bok: bestefar var eit kirsebærtre av Angela Nanetti

Då eg var lita las eg fleire gonger denne boka som heiter bestefar var eit kirsebærtre, og eg har i det siste hatt ei vag kjensle av at eg ikkje forstod alt som stod i ein barneskulealder, trass i at den vart lesen fleire gonger. Derfor tok eg ho fram igjen, og nå har eg kome til den konklusjonen at ein av og til trenger litt forklaring for å forstå alt i barnebøker.

Tonio er ein gut som lever i Italia. Han har fire besteforeldre, slik som barn plar ha. Bestemor Antonietta og bestefar Luigi bur saman saman med hunden deira Floppy, Tonio mor og far i byen og er foreldra til far.
(… )eg såg dei minst fire gonger om dagen.

Klokka åtte om morgonen, når bestefar kom heim frå morgonturen med Floppy:

 – No, kva skal vi gjere i dag, unge mann? Skal vi på skulen eller ikkje?
Klokka ni, når bestemor gjekk ut med Floppy for å handle:
– Er du klar for å gå på skulen,veslefar?
Klokka to, når bestefar kom for å gå den andre rusleturen med Floppy:
– Så du er heime att frå skulen! Bra!
Og klokka fem når bestemor gjekk ut med Floppy for å gjere ærend eller besøke ei veninne:
– Hadde du det morosamt på skulen i dag, veslefar?

Dette er skildringa Tonio gir oss av besteforeldra hans i byen. Han har òg to besteforeldre på landet, og dei har eit kirsebærtre dei kallar for Felix. Felix er kalla opp etter mora til Tonio og vart planta den dagen ho blei født. Bestefar Ottaviano ville først kalle treet for Felicia akkurat som mamma, men bestemor Theodolinda meinte at ei tre ikkje kunne heite Felicia, og derfor vart det heitande Felix. Når Tonio er på besøk hjå bestefar og bestemor lærar bestefar Ottaviano han å klatre i det.

Tonio må innrømme for seg sjølve at han er mest glad i besteforeldra på landet, foreldra til mamma. Derfor er det òg hardt når bestemor Theodolinda blir sjuk og døyr. Etter dette blir ikkje ting det same. Bestefar Ottaviano byrjar å oppføre seg rart, og han seier ting som at han har ei torn i hjartet sitt. Tonio får likevel fine stunder med bestefar, som sommaren før han byrjar på skulen. Likevel er det ikkje det same utan bestemor Theodolinda.

Besteforeldra i byen er ikkje særleg begeistra for bestefar på landet, og det merkar lesaren veldig tidleg. Dei kallar han, inndirekte, uansvarleg og uregjerleg, og Tonio forstår kva dei synes om han. Derfor er det duka for konfliktar mellom Tonio og besteforeldra i byen, mamma og besteforeldra, mamma og Floppy og aller verst mamma og pappa. Hendingane som foregår rundt denne tida gjer saka bare endå verre. Bestefar Ottaviano sit ute ei heil natt for å varme knoppane på Felix, og dermed får han òg lungebetennelse. Korleis skal det gå med han, og kvar skal han bu? Mamma meiner at bestefar ikkje klarer å bu aleine på garden.

Ein annan viktig karakter i boka, og eg må få lov til å kalle ho det, sjølv om det er ei and, er anda Alfosina. Alfosina var bestemor si, men etter at bestemor døydde har bestefar Ottaviano teke ekstra godt vare på akkurat denne anda. Når bestefar då havnar på sjukehus, er det Tonio som byrjar å ta seg av henne. Samana med naboen til bestefar Ottaviano, Emilio, finn han ein make til Alfonsina, Orestes.

Eit anna dilemma i boka er at kommunen vul ta grønnsakshagen frå bestefar Ottaviano, som berre blir ein av mange sorger for han etter at bestmor Theodolinda døydde. Òg etter bestefars død prøver mamma, pappa go Tonio å kjempe for grønnsakshagen, og når vegarbeidarane òg prøver å felle kirsebærtreet Felix er det duka for konflikar.

Dette var ei av dei beste barnebøkene eg las som liten. Boka er full av konfliktar, men ikkje for mange, og alle konfliktane og problema går hand i hand. Det nynorske språket boka er omsett til gir rom for eit poetisk og vakkert språk som er veldig forståeleg for lesargruppa denne boka er for. Kapitale er ikkje lange, men heller ikkje korte, og boka er på litt under hundre sider, som er ein grei storleik på ei barnebok for aldergruppa seks år pluss. Kan òg pluse på at det ikkje er ei leseløve, noko som gjer at boka på veldig mange måtar skiljer seg ut frå mengda. Vil anbefale foreldre å lese boka med barna for første gong, for forklaringar kan vere greit når det er snakk om død, i tillegg til at dei tar opp spørsmålet med himmelen og om besteforeldra til Tonio er i himmelen eller under jorda. At foreldre les boka med barna kan hjelpe dei til å svare på spørsmål som barnet måtte ha og fremje deira syn på døden. Det kan òg vere vanskeleg til tider for eit barn å forstå handlinga, for ein stad går det ikkje veldig tydeleg fram at handlinga ikkje foregår i kronologisk rekkjefølgje, go denne gongen var første gong eg forstod heile handlinga der. 

bok: kabalmysteriet av Jostein Gaarder

Nå er eg ferdig med boka om Hans Thomas og faren på ferie, bakarane i Dorf, mora i Athen og Jokaren. Eg har lese den første boka av Jostein Gaarder utanom julemysteriet nå, og eg det gav i alle fall meirsmak. Fantasien til Gaarder må vere enorm, og eg elsker det. Bøkene hans er noko ekstraordinært.

Hans Thomas har levd åtte år aleine saman med faren, for mora er fanga i moteeventyret i Athen, og dei har ikkje høyrt i frå henne på mange år. Litt sprø og naive som dei er, reiser dei nedover Europa for å finne mora i Athen og få henne tilbake. Det blir lagt inn stadige røykepausar, der faren til Hans Thomas røykjer og filosoferer. Er det noko eg er einig med Hans Thomas i, er det det at faren burde fått statsstøtte som filosof. Alle dei setningane om menneska, skjebnen og livet vårt på jorda er noko som får lesaren til å tenke.

På veg nedover Europa treffer faren og Hans Thomas mange mennske, blant anna ein dverg på ein bensinstasjon og ein bakar i Dorf. Dvergen på besinstasjonen i Sveits sender ei lupe med Hans Thomas, som han eigentlig ikkje forstår kvifor han har fått, før han kjem til landsbyen Dorf og bakaren i byen, Ludvig. Bolleboka han får av bakaren rommar meir enn bare ei historie, den rommar òg livshistoria til Hans Thomas og grunnen til at mora reiste til Athen.

Avsnitta i bolleboka er Hans Thomas» løyndom. Han les i boka så ofte han kan, og det er ikkje til å komme vekk i frå at både han og lesaren blir fascinert! Det var heilt genialt å legge den boka inn i fortehlinga, med all fantasien og alle historiane, spesielt om Jokaren.

Boka er svært bra skriven, og dei gramatiske feila er få. Byrjinga gjekk kanskje litt vel raskt for meg, då dei reiste gjennom Danmark og Tyskland, med det har vel sine grunnar, fordi det skjedde ikkje stort i dei landa heller. Faren er ein utmerka filosof spør du meg, og hans taknar er veldig inspirerande og flotte. Dei er meir enn vanlige tankar i ei bok. I tillegg kjem det fram mange flotte setningar i bolleboka.

Akkurat som i julemysteriet er titlane på kapitla eit utdrag frå teksten. Eg elsker det, og grunnen er at kvart år så byrjar adventstida mi med eit slikt kapittel. Eg trur den første setninga i julemysteriet er noko slikt som: «Tenk hvis viserne ble leie av å gå samme veien hele tida og plutselig bestemte seg for å gå andre veien» I tillegg er det setningar som «akkkurat som å løpe raskt ned en rulletrapp» eller «tider skal komme, tider skal henrulle, slekt skal følge slekters gang.» Det er jul. Uansett, det at denne boka òg hadde titlar som dette på kapitla gjor den litt meir magisk, og det er veldig pirrande å lese titlane på kapitla.

Det var mykje å fordøye i boka, og kor lang tid du brukar er nok litt alt etter kor lenge du dvelar ved setninga, kor god tid du har og korleis du les boka. Eg bruke over ei veke, men bokstavane er veldig store, så det skulle gå på eit par dagar for den som har tid og orkar å ta så mykje innover seg på ein gong.

Dette vart ein litt rar omtale, og kanskje ikkje den beste eg har skrive, men det er vanskelig når boka er såpass gammal å skrive ein vanlig omtale…

bokomtale av litlesøster

I dag har litlesystera mi Karina skrive ein bokomtale på bloggen min.

Maltersergåten
Av: Jørn Lier Horst

En av Oslos største gullsmedforretninger blir tømt for varer under et innbrudd. Gjerningsmennene får med seg nesten 20 kilo rent gull, flere kostbare smykker, og ikke minst den verdifulle Malteserklokken, som alene er verdt over 5 millioner kroner. Ranerne blir tatt, men ikke hele utbyttet kommer til rette, blant annet er Malteserklokken fortsatt borte. Sporene leder til den ufyselige Levi Hildonen og Skutebukta. Vi følger vennene Cecilia, Leo, Une og hunden Egon i en nervepirrende jakt på å få løst gåten, og det dukker opp både rømte fanger, mystiske gjester, en død mann, bortgjemte dagbøker og gamle, spennende irrganger i mørke bunkerser fra krigens dager.


Maltesergåten er med i ein serie, der dette er bok nr.2. Den første boka heiter Salamandergåten. Ho  er og veldig god. For å forstå samanhengen i boka bør ein lese Salamandergåten først.
Maltesergåten er ei veldig god bok som passar for dei som liker krim, men synest slike som «Marg og Bein» er litt for skumle. 

ei meiningsfull barnebok: Pelle og de to hanskene av Kari Vinje

Pelle har sorg, han har mistet lillesøsteren sin. En morgen lå hun i senga si og var død. Boka forteller hvordan Pelle kommer seg gjennom vanskelige dager og blir glad igjen. Ja, for det er lov å være glad selv om man har mistet lillesøsteren sin.

Denne boka las me mykje då eg og litlesøstera mi var små. Ho er verkeleg fin og eit ekte verk av Kari Vinje. Pelle og de to hanskene er om guten Pelle som har ein familie som består av mamma Malla, pappa Kalle og litlesøster Susanne. Dei har det ganske fint, sjølv om Pelle synes at Susanne kan vere litt plagsom av og til.
I tillegg til mamma, pappa og Susanne har Pelle ein kamerat som heiter Jonatan, og i tillegg er han Pelles nabo. Mora til Jonatan, fru Finkentopp er veldig god til å bake boller, og endå betre til å snakke om Jesus og forklare Pelle ting som står i bibelen.

Kvar søndag står Pelle opp tidligare enn mamma og pappa. Dei liker å sove litt ekstra lenge på søndagar, og derfor har han ikkje lov å vekke dei. Likevel veit han korleis han får dei opp av senga, nemlig ved å vekke Susanne, for viss Susanne vaknar, så må ein av dei komme og trøyste henne.
Når Pelle vil vekke Susanne klyp han henne eller kitlar henne. Det gjer han ein søndag i mai òg. Til vanlig liker ikkje Susanne at Pelle vekker henne, men denne gongen skrik ho ikkje. Ho ligg heilt stille.

Susanne er død, og Pelle veit ikkje korfor. Kva har skjedd? Kløyp han henne for mykje? Var det derfor ho døydde? Og er det lov å vere glad når Susanne er død? Og kor er ho? På sjukehuset eller i himmelen? Og kvifor seier ei dame til mamma at Susanne skal leggast nedi jorda?

Her blir spørsmål om himmelen og gravferdar besvart, og hjelpemidlet er to hanskar.

Dette er boka for barn som har mista nokon dei er glade i, og som undrar seg over kva som eigentlig har skjedd. Verkeleg nydelig og tankevekkande barnebok med meining. 

julekalendar på NRK og i huset

Kjelde:

I dag hadde eg tentamen og kom i skikkelig julestemning då eg sat og åt mandarin. Og eg har ein gledelig melding. Dette året på barne-tv skulle det vore eit nytt program, julekongen, men det blei ikkje ferdig. På grunn av dette tar dei heller eit kjent og kjært program, nemlig jul i blåfjell. Nå sit det ei skikkelig happy jente her som nynner på «Kom blåne, kon jente kom gutt…»

kjelde:

Og så finnes det nokre kjekke julekalendarar til å ha i huset, nemlig bøker. Alle som vil ha eit tips til ei koselig bok til jul der du les eit kapittel kvar dag bør prøve julemysteriet av Jostein Gaarder. Der blir du kjent med Joakim som får ein merkelig julekalender. Det er verken sjokolade (som i dei moderne julekalendarane) eller trefigurar (som i dei eldre julekalendarane) i lukene, men lappar som fortel historia om Elisabeth si reise til Betlehem for å sjå underet som skjedde der.

Det er ei skikkelig spennande bok, og utgåva det er bilete av her, er det òg bilete i av bileta som er i julekalendaren til Joakim. Me har eit anna eksemplar, men eg har skikkelig lyst på dette med alle dei koselige bileta. Dette året derimot skal me prøve oss på ei ny adventsbok som heiter mysteriet med morgenstjernen. For å sjå litt kva boka handlar om kan du gå inn her og lese første kapitte.

Ei siste bok som er kjekk som julekalendar er Framtidslandet. Det er ikkje nokon spesiell forfattar, men boka byrjar med ei lita forteljing den 30. november og den litle stjerna Jubar (trur den heiter det) som er sjuk og held på å døy. For å redde stjerna må dei andre stjernene reise ned til jorda og for å finne forteljingar til stjerna. For kvar dag i desember og ut til 6. januar er det ei historie i frå jorda som dei har funne til stjerna. Nokre av forteljingane er Bygda som glemte at det var jul, den ganle julesangen og mange andre kjente. Boka er utgitt i 1999 og ser slik ut.

kjelde

Mai Lene

morovers av André Bjerke

Tenkte å dele nokre fleire morovers av André Bjerke.

GYRRE MYRRE MY

Gyrre Myrre My
fant en paraply.
Hun slo paraplyen opp
så den løftet hennes kropp høyt i vildens sky!

GYRRE MYRRE MAKS

Gyrre Myrre Maks
fant en liten saks
som hun klippet jorden med
først i to og så i tre
Gyrre Myrre Maks!

JA-GRISEN OG NEI-GRISEN
første tegnet Liv en ja-gris,
en riktig blid og glad gris.
Den smiler sånn at milevis
har ingen sett slik smilegris.

Så tegnet Liv en nei-gris,
en riktig sur og lei gris,
men også den er heldigvis
blitt nokså lik en heldig gris.

For Liv hun er å morsom selv
at grisen smiler likevel!

MANN OG KONE

Her ser du herr og fru
Reinertsen-Rømpe
som sammen strikker
en stripet strømpe.
Som piler går pinnene,
blinkende pipende.
Hun strikker strømpen
mfens han strikker stripene.

Her ser du herr og fru
Faster-Moster
som lager små hullete
sveitseroster.
Fort kommer ostene trillende rullende.
Hun lager osten
mens han lager hullene.

TRE RARE KATTER

Tre rare katter har vi fått.
Den ene heter Knoll.
Så må den andre hete Toll.
Den tredje har vo ganske flott
Skitt navnet Tordenskiold.

Men disse tre er noen troll,
for når vi roper «Tott!»
så kommer ikke Tott, men Knoll
og når vi synes vi like godt
kan rope både «Knoll!» og «Tott!»
da kommer Tordenskiold.

Så du forstår at vi er gått
helt i surr i det med Tott og Knoll
og Tordenskiold. For hvem er Tott?
Og hvem av dem er Tordenskiold?
Og hvem er Skjott? Og hvem er Toll?
Og hvem er Todensknott.

(alle illustrasjonane i boka er laga av Svein Nyhus)

Barnebøker

Plutselig fekk eg lyst til å skrive litt om dei barenbøkene eg las då eg var mindre og som eg framleis synes er kjekke å lese. Eg byrjar frå dei eg las då eg var minst og så jobbar eg meg oppover.

VERDENS BESTE VENNER AV MARGARET WILD

Denne boka lånte eg på biblioteket gong på gong på gong då eg var mindre og den var like kjekk kvar gong. Teikningane er gode og det er ei veldig god bok om venskap. Signe og Sivert bur på ein gård med ein okse som heiter Olme Olav, ein hund og katten Kåre. Alt er for det meste perfekt utanom at postmannen må levere alle breva i eit kjøleskap og at Signe hatar Katten Kåre som Sivert elsker. Men ein dag skjer det noko spesielt som snur opp ned på tilværelsen både for Signe og Kåre.

boka er utgitt i 1992 på Carlsen forlag.

MOROVERS AV ANDRÈ BJERKE

Ei flott boka med rim og dikt for barn. Alle dikta er morosamme og nokre gir barna litt og tenke på. Eg vil dele det diktet eg likte best med dykk som les bloggen.

I landet Miramamora 
var Farao på ferie
hos farmora og mormora. 


En morgen klatret mormora 
til Farao i furua
og så begynte moroa. 


– Hva ler `u a´ sa farmora. 
– Av mormorfa den furia!
– Hvor ser ´u a´ ? sa farmora
– I furua, sa Farao


– Kom ned iggjen! sa farmora
til mormora i furua. 
– Imorra ja! sa mormora
til farmora til Farao.


Du ser av vår historie
at å dra på ferie 
i landet Miramamora
til farmora og mormora 
den furia i furua
har Farao hatt moro av! 


utgitt på Aschehoug.

BAK MUMME BOR MONI AV GRO DAHLE
Ei bok om å vere sint. For bak den rolige skikkelsen Mumme bur Moni som kjem trampande på den store svarte hesten med alt for mange bein. Og Moni kjem køyrande i lastebilen med alt for mange hjul. For slike er Moni.

Gro Dahle er fantastisk og denne boka er ikkje noko unntak.

utgitt på Cappelen

VAFFELHJARTE AV MARIA PARR

Lena og Trille er vener. Lena er bestevennen til Trille, men han er usikker på om han er Lenas beste ven. Saman finn dei på veldig mykje rart som å lage Noahs Sjark og å søke etter pappa til Lena. Men ein dag så skjer det noko…

Dette er ei humoristisk bok om to ungar som bur i ei lita bygd og er kjempeoppfinsamme. Ho er òg av og til så trist at eg byrjar å gråte når eg las ho. Kjempekjekk barneboka

Tonje Glimmerdal er òg ei fin barenbok av Maria Parr, men eg likte best Vaffelhjarte

FISKEN AV ERLEND LOE (i serien om Kurt)

Kjempemorosam bok om truckføraren Kurt som finn ein stor fisk på brygga ein dag og tek den med heime. Då legg han og kona Anne-Lise og borna Tynne Helena, Brus-Kurt og Bud ut på ei stor reise verda rundt saman med fisken og kvar gong dei kjem ein ny plass serverer dei folka der fisk og smått om senn forandrar ting seg.

Eg ler kvar gong eg les denne boka. Eg elsker den og synes den er like morosam kvar gong. Alle barn bør prøve denne.

Les òg
– Kurt blir grusom
– Kurt Que Vadis
– Kurtby
– Kurt kurèr

PODE MISTER FOTFESTET AV TOR ARVE RØSSLAND

Kjempemorosam bok om Pode som nettopp har byrja på skulen og mistar tenner som bare der. Det einaste er at det skjer noko rart når han mister tennene. For kvar gong går handa eller foten automatisk opp i lufta utan at han tenkjer på det og plutselig ein dag finn han seg sjølv svevande over bakken.

Bøkene om Pode var mine yndlingsbøker då eg var mindre. Eg lo kjempegodt av dei og det er nokre av dei eg kjem til å hugse seinare.

PODE FÅR SNUE AV TOR ARVE RØSSLAND

Pode har byrja å få snue og nyse. Det einaste problemet er at kvar gong han nyser kjem det nye folk heim til dei. Det byrjar med dei to tantende, men til slutt kjem det store busslaster med folk heim til han. Og kven er indianaren som vandrar rundt?

Les òg Anti-Pode

Mai Lene

lydbok: Paris-mysteriet av Bjørn Sortland (lese av Aksel Hennie)

David og familien er i Paris etter ei lang tid med skumle hendingar og dei har innsett at dei kan ikkje sleppe unna i frå denne superskurken som teroriserar liva deira. I Paris skjer det nok ein gong skumle ting og nok ein gong prøvar David og hjelpe til med dette. Og kven er dei som leikar at dei er skurkar framfor kvart einaste kunstmuseum i byen? Er dei verkelege skurkar eller bare leiker dei?
Paris-mysteriet er som alle andre bøker i den serien ei intenst spennande boka som du ikkje kan legge i frå deg. Ekstra spennande blir det på lydbok når du føler at du faktisk høyrer stemmene deira. Aksel Henni er fantasktisk til å lese bøker inn på lydbøker og det gjer det bare ekstra spennande. Dette er ei fin lydbok å ha med seg i bilen om sommaren for å høyre på.
Mai Lene

Lydbok: Svein og rotta og det store gavekaoset av Marit Nicolaysen (lese av Terje Strømdahl)


Svein skal kjøpe gave til mora. Ho ønsker seg ein ny BH, men Svein er ikkj så god på det her med BHar og riktig størrelse så han henter inn sine beste vener Melissa og Dan for å hjelpe. Og sjølvsagt rottene. Alle rottene er med og Melissa bruker rotta Pippi som måleband for å måle størrelsen på BHane, men kva skjer når dei kjem til storsenteret og rotta til Svein bestemmer seg for å stikke av midt i undertøysbutikken?

Boka er kjempebra og proppfull med humor og alt det som skal til. Eg ler nesten like mykje kvar gong her høyrer denne boka på lydbok og det er der den er best. Eg elsker å høyre lydbøker med Terje Strømdahl og Aksel Henni, og denne er spesielt god. Kjekt å ha med seg på ferie i bilen og høyre på der!

Omslaget er kjempebra og vitnar om eit sant kaos.

Mai Lene

Lydbok: Sidney-mysteriet av Bjørn Sortland (lese av Aksel Hennie)


David og resten av Bergvik – familien har opplevd nok til at det snart burde vere slutt, men det er endå ikkje nok. Trusselbreva kjem strøymande inn kvar tredje dag og dei bestemmer seg alle for å reise til Australia til ein ven av Knut Bergvik (faren i huset), men i Sydney kjem dei i nye vanskar.

Denne boka anbefales ikkje å lese først i serien om Kunstdetektivene.

Bøkene er fantastiske på lydbok og det er der de bør høyre dei. Perfekte å høyre i bilen.

Heile boka her er eigentlig bra og eg liker måten alt er bygd opp på i denne boka. Eg liker så godt korleis Sortland har laga alt. Han har fortalt at den einaste staden han ikkje har reist til som han har skrive om er Sydney, men likevel er alt så bra. Handlinga foregår i noko som ser ut som ein gul legokloss og er skjular det seg mykje!

Omslaget på boka er ikkje fullt så bra. Eg synes ikkje det ser spennande nok ut, men les du boka er det nok av andre spennande illustrajonar av Trond Bredesen.

Andre bøker i serien:

  1. Venezia-mysteriet
  2. Louxor-mysteriet
  3. Ankor-mysteriet
  4. New York-mysteriet
  5. Sydney-mysteriet
  6. Oslo-mysteriet
  7.  London-mysteriet
  8. Paris-mysteriet
  9. Barcelona-mysteriet
  10. Bergen-mysteriet
  11. Stavanger-mysteriet

Det kjem ut ei til boka snart trur eg så det blir spennande.  Titlane er kanskje ikkje så veldig inbydane på desse bøkene, men dei seier jo litt eller kva?