- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Engelsk bok
Å redde verda
Førre veke avslutta eg The Adventures of Oliver Twist av Charles Dickens. På engelsk. Knøttlita skrift og nesten 300 sider. Men eg vart ferdig. Det første ein legg merke til når ein les ei slik bok er den ekstreme forteljarevna til forfattaren.
«But tears were not the things to find their way to Mr. Bumbles soul; his heart was waterproof.»
Det er godt skrive, og sjølvsagt morosamt. Charles Dickens bruker verkeleg humor i skildringane av karakterane sine. »
(…) replied Mr. Bumble fastening the strap of the leathern pocket-book: which like himself was very corpulent».
Etter å ha oppdaga den fantastiske forteljarevna, går det raskt over til å tenkje over den tragiske historia. Kven snakkar for Oliver Twist? Kven stiller opp for han? Å sjå korleis barn vart behandla var vondt, og sjølv om eg kjenner historia, utborderer den gode forteljarevna til Charles Dickens dei fæle sidene endå meir. Han får fram gjennom dialogane alt det fæle det går an å tenkje om barn.
«I see no saving in parish children, not I; for they always cost more to keep than they’re worth.» (Mrs. Sowerbrry).
Eg trur me framleis har fleire av typen Oliver Twist i Noreg og i verda i dag. Kven er Oliver Twist i dag? Det tenkte eg på både medan eg las og etterpå. Er han eit av dei barna som veks opp utan foreldre? Er han eit av dei mange barna utsette for organisert kriminalitet (for det må ein jo kunne kalle Fagins verksemd?)? Er han eit løvetannbarn? Han klarte seg jo til slutt? Eg landa på at han kan representere så mange av desse. Han kan representere mange i samfunnet vårt i dag. Til slutt vart valet ein nokså overordna kategori: Ein stemmelaus. Det kan verke rart sidan det trass i alt gjekk så bra til slutt. Mr. Brownlow, Mrs. Maylie og Miss Rose Maylie var jo alle nokre som snakka for saka hans. Og det er kanskje poenget mitt òg. Han var stemmelaus, og då vart det nokre andre som brukte si stemme for å kjempe for han.
Uansett kor stor sosial mobilitet me har i Noreg, har me alltid nokon som ikkje når fram med stemma si. Me må innsjå at alle ikkje e rlike ressurssterke. Alle er ikkje like synlege. Mange skriv meir høglydt enn andre. Då er jobben for resten av oss å vere ei stemme for desse og løfte dei fram, akkurat som Mr. Brownlow og co. løfta Oliver Twist fram. Kva vil eg med dette våset? Kor vil eg? Eg veit nesten ikkje sjølv, men eg trur det har noko med overskrifta å gjere. «Å redde verda». Det er eit litt hårete og ambisiøst mål. Eit superman-mål.
«Eg skal trass alt inn på juss og redde verda, så noko må eg jo jobbe»
Dette var meldinga eg sendte då eg vart spurt om å vere med på eit møte ein kveld. Ja, eg jobbar for å komme inn på juss, og det er kanskje heile dette innlegget handlar om. Eg vil inn på juss og redde verda. Eg vil gjere noko. Eg vil gjere noko for Oliver Twist.» Eg vil vere Mr. Brownlow og Miss Rose Maylie. Men korleis skal eg gjere det? Har eg nokon strategi som ingen andre har kome opp med endå? Nei men eg ber med meg noko ein av KrFU-venene mine sa på landsmøte for to veker sidan:
«Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre»
Eg vil gjerne redde verda for dei eg kan, for det kan vere ein av mange saker for meg, men heile verda for den personen eg hjelper. 8.-10. mai var eg så heldig å få vere på KrFs landsmøte i Trondheim. Mitt viktigaste mål då eg sette meg på flyet i Stavanger fredags morgon var å få eit stortingsfleirtal for 10.000 syriske flyktningar. For å få til det måtte KrFs landsmøte stemme for resolusjonen til KrFU. Eg hadde eigentleg ikkje planar om å gå opp på talarstolen. Eg tenkte at det var mitt første landsmøte, at eg mest skulle observere, at eg berre var organisatorisk nestleiar i Rogaland KrFU. Då stunda for resolusjonsbehandlinga kom var eg framleis i tvil. Til slutt vart det til at eg retta skiltet i mitt i verda. Eg ville snakke. Og det gjorde eg. Det er sjeldan at eg har vore meir nervøs. Eg fomla litt med orda, og eg klarte til alt overmål å seie «nordområda» i staden for «nærområda». Det viktigaste var at me fekk resolusjonen gjennom. Det vart stortingsfleirtal. Eit samla landsmøte stemte gjennom resolusjonen, til ståande applaus! Eg vart sitert i to avsier («sjølvskryt kjem frå hjartet, men det er ikkje alltid like interessant å høyre på» – Frank Aarebrot). Poenget er at me oppnådde noko. Me redda verda for dei 10.000 syrarane som forhåpentlegvis får kome til Noreg (Stortingsfleirta – I’m watching you!). Det var i denne debatten sitatet ovanfor vart brukt. Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre. Me redda verda for 10.000 stemmelause kvelden 8. mai. 10.000 Oliver Twist.
Eg håpar eg kjem inn på rettsvitskap (juss) på UiO til hausten. Eg håpar eg kan redde verda og vere ei stemme for dei stemmelause, først og fremst innanfor utlendingsrett eller flyktningrett. Eg håpar eg klarer å halde på engasjamentet mitt. Noko anna som blir spennande er at eg tek til som leiar i Oslo KrFU. Eg fekk eit «kick» etter landsmøte. Eller, så stort eit kick som det går an når du ligg sjuk i to omgangar etterpå. Det eg vil seie er at eg vart inspirert, og i kombinasjon med Oliver Twist vart resultatet dette innlegget.
Allende, Isabel: Ripper
Isabel Allende har etterkvart blitt eit kjent namn i litteraturverda. Sjølv har eg berre lese ein roman av henne, Maya, men den var til gjengjeld god. Då eg høyrte at denne boka skulle vere ein kriminalroman, eller i alle fall vere litt krimaktig, måtte eg lese den òg. Ein tendens ein kan sjå i litteraturen er at kriminalromanane påverker andre romanar. Folk vil ikkje kenger lese bøker utan «mål og meining». Dei vil ha eit mysterium, noko ein skal finne ut av, kanskje ein drapsmann. Øydeleggjer det litteraturen?
Amanda Martín er ei jente som er oppteken av litt uvanlege ting, som til dømes å løyse mysterier. Saman med ei gruppe personar ho har kome i kontakt med over internett prøver å ho løyse drap i San Fransisco. Spelet blir kalla Ripper. Ein annan viktig person i romanen er Indiana, Amandas mor, som absolutt ikkje liker Ripper. Kvifor kan ho ikkje vere oppteken av andre ting? Er det sunt for ei ungdomsjente å vere oppteken av drap? På andre sida sit bestefaren, Indianas far, og oppmuntrar denne «harmlause» leiken, og han er gjerne med sjølv. Den store draumen hans er nemleg å utgi ei bok ein vakker dag. Bob Martín må eg heller ikkje gløyme, Amandas far, jobbar i politiet. Jo, her har ein vel dei viktigaste karakterane.
Det byrjar med eit drap, i november, og held fram med eit i desember, eit i januar osv. Dei er svært ulike, og det ser ikkje ut til å vere nokon faktor som binder dei saman. Alle teoirar om ein seriedrapsmann er fåfengte, eller kanskje ikkje? Amanda fattar interesse for drapa, og faren Bob er både ufrivillig og frivillig, frå hans side, ei god kjelde til informasjon. Er det samanheng mellom drapa, eller er det ikkje? Seriedrapsmann-litteraturen har blir utruleg vanleg, og særleg det å knytte noko psykologisk til personen som utfører det. Personen har ei slik psyke, har hatt ein slik barndom, er av det kjønnet og alt anna som ein bør vite om ein person som går rundt og dreper andre. Denne romanen sparer oss til ein viss grad for dette, ved at det faktisk ikkje ser ut til å vere ein seriedrapsmann. Heldigvis vil eg seie. Den derimot ikkje sparer oss for er inngåande skildringar av andre karakterar. Indiana. Amanda. bestefar (som sjølvsagt heiter noko anna enn bestefar, men kva kan eg ikkje hugse. Boka er på biblioteket….), Ryan Miller, Alan Keller, Bob Martín og elles ein haug med andre personar. I Byrjinga kan det verke heilt bak mål å ta med skildringar av så mange ulike karakterar, og så inngåande.
Indiana er litt frisinna kan ein vel seie. Ho jobbar med det ein vil kalle alternativ medisin på ein klinikk. Fleire av pasientane som kjem til henne blir skildra detaljert. Kvifor då? Kvifor skal alle karakterar bli skildra på den måten? Flinke, profesjonelle og rutinerte forfattarar som Allende veit kor dei vil, eller i alle fall veit ho det. Det er ikkje bak mål. Det kan verke slik i byrjinga, men etterkvart ser ein at opplysningane er nødvendige. Med fordel kunne det ha vore kutta ned litt på Ryan Miller og hunden hans, og kanskje òg på Alan Keller og familieproblema hans, men utanom det, viser Allende seg til å vere ein målretta forfattar som dreg alle viktige karakterar med frå byrjinga av. Ho gjer dei interessante, og eg synes eg kan sjå eit særtrekk ved karakterane hennar berre ut i frå Ripper og Maya. Kva då? Jo, dei er uperfekte. I tillegg har ho tydelegvis sansen for karismatiske personar som ikkje nødvendigvis er religiøse, men meir alternative. Indiana, som er mot til Amanda, bestemora til Maya. Dei er begge litt spesielle. Amanda derimot er logisk og teoretisk. Korkje noko religiøst eller karismatisk ved henne. Nei, eg seier ikkje at religion er ulogisk og ikkje teoretisk, men det er ein stor kontrast mellom henne og mora. Likevel er dei glad i kvarandre og vil den andre det beste.
Handlinga, kva med den? Krim eller ikkje? Romanen har heilt klart litt krim i seg. Mysterium er jo sjølve særtrekket til ein krim, men eg vil påstå at denne romanen ikkje er ein kriminalroman. Kvifor? Det blir litt vanskeleg å forklare, men eg skal prøve. I ein kriminalroman startar ein med eit lovbrot som utgangspunkt. Så kjem spørsmåla: Kven, kva og kvifor? Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor? Så vil resten av romanane nærme seg svara på desse spørsmåla. Sjølv om Ripper til ein viss grad har som mål å løyse eit mysterium, har den kanskje eit endå meir overodna mål: At karakterane skal finne ut kven dei er, kva dei vil, kvifor dei vil dette. Hovudtemaet er lagt til karakterane og ikkje mysteriet. Etterforksinga er ikkje konstant med i handlinga, men det er derimot relasjonane, personlegdommane og liva til dei dette handlar om. Det er noko meir djuptgåande ved denne romanen enn spørsmålet om kven som er drapsmannen.
Allende er dyktig, og eg kan ikkje gjere anna enn å gi henne skryt for denne boka. Berre spelet Ripper som Amanda Martín driv for å oppklare drapa er interessant nok i seg sjølv og ein original måte å etterforske på. Likevel, den mangler det litle ekstra på andre måtar. Språket er bra, skildringane er heilt etter etter boka, og romanen kan vel klasifiserast som grei litteratur. Men eg vil seie at mysteriet «dreper» litt det fantastiske ved den. I alle fall det at mysteriet på ein måte tek stor plass, men på den andre sida ikkje tek så mykje plass som i ein kriminalroman. Maya var meir rå og spesiell. Men om ein samanliknar med den heilt gjennomsnitlege kriminalromanen, er denne mange gonger betre.
Forresten, Ripper har blitt gjeven ut på Gyldendal med tittelen Amandas gåte.
Collins, Suzanne: Catching fire – eit litt annleis innlegg om ein roman
Nokre ungdomsromanar er rett og slett det ein kallar for geniale. Geniale, originale og spesielle. Adjektiv er noko ein kan strå litt for lett rundt seg når ein er heilt bergteken av nokre bøker. Det er derfor eg skal prøve å i staden lage ei litt «uvanleg» bokmelding av dystopien Catching Fire, bok to i The Hunger Games-serien av Suzanne Collins.
Med «uvanleg» meiner eg slik som med den førre romanen i serien, The Hunger Games, for å unngå berre repetering av det andre har skrive om romanen. Grunnen er at Catching Fire uansett treng eit innlegg, den fortener det. Det er ei bok som ikkje berre er skjønnlitterær, men som òg har fleire parallellar til verda me lever i. Om den første romanen skreiv eg dette:
Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at “alt” skjer i Oslo, “alt” er i Oslo og ein “må” til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.
Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra “lodd” når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må “ta ansvaret” for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. “Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?” Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: “Capitol er berre for forferdelege og horrible”. Og så er det oss.
Dette er like aktuelt for Catching Fire. Capitol har stramma grepet om distrika endå meir, og rundt om i Panem byggjar det seg opp mot opprør. Katniss og Peeta skal ut på turné i distrikta etter sigaren i The Hunger Games, og dei veit at medan dei er på turné må dei sjå inn i auga på familiane til dei som vart drepne i arenaen. Heile opplegget til Capitol gjer meg kvalm, akkurat slik som det gjer Katniss og Peeta kvalme. Eg har skrive at Capitol kan vere ein parallell til oss, til vesten, men no ser eg òg at det kan vere ein parallell til diktatura rundt om i verda. President Snow er ikkje berre ein dystopisk figur i eit oppdikta land. Han er andletet og representaten til alle diktatorar som undertrykker befolkninga og skjelv i buskene ved kvart minste opprør. No byggjer det seg opp mot revolusjon.
Etter Den arabiske våren 2011 trur eg me veit kva revolusjon kan bety. Om ein ser på Tunisia, Egypt, Libya og Syria, og kanskje òg Ukraina til ein viss grad, sjølv om det ikkje ligg i Midtausten, ser ein at det er i høgste grad eit aktuelt tema. Revoulsjon er ikkje berre det som skjedde i Frankrike i 1789 eller i spania i 1936. Revolusjon kan skje når som helst. Collins har laga aktuelle bøker.
Noko av det eg liker best er den «menneskelege» sida ved Katniss Everdeen. Heltinner har lett for å bli tøffe og uredde, men Katniss er heller bekymra og nølande. Eg er sikker på at ingen opprørsleiarar som har protestert mot styresmaktene har gått inn i det utan å kjenne på redsle eller frykt. I alle fall nesten ingen. Liu Xiabo, Martin Luther King Jr. og Aung San Suu Kyi er menneskelege, og ein eller annan gong må dei ha frykta for liva til dei som stod dei nært. Kom ikkje her og fortel meg at heltane gjekk inn med hovudet heva frå første stund, sjølv om det kanskje verkar slik. Det kostar å kjempe for ei sak, noko Katniss viser.
Before I go down to face this new life, thoughI take some time making myself acknowledge what it will mean. Less than a day ago, I was prepared to head into the wilderness with my loved ones in midwinter, with the very real possibility of the Capitol pursuing us. A precarious venture at bes. But now I am committing to something even more risky. Fighting the Capitol assures their swift retaliation. I must accept that any moment I can be arrested. There will be a knock on the door, like the one last night, a band of Peacekeepers to haul me away. There might be torture. A bullet through my skull in the town square, if I’m fortunate enough to go that quickly. I imagine these things and I’m terrified (…)
Now comes the harder part. I have to face the fact that my family and friends might share this fate. Prim. I need only to think of Prim and all my resolve disintegrates. It’s my job to protect her. I pull he blanket up over my head, and my breathing is so rapid I use up all the oxygen and begin to choke for air. I can’t let the Capitol hurt Prim.
The Hunger Games side 138-139
Menneskelege tankar om det å gjere opprør. Det å ville ha alt: Ein god stad å bu, eit «demokratisk» styre og venner og familie. Det blir sett ord på veldig bra. Katniss kjem òg etterkvart fram til at Capitol allereie har skada Prim. Dei har allereie gjort det ved The Hunger Games, ved at ho svalt då ho var mindre og ved at faren døydde. Det felles beste, om ein revolusjon lukkast, mot familieliv og tryggleik. LIkevel er det ikkje berre berre for Katniss å leve vanleg når President Snow har auga på henne. Det er opprør i fleire distrikt, og ho er redd ho skal få skulda for det. «The Mockingjay» blir eit symbol på opprøret.
Over til noko anna ved «diktaturet» som herskarane utgjer. Ein av menneskerettane er:
”Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende1 ektefeller.”
Eg skriv stadig vekk negativt om Twilight, og dette blir ikkje eit unntak. Kva er hovudpoenget med Twilight? Det er i alle fall ikkje djupt eller aktuelt eller viktig. Hovudpoenget er at Bella skal få seg kjærast. Blir det Edward Cullen eller blir det Jackob Black? Veldig spennande. Konflikt mellom gutane, fire romanar for å finne det ut, og til slutt blir det jo Edward. Som kompensasjon får Black dottera til Bella. I The Hunger Games er det òg eit kjærleiksdrama. Skilnaden er at det ikkje er ein egositisk jentunge i midten som berre tenkjer på kven som er rett for henne. Sanninga er at Katniss har så mykje å tenkje på at kjærleik er det siste ho orkar å gjere noko med. I tillegg må ho late som om ho er forelska i Peeta for å gjere publikum tilfreds. Gale har sagt klart og tydeleg at han elskar henne. Ho er forvirra, ho er redd, og i tillegg må ho gifte seg med Peeta for å overtyde distrika, Capitol og President Snow.
«Even if you pull it off, they’ll be back in another few months to take us all to the Games. You and Peeta, you’ll be mentors now, every year from here on and out. And every ear they’ll revisit the romance and broadcast the details of your private life, and you’ll never, ever be able to do anything but live happily ever after with that boy.»
The full impact of what he’s saying hits me. I will never have a life with Gale. I will have to be for ever in love with Peeta. The Capitol will insist on it. I’ll have a few year maybe, because I’m still only sixteen, to stay with my mother and Prim. And then … and then…
(…)
I’ll have to marry Peeta.
The Hunger Games side 50
Til sitatet frå menneskerettskonvensjonen: Katniss har ikkje noko val. Ho er i ein håplaus situasjon som på ingen måte liknar Bella sin. Ho er tvinga til å gifte seg med den eine, men veit egentleg ikkje om ho vil gifte seg med den andre heller. Ho har trass i alt eit opprør å tenkje på, og det at President Snow har lyst til å drepe henne.
The Hunger Games er ein god serie. Collins har verkeleg laga ein fantastisk serie, i alle fall til no, og om de ikkje har lese den før, så gjer det gjerne no. Eg nølte, men det hadde eg ikkje trengt og gjort.
Kriminalromanar 2014 del 1/2
Eg såg igjennom lista over leste bøker som eg ikkje har laga bokmelding av, og gjekk kva som viste seg. Jo, det viste seg at ni av ti bøker er kriminalromanar. Difor bestemte eg meg for å oppsummere heilt kort fleire av dei. Det kjem `og eit litt lengre innlegg av Ripper av Isabel Allende etterkvart.
Larsson, Stieg: Jenta som lekte med ilden (og Luftslottet som sprengtes
Baksidetekst Jenta som lekte med ilden
Lisbeth Salander vender tilbake til Sverige etter et lengre opphold i utlandet. Hun har skaffet seg en stor sum penger og er for første gang i sitt liv økonomisk uavhengig. Samtidig har Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium fått tilgang på brennhett nyhetsstoff: Journalisten Dag Svensson og hans samboer Mia Bergman har kommet over avslørende opplysninger om en omfattende sex-handel mellom Øst-Europa og Sverige. Mange av dem som er innblandet i saken, har fremtredende posisjoner i samfunnet. Dystre hendelser i Salanders fortid begynner også å gjøre seg gjeldende. Da Dag og Mia blir brutalt myrdet, rettes mistanken mot Salander, og en storstilt politijakt settes i gang. Salander bestemmer seg for å gjøre opp med fortiden en gang for alle og sørge for at de som fortjener det, får sin straff. Blomkvists og Salanders veier krysses nok en gang
Baksidetekst Luftlslottet som sprengtes
To personer tas inn for øyeblikkelig hjelp på akuttmottaket på Sahlgrenska sjukhuset i Göteborg. Den ene er Lisbeth Salander, som er etterlyst mistenkt for dobbeltmord. Hun har en livstruende skuddskade i hodet og må opereres umiddelbart. Den andre heter Aleksandr Zalatsjenko, og det er
Salander som har gått løs på ham med øks. Luftslottet som sprengtes starter der Jenta som lekte med ilden slutter. Lisbeth Salander har overlevd å bli levende begravd, men problemene hennes er langt fra over. Zalatsjenko er tidligere yrkesmorder i den sovjetiske etterretningstjenesten. Han er dessuten Salanders far, og han har prøvd å ta livet av henne. Sterke krefter vil nå uskadeliggjøre henne en gang for alle. Samtidig graver Mikael Blomkvist i tidsskriftet Millennium i Salanders skjulte fortid
Eg las den første kriminalromanen om Lisbeth Salander og Mikael Blomkvist i januar og måtte halde fram med bok to og tre. Det første eg tenkjer på når eg skal skrive om desse to kriminalromanane er at dei har eit rikt persongalleri på mange måtar. Det er både positivt og negativt. Negativt på den måten at ein nærast må skrive opp ei liste for å halde styr på alle. Positivt på den måten at det visar kaoset. Det viser vrimmelen av personane dei må forhalde seg til for å komme til botnen. Eg må berre seie at Lisbeth Salander er ei med futt i som eg diggar. Det einaste er at ho er hakket for mykje supermenneske. Ho er for flink, for udødeleg til at ho går heilt igjennom. Ein ting er dyktige hovudpersonar, men når dei er flinke, dyktige, pene, unge, instinktive, impulsive, sterke og elles positive på nesten alle område er det litt vel mykje. Det som er eit pluss er historia hennar som kjem fram i slutten av den andre romanen. Det at ho har lidd enormt mykje reddar heile karakteren. det at ho er traumatisert og har ein voldsom hevnlyst.
Bok to og tre er `og godt skrivne. Mange tenkjer kansje at: «Dette kunne vore ein roman og ikkje to, hadde det ikkje vore for storleiken-» Slik er det ikkje. Hovudlinja ligg der i begge. Kva er historia til Lisbeth? Kva skjedde då ho var tenåring? Alt handlar om det same systemet. Bok tre tar til der bok to slutta. Likevel er det `og to separate historier. I alle fall er historia i bok to separat frå den i bok tre på den måten at i bok to har ein `og to mord å oppklare som kanskje ikkje er så direkte knytt til Lisbeth Salanders historia. Likevel, ein bør lese bok to før bok tre. Bok ein først, men der sluttar alt der det slutta. Håpar de forstår.
Uansett, Stieg Larsson er genial, og han har skrive geniale romanar. Dei er i tillegg sprø, morosamme, og han har ein heilt spesiell eigenskap til å gjere det spennande.
Faye, Lindsay: Gothams Guder
Baksideteksten:
845. New York vedtar endelig å opprette sitt eget politikorps. I Irland svikter potetavlingene totalt, med en
sultkatastrofe og enorm utvandring som følge. Disse to hendelsene skal forandre byen New York for alltid.
Timothy Wilde jobber i en bar og fantaserer om den dagen han vil ha nok penger til å vinne drømmejenta. Men etter en brann som lar Manhattan gå opp i flammer, er han både arbeidsløs og hjemløs. Hans bror skaffer ham en jobb i NYPD, men Timothy er svært skeptisk til dette nye «politikorpset». Og han er heller ikke spesielt begeistret for å måtte patruljere byens verste slumstrøk.
En natt støter han på en jente, som løper gjennom mørket i bare nattkjolen – dekket fra topp til tå i blod. I et forsøk på å finne ut av jentas vanvittige historier, blir Timothy viklet inn i jakten på en brutal morder som virker fast bestemt på å forsterke den anti-irske stemningen i byen. Dette truer med å skape totalt kaos i et New York som allerede er rystet av dype sosiale omveltninger.
Timothys kamp for rettferdighet kan komme til å koste ham kvinnen han elsker, broren og hans eget liv.
Lindsay Faye var eit ukjent namn for meg fram til det dukka opp i Aschehougs vårkatalog. Dette er det året eg har prøvd å lese seriar i rekkjefylgje, og då byrja eg med dne første boka i serien til Lindsay Faye om New Torks politikorps på 1800-talet. Det første eg la merke til er at det er god underhaldningslitteratur. Det er fengande, spennande og god driv. Likevel er det ikkje ei god bok skjønnlitterært sett. Det er veldig dårleg språk, som ikkje vitnar om noko fargerikt. Ikkje ein gong nyanse, berre overforklarande og rett og slett platt. Heile meg skrik i frustrasjon når eg er at ei dør er «solidere». Adjektivet solid er ikkje «solidere», men «mer solid» om det skal bøyast. Unnskyld meg, omsetjar, Aschehoug: Korrektur.
Uansett, det øydela ein delf for meg med språket, og særleg adjektivet «solidere». I tillegg gjekk alt utruleg fort. Det var vanskeleg å følgje med i alt som skjedde. Forfattaren er lite flink til å få lesarane til å følgje med og forstå kva som eigentleg skjer. Ein ting er at ho overforklarer, men om ho ikkje gjer det, klarer ho heller ikkje å seie noko indirekte. Det er der noko av forteljarkunsten ligg. Du skal ikkje overforklare eller bruke for mange adjektiv i skildringane, men du skal likevel få lesaren til å forstå. Lindsay Faye slit verkeleg her, og mange formuleringar burde vore revurderte, sletta eller gått meir nøye gjennom for at romanen skulle ha haldt mål. Underhaldning, men ingenting anna.
Dicker, Joël: Sannheten om Harry Quebert-saken
Baksideteksten:
Den unge stjerneforfatteren Marcus Goldman drar på besøk til sin gamle venn og mentor, forfatteren Harry
Quebert, for å få hjelp med en plagsom skrivesperre.
Kort tid senere finner politiet liket av en ung jente nedgravd i hagen til Harry, og han pågripes for mord. Marcus er overbevist om sin venns uskyld.
Han starter sin egen etterforskning, og begynner å skrive en bok om saken. Gradvis avdekkes et komplisert nett av hemmeligheter, og mange uventede og nervepirrende hendelser inntreffer før den dramatiske sannheten til slutt kommer for en dag.
Hvem drepte Nola Kellergan? Hva skjedde i New Hampshire sommeren 1975?
Og hvordan skriver man egentlig et mesterverk
Eg har latt vere å skrive noko om denne romanen heilt til no. Den hadde fortent eit godt og langt innlegg om språk, plot, karakterar og alt anna ein roman kan bestå av. MEN når du har lese ei bok og kjenner at alle kjesnlene dinne er sette i sving, du kjenner at denne romanen fortener skryt og seksarar i aust og vest, er det nesten farleg å skrive eit innlegg. Ikkje berre vil det mangle grunngjeving for godt språk, fantastiske karaterar og eit godt utforma plott, men det kan fort bli til adjektiv følgjer adjektiv og det berre er ros, skryt, og ein kastar bort alt som heiter litterær kvalitet til fordel for opplevingar. Noko av det siste som står i romanen, eit råd frå Harry Quebert til Marcus Goldman, skildrar mi kjensle etter eg var ferdig med romanen:
«En god bok, marcus, kan ikke bare måles ut fra de siste ordene, men ut fra den samlede effekten av alle ordene i den. omtrent et halvt sekund etter å ha lest ut boka du, etter å ha lest det aller siste ordet, skal leseren kjenne seg oppfylt av en sterk følelse, en liten stund skal han ikke tenke på noe annet enn det han akkurat har lest, studere omslaget og smile litt vemodig fordi han vil savne alle romanfigurene. En god bok, Marcus, er en bok man synes det er synd å ha lest ferdig.»
Eg sat verkeleg slik dei skildrar her, og eg tenkte: «Wow, det er så sant». Men eg legg merke til at det står «et halv sekund». «Omtrent etter et halvt sekund». Altså ikkje ei veke eller ein månad. Eg sat ikkje og såg på omslaget ei veke etterpå, og i dag kan eg ikkje ein gong seie at eg er lei meg for å allereie ha lese boka. Når eg ser alle dei overstrøymande bokmeldingane lurer eg på om dei har byrja å skrive «et halvt sekund» etter dei er ferdig med boka og berre sendt den inn.
Plottet er godt gjennomarbeida på mange måtar, men er ikkje den klassiske forfattaren med skrivesperre som må komme seg bort for å byrje å skrive igjen veldig typisk? Er ikkje Goldman ein typisk romankarakter av den typen som gjer at du forstår at det som skjer får han til å skrive igjen. Forutsigbart. I tillegg har ein det typiske reinvaskingsplottet. Ein karakter skal bli reinvaska for eit lovbrot han eller ho ikkje har begått, i dette tilfellet Harry Quebert. I tillegg er det «kven-gjorde-det eigentleg-plottet» og «lukka-rom-som-i-Agatha-Christie-plottet». Lukka rom, ja, fordi staden kor alt finn stad er liten og det er ikkje mange karakterar som kan ha gjort det. Altså ei veldig typisk bok med fleire plott blanda saman, som passar bra saman og som alle er typiske.
Mange av karakterane er stereotypiske. Mora til Marcus Goldman liknar mistenkeleg mykje på Mrs. Dashwood frå Sense and Sensibility eller Mrs. Bennet frå Pride and Prejudice. Heilt klar for at vesleguten skal finne seg ein kjærast og gifte seg, det einaste ho er oppteken av. Ho er så stereotypisk at det finst ikkje maken til henne.
Mange meiner at språket til Joël Dicker er fantastisk, men eg vil heller seie annleis. Det er ikkje bra eller av god litterær kvalitet, men annleis. Det betyr ikkje det same som fantastisk. Likevel, det er ei sjeldan leseoppleving som eg trur mange vil like, så om det er det du er på jakt etter så bør du lese denne boka, men viss det er ein roman av god litterær kvalitet så ligg unna.
Galbraith, Robert: The Cuckoo’s Calling
Baksideteksten:
After losing his leg to a land mine in Afghanistan, Cormoran Strike is barely scraping by as a private investigator.
Strike is down to one client, and creditors are calling. He has also just broken up with his longtime girlfriend and is living in his office.
Then John Bristow walks through his door with an amazing story: His sister, the legendary supermodel Lula Landry, known to her friends as the Cuckoo, famously fell to her death a few months earlier. The police ruled it a suicide, but John refuses to believe that. The case plunges Strike into the world of multimillionaire beauties, rock-star boyfriends, and desperate designers, and it introduces him to every variety of pleasure, enticement, seduction, and delusion known to man.
You may think you know detectives, but you’ve never met one quite like Strike. You may think you know about the wealthy and famous, but you’ve never seen them under an investigation like this.
Etter å ha lese The Casual Vacancy av J. K. Rowling tidlegare, venta eg meg store ting frå henne, men eg syntes ikkje The Cuckoo’s Calling var i nærleiken av å vere like god. Jo, den kriminelle debuten til forfattaren er godkjent. Den er godkjent. Plottet er jo eit typisk kriminalplott, og eg vil seie at romanen føyer seg inn blant dei britiske kriminalromanane. Britiske kriminalromanar er det noko heilt spesielt ved spør du meg. Dei er meir rolege og kan dreie seg meir om personar, psykologi og motiv enn det mange nordiske gjer. Eg kjenner Val McDermid litt igjen i Rowling (eller Galbraiths) roman. Det er ikkje så rart at ho har skrytt av den. Handlinga er spennande og er konsentrert rundt handlinga som har skjedd, og den er veldig typisk krim.
Det eg synes ho manglar, som ho har i både Harry Potter-serien og i The Casual Vacancy er skildringane av karakterane. Dei skildringane som gjer at ein verkeleg kjem innpå karakterane på ein heilt annan måte. Ho har litt av det, men veldig lite. Det er det menneskelege eg er på utkikk etter. Robin og Cormoran er spennande nok, og det same er Lula Landry, men dei har ikkje dette ved seg at ein blir dratt mot dei. Ein har ikkje den same medkjensle med dei og kjenner seg ikkje like godt igjen. Trass i alle magiske eigenskaper Harry Jackob Potter har, kjenner eg meg igjen. Trass i at eg ikkje er på same stad i livet som Crystal, har eg ei sterk medkjensle med henne og ho får meg til å ville gi henne ein klem eller passe på henne eller berre bli kjent med henne. Dette er døme frå tidlegare romanar. Likevel, The Silkworm ligg klar og eg håpar at den blir endå betre, for då er det bra. Likevel, eg ser at i motsetning til andre kriminalforfattarar er ho god på karakterar.
Dette var ei «lita» oppsumering, og del to kjem seinare.
No skal eg prøve å gjere meg ferdig med Sense and Sensibility av Jane Austen. Faktisk. Endeleg. Jepp, det skal eg!
Ha ei fin helg.
Å lese på tysk
Eit av dei første engelske orda eg lærte var sandkasse (sandpit). Det hadde seg slik at slekta fekk besøk frå USA, eg skulle lære meg nokre ord engelsk (fire år gammal), og eg var nok litt vel ambisiøs. Kva heiter ripsbusk på engelsk? Kva heiter gyngestol? Korleis seier me ditt og korleis seier me datt? Eg trur ikkje alle engelsklærarar kunne ha svart, og eg må innrømme at gyngestol og ripsbusk har eg ikkje lært meg sjølv endå. Men sandkasse, det kan eg.
Heldigvis har språklæringa gått litt betre med åra, og no kan eg både skrive, lese og snakke engelsk. Den første boka eg las på engelsk trur eg må ha vore Felicity Learns a Lesson: A School Story. Eg var kanskje 12 år gammal. Nokre år tidlegare hadde eg fått bøkene til fødselsdagen, men det var første gongen eg varkeleg satte med ned og las ei av dei. Eg merka at det var eigentleg ikkje så vanskeleg, og eg fekk med meg samanhengen sjølv om nokre ord var litt uklare. (Det skal no seiast at eg lurte veldig på kva slags teselskap «The Boston Tea Party var…) Likevel såg eg at det gjekk, og eg har etter det merka at det er både givande, gøy og ikkje minst lærerikt å ikkje berre lese bøker på norsk, men òg på engelsk.
Eg jobbar i bokhandel og får ofte spørsmålet om kva bok ein bør lese for å lære seg å lese på engelsk. Mange tenkjer nok på bøker som dei om Felicity (American Girls-serien). Enkle bøker med låg kvalitet, men som kan lære noko. Eg hugsar ikkje bøkene om Felicity, men eg trur ikkje dei var gode. Det var heller ikkje det som gjorde at eg vart betre i engelsk. Spørsmålet eg plar å stille kundane mine er heller: «Er det ei bok du har lese på norsk du likte veldig, veldig godt? Ei som òg er utgjeven på engelsk?» Særleg ungdommar plar då å komme med bøker som Divergent, Dødslekene, Percy Jackson og lyntyven og Harry Potter-serien. Mitt tips er alltid: Les ei bok du likte godt på norsk på engelsk. Kvifor? Jo det er mange grunnar. For det første kjenner du historia og kan klare å henge med. For det andre likte du boka, og då er det meir motiverande enn å sitje med ei lettlestbok. For det tredje lærer du faktisk av det. Om du kan historia kan du konsentrere deg meir om språk og læring enn om du i tillegg må konsentrere deg om historia.
Det har blitt nokre engelske bøker i levetida til denne bloggen òg. Litt Harry Potter, litt Lisa Jewell og litt Val McDermid. Eg er nøgd med det i alle fall. Likevel, det eg endå ikkje har lese på engelsk er ein ekte klassikar. Eg har byrja på Jane Austens Pride and Prejudice, men den var litt for krevjande, og då las eg den heller på norsk. Eg klarte ikkje å fullføre Great Expectations av Charles Dickens, noko eg skal. Eg har lese A Christmas Carol då, men det er kanskje ikkje det vanskelegaste. Det har likevel skjedd eit vendepunkt, og det skjedde i Oslo 23. april 2014 på Ark Egertorget. Eg skulle berre ein svipptur innom for å sjekke om dei hadde En av oss av Åsne Seierstad. Nei, dei hadde ikkje boka der. Eg skulle til å snu meg og gå, og der, rett framfor meg, var det plutseleg eit bord med tekstsamlingar av fleire forfattarar, blant anna Sir Arthur Conan Doyle, Agatha Christie og Jane Austen. Innbunden form med grei skrift, illustrasjonar og fine omslag.
Fem minutt seinare stod eg utanför Ark ca. 80 kroner fattigare, men ein «murstein» rikare. No har eg kome nesten hundre sider inn i Sense and Sensebility av Jane Austen på engelsk. Nei, det er ikkje langt, men det er langt nok, og eg sit ikkje og niles heile tida. Likevel, eg er glad i karakterane og er sikker på at eg kjem til å lese ferdig min første klassikar på engelsk. Og når eg er ferdig har eg framleis Emma og Northanger Abbey i same bindet, nettopp dei bøkene eg ikkje har lese av Austen. Vinn-vinn-litt-tap-situasjon. (Tap av tid og 80 kroner som eg ikkje saknar…) Det som er verkeleg greit med dette bindet er at skrifta ikkje er veldig lita. Ofte får ein slike klassikarar på engelsk i pocket-format, og då er skrifta lita, og det er i tillegg veldig tett mellom linjene. Det beste er å lese slike bøker i innbunde format slik at skrifta blir litt større og mindre tett og det blir lettare å konsentrere seg.
Eg har òg noko anna gåande som eg kalla «prosjekt tysk». Det er eigentleg litt morosamt, for eg har berre ei kjensle av at Tyskland, Berlin og alt anna som kan vere tysk kjem i ein og same periode. For dei som ikkje har fått det med seg er noko som heiter fotball som føregår i Brasil no. VM faktisk, og det blir jo alltid litt snakk om VM. «Kven heier du på?» I 2010 fann eg ut at eg heia på Tyskland. Det berre vart slik, og etter det har eg heia på dei. Det er ikkje fordi eg har rekna ut sansynet deira for å vinne eller følgt dei så tett, men rett og slett fordi eg liker Tyskland generelt. Jo, så eg heiar på dei. I tillegg såg eg ein serie på tysk no nettopp som heiter Hotel Adlon, som eg trass i alle klisjear, og all elenda som hendte, likte veldig godt. Eg hadde òg bestemt meg for at eg skulle prøve å lese litt tysk denne sommaren, sjølv om eg er ferdig med tysk på skulen. Då eg skulle ha køyretime i Sandnes tok eg med meg Torgrim Eggens bok om Berlin, la den oppi ei veske kjøpt i Berlin (heilt tilfeldig) med namnet på turiststader som Brandenburger Tor, Potsdamer Platz og Charlottenburg. Etter køyretimen reiste eg inn til Sølvberget i Stavanger og lånte Harry Potter under der Feuerkelch og la oppi veska, og woops, litt meir tysk. Ja, eg les på tysk og det går fint. Poenget mitt er, les så blir du god i språk. Ikkje bry deg om alle mine småhistorier som spriter opp (eller ned) innlegget. Men, eg les tysk, og eg liker Tyskland, og eg liker Berlin, og eg liker å lese på engelsk og trur det er lurt å lese på andre språk.
Uansett, for å oppsummere dette alt for lange innlegget om å lese på andre språk enn norsk kan eg seie at tipsa mine er:
- Begynn med ei bok du likte som du har lese på norsk, som du òg kan få tak i på engelsk
- Finn noko i innbundne format, litt stor skrift med litt luft i mellom linjene, om boka er avansert
- Lesing betrar språkforståinga
- Eg håpar du heiar på Tyskland i fotball-VM
The Hunger Games (Suzanne Collins) – samfunnskritikk og ein del sjølvransaking
Les Mai Lene romanar om vampyrar, demonar, gudar og halvgudar, trollmenn, hekser og overnaturlege fenomen som berre er eit resultat av nokre fantasifulle menneske som har hatt eit sterkt ynskje om å få det ned på papiret? Nei, jo, kanskje. Eg har bevega meg inn i noko som kan verke som litt ukjent terreng. Nokre av dykk har kanskje fått med seg at eg nemner Harry Potter i ny og ne, rett og slett fordi Harry Potter er den beste serien eg har lese. Klisjé, men jo, eg må innrømme at eg liker serien. Dei som har følgt bloggen lenge veit òg at eg har lese Alyson Noëls serie om The Immortals, som eg endå ikkje har fullført, fordi det eigentleg berre er søppel. Eg har lese Twilight, og eg er ikkje stolt over at eg framleis kan sitje og sjå filmane. Å lese bøkene om igjen er fy fy. Om det er noko som ikkje er god litteratur er det Twilight. Det er ein ting som er positivt ved mi fantasy-lesing, og det er at eg alltid nøler før eg byrjar på ein serie. Eg venter i fleire år, og det gir veldig gode resultat. Romanane er ledige på biblioteket, særleg på engelsk, fordi dei er ikkje såååå populære lenger. Eg slepp å gå rundt å vente i ei æve på at romanane skal komme ut. Eg slepp å kapplese med alle andre som vil vere først til å fortelje frå boka. Jo, det er greit, men kanskje litt ugreit. Eg må innrømme at The Hunger Games har fått meg til å bryte ein av reglane mine. «Aldri sjå ein film før du har lese boka!» Eg har gjort det. Skrekk og gru, det er faktisk sant, men det beste er at eg korkje er skuffa over filmen eller romanen, og eg lever heilt fint med det.
For at de skal hoppe over det de ikkje vil lese av dette som sikkert blir eit langt innlegg, har eg laga litt overskrifter. Då er det lettare å sile ut.
Handlinga…
Eg trar dei fleste av dykk veit handlinga. Katniss Everdeen lever i distrikt 12, det fattigaste distriktet i landet Panem, kor ho frivillig tek plassen til litlesøstera, Prim, i Dødslekene, eller The Hunger Games. Ein gut og ei jente frå kvart av dei tolv distrikta blir plukka ut og førebudd til å kjeme på ein arnea. Berre ein person kjem igjen.
May the odds be ever in your favor
Parallellar…
Eg veit ikkje om de har høyrt om gladiatorkampane i romartida. Det liknar nokså mykje. Gladiatorkampane var for mange rein underhaldning. Vanlege innbyggjarar i romarriket kunne komme og sjå på menn som kjempa, enten mot dyr eller mot ein annan person. Den største skilnaden mellom dette og The Hunger Games er kanskje at i gladiatorkampar kjempa dei ein mot ein, men på arenaen er det 24 personar som alle kjemper mot kvarandre. Likevel er det forbausande mykje likt. Gladiatorane hadde kanskje ulikt utstyr slik at den eine nesten var dømt til å vinne. På same måte har ein The Career Tributes i The Hunger Games som er trent nettopp for å vinne på arenaen. Òg publikum kunne vere med å bestemme skjebnen til ein gladiator ved å gjere bestemte teikn med tommelen, og sjølv om ein ikkje nødvendigvis var godt utstyrt, kunne ein vinne på grunn publikum. Det hendte ofte fordi det var dyrt å trene opp nye. Publikum i The Hunger Games sponser gjerne deltakarane dei har tru på, ikkje berre på grunn av styrke og kunnskap, men òg på grunn av personlegdom. Ein må ikkje berre overleve, men òg overleve på ein måte som gjer deg godt likt. Kan òg tilføye at gladiatorane ofte var kriminelle, medan nokre få var frivillege. Mange parallellar altså til romanane.
Historia er òg bygga på gresk mytologi. Som straff for tidlegare handlinga måtter Athen kvart år ofre sju gutar og sju jenter til Minotauros i ein labyrint. Minotauros er eit vesen som er halvt menneske og halvt okse. Den som til slutt drepte vesenet heiter Thesevs. Det var kong Minos som stod bak dette. Synes det er veldig interessant korleis ho har henta fram idear frå gresk mytologi og historie frå romartida, og ikkje berre det, men òg frå reality-show på TV. Bak i romanen eg las skreiv ho at ho var trøyt og surfa mellom ulike kanalar. På ein var det ungdommar som konkurrerte mot kvarandre for å få pengar. På ein annan var det ungdom i krig som kjempa for livet. Sidan ho var trøyt blanda ho det saman, og det vart ideen til serien. Folk som ser på TV eller på toget og berre plutseleg kjem på seriar (*kremt*, Collins, Rowling) imponerer meg.
Samfunnskritikk…
Eg bur ikkje Oslo, og takk for det. Likevel har eg alltid ei kjensle av at «alt» skjer i Oslo, «alt» er i Oslo og ein «må» til Oslo for å oppleve verkeleg store ting. Capitol har alt, og der skjer det meste i landet Panem. Panem var tidlegare Nord-Amerika og Capitol ligg ved Rocky Mountains med tolv disitrikt rundt seg. Eg bur vel kanskje i eit distrikt i Noreg sidan eg bur på Jæren. Likevel trur eg ikkje at eg kan kjenne meg igjen i den håplaus situasjonen mange kjenner på i distrikta i The Hunger Games. Eg trur Capitol og distrikta er eit bilete på noko anna. Dei fleste folka i Panem bur nemleg i distrikta og ikkje i Capitol. I Capitol bur dei rike og velståande som har råd til å sponse døande ungdommar på ein arena, og på toppen av alt ser dei på det som underhaldning.
Mange av distrikta er fattige, og i alle fall Distirkt 12 kor Katniss høyrer heime. Det er snakk om å få ekstra «lodd» når dei vel ut deltakarane i The Hunger Games for å få meir mat. Det er snakk om å bryte loven om å ikkje gå utfor gjerdet, for å faktisk ha mat. Har ein ikkje ein person som verkeleg arbeider for mat på bordet, er det vanskeleg. Det viser historia til Katniss, Prim og mora. I forhold til Capitol som lever i overflod har Distrikt 12 ingenting. Har eg som bur på Jæren ingenting? Nei! Eg lever i overflod. Eg trur at den vestlege verda, og no er eg i vår verd, må «ta ansvaret» for å vere Capitol. Det smerter, men det er slik det er. Me har alt og mykje meir. Me trenger ikkje å tenkje på at maten er for dyr eller at me ikkje har klede nok til å varme kroppen. I tillegg har me kanskje blitt veldig likegyldige i forhold til andre. «Å, døyr det folk i den Sentra-Afrikanske republikk?» Kan òg seie at oljefondet til Noreg er ikkje heilt reint om ein tenkjer på dotterselskap og våpen. Flesteparten av personane i Panem svelt og har det heilt grusomt. Ein stor del av verdas befolkning svelt òg Eg skal ikkje legge skjul på at talet på barn som døyr går ned eller at det faktisk er mykje positivt som skjer. Likevel må ein berre sjå at romanen viser den ignoransen vestlege ber med seg. Me sit og les serien og tenkjer: «Capitol er berre for forferdelege og horrible». Og så er det oss.
Kanskje eg overtolkar, men det krev nok litt sjølvransaking å lese desse romanane om ein verkeleg går under huda på dei og ikkje berre les dei som underhaldning. Dei som les denne bloggen veit at ikkje berre ser på romanar som underhaldning og rett og slett må gå nærare inn på det som skjer, så eg kan ikkje ignorere samfunnskritikk eller det som kunne ha vore det.
Underhaldning ja. Kor mange gonger kjente eg tårene komme då nokon vart drepen i areanen? Kva tenkte eg då eg las om The Hunger Games? Eg tenkte «go Katniss!». Det er kanskje ikkje så gale, men likevel. Eg sit og les om folk som blir drepne – barn – utan å lee på eit augelokk. Det er berre ein roman. Likevel burde det kanskje gripe meg litt meir det som skjer. Det er noko verkeleg kaldt over det å sitje og lese om ungdommar som slakta ned og kalle det underhaldning.
Meining?
Jo, eg likte romanen, trass all sjølvransaking, dårleg samvit og urovekkande parallellar. Eg likte fantasyromanen, trass i at eg ikkje liker fantasy. Jo, kanskje eg gjer det. Eg trur de treng ei forklaring på det med å like og ikkje like denne sjangeren, og den kan de få frå Bjørg her, for eg òg har det slik.
Kjelder
Wikipedia, Gladiatorkampene, 20. november 2013, http://no.wikipedia.org/wiki/Gladiatorkampene Lese 02. juni 2013
Wikipedia, The Hunger Games Trilogy, 31. mai 2014, http://en.wikipedia.org/wiki/The_Hunger_Games_trilogy Lese 02. juni 2014
Bok: A Darker Domain av Val McDermid
No som skulen har byrja for fult og eg har prøvd å ligge langt framfor med alt som kan gå under lekser, har det ikkje vore så alt for mykje tid til McDermid, Karen Pririe og alle mysteria som er kokt saman i A Darker Domain, men no er eg ferdig, og eg sit igjen med litt blanda kjensler.
Det er tredje boka eg les av forfattaren på kort tid, og de som har følgt bloggen min lenge veit at eg har ein tendens til å lese mykje av ein forfattar på ein gong, kanskje til og med i heilt feil rekkjefølgje. Til å vere McDermid vart eg litt skuffa, og boka var ikkje like utspekulert som The Mermaids Singing og The Vanishing Point. Likevel, som alltid var ho av god kvalitet, rett og slett fordi McDermid på eit middels nivå kan vere andre på sitt beste nivå.
Ei kvinne kjem inn og melder faren sin sakna. Kor tid vart han borte? For over tjue år sidan. Samstundes tek dei opp att saka om milliardær Broderick M. Grants kidnappa og drepne dotter og dottersonen som har vore borte i over tjue år. To saker på ein gong. Kor fører boka hen? Eg spurte meg om det i ei æve. Kor skal McDermid hen i dag? Kor vil ho?
Som vanleg er McDermids karakterar noko for seg sjølv, men eit kjenneteikn går igjen: Kvinnene. Den feministiske delen av meg elskar at det alltid er sterke kvinner med i bøkene, enten som forfattarar, politi eller journalistar eller heilt vanlege personar. Det er tydeleg at ho liker å ha kvinner i hovudrolla i romanane sine, og det gjer at me kan sjå bort frå alkoholiserte, miserable mannlege detektivar. Likevel overtok den sterke, feministiske sida til Karen Pririe alt for mykje i denne boka, og det var vanskeleg å sjå om ho hadde nokre svake sider, utan at eg sat og tenkte at ho var veldig stereotypisk. Til det har eg lese litt for mange romanar med litt for mange stereotypiar, og så dårleg var det ikkje. Likevel sit lesaren igjen med kjensla av at DI Karen Pririe er ein karakter litt overdriven.
Plottet har få svake sider ved seg. Likevel kan det vere litt langdrygt, litt vel mange telefonar, litt vel mykje tenking utan at det store skjer. Hadde det vore litt meir «action» hadde boka heva seg nokre hakk. Den hadde heller ikkje det same fengande plottet som i dei andre eg hadde lese. Hadde dette vore første boka trur eg at eg hadde haldt fram med å lese nokre andre for å sjå korleis resten var, men eg trur ikkje eg hadde blitt klar over kor god forfattaren er!
Avslutninga er som elles litt brå, og i dei enkeltståande bøkene veit du kva som har skjedd, kven som har gjort det, men kva skjer vidare? Det er ikkje eit oppsummerande kapittel på slutten, og ei open avslutning i ein kriminalroman høyres berre heilt grusomt ut, men viss du les McDermid får du med deg at det er heilt fantastisk.
Eg har ikkje hatt veldig lyst til å blogge i det siste, og det går nok litt tid mellom kvar gong, men slik er det. No har Noreg fått ny regjering, og jo då, eg skal no overleve dei neste åra, men så er det om eg må gå litt i dvale, haha. Nei då, kjenner berre at eg er glad for at valkampen er ferdig!
Bok: The Mermaids Singing av Val McDermid (Tony Hill and Carol Jordan #1)
Val McDermid er ein sensasjon som etter mi meining det er alt for få norske lesarar som har oppdaga. Ho er ei imponerande dame med ein skarp penn, og ikkje berre var The Vanishing Point ei fantastisk bok, velskriven med gode kakraterar og eit utspekulert plott. Det var òg The Mermaids Singing. Slik det ser ut, når eg ser på Wikipedia har ho skrive tre kriminalseriar om ein annan, og slik det ser ut var The Mermaids Singing den første boka i den tredje serien ho hadde byrja på. Den første var altså om Lindsay Gordon-serien som vart byrja på i 1987 og avslutta i 2003, den andre om Kate Branigan som vart byrja på i 1992 og avslutta i 1998 og den tredje om Tony Hill og Carol Jordan vart byrja på i 1995 og avslutta i 2011, så ho har hatt nok å henge fingrane i, og i tillegg har ho gitt i fleire enkeltståande bøker i mellomtida. Jojo, minner litt om Lahlum, sett frå eit norsk perspektiv.
The Mermaids Singing er altså første boka i serien om Tony Hill og Carol Jordan. Tony Hill er ein psykolog som jobbar spesielt med å kartlegge adferda til kriminelle, i denne boka ein seriemordar. Carol Jordan er ein etterforskar som tek seg av den praktiske delen med å finne ut kven det er. Nei, Hill finn ikkje nøyaktig kven, men greier i det minste å minske utvalet av mistenkte ved å kartlegge personen på andre måtar. Han gir tydeleg uttrykk for at det ikkje er hans jobb å ta over for politiet.
Når boka byrjar har tre menn blitt funne drepne, to av dei dumpa i eit område kor homofile vankar. Den fjerde blir funnen i byrjinga av boka, rett etter at Tony Hill har blitt spurt om å bistå. I byrjinga ser det ut til at mennene kanskje er drepne, fordi dei er homofile, og at det er ein seriemordar som siktar seg inn mot homofile menn, men det ser ikkje ut til at nokon av dei har hatt tilknytting til eit slikt liv. Kva er det då seriemordaren er ute etter, og greier Hill å lage ein passande profil?
Seriemordarar er eit tema eg har lese om før. Sommerdøden av Mons Kallentoft, X av Helge Thime-Iversen og fleire andre kriminalromanar har liknande plott, og sommerdøden har litt av det same i seg, utan at det er det same likevel. Serienmordarar høyres heilt frykteleg keisamt ut for mange. Det er jo såååå klassisk og lite gjennomtenkt. Eg må berre seie at boka var overraskande god til å ha med ein seriemordar. Vinklinga er ei litt anna i denne boka. For det første er boka vel så mykje ein pyskologisk thriller som ein kriminalroman. I kvart andre kapittel er det seriemordaren som fortel, utan å røpe noko som gjer at me tenkjer at der var det ein glipp og der forstod me alt. Det geniale ved desse kapitla var at me fekk sjå tenkjemåten til seriemordaren utan å vite noko anna. Kapitla er fortalt i første person, noko som gjer at verken namn eller kjønn trenger å bli nemnt av forfattaren. Dei andre kapitla har ein autoral synsvinkel. Det vil seie at me får følge fleire personar, blant anna Carol Jordan, Tony Hill, John Brandon og Tom Cross. Ved å bygge opp boka på denne måten lagar forfattaren ei spenningskurve. Karakterane er viktige, og korleis McDermid har skildra dei er eit viktig kjenneteikn ved bøkene hennar.
Ho fortel mykje om dei gjennom deira eigne tankar eller dialogar. Det står ikkje svart på kvitt at «Tony Hill is pykolog with education from Manchester». No hugsar eg ikkje heile utdanninga til verken han eller Carol, men det kjem i alle fall fram gjennom ein samtale mellom dei to. Han fortel òg mykje gjennom handlingar og tankar om seg sjølv, akkurat slik som Carol. Det står ikkje at Carol er slik og slik, men det kjem fram gjennom hennar måte å tenkje, handle og snakke på. Dette er noko av det som gjer at ei bok er av god litterær kvalitet. Viss forfattaren byrjar med ei utgreiing der han eller ho skildrar karakterane frå A til Å blir det keisamt, lite fargerikt og dårleg litterær kvalitet.
På mange måtar er McDermids bøker for dei som har lese Gillian Flynn. Sjølv om Flynn ikkje har mykje politiarbeid med i bøkene sine, har ho likevel med mykje av den psykiske spenninga. At The Mermaids Singing er ein psykologsik thriller viser igjen på mange måtar. For det første er det ikkje ei bok der ein blir med gjennom ei kriminalsak frå A til Å, men det startar med at det fjerde liket blir funnen. Seriemordaren følgjer me frå det første drapet, noko som gjer at handlingane ikkje blir heilt paralelle. I tillegg kjem tankane og motiva til seriemordaren betre fram, noko som går veldig mykje på det psykiske. Du kan òg sjå det på relasjonane mellom karakterane. Den psykiske thrillaren som føregår mellom seriemordaren og Tony Hill, den psykiske thrillaren mellom seriemordaren og Carol Jordan og den psykiske thrillaren mellom de to hovudpersonane. Det er psykologi overalt i boka, utan at det blir gjort til store faguttrykk og ei bok for dei som kan faget. Du merker det på at du får god tilgang til tankane deira.
Det beste med det heile er at svaret er tilfredsstillande. I nokre kriminalromanar sit du igjen og tenkjer: «Å, var svaret så keisamt. Det forstod eg jo frå side ein.» I andre bøker tenkjer du: «What? Korleis kjem forfattaren fram til dette svaret. Det er ikkje logisk, det burde heller vore den karakteren.» I nokre få bøker sit du og tenkjer: «Hah, genialt. Dette var slik det skal vere!» Begge dei to bøkene til McDermid eg har lese til no har vore slik. I denne siste visste eg såpass mykje om hennar skrivemåte og romanar at eg forstod kven det var, eller eg trudde at eg visste det, sjølv om eg vart svært usikker ved nokre anledingar, og då meiner eg svært usikker. Men eg ville gjerne at det skulle vere den karakteren eg trudde det var, og då gjorde det ikkje noko om eg visste det, fordi eg visste at det var eit genialt trekk av forfattaren og at mange lesarar ville bli tilfredsstilte av dette svaret. Dei ville føle at romanen var ferdig og at alt var fulltstendig. Det er ikkje alltid du sit igjen med den kjensla etter å ha lese krim.
McDermid er i ein klasse for seg, og dette er bøker som faller i smak hos dei fleste som er fans av psykologiske thrillarar eller kriminalromanar.
Bok: The Vanishing Point av Val McDermid
Eg veit ikkje kor mange av dykk som har høyrt om den skotske forfattaren Val McDermid. Eg hadde i alle fall ikkje høyrt om henne, før eg såg eit intervju med henne i Stavanger Aftenbladet rett før påske. Likevel for dei som ikkje veit kven ho er, her er ein kort presentasjon:
Val McDermid debuterte med Report For Murder i 1987, som vart første bok i serien om den lesbiske journalisten Lindsay Gordon. Etter det skreiv ho fire bøker til i serien, før ho laga serien om privatetterforskaren Kate Brannigan, og så ein om psykologen Tony Hill og politietterforskar Carol Jordan. I tillegg har ho skrive fleire enkeltståande krimbøker, som til dømes The Vanishing Point, som kom ut på norsk i 2013.
The Vanishing Point har eit fargerikt omslag, og spesielt ein setning utmerkar seg:
It’s every parent’s worst nightmare…
Ein kan jo lure på kva det er, for bakpå omslaget står eit lite utdrag frå boka:
For a split second, Stephanie couldn’t believe what she was seeing. The man was leading a complian Jimmy away from the security area towards the concourse.
«Jimmy,» she shouted. «Jimmy, come back here.» Her voice rose in pitch but it was deadened by the Perspex enclosure.
Neither the man nor the child broke step. Stephanie banged on the side of the box.
«My kid,» she shouted. «Someone’s taken my kid.»
Stephanie og Jimmy er på veg gjennom tryggleikskontrollen i Chigago, når ein framand mann går opp til Jimmy og fører han bort frå området. Det har de sikkert forstått allereie, og allereie då er lesaren inne i historia, for den frykta som Stephanie kjenner er godt skildra, og lesaren vil – om ikkje kjenne seg igjen i situasjonen – kanskje kjenne seg igjen i den lammande frykta. Det er ikkje kvar dag at nokon leier bort barnet ditt heilt utan vidare, og grunnen har ei historie. Stephanie må fortelje til agent Vivian McKuras om hennar og Jimmy bakgrunn, for kva kan ligge i forsvinningsnummeret? Kven vil dei vondt? Og det er her den verkelege historia byrjar, den som gjer at lesaren har tapt og må lese vidare, for McDermid skriv på ein slik måte at det er umogleg å legge frå seg boka, når den verkelege historia først har byrja. Det ser ut til at Stephanias i venskap med Scarlett Higgins, tidlegare TV-stjerne, kan ha noko å seie for forsvinninga, men kva?
Eg vil seie at boka ikkje berre er ein kriminalroman, men òg ein psykologisk thriller. Måten mysteriet blir nøsta opp på er unikt. I dei fleste kriminalromanar er det politiet eller journalisten som har hovudrolla. Her er det Stephanie som er ramma, og det er ikkje gjennom eiga etterforksing, men gjennom historia ho fortel at politiet får hint til kva som kan ha skjedd. McDermid snur og venner på alt. Lesaren kan tru han har ei lita aning om kva som skjer, men så kjem det eit vendepunkt som gjer at lesaren plutseleg ikkje har peiling på kva som kan ha skjedd. Då eg trudde eg byrja å forstå kva som hadde skjedd, og såg konturane, vart eg likevel overraska. McDermid veit korleis ho skal gjere lesaren skremt, rørt, glad og veldig, veldig forbausa og overraska.
I mange andre kriminalromanar slutta mange kapittel med eit nytt hint som gjer at lesaren byrjar å forstå at no kan snart gjennombrotet komme. Her sluttar kapitla med ein ettertanke eller eit spørsmål, som peikar litt framover mot kva som skal komme og som får lesaren til å lure veldig på kva Stephanie eigentleg meiner. Eg syntes det var noko som styrka boka veldig og gjorde ho endå betre. McDermid er ei som veit korleis ho skal formulere seg. Ho kan skrivekunsten til gagns og brukar både humor og alvorlege hendingar for å fenge lesaren. Dette er ikkje berre ei spennande krimbok, men òg rørande som tek opp større spørsmål enn berre kven som har gjort det. Til dømes: Kor mykje er eit venskap verdt? Kor langt strekker foreldrekjærleiken seg? Kva har fortida å seie for notida? Kva kan kjendisstatusen gjere med ein person. Fremst i boka er eit temmeleg treddande sitat av Oprah Winfrey:
If you come to fame not knowing who you are, it will define you.
Eg trur ikkje eg vil seie så mykje meir, i frykt for å røpe alt for mykje. Boka er på 434 sider (den engelske versjonen), og når du først har starta, går det raskt å lese henne ut. Eg sat på flyplassen i Nice heile natta og las. Det er vanskeleg å sovne på ein flyplass på harde stolar, men eg var endå lengre frå å sovne, då eg byrja å lese denne midt på natta.