Rohde, Hanne Kristin: Mørke hjerter (Kagge 2014)

Første tanke då eg opna boka: Har forfattaren sendt inn førsteutkastet? Den var nok litt frekk, men for å byrje med mMorke hjerter_STORbyrjinga, og rett på, kan eg berre seie at første del av boka kan oppsummerast rotete og uoversiktleg. Den hemmes av dårlege skildringar, eit tempo som lesaren ikkje kan følgje med på og dårleg språk. Hanne Kristin Rohde er heile Noregs politikjendis, og i kriminalromandebuten hennar har ho overlatt ansvaret for avdelinga for Volds- og seksualforbrytelser til Wilma, hovudperosnen i romanen.

Wilma er gift med Ole og mor til to gutar. Familielivet får litt plass i romanen, men langt frå like stor plass som jobben. Som mange andre kriminalheltinner står ho ovanfor ein interpersonleg rollekonflikt. Familien vil ha henne heime, medan kollegane vil ha henne på jobb. Presset blir stort, og midt oppi det heile greier Rohde å legge inn «budsjettkrise» i politiet og ein visepolitimeister som ikkje forstår ein dritt. Det ho står midt oppi er tre drap og fleire valdtekter i Oslo, og alt tyder på t det kan vere knytt til menneskehandel. Eit nokså klassisk plott vil eg seie, og ein smule uoriginalt? Måten forfattaren legg det opp på er i alle fall ikkje særleg uvanleg, og eg synes eg kjenner masse igjen.

For nokre veker sidan var eg på såkalla bokbad på Sølvberget. To islandske forfattarar, Jón Óttar Ólafsson og Yrsa Sigurdadóttir, og ein norsk forfattar, Hanne Krirstin Rohde var med. Der fortalte Rohde ein del om hennar tankar rundt boka. Blant anna sa ho at det som skjer i boka er ikkje noko som har skjedd i røynda. Ho bruker ikkje saker ho har vore med på å løyse i romanen sin. Noko anna ville eg heller ikkje ha venta av ein seriøs og profilert jurist som Rohde. Ho sa òg at boka var som eit kinderegg. Det er tre ulike sider ved den: Sjølve saka om menneskehandel, om det å jobbe som leiar i politiet og litt kritikk til politikarane. Eg må forsåvidt seie at dette har ho klart, men eg synes at noko kunne vore tona meir ned. Sjølve saka kom ikkje så godt fram, og det vart veldig mykje fokus på budsjett, dumme sjefar og administrative problem. Om det ikkje sa stopp i prova, var det alltid noko med pengar eller sjefane som stoppa vidare etterforsking. Eller sagt på ein annan måte, dei har alltid nye bevis og etterforskinga flyt fint. Utan pengeproblem hadde det nærast ikkje vore nokre vanskar i saka. Det gjer det veldig stilleståande.

Rohde nemnar òg at ho ikkje overdriver når ho legg så mange valdtekter og drap inn i ein kriminalroman. Kvardagen i Oslo er verre. For meg, som berre kjenner Oslo som Karl Johan kan dette vere ein rar tanke, men eg trur det så gjerne. Det er berre det at når du er så langt borte frå det, så er det ikkje slik du tenkjer på. Akkurat som drapssaker i det verkeleg Oslo er litt fjernt for meg, er òg drapssakene i denne boka veldig fjerne. Det var vanskeleg å følgje med og lite oversiktleg. Likevel er Wilma ein framragande etterforskar som det er lett å bli glad i. Lesaren vil støtte henne i kampen mot drapsmannen og Tone Bylien, den «fryktelege» visepolitimeistaren.

Første setning i innlegget, Har forfattaren sendt inn førsteutkastet?, var som eg skreiv litt frekk. For boka har sine gode delar. I tillegg var prologen nervepirrande og bra. Hadde ho berre haldt den gode skrivinga frå prologen gjennom heile boka, hadde eg vore veldig nøgd. Då hadde jo alt vore vel og bra, men resten av boka er ikkje vel og bra. Den er treig og heng seg alt for mykje opp i byråkrati. Uansett, Wilma er ein spanande karakter. Rohde fortalte i Stavanger at ho ville at karakteren skulle vere eit vanleg menneske. Veldig mange hovudkarakterar har rusproblem, farlege sjukdommar, eit tusentals fiendar og store kjæreste- og ekteskapsproblem. Det har ikkje Wilma, i alle fall ikkje rusproblem. Ekteskapsproblem, nja?Boka teg seg opp etter kvart. Byråkratiproblema blir litt nedtona, heldigvis, og saka kjem meir i fokus. Vanlegvis ville eg sagt at politiromanar bør vere realistiske, men no har eg funne ut at for realistiske er òg ei felle. Spenninga ligg mykje i det etterforskingsarbeidet som er på grensa til å vere urealistisk. Sjølv om Rohde skildrer politimiljøet bra, kan likevel lesaren synes det blir for lite action og for lite aha-opplevingar.

Boka er ikkje berre ein fiasko, den er sånn middels. Rohde har eit utkast til ein ny roman om Wilma heime, og eg kjem truleg til å lese den, om ikkje anna for å sjå om ho har gjort det betre. Mykje verre enn dette bør ho ikkje gjere det for at det skal bli for dårleg.

Boka er leseeksemplar frå Kagge Forlag.

Yndestad, Monika N: Jentene fra balletten (Vigmostad Bjørke 2012)

Ikke alle er tilliten verdig. Noen misbruker den grovt

Desse orda frå omslaget på Monika N. Yndestads bok Jentene fra balletten er noko av det som har sett seg fast hos meg jentene_fra_balletten-yndestad_monika_nordland-20904489-frntletter at eg las kriminalromanen hennar, som òg er hennar debutroman. Tidlegare journalist i Bergensavisen, Monika N. Yndestad, er for tida aktuell med si andre bok om Alice Bratt, òg ho journalist i BergensavisenGapestokk kom ut på Vigmostad & Bjørke i januar 2014, og har til no fått gode bokmeldingar i fleire aviser og nettaviser. Sidan eg har bestemt meg for å lese tidlegare romanar av nokre av dei som gir ut i år, stod Jentene fra balletten på leselista mi, og endeleg fekk eg lese henne.

Eg trar ho har vore på rommet mitt før, lege på pulten og venta på at eg skulle opne ho og byrje å lese. Det skjedde ikkje. Eg leverte henne tilbake til biblioteket, fordi det var så kort freist og eg ikkje fekk tid. Eg skal innrømme at eg nølte litt, for eg hadde så store forventningar og ville ikkje at dei skulle bli knust. No i januar lånte eg henne igjen og fekk meg til å opne henne og lese. Eg angrar ikkje. Forventningane mine var skyhøge, og eg hadde bestemt meg for at eg skulle lese denne før Gapestokk, ta det i frå riktig kant denne gongen.

Vigmostad & Bjørke har vore heldige når dei har fått Monika N. Yndestad på laget. Ho skriv samfunskritisk, ho skriv aktuelt og ho har ikkje minst eit spennande plott. Mina frå Os er ei heilt vanleg jente. Ho er ein av dei andre ungdommane frå Os. Ho er skuleflink, hyggjeleg, har mange venner og trivst på den lokale ungdomsklubben. Kven skulle trudd at eit sykkevelt ikkje berre skulle føre til skrubbsår og brukken fot, men òg eit velt av tilveret og uslettelege sår på sjela? Ikkje Mina, men kanskje lesaren forstår kva som skjer. Det er litt forutsigbart, og særleg når Alice Bratt byrjar å nøste opp i saker om «Jenter fra balletten». Mina blir ei av dei. «Jentene fra balletten» er tilsynelatande velluka jenter som nesten endrer seg over natta. Dei kjem borti rus, skulkar skulen, og alt det som dei var tidlegare er borte. Borte er smilet, vennene og fritidsaktivitetane, og igjen sit skuggen deira. Kva har skjedd med jentene?

Nei, det er ikkje ein fantasy-roman kor nokon kastar ein formel over jentene og kontrollerer dei, noko eg ikkje trur de trudde heller, men ein skulle trudd det var det som skjedde. Kva får ungdommar til å dette heilt saman, miste livsgnisten og alle framtidsdraumar? Kriminalromanen er, som nemnt, veldig samfunnskritisk. Det som på fint før vart kalla «Sedelighetsforbrytelser», men som no går under det litt lettare namnet «Seksualforbrytelser» er eit av fokusa i romanen. Kva skjer når folk ikkje trur på det du seier? Kva skjer når ein person med tillit trår over ei grense og viser seg å vere eit usselt, sadistisk menneske med meir i tankane enn å hjelpe ungdomsjenter? Yndestad langer ut mot Bergensavisen, politiet og andre tillitspersonar i denne boka. Journalisten Alice Bratt får ikkje dykke ned i saka om «Jentene fra balletten». Politiet handlar ikkje. Ofra er ikkje truverdige. Ingenting går som det skal, og alt bygger opp mot eit fartsfult klimaks på slutten.

Klimakset ja. Det skal vere spennande. Det skal vere nervepirrande. Det skal vere høgdepunktet i boka kor det avgjerande skjer. Likevel skal det òg vere oversiktleg. Det skal ikkje vere for handlingsmetta. Yndestad har teke med alt for mykje. Ikkje berre er det fleire dødsfall, men òg ei kidnapping, ei redning og ei rettssak og ei løysning på gåta. Plutseleg blir alt heilt fullstendig trist og tragisk. Alt skjer på ein gong. Lesaren blir så utruleg metta på triste og tragiske hendingar at det går ut over kvaliteten på avslutninga. I tillegg er romanen veldig forutsigbar. Eg skreiv det over her òg. Ein forstår fort kva som skjer, og kva som er årsaka til at Mina og fleire jenter frå Os blir såkalla «Jenter fra balletten». Mange meiner kanskje det er litt spoilarar i dette innlegget, men eg synes ikkje det, for det er spoilarar i sjølve boka, og det er få overraskingar. Likevel er det driv i boka. Språket flyt fint og inviterer til nye oppdagingar og «openberringar» for lesaren.

Romanen har handling frå Hordaland. Dei fleste nemnte stadene ligg i eller ikkje langt i frå Bergen. Hovudhandlinga er i Os, sør for Bergen. Det er her «Jentene fra balletten» kjem frå. Sjølv har eg aldri vore i Os, men eg kjenner nokre som bur i kommunen. I tillegg er Åsane nemnt, ein bydel i Bergen. Det er berre i byrjinga i samband med ei bussulukke, men grunnen til at eg hengte meg opp i dette, var at einaste gongen eg har vore i Åsane var då eg sat i buss. Me stoppa på busstasjonen der. Likevel har boka fleire kjenneteikn frå Bergen, til dømes at dei konsekvent seier «Jenten». Typisk Bergen-dialekt. Som dei fleste kanskje veit er det ikkje hokjønnssubanstantiv på bergensk. Dei som elles ville vore hokjønn i mange andre dialekter blir her til hankjønn, noko språket ber preg av. Nokre vil kanskje seie at det er ein liten detalj, men som lesar må eg seie at det gav meir nærleik til romanen og staden det foregår på. Eg kunne nærast høyre bergensdialketen inni meg då desse tilfella kom.

Boka tiltalte meg på mange måtar. Temaet var noko eg interesserte meg for, og hovudpersonen var to år yngre enn meg. Alt vart veldig nært. Eg trur òg at romanen vil vere sterk for dei som ikkje er ungdommar, for språket skapar nærleik. Boka er på under fire hundre sider med små kapittel, så ho er lett overkommeleg. Verdt å plukke opp!

Bok: I natt er du død av Viveca Sten

Dette året har eg bestemt meg for å gjere noko nytt. Det er ikkje eit veldig vanskeleg mål, men rett og slett noko eg berre Sten_INattErDuDodmå bli betre på. Nemleg prøve å starte med bok ein i kriminalseriar, i staden for midt i. Eg er heilt umogleg på det området. Byrjar med den siste boka, og les så bok nummer fire og så bok nummer tre, og så går det vidare slik. Ingen rekkjefølgje. På grunn av dette prøver eg å lese bøker av kriminalforfattarar som dette året kjem med nye bøker. Første i rekka var I natt er du død av Viveca Sten. Seinare i år kjem neste bok på norsk, I kampens hete.

Viveca Sten er ei av mange krimdronninger frå Sverige. Øvst på boka står det Sveriges nye krimdronning, ein tittel dei fleste krimforfattarar frå Sverige får, om bøkene blir gitt ut i andre land. Det at det ikkje er ei underskrift under, men berre forlaget som har skrive det, gjer meg litt skeptisk til slike titlar. Det er eit godt salstriks, og det trekk lesarar. I tilegg det litle sitatet frå ei bokmelding utanpå. Likevel, grunnen til eg plukka opp boka var for å teste ut forfattaren litt før den nye boka kom. Plottet er ikkje uvanleg for ein kriminalroman, særleg ikkje for ein ny kriminalroman. Hovudpersonane skal, etter det som står bakpå, vere politimann Thomas Andreasson og jurist Nora Linde.

Romanen byrjar med at Marcus Nielsen blir funnen hengt i leiligheita si. Alt tyder på at det er sjølvmord, men som dei fleste som les krim veit, er alle sjølvmord i slike romanar konstruerte. Politimannen Thomas, som skulle vere prega av ei oppleving for seks månadar sidan, kjem tilbake på jobb og arbeider med saka saman med politikvinna Margit. Nok eit tospann i kriminallitteraturen, som etterkvart får fleire mord å etterforske og ei sak som blir knytt til ein milletærleir på Korsö. Handlinga byttar mellom etterforskinga av morda og Nora Lindes tilvere på Sandhamn, ikkje langt frå Korsö. Ho har snart vore separert i eit år og slit med bitre tankar og saknet etter barna når dei er hjå faren sin.

Kriminalromanen er ikkje så heilt dum. Likevel, eg saknar ein del, og eg reagerer på ein del. Eg kan jo nemne først som sist at det er litt irriterande skrivefeil i boka, ikkje berre grammatiske, men òg feil namn av og til og litt omstokking av bokstavar. Dette aleine gjer ikkje at ein kriminalroman blir verre, men det er utvilsamt noko som irriterer ein. Det andre er at intrykket eg fekk av karakterane før eg byrja å lese var feil. Boka skulle vere om politimann Thomas Andreasson som fekk hjelp av juristen Nora Linde, men den hjelpa var ikkje stor, og eg kan ikkje hugse at ho overleverte det ho fekk vite til Thomas. Han fann det ut sjølv. Det er litt av ei hjelp må eg seie. Det andre er at innsatsen hennar ikkje var formidabel. Ingen kunne ha gitt henne ein pokal for den. Ho kunne heller fått pokalen for å sutre mest over ei skilsmisse.

Nei, eg tek ikkje lett på skilsmisser. Tvert i mot. Men at store delar av boka blir brukt på ein karakter som deppar over eks-mannen og er nyforelska, nei, det tek eg heller ikkje lett på. I alle fall når boka kunne ha vore den same utan denne karakteren. Likevel er Viveca Sten litt tilgjeven for å ha putta Nora Linde med i denne romanen, for det verkar som om ho får ei langt meir sentral rolle neste roman, om ikkje baksideteksten er like misvisande då. Teksten bakpå I natt er du død er i alle fall misvisande.

Etterforsker Thomas Andreasson graver seg ned i saken, og blir rask overbevist om at dødsfallet neppe var selvforskyldt. Men er Thomas egentlig klar for et krevende oppdrag? Det er bare seks måneder siden han var døden nær da han gikk gjennom isen utenfor Sandhamn

Lesaren får høyre historia om då han gjekk gjennom isen, men eg kan ikkje seie han var så veldig prega av det. Han fungerte heilt fint. Han sov, gjorde arbeidet sitt, tenkte rasjonelt, og når avslutninga kom var det ikkje noko der som kunne leie tilbake til hendinga som det står om i baksideteksten. Karakterane kjem ikkje lesaren veldig nære innpå. Me får lese om traumatiske opplevingar, men utan å bli rørt.

Boka er ikkje original. Den er keisamt vanleg. Det er ikkje noko fargerikt språk. Det er ikkje noko nytt ved plottet som ingen andre krimforfattarar har tenkt på, og det er heller ikkje noko uvanleg ved karakterane. Språket er bra, men utan det litle ekstra, og som eg nemnte over her, var ikkje alltid rettskrivinga heilt på plass. Romanen er godkjent, men den er milevis frå toppen, og i alle fall milevis frå banebrytande. Det verker som om forfattaren ikkje vil noko anne med kriminalromanen enn å skrive ein kriminalroman.

Bok: Menn som hater kvinner av Stieg Larsson

Eg kjem som vanleg halsande etter med eldre bøker alle andre har lese for mangefaldige år sidan. Stieg Larsson døydde Menn-som-hater-kvinner_hd_imageberre femti år gammal i 2004, men vart først utgitt i Noreg i 2006. Altså ei litt eldre bok, men slik er det av og til. Eg las berre barne- og ungdomsbøker i 2006, og då må eg søren meg ha lov til å lese bøkene som kom ut for vaksne på den tida, i alle fall dei gode. Eg har litt å ta igjen, men kan vel seie at dette er ei byrjing. Har langt i frå tenkt å lese alle. Uansett, Menn som hater kvinner er veldig kritikarrost og har fått fleire seksarar på terningen, og eg har alltid tenkt at før eller sidan må eg ta opp boka og lese henne. Kva som fekk meg til å gjere det no? Rett og slett mangelen på lesestoff. Det høyres rart ut, for i mange veker har eg hatt ein stor haug, men den har minka og minka, og no sat eg igjen med nokre reserverte bøker på biblioteket. Første gongen eg la skikkeleg merke til boka var kanskje for nokre år sidan, då eg vaska i hylle i biblioteket heime og såg to bøker av Stieg Larsson stå der. Det vart til at eg las bakpå, fann ut at det var krim og sette det tilbake. Ikkje fordi det var krim, men fordi at akkurat då las eg ein del andre spennande bøker. Det som kanskje forundra meg mest var å sjå ein kriminalroman i hyllene heime, for eg er den einaste som verkeleg liker kriminalromanar her.

Eg vart minna på bøkene i Frankrike i sommar. Me budde i overetasjen på eit hus me leigde av ein skotte, og han hadde bokhyller i huset, noko ein bør ha, men det var ikkje mange bøker der. Dei fleste bøkene deira låg under bordet og handla om vin. Det var ikkje bøkene om vin som interesserte meg mest, men det store talet på bøker som var skrivne av Stieg Larsson. Han har berre skrive tre bøker, men dei hadde to eksemplar av The Girl with the Dragon Tattoo (Menn som hater kvinner) med to forskjellige omslag. Dei hadde fleire eksemplar av dei to neste i serien på engelsk, i tillegg til at dei hadde samtlege bøker på fransk. Det minna meg på at desse bøkene  bør eg lese. Det som verkeleg fekk meg til å ville lese dei var nyhenda om ei ny bok i serien. Forfattaren døydde i 2004, men no har forlaget latt ein annan person skrive den fjerde boka. Kva tenkjer eg om det? Eg veit ikkje, men eg trur eg hadde blitt mektig irritert om nokon hadde skrive den siste boka i Harry Potter-serien ferdig, og den «nokon» ikkje var Rowling, men så er jo det ein serie ein bør lese frå A til Å og som henger saman.

Mikael Blomkvist er ikkje ein typisk krimhelt. Han er journalist, noko som er litt krimaktig, men han er ingen typisk krimhelt på den måten at han søker ikkje oppdraget sjølv. Han har ikkje noko sterkt ønske om å løyse gåta, og han finn ikkje gåta sjølv. Den blir gitt han av ein annan. Vanlegvis kjem journalistane til ein ulukkesstad, skriv om saka og byrjar og interessere seg meir enn godt er. Dette er litt motsatt. I 1966 forsvann ei seksten år gammal jente ved namn Harriet Vanger frå Hedestad. Ho forsvann frå jordas overflate. Mange år seinare vil den tidlegare direktøren i Vanger-konsernet, Henrik Vanger, finne ut kva som skjedde med brorens barnebarn. For å gjere det hentar han inn nettopp journalist i Millenium, Mikael Blomkvist. Blomkvist har tidlegare skrive ei bok kor han går til angrep på finansjournalistar i Sverige, og han er kjent for å kritisere dei for den lojaliteten dei har til direktørar i store firma. Rett før Henrik Vanger kontaktar han, har han blitt dømt for å ha æreskrenking av ein finansmann, Wennerström som eig det store selskapet Wennerström Group.

Blomkvist er først avventande og meiner at han neppe kan finne noko nytt stoff om forsvinninga etter så mange år, men med ein krønike om Vanger-familien som dekke for det han driv med, set han i gang og prøver å finne nye spor. På den andre sida har me ein endå meir «utypisk» (dårleg ord) karakter i ein kriminalroman. Lisbeth Salander er blant Sveriges største hackarar. Ho er sær, distansert og asosial. I tillegg er ho umyndiggjort og har eit nokså ambivalent forhold til sin nye verge. Likevel kan ho bidra med noko. Ho kan bidra med inngåande undersøkingar og rapportar av folk og vise eit meir nyansert bilete av dei største heltane og dei verste skurkane.

Boka er på ca. 550 sider. Det er 550 sider med spenning, uro og nervepirrande opplevingar. Stieg Larsson tek deg med «dit». Det er levande skildringar med ord som gjer at me kjenner igjen stemninga og automatisk knytter stadane til stader me kjenner frå vårt eige liv. Det er ingen tvil om at Larsson er ein stor forfattar. Måten han kontruerer plottet på og let lesaren sitje tilfredsstilt igjen etterpå. Måten han skaper truverdige karakterar på som kven som helst kan skape eit forhold til. Måten han tek lesaren med til stader på og held han eller henne der, heilt til siste slutt. Det er meisterleg.

Mikael Blomkvist er spesiell. For det første har han eit nokså fritt forhold til kollegaen Erika, eller Ricky som han kallar henne. For det andre er han han ein veldig uvanleg kriminalkarakter, på den måten at han ikkje er på jakt etter action og spenning. Han har ikkje lyst til å løyse noko mysterie. Til vanleg er hovudpersonen i kriminalromanar veldig glad i å løyse gåter og få mysterier. Det er òg dette med at han sjølv ikkje bestemmer seg for å finne ei gåte å løyse, men at han får ein invitasjon som avgjer plottet. Det er eit såkalla «Rags-to-riches»- plot. Scarlett Thomas, førelesar i Creative Writing ved The University of Kent og forfattar av fleire romanar, skriv i boka si Monkeys with Typewriters:

In rags-to-riches plot we meet a young, innocent individual who is oppressed in some way, often in a domestic setting. This character then receives a special invitation.

Monkeys with Typewriters side 136

Det er to ting i skildringa som ikkje stemmer heilt med boka. For det første er ikkje Mikael Blomkvist ung. Han er ikkje eldgammal, men 43 år er ikkje ungdom lenger. For det andre er han ikkje direkte uskuldig heller, sidan han har blitt dømt til tre månadars fengsel for æreskrenking av ein bedriftsleiar. Likevel er han uskuldig på den måten at han hadde gode intensjonar, og han vart lurt. Noko anna er den spesielle invitasjonen. Han får ein spesiell invitasjon til å løyse eit mysterium og skrive ein familiekrønike. Han er «undertrykt» på den måten at retten har dømt han for noko han vart lurt til å gjere, og han er ikkje i ein posisjon der han er dominant. Undertrykt er kanskje litt sterkt, men det er i nærleiken. Ein rik person tek seg av han, og han får invitasjonen av ein rik person, det er viktig i denne samanhengen. Det skjer òg i ein nasjonal samanheng/innanrikssamanheng.Likevel går ikkje ei bok berre under eit plott, det kan gå under fleire. I dette tilfellet er det. Det fell delvis under «Stranger Comes to Town». Mikael Blomkvist er ny i Hedebyön der Vanger-familien er busett. Først blir han møtt med mistillit, og han blir mistforstått. Det er ikkje noko veldig stort mysterie ved han, men dei lurer på kven han er og kvifor han eigentleg er der. Likevel forstår mange gradvis at han endrer liva deira til det betre.

Det var to plott. Det tredje er plottet «Mystery» som me berre kan kalle mysterieplottet.

Mystery is probably the most fundamental basic plot, and perhaps the most well-recognized. After all, every narrative contains mystery. Mystery is the engine that powers every story. We open a  ooh and we are confronted with mysteries.

Monkeys with Typewriters side 154

Det er klart at ein kriminalroman har eit mysterieplott. Det er det det dreier seg om, og løysninga er ein av grunnane til at ein les boka. Ein plukkar den opp, les bakpå og tenkjer: «Lurer på korleis dette går.» Det er sjølve drivkraften i denne boka. Kva skjedde med Harriet? Kva skjuler Wennerström, om han skjuler noko? Kvifor er det så mykje inre splid innad i Vanger-familien? Alt er spørsmål ein vil ha svar på i slutten av boka, og Stieg Larsson knyttar fleire trådar saman til ein på ein ypperleg måte. Karakterane er i tillegg beundringsverdige, og ein forstår motiva til dei fleste av dei.

Alt i alt, god litteratur, og eg er glad eg byrja på boka. Det einaste eg kan setje fingaren på er at det er litt urealistisk mange gonger, og då meiner eg ikkje nødvendigvis småting. Til dømes stemmer ikkje alle arbeidsmetodane deira heilt med røynda.

Bok: Det henger en engel alene i skogen av Samuel Bjørk (pseudonym)

Det henger en engel alene i skogen av «Samuel Bjørk» er den første boka skrive under pseudonym som har blitt nominert til Bokhandlarprisen. Det er ikkje alltid at Bokhandlerprisen er eit kvalitetsstempel, men å bli nominert til ein pris er heilt klart betre enn å ikkje bli nominert. Det har uansett vore veldig mykje blest rundt denne boka. Eg skal innrømme at eg gleda meg. Researchen rundt pesudonymet, skjedde etter eg las boka.

Boka har fått mange blanda bokmeldingar, og eg har vore heilt i skyene og skikkeleg fenga og hekta. Eg las og las og las og las, og plutseleg var boka ferdig. Det var nesten så eg hadde lyst til å gråte då siste side var lesen, ikkje fordi boka var så grueleg dårleg og eg ikkje var nøgd, men fordi leseopplevinga var over, men STOPP LITT! Leseopplevinga, det var dette med kvaliteten. Korleis var kvaliteten på boka? Var den realistisk? Var karakterane realistiske? Korleis var plottet konstruert? Og ikkje minst, har forfattaren alltid gjort researchleksa si?

Holger Munch, ein skilt far og bestefar og politimann som får ansvaret for ei lita etterforskingsgruppe i Oslo. Mia Krüger, ei psykisk sjuk kvinne som planlegg sin eigen død på ei øy i Trøndelag. Eit lite etterforskingsteam som skal til på ei stor sak. Rett og slett ein kriminalroman som kan høyrast litt vanleg ut. Likevel, plottet er noko av det som kan trekke lesarar, men ikkje dei mest sarte. Ei jente blir funnen hengt i eit hoppetau i skogen med ein dukkekjole på seg og ein sekk med skulebøker på ryggen. Ho skulle ha byrja i første klasse til hausten, men det vart det ikkje noko av. Kan det komme fleire, og kva skjer vidare? Holger Munch flyr opp til Trøndelag for å hente Mia Krüger slik at dei får sett ein stopper for dette, men er Mia Krüger villig til å endra planane og vere med på å løyse oppdraget? Sjølvsagt vil ho det. Eg skriv ikkje dette for å lage ein spoiler (det er kanskje ein spoiler likevel), men fordi det er ganske opplagt for dei fleste av oss at protagonisten i ein kriminalroman vil bli innblanda i mysteriet ein eller annan gong.

Det går ein seriemordar laust på austlandet, og ingen veit kven personen er. Etterforskingsgruppa som skal løyse saka er overraskande lita for ei så stor sak. Eg har ikkje veldig stor greie på politiarbeid, men dei bør bruke litt fleire ressursar på noko slikt. Likevel har der den hensikten at det berre er åtte etterforskarar å forhalde seg til. Lesaren går ikkje i surr, og sjølv om realismen er der, forstår ein kvifor forfattaren har gjort det slik. Det å lage eit lita gruppe gjer lesaren meir «inkludert» og «integrert» i gruppa. Ein kjenner seg meir med i miljøet og gruppa i boka. Uansett er det nokre typiske trekk med desse etterforskarane som aldri forsvinn. Kaffifrikking, røyking, rare og unødvendige kommentarar, og sjølvsagt nokon utan utdanning. Hackaren i gruppa er eigentleg berre hackar, men er likevel på MI6 si liste, og slik får ein inn i politiet på ei så viktig sak. Her òg er det noko med realismen som sviktar. Holger Munch er likevel ein stor forandring frå andre etterforskingsleiarar i andre bøker, sjølv om han har ein sur sjef bak seg. Dei fleste etterforskingsleiarane plar å vere heilt uforståande og stokk dumme, noko Holger Munch ikkje er. Han er varm, inkluderande og ein smule gretten når han ikkje får seg ein røyk. Mikkelson, «sjefen over alle sjefer» i Det henger en engel alene i skogen, lever litt opp til den typiske «krimsjefen.» Han er stokk dum, uforståande og alt for påpasseleg. Men ein annan myte: Ein kan alltid trasse sjefen sin i kriminalromanar. Sjølvsagt kan Munch trasse Mikkelson og køyre sitt eige løp. I bøkene verd ja, «in the real world» nei.

Avsnittet over her går kanskje litt på dårleg researcharbeid. Lite kunnskap om politiet kan vere nummer ein på den lista. Så kjem punkt to. I boka er det òg med ein suspekt kyrkjelyd (menighet) som tvinger dei eldre på ein heim til å gi heile arven til kyrkjelyden. Ein veldig god idé i utgangspunktet, hadde det ikkje vore for at arvelova ikkje tillet det. No kan det vere de sit og tenkjer: «Mai Lene, det er ei bok, ikkje røynda». Ja, det er det, men når dei med kunnskap om politiarbeid klagar på at det er urealistisk i kriminalromanar, må eg få lov til å påpeike det som juridisk sett er urealistisk. Arvelova vernar om livsarvingar. Dei skal ha 2/3 av dødsboet. Det er pliktdelen deira, men pliktdelen er aldri større enn 1 000 000 for ein livsarving. Det betyr at arvelataren har ein fri tredjedel som han eller ho kan bestemme kva skal gå til. Dermed går det ikkje an å gi alt til ein kyrkjelyd. Eg veit at eg høyres ut som ein rettslærenerd no, men rett skal vere rett.

Geir bak bloggen Bokbloggeir laga ei liste i september over «10 krim-myter som kan føre deg ut i elendighet». Slik eg ser det har «Samuel Bjørk» ikkje teke til seg denne lista, utan at det har ført personen «ut i elendighet». Dette er ikkje eit stikk mot Geir si liste, for eg er veldig einig i det han skriv. Det er rett og slett språket i boka og plottet som er så utruleg bra, og langt frå elendeg, at det lullar lesaren inn i ein falsk tryggleik. Desse krim-mytane bryr ikkje lesarane seg noko om, fordi forfattaren har dei der heile tida. Boka er spennande og drivande, og leseopplevinga direkte skummel på ein god måte. Difor er det lett, når du nettopp er ferdig med boka, å berre tenkje: «Wow, heilt supert.» Det gjorde eg. Eg var heilt klar for å setje meg ned og skrive om denne fantastiske, vidunderlege boka, men no når eg har fått boka meir på avstand, har eg eit meir kritisk syn. Boka er ikkje elendeg, men bruker likevel mange klisjéar. Men det er ein grunn for at noko er ein klisjé, og det er at det slår an. Folk liker klisjéar, viss dei ikkje er veldig lette å gjennomskode. Lesarar av kriminalromanar elskar det, berre det er skjult. Klisjéane er skjult bak forfattaren sitt grep om lesaren her.

Eg høyres veldig kritisk ut no. Klisjéar, dårleg research, urealistisk. Boka er god. Den er heilt klart på pluss-sida, på veldig mange måtar. På ein uforklarleg måte er den slik at det går ikkje an å vere berre kritisk etterpå. Eg ser at andre bloggarar òg slit med å setje fingrane på det som er bra med boka. Det er ein haug med ting ein kan seie at er kritikkverdig, men likevel er boka så heilt klart ikkje dårleg. Eg trur kanskje noko har med slutten av boka å gjere. Nokre likte den ikkje, men uansett, den er skummel. Til vanleg i kriminalromanar tenkjer ein: «Helten kjem til slutt fram.» Me berre veit at det kjem til å gå godt, kanskje fordi ein kjenner forfattaren frå før, eller kanskje fordi ein forstår ut frå oppbygginga at det er det det går mot. Her var eg i tvil, og om det gjekk bra eller ikkje vil eg ikkje seie noko om. Du må lese sjølv for å finne det ut.

Bok: Busemannen av Knut Nærum, Elisabeth Botterli, Askild Hagen, Jørgen Mehren og Peder Udnæs

Årets julegåve?

Eg sa eigentleg at Busemannen var ei bok eg skulle lese i byrjinga av 2014, fordi eg har hatt så mange andre bøker å lese. 9788202423926Men så var det no slik at eg fekk ei melding frå biblioteket om at boka eg hadde reservert (Busemannen) var komen og eg kunne hente henne. Eg avgarde til biblioteket for å låne boka, og då eg kom heim måtte eg berre lese første kapittel. Berre for å finne ut korleis det eigentleg var. Jo, så vart første kapittel lese, og så vart andre kapittel lese, og så tredje, og så gjekk det til at boka vart påbyrja og utlesen. Angrar eg på at eg sparte henne? Eg angrar på den måten at eg ikkje vil få denne fantastisk humoristiske leseopplevinga tilbake. 

Busemannen av Knut Nærum og fire andre forfattarar er som kjent ein parodi på Nesbøs bøker om Harry Hole. Willy Wakum er ein alkoholisert, farleg eks-politimann, som Sanna Selbu og Hagbart Lømmer vil hente til Noreg for å oppklare drapet på Nelly Lundin – helst før Kripos gjer det. Det er berre eit problem. Wily Wakum er død. Men det stoppar han ikkje frå å vere med. Sanna reiser til Macao for å finne han.

«Den tidligere potugisiske kolonien, Santa Nome de Deus de Macau, 65 kilometer vest for Hong Kong?» spurte Selbu.
«Nemlig. Du kjenner til øya?»
«Egentlig ikke. Det har dukket opp i TP.»

Og korleis skal ein komme seg til Hong Kong?

«Med fly. Alt annet blir unødvendig tungvindt. For ikke å si tidkrevende.»
«Jeg mener, en slik tjenestereise vil fort koste 300 000-400 000 kroner. Jeg går ut fra at Voldsavsnittet ved Oslo politikammer ikke har et så stort reisebudsjett.»
Han dro fingrene over haka. «Det er riktig. Vi hadde for så vidt et ganske brukbart et, men det var før Willy reiste til Tasjkent for å oppklare et barslagsmål i Stortingsgata.»

Dei som tenkjer at dette var morosamt, har meir å gle seg til, når dei eventuelt opnar denne boka ein dag. Dei som tenkjer at det berre var sånn passe, kan tenkje at det kjem betre tider. Dette var ikkje det beste sitatet eg kunne ha delt, men eg vil ikkje dele noko som er meir morosamt, for då røper eg jo det beste ved boka. Som de kanskje forstår likte eg den. Språket er lett og humoristisk og nesten betre enn Nesbøs språk i Harry Hole-bøkene. Dei bruker litt til no ukjente samanlikningar, men like fult forståeleg, og i alle fall morosamme.

Det eg var mest overraska over, var at eit så absurd, rart plott, som eigentleg berre er ein parodi, kunne vere så spennande. Dei har ikkje berre laga ein god parodi, men òg ein spennande kriminalroman med alt det skal innebere. Noko av vitsen med parodier er jo at dei skal ta det dei parodierer litt på kornet. Trur aldri eg har sett nokon klare det betre. Særleg dei siste femti sidene minna meg veldig om Nesbø og Harry Hole, for det er full forvirring rundt kven som er gjerningsmannen og kven som berre vil øydeleggje. Ein trur ein forstår og så tenkjer ein: «Å, nei, det var ikkje det likevel!» For å bruke litt sterke ord: Det er noko av det verste mest idiotiske med Harry Hole-bøkene. Difor er eg glad for at desse forfattarane òg har plukka opp det og laga ein liknande slutt som i det minste er litt betre, rett og slett fordi her er det innblanda humor.

Eg trur ikkje nokon Harry Hole-fan kan misslike denne, uansett kor trufaste dei er mot Harry Hole. Sjølv Jo Nesbø trur eg vil kunne like denne boka, rett og slett fordi det er ein veldig godmodig parodi. Innimellom kan ein oppdage litt kjente personar og namn frå den norske krimverda. Nelly Lundin til dømes. Eg føler at viss eg skal skrive meir om denne boka no, blir det berre det ein kallar skamros, men det er fordi eg rett og slett ikkje kan finne noko negativt. Det er så utruleg bra utført. I frykt for at alt plutseleg skal dreie seg om kjensler, leseoppleving og skamros skal eg avslutte innlegget no. Eg har berre to ord til å skrive: Les denne!

Bok: Utrygg havn av Tana French

VG gav ein femmar på terningen, og eg kan ikkje anna enn åt tru at den terningen har blitt trilla feil. Utrygg havn (Originaltittel: Broken Harbour) skulle vere ein spennande kriminalroman rost opp i skyene av alle og einkvar, og for all del, det var ein kriminalroman, men det var ein dryg kriminalroman som kunne vore langt meir spennande om French hadde kutta ned på eit par hundre sider, lagt til fleire mistenkte og ikkje hatt endelause monlogar og dialogar.

Ein familie på fire blir funne knvistukne i eit nesten aude nabolag, og berre mora er endå i live, hardt skada. Mick Kennedy får oppgåva om å løyse krimgåta saman med assistenten Richie Curran. Først kan det sjå ut til at heile saka er slik som alle andre familietragedier: Familiefaren har myrda resten av familien og til slutt seg sjølv, men så kjem det prov som peiker i ein annan retning.

Typisk kriminalroman, typisk plott, typisk bok som krimelskarar ville synes høyrtes interessant ut. No er det ein gong slik, at det finst dårlege kriminalforfattar der ute. Eg var inne og snakka med Astrid Terese på biblioteket, medan eg endå helt på med boka, og ho fortalte om eit litt kjipt møte med forfattaren gjennom ei lydbok. Eg tenkte at den gode byrjinga som boka hadde – og sjølvsagt dei par hundre sidene eg hadde lese til då – tyda på noko heilt anna enn dårleg litteratur, og eg tenkte med meg at alle forfattarar har kanskje nokre bøker som ikkje er veldig gode, og det er litt «smak og behag». Problemet var at då eg kom lenger ut i boka, var den langt frå god lenger. Den vart langdryg, heile plottet vart øydelagt og det var ikkje spennande lenger. Boka hadde verkeleg ei god byrjing. For det første vart eg veldig glad, då eg såg at boka er fortalt i første person, og i tillegg vart boka opna med tankar og refleksjonar frå ein etterforksar eg tenkte at eg kom til å like. Eg trur eg hadde tenkt akkurat det same om igjen. Hovudkarakteren er ein karakter eg kunne ha laga sjølv: Kynisk og praktisk anlagt. Mick Kennedy vil alltid velje den lettaste løysninga, og rår makkaren sin Richie Curran til å gjere det same. Kva er den enklaste forklaringa?
Boka utviklar seg på ein heller negativ måte. Det blir færre tankar og refleksjon og mest synsing, dialog og monolog. Eg trur eg vil påstå at vel hundre til to hundre sider av boka går med på å diskutere om det var noko dyr i huset til familien som vart myrda, om mannen vart gal på grunn av dyret, om kvifor ingen andre høyrte dyret og kva dyret var. Det kunne likså godt vore ei bok om eit monster under senga!

Vår alles kjære Agatha Christie skreiv kiminalromanar kor det berre var eit visst antal mistenkte, fordi det skjedde på eit avgrensa område, avgrensa tid eller det er få som har hatt moglegheit. Akkurat som Chrstie har French avgrensa det veldig, men i motsetning til Christie får det ikkje denne effekten. Snarare tvert i mot blir det kjedeleg av at det er så få mistenkte, og utanom familien er det berre nokre få andre som blir avhøyrt. Den første arresterte personen blir avhøyrt i det uendelege, og det er ektremt keisamt med spørsmål om det var denne personen eller den andre personen.
Oppi alt dette kjem òg Kennedys familiære problem inn, og dei er skildra veldig bra, og eg skulle ønske at French hadde prøvd seg på ein annan sjanger. Søstera slit veldig psykisk og meistrar ikkje livet, og Kennedy går stadig tilbake til minner frå sommrane på feriestaden Broken Harbour, som òg er der offerfamilien bur.

Eg vart òg skuffa over alt det hovudpersonen føretok seg etter som sidene vart lesne. Eg liker veldig lite å bli så irritert på hovudpersonen som eg vart no. Eg vart oppgitt over forfattaren som kunne lage ein slik hovudperson. Det er heilt fint å vere litt kritisk til korleis hovudpersonen oppfører seg, ueinig med dei i religiøse eller fundamentale spørsmål, men det å ikkje like utviklinga til karakteren og etterkvart at karakteren, som du eigentleg likte, ikkje oppfyller forventningane og absolutt ikkje forlbir den same, det var negativt.

Språkleg sett var boka bra, og utgangspunktet for plottet var veldig ordinært, men spennande og noko som abslutt kunne blitt bra hadde French meistra sjangeren. Ho beherskar språket, og ho kan det med skjønnlitterære verkemiddel, men likevel sviktar ho heilt totalt, når det gjelder sjanger og det å utvikle plottet til å bli spennande. Noko eg ikkje forstår, når det gjelder forlaget, er at dei har skrive feil fornamn på nettsida. Det kan hende hovudkarakteren heitte noko anna først, men då eg skulle sjekke at eg hugsa riktig, var det eit heilt ukjend namn på nettsidene til Cappelen Damm.

Alt i alt, ikkje les boka, og til slutt, mitt eksemplar er lånt på skulebiblioteket. 

Bok: A Darker Domain av Val McDermid

No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.

Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.

Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?

Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.

Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir «action» hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!

Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.

Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!

Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)

Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.

The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?

Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden  har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.

Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at «Tony Hill is pykolog with education from Manchester». No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.

På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår  mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.

Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: «Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein.» I andre bøker tenkjer du: «What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren.» I nokre få bøker sit du og tenkjer: «Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!» Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen  med den kjensla etter å ha lese krim.

McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar. 

Bok: Rookie av Stein Morten Lier

Stein Morten Lier har tidlegare skrive mest krim for vaksne, men no har han òg teke til på thrillarar for ungdom. Tinius er namnet på hovudpersonen, men han blir òg kalla Rookie, som er tittelen på den første Tinius-thrillaren. Eg las boka, og eg må seie at det er ei av dei betre ungdomsromanane eg har lese dei siste åra. Krim og thrillarar for ungdommar plar ikkje alltid å vere like bra, synes eg, men denne vart eg positivt overraska over.

Tinius er ein heilt normal ungdom med litt for stor interesse i politiarbeid. Han hackar seg innpå læraren si facebook-side, og dei andre elevane oppdagar det. Jenta som avslører han, Malin, får gjennom går, for når han kjem heim hackar han seg innpå hennar facebook. Det viser seg at ikkje alt er perfekt i Malins verd, for ho er med i ei gruppe for jenter som vil bli modellar, og gruppa er danna av ein mistenkeleg mann, som kanskje ikkje vil desse jentene noko bra. På same tid går det ein mann rundt i nabolaget og lokkar jenter til seg, og Tinius byrjar å lure på om det kan vere same personen.

Det er lenge sidan eg las ein ungdomsroman. Det er første gongen i år, trur eg, og etter denne las eg endå ein ungdomsroman. Tittelen på boka, Rookie, har med hovudpersonen å gjere. Rookie tyder fersking, og det er det Rookie er i denne boka, for han vil så gjerne løyse mysteriet med mannen bak facebookgruppa og han som går rundt og lurer folk. Du kan trygt seie at etterforskinga gjekk litt over styr. Han vil gjerne klare det sjølv og vere heilt «sikker», før han seier noko til mora, som er politi. Han vil gjerne vere etterforskar sjølv, men det er jo ikkje alltid like lurt.

Boka er velskriven, og du blir godt kjent med dei ulike karakterane. Han har ein flott måte å skildre på. Eg vil tru at dette er ei bok som mange ungdommar vil like, fordi det er litt action og mykje ungdommar kan kjenne seg igjen i. Det er ei slik bok som eg trur eg ville ha lese høgt i norsktimen. Den er ei slik bok eg ville anbefalt gutar på ungdomsskulen, fordi det er ikkje meir enn 150 sider, den er lettlesen og bokastavane er i vanleg storleik. Nokre, som les sjeldan, vil kanskje nøle litt, sidan det er over heile hundre sider. Puh, altså, det er mange! For nokre på ungdomsskulen.
Det er bra språk i heile boka, men eg kunne tenkt meg at saka var litt meir vanskeleg å oppklare. Eg klarte det veldig fort, men så har eg lese mykje krim. Det er ein alvorleg ungdomsroman, fordi det er om overgrep og ungdommar i ein sårbar aldar. Eg synes ikkje at det passa så godt til eit mysterium eit barn kunne ha løyst. Til og med frøken Detektiv-mysterie er meir vanskeleg å løyse.

Eg kjente ikkje at eg kunne identifisere meg så mykje med hovudpersonen, men eg trur mange andre vil gjer det, og det er ein stor styrke. Fleire gutar vil nok kjenne seg igjen i Tinius. Han er energisk, har konkurranseinstikt og liker action. Samla sett var boka ei eg vil anbefale alle lærarar å lese for elevane på ungdomsskulen, og eg vil anbelfale alle bibliotekarar på ungdomsskular å anbefale denne vidare

Lier skal òg gi ut fleire bøker i serien, og dei skal eg heilt klart lese!

Her er eit intervju med forfattaren: