Ferrante, Elena (pseudonym): “Historia om det nye namnet” (Samlaget 2015)

Å skrive ei ny bokmelding etter ein veldig lang pause er vanskeferrante. skisser serie. omsl.qxplegare enn å køyre bil etter ein lang pause. Det har eg erfart no. I alle fall nøler du mykje meir. Å køyre bil er ikkje så tiltak. Før eg skreiv denne bokmldinga såg eg på ein dokumentar med Tom Felton som undersøkte kvifor nokre blir superfans av kjendisar og jaktar på autografar. Ganske bra dokumentar faktisk, det må eg seie.

Når eg først er inne på denne dokumentare og superfans: Om nokon skulle vite kven Elena Ferrante eigentleg er burde de ikkje seie det til meg. Personen bak Napoli-kvartetten hadde blitt dynga ned med brev frå ein nordmann med rar døgnrytme etter alt for mykje nattlesing. Då første bok i Napoli-kvartetten havna i postkassa mi i byrjinga av 2014 vart eg kanskje litt irritert over at det var endå eit forlag der ute som ikkje klarte å sende epost og spørje på førehand.

Heldigvis vart eg overtalt til å lese boka, og heldigvis var Samlaget snille nok til å sende meg Historia om det nye namnet (bok II), sjølv om eg ikkje skreiv eitt ord om den første.

Kvifor er Historia om det nye namnet bra? Det er vel spørsmålet eg skal prøve å svare på i innlegget. Problemet er berre at eg slit med å svare. Til vanleg kan eg bruke mange litt avanserte ord som eg håpar eg sjølv forstår og snakke om plott og stereotypiske karakterar og skrivemåte. Napolikvartetten gjer at eg kjem til kort, fordi det er så vanskeleg å forklare kvifor ein roman om oppveksten til ei heilt enkel jente frå Napoli skal vere så veldig fengande. Les du bakpå kan du få assosiasjonar til Lucinda Riley og Kate Morton. Eg tenkte at no hadde det kome endå ei slik boka då eg las bakpå den første. Berre på nynorsk sjølvsagt.

Alle har vel hatt den kjensla av at dei synst noko er heilt enormt bra, og så skal dei tilrå det vidare, men får liksom ikkje forklart kvifor. Og dermed blir den personen me tilrår dette for litt avventande og vil ikkje oppleve dette heilt spesielle. Somme gonger kan det vere bra at dei held seg borte, som når eg prøver å tilrå humorserien Jæren Rundt til folk som ikkje kjem frå Jæren og ikkje forstår humoren. Andre gonger, som når eg skal forklare kvifor Berlin er den hovudstaden eg liker best i Europa, blir eg nesten frustrert over at folk ikkje forstår. 

Eg skal prøve å auke forståinga for kvifor alle oppegåande personar som har fullført ungdomsskulen bør lese Napoli-kvatetten og kvifor dei bør lese den andre boka.

Generelt gjennomgåande i begge romanane er det enormt mykje vekt på relasjonar, og då er det ikkje berre forelsking og kjærleik og kliss og klass, men rett og slett relasjonar mellom familiemedlemmar, mellom vener og veninner og ikkje minst mellom familiar. Romanene fortel om spenningar, usemje og korrupsjon, men den fortel òg om tette band og viljestyrke. Midt oppi alt står hovudpersonen Elena Greco som òg blir kalla Veslelena og Lenú. Det er ho som fortel historia. Dette fører òg til at den relasjonen det handlar mest om er relasjonen hennar til Raffaella Cerullo som alle i bydelen kallar Lina og som Lenú kallar Lila. Relasjonen mellom Lenú og Lila vekslar mellom å vere veldig sterk i periodar, medan andre gonger kan det knapt kallast for ein relasjon.

Det er her heile forteljinga har ein stor styrke. Lenú veit aldri kor ho har Lila. Plutseleg er dei bestevener, og plutseleg er dei nesten fiendar. Det vekslar raskt. Akkurat som at Lenú heile tida er usikker på alt rundt Lila er lesaren òg det. Me får delta i relasjonen og er sjølv redde for kva Lila kan få seg til å seie og gjere. Andre gonger er med imponerte tilskodarar til kva Lila får til og korleis ho oppfører seg. Veremåten til Lila vekslar i takt med forteljinga og humøret til Lenú, og sjølvsagt vekslar det i takt med kjenslene til lesaren. Du kan ikkje føreseie noko  slik som i mange andre bøker, og det er noko av magien. Det som skjer har utfall på ein måte du ikkje kan tenkje deg til.

Samstundes har du miljøet i bydelen. Det er heilt utruleg mange karakterar, og difor hjelper oversikten i starten av romanen med å sortere litt. Familien Peluso, familien Cerullo, familien Greco, familien Caracci, familien Cappuccio, familien Sarratore, familien Scanno, familien Solara og familien Spagnuolo. Desse er det best du held styr på. For kvar familie er ca. to barn å halde styr på som Lenú fortel om, med nokre få unntak. Når alle desse barna i tillegg byrjar å gifte og forlove seg med kvarandre blir det endå meir avansert, men ein kjem inni det, og midt oppi alt handlar det om relasjonane mellom desse familiane. Kaoset lesaren føler på reflekterer litt av kaoset i bydelen.

(OBS! Spoilarar frå no av)

Når andre bok, Historia om det nye namnet, byrjar, er bryllaupet til Raffaella Cerullo (Lila) og Stefano Caracci akkurat ferdig. Stefano Caracci er sonen til avdøde Don Achille Caracci som tidlegare skremte heile bydelen. Utan å nenmne for mykje er ikkje slutten på første roman lukkeleg, og andre roman startar på same måte. Ekteskapet mellom Lila og Stefano får ein vanskeleg start. Etter ei lukkeleg forlovingstid er mykje endra. For det første er det stadig eit spørsmål om kor tid Lila skal få barn, noko ho eigentleg ikkje vil ha. For det andre er Stefano valdeleg mot Lila. Det i seg sjølv var ikkje veldig uvanleg på den tida vart det forklart i bøkene. Det var heller normalt, men reaksjonane til Lila på kva som skjer gjer at det er vanskeleg å sjå korleis det går. For det tredje har Stefano og broren til Lila, Rino, inngått ein handelsavtale med Solara-brødrene som Lila ikkje kan fordra. På toppen av alt er Rino forlova med systera til Stefano og svigerinna til Lila, Pinuccia Caracci. Men dette er berre omstenda til Lila, som Lenú i byrjinga av boka ikkje oppsøker så mykje.

Sjølv er ho saman med Antonio Capuccio som ho eigentleg ikkje er forelska i. Ho liker spenninga ved det, men ikkje så mykje meir. I tillegg kontrolerer Antonio stadig at ho ikkje er saman med Nino Saratorre, den tidlegare naboen og sonen til Donato Saratorre som var elskaren til Antonios mor. Ja, dette er avansert, så de får sjå om de heng med i svingane. Endå meir komplisert blir det av at Antonio har rett i at Lenú er forelska i Nino, men Nino har allereie kjærast, og ho er dottera til Lenús lærar.

Alt i alt startar boka kaotisk, like kaotisk som det høyres ut som. Det kan verke som eit trøytande kjærleiksdrama, men språket er så godt at det er meir enn det. I tillegg kjem skulegangen til Lenú. Skal ho halde fram med å gå på skulen og satse der, eller skal ho gjere det ein ventar av folk som kjem frå bydelen hennar: Gifte seg med ein av gutane i nabolaget og jobbe i ei lokal bedrift? Spenninga aukar yttarlegare når Lenú blir med Lila, Stefano, Rino, Pinuzzia og mor til Lila og Rino, Nunzia, til øya Ischia. Her møter dei Nino Saratorre noko som utgjer vendepunktet i heile historia, men kanskje ikkje slik ein skulle tru.

Når eg skriv hendinga ned og skriv om boka, forstår eg kor platt det høyres ut, kjedeleg det høyres ut. Eg trur det er fordi berre dei som set seg ned og les Napoli-kvartetten kan forstå magien bak. Nokre seier at dei las dei første femti sidene i den første boka, men at det ikkje fenga og difor las dei ikkje vidare. Eg kan vere samd i at dei første femti sidene ikkje dei beste. Det gjekk litt trått for meg òg då, og eg tenkte: “Er det DETTE alle har snakka om?” Men så les du dei femti neste, og så les du dei hundre neste på same tida som du las femti og plutseleg er du heilt inni historia og miljøet. Det er som når du møter ein ny person. Det er kanskje ikkje heilt klikk i byrjinga og du tenkjer: “Nei, dette blir nok ikkje så mykje meir enn at me har felles kjente”. Men så oppdager du nye sider ved personen og blir kjent med han eller henne, og plutseleg kan du ikkje sjå føre deg livet utan.

Eg jobbar på bokhandel, og noko mange er skeptiske til ved bøkene er målforma. “Åja, er den på nynorsk. Då trur eg at eg droppar det. Har du noko liknande på bokmål?” Nei, eg har ikkje noko liknande på bokmål, og i tillegg er nynorsken så “enkel” at det er heilt forståeleg for alle. Om du ikkje forstår nynorsken i Ferrantes bøker kan du ikkje norsk. Det er fleire eg har høyrt seie at dei eigentleg synst nynorsk er vanskeleg å lese, men når dei les Napoli-kvartetten gløymer dei kva målform det er skrive på. Det er slik det skal vere! Å seie at nynorsken er “enkel” er likevel vanskeleg for meg, for bøkene er skrivne på nynorsk slik nynorsk skal vere: Like uanstrengt som bokmål.

Eg gler meg til Dei som flyktar og dei som blir igjen kjem ut i mars, samstundes som eg gruar meg til å vere over halvvegs i denne serien. Det blir trist å seie farvel til karakterane. Eg håpar berre eg kan ta farvel med dei og vite at dei er lukkelege, men det er ikkje sikkert.

Eksemplaret av Historia om det nye namnet har eg fått av Det Norske Samlaget.

Sigurdadóttir, Yrsa: De uønskede (Kagge 2014)

Det er ikkje ofte eg les romanar frå Island, og i alle fall ikkje kriminalromanar. Det er ikkje så ofte eg tenkjer på Island i det DEN_UONSKEDE_forside2.inddheile faktisk. Det er ei øy litt vest frå Noreg med fine hestar, geysirar og som snakkar rart – litt gammaldags kanskje? Og så hadde dei økonomisk krise og har same fargane på flaget som Noreg berre i omvendt rekkjefylgje. I tillegg høyrer dei til Norden, jo kan litt, når eg tenkjer meg om. Dei siste åra har det i alle fall blitt tydeleg at dei er glade i å skrive kriminalromanar, til dømes De uønskede. Litt rart, i og med at det skjer svært få drap på Island. Viss ein skal følgje Islands nokså låge drapstal, har krimforfattarane drepe nok folk til langt ut på 3000-talet.

Om De uønskede nødvendigvis kan kallast for krim er nok litt diskutabelt, men det passar inn i ein utvida definisjon av sjangeren. Det er ikkje det at romanen er dårleg, langt i frå, men meir det at alt ikkje er typisk krim. Óðinn, faren til  elleve år gamle Rún og advokat, får i oppdrag å undersøke påstandar om dårlege tilstandar på gutteheimen Krók på Island på 1970-talet. Heimen var for gutar som hadde begått kriminelle handlingar, men som ikkje var gamle nok til å komme i fengsel. Eit dødsfall skjedde på heimen i 1974, det og mykje anna, som endå ikkje er oppklart. Med mange notat og løyndommar frå ho som tidelgare etterforska saka, går Óðinn laust på materialet. Samstundes slit han med merkelege ting som skjer rundt han og tankar rundt eks-konas dødsfall. Var dødsfallet berre tilfeldig, og kan dottera Rún ha sett kva som skjedde.

Nåtidshistoria er flott konstruert. Eit far-dotter-forhold, ein advokat som snoker i gamle saker, eit dødsfall som kan verke mistenkeleg. I tillegg er boka herleg fri frå politi, journalistar, fæle sjefar og uendelege avhøyr. Om ein definerer det som typiske krim-trekk, er denne kriminalromanen ikkje heilt innanfor krimsjangeren, men så kjem mysteriet. Gutane på Krók og hendingane som skjedde der, som kan ha konsekvensar for notida og Óðinn. I fortida følgjer me Aldís som jobbar på Krók. Ho har eit ekstra godt auge til ein av gutane, som er ulik alle dei andre, sjølv om ho antageleg er ein del år eldre. Kva er det med denne guten som gjer at han verker så moden, og kva har han gjort for å kome dit? Alle andre har begått ei form for kriminalitet og har noko på samvitet, og det må vel han òg ha? Kva kan det vere? Etter kvart som alt blir nøsta opp kan ein sjå konturane av noko veldig dramatisk, og det kjem fleire karakterar inn som lesaren så vidt ante at fantes.

Med få unntak, er annankvart kapittel frå 1974 og anankvart kapittel frå notida. Forteljarstemma vekslar mellom Aldís’ og Óðinns, og ein får eit godt innblikk i tankane og liva deira. Vanlegvis i slike bøker er det ei av tidene eg føretrekk framfor den andre, til dømes fortida framfor notida. Her “treivst” eg like mykje i både fortida og notida, og det var like mange spørsmål og mysterie uansett. Det var god variasjon, og kvar gong ein lengta etter å få vite meir, gjekk ein enten fram i tid eller tilbake i tid og måtte vente heilt til neste kapittel om notida eller fortida for å forstår kva som skjedde.Det er noko litt Kate Morton-aktig over det, men likevel langt i frå Mortons kjærleiksromanar. Ein kan sjå igjen visse trekk i den historiske utviklinga og personlege vinklinga. Det er noko skremmande og mystisk og fælt over alt. Det som gjer at det likevel skiljer seg til dei grader ut frå Mortons bøker er kvaliteten og spenninga. Sigurdadóttir har eit heilt anna grep om språket enn Morton. Ho er flinkar til å skildre, bruker ikkje klisjéar og har karakterar med meir djubde som er mindre stereotypiske. Språket flyt på ein heilt annan måte, setningane overforklarer heller ikkje og ho viser i staden for å fortelje. Det skapar bilete i hovudet på lesaren. Det er òg ei heilt anna stemning over romanen. Det er veldig dystert og langt frå flotte gods, hemmelege hagar og fintfolk. Det er nesten ei spøkjelsesforteljing til tider i staden for ein kriminalroman.

Som de forstår var eg nøgd med det meste. Likevel, litt langdrygt. Det er ikkje nokon driv dei første sidene, og eg sakna momentet som gjer at ein tenkjer: “MÅ lese vidare!” Kanskje andre ikkje er samde med meg der, men det er ikkje ei bok du set deg ned med i fleire timar heilt oppslukt, diverre. Til det var det alt for lite spenning. Skulle ynskje ho klarte å få til det. Språket er bra, veldig bra. Plottet er bra. Romanen er bra, men meir driv og meir “action”. Meir som skjer, DET saknar eg. Blir mykje kontorsitjing. Slutten er derimot heilt super. Her har ho teke med alt som gjer at lesaren verkeleg blir nyfiken på kva hovudpersonen tenkjer på. Alle trådane møtes. Der kunne ho òg ha gjort noko. Røpt litt meir etterkvart og ikkje venta med alt til slutten. Det har noko med å halde på lesaren og ikkje få han til å keie seg.

Eg gir ikkje terningkast, og det skal eg ikkje gjere no heller, men boka ligg høgt på skalaen. Sigurdadóttir har framleis litt å gå på, og det er ikkje favorittromanen min, sjølv om den var god. Eg håpar ho skriv fleire kriminalromanar, kor ho posjonerer trådane ut på ein annan måte og prøver å skape meir spenning og driv i det. Då har ho verkeleg laga det eg vil kalla ein veldig god og velskriven roman!

Bok: Skygge over London av C. J. Sansom

“Sansoms mesterlige karakterskildringer gjør mer enn bare å drive historien framover, de gir substans og liv til den tiden som manes frem.”

Dette skreiv The Sunday Times 20. oktober i fjor om boka. No har eg òg fått lese henne, og eg er heilt einig i at karakterakildringane er noko av det betre i boka. Sjølv om det ikkje står mykje om kven boka handlar om, men meir kva boka handlar om, på baksida, er det nokre veldig spennande karakterar med. Det einaste eg visste om boka før eg byrja på henne, var at dette skulle vere ei kontrafaktisk bok frå 1952, som tok for seg scenarioet at England var sterkt påverka av Tyskland, fordi dei hadde inngått ein fredsavtale i 1940. Rett og slett eit veldig lite bra scenario. Forlaget har greidd å få det betre fram enn meg.

“The Great Smog” ligger over London, en ugjennomtrengelig kvelende tåke som omslutter byen, og under det hele omskrives historien totalt…
1952: Tolv år har gått siden Churchill tapte mot den ettergivende politiske fløyen og England overga seg til Nazi-Tyskland etter slaget ved Dunkirk. Mens den lange og tværende krigen mot Russland går sin gang i øst, er det britiske folk underlagt et mørkt og autoritært regim: Presse, radio og TV er gjennomkontrollert, gatene er under konstant overvåking av brutale hjelpestyrker fra politiet, og de britiske jødene er under et vervarende press.
Ryktene går om de forferdeligste ting som finner sted i kjelleren til den tyske ambassaden ved senantsbygningen. Men motstanden øker. Winston Churchills motstandsorganisasjon representerer en økende bekymring for myndighetene. Og på et mentalsykehus i Birmingham sitter en innesperret vitenskapsmann, Frank Muncaster bærende på en hemmelighet som trolig vil forrykke verdensbalansen for alltid. 

Forlaget Press 

Det er ein av karakterane som er nemnt i baksideteksten, og det er Frank Muncaster. Likevel er det ikkje berre han som er viktig i boka, sjølv om handlinga dreier seg om å få han så langt bort frå tyskarane som mogleg. David Fitzgerald, gift med Sarah og far til ein død to år gammal son, Charlie, blir i 1950, rett etter Charlies død, verva til motstandsrørsla i England. Dette skjer i kapitlet etter lesaren har lese om korleis England bestemte seg for å inngå fred med Tyskland. Sir Winston Churchill og Lord Halifax er to steile frontar, og det er allment kjemt at Neville Charmberlain, statsminister i 1939, då krigen braut ut, gjerne ville ha fred med Tyskland. Heldigvis vart det Churchill, og Skygge over London teiknar eit bilete av korleis verda hadde sett ut i tiåret etter 1940 om det ikkje var Churchill som vart statsminister. Det er difor det er nødvendig med ei mostandsrørsle i boka, og i 1950 blir dei tipsa om David Fitzgerald av venen hans, Geoff Drax. David er eigentleg statstenestemann tilsett i Dominionsdepartementet, og no får han ei nøkkelrolle i spioneringa på tyskarane.

Han får bedskjed av leiaren for deira celle i motstandsrørsla, Jackson, om å gjere seg til vens med Carol Bennet, kontordama der David jobbar, for å få nøkkelen til arkivet med hemmelege dokument. Samstundes byrjar Sarah si kone og lure på om David har eit forhold på si. Etter at sonen døydde har dei byrja å gli meir og meir frå kvarandre. Er Carol Bennet ein verkeleg trussel? Når historia byrjar skikkeleg, hausten 1952, er det òg noko anna som skjer. Mora til vitenskapsmannen Frank Muncaster og han får besøk av broren sin. Under eit besøk til Muncaster bustad i Birmingham ein kveld, når broren Edgar er full, skjer det som ikkje skal skje.

Edgar ble rød i ansiktet. Han spisset munnen, så lente han seg frem. “Vet du hva jeg driver med, hva jobben min går ut på?”
“Nei, Edgar – jeg tror kanskje det er best dy går. Det finnes ikke noe å drikke her…”
Edgar reiste seg lett svaiende, med et truende uttrykk nå. Frank reiste seg også. Han var plutselig redd. Edgar krysset det støvete teppet og kom tett opptil ham og sa med alkoholdunstende pust, rett i ansiktet på Frank: “Jeg skal for f*** fortelle deg hva jeg driver med.”
Og så fortalte Edgar, han fortalte hva jobben hans gikk ut på, vitenskapsmenn imellom, og hvordan de hadde klart å få det til. Det ga mening, en helt uhyrlig mening. “Vi knekte koden, det skal jeg love deg,” knurret han, med beruset tilfredshet i stemmen.

Skygge over London av C. J. Sansom, side 84

 Kva var løyndommen til Edgar. Eg vil langt i frå avsløre det i omtalen, og de lurer på kva som kanskje skjedde som ikkje skulle skje. Det kjem no.

“Du må dra hjem. Du må ikke si dette til noen andre. Hvis noen får vite hva du har fortalt meg…”
“Ja vel, da!” Edgar så engstelig ut nå. “Ja vel – glem at jeg sa det.”
“Glemme!” Frank nesten bjeffet. “Hvordan – kan – jeg – glemme – noe  – slikt?”
“Slutt å skrike sånn, for svarte helvete!” Edgar var blitt hummerrød i ansiktet og svettet.” Han stirret på broren i noen lange sekunder. Så sa han lavt, like mye til seg selv som til Frank: “Selv om du skulle si det til noen, ville du ikke bli trodd. De ville tro du var spenna gæren. Det tror de vel antagelig fra før. Se på deg selv, din glisend, lille krøpling…”
Og så, for andre gangen i sitt liv, mistet Frank kontrollen. Han fløy på broren, med armer og bein. Edgar var mye større enn Frank, men han var full, og han rygget unna med løftede armer i et ubehjelpelig forsøk på å verge seg. Frank gikk på, han slo og lo, og Edgar snublet og falt bakover, mot vinduet, som ga etter, og han falt gjennom det i en sprut av glass mens armene gikk som vindmøller, og med et vilt rop forsvant han ut av syne. 
(…)
Han løp fortsatt blødene rundt i leiligheten og knuste møbler, da politiet kom”


Eg veit ikkje om dette hjelper som søskenterapi akkurat. Frank blir etter denne situasjonen sendt til eit mentalsjukehus i Birmingham, og medan han er der planlegg både tyskarane og motstandsrørsla å få tak i han, for å kunne få ut av han løyndommen, og for at den andre parten ikkje skal få tak i han. Dette er plottet. På eine sida har ein David Fitzgerald, Geoff Drax, Jackson og Natalia, som jobber for å få ut Frank. På andre sida har ein Günther, Gessler og Symer, som gjerne vil ha tak i han, for å få vite løyndommen. I midten av alt er Sarah Fitzgerald, som òg får oppleve nok av regimet. Ho er pasifist, og liker korkje regimet eller motstandsrørsla eller politiet. Ho liker ingen som tyr til vald, og synes ingenting om krigføring i det heile.

Styrken til Sansom er karakterane. Han set liva deira i perspektiv, og lager karakterar som er truverdige og gjenkjennelege. Til dømes kjenner eg meg igjen i Sarah. Eg skal komme tilbake til det seinare i omtalen, men eg syntes det var godt å ha ein karakter som eg kunne identifisere meg med. Dei er òg veldig ulike frå kvarandre, og han får fram både kontrastar og likskap mellom dei. Det er mange namn å halde styr på, men likevel er det berre ein liten del av dei sin får nært kjennskap til. Mykje av kjenneskapen til karakterane kjem gjennom dialogar, noko eg alltid synes er positivt, fordi det gjer at forfattaren ikkje trenger å skrive alt rett fram, noko som heller ikkje er særleg bra i ei bok. Han har òg gitt karakterane sorger, gleder og gode relasjonar, og han får oss til å føle med dei. Til dømes dette med Sarah og David som mista ein to år gammal gut. Günter, som er hovudmostandar i boka, har òg fmailie som ha bryr seg om, og ein får kjenne litt på det at dette er ikkje stereotypiar. Det er vanlege menneske, men likevel er nokre av dei så umenneskelege. Som til dømes Günther.

Eg har ofte tenkt på kva eg hadde gjort om eg hadde budd i Tyskland eller Noreg under andre verdskrig. Det var vanskelege tider, og slik som i Noreg hadde ein jo NS og mostandsrørsla. Det var menneske som var klare for å ofre livet for saka dei trudde på. Eg har ei aning om at hadde eg vore same person som i dag hadde eg gjort det som var tryggast. Eg trur eg hadde prøvd så godt som mogleg å skjule dei politiske standspunkta mine, prøvd å leve eit så trygt liv som mogleg og korkje vore medlem i NS eller motstandsrørsla. Det er her det med Sarah kjem inn. Sarah er pasifist, liker ikkje vald og har eit ønske om å leve eit trygt og godt liv saman med David. Eg ville ha gjort alt for å halde meg inne med alle. Likevel er eg imponert over motstandsrørsla. Dette var menneske som gjorde alt for det dei trudde på. Dei ofra livet sitt. Slik som i boka, når dei går rundt med dødelege piller i lomma, rett og slett fordi det var tryggare å dø enn å røpe løyndommar for politiet. Eg trur ikkje eg hadde hatt mot nok til å vere ein av dei, og eg hadde blitt sånn passe irritert, om eg fann ut at nokon haldt meg for narr og var med i noko farleg. Lukke auga hadde nok vore mitt val, dessverre.

Det er ikkje berre sterke sider ved boka. Sjølv om ein forstår tematikken raskt, og forstår “ka det går i”, er det akkurat som om det sniglar seg avgarde dei første sidene, og forfattaren har ein haltande start. Det er akkurat som om han har tenkt at “innleiinga er ikkje så nøye, berre midtdelen blir bra”, men det er no slik at det er byrjinga av ei bok som er avgjerande for om lesaren vil halde fram. Hadde ikkje eg vore veldig spent på denne boka hadde eg lagt henne frå meg først som sist og heller byrja på Tana Frenchs bok, som eg har liggjande. Likevel bestemte eg meg for å halde fram. Det er fleire moment som gjer at boka ikkje har ein god start. Blant anna er det ikkje veldig gode skildringar av hendingane, stadane og utruleg nok karakterane. Eg synes at byrjinga blir ganske dårleg, når det forfattaren seinare er flinkast på, nesten feiler i starten av boka. Han kunne med fordel ha kutta ned litt på dei 664 sidene med forteljing. I tillegg har han gløymt heile “Show – don’t tell”- prinsippet, og går heller for “Tell – don’t show”, som ikkje er bra.

Noko anna eg irriterer meg over er slike skrivefeil frå forlaget si side, der det kjem ord inn i teksten som ikkje skal vere der, eller som står tidlegare i setninga, eller at orda er skrive feil. Til gjengjeld var det alltid korrekte namn, nokos om av og til elles er forvirrande, når forlaga blandar saman namna til karakterane. Den norske omsetjinga var bra, men kanskje litt for fyldig. Med det meiner eg at det  kunne ha vore kutta ord utan at setningane hadde skifta meining. Det som irriterer meg mest er ordet “så”. Norsklæraren min i niande og tiande, sa til oss at “så” er ikkje eit nødvendig ord i setningar som til dømes: “Då eg kom heim, så laga eg middag.” Ein kan med fordel skrive: “Då eg kom heim, laga eg middag.” Det er noko eg alltid prøver å sjå over, når eg har skrive ein tekst, fordi orda er ikkje nødvendig, og språket blir i tillegg betre. Den som har omsett boka til norsk, kunne hatt godt av å lære seg dette, i tillegg til mange andre ord som er med, utan at det gir noko vidare meining for setninga.

Plottet er godt konstruert, når først boka kjem i gang. Dei må få Frank Muncaster bort frå Storbritannia og nazistane. I likskap med Vinter i Madrid av C. J. Sansom er Skygge over London ein spionthriller, kor spionen kanskje ikkje alltid lukkes heilt. Eg trur st Sansom har litt meir fantasi enn som så, og kunne eigentleg ha tenkt meg bøker av han utan spionar, krig og kjærleik. Det er alt for mykje likt, og eg følte eg kjente igjen plottet frå Vinter i Madrid. Det var heldigvis ikkje like likt som det Øya, Hjemkomsten og Tråden av Hislop er, for hennar bøker er korkje god litteratur eller spesielt ulike og fantasifulle. Den første var god og original, den andre var ein bleik blåkopi og den tredje var tragisk. Det er det eg har kome fram til i ettertid, sjølv om omtalane mine då var meir positive. Heldigvis har han unngått dette og fått inn såpass mykje nytt at det blir spennande. Borgerkrigen var noko som faktisk skjedde, medan hendingane i denne boka aldri har skjedd, sjølv om det var ein viss fare. Dette er ei fantasiverd bassert på noko som kunne ha skjedd, altså er denne boka ein kontrafaktisk historisk roman, medan den andre berre er ein historisk roman. Likevel, fleire forfattarar burde lære av Gilllian Flynn, som alltid har fullstendig nye og originale plott i bøkene.

Noko av det interessante med Sansoms bøker er motsetnignane mellom dei ulike ideologiane. Til dømes kommunisme og fascisme. Det er berre ein kommunist i denne boka, men fleire nazistar og fascistar enn godt er, og i tillegg er det mange som har ein veldig nasjonalistisk ideologi. Sansom fortel i eit etterord i litt om seg sjølv og sin politiske ståstad.

“Da jeg ble mer politisk bevisst på begynnelsen av 1970-tallet, og til mine foreldres morskap og forundring vende meg bort fra deres konservative ståsted og i stedet omfavnet de venstreorienterte synspunktene jeg har beholdt siden, oppdaget hegat det i mine nye sirkler eksisterte et helt annet bilde av Churchill. Mange mente han var en krigshisser, en fanatisk imperialist, som motsatte seg enhver tilnærming til uavhengighet for India, en glødende antisosialist, mannen som brukte storslegga mot arbeiderne under generalstreiken i 1926, og mannen som sendte militære tropper mot gruvearbeiderne i Tonypandy i 1919.
(…)
Jeg har alltid vært fascinert av alternativ historieskriving, hvordan en verden ville ha sett ut om én avgjørende hendelse hadde tatt en annen vending. Og noen ganger, som i mai 1940, kunne virkelig verdenshistorien brått gått i en annen retning. Historien som her fortelles, om det som fulgte etter at Churchill ikke ble statsminister, er selvfølgelig bare én alternativ fortelling, den er ikke den definitive fortellingen, for noe slikt finnes ikke.”

 Venstreorientert politikk er ein jo vane med i Noreg, om ikkje akkurat kommunistik (veldig langt i frå), så heller moderat sosialdemokratisk. Eg likte mykje av det han skreiv i slutten, men etterkvart vart det så detaljert at eg måtte avslutte. Han er ein veldig smart mann, noko som kjem i fram i den siste delen av boka, kor han fortel om kva som kunne ha skjedd, og kva som skjedde. Noreg er ein del nemnt i boka, og David Fitzgerald tenestegjorde i Noreg, så eg syntes det var litt gøy at forfattaren hadde teke med Noreg så mykje. Det må òg nemnast at den norske utgåva er tilegna minnet om alle ofra frå 22. juli 2011. Syntes det var veldig fint. Omslaget synes eg er veldig skildrande. Ja, det er veldig grått, men det var ei grå verd som vart skildra. På innsida av permane er det eit kart over Europa under tyskarane framme, og eit kart over verda under tyskarane bak. På grunn avdette var det lett å følgje med i geografien. Likevel, starten svekka boka veldig, og ho kunne med fordel ha vore kortare. I tillegg syntes eg at heile spenninga rundt løyndommen til Frank Muncaster ikkje var bygga opp nok, og den vart avslørt på litt feil tidspunkt i boka. Synsvinkelen i boka er autoral, noko eg syntes passa veldig godt til plottet, tematikken og resten av oppbygginga av boka.

“The Great Smog” som er nemnt i baksideteksten kan de lese om her, og den er ein avgjerande faktor i forteljinga. Her kan de lese om kontrafaktisk historie, noko eg forresten synes er veldig interessant. For å vite meir om forfattaren kan de gå inn på Forlaget Press sine nettsider, og her er Sansoms nettsider. Her er min omtale av Vinter i Madrid, som vart utgjeven i Noreg i 2008. Sansom har òg gitt ut fem bøker om Matthew Shardlake, som er ein krimserie frå 1500-talets England under Henrik VIII. Mi utgåve av Skygge over London er kjøpt. 

Lines lesesirkel-1001 bøker: Drep ikke en sangfulg av Harper Lee

Har utsett denne omtalen lenge, for no i det siste har eg ikkje hatt den store motivasjonen til å blogge om bøker. Eg las ferdig Drep ikke en sangfugl for mange veker sidan, og no er eg heilt fortapt i The Mermaids Singing av Val McDermid, så heilt ærleg er det einaste eg har lyst til å setje meg ned med boka igjen og nilese! Men eg har teke meg saman og skrive denne omtalen her då…

Harper Lee er på mange måtar ein eineståande forfattar. Ho gir aldri intervju, snakkar aldri med fans og har skrive berre ei bok, men til gjengjeld er denne boka ein populær bestseljar som i tillegg har kome inn på lista over 1001 bøker-lista. Det er ekstraordinært. Ei bok skal vere tåleg bra om det er den einaste forfattaren har skrive og likevel blir ho så kjent! Eg må seie at boka var ikkje heilt som forventa, men heilt klart god.

Mitt eksemplar var frå 1970-talet, då det nesten ikkje var luft mellom linjene, alle bokstavane var veldig små og kapittel slutta og byrja på same side, så eg syntes boka var litt vanskeleg – rett og slett – å komme seg gjennom på grunn av skrifta, men det er trass i alt kvaliteten på det som var inni som skal vurderast. Boka handlar om Scout (Småen) og broren Jem som bur i Alabama i depresjonstida. Faren Atticus French er advokat og tek seg tid til å diskutere viktige spørsmål med barna. Handlinga i boka føregår rundt ein av faren sine rettssakar der han forsvarar ein mørk person som det blir sagt har valdteke ei jente, og lesaren får lese både om klasseskilje og om “rett og gale” i Alabama i depresjonstida.

På mange måtar er dei ei godt skriven bok, og det er ein klassikar. Likevel synes eg at forfattaren kjem veldig seint til poenget. Eg visste kva boka skulle handle om, men syntes ikkje ho var på langt nær så spennande som eg hadde trudd, rett og slett fordi store delar handla om noko anna enn det som stod på baksida. Første delen handlar i stor grad om Småen og Jem og somaren før Småen byrjar i første klasse. Dei får besøk av ein gut fråå Mississippi og prøver blant anna å få naboen til å komme ut, fordi ingen har sett han på fleire år. Når nesten hundre sider går med på noko anna enn det du forventar, mister eg litt tålmodet. Det er ikkje alltid det hjelper at historia er “søt” eller “idyllisk” eller at det er ein klassikar. Det kan bli litt treigt i lengda.

Skildingane som Lee bruker er gode, og mange av personane ser ein for seg. Dei er litt stereotype, men ikkje meir enn at du kan tåle det, for er det noko mange klassikarar har, er det stereotype folk. Likevel er det noko humorsiktisk med mange av dei stereotypiane som kjem fram gjennom bøker som dette. Sladrekjerringene og nabokonene og misjonsforeininga. Det er mest som om du kjenner det igjen utan at det blir ein klisjé ut av det. Det e rein stor styrke med boka. Til vanleg plar eg å slå hardt ned på stereotypiar, og i allefall i meir moderne litteratur, for der er dei ofte meir uverkelege og dårleg laga enn i klassikarar.

Det er ei interessant tid boka foregår i, og eg er veldig interessert i raskeskilje og sørstatane på den tida dei skilde mellom dei mørkhuda og lyshuda. Eg syntes ikkje boka fekk desse kontrastane godt nok fram. Me fekk sjå dei i slutten, og rettssaken sa ein del. Likevel ville eg ha vist eit tydelegare skilje, ikkje berre i spesielle settingar som rettssaka, men i kvardagslivet i sørstatane. Det hadde kanskje vore vel så interessant, for det fortel noko om korleis dei hadde det kvar dag. Rettssaka er ein god måte å få fram klasseskiljene på, men ikkje betre enn at Lee kunne ha skrive endå meir om det.

Kort oppsummert var boka grei, men det var ikkje slik at ho var like god som forventningane var store. Eg veit andre har rost boka opp i skyene, men den rosen får ikkje boka hos meg. Ein litt over middelmådig klassikar. 

Bok: Before I Met You av Lisa Jewell

Jewell er ein britisk forfattar frå Middlesex i London. Ho har skrive fleire bøker, blant anna The Making of US, Thirtynothing og Before I Met You. Tidlegare har eg berre lese The Making of US, men til gjengjeld likte eg boka svært godt. Denne gongen var det andre boka av Jewell som stod for tur, som er like fengande og god som den forrige.

Boka foregår i to forskjellige delar av 1900-talet. Arlette de la Mare (trur det staves slik) flyttar i 1919 frå øya kor ho har budd heile livet og til London. Ho har aldri før vore borte frå øya, og London er nytt og spennande. På dagtid jobbar ho i butikken Liberty, og eit møte med kunstnaren Gideon gjer at ho òg blir introdusert for nattelivet i London. På 1990-talet reiser Arlettes “barnebarn” Betty til London frå den same øya som Arlette reiste frå. Ho har inga aning om at Arlette nokon gong har vore i London, men har bestemt seg for å leite etter eit namn som dukka opp i Arlettes testament, Clara Pickle.

Eg såg denne boka på ein bokhandel i flyplassen på Amsterdam og vart veldig nysgjerrig, sidan eg har lese ei bok av denne forfattaren før. Ja, det var ein spennande bokbutikk. Dei hadde ikkje mange bøker på engelsk, men dei hadde Politi av Jo Nesbø på nederlandsk
og fleire andre krimbøker av han på engelsk eller nederlandsk. Likevel, det som fekk meg til å ta opp boka av Jewell var først og fremst namnet på forfattaren, men òg framsida. Eg elskar dette omslaget. Det er fleire andre fine omslag òg som de kan sjå til venstre i dette innlegget. Eg greier ikkje å bestemme meg for det finaste, men dei har laga noko som pirrar lesarane veldig, og viss dei ikkje kjenner igjen forfattarnamnet er det stor sjanse for at boka blir plukka opp likevel!

Historia er òg god. Den stiller spørsmål rundt kjærleik og kven ein eigentleg er. Personleg syntes eg at Betty var den mest interessante karakteren. Ho vil kjenne mora til stefaren, eller bestemor som ho kallar henne. Ho trudde ho visste alt om Arlette, men når ho finn ut at dei kan ha flyttinga til London til felles verkar det
som om ho identifiserer seg meir med bestemora, og i tillegg leitar ho etter Clara Pickle. Betty flyttar inn i bydelen Soho, og ikkje berre leitar ho etter Clara Pickle. Ein kjendis bur rett ovanfor der ho bur. Lisa Jewell er flink på å finne på søte historier, der det ikkje verken er vald eller skyting som skapar spenning, men rett og slett utviklinga til karakterane og kva dei bestemmer seg for til slutt. Det er det aller beste med hennar bøker!

Arlette i fortida skapar endå meir spenning, og ein kan sjå fleire parallelar mellom historiene til Arlette og Betty, sjølv om det er i to forskjellige tiår. Dei er nokså like begge to. Nysgjerrige på livet, men likevel med ein sterk tilknytting til der dei kjem frå. Boka er skriven i tredje person, men det er berre Arlette og Betty som fortel. Dette er eit sterk verkemiddel, for å gjere lesaren nysgjerrig synes eg. Du får berre vita kva dei tenkjer og kan sitje og lure i det uendelege på kva dei andre karakterane tenkjer. Det skaper endå meir spenning rundt dette med bestemmelsar og val. Likevel manglar boka det litle ekstra. Nokre gonger blir det litt klisjéfylt, spør du meg, og eg ville ikkje gitt boka terningkast seks, heller fem, fordi det er noko ubestemmeleg som manglar med boka, og ikkje alle trådane er plukka opp i slutten. Men det er god somarlektyre, for dei som trenger noko lett å lese i somar. Og så har du jo tre omslag å velje mellom. Kva liker du best? Eg greier ikkje å bestemme meg i det heile teke!

Bok: The Light Behind the Window (Norsk utgåve: Lavendelhagen) av Lucinda Riley

50% på alle bøker på Ark er ikkje dårleg. Det er då du plukkar ut ei bok til litt over seksti kroner på engelsk og tek med deg. Og om boka var verdt den norske prisen, på litt over tre hundre, skal godt gjerast!

Tidlegare har eg lese to bøker av forfattaren Lucinda Riley, som eg har skrive positive omtalar om. Derimot kan dette bli ein litt annan omtale, for Riley har ofte med noko eg vil kalla irriterande moment og er i tillegg forutsigbar og gir meg akkurat det eg ønsker meg. Byrjinga av boka varer i evige tider, og det er negativt. Ho kjem aldri skikkeleg i gang! Franske Emilie, hovudpersonen i notida (1998) vurderer om ho skal selje husa som more har etterlatt henne då ho døydde, men eit møte med Sebastian og fleire veker med tenking gjer at ho bestemmer seg for å ikkje selje, men heller pusse opp den historiske bustaden i Gassin i Frankrike.

I fortida er det Sebastians bestemor som står i fokus og er hovudpersonen. Constance Carruthers reiser frå England til Frankrike som agent for Storbritannia, men uventa hendingar gjer at ho må bu hjå Edouard de Martines, Emilies far.

I det store og heile er boka ulik dei to andre på mange måtar. For det første har Riley aldri skrive om ein fransk hovudperson før, og ho har heller ikkje skrive så detaljert om andre verdskrig som ho gjer i denne romanen. Riley veit kva ho skal gi lesaren. Eg føler at ho gir meg akkurat det eg vil ha. Sjølv om mange seier at dei ikkje er romantisk anlagt og ikkje faller for det romantiske tullet mange forfattarar skriv om, er det vanskeleg å ikkje falle for kjærleiken som Riley skriv om, for ho skildrar han fint, og ofte får hovudpersonen sine draumeprins i slutten. Det går an å falle for slikt og håpe litt. Likevel liker eg ikkje at ho gir meg det eg vil ha. Det høyres rart ut, men nei. Det er ikkje noko overraskande med det. Du sit ikkje igjen med spørsmål i hovudet. Det er det som er det store minuset med Rileys bøker. Ho greier ikkje å overraske. Ho kan ikkje sjokkere lesaren skikkeleg. Ho vel enklaste løysning, som får haugar av damer til å elske bøkene!

Bøkene er klisjéaktige. Det har mykje med det eg skreiv ovanfor. Eg elskar når forfattarar sjokkerer meg, gjer meg frustrert, rørt og sint. Det at dei drep personar eg har blitt glad i gjennom skildringane gjer meg sint akkurat i den augeblinken og eg spør kvifor det måtte gå slik, men ser i ettertid effekten av dfet. Du hugsar boka i ettertid. Riley skriv så lite utfordrande at du umogleg kan hugse boka etter tre år. Syntes ho greidde å gjere at hugsa slutten i Jente på klippen, fordi eg vart trist og det var uventa. I denne boka køyrer ho verkeleg på den sikre linja.

Boka var ikkje av god litterær kvalitet. Ho skildrar karakterane ved å fortelje og utfordrar heile “Show, don’t tell”-prinsippet som eg liker veldig godt. Språket er keisamt i staden for fargerikt og boka tek ikkje opp nokre viktige moralske eller etiske spørsmål.

Likevel vart eg så totalt fenga av historia, fordi ho gav meg det eg ville ha.

Korleis er det mogleg?

Her er nokre andre omtalar av boka:
Elikkens bokhylle (Seier litt av det same som meg, dessverre appelerer boka)
Elida på My first, my last, my everything (positiv omtale)
Kathrine Krøger, Dagbladet.no (Som meg og Ellikken)
Bok-Karete (positiv)

Andre bøker av Lucinda Riley:
Jenta på klippen
Orkideens hemmelighet

Irske Lucinda Riley lagar i tillegg ei bok no der delar av handlinga skal foregå i Noreg. Til no har ho fenga mange lesarar over heile verda og det skal bir morosamt og spennande å sjå kva ho får inn i boka frå Noreg.

Boka mi er kjøpt på Ark bokhandlel.

bok: Vinter i Madrid av C. J. Sansom

C. J. Sansom er i år aktuell med skygge over London, men for nokre år sidan (2007) kom òg Vinter i Madrid ut, ei ekstremt spennande og velskriven bok. På Forlaget Press si nettside står det at C. J. Sansom er tilbake i storform i Skygge over London, og ja, han var i veldig god form då han skreiv Vinter i Madrid for nokre år sidan. Vinter i Madrid er ein historisk roman frå tida etter den spanske borgarkrigen. Som mange av dykk veit elskar eg historie. Helst den delen av historia som me ikkje lærer om på skulen, og eg har aldri lært veldig mykje om den spanske borgarkrigen eller Spanias rolle under andre verdskrig.

Det er fire viktige nøkkelpersonar i denne boka. Den første er Harry Brett er spion for den engelske ambasaden i Madrid. Hans hovudrolle er å finne ut kva ein gammal skulekamerat, Sandy Forsyth, planlegg, for det er tydeleg at Forsyth har planar som ikkje er heilt i Englands interesse. Og den andre nøkkelpersoonen er Forsyth, ein vellukka engelsk mann som bur i Madrid. Han har tette band til blant anna Fransisco Franco og andre viktige personar i Spania og Madrid. Hans kjærast, Barbare Clare, utgjer seg for å vere kona hans og er den tredje nøkkelpersonen i boka. Ho leitar etter den tidlegare kjærasten Bernie Piper, som er ein gammal skulekamerat av Forsyth og Brett og tilfeldigvis den mannen Forsyth mislikte mest på Rookwood (skulen). Ho møtte Brett, då han kom ned i 1937, for å leite etter nettopp Piper, som vart meldt sakna, antatt død, då han kjempa for kommunistane under borgarkrigen. Som de forstår er det mykje rot her. Tre gamle elevar frå ein typisk engelsk “sosseskule” og ei kvinne som har tette band til dei to som hata kvarandre mest. Er det duka for drama? Ja!

Bernie Piper hata alltid Rookwood, for han meinte at slike skular skapte klasseskilje. Han er ein ihuga kommunist som mislikerkyrkja og alt som heiter sosiale skiljer. Han reiser ned til Spania for å støtte republikken. Harry Brett såg opp til lærarane på Rookwood og var ein mønsterelev. Han var ven med Piper, som kom inn berre på grunn av eit stipend, men deler ikkje dei politiske meiningane hans. Han er òg vend med Pipers “fiende”, Sandy Forsyth, og prøver å påverka han til å velje den rette vegen i livet, samstundes som han vil vere ven med han. Forsyth på si side er meir oppteken av å gjere oppgjer mot biskopfaren og ha det gøy, og sjølvsagt tene pengar. Han missliker òg skulen, men det skapar ikkje noko venskap mellom han og Piper derimot. Han går i den retninga som kan gi han mest pengar og den beste sosiale statusen. Barbara er den som blir vikla inn i dette dramaet, og i tillegg kjemper dei alle ein kamp mot seg sjølv. Nokre av dei må òg kjempe mot høgare, politiske krefter i dåtidas Madrid, noko som berre gir ekstra spenning i boka.

Viss du framleis leiter etter god somarlektyre, er Vinter i Madrid til å anbefale. Det er ei bok alle bør få med seg ein gong. Ikkje berre er det historiske perspektivet veldig interessant, men skildringane til Sansom er heilt framifrå. Han kan det han gjer, og du sit igjen med ei kjensle av at du kunne gjenkjent stadene og personane etter å ha lese boka. Det er ikkje ofte du får den kjensla. I tillegg let han lesaren sjå den svake sida av karakterane. Til dømes er Brett ein spion med ein stor dose dårleg samvit for å måtte lure ein gammal ven. Han er ikkje heilt eigna kan du trygt seie. I tillegg er han litt pysete og vil helst ikkje skape konfliktar. Som person vil ikkje dette seie at han har dårlege sider, men i forhold til jobben han har fått, er det dårlege sider. Sandy er pengegrisk. Han kunne gjort alt berre han fekk ein god slump med pengar for det. Barbara har dårleg sjølvtilit, og Piper blind for andre sine meiningar, nesten uansett kva.

Då eg las boka, tenkte eg mange gonger at det kan bli ein heilt super film. Eg skulle gladeleg ha sett den på kino kor tid som helst. Eg såg alt for meg så klart, korleis det burde vore. Den har eit stort potensiale på det området, og med Channing Tatum eller Liam Hemsworth som Harry Brett hadde det vore perfekt, og kanskje endå meir perfekt med ein av dei som Piper. Men det er ikkje film eg skal snakke om. Sansom er ein dyktig forfattar som eg skal lese meir av. Språket flyt veldig fint. I byrjinga tvilte eg litt på dette med språket, men det er fengande. Av og til gløymer forfattaren “show – don’t tell”-prinsippet, men det kunne vore mykje verre. Det er ei bok som er verdt å lese (det har eg sagt nokre gonger), og Spania i 1940 er skikkeleg skummelt!

bok: fugler uten vinger av Louis de Bernières

Louis de Bernières trollbandt meg med boka Kaptein Corellis mandolin. Den same spenninga følgte ikkje heilt med fugler uten vinger. Temaet i seg sjølv er spennande nok, men det er meir det at han dreg alt veldig langt ut som øydelegger boka litt. Det er vel lov å synes at seks epilogar er å gjere det litt vel langt? Nokre av dei kunne eg nok vore forutan, og dei kunne vel kanskje erstatta andre kapittel tidlegare i boka, som berre var overflødige? Likevel, langdrygt eller ikkje, ingenting kan få meg til å legge frå meg ei bok av denne forfattaren.

De Bernières er faktisk heilt genialt på visse område. Han konstruerer historier på ein velkjent måte, men har samtides ein særeigen humor. I tillegg er måten han konstruerer forteljingane på eineståande. Det er få forfattarar som meistrer å skifte mellom så mange karakterar og så mange synsvinklar utan at lesaren dett av. Nokre kapittel er skrivne i første person, og andre er skrivne i tredje person. Nokre er skrivne notid og andre i fortid. Likevel gir kapitteltittelen alltid eit innblikk i kva synsvinkel ein får det frå. Og om ikkje den gjer det, merkar ein det så snart ein har lese første linje i kapittelet.

Handlinga i boka er konsentrert rundt min favorittdel av gresk historie. Dessverre er det veldig lite om denne delen på skulen, og då får ein finne ut om slike hendingar på eigen hand. Den delen av historia som eg snakkar om er historia frå den første delen av 1900-talet. Tyrkiske kristne og tyrkiske muslimar lever side om side i Tyrkia, og det same gjer greske muslimar og greske kristne i Hellas. I Tyrkia kallar dei seg ottomanar, og særleg i småbyar, som Eskibache er skiljene mellom religionane heilt borte. Kristne jenter giftar seg med muslimske gutar og omvendt. Muslimar ber dei kristne om å ofre for dei i kyrkja, og dei kristne drar nytte av muslimane sine tenester. Dei viktigaste personane som ein blir kjent med gjennom boka er Philotei, Ibrahim, Karatavuk, Rustem bey, Dresoula, Memetcik, Iskander Pottemaker og Leila. Ein får òg høyre om Polixeni og mannen, Ali Neseknekk, Gerasimos og mange fleire som eg ikkje kan hugse namnet på. Dei er knytt til kvarandre på ein unik måte, slik som det berre går ann å vere knytt saman i ein liten landsby.

Historia startar med eit kapittel kor Iskander Pottemaker fortel om Geitegjetaren Ibrahim, og så held det fram med at han minnes natta då Philotei vart født. Philotei og Ibrahim er nemleg barndomsvener. Han er ein muslimsk gut som kan etterlikne alle typer geiter, og dei mest morosamme lydane er

en geit som vurderer å bli kristen

en geit som vil reise til Telmessos for å kjøpe vannpipe til bestemoren sin

en geit som ikke har noe å si

Philotei er ei kristen jente som alle meiner er unaturleg vakker, og ho og Ibrahim har tett band til kvarandre. Planen er at dei ein dag skal gifte seg. Memetcik er Philoteis yngre bror, og Karatavuk er Iskander Pottermakers son. Den eine er muslim og den andre kristen, noko som likevel ikkje hindrer dei i å bli bestevener. Dresoula er Philoteis beste veninne, som blir skildra som Philoteis motsetning. Dresoula skal etter det karakterane fortel vere unaturleg stygg. Iskander Pottermaker, er slik namnet seier, pottemakaren i landsbyen, og Rustem bey er agaen i byen, utan at eg fekk heilt tak i kva ein aga er for noko. Leila er Rustem beys elskerinna, som han har henta frå Smyrna.
I første del av boka er det mest morosamme referansar og små enkeltforteljingar om dei forskjellige personane, og dei einaste kapitla som er gjennomgåande er “Jeg er Philotei” og “Mustafa Kemal”. Elles er det fleire karakterar som fortel om minnene sine, og utanom det er det flust med morosamme og triste historie. Likevel er det noko å trist og veldig spennande over alt dette, for du veit at ein eller annan gong vil boka ta ei ny vending og landsbyen vil bli løyst opp.

Det einaste eg har å setje fingaren på er at det kan til tider bli litt langdrygt. Elles er historia fint veva saman, og alle trådar (og fleire til) blir plukka opp til slutt. Lesaren vil heilt klart føle seg tilfredsstilt, for avslutninga er langt frå open, og det er tydeleg at forfattaren ikkje vil fantasien til lesarane ta overhand, men heller skrive det slik det er sjølv. 

bok: fortellingen i fiolinen av Natasha Solomons

Dette er ei bok dei fleste andre bokbloggarar har lese for lengst, og så kjem eg her halsande etter og skriv ein otmale av akkurat den same boka. Sikkert mykje av det same, men eg hadde håpt på å komme med noko nytt, og det ser dessverre ut til at eg ikkje likte boka like godt som alle andre, men kvar sin smak, seier no eg. Det kan vere det blir nokre spoilarar undervegs, så dei som har tenkt å lese boka,  men ikkje har fått gjort det endå, bør halde seg unna, viss dei ikkje vil få avslørt dei få overraskingane som boka har å by på.

Elise er ei austerrisk eller “wiensk”, (går det an å seie det??) som høyrer til overklassen i Wien, men når krigen nærmar seg (1938) og jødane ikkje lenger er velkomne i Austerrike, må familien flytte. Mora, Anna, er sangerinne, og faren, Julian, er forfattar. Søstera til Elise, Margot, har arva mora sitt musikktalent, mens Elise blir nødt til å sjå på seg sjølve som lite kunstnerisk i forhold til resten av familien. Før krigen må ho flytte til Tyneford gods i England, for å tenestegjere der. Resten av familien skal til USA, mens ho skal til England for å vente på visum til USA. Med mora sine perler under blusen serverer ho godseigaren herr Rivers. Herr Rivers’ son er òg til stades på godset om sommarane. Kit er den karakteren i boka som gjer at hovudpersonens hjarte bankar hardt og som gjer livet hennar perfekt på Tyneford gods.

(ops, spoilaravsnitt!)
Noko som er veldig gjennomgåande i boka er det klisjefylte og det forutsigbare. Det står at det er i bok for dei som liker Kate Mortons bøker, men Morton skriv på eit høgare nivå enn Solomons. Mens Mortons skildringar får fram kjensler og tårer, er språket i fortellingen i fiolinen platt og kjenslelaust i forhold. Heile plottet er forutsigbart, trass i at forfattaren prøver å gjere oss nysgjerrige ved å røpe litt etterkvart. Boka følgjer den gamle modellen til ein historisk roman. Elise flyttar til England – sjarmerer Kit Rivers – blir foreksla i Kit Rivers – erklærer sin kjærleik til Kit Rivers – skal gifte seg med Kit Rivers  – Kit reiser ut i krigen som alle andre engelske – Kit kjem tilbake skada – Kit bryr seg meir om krigen enn om henne og reiser ut igjen og døyr – heile godset forfaller etter at Kit døyr – Elise blir på godset og ser at det forfaller – Elise finn ein ny kjærleik – Elise blir gammal! Det er så forutsigbart at eg kan ikkje forstå at eg vart så fenga. Eg gråt ein gong i boka, men eg trur ikkje det var den staden forfattaren ville eg skulle gråte i det heile teke. Det var nok litt feil tidspunkt!

(oooops… spoilaravsnitt igjen…)
Boka kunne fenge. Den kunne halde på merksemda di i fleire dagar, men likevel, det var langt frå toppnivå. Det er ei såkalla happy-tears-bok, og nokre av dei er gode, mens andre er ikkje. Denne var midt i mellom, for eg greidde i det minste å lese ho ferdig, i motsetning til så lenge det er stjerner på himmelen. Likevel, språket framkalla ikkje kjensler. Boka skulle kanskje vere om lidingane nokre opplevde under krigen, men eg følte meir det handla om Elise. Dei lidingane dei opplevde var så totalt tømt for kjensler at eg heller kunne lese ein dokumentar. Kit var ein karakter eg ikkje likte. Han var ein typisk historisk-roman-karakter som gjer alt for å få den han elskar trass i kva klasse det ser ut til at ho høyrer til eller kor fattig ho er. For meg verka han oppblåst, jålete og litt for glad i “det gode liv” med ein sigarettpakke i den handa og vinflaska i den andre, slik som Elise i delar av boka.

Eg prøver å komme med nokre positive tankar rundt boka, som til dømes at plottet har eit potensial. Viss forfattaren hadde lagt kreftene sine i å lage plottet meir uforutsigbart og meir originalt, i staden for å fylle opp femti sider med berre fyll. Ho kunne lagt kreftene sine i å oppfylle potensiale ho eigentleg har. Eg trur ho har litt meir fantasi, noko dei første femti sidene vitnar om, der det kjem morosamme referansar og språket er meir levande enn seinare i boka, når det blir meir platt, kjedeleg og er blotta for dei morosamme referansane og titlane på kapitla.

(spoilar)
Dessverre trekk boka ned på det forutsigbare (som eg har nemnt tusen gonger) og boka døydde for meg då Kit døydde. Då var det som om all piffen var borte. Og avslutninga, nei, det gjekk ikkje an å få noko fornuftig ut av den. Dessverre øydelegger forfattaren noko som kunne vore eit potensielt veldig godt plott med klisjear og platt språk og eit plott som alle kunne ha gjetta seg til ved å lese baksideteksten.

MEN
nydeleg omslag. Mystisk og spennande, og den fine drakta som dama (sikkert Elise) har på seg, ville eg ha elska!! 

bok: en usynlig av Pontus Ljunghill

Gode omtalar frå Bokbloggeir, Berit sin bokblogg, Tines blogg, Zeldajenta og Uriks og fleire aviser. Stemningsfulle skildringar. Godt konstruert plott. Spennande tidsperiode. Det er mykje som kan bli sagt om denne boka, og eg er einig med Geir, på bloggen bokbloggeir, som har fått eit sitat på omslaget til boka. Det finst berre eit terningkast til denne boka, og det er ein seksar.

Den fenga verkeleg umiddelbart, ikkje med ein actionfylt bilscene eller ein skyteepisode, men heller med eit intenst, psykisk spennande kapittel kor me får møte mordaren i første person. Mordaren i boka er verkeleg “en usynlig” slik som tittelen seier oss. John Stierna er hovudpersonen i boka og den etterforskaren som får ansvar for mordsaka. Ei åtte år gammal jente, Ingrid Bengtsson, blir funnen drepen i Djurgårdsverftet i Stockholm, og det er tilsynelatande ingen spor etter mordaren. Det er ikkje berre på åstaden det er få spor, men òg i Stockholm. Få personar, som har sett mordaren, hugsar han skikkeleg, og han forsvinner for godt i mengda til at dei forstår kven han er.

Tjuefem år seinare, to og ein halv dag før saka er forelda, sluttar John Stierna i politiyrket og reiser ut til Visby på Gotland. Viss nokon skulle lure, er Visby ein veldig fin by. Mest interessant er gamlebyen med ein bymur rundt heile staden. Det er brusteinsbelagte gater, smale gater, koselege butikkar og restaurantar. Ja, eg har vore der. Og eg har vore i Stockholm ved Djurgården og Vasaparken og ser sånn nokon lunde for meg parken og Visby. Derfor syntes eg det var ein interessant setting rundt det, og særleg i Visby. Vel framme på Gotland møter han ein journalist som skriv om gamle kjente saker. På ein hotellbar fortel han historia om etterforskinga rundt drapet på Ingrid.

Geir på Bokbloggeir kalla boka for “slow crime”. Det er ei nokså passande skildring. Det er få actionfylte kapittel, men heller fleire etterforskings-kapittel, John-Stierna-privat-kapittel og kapittel kor me får lese om mordarens tankar. Det kan verke dødsens keisamt. Boka er på  godt over fem hundre sider, og du tenkjer kanskje at ei slik bok nesten  bli for stille og for lite actionfylt. Eg har spurt meg sjølv kvifor eg likte ei så stilleståande bok som en usynlig, men eg har ikkje fått noko godt svar. Eg byrja vel på boka på onsdag og brukte dagane frå onsdag til søndag på å lese to hundre sider. Dei 350 siste las eg i går i nesten eitt sett. I byrjinga var det interessant nok, og eg vart for så vidt fenga. Og det var 17. mai og på laurdag bakte eg. Det er nok grunnane  til at eg ikkje kom lengre, og forfattaren kan det å skrive. Eg trur språket har ein stor del av æra for at boka kan fenge utan særleg mykje action. Kapittela er ikkje på mange sidene, og språket er relativt lettlest, men likevel rommar det veldig mykje,

Forfattaren har òg fått med mange spørsmål om livet i boka. Dei fleste kjem gjennom Stiernas kone Karoline. Kva augneblink er det me verkeleg lever for? Kva er kjærleik? Kva er det me bruker tid på? Òg mordaren får fram spørsmål som dette. Kan mobbing og dårleg start på livet vere ein grunn for å drepe? Kunne alt endt annleis, viss han hadde hatt andre foreldre? Samstundes er tida det foregår i interessant. Det er ein historisk krim, og ein blir kjent med Stockholm på den tida. Den politiske situasjonen, organiseringa av politiet og levemåten i Stockholm kjem fram i boka.
Det er veldig typisk krim med all etterforskinga som foregår i boka. Metodane er ikkje slik som i dag, men eg stiller likevel spørsmål om dei hadde all teknologien i 1928 som boka viser. Likevel har forfattaren skrive at ikkje all informasjon er heilt riktig, og det er trass i alt skjønnlitteratur. Hadde forfattaren vist til boka som meir sann enn det ho er, hadde det vore meir tvil hos meg. Når forfattaren sjølv seier at alt ikkje nødvendigvis er sant, taklar eg litt feilaktige opplysningar. Dette er nok ikkje boka for dei som synes vanleg krim er keisamt og ikkje liker det. Avhøyr og spørjerundar er det med.

Eg følte meg tilfredsstilt då eg var ferdig med boka. Alle trådane var samla til slutt, og ein meir spennande slutt har eg neppe opplevd. Den var både uvanleg og overraskande. Ei lita stund lurte eg på kva eg kom til å sitje igjen med, men det gjekk over då siste linje var lesen. Han haldt på spenninga til siste slutt. Det var ein avslutning som stod i sterk kontrast til Jo Nesbøs avslutning på gjenferd. Då sat eg igjen med ein tanke  hovudet mitt, og det var “Kva skjedde no?” Eg følte ikkje at alle trådar var samla, eg følte ikkje at eg hadde fått nok, og eg følte meg langt frå tilfredsstilt! Ljunghill har gjort det betre enn det Nesbø gjorde i gjenferd. Det kan vere at Nesbø-fans vil vere ueinig med meg, og kanskje dei vil seie at eg ikkje forstår heilt Harry Hole og forfattarskapet. Nei, eg forstår ikkje Nesbø-febaren, og personleg likte eg denne betre.