med raudt hår og fargerike idear er ufeilbarlig for Tillie. Derfor er det trist for Tillie at ingen andre liker henne. Ikkje naboar, ikkje kollegaen til far, Anne og til og med ikkje resten av familien. I alle fall ikkje like mykje som Tillie.

Tillie, faren, mora og Phil flyttar frå huset dei bur i til Washington, fordi faren til Tillie driv med noko viktig innanfor forsvar og navigasjon. Men i mellomtida, mens dei andre pakkar og flytter seg sjølve og sakene til Washington DC må Tillie vere hjå Anne. Ho liker ikkje Anne, som skal prøver å vise Tillie kor flink faren hennar er, kor viktig det er at Tillie er snill pike og ander saker som Tillie synes er uviktige. Noko av Tillies motstand til Anne grunnar òg i at Anne heile tida prøver å anstrenge seg for at Tillie skal ha det bra, prøver å vere oppmerksam og vise omsorg.

Når Tillie kjem til Waschington er ikkje mora der. Faren og Phil er der, i god forfatning, men ikkje mora. Tillie spør og grev, ho utforskar huset saman med veninna Hope og ho prøver å tenke gjennom kva som er sannsynlig. Ingenting er viktigare enn å finne mora, og ein dag gjer ho det, men ting er ikkje alltid som ein trur først.

Mange år seinare er Tillie gravid. Ho er har rier, ringen faren og kjem seg til sjukehuset. Inne på sjukehuset kjem minner frå barndommen tilbake. Minner om mora, barndommen, faren og Phil. Det er bare tre eller fire kapittel som føregår i «nåtida,» men likevel synes eg at det avgjerande for om boka var god eller ikkje. Korleis Tillie hadde det etter dei traumatiske opplevingane i barndommen er på mange måtar viktig.

Tenk deg at ein forfattar skriv ei bok om ein som blir mobba, tenker på sjølvmord og har eit vanskelig liv. Viss denne personen på ein eller måte blir redda før sjølvmordet skjer, er det ikkje då litt greit å vite korleis han eller ho har det kanskje ti eller tjue år etter? Har dei det framleis vanskelig? Har dei kome over det? Går dei til psykolog? Har dei familie eller ikkej? På mange måtar seie dette kor påverka ein person har av fortida, og det liker eg i boka. Derfor synes eg at dei få kapitla med Tillie som vaksen var noko som krydra boka meir enn ein skulle trudd.

Boka er veldig lett skriven. Sidene er litt over tre hundre, og det skal ikkje meir enn nokre dagar til for å komme seg gjennom, viss det ikkje er nokre veldig travle dagar vel og merke. I og med at nesten heile boka er skriven frå synsvinkelen til eit barn er orda lette og ordforrådet er ikkje det beste, men det gjer ikkje noko. Eit barn høyrer ikkje til å bruke vanskelige ord, og derfor er det meir verkeleg med enkle ord og eit litt mindre enn normalt ordforråd.

Eg synes at forholdet mellom Tillie og dei andre i familien er ganske spennande. Faren verkar på ein måte fråverande, sjølv om det ikkje står med reine ord nokon stad i teksten. Han er veldig ordentlig på ein måte som gjer at me, gjennom Tillie sine tankar, mislikar han litt. Phil er den som skal tilfredsstille faren. Han er rolig, gjer som han får beskjed om og protesterer aldri. Likevel er overflata bare løgn, for temperemantet kjem tydelig til uttrykk av og til. Særleg når mora blir nemnt eller Tillie rosar mora. Tillie har eit nokså bra forhold til både faren og broren. Kanskje ikkje veldig sterkt, men faren slår henne ikkje, broren mobbar ikkje og sånn sett er livet bra.

Det som gjer at alt dette får ein skugge over seg og det høyres litt verre ut enn det er, er det at Tillie lengtar etter mora. For henne gjorde ikkje mora noko gale. Dei mørke sidene til mora blir lyse og positive for Tillie når ho er frå mora. Kjærleik gjer blind er vel noko som heng saman med dette. Og når alt dette «positive» mora gjorde mot Tillie, er alt som er forksjellig i frå dette «negativt» for henne. Faren og broren greier ikkje å fylle opp plassen mora har, og dette utgjer ein viktig faktor for at boka skal bli bra.

Mange av personane blir framstilt veldig stereotype, men for ein gongs skuld er det postivit. For når du skriv gjennom synsvinkelen til eit barn, skal du «tenke som eit barn.» Barn sorterer ofte i dum og grei. Kanskje du har fått litt meir perspektiv på ting når du er sju år, men det er framleis ein alder der dei du ikkje liker er dumme og det bare er negative sider du forbind med dei, mens dei du liker har bare positive sider. Særleg om du har opplevd mykje tidligare i livet. Dei einaste som ikkje blir heilt svartmåla er faren og broren, mens Anne, kollegaen til far, er «dum» og mora er «grei» for Tillie.

Boka har ikkje noko spesielt spenningspunk, det er ikkje noko klimaks, men eg saknar det ikkje så veldig heller. Kanskje litt, men du ser kva som kjem på ein måte, men på ein annan måte ikkje. For korleis går det med Tillie, kvar skjer mellom henne, faren og Phil, kva tenker ho når ho blir eldre?

Dette er ei bok om tankar som er heilt naturlige for barn når ein av foreldrene plutselig blir borte. Spørsmåla Tillie sit inne med er eg heilt sikker på at andre barn òg av og til vil spørje om. Sjølv om barn på sju, åtte, ni år er flinke til å forstå, kan spørsmål som dette vere vanskelige. Alle normale barn lurer på kva som skjer når ein forelder blir borte, men dei er ikkje dumme som ikkje forstår. Likevel trur eg at noko av feilen dei vaksne i denne boka gjer er at dei ikkje fortel Tillie noko. Tillie skal vere uvitande. Ho tåler det ikkje. Eg trur barn må få høyre sanninga, om enn ikkje den brutale og absolutt alt, så ein liten del, for viss ikkje blir dei gåande rundt og gruble på kva som skjer.

bok å lese i påsken: 13 gode grunner av Jay Asher

Ei sterk bok om sjølvmord, minner og skyldkjensle


Du kan ikke stoppe framtiden. Du kan ikke spole tilbake fortiden. Den eneste måten å avsløre hemmeligheten på er å trykke play … På vei hjem fra skolen finner Clay Jensen en pappeske med kassetter utenfor trappa si. Kassettene er fra Hannah Baker, en jente i klassen hans som døde 14 dager før. Han vil ikke ha noe med disse kassettene å gjøre. Hannah er død. Og hemmeligheten hennes bør bli begravd med henne. Men så hører han Hannas stemme si at han er en av de 13 grunnene til at hun er død. Gjennom hele natten lytter Clay til Hannas stemme, han blir guidet rundt i den lille hjembyen … og oppdager på veien noe som forandrer livet hans for alltid

Eg gråt ikkje då eg las boka. Eg snufsa ikkje og kjente ikkje at det sveid bak augelokka. Det var ikkje den typiske grineboka der tårene mine renner. Eg grin lett og særleg med ei bok eller ein film, men denne gongen gjorde eg ikkje det. 
Likevel var historia veldig godt fortalt. Me høyrer Hannas stemme gjennom heile boka, mens me i mellomtida òg veit kva Clay gjer og høyrer hans kommentarar til det ho seier. Spenninga er i heile boka, på kvar side, kvart avsnitt, kvar setning og kvart ord. Det er ei litt uhyggjelig spenning, men samstundes er ho god. Når du les denne boka får du den der kjensla av at dette er bra, dette er eg inni, dette er noko eg vil lese vidare på. 
Både Clay, Hanna og alle dei andre boka er om er det interessant å lese om og «bli kjent med.» Det var god påskelektyre og ei bok som er til ettertanke. Banneorda hopa seg absolutt ikkje opp i det heile tatt og i motsetning til andre ungdomsromanar har denne eit veldig viktig bodskap som får tankegangen til å ta ein anna veg enn dei typiske ungdomsromanane. Det er sunt med bøker som dette, heilt sant. Ungdommar treng noko anna enn alkohol, sex, festar, kjærastar og banning å tenke på. Dette er ei bok utanom det vanlige.

Vil ikkje kalle det for krim, meir ein psykologisk thriller. Får tankane til å kverne! 

Det var dessverre ikkje noko klimaks i boka, men det trengtes ikkje. Boka var spennande nok i seg sjølv. Og så er omslaget så NYDELIG og spesielt og på ein måte litt einsamt. Bitte litt trist og søtt. Eit omslag som kunne fått meg til å plukke opp boka bare pga det. ANBEFALES!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!!