- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Bok
Franzen, Jonathan: «Renhet» (Cappelen Damm)
Av og til kjem ein over romanar som verkeleg viser kva god litteratur er, som viser korleis ein roman skal strukturerast og skrivast. Eg oppdaga først Renhet av Jonathan Franzen på ARK Egertorget i haust. Då las eg bakpå og la den frå meg igjen medan eg laga eit usynleg notat om å reservere den på Deichman. Det vart det aldri noko av, men eg klarte ikkje å gløyme den heilt, så i slutten av mai i år byrja eg å gå rundt i diverse bokhandlar for å sjekke om pocket-utgåva hadde blitt utgjeven slik at eg kunne ta den med meg på ferie. Midt i juni fann eg pocket-utgåva, og 22. juni var romanen med på ferie til Roma. Eg la nesten ikkje frå meg Renhet då eg sat ved badebassenget på Crown Plaza og solte meg. Berre nokre få minutt av og til medan eg hoppa i bassenget for å symje nokre lengdar. Så snart eg kom opp var det rett tilbake til historia om Pip Tyler, Andreas Wolf og alle dei andre personane Franzen skildra.
Heilt ærleg, eg hadde aldri høyrt om Jonathan Franzen før. Det er litt flaut sidan han tydelegvis har skrive to veldig gode romanar tidlegare og er kjent verda over. Men, for å oppdatere alle andre uvitande sjeler der ute er så Franzen ein amerikansk forfattar som tidlegare har skrive bøkene Korrigeringer (norsk utgjeving 2007) og Frihet (norsk utgåve 2010). Han har vunne fleire prisar for bøkene sine og hausta god kritikk frå fleire hald (og då meiner eg ikkje terningkast seks frå Elle…).
Odd W. Surén, som meldte boka for avisa Dag og Tid, sa: «Det er ein svær roman, dette, mykje tekst og på sett og vis mange romanar fletta saman på viruos måte.» Eg kan ikkje noko anna enn å vere samd med han. Boka er svær. 650 sider er ikkje småtteri, og i tillegg er den nesten ikkje delt opp i kapittel. Ein kan ikkje tenkje, slik som eg gjorde, at ein berre skal lese «eitt» kapittel til. Men boka er ikkje berre svær i storleik. Ein kan òg seie at den er svær i dobbel tyding. Eg kjem frå Jæren, og somme gonger når eg seier: «Det var svært» meiner eg til dømes at noko var ei stor oppleving eller noko som var skikkeleg gøy. Det passar veldig godt til denne romanen. Det var ei stor leseoppleving. Det var ein svær roman i den tydinga.
Pip Tyler heiter hovudpersonen, og i likskap med namnet er eignetleg heile ho veldig spesiell. Ikkje berre bur ho i eit okkupert hus saman med andre husokkupantar og den gifte mannen ho er forelska i, men ho har òg ei mor som krev mykje av dottera. Krava handlar ikkje nødvendigvis så mykje om å gjere så mykje, men det er meir sosiale krav om å ringe og halde henne med selskap og ikkje gjere noko som mora ikkje godkjenner. Men Pip har òg eit krav, og det er at mora skal fortelje henne kven faren er. Grunnane for å få vite kven faren er kan ikkje seiast å vere nokre andre enn økonomiske. Med eit stort studielån ho skulle hatt nedbetalt, har Pip behov for ein rik far i livet sitt.
Pip skjenket den siste vinslanten i glasset. Moralsk risiko gjorde det mulig for henne å bare overhøre moren når hun følte for det. «Nå skal du høre hva jeg har kommet frem til,» sa hun. «To muligheter. Den første er at du hjelper meg med å finne faren min, så jeg kan prøve å overtale ham til å gi meg penger. Den andre er at jeg vurderer å reise til Sør-Amerika en stund. Hvis du vil at jeg skal bli her, må du hjelpe meg å finne faren min.»
Mora nektar som vanleg å hjelpe Pip. «Det vil jeg ikke gjøre. Ikke en gang for din skyld.» Akkurat som de kanskje gjer no, stillar òg mora spørsmål om kva som er greia med Sør-Amerika. Jo, «greia» er at Pip vart sett i kontakt med berømte og karismatiske Andreas Wolf, leiaren for noko som heiter Sunlight Project. Sunlight Projekt er i same gata som WikiLeaks, berre meir «moralsk» med fokus på dei «riktige» tinga. Det er tyske Annagret, ein av dei som bur saman med Pip, som set dei i kontakt gjennom å gi Pip ei spørreundersøking på eit veldig lite gunstig tidspunkt.
«Men kanskje vi kunne fylle ut det spørreskjemaet nå? Jeg har liksom en gutt som venter på meg på rommet mitt, og det er derfor jeg liksom bare har på meg en morgenkåpe uten noe under, dersom du lurer på det.»
«Nå, på rommet ditt?» Annagret ble forskrekket.
«Jeg trodde det spørreskjemaet skulle være fort gjort.»
«Kan han ikke komme tilbake en annen kveld?»
«Prøver virkelig å unngå det hvis jeg kan.»
«Så gå og fortell ham at du trenger noen få minutter, ti minutter, med en veninne. Så slipper du å være den som er sjalu for en gangs skyld.»
Det ender til slutt opp med at Pip fyller ut litt av skjemaet, kjem i kontakt med Wolf og reiser ned til Sør-Amerika for å vere med i Sunlight Project. Ho håpar Wolf kan hjelpe henne med å finne faren hennar. Men Wolf har eigne løyndommar. Nokre av dei får me vite i del to av boka kor han fortel om oppveksten i Aust-Tyskland med ein fåverande far og ei mor som skiftar mellom å vere veldig kjærleg og apatisk. Han kallar DDR for Bad Taste-republikken, og når me møter han er han jobbar han i ei kyrkje med vanskelegstilt ungdom. Sjølvsagt med litt baktankar om å få noko igjen frå jenter som er akkurat «gamle nok». Staten er ikkje særleg glad i han, og einaste grunnen til at han er trygg, er at faren sit i Sentralkomiteen. Å kome inn i verda til Andreas Wolf er å kome inn i ei verd med løyndommar, sex og drap. Det er alt anna enn «reint». Wolf er ein veldig samansett karakter som klarer å vise ein overraskande ro utetter, trass i alt som føregår i hovudet hans. Det er store kontrastar mellom skildringane han kjem med av seg sjølv og dei skildringane andre karakterar gir lesaren.
Dette er kanskje ein av dei største styrkane til romanen. Karakterane. Ikkje berre får me møte Pip og Andreas, men fleire andre karakterar speler ei stor rolle. Renhet er delt inn i sju delar kor ulike karakterar fortel frå kvar del. Pip Tyler er først ute med å fortelje, og så kjem Andreas Wolf. Etter det er det Leyla Helou, ein undersøkande jornalist som fortel. Her går det litt tid før ein finn ut kvifor Leyla plutseleg dukkar opp, sidan ho ikkje har ei stor rolle i alt som skjer, men når ein ser tilbake på kapittelet, er det ein genistrek. Plutseleg blir fleire av karakterane sett på med heilt andre auge enn deira eigne. Pip, som fortel frå eigen synsvinkel igjen i fjerde del, er researcher for Leyla, og Tom Aberant, som seinare får ei viktig rolle i femte del, er kjærasten hennar. Leyla har eit ganske innfløkt privatliv som blir grundig skildra. Her kjem Franzens gode evne til å skildre relasjonar tydeleg fram. Men det er kanskje òg i denne delen av boka at den litle samfunnskritiske delen kjem inn.
Leyla hadde begynt å drikke mer etter at hun ble kjent med Pip. Ved middagsbordet den kvelden tok hun seg i å legge ut om de tomme truslene om at Internett og sosiale medier kom til å ta over for journalistikken – ideen om at de ikke trengte Washington-journalister når de kunne lese tweetene til kongressrepresentantene, ikke trengte pressefotografer når alle hadde mobiltelefon med kameraer, ikke trengte å lønne profesjonelle når man kunne crowdsource, ikke trengte undersøkende jornalistikk så lenge det fantes kjemper som Assange, Wolf og Snowden…
Eg spør meg om det kanskje er Leyla Franzen prøver å snakke mest gjennom, for han har tidlegare vore flink til å få inn betimeleg samfunnskritikk i romanane sine. Her fungerer det kanskje ikkje så bra sidan det blir litt difust, men likevel er det ikkje noko som dreg Renhet langt ned. Eg sakna knapt noko samfunnskritisk, og romanen er allereie så god litteratur at ein kan ikkje sakne det som ikkje er der.
Som sagt fortel Pip frå fjerde del, og her får me eit innblikk i korleis Sunlight Project fungerer og korleis ho enda opp hos Leyla og Tom. I tillegg får me skildringar av Andreas Wolf frå ein annan synsvinkel. Jo, han er karismatisk, og, ja, han er snill og forførande, men er det ikkje noko anna ved han òg? Pip blir skremt og avviser Wolf ved fleire situasjonar. Ho uttrykker direkte at Sunlight Project er ikkje noko ho har trua på og at Wolf ikkje er ein person ho klarer å like. Det er i denne delen me møter Pip på sitt mest usikre og sårbare. Ho er i eit anna land i ein annan verdsdel med ukjente folk og jobbar for noko ho ikkje trur på.
I femte del av boka er det Tom Aberant som fortel. Han får ei stadig meir sentral rolle, og han er i tillegg einaste karakteren som fortel i første person. I denne delen viser Franzen nok ein gong kor god han er på relasjonar og på å bygge karakterar. Relasjonen mellom Tom og Annabelle blir detaljert skildra med alle oppturar, nedturar og, ikkje minst, spesielle særtrekk. Om ein av delane i romanen skulle ha vore litt kortare kunne det kanskje ha vore denne. Det var ei stundt eg syntes det drog ut litt lenge, og det er langt frå alle detaljar som er avgjerande for slutten. Samstundes er språket og den litterære kvaliteten så bra at det ikkje gjere noko å lese ei bok på 650 sider av Franzen.
Sjette og sjuande del av blir igjen fortalt av Andreas Wolf og Pip Tyler. Kontrastane frå dei to første delane er store. Medan Pip var svak og tiltakslaus og hadde dårleg sjølvtilit, var Andreas sterk og med stor sjølvtillit (ei skildring med visse modifikarsjonar). I dei siste delane av boka slit Andreas Wolf med angst, og han verkar psykisk ustabil. Pip derimot har fått auka sjølvtillit og viser stor vilje til å gjere noko aktivt for å få retta opp problem i eige liv og i moras liv. Samstundes blir det òg her sett ord på noko lesaren innerst inne har tenkt gjennom heile boka:
«Vel, greit. Jeg kan ikke gjøre deg sint hvis du ikke er det. Men gjør meg en tjeneste og prøv å huske én ting: Du skylder ikke disse menneskene noe som helst. Det er de som skylder deg en hel masse. Nå er det din tur til å ta kommandoen. Hvis de gjør motstand, er du i din fulle rett til å bruke atomvåpen mot dem.»
Pip spør om råd. Kva skal ho gjere for å løyse alle problema sine? Kva skal ho gjere for å ikkje skuffe dei rundt seg, men likevel halde løftene sine? Det er då den kloke sjela som snakkar ovanfor her seier: «Jeg synes du skal være skikkelig, skikkelig sint.» Og lesaren kan ikkje noko anna enn å nekte. Sjølv om dei fleste av karakterane på ein eller annan måte er knytt tett saman med kvarandre, er det Pip som står igjen som offeret. Ho er den som har blitt loge for, som alle har hatt løyndommar for, som har blitt brukt. Ikkje minst blir det sett ord på det me alle tenkjer om mora:
«(…)Hun unnfanget deg for at du skulle være det ingen andre kunne være for henne. Jeg er sint på egoismen i det. Jeg er sint for at hun er en av disse feministene som gir feminismen et dårlig rykte.(…)»
(Apropos feminisme: Det er få kvinner som kjem godt ut av denne romanen. Eller kanskje eg heller skal seie at det er få mødre som kjem godt ut av den. Både mora til Pip, mora til Andreas og mora til Tom blir skildra som vanskelege og merkelege. )
Ordet Renhet har ein sentral posisjon. Det blir fleire gonger snakka om det som er «reint», det som ikkje er skitna til, og sjølvsagt blir det òg snakka om det motsette. Pip Tyler heiter eigentleg – hald dykk fast – Purity Tyler. På engelsk ville dette sjølvsagt ha passa endå betre ettersom boka heiter Purity på originalspråket. Men Renhet blir òg brukt i overført tyding. Sunlight Project til dømes skal brukast for å kaste sollys der det er mørke, for å avdekke det som ikkje tåler lyset. Verda er skitten, og det må det gjerast noko med. Difor kjem Sunlight Project, forkjemparane for Renhet, og varslar om det som ikkje er som det skal vere. Renhet er eit ord som blir ein raud tråd gjennom romanen. Det som er nemnt ovanfor her er berre nokre av situasjonane kor ordet blir nemnt og brukt. Det er imponerande korleis Franzen klarer å halde denne tråden og gi den ein så sentral plass gjennom heile romanen utan å gjere det overtydeleg.
Renhet er ein av dei beste romane eg har lese på åresvis. Måten den er byggja opp på, og måten liva til karakterane er knytt saman på, er heilt spesiell. Eg klarer ikkje å forklare det med eigne ord. De bør lese romanen for å forstå.
Ferrante, Elena (pseudonym): «Historia om det nye namnet» (Samlaget 2015)
Å skrive ei ny bokmelding etter ein veldig lang pause er vanskelegare enn å køyre bil etter ein lang pause. Det har eg erfart no. I alle fall nøler du mykje meir. Å køyre bil er ikkje så tiltak. Før eg skreiv denne bokmldinga såg eg på ein dokumentar med Tom Felton som undersøkte kvifor nokre blir superfans av kjendisar og jaktar på autografar. Ganske bra dokumentar faktisk, det må eg seie.
Når eg først er inne på denne dokumentare og superfans: Om nokon skulle vite kven Elena Ferrante eigentleg er burde de ikkje seie det til meg. Personen bak Napoli-kvartetten hadde blitt dynga ned med brev frå ein nordmann med rar døgnrytme etter alt for mykje nattlesing. Då første bok i Napoli-kvartetten havna i postkassa mi i byrjinga av 2014 vart eg kanskje litt irritert over at det var endå eit forlag der ute som ikkje klarte å sende epost og spørje på førehand.
Heldigvis vart eg overtalt til å lese boka, og heldigvis var Samlaget snille nok til å sende meg Historia om det nye namnet (bok II), sjølv om eg ikkje skreiv eitt ord om den første.
Kvifor er Historia om det nye namnet bra? Det er vel spørsmålet eg skal prøve å svare på i innlegget. Problemet er berre at eg slit med å svare. Til vanleg kan eg bruke mange litt avanserte ord som eg håpar eg sjølv forstår og snakke om plott og stereotypiske karakterar og skrivemåte. Napolikvartetten gjer at eg kjem til kort, fordi det er så vanskeleg å forklare kvifor ein roman om oppveksten til ei heilt enkel jente frå Napoli skal vere så veldig fengande. Les du bakpå kan du få assosiasjonar til Lucinda Riley og Kate Morton. Eg tenkte at no hadde det kome endå ei slik boka då eg las bakpå den første. Berre på nynorsk sjølvsagt.
Alle har vel hatt den kjensla av at dei synst noko er heilt enormt bra, og så skal dei tilrå det vidare, men får liksom ikkje forklart kvifor. Og dermed blir den personen me tilrår dette for litt avventande og vil ikkje oppleve dette heilt spesielle. Somme gonger kan det vere bra at dei held seg borte, som når eg prøver å tilrå humorserien Jæren Rundt til folk som ikkje kjem frå Jæren og ikkje forstår humoren. Andre gonger, som når eg skal forklare kvifor Berlin er den hovudstaden eg liker best i Europa, blir eg nesten frustrert over at folk ikkje forstår.
Eg skal prøve å auke forståinga for kvifor alle oppegåande personar som har fullført ungdomsskulen bør lese Napoli-kvatetten og kvifor dei bør lese den andre boka.
Generelt gjennomgåande i begge romanane er det enormt mykje vekt på relasjonar, og då er det ikkje berre forelsking og kjærleik og kliss og klass, men rett og slett relasjonar mellom familiemedlemmar, mellom vener og veninner og ikkje minst mellom familiar. Romanene fortel om spenningar, usemje og korrupsjon, men den fortel òg om tette band og viljestyrke. Midt oppi alt står hovudpersonen Elena Greco som òg blir kalla Veslelena og Lenú. Det er ho som fortel historia. Dette fører òg til at den relasjonen det handlar mest om er relasjonen hennar til Raffaella Cerullo som alle i bydelen kallar Lina og som Lenú kallar Lila. Relasjonen mellom Lenú og Lila vekslar mellom å vere veldig sterk i periodar, medan andre gonger kan det knapt kallast for ein relasjon.
Det er her heile forteljinga har ein stor styrke. Lenú veit aldri kor ho har Lila. Plutseleg er dei bestevener, og plutseleg er dei nesten fiendar. Det vekslar raskt. Akkurat som at Lenú heile tida er usikker på alt rundt Lila er lesaren òg det. Me får delta i relasjonen og er sjølv redde for kva Lila kan få seg til å seie og gjere. Andre gonger er med imponerte tilskodarar til kva Lila får til og korleis ho oppfører seg. Veremåten til Lila vekslar i takt med forteljinga og humøret til Lenú, og sjølvsagt vekslar det i takt med kjenslene til lesaren. Du kan ikkje føreseie noko slik som i mange andre bøker, og det er noko av magien. Det som skjer har utfall på ein måte du ikkje kan tenkje deg til.
Samstundes har du miljøet i bydelen. Det er heilt utruleg mange karakterar, og difor hjelper oversikten i starten av romanen med å sortere litt. Familien Peluso, familien Cerullo, familien Greco, familien Caracci, familien Cappuccio, familien Sarratore, familien Scanno, familien Solara og familien Spagnuolo. Desse er det best du held styr på. For kvar familie er ca. to barn å halde styr på som Lenú fortel om, med nokre få unntak. Når alle desse barna i tillegg byrjar å gifte og forlove seg med kvarandre blir det endå meir avansert, men ein kjem inni det, og midt oppi alt handlar det om relasjonane mellom desse familiane. Kaoset lesaren føler på reflekterer litt av kaoset i bydelen.
(OBS! Spoilarar frå no av)
Når andre bok, Historia om det nye namnet, byrjar, er bryllaupet til Raffaella Cerullo (Lila) og Stefano Caracci akkurat ferdig. Stefano Caracci er sonen til avdøde Don Achille Caracci som tidlegare skremte heile bydelen. Utan å nenmne for mykje er ikkje slutten på første roman lukkeleg, og andre roman startar på same måte. Ekteskapet mellom Lila og Stefano får ein vanskeleg start. Etter ei lukkeleg forlovingstid er mykje endra. For det første er det stadig eit spørsmål om kor tid Lila skal få barn, noko ho eigentleg ikkje vil ha. For det andre er Stefano valdeleg mot Lila. Det i seg sjølv var ikkje veldig uvanleg på den tida vart det forklart i bøkene. Det var heller normalt, men reaksjonane til Lila på kva som skjer gjer at det er vanskeleg å sjå korleis det går. For det tredje har Stefano og broren til Lila, Rino, inngått ein handelsavtale med Solara-brødrene som Lila ikkje kan fordra. På toppen av alt er Rino forlova med systera til Stefano og svigerinna til Lila, Pinuccia Caracci. Men dette er berre omstenda til Lila, som Lenú i byrjinga av boka ikkje oppsøker så mykje.
Sjølv er ho saman med Antonio Capuccio som ho eigentleg ikkje er forelska i. Ho liker spenninga ved det, men ikkje så mykje meir. I tillegg kontrolerer Antonio stadig at ho ikkje er saman med Nino Saratorre, den tidlegare naboen og sonen til Donato Saratorre som var elskaren til Antonios mor. Ja, dette er avansert, så de får sjå om de heng med i svingane. Endå meir komplisert blir det av at Antonio har rett i at Lenú er forelska i Nino, men Nino har allereie kjærast, og ho er dottera til Lenús lærar.
Alt i alt startar boka kaotisk, like kaotisk som det høyres ut som. Det kan verke som eit trøytande kjærleiksdrama, men språket er så godt at det er meir enn det. I tillegg kjem skulegangen til Lenú. Skal ho halde fram med å gå på skulen og satse der, eller skal ho gjere det ein ventar av folk som kjem frå bydelen hennar: Gifte seg med ein av gutane i nabolaget og jobbe i ei lokal bedrift? Spenninga aukar yttarlegare når Lenú blir med Lila, Stefano, Rino, Pinuzzia og mor til Lila og Rino, Nunzia, til øya Ischia. Her møter dei Nino Saratorre noko som utgjer vendepunktet i heile historia, men kanskje ikkje slik ein skulle tru.
Når eg skriv hendinga ned og skriv om boka, forstår eg kor platt det høyres ut, kjedeleg det høyres ut. Eg trur det er fordi berre dei som set seg ned og les Napoli-kvartetten kan forstå magien bak. Nokre seier at dei las dei første femti sidene i den første boka, men at det ikkje fenga og difor las dei ikkje vidare. Eg kan vere samd i at dei første femti sidene ikkje dei beste. Det gjekk litt trått for meg òg då, og eg tenkte: «Er det DETTE alle har snakka om?» Men så les du dei femti neste, og så les du dei hundre neste på same tida som du las femti og plutseleg er du heilt inni historia og miljøet. Det er som når du møter ein ny person. Det er kanskje ikkje heilt klikk i byrjinga og du tenkjer: «Nei, dette blir nok ikkje så mykje meir enn at me har felles kjente». Men så oppdager du nye sider ved personen og blir kjent med han eller henne, og plutseleg kan du ikkje sjå føre deg livet utan.
Eg jobbar på bokhandel, og noko mange er skeptiske til ved bøkene er målforma. «Åja, er den på nynorsk. Då trur eg at eg droppar det. Har du noko liknande på bokmål?» Nei, eg har ikkje noko liknande på bokmål, og i tillegg er nynorsken så «enkel» at det er heilt forståeleg for alle. Om du ikkje forstår nynorsken i Ferrantes bøker kan du ikkje norsk. Det er fleire eg har høyrt seie at dei eigentleg synst nynorsk er vanskeleg å lese, men når dei les Napoli-kvartetten gløymer dei kva målform det er skrive på. Det er slik det skal vere! Å seie at nynorsken er «enkel» er likevel vanskeleg for meg, for bøkene er skrivne på nynorsk slik nynorsk skal vere: Like uanstrengt som bokmål.
Eg gler meg til Dei som flyktar og dei som blir igjen kjem ut i mars, samstundes som eg gruar meg til å vere over halvvegs i denne serien. Det blir trist å seie farvel til karakterane. Eg håpar berre eg kan ta farvel med dei og vite at dei er lukkelege, men det er ikkje sikkert.
Eksemplaret av Historia om det nye namnet har eg fått av Det Norske Samlaget.
Hausten
© Mai Lene
Bilete teke med iPhone
Oslo oktober 2015
Les no: Our Kids – The American Dream in Crisis av Robert D. Putnam
Vil lese snart: Berlin Noir av Philip Kerr og Historia om det nye namnet av Elena Ferrante
Gler meg til: Jul, at det blir like fint haustvêr som det var førre veke, helga
Ja, eg lever framleis.
Kvifor Anders Anundsen burde lese science fiction
Science Fiction er ein sjager som dei siste åra har blitt meir og meir populær, blant anna gjennom The Hunger Games og Divergent. Likevel veit eg ikkje kor nøye Anders Anundsen og statssekretærane har lese bøkene, men noko av tematikken bør dei få med seg.
For ikkje mange år sidan var fantasy ein veldig populær sjanger Harry Potter-serien vart avlasta av Twilight-serien, og Beautiful Creatures vart ein hit både som serie og bok. Trass i desse populære seriane kom science fiction-bølgja med The Hunger Games og Divergent. Både Science Fiction-sjangeren og Fantasy-sjangeren har det til felles at verda som blir skildra er annleis enn vår. Likevel er det skilnadar. Fantasy har ikkje forankring i røynda og er difor ikkje mogleg, medan science fiction er forankra i vitskap og difor kan vere mogleg. Innanfor science fiction-sjangeren har ein dystopisjangeren, som er den mest relevante for dette innlegget. Ein dystopi er i følgje Dag Einar Thoresen ved høgskulen i Buskerud og Vestfold «oppdiktet, fremtidig skrekksamfunn, skildring av et samfunn hvor dårlige krefter har fått overtaket, for eksempel i form av diktatur, kriminalitet eller miljøsammenbrudd.»
Så kvifor er dette ein sjanger nettopp Anders Anundsen burde lese? Eg er samd i at ein minister kanskje ikkje burde sitje med ei bok i fanget heile dagen. Det som er viktig er kva bøkene formidlar. Ein skulle kanskje tru at landet Panem (The Hunger Games) eller den Chicago-byen Veronica Roth skildrar er veldig langt frå røynda. Dessverre kan populariteten til romanane vitne om noko anna òg: Det er lett å kjenne igjen parallellar til samfunnet me lever i.
Eit veldig framtredande trekk ved fleire dystopiar er korleis leiarane veit alt om kvar enkelt. Innbyggjarane får aldri vere fred, aldri vere for seg sjølv og aldri snakke fritt. Dei lever under konstant overvaking, og det kan samlast inn store mengder data frå innbyggjarane. Eit anna trekk er korleis samfunna nærast er politistatar. Lovas lange arm er aldri langt borte. Resultatet i alle dystopiane er eit samfunn med lite tillit kor innbyggjarane lever i konstant frykt for å gjere noko gale. Eit døme er Katniss som etter dødslekene ikkje kan gå eit einaste steg utan at President Snow overvaker henne. Eit anna døme er Tris i Divergent-serien som må velje ei framtid ut frå ein personlegdomstest, og om ho ikkje passar inn i eitt av fem alternativ er ho ein avvikar. Resultatet av testen blir ikkje akkurat skjult for leiarane, og dei liker ikkje avvikarar. Eit tredje døme er Cassia og familien i Matched-serien (Condie, Ally) som på tur må sove med eit band framfor auga som fangar draumane. Det er nok av det meir overnaturlege slaget, men det viser likevel ein stat som vil kontrollere det meste. Spørsmålet dei fleste kanskje stiller seg er kor eg vil hen.
Etter at terrorfaren vart oppgradert har politiet i Noreg vore «midlertidig væpna». Dette har justisdepartementet kunna bestemme utan Stortinget. Eg har til ei viss grad forståing for at politiet vil ha dette for å kjenne seg trygge, og for at samfunnet skal vere trygt, men likevel er eg skeptisk. Andre debattar handlar om lagring av stordata. PST vil bruke same system som NSA (National Security Agency) i USA for å til dømes lagre bileta våre frå sosiale media, Facebook- og Twitter-beskjedar, epostane våre, kva sider me surfer på og kva me søker på. Anders Anundsen, som høyrer til eit parti som utanfor regjeringa var skeptiske til DLD (Datalagringsdirektivet), seier at han vil halde døra på gløtt for denne ordninga. Er dette ok, sjølv om kanskje aukar tryggleiken vår? Er dette verkeleg noko me kan gjere etter EMK artikkel 8 om rett til respekt for privatlivet?
Eit samfunn bør byggje på tillit, ikkje berre mellom innbyggjarane, men òg i mellom innbyggjarane og staten. Anders Anundsen har den fine tittelen Justis- og beredskapsminister, og han har ein vanskeleg jobb når han skal vege omsyn opp mot kvarandre. Tryggleik eller privatliv? Likevel bør han tenkje på at tillit òg skaper tryggleik. Me skal ha ein god beredskap som er klar om det skal skje noko, men me skal òg kunne ha privatliv utan at staten skal vite alt om oss.
No forstår du kanskje kor eg vil. Det er klart at skrekksamfunna Suzanne Collins, Veronica Roth, Ally Condie, Torborg Igland og Arnulf Hestveen skildrar ikkje er det samfunnet me vil få i Noreg med væpna politi og lagring av stordata. Eg samanliknar absolutt ikkje politiet i Noreg med «the peacekeepers» i The Hunger Games. Men eg synst at science fiction-sjangeren, og særleg desse dystopiane, seier noko veldig grunnleggjande om tillit og korleis overvaking gjer at denne tilliten blir borte. Eg tenkjer òg på Divergent-serien kor avvikarar blir sett ned på. Kva med dei som er avvikarar i Noreg som kanskje ikkje oppfører seg heitl etter skjemaet? Kan eit overvakingssamfunn gjere det vanskelegare for desse til dømes? Det er ei rekke problemstillingar knytt til dette, og dystopiane set ord på dei. Versågod, Anders Anundsen, les!
Å redde verda
Førre veke avslutta eg The Adventures of Oliver Twist av Charles Dickens. På engelsk. Knøttlita skrift og nesten 300 sider. Men eg vart ferdig. Det første ein legg merke til når ein les ei slik bok er den ekstreme forteljarevna til forfattaren.
«But tears were not the things to find their way to Mr. Bumbles soul; his heart was waterproof.»
Det er godt skrive, og sjølvsagt morosamt. Charles Dickens bruker verkeleg humor i skildringane av karakterane sine. »
(…) replied Mr. Bumble fastening the strap of the leathern pocket-book: which like himself was very corpulent».
Etter å ha oppdaga den fantastiske forteljarevna, går det raskt over til å tenkje over den tragiske historia. Kven snakkar for Oliver Twist? Kven stiller opp for han? Å sjå korleis barn vart behandla var vondt, og sjølv om eg kjenner historia, utborderer den gode forteljarevna til Charles Dickens dei fæle sidene endå meir. Han får fram gjennom dialogane alt det fæle det går an å tenkje om barn.
«I see no saving in parish children, not I; for they always cost more to keep than they’re worth.» (Mrs. Sowerbrry).
Eg trur me framleis har fleire av typen Oliver Twist i Noreg og i verda i dag. Kven er Oliver Twist i dag? Det tenkte eg på både medan eg las og etterpå. Er han eit av dei barna som veks opp utan foreldre? Er han eit av dei mange barna utsette for organisert kriminalitet (for det må ein jo kunne kalle Fagins verksemd?)? Er han eit løvetannbarn? Han klarte seg jo til slutt? Eg landa på at han kan representere så mange av desse. Han kan representere mange i samfunnet vårt i dag. Til slutt vart valet ein nokså overordna kategori: Ein stemmelaus. Det kan verke rart sidan det trass i alt gjekk så bra til slutt. Mr. Brownlow, Mrs. Maylie og Miss Rose Maylie var jo alle nokre som snakka for saka hans. Og det er kanskje poenget mitt òg. Han var stemmelaus, og då vart det nokre andre som brukte si stemme for å kjempe for han.
Uansett kor stor sosial mobilitet me har i Noreg, har me alltid nokon som ikkje når fram med stemma si. Me må innsjå at alle ikkje e rlike ressurssterke. Alle er ikkje like synlege. Mange skriv meir høglydt enn andre. Då er jobben for resten av oss å vere ei stemme for desse og løfte dei fram, akkurat som Mr. Brownlow og co. løfta Oliver Twist fram. Kva vil eg med dette våset? Kor vil eg? Eg veit nesten ikkje sjølv, men eg trur det har noko med overskrifta å gjere. «Å redde verda». Det er eit litt hårete og ambisiøst mål. Eit superman-mål.
«Eg skal trass alt inn på juss og redde verda, så noko må eg jo jobbe»
Dette var meldinga eg sendte då eg vart spurt om å vere med på eit møte ein kveld. Ja, eg jobbar for å komme inn på juss, og det er kanskje heile dette innlegget handlar om. Eg vil inn på juss og redde verda. Eg vil gjere noko. Eg vil gjere noko for Oliver Twist.» Eg vil vere Mr. Brownlow og Miss Rose Maylie. Men korleis skal eg gjere det? Har eg nokon strategi som ingen andre har kome opp med endå? Nei men eg ber med meg noko ein av KrFU-venene mine sa på landsmøte for to veker sidan:
«Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre»
Eg vil gjerne redde verda for dei eg kan, for det kan vere ein av mange saker for meg, men heile verda for den personen eg hjelper. 8.-10. mai var eg så heldig å få vere på KrFs landsmøte i Trondheim. Mitt viktigaste mål då eg sette meg på flyet i Stavanger fredags morgon var å få eit stortingsfleirtal for 10.000 syriske flyktningar. For å få til det måtte KrFs landsmøte stemme for resolusjonen til KrFU. Eg hadde eigentleg ikkje planar om å gå opp på talarstolen. Eg tenkte at det var mitt første landsmøte, at eg mest skulle observere, at eg berre var organisatorisk nestleiar i Rogaland KrFU. Då stunda for resolusjonsbehandlinga kom var eg framleis i tvil. Til slutt vart det til at eg retta skiltet i mitt i verda. Eg ville snakke. Og det gjorde eg. Det er sjeldan at eg har vore meir nervøs. Eg fomla litt med orda, og eg klarte til alt overmål å seie «nordområda» i staden for «nærområda». Det viktigaste var at me fekk resolusjonen gjennom. Det vart stortingsfleirtal. Eit samla landsmøte stemte gjennom resolusjonen, til ståande applaus! Eg vart sitert i to avsier («sjølvskryt kjem frå hjartet, men det er ikkje alltid like interessant å høyre på» – Frank Aarebrot). Poenget er at me oppnådde noko. Me redda verda for dei 10.000 syrarane som forhåpentlegvis får kome til Noreg (Stortingsfleirta – I’m watching you!). Det var i denne debatten sitatet ovanfor vart brukt. Ein kan ikkje redde verda for alle, men ein kan redde verda for nokre. Me redda verda for 10.000 stemmelause kvelden 8. mai. 10.000 Oliver Twist.
Eg håpar eg kjem inn på rettsvitskap (juss) på UiO til hausten. Eg håpar eg kan redde verda og vere ei stemme for dei stemmelause, først og fremst innanfor utlendingsrett eller flyktningrett. Eg håpar eg klarer å halde på engasjamentet mitt. Noko anna som blir spennande er at eg tek til som leiar i Oslo KrFU. Eg fekk eit «kick» etter landsmøte. Eller, så stort eit kick som det går an når du ligg sjuk i to omgangar etterpå. Det eg vil seie er at eg vart inspirert, og i kombinasjon med Oliver Twist vart resultatet dette innlegget.
Igland, Torborg og Hestsveen, Amund: Flukten (Gyldendal 2014)
Dette blir del x av «Mai Lene prøver å lese dystopiar», som er ein lite oppfølgt serie på bloggen. Det spørs om den kanske ikkje blir meir oppfølgt i framida, for eg merkar jo at dystopiar, det er jo faktisk BRA! No skal eg ikkje vere generaliserande, men eg likte jo godt The Hunger Games, og eg trur eg vil like Divergent når eg berre får byrja på den serien òg. Enn så lenge har eg byrja på ein norsk trilogi kor første boka kom ut dette året. Det er den første boka i den såkalla Beta-serien om Kodak, Livni og Jor som lever i Skandia, eit Skandinavia 60 år fram i tid.
Eg kjente litt på skuldkjensla då eg gjekk ombord i eit fly til Paris med denne boka i sekken, for datoen for innlevering lyser raudt på biblioteket sine heimesider. Den skulle vore levert, eg veit det, men no er eg jo ferdig. Og eg kunne ikkje avbryte. Det første eg må gjere er å gå til biblioteket med denne og x antal andre bøker som er lesne og ulesne. Uansett, eg kunne ikkje avslutte boka. Eg var nesten halvvegs og heilt oppslukt av Kodaks, Livnis og Jors univers, og eg kunne ikkje la boka ligge heime. Eg måtte vite korleis det gjekk.
Flukten er faktisk genial. Forfattarane tek oss med inn i eit univers kor delar er ugjennkjenneleg og delar er gjenkjenneleg. Det demokratiske norden me kjenner no er borte, og det er Første frie leder som styrer over Skandia. Skandia er delt i Østregionen, Vestregionen, Sørregionen, Midtregionen, Nordområda og KEF Reykjavik. Hovudstaden er CPH Kastrup. Innanfor regionane er dei òg delt opp i stasjonar. Stasjonen kor Kodak, Livni og Jor bur blir kallar stasjon 21. Det er dette som er ugjennkjenneleg. Eit diktatur, eit Norden som ikkje er byggja på demokratiske verdiar. Det me likevel kjenner igjen er det frå den «uskandiske» tida, òg kalla Mørketida. Og me kjenner ikkje namna på flyplassane. Eit døme er CPH Kastrup, og ein høyrer òg om OSL Gardermoen. Det er dette som gjer boka bra, at ein kjenner igjen det som er no. Forfattarane skapar ei røynd me ikkje kjenner til, men får oss til å vise at ein ikkje må ta demokratiet for gitt. Dei gir oss eit anna blikk på Norden.
Det er utruleg vanskeleg å skrive om kva romanen eigentleg handlar om, kva det er som står på spel, men eg prøver. Det er tretti ungdommar som kjemper om å bli utvalt til å vere med i millitærpolitiet og bli priviligerte. Ti skal veljast ut og resten skal til Nordområda for å arbeide. Det er i alle fal det dei seier. For alt er ikkje like sant, og om du stiller spørsmål, er «uskandisk» eller gjer noko som kan bryte ei norm eller ei lov, får du straff. Straffa kan komme i minuspoeng, men òg i elektrosjokk om du har vore skikkeleg stygg.
Jo, dette blir nok eit kort innlegg, rett og slett fordi lange skryteinnlegg har lett for å bli flåsete og gjenta seg sjølv. Men eg kan jo gå litt innpå samfunnskritikk, for nokre har sagt at denne boka har eit mykje større potensial til å bli samfunnskritisk. Dette er kanskje litt subjektivt, men eg vil gjerne grunngi kvifor eg meiner at boka er samfunnskritisk, eller i alle fall kan få ein til å reflektere litt. Ungdommane i Flukten lever i det ein vil kalle eit totalitært diktatur. Alt er kontrolert, det er ikkje lov å stille spørsmål og leiaren er eineherskar. Det fekk meg til å tenke litt på Nord-Korea og leiaren der. Ingen får lov til å kritisere, ingen får lov til å ytre eit negativt ord om Første frie leder, og ho blir nærast sett på som ein gud. Ein ser på det som surrealistisk når ein høyrer reportasjar frå Nord-Korea om alt som Kim Jong-Un har gjort i miskunn til befolkninga. Han og dei underorna konstruerer informasjon og fakta som ikkje stemmer. Eg veit ikkje om nokon har høyrt det, men Kim Jong-Il, faren til den andre Kim-en, døydde då han arbeidde. Han arbeidde så hard for landet sitt at han døydde. (Eller ikkje). Me høyrer på det måpande og tenkjer «Uff og huff, for eit regime». Det er slik Skandia er, og det er jo ein stor kontrast til vårt trygge og stabile samfunn. Flukten viser kor farleg det er å ta noko for gitt, som til dømes Noreg og demokrati. Det kritiserer ikkje demoraktiet eller samfunnet i dag, men kanskje heller det me tenkjer i dag. Me klagar og klagar og klagar, men har det eigentleg utruleg bra. Kanskje Igland og Hestsveen vi få oss til å sjå kor godt samfunnet faktisk er?
Eg har ikkje mykje negativt å seie om boka. Kanskje språket kunne ha vore litt betre enkelte stader. Det var til tider dårleg og overforklarande, men du og du for ein spennande start på ein serie. Eg håpar fleire vil ta opp boka og lese!
Lindell, Unni: Brudekisten (Aschehoug 2014)
Eg sit på kjøkkenet, tenkjer eg bør bli ferdig med dette innlegget om Brudekisten. I tillegg drikk eg kakao, mest fordi mor laga det, men òg fordi eg føler meg fortent til det etter å ha pløya meg gjennom ein haug med lekser. Erstatningsrett i Rettslære 2, tida etter den kalde krigen i USA i samfunnsfagleg engelsk, Buddhismen i religion, sju oppgåver om den industrielle revolusjonen i historie og nokre sider om styringsorgan i Noreg i Politikk og menneskrettar. Eg er stolt over meg sjølv, og no skal eg prøve å gjere den stolte kjensla endå tydelegare ved å skrive dette lenge planlagte innlegget. (Det vart skrive i går, då eg trudde eg var meir effektiv i bloggskrivinga mi enn eg var). I dag har eg prøvd å skrive ein korttekst om det naturalistiske i kapittel XV i Sjur Gabriel av Amalie Skram.
Då eg var på Bokfestivalen i Oslo denne helga, høyrte eg så vidt avslutninga av eit arrangement om krim kor blant anna Unni Lindell var ein av gjestene. Eg vart litt overraska over det ho sa, fordi ho snakka sjølvsagt om Brudekisten, men ho sa ein del ting eg ikkje har tenkt på. Dette er diverre ikkje i positiv forstand, men heller i negativ. Ho sa at Brudekisten var ein roman om barn av psykiatriske pasientar. Ho har rett på ein måte. Aud Johnsen og Jan, Maike og Piet Hagg er alle barn av psykiatriske pasientar på Gaustad. Fedrene John Johnsen og Werner Hagg har begge slitt på sin måte, og spesielt Werner Hagg går det rykter om. Eg har ingen intensjon om å seie at det ikkje er fælt at barn har foreldre som slit psykisk, og det trur eg heller ikkje Lindell har. Det ho manglar er å vise det. Ho sa òg under intervjuet at «alle kriminalforfattere skrive samfunnskritisk». Feil! Kriminalforfattarar prøver å skrive samfunnskritisk. Dei prøver så hardt, men gong på gong på gong blir bodskapen gøymt bak uviktige mysterie. Slik er det òg med boka om Maike Hagg som døydde i 1988. Om Werner Hagg og John Johnsen som igjen er ute i samfunnet. Om Jon som stellar lik og Piet som ingen veit kor er. Om Aud Johnsen og Emmy Hammer, dottera til psykiateren, som var veninner, men no er framande ovanfor kvarandre. Sjølvsagt er romanen òg om dei tilsette på Gaustad. Berit Adamsen, Norma Winther og Ole Porat.
Unni Lindell kan vel neppe kallast ein urutinert kriminalforfattar etter å ha gitt ut ti bøker om Cato Isaksen og Marian Dahle, i tillegg til fleire romanar, noveller og dikt. Men, og eg meiner det er et nokså stort men her, rutinert og flink er ikkje det same. Dette blir ein klagesong om manglande djupe tema, manglande refleksjon og generelt at kriminalromanar ikkje når andre opp til knea ein gong.
«Kvifor les du kriminalromanar då?» tenkjer du kanskje. Åh, eg har spurt meg sjølv så utruleg mange gonger! «Mai Lene, kvifor les du desse inkjesigande romanane om drapsmenn, valdtektsmenn og det som verre er?» Eg skulle så gjerne likt og visst sjølv. men når det er sagt er eg svært lite begeistra for dei fleste kriminalromanar, fordi eg som oftast plar å leite etter dei som kan reflektere over litt meir enn øydelagte kaffimaskinar og regnvêr. Brudekisten havnar dessverre ikkje i den kategorien eg liker. Den havnar i «Å-nei-kaffimaskinen-er-øydelagt-og-det-er-ein-drapsmann-der-ute-kategorien». Ein kategori eg ikkje har spesielt sansen for om de skjønar kva eg meiner.
Cato Isaksen, vår kjære etterforskar som går igjen i kriminalromanane hennar er ein litt tverr, mutt og rar type. Eg las både Honningfellen og Brudekisten, og dei som er over gjennomsnittet interessert i romanane veit at Honningfellen er nokre bøker før. Det er den boka kor kollegaen Marian Dahle dukkar opp og gjer livet surt for Cato Isaksen. Lindell skapar eit falskt polarisert forhold som blir prøvd på mange måtar gjennom ei etterforskingssak, og eg synes grunnlaget ho har laga for at Isaksen skal hate Dahle så intenst er syltynt. Det er så barnsleg at det er ikkje truverdig. Ein ting er å la hovudpersonen ha flerie sider enn dei positive, men når dei negative blir så til dei grader overdrivne er det i alle fall ikkje bra. Men det var ikkje Honningfellen eg skulle skrive om. Eg skulle skrive om Marian Dahle og Cato Isaksen, og det forholdet har blitt litt betre nokre romanar seinare. Desse to skal altså løyse nok ei krimgåte. Det er litt forfriskande at det ikkje er noko radarpar som saman går inn for å løyse gåta. Det er noko forfriskande over at dei kranglar litt, at det er litt usemje.
(frå no av kan det førekomme spoilarar)
Likevel, eg vil snakke litt om dei andre karakterane òg. Eg veit at det er vanskeleg å dra ein roman ned i søla berre på grunn av at den er lite djup eller ikkje som andre, men det er så mange andre moment. Unni Lindell går i same fella som mange andre. Eg synes ikkje det er noko rart lenger med ein eksperimenterande psykiatar, ein mistenkeleg medarbeidar og ein uærleg, og i tillegg lesbisk, prest. Lobotomering er det første stikkordet som får meg til å reagere og tenkje: «Dette her lovar ikkje godt». No lovar vel eigentleg aldri ordet lobotomering noko godt. Likevel, når det blir lagt så tydeleg trykk på at lobotomeringsbrakkene vart ikkje brukt lenger frå eit gitt årstal, forstår du at det ikkje er sant. Det er for det første overtydeleg, og for det andre forstår ein, når det er ein psykiatar med, at han med stort sannsyn dreiv ulovleg verksemd som lobotomering etter han skulle. Dei plar ofte det, psykitarar i kriminalromanar, og særleg når det blir lagt trykk på at dei er konservative.
Ole Porat er òg ein slik person. Familievennar, folk under opplæring som støttar psykiatarar, generelt einslege menn som har kontakt med ein vaksen familiefar eller psykiatar, plar å vere farlege. Eg seier ikkje at Porat er drapsmann, men det plar alltid å vere noko ekstra med desse. Uhyggjelege motiv og ein god del mystikk. Ole Porat skiljer seg ikkje ut frå mengda av desse karakterane. Han er heller prikklik og ein forstår rolla. Ikkje drapsmann, men skummel person som støttar psykiatar Hammer i litt tvilsamme prosjekt. Til dømes lobotomering.
Så kjem eg til punktet om uærlege prestar. Er ikkje dette oppbrukt? Er ikkje dette klassisk? Eg lurer på kva det er som gjer at prestar alltid kjem dårleg ut av slike historier. Har forfattarar ein trang til å vise at prestar ikkje er perfekte menneske og difor tileignar dei grusamme og ikkje så reint lite tvilsamme eigenskapar? Meiner dei at samfunnet har eit usunt bilete av prestar? Norma Winther verker snill og utan skumle hensikter, og plutseleg er ho uærleg, veit meir enn ho vil ut med, lesbisk (eg ser for meg at kriminalforfattarar sit sånn: «hohoho, no kritiserer me kyrkja litt og lagar ein lesbisk prest…) Eg taklar det ikkje heilt dette med prestane. Eg taklar jo generelt ikkje klisjéaktige og stereotypiske karakterar så veldig ofte, så ein del av dette seier seg vel sjølve kanskje. Det eg vil fram til med desse tre avsnitta om karakterane er at Lindell ikkje er ein nytenkjande forfattar. Ho køyrer seg fast i same sporte som mange andre. Tenk kor utruleg originalt det hadde vore med ein ærleg, snill prest i ein kriminalroman! Eventuelt ein psykiatar som hadde omsyn for pasientane og ikkje var konservativ eller dreiv tvilsam verksemd. Tenk!
Noko ho uansett skal ha er at språket er effektivt. Det er god flyt i det, og det dveler ikkje ved uviktige eller urelevante episodar eller scenar. Ho bruker ikkje overdrivent mange sider på forteljinga ho vil ha fram. Ho bruker litt for mange, men det har ikkje med språket å gjere. Eit «effektivt» språk gir litt fart til forteljinga og utelet det som ikkje er nødvendig. Den balansegangen mellom at lesaren får med seg kva som skjer, men likevel ikkje må lese tre sider om eit dørhandtak som er stølt (litt sett på spissen) betrar forteljinga markant. Det gjer at ein kan komme seg gjennom romanen trass i alt eg har å seie på karakterar, klsjéar og stereotypiar. Det må eg òg seie: Språket er ikkje i verdsklasse. Det er ok. Det er greit. Det er effektivt og løftar ein elles dårleg roman. Det er det eg skal fram til.
Unni Lindell har nokre sider ho kunne ha utelete. Den ekstra forteljarstemma i kursiv er ei kjelde til frustrasjon. Eg forstår eigentleg ikkje heilt kvifor den er der. Er det obligatorisk å ha ei ukjend stemme i kursiv i norske kriminalromanar. Det kan vere slik, og Lindell har i alle fall tolka det slik. Eg kan ikkje finne ein annan grunn til denne forteljarstemma. Det er der dei litt for mange sidene kjem inn. Litt. Det er kanskje snakk om fem sider til saman kor denne forteljarstemma er med. Eg trur det med fordel kunne ha blitt sløyfa og om ikkje anna hadde det ikkje gjort romanen verre.
Dei minna eg hadde om Lindells forfattarskap før eg las to bøker Cato Isaksen er Anna+Didrik=Baby. Eg trur fleire har høyrt om den ungdomsromanen, og den stillar ein del viktige spørsmål, som til dømes om den seksuelle lågalderen og utnytting, å bli gravid i ung alder og kor vanskeleg presset utanfrå kan vere. Grunnen til at eg dreg fram denne ungdomsromanen er at eg likte den, og Lindell har vist at ho kan skrive. Det er kanskje difor eg blir så skuffa når ho så ikkje greier å vise at ho kan eg skrive. Eg veit at Lindell er eit stort namn innanfor kriminalromanar, men kanskje ho bør vurdere å skrive meir av andre romanar. Eg seier ikkje at ho skal gi opp krim-karrieren, men enten burde ho dra dette djupe og reflekterande frå Anna+Didrik=Baby vere med inn i romanane om Cato Isaksen (kanskje sette mysteriet endå meir i skuggen eller frå fram enkeltpersonane betre) eller så burde ho skrive fleire romanar som den om Anna.
Eit av problema for fleire kriminalforfattarar som skriv lengre seriar trur eg er at dei gjer det same om igjen. Dei finn ei suksessoppskrift, og når dei har funne henne følgjer dei den til punkt og prikke eterpå. Dei er redde for å eksperimentere. Dei bør vere litt meir tøffe og overraske lesarane og kritikarane endå meir enn dei gjer. Somme gonger når ein lagar mat bør ein kanskje utvikle ein matrett litt meir. Tilsetje litt ekstra krydder eller bytte ut ein saus eller bytte ut noko tilbehøyr. Slik er det òg med romanar. Lindell har med stort sannsyn gått i den fella kor ho følgjer same oppskrift og er redd for å gjere dei nødvendige endringane for at «matretten» skal bli meir spennande. Her er mi utfordring til deg Lindell: Ver tøff og overrask oss, for eg veit du kan!
Eg trur eg sett eit punktum no. Om du vil ha ei meir blanda bokmelding kan du lese Sindre Hovednakks. Me er einige i at ho har forbetreingspotensiale, sjølv om han har trilla ein firar. Rita på ritaleser.com har skrive ei dobbelt så positiv bokmelding som meg. Les dei om du vart lei deg av mitt innlegg og får lyst til å sende meg ei lang grunngjeving om kvifor Brudekisten er bra pluss alle bøkene om Cato Isaksen, berre for at eg skal sjå noko genialt som endå ikkje har gått opp for meg.
Fagerholm, Monika: Lola oppned (Forlaget Oktober 2014)
Denne sommaren har eg lese to romanar som fleire har vanskeleg for å plassere. Kriminalroman eller «vanleg» roman? Den første, Ripper av Isabel Allende, meldte eg for ikkje lenge sidan. Den andre, Lola oppned av Monika Fagerholm, er hovudtemaet i denne bokmeldinga. Det som først og fremst fekk merksemda mi til å bli retta mot Lola oppned var baksideteksten. Eg trur ikkje eg greier å oppsumere innhaldet i romanen betre enn den, og difor har eg bestemt meg for å gjere eit unntak og latt den få lov til å seie litt om handlinga i boka:
Denne romanens småby er Flätnäs, et søvnig sted ved kysten sørvest for Helsingfors. I 1994 blir en ung mann funnet myrdet her, og kort tid etterpå en tenåringsjente. Politiet står fast. Snart mistenkes en og arresteres, snart en annen, uten at noe avklares. Småbyens mer skjulte sider til syne: Et selvmord setter dype spor. En ung jente i en rullestol har merkelig makt over mange barn. En annen tenåringsjente har et forhold til en kommunepamp. Først i 2011 er det tid for oppklaring. Det skjer i et middagsselskap der uventede gjester dukker opp.
Eg jobbar på ein bokhandel kor me meir eller mindre har plassert alle innbundne kriminalromanar som ikkje er nyheiter i ei hylle. Det er ikkje så frykteleg mange, og difor er det lett å ha eit greit overblikk. Når så dette omslaget dukka opp i hylla med tittelen Lola oppned, gjorde det meg meir enn litt nysgjerrig. For det er heilt klart at det er noko ved omslaget, noko spesielt og særiege. Noko som fanger merksemda.
Tom Egeland skreiv i ei bokmelding i VG 21. mai i år:
Monika Fagerholms «Lola oppned» kan leses som en lek med krimsjangerens klisjeer – eller som en litterær roman som effektfullt låner noen av thrillerens særtrekk.
Eg trur eg landar på alternativ to. Det er ein litterær roman, og den har heilt klart thrillersærtrekk. Eg ville ikkje ha plssert romanen i krimsjangeren, fordi mysteriet ligg i bakgrunnen. Det er eit stort spørsmål kven som er drapsmannen, men samstundes får ein òg bli kjent med så mange andre og livet i Flatnäs. Først tenkte eg at hovudpersonen var Jana Morton, men etterkvart forstod eg at hovudpersonen er Flatnäs. Hovudpersonen er tenåringane i Flatnäs på 90-talet. Kanskje aller mest Ca, eller kanskje aller mest Minni, eller… Nei, eg veit ikkje, for det er så mange viktige aktørar som spelar inn i liva dei til ulike ungdommane. Det er ei litt komplisert bok.
Eg vil kanskje seie at Ca er ein av dei viktigaste personane i romanen, sjølv om ho ikkje er hovudperosnen. Grunnen? Ho er der heile tida, spring mellom karakterane, får dei til å undre seg, står i sentrum av hendingane, er den mystiske ein ikkje får heilt taket på, den rotlause som eigentleg ikkje har nokon stad. Ho er søstera til Anita i Møllen, jenta som sit i rullestol og har ei merkeleg makt over barna i området, ho er elskaren til ein kommunepamp, ho er litt utanfor gjengen, men samstundes i gjengen som eit samtaleemene eller heilt i gråsonen. Ho er kanskje den mest spennande karakteren i romanen og den det er mest mystikk rundt. Men du har òg alle dei andre som svirrar rundt med sine problem og sine tankar. Romanen er fortalt i tredje person kor ein hoppar rundt forbi utan at det er forvirrande. Ein veit alltid litt meir enn karakterane, men likevel ikkje nok til å gripe alt, til å forstå alt som skjer.
Då eg var i Oslo i juli, måtte eg innom Eldorado, og heilt seriøst, det er eit Eldorado. Særleg forbokelskarar. Det er nesten litt stolt eg kan seie at eg ikkje var den som kjøpte flest bøker, faktisk berre to. Men blant dei to var det ein forfattar som er bitte bitte bitte litt viktig i dette innlegget. Gjett ein gong, eller nei, det treng du ikkje. Det var Monika Fagerholm. Eg fann hennar roman Den amerikanske jenta. Eg er veldig spent på den, sidan Lola oppned var så god og original. Men kvifor så god og original. Av og til har ein tendensar til å strø om seg med uttrykk og adjektiv som kanskje ikkje seier så mykje fordi det er brukt før.
Jo, bok var god og original, fordi:
- Karakterskildringane og utviklingane til karakterane er unike. Ein skildrar ikkje gjennom adjektiv, men gjennom verb og dialogar. Utviklinga følgjer gjeremåla, hendingane og det karakterane seier og tenkjer. Ikkje berre: «I motsetning til i går var Minni blid i dag.» Nei, ein forstår ut frå hendingane, verba som er brukt og tankane til Minni at ho er blidare i dag enn i går. Forfattaren har gjort det så riktig. Samstundes er det dette ugripelege eg har vore innpå. Alle karakterane er hovudpersonar, men eg føler alltid at dei skjuler noko for meg som lesar. Eg føler at eg er der kor dei er, men det er ei tåke mellom oss, som gjer at eg ikkje når heilt fram.
- Lokalsamfunnet blir vist utruleg godt. Her har ein med alt frå eit lokallsamfunn som ein del romanar har: Rike karakterar, misslukka karakterar, missunnelege karakterar, ulukkelege karakterar. Eg synes det liknar litt på det lokalsamfunnet Rowling skildrar i The Casual Vacancy, på ein måte, men ikkje på alt. Der er motsetningane veldig tydelege. Karakterane tårer å vise det. Her er det som om alle veit kven alle er, alle veit kva dei meiner om kvarandre og kva andre meiner om dei, men dei dekkar over det. Det ligg alltid der og byggjer usynlege murar mellom dei, men dei ser på ein måte ikkje ellefanten i rommet. De forstår kanskje kva eg meiner? Dei vil ikkje sjå hovudproblemet. Alle veit at den og den karakteren har eit forhold, men dei snakkar ikkje om det. Alle veit alt om alle, men dei latar som om dei ikkje gjer det. Samstundes skapar det jo òg ei spenning når det kjem fram løyndommar som ingen veit noko om. Kvifor? Kanskje fordi dei føler seg svikta på ein måte. «Eigentleg veit eg jo ikkje dine løyndommar, i alle fall ikkje når me treffer kvarandre, men så gjer eg det likevel.» Tankegangen til mange karakterar i denne romanan. Og så dukkar det opp noko uventa og dei tenkjer: «Kvifor har ingen sagt det?» Eller kanskje heller: «Kvifor veit eg ikkje det allereie sjølv om ingen har sagt det?»
- Fordi språket er utruleg bra. Språket er levande og har akkurat den effekten eg trur forfattaren håpa det skulle ha. Litt ugripeleg og litt for å vise avstand, men samstundes eit språk som tek deg med kor hendingane skjer. Eg greier ikkje heilt å forklare kvifor.
Om nokon faktisk vil kalle denne romanen ein kriminalroman, som ein gjer der eg jobbar, synes eg i så fall det må vere ein kriminalroman av ypparste klasse på mange måtar.
Og så over til noko anna enn bokmeldinga av denne romanen:
Unnskyld, unnskyld, unnskyld. Alle mine løfter om kontinuerleg blogging har blitt brotne go det er over ein månad sidan eg vart ferdig med denne romanen, og innlegget kjem idag! Det er ikkje heilt haldbart. Eg har verkeleg noko eg må jobbe med. Men, eg vil gjerne skulde på noko:
- Arendalsveka
- Skulestart
- Jobb
- Fødselsdag
- Køyretimar
Sidan eg byrja å skrive dette innlegget har alt dette skjedd. Frp 11.-14. august var eg i Arendal på den bitte litt berømte Arendalsveka. Heilt fantastisk å vere der for eit over gjennomsnittleg politisk engasjert menneske. Eg må tilstå at eg helsa på Ketil Solvik Olsen, og eg må tilstå noko som nesten er endå verre: Eg syntes at han var ein utruleg koseleg person. Ja, til og med FrParar kan vere det, og samferdselsministeren er utruleg koseleg på så mange måtar. Eg snakka ikkje mykje, men stod berre i bakgrunnen og høyrte på ein samtale mellom ein KrFU-venn og samferdselsministeren i Noreg. Jaja, så har eg gjort det og kan krysse av «Møte statsråd» på 127-ting-eg-vil-gjere-før-eg-døyr-lista, den lista som ikkje eksisterer…
Det har vore skulestart, og det var gøy å møte alle. Eg har nok ein gong byrja året med å legge meg til vanar som å sitje same plass i klasserommet, sjølv om det er ein time eg ikkje har fast plass i. Eg har byrja å gjere lekser, og eg har byrja å synes at lekser er litt sånn: «Åhr, vil ikkje». Med skulestart startar jo òg alt anna opp, som til dømes dans og styremøter og alt anna gøy. Plutseleg gjekk eg tredje vidaregåande, plutseleg skulle eg bestille russeklede til våren, plutseleg var det russeweekend, og plutseleg var eg andre nestleiar i Rogaland KrFU… Alt dette kom med skulestart.
Ein annan gledeleg nyheit for meg, men kanskje ikkje for bloggen: Eg har byrja å jobbe fast og er deltidstilsett på Ark Bokhandel Kvadrat og jobbar annankvar laurdag. Om nokon lurer, bloggen skal ikkje bli meir retta mot det du kan få kjøpt på Ark av den grunn. Men i det minste liker eg jobben min. Eg liker å anbefale bøker, stå bak kassa, møte folk, og eg misliker at det tek to timar å reise heim på laurdagar frå Kvadrat…
Og så, EG ER 18 ÅR! (What?) Ja, det er litt uforståeleg. Plutseleg er eg «vaksen», i alle fall på papiret. Eg er myndig òg. Kva skjer med verda, liksom? Går i alle fall ikkje framover med den no… Ok, skal slutte å tulle, men det er litt kult at eg har blitt atten. Litt.
Ein annan ting, som sjølvsagt kjem med at eg er atten, og som er knytt til det siste punktet som heiter «køyretimar»: Eg bestod førarprøva i går. Eg kan køyre bil. Aleine. Utan L. Utan ledsagar. Det er deileg å ha lappen, og til og med på første forsøk. Det var ikkje rein glede eg kjente på då eg fekk den. Det var heller det at eg var letta. Åh, så godt det var å høyre frå sensoren: «Da kan jeg gratulere deg med bestått førerprøve». Skitt! Det er dette eg har sett fram til kjempelenge, og no er det over.
Ja, ok, så kva med bloggen? Det går sin gang.Somme gonger er eg litt meir travel enn andre gonger, men eg trur de har forståing (håpar eg); og eg les, og eg tenkjer gjennom innlegg, men det er det å få det ut som er litt vanskeleg. Ut på bloggen. Eg har faktisk lese nokre bøker òg. Mockingjay av Suzanne Collins, The Silkworm av Robert Galbraith. Held på med Til Jacobs forsvar av William Landay. Og eg er ferdig med min første klassiske roman på engelsk: Sense and sensibility av Jane Austen.
Allende, Isabel: Ripper
Isabel Allende har etterkvart blitt eit kjent namn i litteraturverda. Sjølv har eg berre lese ein roman av henne, Maya, men den var til gjengjeld god. Då eg høyrte at denne boka skulle vere ein kriminalroman, eller i alle fall vere litt krimaktig, måtte eg lese den òg. Ein tendens ein kan sjå i litteraturen er at kriminalromanane påverker andre romanar. Folk vil ikkje kenger lese bøker utan «mål og meining». Dei vil ha eit mysterium, noko ein skal finne ut av, kanskje ein drapsmann. Øydeleggjer det litteraturen?
Amanda Martín er ei jente som er oppteken av litt uvanlege ting, som til dømes å løyse mysterier. Saman med ei gruppe personar ho har kome i kontakt med over internett prøver å ho løyse drap i San Fransisco. Spelet blir kalla Ripper. Ein annan viktig person i romanen er Indiana, Amandas mor, som absolutt ikkje liker Ripper. Kvifor kan ho ikkje vere oppteken av andre ting? Er det sunt for ei ungdomsjente å vere oppteken av drap? På andre sida sit bestefaren, Indianas far, og oppmuntrar denne «harmlause» leiken, og han er gjerne med sjølv. Den store draumen hans er nemleg å utgi ei bok ein vakker dag. Bob Martín må eg heller ikkje gløyme, Amandas far, jobbar i politiet. Jo, her har ein vel dei viktigaste karakterane.
Det byrjar med eit drap, i november, og held fram med eit i desember, eit i januar osv. Dei er svært ulike, og det ser ikkje ut til å vere nokon faktor som binder dei saman. Alle teoirar om ein seriedrapsmann er fåfengte, eller kanskje ikkje? Amanda fattar interesse for drapa, og faren Bob er både ufrivillig og frivillig, frå hans side, ei god kjelde til informasjon. Er det samanheng mellom drapa, eller er det ikkje? Seriedrapsmann-litteraturen har blir utruleg vanleg, og særleg det å knytte noko psykologisk til personen som utfører det. Personen har ei slik psyke, har hatt ein slik barndom, er av det kjønnet og alt anna som ein bør vite om ein person som går rundt og dreper andre. Denne romanen sparer oss til ein viss grad for dette, ved at det faktisk ikkje ser ut til å vere ein seriedrapsmann. Heldigvis vil eg seie. Den derimot ikkje sparer oss for er inngåande skildringar av andre karakterar. Indiana. Amanda. bestefar (som sjølvsagt heiter noko anna enn bestefar, men kva kan eg ikkje hugse. Boka er på biblioteket….), Ryan Miller, Alan Keller, Bob Martín og elles ein haug med andre personar. I Byrjinga kan det verke heilt bak mål å ta med skildringar av så mange ulike karakterar, og så inngåande.
Indiana er litt frisinna kan ein vel seie. Ho jobbar med det ein vil kalle alternativ medisin på ein klinikk. Fleire av pasientane som kjem til henne blir skildra detaljert. Kvifor då? Kvifor skal alle karakterar bli skildra på den måten? Flinke, profesjonelle og rutinerte forfattarar som Allende veit kor dei vil, eller i alle fall veit ho det. Det er ikkje bak mål. Det kan verke slik i byrjinga, men etterkvart ser ein at opplysningane er nødvendige. Med fordel kunne det ha vore kutta ned litt på Ryan Miller og hunden hans, og kanskje òg på Alan Keller og familieproblema hans, men utanom det, viser Allende seg til å vere ein målretta forfattar som dreg alle viktige karakterar med frå byrjinga av. Ho gjer dei interessante, og eg synes eg kan sjå eit særtrekk ved karakterane hennar berre ut i frå Ripper og Maya. Kva då? Jo, dei er uperfekte. I tillegg har ho tydelegvis sansen for karismatiske personar som ikkje nødvendigvis er religiøse, men meir alternative. Indiana, som er mot til Amanda, bestemora til Maya. Dei er begge litt spesielle. Amanda derimot er logisk og teoretisk. Korkje noko religiøst eller karismatisk ved henne. Nei, eg seier ikkje at religion er ulogisk og ikkje teoretisk, men det er ein stor kontrast mellom henne og mora. Likevel er dei glad i kvarandre og vil den andre det beste.
Handlinga, kva med den? Krim eller ikkje? Romanen har heilt klart litt krim i seg. Mysterium er jo sjølve særtrekket til ein krim, men eg vil påstå at denne romanen ikkje er ein kriminalroman. Kvifor? Det blir litt vanskeleg å forklare, men eg skal prøve. I ein kriminalroman startar ein med eit lovbrot som utgangspunkt. Så kjem spørsmåla: Kven, kva og kvifor? Kven har gjort det? Kva har skjedd? Kvifor? Så vil resten av romanane nærme seg svara på desse spørsmåla. Sjølv om Ripper til ein viss grad har som mål å løyse eit mysterium, har den kanskje eit endå meir overodna mål: At karakterane skal finne ut kven dei er, kva dei vil, kvifor dei vil dette. Hovudtemaet er lagt til karakterane og ikkje mysteriet. Etterforksinga er ikkje konstant med i handlinga, men det er derimot relasjonane, personlegdommane og liva til dei dette handlar om. Det er noko meir djuptgåande ved denne romanen enn spørsmålet om kven som er drapsmannen.
Allende er dyktig, og eg kan ikkje gjere anna enn å gi henne skryt for denne boka. Berre spelet Ripper som Amanda Martín driv for å oppklare drapa er interessant nok i seg sjølv og ein original måte å etterforske på. Likevel, den mangler det litle ekstra på andre måtar. Språket er bra, skildringane er heilt etter etter boka, og romanen kan vel klasifiserast som grei litteratur. Men eg vil seie at mysteriet «dreper» litt det fantastiske ved den. I alle fall det at mysteriet på ein måte tek stor plass, men på den andre sida ikkje tek så mykje plass som i ein kriminalroman. Maya var meir rå og spesiell. Men om ein samanliknar med den heilt gjennomsnitlege kriminalromanen, er denne mange gonger betre.
Forresten, Ripper har blitt gjeven ut på Gyldendal med tittelen Amandas gåte.