Bok/biografi: Bra nok! av Lene Alexandra Øien

I anledning bokbloggarprisen fann eg òg ut at eg ville lese nokre norske biografiar, og blant dei var denne boka av Lene Alexadra Øien, vinnar av Skal vi danse (2008), deltakar på Robinson-ekspedisjonen og Idol. I denne boka fortel ho om ei turbulent ungdomstid og jakta på mediamerksemd seinare, då ho slo gjennom med låta My boobs are ok, som sikkert dei fleste av oss har høyrt, frivillig eller ufrivillig.

Det står klart for meg etter å ha lese denne boka at Øien har opplevd langt meir enn det eg hadde trudd, etter å ha blitt både utsett for gruppevaldtekt og prøvd ulike rusmiddel. Ho skriv om dårleg sjølvtilig, «spiseforstyrrelser»og andre alvorlege hendingar i livet. Likevel er det noko litt distansert over det. Eg trur det er få lesarar som sit med lommetørkler og snytepapir. Det er ikkje nødvendigvis detaljar om absolutt alt eg vil ha, men eit språk med fleire kjensler. Det er ikkje noko veldig personleg over språket, sjølv om ho viser til nokre av dei mest personlege hendingane i livet hennar, noko som er litt kræsj.

Det er ikkje veldig mykje refleksjon. Det er faktisk minimalt med refleksjon og spørsmål til ettertanke. Litt er det sjølvsagt, men det er meir ei forteljing som ikkje stiller spørsmål. Det verker som om forfattaren prøver å skrive ned alt på fortast mogleg måte utan å dvele ved noko. Det går veldig raskt, og sjølv om boka er om henne og på litt over 150 sider, går alt frå side 95 på mental trening, trening og kosthald, og lesarane les jo for å vite meir om Øien og ikkje om mental trening. Mental trening kan vere sunt, og ho skriv mykje bra om sjølvtilit, men alt gjekk så frykteleg fort, og i slutten kom det noko eg aldri hadde lese om det stod i ei bok for seg sjølv. Sjølvsagt kan det vere forskjell på lesarane, men etter mi meining kunne ho ha skrive meir om livet og seg sjølv enn å vie over 1/3 av boka til mental trening.

«Velskrive» er ikkje ordet eg ville brukt om sjølvbiografien, dessverre. I motsetning til Lippestads biografi har Øiens ikkje den same fengane skrivemåten, og det er ein veldig oppsumerande måte å skrive på.

Jeg avbrøt stadig i timene, og dessuten hadde jeg problemer med å sitte stille. Jeg var rastløs og utålmodig – og likte at det hele tiden skjedde ting. Dessuten elsket jeg som sagt oppmerksomhet. 

Bra nok! av Lene Alexandra Øien, side 19
På desse tre setningane blir dessuten gjennteke to gonger, og det var slik at eg reagerte veldig på det, og hadde eg skrive dette i ein norsktekst hadde eg fått beskjed av læraren min om å variere språket meir og ikkje bruke same ord ofte. Slik var det òg andre stader i boka, og mange setningar startar med jeg. Dette gjer språket langt mindre fargerikt og variert, og som eg sa, det gjer det veldig oppsummerande. Likevel har Øien laga ein veldig oversiktleg biografi, og det er greitt å følgje med på namna til personane, sidan det ikkje er så mange namn, og du forstår nesten alltid, ikkje heilt alltid, kor i historia du er. Ein bruker ikkje lang tid på å komme seg gjennom boka, og viss ein synes at boka er tvers gjennom dårleg, noko eg ikkje gjorde, er det ikkje slik at du trenger å vere redd for å «bruke opp tida» på denne. Bra nok! er delt opp i kapittel og «underkapittel», slik at det stadig er nye overskrifter. Kvar gong det er eit heilt nytt kapittel er det pryda med eit bilete av forfattaren og eit engelsk sitat som har noko med sjølvbilete å gjre. Det er sikkert gjort i beste meining, men det er noko med det som gjer at eg synes dei kunne ha hoppa over bileta til kapitteloverskriftene. Saman med dei engelske sitata er det noko tenåringsaktig over det, som for meg trekker ned. 

Bok/biografi: Det vi kan stå for av Geir Lippestad

Geir Lippestad har heilt sidan 23. juli 2011 vore eit kjent andlete i Noreg. Etter at han påtok seg oppgåven som forsvararen til Anders Behring Breivik har han fått mykje merksemd. I periodar var han nesten på nyheitene kvar dag. I mars 2013 kom boka hans, Det vi kan stå for ut. Boka er både om han, men òg om verdiar og den styrken rettstaten er for Noreg. «En klok bok om verdier» skreiv Stian Bromark i Dagsavisen. Det er eg einig i.

Da jeg bestemte meg for å skrive denne boken, var det verken for å gi Anders Behring Breivik, de andre aktørene i 22. juli-saken eller meg selv mer oppmerksomhet. Vi er alle eksponert så det holde; i halvannet år gikk det knapt en dag utan at noen av oss ble omtalt i et eller annet medium et eller annet sted i verden.
Som forsvarere for terroristen sto vi midt i stormen og måtte balansere flere hensyn enn noen andre – ikke minst av hensynet tilde verdiene som Breivik ville ødelegge, men som han selv like fullt var omfattet av. Hvordan vi lyktes, får andre vurdere. Selv har jeg en følelse av at vi til slutt kom helskinnet fra det. 

Dette er måten Lippestad opnar boka på, og eg trur dei fleste får stor at det ikkje er merksemda som får han til å gi ut boka. Under heile rettssaken gjekk han med ein gul post-it-lapp i lomma kor det stod:

Verdikommunikasjon=
– Rettssikkerhet
– Demokrati

Mykje av boka handlar om nettopp verdikommunikasjon. Korleis kan me bringe vidare dei viktige verdiane i samfunnet? Kvifor er dette viktig? Han skriv bra om å kunne formidle verdiar vidare til barn og unge. I staden for å ta frå ekstremistane ytringsfridommen meiner han at ein kan kjempe mot desse verdiane ved å gi dei unge kunnskap. Han gir òg tydeleg uttrykk for at det var rettstaten han forsvarte, då han forsvarte Breivik, og ikkje meiningane til Breivik. Dette trur eg er noko me alle forstod på måten han opptredde på i media. Han er langt frå nokon høgreekstremist, han er faktisk medlem av AP, og han det han sa var klart og tydeleg det Breivik meinte og ikkje det han sjølv meinte. Han skriv i boka at mange gonger fekk han kjeft for kva han sa, men slik som han skriv var det hans oppgåve å ivareta Breiviks interesser på ein ansvarleg måte og å opptre ærleg. Eit viktig prinsipp for Lippestad var at han ikkje trengte å seie heile sanninga, men at det han sa skulle vere sant.

Han fortel òg om danninga av forsvarsteamet deira. Dei var fire personar som jobba i hop, alle med juridisk kompetanse. Dei hadde ingen kommunikasjonsrådgjevar, av fleire grunnar. Blant anna at ein kommunikasjonsrådgjevar ikkje kunne få innblikk i alt Breivik sa, og difor ikkje kunne vere med på å velje kva dei skulle seie. Verdikommunikasjonen kom òg inn her, for prinsippet deira var å halde fast på at verdikommunikasjon var det viktigaste. Lippestad fekk i forkant mykje kritikk for å ha utlevert Breivik. Eg finn ingen grunnar til å kritisere han for det. For det første var det ikkje mykje overraskande som kom fram. Det meste Lippestad skreiv om Breivik er slik eg har gjetta meg til sjølv, og kven synes det er utleverande å seie at han fekk pizza og cola underavhøyra? Det var nytt for meg. Han hadde òg fått lov til å skrive om det av Breivik, og balansegangen var fin mellom det me fekk vite, og det som me ikkje fekk vite. Trass i alt er det ikkje ei bok om Breivik, men mest om verdiane Lippestad synes det er viktig å oppretthalde. Trass i alt er det den største og mest alvorlege straffesaka i Noreg sidan krigen, og  det at den er så annleis gjer at det kan vere viktig med bøker som dette i etterkant, der verdiane blir diskuterte.

Lippestad skriv òg om familien sin, og mest om den eldste dottera Rebekka som var sjuk under heile rettsaka. Han skriv om kor viktig det har vore for hanå kunne ha henne der, for ho minner han om kor skjørt livet er. Lippetads dotter døydde dessverre for ein månad sidan, og det var då han kom med dei vakre orda:

«Himmelen har fått en ny engel. Rebekka har reist.»

(NRK 14. juni 2013)

Barndommen hans blir òg nevnt i boka, og eg forstår at den hendinga han skriv om har sett djupe spor i han, og han skriv at dette er ein av grunnane til at han valte å studere juss. Dette er ein del av kapittelet «En forsvarer blir til» kor han òg fotel om avgjerda han tok då han fekk spørsmålet om å vere Breiviks forsvarar. Å forsvare og oppretthalde den norske rettstaten er viktig for Lippetad, og fleire gonger i løpet av rettssaka var utanlandske media overraska over korleis den norske rettstaten fungerte. Berre det at Breivik fekk taletid var for dei heilt annleis og utenkjeleg.

Ulik mange andre biografiar er Lippetads lett å kome gjennom. Den er på rundt to hundre sider. Språket er lett og flyt fint gjennom heile boka. Mange vil nok seie at det er for mykje om sjølve rettssaka, men eg likte det slik. Trass i alt skal eg ta Rettslære til hausten, og denne boka gjorde meg endå meir nøgd med det valet. Lippestad poengterer at samfunnsfaget er eit av dei viktigaste ungdommar kan ta, for det formidlar vidare kunnskapen og verdiane rundt demokratiet. Eg kunne ikkje vore meir einig!

bok/biografi: hun ville jo ikke dø – historien om Ragnhild av Siren Henschien

Sommeren 2010 var super. Ragnhild har vært på ferie i Sverige med tante Betty og fått enda en ny venninne. I høstferien skal hun til Tyrkia med bestevenninnen. Nå nærmer det seg slutten av juli, og Ragnhild planlegger sin egen konfirmasjon.To dager etter, lørdag 31. juli, blir hun funnet død på en madrass i en kjellerleilighet. Bare 15 år gamme blir hun et av Norges yngste overdoseofre.«Vi tror vi svever, men du kan se at vi er kjørt», skrev Ragnhild i dagboken sin. I boken «Hun ville jo ikke dø» forteller journalist og seksbarnsmamma Siren Henschien den ærlige historien om hvordan en ung jente mistet seg selv til rus. Og hvordan «det store vi» sviktet da hun trengte oss mest.  

 Denne boka var eg spent på i lang tid, og det var grunn til å grue seg litt, ikkje på grunn av dårlig skriving, men den forferdelige historia om jenta. Då ho døydde var ho bare eit år yngre enn det eg er nå, men hadde ho overlevd hadde ho i dag vore eit år eldre enn meg.

Boka byrjer med å beskrive familiesituasjonen og foreldra til Ragnhild, som møttes under avrusning, og hennar tante Betty, som var ei mektig stemme i rusmiljøet, men seinare blei utdanna barnevernspedagog. Dei fortel om familien på tre som flytta til Bergen, mor og far og Ragnhild. Alt var fint og idyllisk, sjølv om Ragnhild ønska seg småsøsken. Trass i gode veninner, og spesielt besteveninna Maria, ønske ho seg søsken. Ei søster eller ein bror. Og så blei det to på ein gong.

Livet for familien blei hardt og det var då faren reiste mykje fram og tilbake og mora hadde fullt opp med barna at foreldra byrja å ruse seg igjen. Ragnhild vaks opp som vaksen, og hadde eit liv der ho passa på foreldra og deira behov, i tillegg til småsøskna, men ikkje tenkte på kva ho ville. Ho innrømma til og med for dagboka at ho vurderte å ta sjølvmord eller å bli narkoman.

Livet gjekk på feil kurs for Ragnhild og etter mange år med krangling mellom foreldra og eit liv der dei rusa seg kvar helg, blei Ragnhild og småsøskna tatt hand om at barnevernet. Småsøskna i ein ny familie, og Ragnhild på institusjon. Etter det gjekk livet nedover for jenta.

Allereie då eg såg omslaget, fenga boka meg. Det er ei sterk og gripande historie eg aldri har lese maken til. Ragnhild er ei jente det hadde vore morosamt å kjenne, for sjølv om ho rusa seg, er beskrivingane av henne i edru tilstand beskrivingane av ei som kunne vore veninna mi.

Som sagt, ei veldig sterk bok om ei jente eg hadde likt å bli kjent med, for bak rusen og alt det tøffe ser du Ragnhild sånn som ho verkeleg var.

bøker/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls og hallo elsk meg da av Johanna Thydell

Dette blir dobbeltomtale av dei to siste bøkene eg las og ikkje like omfattande som dei andre, men det er nå så. Eg er i slapp-av-modus og dei blir derfor kortare.

1. bok/biografi: krystallslottet av Jeannette Walls

Sjølvbiografiske romanar er ikkje det eg har lese mest av opp i gjennom åra, men eg har tidligare lese Anne Franks dagbok og midt i mellom av Jean Kwok som var dels sjølvbiografisk. Begge dei bøkene likte eg, og derfor fallt eg òg for denne eksentriske, vakre og triste boka om Jeannette Walls sin barndom med ein fyllik til far og ein maler/lærar (viss ho gadd å undervise) som mor. Dei var i alt fire søsken, tre søstre (Lori, Jeannette og Maureen) + ein bror. (Brian) I boka får me ta del i deira kvardag og me får høyre om alle gongen dei flytta i frå plass til plass, faren snakka om å bygge krystallslottet, om bestemor Smith og besteforeldrene Walls, om framtidsplanar som ikkje var sikre, om foreldre som var anneleis og forskjellige, om ein far som ville finne gull, om ei søster som levde livet hjå naboane, om ei anna søster som laga plakatar får å få nok pengar til å flykte. Rett og slett om nokre foreldre som var glad i borna (etter det dei sa) men like fullt forsømte dei og svikta dei. Boka var litt treig i byrjinga, men elles var ho spennande og eg sat KLISTRA til boka i heile går kveld.
Spennande leseoppleving!!

2. Bok: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell

Den andre boka er ei bok eg hadde venta leeeeenge på på biblioteket og hadde gleda meg til. Derfor er det ikkje så gøy når leseopplevinga ikkje blir topp hundre og kjempebra, men bare sånn passe.
Nora skal vere ei heilt vanlig 17 år gammal svensk jente, men med dårlig sjølvtilit og ei rar veninne. Sjølv synes eg at denne veninna til Nora (Lisa) overdriver veldig i frå starten av og mykje i boka blir litt plastikk og sånn generelt ungdomsroman, som at foreldre gjer deg flaue, den populære er smart, fin, flink, har god sjølvtilit osv. Det blei alt for likt alle andre ungdomsromanar, nesten klisjé. Og så skal det vere så kult, noko dei trur alle ungdommar liker som at det ikkjer er bror men brodern, og foreldre er ikkje lenger foreldre men F’sa. Og du kliner med folk du eigentlig bare ser på som venner, du kliner med folk før dykk blir saman, utan å etterpå vite om de er saman.
Det er sånn eg opplever i boka, som i tillegg har eit stort banneordforråd, og viss me hadde tatt vekk alle banneorda i denne boka med kvit lakk for å dekke over, hadde det vore lite igjen. Trist! Likevel var boka bra og eg såg at det var ein god skrivestil, ei god handing og ei fin bok får folk som liker det sånn: Klissete, sutrete, stakkar-meg-eg-er-verst-typen-bok. For dei som liker klagande 17-åringar som ikkje ser ut til å ha kome ut av fjortissperioden endå.

Bok/biografi: Anne Franks dagbok

Dette er ikkje boka eg las. Den
på bilete er nyare. 

Ja, då er eg endelig ferdig med Anne Franks dagbok, ie utgåve i frå 1995 trur eg.

Om boka/biografien

Ingen skildring av en jødisk families skjebne under den andre verdenskrig har vel nådd ut til så mange mennesker som Anne Franks dagbok. Den unge pikens beretninger om de to årene hun og hennes nærmeste levde i dekning  for nazisme, er blitt en klassiker. I denne nye utgaven er det tatt med stoff som ble utelatt i den første utgaven. Dagboken er blitt omtrent en fjerdedel tykkere og gir et er nyansert og dypere innblikk i Anne Franks verden. På tross av de dramatiske omstendighetene får vi et nørt bilde av en vanlig tenåring, hennes tanker og følelser, drømmer og lengsler – og forventninger til fremtiden. 

Mi meining
Dette er andre gongen eg les Anne Franks dagbok, den originale utgåva der dei ikkje har tatt noko vekk. Første gong eg las ho gjekk eg i femte klasse, men eg følte at eg fekk med meg litt meir nå. Boka er eigentlig veldig interessant dei første 100-200 sidene, men dei siste 200-300 kan bli litt kjedelige til slutt. Du blir litt lei av å bare høyre om dei same personane heile tida og kva som skjer og kranglar osv. Men når det er sagt, det er ikkje Anne sin feil at det ikkje var noko anna å skrive om. Det var livet hennar i dei to åra. Det går ikkje an å skrive om denne boka som ei vanlig bok.  Nokre av reglane, kranglane osv var veldig morosamme å lese om òg. Det var òg morosamt å lese om hobbyane til Anne, særlig siste del av lista over hobbyar, for dei kjende eg meg veldig igjen i. Òg det at ho ville bli forfattar var gjennkjennelig.
Eg har plukka ut nokre utdrag eg vil dele med dykk i frå boka. Det første er nokre maskinskrivne reglar laga av van Daan. (I røynda heite han van Pels til etternamn) Dei kjem her:

REGLER OG RETNINGSLINJER FOR BAKBYGNINGEN

Spesielt opprettet for det midlertidige huslyet for jøder og likesinnede.

Åpent hele året.

Vakre, rolige, skogfrie omgivelser i hjertet av Amsterdam. Ingen naboer. Nås med trikklinje 13 og 17, for dem som bor lenger borte – også med bil eller sykkel. I visse tilfeller da tyskerne ikke tillater at dette transportmiddelet blir benyttet, kan det også nås til fots.  Møblerte og umøblerte boliger og rom står hele tiden til disposisjon, med eller uten pensjon. 

Husleie: gratis. 

Mat: fetttfri.

Rennende vann på badet (dessverre uten badekar) og på enkelte inner – og yttervegger. Deilige ovner.

(…)

Egen radiostasjon med direkte forbindelse til London, New York, Tel-Aviv og mange andre stasjoner. Dette aparatet står til rådighet for alle beboere fra klokka atten og det er ingen forbudte stasjoner under forutsetning av at man unntaksvis får høre på tyske sendere, f. eks bl. klassisk musikk. Det er på det strengeste forbudt å høre på tyske nyheter (likegyldig hvor de blir sendt fra) og spre dem. 

 (…)

Fritid: faller inntil videre ut, vent på nærmere ordre. 

(…)

Sang: Utesluttende lavt etter klokkar 18.

(…)
Tok ikkje emd alle reglane nå, fordi det var fryktelig mange. Dei er jo tiltak for  at det skal vere god sikkerhet, men det første med beskrivelse av området, fekk meg til å le. Hobbyane til Anne var òg interessante å lese om. Dei var veldig like mine.

Og så er det filmstjerner og familiebilder. Dessuten er jeg helt besatt av lesing og bøker, eg interesserer meg for kunsthistorie og forfattere, diktete og malere. Kanskje kommer musikere i tillegg senere. Jeg har viss motvilje mot algebra, geometri og regning. Jeg liker alle andre skolefag, særlig historie.

Bortsett i frå at eg ville ha tatt med dans, er det vel eigentlig veldig liket, men eg hadde nok ikkje lese så mykje om det som ho gjer. Algebraen og geometrien er eg einig med ho i.

Noko det er veldig leit å lese om, er  Anne sitt forhold til foreldra. Særlig til mora. Det er ikkje spesielt bra. I byrjinga er heller ikkje forholdet til søstera særlig bra, men det blir bedre etter kvart. Forholdet til faren er nært i byrjinga, men kjølnar veldig etterkvart. Alle i bakbygningen har ein omgjengelig tone, men dei kranglar oftare og oftare. (Noko eg forstår sidan dei er avsperra i frå alle andre.) For å gi ein viss oversikt til dei som ikkje har lese boka eller har gløymt mykje, skal eg fortelje litt om dei det handlar om.

Først og fremst er det Anne Frank eller Anne Mary Frank som ho heiter. Ho har akkurat blitt tretten det året dei må i dekning, og det er ho som er forfattar av boka. Søstera hennar heiter Margot og er nokre år eldre. Foreldra deira er Edith og Otto Frank. Otto Frank blir òg kallar Pim. Då Anne skreiv om dei, heite ho sjølv Anne, Margot heite Betty, Pim heitte Frederik og morfa heitte Nora. Til etternamn heite dei Robin. Dette blei seinare endra til å bli det dei eigentlig heite.

Den andre familien som låg i dekning med dei heiter i bøkene van Daan til etternanm, men eigentlig heite dei van Pels til etternamn. Familien på tre bestod av Auguste van Pels (Petronella van Daan i boka) som òg blir kalla fruen, Herman van Pels (Hans van Daan), òg kalla herren og til slutt Peter van Pels. I boka eg las har Peter same fornamn, sjølv om Anne kalla han Alfred.

Den siste som låg i dekning med dei blir i boka kalla Albert Dussel, men heitte eigentlig Fritz Pfeffer. Han blir beskriven som den mest plagsomme i bakbygningen og den minst pålitelige.

Elles er det hjelparane Bep, Miep, Jan, Kleiman og Kugler som er veldig framtredande. Dei står med dei «ekta» namna i bøkene. Då den utgåva eg las blei gitt ut i 1995, var Miep og Jan dei einaste som framleis levde av hjelparane. Resten døydde nokre tiår etter krigen.

Denne biografien er både spennande og nervepirrande. Du veit korleis det vil gå, og derfor er det trist å høyre om framtidsplanar, etter krigen osv, men det kan vere ganske morosamt òg. Til vanlig les eg ikkje biografiar, men ei dagbok som denne er eit unntak.

Langt innlegg, men sånn er det å skrive om bøker som dette.

bok: vitne av Immaculèe Ilibagiza

Eg om boka
I 1994 var det folkemord i Rwanda of fiendskapen mellom hutuar og tutsiar toppa seg. Immaculèe og sju andre kvinner sat innelåst på eit bad på 1,5×1 meter i areal. Nå i ettertid har ho forttalt historia til oss og det har ho gjort på strålande vis. I denne boka fortel ho om korleis Gud hjalp henne og tilgi dei som drepte familien hennar og vennene hennar. 
Boka anefales. 

Hør hva jeg måtte gjennom, kunne jeg skryte til vennene mine. Jeg satt et helt døgn fanget på et lite bad sammen med fem fremmede. For en helt jeg er! 

Utdrag i frå boka
Kanskje du vil lese boka? 
Mai Lene 

tittel: Vitne
Forfattar: Immaculèe Ilibagiza
Utgivningsår: 2008
Forlag: Lunde Forlag
Sidetal: 277 sider inkludert nokre sider med bilete
Baksidetekst: 
Rwanda 1994: I tre måndeder gjemmer 22-åringen Immaculè Ilibagiza og sju andre jenter og kvinner seg på et knøttlite bad mens hissige drapsmenn jakter på dem under folkemordet. Et skap som er skjøvet forand baderomsdøren, bidrar til at moderene ikke finner de åtte. 

Etter masakrene: Ilibagiza proverser med å tilgi den sin har drept familien hennes. 

Vitne er ILibagizas egen beretning om de grufulle månedene  og den gripende tiden etterpå. Boken har blandt annet ligget på New York Times bestselgerliste.