The Hunger Games (Suzanne Collins) – samfunnskritikk og ein del sjølvransaking

Les Mai Lene romanar om vampyrar, demonar, gudar og halvgudar, trollmenn, hekser og overnaturlege fenomen som berre er eit 2767052resultat av nokre fantasifulle menneske som har hatt eit sterkt ynskje om å få det ned på papiret? Nei, jo, kanskje. Eg har bevega meg inn i noko som kan verke som litt ukjent terreng. Nokre av dykk har kanskje fått med seg at eg nemner Harry Potter i ny og ne, rett og slett fordi Harry Potter er den beste serien eg har lese. Klisjé, men jo, eg må innrømme at eg liker serien. Dei som har følgt bloggen lenge veit òg at eg har lese Alyson Noëls serie om The Immortals, som eg endå ikkje har fullført, fordi det eigentleg berre er søppel. Eg har lese Twilight, og eg er ikkje stolt over at eg framleis kan sitje og sjå filmane. Å lese bøkene om igjen er fy fy. Om det er noko som ikkje er god litteratur er det Twilight. Det er ein ting som er positivt ved mi fantasy-lesing, og det er at eg alltid nøler før eg byrjar på ein serie. Eg venter i fleire år, og det gir veldig gode resultat. Romanane er ledige på biblioteket, særleg på engelsk, fordi dei er ikkje såååå populære lenger. Eg slepp å gå rundt å vente i ei æve på at romanane skal komme ut. Eg slepp å kapplese med alle andre som vil vere først til å fortelje frå boka. Jo, det er greit, men kanskje litt ugreit. Eg må innrømme at The Hunger Games har fått meg til å bryte ein av reglane mine. «Aldri sjå ein film før du har lese boka!» Eg har gjort det. Skrekk og gru, det er faktisk sant, men det beste er at eg korkje er skuffa over filmen eller romanen, og eg lever heilt fint med det.

For at de skal hoppe over det de ikkje vil lese av dette som sikkert blir eit langt innlegg, har eg laga litt overskrifter. Då er det lettare å sile ut.

 

Handlinga…

Eg trar dei fleste av dykk veit handlinga. Katniss Everdeen lever i distrikt 12, det fattigaste distriktet i landet Panem, kor ho frivillig tek plassen til litlesøstera, Prim, i Dødslekene, eller The Hunger Games. Ein gut og ei jente frå kvart av dei tolv distrikta blir plukka ut og førebudd til å kjeme på ein arnea. Berre ein person kjem igjen.

May the odds be ever in your favor

 

Parallellar…

Eg veit ikkje om de har høyrt om gladiatorkampane i romartida. Det liknar nokså mykje. Gladiatorkampane var for mange rein underhaldning. Vanlege innbyggjarar i romarriket kunne komme og sjå på menn som kjempa, enten mot dyr eller mot ein annan person. Den største skilnaden mellom dette og The Hunger Games er kanskje at i gladiatorkampar kjempa dei ein mot ein, men på arenaen er det 24 personar som alle kjemper mot kvarandre. Likevel er det forbausande mykje likt. Gladiatorane hadde kanskje ulikt utstyr slik at den eine nesten var dømt til å vinne. På same måte har ein The Career Tributes i The Hunger Games som er trent nettopp for å vinne på arenaen. Òg publikum kunne vere med å bestemme skjebnen til ein gladiator ved å gjere bestemte teikn med tommelen, og sjølv om ein ikkje nødvendigvis var godt utstyrt, kunne ein vinne på grunn publikum. Det hendte ofte fordi det var dyrt å trene opp nye. Publikum i The Hunger Games sponser gjerne deltakarane dei har tru på, ikkje berre på grunn av styrke og kunnskap, men òg på grunn av personlegdom. Ein må ikkje berre overleve, men òg overleve på ein måte som gjer deg godt likt. Kan òg tilføye at gladiatorane ofte var kriminelle, medan nokre få var frivillege. Mange parallellar altså til romanane.

Historia er òg bygga på gresk mytologi. Som straff for tidlegare handlinga måtter Athen kvart år ofre sju gutar og sju jenter til Minotauros i ein labyrint. Minotauros er eit vesen som er halvt menneske og halvt okse. Den som til slutt drepte vesenet heiter Thesevs. Det var kong Minos som stod bak dette. Synes det er veldig interessant korleis ho har henta fram idear frå gresk mytologi og historie frå romartida, og ikkje berre det, men òg frå reality-show på TV. Bak i romanen eg las skreiv ho at ho var trøyt og surfa mellom ulike kanalar. På ein var det ungdommar som konkurrerte mot kvarandre for å få pengar. På ein annan var det ungdom i krig som kjempa for livet. Sidan ho var trøyt blanda ho det saman, og det vart ideen til serien. Folk som ser på TV eller på toget og berre plutseleg kjem på seriar (*kremt*, Collins, Rowling) imponerer meg.

 

Samfunnskritikk…

Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at «alt» skjer i Oslo, «alt» er i Oslo og ein «må» til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.

Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra «lodd» når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må «ta ansvaret» for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. «Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?» Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: «Capitol er berre for forferdelege og horrible». Og så er det oss.

Kanskje eg overtolkar, men det krev nok litt sjølvransaking å lese desse romanane om ein verkeleg går under huda på dei og ikkje berre les dei som underhaldning. Dei som les denne bloggen veit at ikkje berre ser på romanar som underhaldning og rett og slett må gå nærare inn på det som skjer, så eg kan ikkje ignorere samfunnskritikk eller det som kunne ha vore det.

Underhaldning ja. Kor mange gonger kjente eg tårene komme då nokon vart drepen i areanen? Kva tenkte eg då eg las om The Hunger Games? Eg tenkte «go Katniss!». Det er kanskje ikkje så gale, men likevel. Eg sit og les om folk som blir drepne – barn – utan å lee på eit augelokk. Det er berre ein roman. Likevel burde det kanskje gripe meg litt meir det som skjer. Det er noko verkeleg kaldt over det å sitje og lese om ungdommar som slakta ned og kalle det underhaldning.

 

Meining?

Jo, eg likte romanen, trass all sjølvransaking, dårleg samvit og urovekkande parallellar. Eg likte fantasyromanen, trass i at eg ikkje liker fantasy. Jo, kanskje eg gjer det. Eg trur de treng ei forklaring på det med å like og ikkje like denne sjangeren, og den kan de få frå Bjørg her, for eg òg har det slik.

Kjelder

Wikipedia, Gladiatorkampene, 20. november 2013, http://no.wikipedia.org/wiki/Gladiatorkampene Lese 02. juni 2013

Wikipedia, The Hunger Games Trilogy, 31. mai 2014, http://en.wikipedia.org/wiki/The_Hunger_Games_trilogy Lese 02. juni 2014

 

bok: verten av Stephenie Meyer

Stephenie Meyer er (dessverre) mest kjent for bøkene sine om Bella Swan og Edward Cullen og kampen mellom «perfekte» blodsugarar og varulvar. Dessverre har eg skrive over her, og det meiner eg òg, for er det ei bok Stephenie Meyer burde vere kjent for er det verten. Dette er den andre omtalen av boka eg skriv på bloggen. Den forrige skreiv eg for to år sidan, men nå har eg lese boka på nytt og vil lage ein litt meir grundig og kanskje betre omtale.

I all hovudsak handlar boka om sjelar frå det ytre rom som innvanderer jorda. Dei har vore på fleire planetar før, og nå har dei teke ein ny. Ein av sjelane er Vandrer. Ho har aldri slått seg ned på ein planet tidlegare og får problem på jorda med at vertskroppen, som høyrer til Melanie Stryder, stritter i mot. Dette merkar lesaren både ved skildringar, dialogar mellom andre sjelar og den indre dialogen som foregår mellom Vandrer og Melanie. Melanie gjer alt for å skjule dei ho har kjær for Vandrer, men ho meistrer det ikkje heilt. Likevle, det ho meisterer, er å få Vandrer til å komme over på «hennar side». Dette er òg grunnen til at Jegeren, som dei kallar henne, ikkje greier å finne dei, når Vandrer legg ut på vandring i ørkenen for å finne Melanies litlebror og kjærast.

Boka er ei veldig typisk science fiction-bok, men har likevel meir enn berre ei oppdikta framtid og nokre sterke fiendtlege sjelar med. Wikipedia definerer Science Fiction som

«en sjangerbetegnelse for bøker, filmer, tegneserier og teater som skildrer en tenkt framtid eller verden med fantastisk teknikk og spennende vitenskapelige fenomener.»

Dette passar ganske godt til boka, utanom at det vitenskapelege ikkje tek den største delen, men heller historia og plottet bak. Trass i dette kan me sjå det vitenskapelege i Meyers skildring av andre planetar. Dette vil ikkje seie at planetane som blir skildra i boka finst, men heller at ein dag i framtida vil me kanskje ha så mykje kunnskap om planetane at me veit nesten alt om dei. I tillegg er samfunnet på jorda veldig endra etter at sjelane har overtatt. Dei vel å behalde vertane sine liv, bu i husa og kanskje til og med bu med ektefellen. Det som er forskjellig er prinsippet med pengar. Ingen får løn for arbeidet dei gjer. Vandrer er ein av dei sjelane som har vore flest stader og har bytta vertskropp flest gonger, og derfor underviser ho andre sjelar på universitetet i byen ho bur. Det er ikkje ein jobb, men eit kall i følgje henne sjølv. Dei trenger heller ikkje å betale i butikkane, men kan ta med seg det som er mest nødvendig, og ved å gjere ei teneste for samfunnet gjennom kallet deira, kan dei få alt dei treng for å leve. Om dette samfunnet nokon gong blir ein realietet, kan ingen vite, men det er nokså usannsynleg at det nokon gong vil bli slik. Likevel er prinsippet interessant, og det set tankane til lesaren i gang.

Det vanskelige, det jeg virkelig mislikte – ikke det at jeg noen gang ville fortelle Kyle det, ettersom han alltid var så kjapp til å trekke mine motiver i tvil – var at vi tok så mye uten å gi noe i retur. I San Diego hadde det aldri plagd meg å handle. Der tok jeg det jeg trengte, verken mer eller mindre. Så tilbrakte jeg dagen på universitetet med å gi samfunnet noe i retur gjennom å dele kunnskapen min med andre. Det var ikke et Kall som slet meg ut, men jeg tok det alvorlig. Jeg tok min del av de mindre attraktive pliktene. Jeg stilte opp når det var min tur til å samle søppel og vaske gatene. Det gjorde vi alle.

verten side 512

Mange eg har snakka me har prøvd å lese verten, men har ikkje forstått byrjinga, noko eg forstår. Det er ikkje lett å halde fram, og eg forstod ingenting verken første eller andre gongen eg prøvde, sjølv om andre gongen las eg vidare, og til og med no syntes eg det var vanskeleg å verkeleg forstå innleiinga, men eg har ikkje lese boka på lenge heller då. Likevel, kjem du over den første kneika på eitt eller to kapittel går resten av seg sjølv. Historia river deg med seg. Jegeren blir både Melanies, Vandrers og lesaren sin største fiende frå første augeblink. Ho er farleg og gjer alt for å få kloa i dei menneska Melanie prøver å verne mot Jegeren og dei andre sjelane. Desse menneske er no i ørkenen, saman med leiaren, Melanies onkel Jebb, og der er dei godt skjult for eventuelle farar. Saman prøver Melanie og Vandrer å nå fram til staden, i same kropp. Dei har gått frå hate kvarandre til å utstå kvarandre.

Nokre andre spørsmål boka gir lesaren er om utsjånad har noko å seie for kven ein elskar. Kan Vandrer bli elska, sjølv om ho er ein lite sølvorm bak i hovudet til Melanie, eller er det Vandrer i Melanies kropp dei elskar? Slike spørsmål er aktuelle i dagens samfunn kor utsjånad og kropp gir status, uansett kvar kjendisar prøver å gjere uttrykk for. Det hjelper ikkje at Tone Damli står fram i media og seier at det er kven du er som betyr noko, når ho òg kan gå ut og seie korleis ho har fått den kroppen ho har fått. Det er ikkje berre Damli Aaberge som er slik, men dei fleste kjendisar som har fått bein og gå på og er meir kroppsfikserte enn godt er. Ved å gi Vandrer og dei andre sjelane akkurat namnet sjel, gjer Meyer eit godt grep. Sjel seier noko om kva som er inni ein person, kven personen er, og ikkje korleis han ser ut. Vertskroppen har ikkje noko å seie for korleis sjelane opptrer. Dette er kanskje det beste ved heile boka. Skilje mellom veremåte og kroppen er forskjellige, og sjølv om Melanie lever inni vertskroppen saman med Vandrer kjem dette tydeleg fram på alle måtar.

Boka er fortalt i første person av Vandrer med Melanie som ivrig lyttar til alle tankar. Lesaren blir vitne til dei indre samtalane mellom verten og eigaren av vertskroppen, utan dette svekker boka og gjer det irriterande, men heller styrkar boka. Det er ingen allvitande forteljar her, noko som er med på å byggje opp rundt Vandrers tankar og dårleg sjølvtillit, for ho er usikker på korleis menneska ser på henne. Det er få personar som er sett på spissen. Veldig få, synes eg. Det finst både dårlege og gode sider med alle i boka, og det gir eit perspektiv på alt. Me ser på menneska frå Vandrers synsvinkel, og ho ser på dei som vonde beist og har først fordommar mot dei. Boka reiser mange spørsmål med veremåten vår og kva val me ville tatt i nokre situasjonar. Drepe nokon andre for å redde oss sjølve, eller la vere og drepe for å spare personen og heller sjå korleis det går?

Når eg les denne boka, kan eg ikkje forstå at Meyer har skrive Twilight-bøkene, for dei er direkte lavmåls i forhold.

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas» løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: «Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien» I tillegg er det setningar som «akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp» eller «tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.» Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale…

bok: skyggelandet av Alyson Noël

Bok nummer 3 i den populære De udødelige-serien endelig i pocket!
Ever og Damen har reist igjennom utallige tidligere liv, og kjempet mot verdens mørkeste fiender – så de kan være sammen for alltid. Men idet de endelig er i ferd med å oppnå sin etterlengtede skjebne, rammes Damen av en kraftig forbannelse – som kan ødelegge alt. Nå kan en eneste berøring av hverandres hender eller lepper føre til en brå død, og kaste Damen inn i Skyggelandet. I desperasjon etter å oppheve forbannelsen og redde Damen, fordyper Ever seg i magien, og hun får hjelp fra uventet hold i en surfer ved navn Jude.Selv om Jude og Ever akkurat har møtt hverandre, føler hun at det er noe svært kjent med ham. Til tross for den voldsomme lojaliteten hun føler overfor Damen, føler hun seg tiltrukket av Jude, en grønnøyd, gyllen gutt med magiske talenter og mystisk fortid. Hun har bestandig tenkt på Damen som sin tvillingsjel og eneste kjærlighet – og hun lever fortsatt i denne troen. Men i det Damen blir dratt vekk for å redde dem, blir Evers forhold til Jude sterkere, og kjærligheten til Damen settes på prøve som aldri før.

Etter å ha lese blå måne i fjor juni, var eg heilt ferdig med alt som heite Ever, Damen og Roman. Fullstendig ferdig. Var skikkelig lei. Men så manna eg meg opp og tenkte: «Går ann å prøve.» Nå skal eg ikkje seie at eg ikkje hadde greidd meg utan boka i det heile tatt, at ho snudde på ALT! Nei, det var ingen suksess, men heller ikkje noko stort nederlag. 


Heile boka byrjar med at Ever og Damen absolutt ikkje kan røre kvarandre, hud mot hud. «stakar.» Og Ever fortel Damen om skyggelandet, for han veit det ikkje endå. Og så går resten av boka ut på å finne motgift, pleie venskapet og å unngå å bli forelska i andre. I korte trekk. Og så lurer Roman bak alt saman. 


Nei, ingen pageturner! Eg er ingen av fan av udødelig, perfekte, nydelige, pene, smarte, forelska personar som går gjennom ild og vatn for kjærasten. Damen og Edward er ikkje mine favorittar. Og eg hadde veldig lyst til at Ever bare skulle seie: «Farvell, Damn. Hallo Jude.» Okay, ikkje heilt det, men Damen er verkeleg ikkje den beste kjærasten nokon kan ha synes eg. 


Min skepsis til fantasy-bøker er grunna blå måne-fiaskoen. Heile grunnen til at eg nesten aldri les andre fantasy-bøker enn dei eg allereie kjenner, og eg veit ikkje om eg kjem til å lese vidare i denne serien, men mest sannsynlig, ja, eg kjem til å lese vidare i denne serien. Boka snudde det litt opp ned, og eg har kikkea bakpå dei andre. Eg har snikkikka faktisk, så eg har litt lyst.

bok: smaragdgrønn av Kerstin Gier

Nå er den etterlengta oppfølgaren her, og den skuffar ikkje!


Hva gjør man når man får knust hjertet sitt? Riktig, man ringer til bestevenninnen, spiser sjokolade og velter seg i ulykken i ukevis. Bare dumt at Gwendolyn, som er tidsreisende mot sin vilje, trenger energien sin til helt andre ting. Til å overleve, for eksempel. For trådene som den tvilsomme greven av Saint Germain har spunnet i fortiden, drar seg også i nåtiden sammen til et farlig nett. For å komme på sporet av hemmeligheten må Gwen – om hun har aldri så mye kjærlighetssorg — ikke bare danse menuett sammen med Gideon på et storslått ball på 1700-tallet, men også kaste seg hodekulls ut i eventyret.Smaragdgrønn er en herlig og etterlengtet avslutning på bestselgende trilogi.Kjærlighet til alle tider– bøker å forelske seg i!

Heile boka byrjer der safirblå slapp. Gwendolyn er såra over at Gideon som har hevda at han maniopulerte henne til å forelske seg i han. Såra er faktisk mildt sagt ei underdriving. Ho er heilt knust og sender meldingar og ringer til veninna Leslie. Sjølv har Giedon sagt at han framleis vil vere vennen hennar, sjølv om han ikkje er forelska i henne slik som han har hevda tidligare. Vil vennskapet mellom dei overleve og er Gwendolyn villig til å tilgi?

I tillegg så er det eit stort problem at Gideon og Gwendolyn skal på ball hjå greven saman, og Gwenny har framleis ikkje greidd å tilgi han for måten han har oppført seg på. På toppen av alt er ho stuptrøyt, og i tillegg har ho nattlige besøk hjå ein person i fortida ho er veldig tett knytta til. Kan han gi henne svar?

Charlotte er òg eit stort problem. Ho går stadig rundt i huset og snokar og prøver å finne løyndommen til Gwenny og personen frå fortida. Korleis skal Gwenny greise seg gjennom alle tidsreisene, bevare løyndommen sin og i tillegg vere vaken nok til å vere observant?

Lucy og Paul, Gwennys kusine og mannen, er framleis viktige nøkkelpersonar, og begge hevdar framleis at ringen ikkje bør bli slutta og at kronologen ikkje bør innehalde alles blod. Skal Gwenny, Gideon og dei andre voktarane tru på dei? Er det kanskje greven, som hevdar at når ringen er slutta kan dei få eit middel til å kurere alle sjukdommar, som har rett? Kven skal dei stole på?

Stadig fleire puslebetar kjem opp for dagen, men er dei mange nok til å danne seg eit klart bilete av kva som skjer? Samstundes som Gideon og Gwenny er travelt opptattt med konfliktar i fortida skjer det nye oppdagingar i samtida som er meir personlig for Gwenny enn noko ho hadde drøymt om.

Å starte opp rett etter den forrige boka er ein genistrek, og ein av grunnane til at eg byrja på denne boka var sjølvsagt at eg ikkje fekk ein skikkelig slutt i den forrige. Likevel var det vanskelig å setje seg inn i boka igjen, for det er tross alt over eit halvt år sidan eg las dei to forrige, men det var lett å setje seg inn i handlinga og personane igjen. Måtte bare ha litt tid på meg.

Xemerius gir bare krydder til boka. I byrjinga av safirblå syntes eg han bare var iriterande, men no kan eg ikkje tenke meg serien utan ein demon som svever rundt Gwenny. I tillegg er dei personlige problema ikkje for storre, og dei tek ikkje for stor plass, så den verkelege handlinga kjem godt fram. Eg var litt nervøs før eg byrja på om dei personlige problema blei så framtredande at det andre ikkje vart synlig nok, men det var ein fin balansegang i boka.

Som dei andre er denne boka fengane og velskriven. Komplottet er kjempebra lagt opp. Eg som elles ikkje er veldig  begeristra for fantasy har elska denne triologien om Gwenny og Gideon og Charlotte og Leslie og Lucy og Paul og Greven og voktarane. Storarta. Kjærlighet til alle tider – ein serie som til og med ikkje-fantasy-elskande personar kan bli fenga av!!

Sist, nydelig omslag. Den norske utgåva har eit betre enn den tyske som har dette:

Eg synes i alle fall dette. Dette ser meir ut som ei tragisk kjærleikshistorie. Det omslaget som er på den norske ser mystisk ut og er på ein heilt annan måte valt ut i frå handlinga.

Omtalen min av rubinrød er her, og omtalen av safirblå er her.
Viss du vil legge boka til goodreads-lista di kan du gå her, og vil du legge den til bokelskerlista kan du gå her.

Her kan du lese ein smakebit Bokelserinnen hadde i frå boka.

Bok: Et sted i nærheten av Cecelia Ahern

Før omtalen begynnerr har eg eit lite spørsmål til alle som er gode med bloggdesign osv. Eg har ein annan blogg, http://whatafeeling.blogspot.com/, der eg kunne tenkt meg eit anna design, og så har eg sett så mange nydelige og fine, så eg lurte på, er det nokon som veit korleis me får eit slikt design, enten nokon som lagar eller korleis det går an å lage sjølv. Spesielt på bloggane flykten fra virkeligheten og Gråbekka’s blogger og bokelskerinnen synes eg det er nydelig design. Så viss de har nokre tips, så bare sei i frå.

Så til omtalen

Lurer du noen gang på hvor det blir av alt som forsvinner?

Det gjør Sandy Shortt også. Helt siden en klasseveninne forsvant for mer enn tyve år siden, har Sandy vært besatt av å  finne ting som har forsvunnet. Så snart noe er funnet, går hun i gang med å lete etter neste sokk eller neste nøkkelsett. Etter hvert begynner hun også å lete etter savnede personer, og gir desperate familier et snev av håp. 

Så en dag forsvinner Sandy selv. Hun snubler over stedet og menneskene hun har lett etter hele livet, en verden som er fjern  fra den hun kjenner og menneskene hun er glad i. Endelig får hun svar på noen av de spørsmål som har hopet seg opp i henne. Men Sandy faller snart tilbake til gamle vaner — hun begynner å lete. Denne gangen etter veien hjem. 

Eg tenkte då eg las denne boka at me hadde utgjort eit morosamt tospann meg og Sandy. Ho er over 180 cm, eg er nesten 162, ho har mørkt hår og eg har lyst, og den viktigaste forskjellen, ho leitar iherdig etter alt, eg gidder ikkje. Eg veit ikkje om eg, som er eit sosialt vesen (sjølv om eg les bøker) hadde greidd å vere veninne med Sandy Shortt som stadig reiser vekk utan å seie i frå. Ho verkar som ein usosial og nesten folkesky person og ingen veit kor ho er til ei kvar tid, ingen kjenner henne heilt igjennom.
Kanskje at dette er grunnen, i motsetning til alle dei andre forsvinningsofra, at ingen merkar at ho er forsvunnen. Det skjer stadig vekk. Politiet bryr seg ikkje, og ikkje mange andre heller.

Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.

Denne boka er jo av topp klasse, og for å innrømme det, den aller første bok eg les som kjem i frå Irland. Og det var spennande. Nå kan eg litt fleire stadsnamn der og litt meir om landet. Dei siste sidene i denne boka fløy nesten av seg sjølv, og det var ei morosam og fin bok.

Eg måtte le då to av personane Sandy møtte heite Marcus og Derek, og særlig fordi Derek i boka klimpra på ein gitar. Veldig likt ein av mine karmeratar som heiter Derek og speler gitar. Og ein kamerat som heiter Marcus har eg òg, og ironisk nok, desse to er venner. Morosamt når sånt skjer når du les bøker.

Etter dette skal eg aldri igjen begynne på ei bok av Cecelia Ahern med skepsis. Eg var bitte litt skeptisk til denne, men det trengte eg ikkje. Fann nokre få bitte små skrivefeil nokre stader, men skjer jo alle. Det var ikkje mykje negativt å seie om dette verket.

Denne boka var fantastisk herlig og Cecelia Ahern skal  eg heilt klart lese meir av. Nå gler eg meg til å begynne på neste bok. Kanskje blir det ni bøker i januar. Kven veit?

Bok: A Christmas carol av Charles Dickens

This is the famous story of Scrooge, a rich businessman of London during the last century. With old age, Scrooge has become mean and spiteful. Until he receives a visit from the ghost of his dead friend, Marley. Marley’s ghost sends three other ghosts to show Scrooge the importance of kindness and generosity. And so, for the first time in years, Scrooge enjoys a happy Christmas. 

Dette er ei julehistorie som dei fleste av oss har lese og sett på film. Denne gongen las eg ho på engelsk. Eg har gjort det før òg, men denne gongen var det ein annan utgåve som var litt lenger og litt meir utfyllande enn den me fekk på skulen på 9-10 sider.

I denne historia møter me Ebenezer Scrooge, ein forretningsmann som er rik på pengar, men ikkje på vener. Han er ikkje den som deler ut pengar til fattige eller som gir for mykje løn til arbeidaren sin. Tvert i mot er han gnien og gjerrig og lite kjent for generøsitet. Dette forandrar seg ikkje før han får besøk av spøkelset til Jackob Marley, den avdøde kompanjongen og venen hans. Marley viser han den lenka han bygde på mens han levde, ei lenke som består av regnskapsbøker, pengeskrin og gull. Marley advarer Scrooge mot å halde fram som han gjer. Han sender tre spøkelse for å besøker Scrooge. eit i frå fortidas jul, nåverande jul og den framtidige jula. Som de sikkert veit, forandrar Scrooge seg etter desse besøka og blir desto snillar og meir gavmild enn mange andre.

Det er ei kjempeflott historie som verkeleg får fram litt julestemning. Det er koselig lesestoff, og eg synes at Scrooge eigentlig verker veldig hyggjeleg. I alle fall i slutten. Det er første gongen eg har lese ei så utfyllande historie av denne forteljinga. Las på engelsk og det var flott å kunne lese den på originalspråket. Absolutt ikkje vanskelig å lese, tvert i mot var ho lettlest, og det var fine ilustrasjonar til.

Som mange av dykk veit finnes det mange filmar basert på denne boka. For å anbefale ein (som speles av på DVDspelaren vår akkurat nå) så må det vere den med George C Scott i hovudrolla som Scrooge.

Veldig kjekk film. Utanom den skal den der Jim Carrey har den eine stemma vere bra, og så er Disney sin versjon veldig bra. Dei einaste eg har sett som eg ikkje liker må vere BBC sin versjon. Kjedelig og veldig dårlige effektar. Og så likte eg ikkje at heile den scena i frå då han besøkte skulen sin var teikna i staden for å vere ein ekste stad. Eg har òg sett ein som var sånn passe. Det var ein musikal med alt for mykje musikk. Kvar gong du trudde ein song var ferdig, haldt dei fram med å reptere den minst tjue gonger til.

Kjeda meg gjennom heile filmen og var veldig lei av sang etterpå. Men eg må gå. Kveldsmat. =)

Mai Lene

Bok: Heaven av Christoph Marzi

Om boka:
Det er natt i London. David tar snarveien over takene og snubler over eit jente. Hun heter Heaven. Hun er vidunderlig. Og hun hevde at to menn har stjålet hjertet hennes. Skåret det ut av kroppen med kniv.

Bli med på en nervepirrende reise gjennom London. Urban fantasy på sitt beste!

Mi meining:
Boka var veldig godt skriven og det er verkeleg ei bok å leve seg inn i, og det kan jo vere positivt bare du ikkje er heilt vettskremd. Eg liker når bøkene er skrivne sånn at du ser det for deg og kanskje kjenner deg litt igjen, men då eg las denne fekk eg bare ei ekkel kjensle. Alt blei for verkeleg og det likte eg ikkje då eg las om ånder som blei vekte til live, ein fillemann og ein mann som gjekk under forskjellige namn alt etter kor han var og skar ut hjartet til folk. Denne blei så skummel og nervepirrande at det mest ikkje var kjekt, men eg kom meg gjennom. Handlinga var jo litt annleis, men fantasy er vel ikkje heilt mi greie. Nå tenkjer de kanskje: «Men ho liker jo Harry Potter.» Ja, eg elsker Harry Potter, men den serien har ein heilt annan måte å uttrykke det på. På Galtvort er det spøkelser overalt, men det beskrives som vanlig, og dei er absolutt ikkje skumle. I denne boka fekk eg aldri heilt den der «Nå-er-eg-heilt-hekta-kjensla,» men eg fekk lese ho feridig.

Noko eg likte med boka var at du blei godt kjent med personane som var med. Særlig Heaven og David, og det var jo kjekt. Baksideteksten var likevel ikkje noko særlig. Den setninga «Hun er vidunderlig» øydela heile baksideteksten. På kva måte? Kvifor skal eg vite det då? Og eg likte ikkje den beskrivinga, men noko som gav masse pluss var det herlige omslaget som var på og den fine tittelen.

Sånn samla sett var boka ok, men viss det kjem ei til boka, kjem eg ikkje til å lese henne.

bok: Harry Potter and the deathly hallows by J. K.Rowling

HARRY POTTER AND THE DEATHLY HALLOWS
Harry Potter skulle nå ha byrja på sitt sjuande år på Galtvort, men i staden for må han reise ut saman med Hermine og Ronny for å leite etter malacruxane og for å bekjempe Voldemort, men ingen av dei er forbedredt på alt som skal skje.

Å, sikkert tredje eller fjerde gongen eg byrjar på boka på engelsk, men første gongen eg les ho ut. Fantastisk bok som verdt å lese. Eg veit ikkje kvifor, men eg synes at Harry Potter er mykje betre på engelsk enn norsk. Namna og stadene og alt saman er betre, Veit ikkje kvifor eg synes det. Innleiinga i denne boka er jo kjempebra. Går rett på og det er spenning i frå byrjinga og nesten til slutten. (utan om siste kapittelet) Den scena når dødsetarane sit og planlegg og utvekslar kva dei har høyrt om kor tid Harry skal flyttast er veldig bra og det er nesten som om du allereie der kjenner at «Uææææ, skummelt.» Og så held det bare fram sånn med flukten på dystralar, sopelimar og motorsykkelen som Gygrid brukar og spenninga i Hiet når Harry er skjult der og bryllaupet. Det er absolutt ingen tydelig skilnad mellom innleiing og hovvuddel og hovuddel og avslutning. Alt er flette inn i kvarandre og går alltid tilbake til det same. Også er det nokre små pausar utan noko veldig spenning, men som er veldig morosamme. Eg ser alltid fram til kaapittelet der dei høyrer på Pottervakt med Lee Jordan (Laffen Styx), Fred og Georg (Frank) og Lupin og Kingsley Shacklebolt. (Lupus og Nestor Bindebolt) Er eigentlig litt i mot og blande engelske namn inn når eg skriv på norsk, men nå har  eg lese på engelsk så då gjer eg det av og til.

Eg synes òg at omslaget på denne boka var heilt fantastisk i forhold til det på den norske boka. Det seier veldig mykje, baksideteksten, hadde det vore første gongen eg las boka, hadde eg blitt så nysgjerrig at eg ikkje kunne vente!

Elsker verkeleg denne boka!! (best på engelsk, anbefaler å lese desse bøkene på engelsk viss dykk er så gode i språket at de slepp og slå opp alle orda i ei ordbok)

Bok: safirblå av Kerstin Gier


Gwendolyn er ikkje den som gir fort opp sjølv ikkje når ho er bedt på ball og soarè hjå greven og må lære alt ho skal gjere og seie (og ikkje gjere og seie) på 1700-talet. Og i tillegg har ho problem med kjærleiken. Når den utkåra er den uppnåelige Gideon er det ikkje alltid like lett.

Fantastisk. Byrjar rett på frå der det slutta akkurat sånn eg liker det. Har ikkje så god til til å lage eit innlegg nå, men eg skal ramse opp litt.

Innleiinga var bra. Rett på og alt haldt fram med å vere veldig bra og spennade. Var klistra til boka i slutten. Anbefales!

Mai Lene