- Har lese elleve av tjue bøker i følgje Goodreads. Eigentleg er det berre ni nye bøker eg har lese, men eg la til lydbøkene Harry Potter og de vises sten og Harry Potter og fangen fra Azkaban for at det skulle sjå litt betre ut.
- Ferrante og Franzen har skrive dei beste bøkene eg har lese så langt i år. Napoli-kvartetten er kanskje den serien (utanom Harry Potter) som eg har likt best så lenge eg har lese. Eg skreiv bokmelding av Historia om det nye namnet her på bloggen tidlegare. No las eg den tredje boka i serien, Dei som flyktar og dei som blir. Franzens bok, Renhet, skreiv eg faktisk bokmelding i frå tidlegare denne veka.
- Eg eig alle bøkene eg har lese i år sjølv bortsett frå lydbøkene. Eg trur det er eit teikn på at eg har kjøpt for mange bøker i år eller lese for få.
- Eg har starta på fleire romanar som eg ikkje har fullført, som til dømes Dobbeltliv av S. J. Watson, Boka om Baltimore-familien av Joël Dicker, Krigen har intet kvinnelig ansikt av Svetlana Aleksijevitsj og ei bok om økonomi og sosial ulikskap på engelsk. Men ingen av dei er skikkeleg dårlege. Eg har berre ikkje fullført. Faktisk har eg endå til gode å lese eller byrje på ei skikkeleg dårleg bok i 2016.
- Akkurat no les eg Offer uten ansikt av Stefan Ahnhem. Veldig lang krim, men ganske god trur eg. Men eg må vente med å konkludere til eg har lese ferdig. Somme gonger kjem det eit skikkeleg antiklimaks i slutten av kriminalromanar.
- Eg lånte nettopp bøker på biblioteket på Nærbø igjen: Alle dør alene av Hans Fallada, De håpefulle av Nicolai Houm og Tyskland stiger frem av Stein Inge Jørgensen
- (Eg har sett ei ny bok inn i bokhylla. Career of Evil av Robert Galbraith (pseudonym for J. K. Rowling), men den er ein halv centimeter kortare enn The Cuckoo’s Calling og The Silkworm av same forfattar. Ein halv centimeter frå perfekt til «krise».)
Bazar forlag
Bok: Ekornene i Central Park er triste på Mandager

Bok: Skilpaddens langsomme vals av Katheirne Pancol
Når eg sit og skriv om denne boka, og ser på sjangaren, namnet, handlinga, utrdag frå omtalar i franske tidsskrifter, karakterane, forfattaren, omslaget og baksideteksten, har eg ei kjensle av at dette er ei bok som eg ikkje skulle ha likt. De spør dykk kanskje kvifor, og eg veit ikkje heilt sjølve, men det er kanskje det at Chick Lit-bøker høyres litt bleikt ut, og kanskje litt umoralsk, klisjéaktig ut, slikt som ingen anmeldarar med hjerne i hovudet ville ha rosa Likevel, eg kjenner at alt stig eit par hakk, når eg ser at Krøger, anmeldaren i Dagbladet, roste den første boka utan spor av kritikk og negative ord. Då føler eg at døra er open for å rose Pancol og bøkene hennar litt.
Utdraga frå franske tidsskifter, som høyres ut som magasin, utan at eg veit heilt, er utelukkande positive. Når det er britiske eller amerikanske avsier det er snakk om, plar eg å prøve å finne utdraget som står på boka på nettsida til avisa, men når det er på fransk, trur eg at eg skal halde meg borte frå det. Mine kunnskaper innanfor det språket avgrensar seg til Hei, Takk og Farvel. Om det er det at eg er litt sjarmert av Frankrike som gjorde at eg plukka opp bøkene av forfattaren veit eg ikkje, men det eg veit, er at det er ikkje veldig mykje «typisk fransk» slik ein turist ville ha sett på det. Det er ingen tur til Eifeltårnet, ingen kyss under Triumfbogen eller tur til Notre-Dam. Det er bøker om eit normalt, unormalt kvardagsliv i Paris.
Joséphine er ei dame som ikkje hadde blitt skildra som bestemt, høg på pære eller noko i nærleiken. Tvert i mot er ho ei dame som lenge har latt seg undertrykt av mora Henriette og søstera Iris. I første boka braut ho på ein måte opp, men no i bok to er det nye ulukker og gleder. Eldste dottera, Hortense studerer i London. Yngstedottera, Zoe, er igjen i Paris og har problem med både utsjånad og korleis ho trur andre ser på henne. Besteveninna, Shirley, har vendt tilbake til London saman med sonen, Gary, ei besteveninne med ei eventyrleg fortid. Iris er innlagt på klinikk grunna dårleg psykisk helse. Mannen hennar, Philippe, og sonen deira, Alexandre har òg flytta til London. Mora, Henriette, som ho føretrekk å bli kalla, har hevntankar, og mannen hennar, stefaren til Joséphine, Marcel Grobz, har flytta inn saman med kjærasten og den nyfødte sonen, i ein alder av sekstisju år. Midt oppi dette står Joséphine i ny bustad i Paris, med ein kjærast ho ikkje er sikker på lenger og ein eksmann som heimsøker henne.
Alle bøkene mine i denne serien er kjøpte, og då eg hadde kjøpt første boka, Krokodillens gule øyne i innbunden form, bestemte eg meg for at alle bøkene skulle vere innbundne. Eigentleg er eg ikkje veldig kresen på det, men akkurat her, ja alle måtte vere innbundne. Det er ikkje alltid like lett å få tak i bøker, som er nokre år gamle, i innbunden form, noko dei fleste sikkert har erfart. Eg leita og leita, og der ein dag, fann eg den andre og tredje boka på Norli på Kvadrat, og den eine på tilbod. Kven måtte kjøpe bøkene? Eg trur du har gjetta rett, og kvifor måtte dei absolutt vere innbundne? Ikkje berre fordi eg syntes det såg fælt ut i bokhylla med ei innbunden, ei pocket, ei innbunden, ikkje berre fordi pocket-bøker blir stygge, når ein les dei og har lita skrift, men på grunn av baksideteksten. Noko av magien med bøkene var baksideteksten. Eg visste ingenting eigentleg, då eg byrja på første boka, og då eg byrja på Skilpaddens langsomme vals, visste eg ikkje meir enn at det var ei fortsetjing av det som byrja i Krokodillens gule øyne, noko som var nok i seg sjølv til å lese neste. Problemet med pocket-bøkene, var at dei gjengav handlinga som i ei heilt normal bok, noko som gjorde at litt av magien var borte. Eg ville at, viss nokon skulle finne bøkene i bokhylla mi, skulle dei ha same oppleving som den eg fekk. Så lite for så mange penger ekstra, tenkjer du kanskje. Så mykje magi for så lite penger, tenkjer eg! Du vil kanskje vite kva baksideteksten var? Her e den:
Denne boken er et stormkast av et liv …
En het omfavnelse fra den eneste man absolutt ikke må omfavne … To armer som slynger seg rundt eller som dreper … En foruroligende, men samtidig utrolig sjarmerende mann … En kvinne som skjelver og har et brennende håp … En mann som er en mester i å lyve … En kvinne som tror hun har kontrollen, men mister den fullstendig … Unge som er mer oppegående enn de voksne … En mann som spiller gjenganger … En far, der oppe blant stjernene … som mumler i øret til sin datter … En hund så stygg at man trekker seg unna når man treffer på den … Karakterer som urokkelig beveger seg fremover i livet … som små sta skilpadder …. som lærer å danse sakte, sakte … i en altfor rask og voldsom verden.
Litt poetisk, og seier det på ein måte som gjer at dei som har lese første boka kan ane nokre konturar. Det som fascinerer meg med bøkene er at det er kvardagen eg les om, det er noko heilt normal eg les om. Likevel er det ein litt uvanleg kvardag, og forfattaren bles det litt opp. Samstundes som det er kvardagen legg ho inn litt overnaturlege, morosamme, fryktelege hendingar. Til dømes ein eittåring som snakkar, ei kvinne som blir forheksa, ein seriemordar. Ho har lagt inn kjærleik, krangling, skilsmisse, men ikkje til ein føler at alt berre blir klisjé, klisjé, klisjé. Ho stoppar rett før det blir klisjé. I tillegg fortel ho på ein måte som gjer at alt er noko heilt anna enn kvardag. Når eg snakkar om kvifor eg liker å lese, plar eg å seie: «Då kan eg flyta bort frå ein travel og hektisk kvardag». I desse bøkene flyktar eg frå kvardagen til kvardagen.
Eg trur mykje av boka delvis er symbols, og sjølv om nokre av karakterane er sett på spissen på mange måtar, øydelegger det ikkje dimensjonane i boka. Hovudkarakteren er ei antiheltinne med to døtre, ei som foraktar alt kjensler, tårer og forelsking, og ei som er på stadiet mellom barn og vaksen. Ho er ikkje flink til å seie frå, bestemme seg, ta æra for noko ho har gjort eller ta i mot kompliment. Ho er ein anti-helt i ei verd som beveger seg alt for fort framover.
Det som irriterte meg mest med boka var feil i teksten. Nokre gonger, då dei ikkje snakka, var det talestrek, og nokon gonger, då dei snakka, var det ikkje talestrek. Dette er ikkje forfattaren, men forlaget. Det burde ha blitt gjort betre. For folk som er sjukeleg opptekne av grammatikk, er slikt irriterande. Eg er ein grammatikknerd på mange måtar, som gremmer seg berre ho ser orddelingsfeil eller opplagte kommafeil.
Omtalen har blitt mykje om meg, litt om boka, men noko som er viktig, les serien frå bok ein til bok tre. Viss ikkje kan du ikkje lese tidlegare bøker. Det er blir berre feil! Dette var omtalen min av den første boka i serien. Her er eit intervju med forfattaren, og dette er ein mindre positiv omtale skriven av Marianne på Ebokhyllami.
Til slutt, det finaste sitatet frå boka:
Bok: Krokodillens gule øyne av Katherine Pancol
Eit nytt stjerneskot har slått gjennom i Frankrike, og òg i Noreg. Katheirne Pancol har inntatt trona som Bazar forlags neste store franske forfattar, og saman med Tatiana de Rosnay, som blir utgitt på same forlag, inspirerer dei norske lesarar til å lese franske bøker. Til no vil eg seie at Rosnay kanskje gir ut meir alvorlege bøker, som har litterær kvalitet på sin måte, sjølv om dei er litt svekka på nokre punkt, medan Katherine Pancol har brukt kjensler for å nå fram til lesaren. Ho vil ha oss til å gråte og le, og ikkje minst kjenne oss igjen i karakterane. Det er vel lov å seie at ho gjer det på ein genial måte.
Eg hadde høyrt litt om bøkene då eg plukka denne opp på Norli på M44 ein dag. Eg hadde lese bakpå Ekornene i Central Park er triste på mandager, eg hadde høyrt namnet på forfattaren og visste at det nok handla om to søstre. Likevel visste eg ikkje at ho skreiv så bra. Baksideteksten seier veldig lite om handlinga, men mykje om boka på heilt andre måtar, og det var kanskje det som fekk meg til å plukke henne opp på M44:
![]() |
Katherine Pancol Foto: Bazar forlag |
Denne romanen foregår i Paris. Og likevel møter man på krokodiller. Denne romanen handler om mennesker. Og kvinner. Dem vi er, dem vi ønsker å være, dem vi aldri kommer til å bli, dem vi kanskje en gang kan bli. Denne romanen er historien om en løgn. Men også en historie om kjærlighet, vennskap, svik, penger, drømmer. Denne romanen er full av latter og tårer. Denne romanen handler rett og slett om livet.
Det kan høyrast ut som noko filosofisk vrøvl, eller rett og slett ein hjernedød Chick Lit-historie for kvinner. Ja, eg kan seie at boka er mest for kvinner, for dei fleste karakterane er kvinner, og eg trur ikkje at det er så mange menn som ville kjent seg igjen i boka. Boka handlar i all hovudsak om dei to søstrene Joséphine og Iris. Joséphine har gifta seg med Antonio, eller Tonio som han liker å bli kalla, og han har ein god jobb i eit firma, medan ho er ekspert på fransk historie frå 1100-talet. Hennar største problem ser ut til å vere at det er så få som er interesserte i denne delen av den franske historia. Eg kan ikkje seie at eg klandrar dei for det akkurat, sjølv om eg historieinteressert. Likevel fekk eg sterk medkjensle med Joséphine, og den auka berre endå meir då ho i byrjinga av boka finn ut at mannen har ei elskerinne og ho kastar han ut. Det er her boka startar, og igjen sit ho med to døtre, den eine ein tverr tenåring og den andre ein nysgjerrig tiåring, nesten utan pengar. Mannen reiser med elskerinna til Kenya for å drive ein krokkodillefarm.
Iris er derimot vellukka. Ho studerte film i USA og hadde ei kort kjærleikshistorie der, før ho reiste heim og gifta seg med advokaten Philippe og fekk ein son. Dei har så mange pengar at ho kan vere heime og berre nyte livet, vere med veninner og menge seg med andre rikfolk. Ho både beundrar og misliker Joséphine. Du kan vel seie at dei er litt på kollisjonskurs. I tillegg til Iris har du Henriette, òg kjent som «tannpirker’n», som misliker yngstedottera Joséphine, både på grunn av karriereval og val av mann. Sjølv har ho gifta seg til penger gjennom Marcel, som òg har sine eigne løyndommar. I tillegg til desse har du Hortense, Joséphines eldste dotter, som har same oppfatning av mora som Iris, og Zoé, som elskar mora og er nysgjerrig på livet. Shirley og Gary er òg ein del av denne friske og fargerike historia, og rundt alle desse personane skjer det så og seie ein del meir enn det vanlege.
Eg har hatt litt fordommar mot Chick Lit-bøker, men Katherine Pancol har skrive ein sjarmerande roman, med verken for få eller for mange klisjéar. Det er tydeleg at forfattaren vil ha lesaren til å gråte av både latter og sorg, og ho prøver å lokke fram kjensler hjå lesaren med språket sitt. Eg trur ho vil greie det hjå dei fleste, fordi ho har laga karakterar som både er ukjente, fordi dei er litt fargerike og me blir sjarmerte, men som me òg kan kjenne igjen i personar rundt oss eller i oss sjølv. Boka er på 568 sider, noko som for nokre er langt og for nokre er kort. Det som gjer at boka verker kortare enn ho er, er det lette språket og den gode flyten i historia. Eg var heilt sikker på at boka var på 578 sider, men då eg kom til side 568 og bladde om, var det ikkje meir. Det er trist, når det einaste du vil er å lese meir.
Katherine Pancol har gitt ut to oppfølgarar i serien: Skilpaddens langsomme vals (#2) og Ekornene i Central Park er triste på mandager (#3)
Denne boka er kjøpt på Norli
bok: primtallenes ensomhet av Paolo Giordano
Mattia er en superintelligent gutt med sabs for tall. Han har en psykisk utviklingshemmet tvillingsøster som forsvinner sporløst mens han har ansvar for henne. Alice har en ambisiøs far som ønsker hun skal bli alpintstjerne. Hun utsettes fpr en alvorlig skiulykke som gir henne livsvarige skader.
Når Alice og Mattia møtes, gjennkjenner de straks seg selv i den andre. Men selv om deres skjebner virker sammenvevd og de blir lett knyttet til hverandre, når de ikke riktig frem. De står hverandre nær, men ikke til virkelig å berøre den andre. De er som primtall, kun delelig med en og seg selv, og passer liksom ikke sammen med noen andre.
Primtallenes ensomhet er en sterk oppvektsroman om lojalitet, vennskap og kjærlighet mellom to unge mennesker.
Dette er første gongen eg les ei bok med handling i frå nesten bare Italia, eller i det minste med itaienske folk, og det var heilt greit. Det var ikkje akkurat kor dei kom frå som var litt feil, men meir noko anna eg skriv om snart.
Alice blir tvungen ut av faren sin i alpinløypa, etter å ha blitt tvungen til å ete akkurat det ho må ha for å ha eit godt nok næringsinntak. Det er på ein måte litt skremmande å bli kjent med denne vennelause, syltynne jenta, men òg veldig fascinerande. Det er i begynnelsen av boka me kan lese omm skiulykka. Det er ikkje veldig dramatisk skrive i boka, og det kunne kanskje kome litt tydeligare fram, samstundes som det var veldig fine skildringar akkurat der. På måten Alice tenkte på forstod me at noko måtte ha skjedd. Kva hadde eg ikkje peiling på, noko som irriterte meg litt, for sjølv om det er greit å halde litt på spenninga, bør me kunne gjette oss til det.
Mattia verker som ein litt einsam gut med ei tvillingsøster som er psykisk utviklingshemma. Med akkurat kva får me aldri vite, men ho får anfall og klarer ikkje å snakke. Ho ser for seg ting som ikkje er der, og har ikkje same utvikla hjerne som mange andre på hennar alder. Her er det litt meir å henge det på, og er har ein kjennskap til psykisk utviklingshemma, er det kanskje lettare å gjette seg til. Likevel forstod eg såpass at eg har høyrt om det før, og det var interessant å lese om henne. Det triste er å lese om korleis ho forsvinner for Mattia. Og her er det på ein måte hans skuld òg, sjølv om han var mykje mindre enn andre gong i boka. Likevel vil eg ikkje legge heile skulda på han, men òg foreldra som ikkjer ser at det kan vere litt flaut for ein åtteåring å ha med seg ei tvillingsøster i selskap som kan finne på kva som helst. Ein tungtvegande grunn til at han ikkje hadde venner var søstera og hennar langt i frå normale tilstand. Det er litt trist at psykisk utviklingshemma er eit litt tabu tema som ikkje mange har kjennskap til og at det er personar mange ser ned på. Dette trur eg kan vere eit lite glimt i frå det verkelege livet. Mange synes at folk med Downs syndrom er okay, og ungar respekterer dei, men når ein person ikkje er som dei andre i det heile trur eg det er vanskeligare å akseptere og viss de les smakebiten i frå i går, ser de korleis dei reagerte på søstera til Mattia.
Etter dette går me fleire år fram i tid til Mattia og Alice er femten. Mattia har noko eg ville klassfisere som psykiske problem utan å røpe for mykje. Han har bare gode karakterar, men langt i frå bare gode venner. Alice er misunnelig på Viola, den mest populære jenta i klassen, som har tatovering, pene klede, har hatt sin seksuelle debut og fått i seg både nikotin og alkohol og narkotiske stoff etter det ho skryt om til vennene sine. Alice vil òg ha tatovering, sjølv om ho er veldig utanfor gjengen og det er fleire leie episodar, men Viola bestemmer seg plutselig for å vere «venn» med Alice likevel. Det er gjennom dette Alice treff Mattia. Mattia som bare har ein venn, som ikkje ein gong er ein nær venn, men nesten bare ein sidekamerat på skulen.
Etter dette møter me dei når dei går på universitetet. Alice er drit lei heile greia og alt faren har planlagd for henne. Mattia, som framleis elsker tal og kan rekne ut fleire sider med reknstykke, er skikkelig glad for at han går på universitetet og kan jobbe med tall og mattematikk.
Desse to er venner, sjølv om begge kanskje skulle ønske dei kunne vere noko meir, men måten å nærme seg på er komplisert og begge har ting dei ikkje vil den andre skal vite. Åra går, vegane deira skilles før dei igjen krysses, og så skilles.
Dette er ei bok med eit flott tema, men utan noko klimaks, ikkje noko stort i alle fall. Den hoppe ganske langt fram i tid om gongen, men likevel er det lett å henge med og den er ikkje kjedelig, men heller ikkje heilt super og ekstremt god. Eg vil seie at boka er mykje om å ha det psykisk vanskelig og ikkje ha venner og det vanskelige å nærme seg andre. Det er to ungdommar som på kvar sin måte føler seg heime ein stad, men likevel er forkomne og som gøymer seg. Eg trur ein av grunnane til at dei blir samanlikna med primtal, i boka er det Mattia som finn den samanlikninga, er at dei er så forskjellige at dei ikkje passar perfekt saman, sjølv om dei har problem. Likevel har begge for mange problem til at nokon andre kan forstå og orke å vere saman med dei lenge om gongen.
Boka var heilt grei og var om eit tema som er litt tabu, men fengande. Me hadde ein dag på skulen før jul om folk med psykiske sjukdommar og dei forskjellige måtane det får an å vere psykisk sjuk på. Eg hadde det veldig i bakhovudet då eg las boka, og eg forstod, sjølv om det ikkje stod direkte, at dette ikkje var folk som tenkte som andre og som hadde problem med seg sjølv. Eg anbefaler boka på grunn av temaet og dei to spesielle menneska me blir kjent med her. Sjølv om det ikkjer er noko veldig stodt klimaks, noko som eg òg frykta, sit du ikkje igjen med ein oppfatning av at boka var kjedelig. Boka er ikkje veldig ny, ho er utgitt i 2008, men like aktuell i dag. Anbefales.
Gitt ut på Bazar forlag og er på 285 sider.

Bok: før jeg sovner av S. J. Watson
Forestill deg hvordan det vil være å miste hukommelsen hver kveld når du sover og våkne neste dag uten en et eneste minne verken om dagen i går eller fortiden!
Du husker ikke hva du heter, hvem du er, eller menneskene rundt deg. Du kjenner ikke mannen du våkner opp med ved siden av hver morgen. Den fremmede sier han er mannen din.
Snakker han sant? Og kan du stole på ham? Velkommen til Christines verden.
Dette er første gongen eg les krim og psykologisk thriller for vaknse, og det gav heilt klart meirsmak. Historia om Christine som vaknar opp kvar morgon utan hukommelsen er spennande lesestoff. Det er akkurat som at ho gløymer ting kvar gong ho sovner, og vakner opp enste morgon utan å hugse noko i frå fortida, men likevel fungerer hukommelsen fint gjennom heile dagen.
Bli med på ein spennande tur inn i verda til Christine.
Tenk deg å ikkje kjenne igjen mannen din. Tenk deg at du eindrar som andre ikkje seier er sanne. Tenk deg at du har hemmelige legebesøk. Tenk deg at du må skrive dagbok for å hugse alt. Tenk deg at du må lese gjennom heile dagboka kvar dag for å finne ut kven du er og kven andre er.
Alt dette gjer boka til spennande lesestoff og noko heilt unikt. For å sitere aftenposten som har skrive på framsida av boka:
«En roman som synligjør krimsjangerens arvesølv.»
Aftenposten.
Eg er heilt einig. Om det ikkje skjer mykje rundt Chrstine i midten av boka, så skjer det mykje med hennar tankar og kva ho finn ut. Av og til hugsar ho ting vagt. Andre gonger kan minner treffe henne hardt. Likevel er dette borte neste dag. Sjølv om me kanskje skulle trudd det, så er det ikkje mykje gjentaking i denne boka.
Presentasjonen i byrjinga er det mannen som tek seg av. Ho spør, han svarar og då får me delvis vite kven Kristine er. Dei dagane ho vaknar og les om i dagboka, får du likevel ikkje den same presentasjonen, sjølv om ho ikkje hugsar noko. Det skjer bare fort og alt går rett over på handlinga og nye ting ho finn ut.
Eg må seie det er dyktig å skrive ei bok som denne. Veldig dyktig! Det er spenning, det er handling og det er tankar. Ei dagbok skrive av ei dame med hukommelsestap. Ein annan ting er at Christine alltid trur ho er minst tjue år yngre når ho vaknar. Eg kan tenke meg det må vere skremmande å finne ut at ho er mykje eldre enn det ho trur.
Fekk du lyst til å lese boka? Prøv! Dette er ikkje bare for dei som liker krim.

Bok: Et sted i nærheten av Cecelia Ahern

Så til omtalen
Lurer du noen gang på hvor det blir av alt som forsvinner?
Det gjør Sandy Shortt også. Helt siden en klasseveninne forsvant for mer enn tyve år siden, har Sandy vært besatt av å finne ting som har forsvunnet. Så snart noe er funnet, går hun i gang med å lete etter neste sokk eller neste nøkkelsett. Etter hvert begynner hun også å lete etter savnede personer, og gir desperate familier et snev av håp.
Så en dag forsvinner Sandy selv. Hun snubler over stedet og menneskene hun har lett etter hele livet, en verden som er fjern fra den hun kjenner og menneskene hun er glad i. Endelig får hun svar på noen av de spørsmål som har hopet seg opp i henne. Men Sandy faller snart tilbake til gamle vaner — hun begynner å lete. Denne gangen etter veien hjem.
Eg tenkte då eg las denne boka at me hadde utgjort eit morosamt tospann meg og Sandy. Ho er over 180 cm, eg er nesten 162, ho har mørkt hår og eg har lyst, og den viktigaste forskjellen, ho leitar iherdig etter alt, eg gidder ikkje. Eg veit ikkje om eg, som er eit sosialt vesen (sjølv om eg les bøker) hadde greidd å vere veninne med Sandy Shortt som stadig reiser vekk utan å seie i frå. Ho verkar som ein usosial og nesten folkesky person og ingen veit kor ho er til ei kvar tid, ingen kjenner henne heilt igjennom.
Kanskje at dette er grunnen, i motsetning til alle dei andre forsvinningsofra, at ingen merkar at ho er forsvunnen. Det skjer stadig vekk. Politiet bryr seg ikkje, og ikkje mange andre heller.
Å finne på ei historie som dette må er veldig kreativt, og eg klør meg ofte i hovudet over alle dei parlause sokkane som ligg på rommet mitt, og kor lånekortet mitt til biblioteket er. Det tok litt tid før folk ikkje spurte etter lånekort, men automatisk skreiv inn namnet mitt. Uansett, eg er ikkje den som leiter heller, men eg tvilar på at det havnar i Her som staden med dei forsvunne tinga heiter. Og sjølv etterforskar eg ikkje heile huset for å finne ein sokk, sånn som Sandy.
Denne boka er jo av topp klasse, og for å innrømme det, den aller første bok eg les som kjem i frå Irland. Og det var spennande. Nå kan eg litt fleire stadsnamn der og litt meir om landet. Dei siste sidene i denne boka fløy nesten av seg sjølv, og det var ei morosam og fin bok.
Eg måtte le då to av personane Sandy møtte heite Marcus og Derek, og særlig fordi Derek i boka klimpra på ein gitar. Veldig likt ein av mine karmeratar som heiter Derek og speler gitar. Og ein kamerat som heiter Marcus har eg òg, og ironisk nok, desse to er venner. Morosamt når sånt skjer når du les bøker.
Etter dette skal eg aldri igjen begynne på ei bok av Cecelia Ahern med skepsis. Eg var bitte litt skeptisk til denne, men det trengte eg ikkje. Fann nokre få bitte små skrivefeil nokre stader, men skjer jo alle. Det var ikkje mykje negativt å seie om dette verket.
Denne boka var fantastisk herlig og Cecelia Ahern skal eg heilt klart lese meir av. Nå gler eg meg til å begynne på neste bok. Kanskje blir det ni bøker i januar. Kven veit?

Bok: huset du elsket + litt til!
Paris, 1860-årene. Den store byfornyelsen pågår for fullt. Gammel bebyggelse må vike plassen for de nye, brede bulevardene og makestetiske bygningene. Hele kvartaler blir revet for å gi plass til det praktfulle Paris vi kjenner i dag.
Men mange må betale en høy pris for denne forvandlingen. En av dem er Rose, en kvinne i 60-årene. I hele sitt voksne liv har hun bodd i huset som har vært i mannens familie i generasjoner. Før mannen døde lovet hun ham at hun skulle ta vare på hjemmet deres, nå har byfornyelsen nådd deres kvartal og huset skal rives. Rose nekter å forlate hjemmet. Hun bestemmer seg for å kjemoe til siste åndedrag for å redde huset som rommer så mange gode minner, men også en grusom hemmelighet som hun har tiet om i over tretti år.
Huset du elsket er en gripende fortelling om en sterk og usedvanlig kvinne, i en tid med store ytre forandringer. Men mest av alt er det en historie om kjærlighet og tilhørighet, og om viljen til å slåss for det man har kjært.
Dette er ei bok for dei som har lese tidligare bøker av denne forfattaren. Eg elsker bare skrivemåten hennar, og alle bøkene er så forskjellige at eg veit absolutt ikkje kvifor ei eg liker best. Denne var nok litt emir «poetisk» i språket enn dei andre, elle rmeir innvikla og tankefull. Eg blei veldig fort glad i hovudpersonen Rose. Det nydelige namnet, veremåten og hennar trang til å kjempe for det ho har kjært inspirerte meg til å lese vidare. Ei tøff dame, og alle vennene hennar var like fine å lese om.
Boka var skriven som eit brev til den avdøde mannen til Rose, og ho snakkar om seg sjølv som «jeg» og snakker veldig ofte til «du» eller «deg.» Det er første gongen eg har lese ei bok som dette. Tidligare har eg prøvd meg på dagbøker som skal vere gode ungdomsromanar, men det har alltid vore litt for «kult» språk til at eg har likt dei. Den einaste andre boka eg har lese som liknar litt er Anne Franks dagbok der Anne skriv i form av dagbok til dagboka, Kitty. Den historia er meir biografi, men dette er jo ein skikkelig roman, som er godt skriven.
Det er veldig trist å lese at for at byen skulle bli som i dag, såra dei veldig mange menneske då dei forandra byen ved å rive ned husa deira og legge ned forretningar overralt. Det her var ei side av Paris eg aldri hadde høyrt om, men eg lærte mykje i løpet av boka.
Saras nøkkel, bumerang og huset du elsket har alle vore veldig forskjellige med tre vidt forskjellige temaer og tre vidt forskjellige handlingar, men alle tre er vidunderlige og smyg seg rett inn hjå alle leseglade. Dette er bøker det er verdt å lese og ein forfattar det er verdt å sjekke ut!!
Og så tilbake til det der +litt til!
På torsdag 2. februar er det eit år sidan eg starta denne bloggen og eg har blitt berika med (når eg skriv dette) 447 kommentarar (nokre mine, men mesteparten andre sidan, fordi eg har ikkje tid til å svare alle! Skikkelig svært!) og eg veldig takknemlig for alt det fine de har skrive og den velkomstene eg har fått i dette «bloggsamfunnet.» Eg skal halde fram med denne bloggen mykje lengre enn det eg har gjort til nå og håpar alle vil følge meg vidare.
Og så noko som på ein måte er litt trist. =( Buhu. Kanskje ikkje så veldig, men eg har prøvd å få til ei lita overrasking som ein takk til alle som les bloggen, men dessverre, så det blir i alle fall ikkje før «1-årsdagen,» men eg prøved så keep on reading, så ser me kva som skjer. Kan dessverre ikkje love noko, men eg skal prøve så godt eg kan å få til noko. Og nok ein gong: TUSEN TAKK!
Og i morgon eller onsdag kjem det oppsumering av den fantastiske lesemånaden eg har hatt nå i januar.


Bok: søstrene Boleyn av Philippa Gregory
Familien til Mary og Anne er verkeleg noko for seg sjølv og veldig maktsjuke. Jentene gjer som dei seier, skal dei gifte seg gjer dei det, skal dei blir kongens elskerinne gjer dei det. Når Mary blir bedt om å ta pause i frå eksteskapet med William Carrey til fordel for Henrik VIII gjer ho det. Det er rart kor mykje dei måtte gjere for kongen på den tida, og eg synes boka gir eit godt innblikk i kor lite makt dei hadde på den tida. Boleyn og Horward – familien er redde for at makta skal bli svekka og for ryktet sitt, og dei tre søskane må ver så god gjere som dei seier.
Boka var fantastisk å lese, veldig fengande og ei perle for historie – og bokinteresserte. Eg hadde knapt høyrt om denne historia før, men nå er eg interessert i å få vite meir. Sjølv om eg likte Mary, hovudpersonen, godt var det ikkje alt ho og dei andre sa eg likte.
Nå gler eg meg til å få tak i den hvite dronningen, men føreløpig har eg byrja på brød på vannet av Anne de Graaf, ein ny historisk roman. I tillegg har eg nå fått tak i ei bok eg har hatt på lista over reserveringar sidan august, og nå har eg endelig fått ho: hallo, elsk meg da av Johanna Thydell.

Bok: Midt i mellom av Jean Kwok
Om boka
Elleve år gamle Kim Chang og moren emigrerer fra Hongkong til New York og flytter inn i en skitten uoppvarmet leilighet i Brooklyn. Kim(Kimberly snakker nesten ikke engelskog blir en outsider på skolen. Raskt begynner hun et dobbeltliv: skoleflink mønsterelev om dage, morens hjelpende hånd i tekstilfabrikken i Chinatown om kvelden. Hun gjør sitt ytterste for å skjule den vanskelige sannheten om tilværelsen sin – den ufattelige fattigdommen hun lever i, familiens fremtid som hviler på hennes skuldre, den hemmelige kjærligheten hun føler for en av guttene på fabrikken, men som ikke deler noen av hennes evner eller ambisjoner. Kimberly befinner seg midt imellom to verdener og blir en mester i å sjonglere mellom dem. Til slutt blir hun tvunget til å velge.
Forfatteren, som selv emigrerte fra Hongkon som barn, forteller en historie om å vokse opp mellom to kulturer, omgitt av et språk og en kultur som man bare delvis forstår. Midt i mellom er en varm og rørende roman om prøvelser og triumfer, hjertesorg og kjærlighet – og om alt som går tapt i oversettelse.
Mi meining
Boka er ein fantastisk debut og veldig godt fortalt. Det heile byrjar med den litle leiligheita som mora og Kim(berly) får tildelt av tante Paula. Dei er først glade for at ho har funne ein stad dei kan bu, men den gleda overtar snart.
Jeg stod på kjøkkenet. Vinden blåste gjennom de to vinduene på veggen til høyre for meg, og jeg lurte på hvorfor mamma hadde åpnet dem. Så oppdaget jeg at de fremdeles var lukket. Det var bare det at de fleste vindusrutene manglet eller var sprukne, og det stakk møkkete glasskår ut fra trekarmene.
Leiligheten var fuktig og rå. Det var november, og denne vinteren skulle komme til å bli en av de kaldeste i New Yorks historie.
Mora får seg òg jobb på fabirkken som søstera, Paula, eig saman med mannen Bob.
«… Men vi vil ikke at guttene skal bli smittet. De har alltid vært litt sarte.» Jeg prøvde virkelig å forstå kinesisk nå, slik mamma prøvde å lære meg. I den trykkende stillheten som fulgte skjønte jeg at det ikke handlet om sykdommen. Av en eller annen grunn ville ikke tante Paula at mamma skulle ta seg av barna hennes.»
«Jeg har anstrengt meg til det ytterste for å skaffe deg en jobb på klesfabrikken. Jeg har til og med gitt den forige arbeideren sparken, slik at du skal få plass. Forstår du? Storesøsteren din skal ta vare på deg.(…)»
Det med fabrikkarbeidet var tøfft å lese om og eg visste ikkje at det fantes barnearbeid i USA bare nokre tiår tilbakel I tillegg møter ho Matt på fabrikken, som eg ikkje veit korleis ser ut, utanom at var høgare enn den eine kjærasten hans i boka.
I løpet av boka byrjar Kim òg på skule, og det beskrives som vanskelig. Læraren er så utrurlig trongsynt ovanfor henne og rosar henne aldri uansett kor godt ho gjer det.
Jeg skjøv den (døra) opp. Læreren var en mann. Senere fikk jeg vite at han het mr. Bogart. Han var ekstremt høy, så høy at pannen hans var på høyde med den øverste kanten av tavlen, han hadde bringebærrød nese og et hode som var like skallet som et egg.
I tillegg oppstår det språkproblem mellom Kimberly og læraren.
«Jeg errrrr,» sa han og rullet på r-en. «Jeg er lei meg.»
«Jeg er lei meg,» sa jeg. Engleksfeilene mine irriterte ham åpenbart, men jeg skjønte ikke helt hvorfor.
Boka var veldig bra, men som sagt var det veldig lite beskrivingar av nokre folk, og av og til blei det litt lettvint fortalt, men elles likte eg boka. Det skal vere ein dels selvbiografi etter det som står bakpå boka. Viss mykje av dette er sant, er det fælt å tenke på.
Forteljarstilen gjenno heile boka var veldig bra og minne meg om fortelljarstilen til Immaculeè Ilibagiza i Vitne. (trykk her for å sjå kva eg skreiv om vitne.) Her var det nok fortalt litt betre og litt mindre enkelt, men dei er på ein måte ganske like utanom at vitne var mykje verre å lese på gunn av tragedien boka handla om, og at den var sjølvbiografisk heile tida.
Eg anbefaler folk å lese denne på det sterkaste. Når eg først les denne sjangeren tenkte eg og å snart ta for meg Anne Franks dagbok.
